Forprosjekt Interkommunalt Friluftsråd
Bakgrunn Bakgrunn Sogn og Fjordane fylkeskommune ønskjer eit friluftsråd i fylket. Fylkeskommunen har etablering av interkommunalt friluftsråd både som ein strategi i Kulturstrategien for 2008-2011 og som eit tiltak i Fylkesdelplanen for idrett, friluftsliv, fysisk aktivitet og folkehelse 2010-2013. Sogn regionråd vedtok å setja i gang eit forprosjekt for interkommunalt friluftsråd.
Prosjektmål Utvikla eit friluftsråd som eit fast samarbeid mellom to eller fleire kommunar om nærare definerte felles friluftsoppgåver.
Prosjektorganisering Prosjekteigar: Sogn regionråd Prosjektansvarleg/økonomi: Dagleg leiar i Sogn regionråd Prosjektleiing: Sogn Næring AS Styringsgruppe: Rådmannsgruppa i Sogn regionråd Prosjektgruppe: Tilsette frå kommunane - Arne Lerum, Luster - Britt Marit Stadheim, Vik - Ole Opheim Røthe, Leikanger - Ine Nyseth, Lærdal - Jørgen Hundseth, Balestrand - Håkon Skjerdal, Aurland - Maryan Georgsdotter Mundal, Sogndal
Mandat for prosjektgruppa Prosjektgruppa skal planleggja og sjå nærare på korleis etablera eit interkommunalt friluftsråd i Sogn regionråd. Forprosjektet skal kartleggja status og utfordringa i kommunane, vurdera organisering, definera arbeidsoppgåver, stillingsomfang og finansiering.
Framdrift Prosjektgruppa rapporterer til rådmannsgruppa som er styringsgruppe. Prosjektleiar er sekretær. Prosjektgruppa leverer sluttrapport innan 01.01.2011. Interkommunalt samarbeid om friluftsråd føreset vedtak i kvar kommune. Sluttrapporten vert ein del av saksgrunnlaget ved handsaming i rådet og i kommunane.
Økonomi og ressursar Sogn og Fjordane fylkeskommune har gitt tilsagn om kr 140 000. Sogn næring utfører prosjektarbeidet innan ei ramme på kr 120 000. Kr 20 000 av tilsagnet skal kunne nyttast til evt. kostnader med eksterne møte, synfaringar mv. Kommunane sin eigendel går til finansiering av deltaking i prosjekt / og referansegruppe.
Framdriftsplan Fase 1 Juni 2010 Drøfting i rådmannsgruppa om organisering av forprosjektet. Rådmannsgruppa er styringsgruppe for forprosjektet.
Framdriftsplan Fase 2 August - september Registreringsfasen: Kva område er sikra i kommunane, kva område er regulert/ i faktisk bruk korleis er bruksaktivitet, lokal - regional/turisme mv. Korleis forvaltar kommunane sine område og kva utfordringar ligg her for betre tilrettelegging og bruk. Korleis har kommunane organisert arbeidet med friluftslivstiltak, politisk og administrativt/driftsordningar. Kommunane tek i registreringsarbeidet med dei aktuelle friviljuge organisasjonar i sitt område (m.a. turlaga, reiselivslaga) Innhenting av opplysningar frå andre interkommunale råd som har samanliknbar struktur, ev møte, synfaringar, fokus på organisering politisk/administrativt, driftsordningar, økonomi og effekten av etablering av interkommunalt råd for å auka merksemd og aktivitet.
Framdriftsplan Fase 3 Oktoberdesember Prosjektgruppa samlar dei innkomne registreringar og opplysningar i ein rapport som vert utsendt til dei friviljuge organisasjonar og fylkeskommunen for kommentarar. Referansegruppa vert invitert til møte for innspel/synspunkt til rapporten før ein sluttrapport går til styringsgruppa.
Framdrift Fase 4 Desember - januar Styringsgruppa oppsummerar i eit samla dokument som går til regionrådet sitt sekretariat for handsaming i rådet. Regionrådet sin tilråding vert sendt kommunane for vurdering om det er tilslutnad til å etablera eit interkommunalt friluftsråd.
Framdrift Fase 5 Etablering av rådet
Friluftsråd Det er etablert 20 interkommunale friluftsråd i landet, og 178 kommunar er medlemmar. Kva er eit friluftsråd? - Eit friluftsråd er eit fast samarbeid mellom kommunar og evt. andre offentlege institusjonar og frivillige organisasjonar om nærare definerte felles friluftsoppgåver. Samarbeidet er formalisert gjennom vedtekter, årsmøte, styre, arbeidsprogram, budsjett, årsmelding og rekneskap. -Totalt er det 65 ansatte i friluftsråda i Noreg.
Kvifor interkommunalt samarbeid om friluftsoppgåver? Friluftsliv kjenner ikkje kommunegrenser. Friluftsråda utgjer naturlege opplevingsregionar og gjev høve til å gjennomføra oppgåvene på ein samfunnseffektiv måte Regional prioritering: Friluftsliv blir sett på dagsorden i regionen og får fram eit langsiktig, målretta og systematisk arbeid innan prioriterte område. Kompetansesentral: Mange kommunar er for små til å ha eigne tilsette til å arbeida med friluftsliv. Interkommunalt samarbeid sikrar at regionen har kompetanse innan friluftsliv. Utgiftsfordeling: Kommunar med mange innbyggjarar nyttar friluftsområda i omegnskommunane. Interkommunalt samarbeid sikrar finansiering av nødvendige tiltak i dei områda som vert mest brukte uavhengig av kommunegrenser. Koordinera statlege, fylkeskommunale og kommunale midlar
Friluftsrådenes Landsforbund Friluftsrådenes Landsforbund blei stifta 1. juni 1986 i Ålesund Formålet med Frilufts rådenes landsforbund er: 1. -Å utveksle informasjon og erfaringar, og drøfte oppgåver og utviklings moglegheiter. 2. -Å opprette eit felles talerøyr ovanfor statsmyndigheitene.
Friluftsråd i dag:
Forslag til namn på selskapet: Indre Sogn friluftsråd. Finansiering: Tilråding Kommune Innbyggartal Årleg fast avgift 4 kr Avgift pr innbyggar Sum Vik 2768 25000 11072 36072 Balestrand 1344 25000 5376 30376 Leikanger 2182 25000 8728 33728 Sogndal 7035 25000 28140 53140 Aurland 1682 25000 6728 31728 Lærdal 2199 25000 8796 33796 Luster 4945 25000 19780 44780 Fylkeskommunen 200000 200000 Staten 200000 200000 Sum pr år 575000 88620 663620 Prosjektgruppa meiner at friluftsrådet bør invitere Årdal og Høyanger til å bli med i rådet etter ei eventuell etablering.
Tilråding Forslag til tal på tilsette: Det bør tilsetjast ein dagleg leiar. Dagleg leiar bør innan 6 mnd få prosjektfinansiert ei ny stilling og innan eit år prosjektfinansiere 2 stillingar. Desse stillingane skal finansierast frå statlege og fylkeskommunale midlar. Tilråding til organisasjonsform: Etter å ha sett på dei mest vanlege organisasjonsmodellane, har me vurdert at eit Interkommunalt samarbeid etter kommunelovens 27 vil vere den beste løysinga. Endring av organisasjonsmodell kan uansett vurderast på eit seinare tidspunkt. Lokalisering: Prosjektgruppa har vurdert 3 alternativ for plassering av kontorlokale til friluftsrådet. Dei tre var Luster, Aurland og Leikanger. Alle tre stadene finst det god og stor kompetanse innan friluftsaktivitetar. Gruppa kom fram til at Leikanger var den beste plasseringa for eit friluftsråd. Eit interkommunalt selskap må då driftast via Leikanger kommune, men som ein eigen eining. Forslag om prøveprosjekt: Prosjektgruppa foreslår at det etablerast eit friluftsråd som eit prøveprosjekt i 3 år med evaluering.
Tilråding Kva for oppgåver/ansvar kunne eit friluftsråd ha i Indre Sogn. Arbeidsgruppa kom fram til desse oppgåvene: Kompetanse og nettverksbygging i kvar kommune. Samla marknadsføring for regionen sine friluftstiltak med brosjyre og nettside. Høyringsorgan for fylkeskommunen og staten. Friluftstiltak for born og unge i regionen. 2-3 samlingar i året med friluftsaktørane i regionen. Trivselsskapande oppgåver for kommunane. Lik fokus på friluftsliv i alle kommunar. Rådgjeving. Prosjektfinansierte oppgåver for regionen. Ha oversikt over midlar innan kommune, fylket og staten. Informasjonstiltak t. d felles turkart, infotavler og turbøker. Tiltak for særskilde grupper. Arbeid opp mot reiselivsorganisasjonane. Arbeide for lik merke mal på turstiar i regionen.