Orientering Spelemidlar 2016
Presentasjon Linda Øen Tilsett på kultur og fritid Rådgjevar Kultur og idrett Idrett og friluftsliv Museum Tilskotsordningar ut mot lag og organiosasjonar Den kulturelle skulesekken Kulturminnevern
Agenda Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv Spelemiddelsøknaden
Spelemidlar Overskudd frå Norsk tipping Det kongelege kulturdepartementet utarbeidar bestemmelsar og fordelar spelemidlar til fylka Kvinnherad kommune er sakshandsamar på spelemidlar frå eigen kommune. Søknader vert behandla og prioritert i kommunen før dei vert oversendt til Hordaland fylkeskommune
Spelemidlar i plan «Det er eit vilkår for å kunna søkja om spelemidlar at anlegget er del av ein vedteken kommunal plan som omfattar idrett og fysisk aktivitet»
Kommunedelplan i Kvinnherad kommune Kvinnherad har kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv, 2014-2022 Vedteken i 2014 Vert rullert kvart år, nye anlegg kan meldast inn ved rullering Frist for nye anlegg 15.09
Å komma i posisjon for å søkja spelemidlar Frå uprioritert til prioritert liste i kommunedelplan Idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning er viktig for å få dette til
Uprioritert liste
Prioritert 4-årig handlingsprogram
Innlevering av planmappe i samband med rullering av idrettsplan Planar for anlegget med behovsoppgåve Detaljert kostnadsoverslag Https://www.regjeringen.no/no/tema/kultur-idrett-og-frivillighet/idrettsanlegg/soknadsskjema/id488603/ Finansieringsplan (eventuell søknad om kommunal finansiering) Plan for drift av anlegget Kopi av stadfesta grunnbokutskrift
Spelemidelordninga Spelemidelordninga er delt inn i 2: Ordinære anlegg (søknadsfrist 15.09) Nærmiljøanlegg (søknadsfrist 15.09)
Ordinære anlegg Anlegg for organisert idrett og fysisk aktivitet Tilskotsum: Der ikkje anna er fastsett kan ein få 1/3 av godkjend kostnad i tilskot. Høgaste tilskotsum kr. 1 000 000,- Nedre grense for godkjend kostnad kr 150 000,-
Nærmiljøanlegg Anlegg eller områder for eigenorganisert fysisk aktivitet, hovudsakleg i tilknyting til bu og eller opphaldsområde. Grunnlag for tilskot er avgrensa oppover til kr 600 000,-. Nedre godkjende kostnadsramme er kr 850 000,- Det kan søkjast om tilskot på inntil 50% av godkjend kostnad. Tilskotsummen må vere større en 40 000,-, Øvre grense er 300 000,-
Idrettsanlegg.no http://www.idrettsanlegg.no
3 ulike søknader NY søknad: første gang eit anlegg vert søkt på Fornya søknad: Anlegget er blitt søkt på før, søknaden må fornyast kvart år. Søknaden kan endrast på. Gjentatt søknad: Anlegget har fått tildeling på delar av tilskotet, søknaden må gjentakast. Søknaden kan ikkje endras på.
Vedlegg 1 Idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning av planar for idrettsanlegg Planane for anlegget med rett til tilskot må på førehand ha fått ei idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning. Vert i dei fleste tilfelle utført av tekniske tenester som del av sakshandsaminga. Må ikkje forvekslast med byggemelding det er naudsynt å ha i tillegg.
Vedlegg 2 Detaljert kostnadsoverslag Kostnadsoverslaget skal vere sett opp på ein slik måte at det let seg kontrollere. Mengder oppgjevne i m/m2/m3 skal referere til dei føreliggande planane og skal kunne kontrollerast mot desse. Kostnadsoverslaget må vere så detaljert at dei arbeida som skal utførast på dugnad, kan spesifiserast. Administrasjonskostnader medrekna utgifter til revisjon, kan maksimalt utgjere 5% av godkjend kostnadsoverslag.
Vedlegg 3 Finansieringsplan Finansieringsplan skal gjere greie for og dokumentere finansiering av dei samla kostnadene for anlegget. Dokumentasjon på desse postane skal leggast ved finansieringsplanen Eigenkapital: kontoutskrift/aksjekapital må dokumenterast. Tilskot frå kommune/fylkeskommune dokumenterast med kopi av vedtaket. Private tilskot/gåver som pengetilskot, material, rabattar m.m. skal stadfestast med underskrivne gåvebrev.
Vedlegg 3 Finansieringsplan fort. Dugnadsarbeid skal gå fram av eige dugnadsoversyn utarbeidd med utgangspunkt i dei arbeida som etter kostnadsoverslaget skal utførast på dugnad. Verdien av dugnadsarbeidet skal reknast ut av ein kvalifisert fagperson. Ein skal ikkje ta med m.v.a på dugnad Lån skal vere stadfesta med kopi av lånetilsegn.
Vedlegg 4 Forvaltning, drift, vedlikehald og utviklingsplan med budsjett Skal innehalde plan for bruk med budsjetterte utgifter og inntekter (gjeld alle anlegg) Plan for forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling med tilhøyrande budsjett (gjeld fleirbrukshallar, svømmehallar og spesialhallar.
Vedlegg 5 Dokumentasjon på rett til bruk av grunn Søkjaren må ha rett til bruk av grunnen kor anlegget ligg/skal liggje. Denne retten skal ha heimel i eit av følgjande forhold, og den skal dokumenterast. Tinglyst eigedomsrett: Utskift av grunnbok Tinglyst feste-/leigerett av minimum 40 års varighet: bekrefta kopi av feste-/leigeavtalen og bekrefta utskrift av grunnboka For anlegg på kommunal eller fylkeskommunal grunn skal avtale av minimums 40 års varighet med kommunen/fylkeskommunen om bruk av grunnen dokumenterast.
Byggetilskot Til rehabilitering og bygging av private leikeplassar, friluftsliv, idretts- og kulturanlegg kan kommunen gi eit tilskot på inntil 1/3 av godkjent byggekostnad. Dersom byggetilskotet vert lågare enn venta, skal tilskotet reduserast tilsvarande.
Lukke til!