Informasjon frå Luster Energiverk



Like dokumenter
HSD ASA RESULTATREKNESKAP Konsernet kv kv. 03 i 1000 kr kv kv. 03

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Til deg som bur i fosterheim år

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

Informasjonshefte Tuv barnehage

Kraftutbygging i relasjon til andre interesser i Luster kommune

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Etablering og drift av kraftselskap

Det vil alltid vere ei balansegang mellom bruk av eigne pengar på bok og lån i bank.

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968

Brukarrettleiing. epolitiker

FIBER TIL HEIMEN. Utbygging av fiber. Her følgjer nyttig informasjon knytt til fiberutbygginga. til din bustad.

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010


Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Lønnsundersøkinga for 2014

SAKSFRAMLEGG. Tiltak 1 side 12 Fjerne til privat bruk. Tiltaket får då fylgjande ordlyd: Ikkje subsidiera straum.

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

FJORDVARMENYTT. Kjære kundar! Her kjem juleavisa vår! Informasjon om drifta av fjordvarmeanlegget. Statistikk og økonomi:

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll

GENERALFORSAMLING. Generalforsamling for Luster Energiverk AS vert halden i Banksalen Gaupne tysdag kl

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

Strategiplan for Apoteka Vest HF

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Note 1 Resultatrekneskap med fordeling

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Brukarrettleiing E-post lesar

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Årsrekneskap. for. Rong Fjellstove Rongastovo AS

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

KARTLEGGING AV MILJØPROBLEM I REGULERTE ELVAR I LUSTER

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 14/ Selskapstrukturen - Sogndal kulturhus. * Tilråding:

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Den nye seksjon for applikasjonar

SKATT FRÅ KRAFTSELSKAP

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/ Kommunestyret 41/

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 242 Arkivsaksnr.: 08/768-1

Med god informasjon i bagasjen

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

Team Hareid Trygg Heime

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar?

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Bygdemøte på kommuneplanen januar -2013

Styremøte og opplegg for styret i Regionalt Forskingsfond Vestlandet

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

EnergiKompe- tansesenteret

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

SOGN OG FJORDANE ENERGI

ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING 24. driftsår

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Stråling frå elektronisk kommunikasjon

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Rådgjevarkonferanse 2009

Nytt HFK Intranett

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Prosjekt Småkraft i Hordaland refleksjoner i etterkant

ehandel og lokalt næringsliv

Møte kommunestyret

Erverv av grunn ved Vangsnes vassverk for sikring av råvatn

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Eksamen. Fag: EL7039 VKI elektro. Eksamensdato: 9. desember Studieretning: Elektro

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

Teamarbeid og teambuilding

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

La meg få ein sjanse til...

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

Transkript:

Informasjon frå Luster Energiverk

INFORMASJON 2006 Framsida: Arbeid på høgspentlinja ved Ottum mellom Luster og Skjolden Frå elektrifisering til framtidsretta leverandør 2

Everksjef, Svein Halveg Lyster elektricitetsverk vart starta den 12. februar 1915 i Luster. I over 40 år dreiv dei kontinuerleg utbygging for å elektrifisere heile kommunen. Gjennom langsiktig arbeid har Luster Energiverk vore bygd opp. Etter over 90 års drift er det kanskje behov for å reflektere om vi framleis har desse vyane for vår organisasjon, og om vi har moglegheit til framleis å ha langsiktige mål for energiforsyninga i Norge. Våre rammevilkår er alltid under evaluering, effektivisering og konkurranseutsetjing er populære slagord som er sikre ord for politikarar og leiing. Effektiviseringa av energiforsyninga har ført til investeringsvegring i heile forsyningsnettet. Utskiftningstakten på linjenettet er nesten 200 år. All drift skal konkurranseutsetjast og evaluerast med eit mål å minimere kostnadar. Leveringsikkerheit har fått liten merksemd i reguleringsregima. Difor bør det vere grunnlag til å stille spørsmål om vi framleis har moglegheit til å ha langsiktig tenking i bransjen. Heldigvis har eigarar og styre i Luster Energiverk andre målsetjingar med bedrifta enn sentrale myndigheiter. Gjennom dei siste åra har vi synt at Luster Energiverk ligg langt framme i utviklinga i vårt samfunn for at folk og næringsliv skal ha same tilboda som i meir sentrale strøk. Difor engasjerer vi oss i fornying av linjenett, kunne tilby framtidsretta installasjonstenester, innovativt samarbeid for å kunne møte småkraftutbyggingane og få eit fullgodt breibandstilbod i kommunen. Vasskrafta har vore grunnlaget for den økonomiske situasjonen som kommunen har i dag. Andre energikilder kan konkurrere på kort sikt, men vasskrafta er evig fornybar og bør forvaltast på det grunnlaget. Inntektene har vore ein grunnpilar til at vi i dag er ein av landet sine beste kommunar frå krybbe til alderdom. Alle energiverk er opptekne av at kostnadane skal vere så låge som mogleg. Dette løyser vi gjennom konstruktiv samarbeid både regionalt og nasjonalt. Verdiane i selskapet skal forvaltast på ein måte som er til gode både for eigarar og lokalsamfunnet. Den største ressursen både til innovasjon og drift er dei tilsette i selskapet. Utan drivkrafta som er i staben ville det ikkje vore vilje til nytenkning og etablering av verken småkraft eller breibånd. Vi tek mål av oss for å vere ein attraktiv arbeidsplass for våre tilsette. I ein liten organisasjon får vi varierte arbeidsoppdrag som fører til utvikling og trivsel. Vi held fram med ambisjonar om at verdiane skal utviklast for eigarane vere ein attraktiv og kompetent arbeidsplass vere ei drivkraft i kommunen Dette får vi til gjennom stadig utvikling og innsats som gjer oss stolt over Luster Energiverk. Svein Halveg 3

INFORMASJON 2006 Luster Småkraft Aktiv partnar ved utbygging Styremedlem Per Hauge Småkraftprosjektet har fått mange grunneigarar til å vurdere kraftutbygging i sine vassdrag. Luster Småkraft er eit godt alternativ til dei som ynskjer ein trygg og god medspelar på laget. Luster Energiverk har saman med Småkraft danna selskapet Luster Småkraft der kvar av partane eig 50%. Det er meininga at alle utbyggingar der Luster Energiverk og Småkraft er inne på eigarsida skal skje gjennom Luster Småkraft. Status i Luster Småkraft sine prosjekt er no følgjande: Bygginga av Vanndøla kraftverk og Kvåle kraftverk startar i løpet av 2006. Konsesjonssøknader for Utladøla kraftverk, Hola kraftverk og Engjadalselvi kraftverk blir sendt i løpet av våren 2006. I tillegg er Luster Småkraft i forhandlingar med grunneigarane om utbygging i 4 5 andre kraftverk. Utbyggingsprosjekta til Luster Småkraft skal i størst mogeleg grad styrast frå Luster. For å auke kapasiteten har me i tillegg til Torbjørn Tuften som leiar dette arbeidet engasjert Steinar Lund. Steinar er utdanna sivilingeniør innan vasskraftutbygging. Hovudoppgåva tok han på inntak i småkraftverk. Å få til eit inntak som fungerer er ei stor utfordring for dei fleste småkraftutbyggarane. Visste du at: Sogn og Fjordane er det fylket med størst potensiale for ny kraftproduksjon i landet og at Luster er den kommunen med størst potensiale for ny kraftproduksjon. Luster Energiverk og Luster Kompetansen Steinar kommune i saman eig Sage har tilført oss og kraftverk. småkraftutbyggarane Linje/kabel nettet til Luster i Luster har difor vore Energiverk er så langt at det ville svært verdfull. Luster strekt seg frå Luster til Göteborg. Energiverk arbeider også med kommunedelplanen. Arbeidet blir gjennomført av Magnus Snøtun som er utdanna naturforvaltar frå landbrukshøgskulen på Ås. Vår tverrfaglege kompetanse gjev oss også moglegheit til å tilby tenester innanfor miljøanalysar, kart og diverse utgreiingar. Småkraftprosjektet i Luster vart oppstarta hausten 2003. Prosjektet er eit samarbeid mellom Luster Energiverk, Luster kommune og Luster Sparebank og går ut 2008. Prosjektet har ei styringsgruppe samansett av ordføraren, banksjefen og everksjefen. Arbeidet skal kartlegge utbyggingspotensialet, utarbeide kommunedelplan og arbeide med enkeltprosjekt. Problematikken kring fallrettane I mange vassdrag er det usikkerheit omkring fallrettane. Dei fleste plassane er det usikkert kor mange som eig fallrettar og ikkje minst kor mykje kvar av dei eig. Å finne ut av dette har ikkje vore ein del av Småkraftprosjektet. Derimot har me arbeidd ein god del med å finne ut av kva Norsk Hydro og Statkraft eig av fallrettar i høvesvis Fortun og Jostedalen. Det er ikkje lite! Vi håpar på ein snarleg avklaring om korleis dei ynskjer å nytte fallrettane. Sjølv om grunneigarane er ivrige på ei kraftutbygging kan avklaringa frå dei til ein viss grad hindra eller forseinka fleire småkraftutbyggingar. Status prosjekt Er no at Luster Småkraft no totalt har 36 prosjekt i ulike steg i prosessen frå ferdig utbygt til tidleg fase med mogleg utbygging 4

Kraftleverandør i heile Norge Luster Energiverk er ein straumleverandør som kan levere straum til deg same kvar du bur i landet. Me ynskjer å vera ein konkurransedyktig aktør i kraftmarknaden på same tid som me framleis skal gje god, personleg service. For våre kundar i Luster skal det vera ein tryggleik at også mange utanfor kommunen ynskjer å nytta oss som sin kraftleverandør. Kraftprisane har den seinare tida vore stigande. Er det nokon veg attende for kraftprisane? Kvifor går ikkje kraftprisane ned? Ved nyttår hadde vassmagasina ein god fyllingsgrad, men kraftprisane er vedvarande høge. Kvifor? Var det ikkje betre før, då marknaden var regulert, og me kunne bestemma kraftprisane sjølve her i landet? Dersom me skulle drista oss til eit noko forenkla svar, måtte me sei noko om korleis det verkeleg fungerte før, og kva endringa verkeleg har betydd. Før var prisen for å byggja kraft avgjerande for kva kraftprisen vart, og denne steig jamt utan å være påverka av vær og vind. Først når me fekk ein fri marknad vart prisen til deg som forbrukar også påverka av vær og vind, og ikkje minst du fekk mogelegheit til å velja den leverandøren du ynskte slik var det ikkje før. Gjennom mange år, utan utbygging av ny kraft i Noreg, er me no avhengig av å kunne henta det me manglar frå våre naboland. Dette samarbeidet betyr også at me i våte periodar sender straumen andre vegen. Dette bidreg til ein fornuftig og effektiv ressursbruk, og me treng ikkje å overinvestere for å ha reservane me treng når vatnet sviktar. Me er vortne ein del av ein internasjonal kraftmarknad, der prisane vert sett ut frå tilbod, etterspørsel og pris på energiråvarer. Som kjent er prisane på olje, gass og kull rekordhøge, og den krafta me importerer er i stor grad basert på desse råvarene. Bruk av desse råvarene bidreg til å auke CO 2 utsleppa. Gjennom Kyoto-avtalen er me forplikta til å vera med å redusera desse utsleppa. Då bidreg også det til høgare prisar faktisk meir enn 10 øre/kwh. Det er ikkje mykje me som kraftleverandør kan gjera med utviklinga i marknaden men me skal gjere vårt beste for at du som kunde skal vera trygg på at du til ei kvar tid har ein lokal og god kraftleverandør. Anny, Svein og Anders på kraftsal 5

INFORMASJON 2006 Framtidsretta bygg med gode partnarar Midt i juni skal Johannes og Mary Nes flytte inn i nybygget sitt på Hafslo. Då står to bu-einingar ferdige, der det er lagt til rette for at den alvorleg sjuke dottera Merete på 16 år skal kunne bu i eigen leilighet nær foreldra. Det har også gjeve moglegheit for å nytte spennande metoder på mellom anna energiøkonomisering og effektiv styring av funksjonanene i huset. Styremedlem Gerd Westby Haugen Ein trygg og god økonomi, er viktig for at Luster Energiverk også i framtida skal vera ei lokal drivkraft i Luster. Det er røyrleggar Skophamar og Luster Energiverk som fekk arbeidet her, og dei har samarbeida svært godt heile vegen, seier Johannes. Han lagde i stand anbudsdokument på dei krevjande utfordringane, og fant energiverket best denne gongen. Dei var best på pris, og det kan eg garantera, seier Johannes, det er beinhard konkurranse i desse bransjane. 3000 meter med røyr er på plass i golva på bustaden, og det vart bora 170 meter etter jordvarme. Då trefte ein på mykje vatn også, 9000 liter i timen. Det vart handsama greit, og uansett får dei svært god effekt av systemet, kombinert med eit omfattande lys- og straumforsyningssystem i huset. Lars Stølen har vore kontakten rundt arbeidet, og Johannes kan ikkje få rosa fagfolka nok. Både hjå energiverket og konkurrentane deira har me fantastisk mange dyktige fagfolk i Luster, meiner han. Ikkje berre har arbeidet gått greit unna, men heile vegen har det vore lett å drøfte løysingar og kome fram til det beste resultatet. Frå plassen er det eit fantastisk skue ut over Hafslovatnet. Difor er også uteareala viktige for Johannes. Opplegget er like tydeleg der som inne, her er det lagt stort arbeid i lyssetting, og downlights finn du overalt. På same måten blir det lys i gesimsen heile vegen i tunet på oppsida. No gler me oss til innflytting, og me er trygge på at det er gjort godt arbeid av alle partar, seier Johannes Nes. Førebels er det varme berre på peisen i nyhuset, men fullt ferdig er energiøkonomi og smarte elektriske løysingar viktige for Johannes Nes. 6

Installasjonsavdelinga - montørar raskt på pletten Installasjonsavdelinga i Luster Energiverk utfører alle typar elektrotekniske installasjonar for lys, varme, tele, data, antenneanlegg, alarmar, overvaking. Våre servicemontørar er raskt på pletten ved behov for hjelp, og tek gjerne på seg oppdrag både i Luster og Sogndal kommune. Medarbeidarne våre har lang erfaring innanfor rehabilitering av elektriske anlegg. Vår sakshandsamar føretek gjerne synfaring med påfølgjande tilbod. Dette kuldegrader vil di varmepumpe gje deg lun og jamn varme. Toshiba og Panasonic har leda utviklinga innan varmepumper og aircondition i 25 år og er vinnarane av fleire uavhengige testar. EL-sjekk EL-sjekk avdekkar feil og manglar ved ditt elektriske anlegg og fortel deg korleis du får lågare straumrekning. Kontrollen vert utført av Visste du at: Det kom lys i dei fyrste elektriske glødelampane i Luster i 1915. 80% av all energibruk i Luster kommune kjem frå elektrisitet. Hugs at me alltid står til teneste for deg! F.v. Jan Idar, Sigbjørn, Frank, Lars, Jarle og Halgeir. Oddgeir var ikkje til stades. gjeld på mange felt, og vi vil her nemne nokre område spesielt: Lys: Rett lys på rett stad er viktig for trivsel og god stemning. Me installerer tradisjonell belysning, spotlights, downlights og utebelysning. Varmepumper - Intelligent oppvarming Me installerer Toshiba og Panasonic varmepumper. Ved å investera i ei varmepumpe får du lågare straumrekning og betre inneklima samtidig som du gjer ein innsats for miljøet. Sjølv på knitrande vinterdagar med frost og dyktige fagfolk, kartlegg heile ditt elektriske anlegg og gjev ein tilstandsrapport. Du får også råd om korleis du kan spare straum utan å måtte fryse. Hugs at sjølv små feil på el-anlegget kan bli kritisk! Ein av dei hyppigaste årsakene til brann i Norge er dårleg vedlikehald av det elektriske anlegget. Du er sjølv ansvarleg for at det elektriske anlegget i bustaden din er i samsvar med gjeldande forskrifter. 7

INFORMASJON 2006 Utlendingane imponerte over breibandtilbodet i Luster Øvst: Peder Kjærvik her klar for påskesola i Jostedalen Ja, det kan eg trygt stadfeste, seier Peder Kjærvik på Breheimsenteret i Jostedal. Her kjem turistar frå heile verda på brevandring og oppdager at det er et raskt, trådlaust nettverk tilgjengeleg. Dette sjølv om dei trur dei er så langt unna sentrale strøk som mogleg. Det er mange som er raske ned i bilen etter datamaskina si når dei oppdagar det. Peder og Breheimsenteret er eit av mange døme på at tilgang på ny teknologi er viktige delar av tilbodet til folk i kommunen, næringsverksemdene og for turistane. Det er truleg ikkje mange kommunar som er i nærleiken av tilbodet i Luster, når ein tek med dei utfordringane natur og avstandar gjev. Eg hugsar godt ein tyskar som var hoderystande imponert over at han hadde betre internettilgang her enn heime, seier Peder, som er imponert sjølv også over at du kan sitte på terassen og ha det fantastiske Nigardsbresynet mot deg medan du surfar deg fram til dei siste nyheitene på nettet. Alt dette er gjort mogleg ved at mange i kommunen har engasjert seg for å få til løysingar. I Jostedal er til dømes lagt fiber til Styremedlem Bjørkehaug i Jostedal, med ADSL-tilbod. Kristen Ormberg For næringsverksemder er det utenkeleg å ikkje ha tilgang til internett. På Veitastrond går tunge bilete og andre filer inn på høgkapasitet nett til sognefjord.net as, og ferdige trykksakar ut til trykkeri rundt om i landet. LMI får tunge teikningar og dokument i sine store prosjekt, og mange lokale firma er no heilt avhengige av internett både for eige sal og for å bestille varer. Fiberprosjektet i Luster danna grunnlaget for at også me i Jostedal, kan kopla oss på breiband og surfa ut i den store verda. Kan vi i dag tenke oss bank utan nettbank? Og målaravlesing over nettet blir meir og meir vanleg for energiverkets kundar. Under: Kan det tenkast ein betre plass for surfing på internet enn inn mot Nigardsbreen. Ikkje rart mange av turistane vert forundra og imponerte. Visste du at: Luster Energiverk sine bilar til saman årleg køyrer 4 ganger rundt ekvator. Luster Energiverk har tilsette frå nesten alle bygder i Luster kommune. Dei tilsette ved Luster Energiverk årleg har gjennomgang i sikkerheitsforskrifter og fyrstehjelp. 8

Breiband i Luster Det er og slik at når sentralen er teknisk bygd ut kan andre tilbydarar tilby abbonement / tenester til forbrukar. I utgangspunktet er truleg Luster ein av dei vanskelegaste kommunane å byggje ut breiband i, grunna geografi / topografi og svært spreidd busetnad. Luster kommune låg ikkje inne i Telenor sine planar om utbygging i det heile i 2000. Likevel, gjennom aktiv inngrep frå kommunen og godt samarbeid og god kontakt med næringslivet vart situasjonen snudd. Dette samarbeidet mellom Luster kommune, Luster Energiverk AS, Telenor, Statkraft, Hydro og Sognekraft innebar utbygging av fiber frå Sogndal til Fortun. Det betyr at pr. dato er det fiber frå Sogndal til Fortun, og frå Gaupne til Bjørkehaug i Jostedal. Det er Luster Energiverk som har utførd all montasje av fiberkabelanlegga i kommunen, og tek seg av drifts og vedlikehaldsoppgåvene. Det er no ADSL løysingar i alle telefonsentralar i Luster kommune. I tillegg har Datapart tilbod om aksess ved radiolink i Gaupne, Hafslo og Luster. I praksis betyr dette at alle som bur innan ein linjeavstand på 5300 m til næraste sentral, vil kunne få tilbod om breiband. Det betyr også diverre at ein del abonnentar enno fell utanfor tilbodet, nettopp på grunn av for lang avstand. Telenor arbeider no med eit nytt breibandstilbod, "rate adaptiv" som vil kunne nå lengre ut. Truleg opp mot 6 km frå sentralen. Kommunale institusjonar Så langt råd er har no Luster kommune knytt alle kommunale institusjonar av nokon storleik saman med fiber. Det betyr skular, rådhus, helsesenter, bibliotek og sjukeheimar. Breibandsuksess til næringsliv og folkesetnad Luster kommune har vore oppteken av breibandtilbod til folk flest i samband med fiberutbygginga, det betyr og utkantane. Tilgang til breiband vil truleg vere noko som mange, særleg unge, vil krevje som ein del av å høyre til i eit moderne samfunn. Breibandaksess til folk flest vert truleg stadig viktigare, særleg i høve ungdom. Skal utkantsamfunn oppretthalde attraktivitet til dei som veks opp, må dei ha same teknologiske mulegheit som ungdom i sentrale strøk. Lokalsamfunn i teknologiskugge vil fort bli oppfatta som lite framtidsretta. Dei fleste større næringsverksemdene i aksen Sogndal Fortun har no anten fiberbasert (større verksemder i Gaupne), god radiolink basert bandbreidde eller ADSL abonnement. Gjennom eit godt samarbeid med mange aktørar og satsing frå Luster kommune, er no Luster ein av dei første kommunane i fylket som har utbygd alle sentralar til ADSL, samt fått på plass eit fibersamband gjennom kommunen som er lokalt eigd. Kilde : Luster kommune ved Olav Grov 9

INFORMASJON 2006 100 gjestar i salen og ikkje straum på kjøkenet Styremedlem Herman Bremer Luster Energiverk er og skal vera ein støttespelar i lokalsamfunnet, dette er nødvendig for at me også i framtida skal sjå lys i alle våre bygder. Det er flott at det no blir arbeidd med ny linje på strekninga Luster Skjolden. Rett nok er det mykje betre stabilitet på straumforsyninga no enn tidlegare, men eg er trygg på at sikkerheita vert endå betre når dette arbeidet er fullførd, seier hotellverten på Skjolden Hotel, Einar Galde. Han veit godt kva han pratar om, etter fleire gonger å ha opplevd å ha meir enn hundre gjestar i spisesalen og kjøken utan straum. Det er ikkje bra for verken hjarte eller nerver, og verst av alt var det at du aldri kunne vera heilt sikker på straumen. No blir altså kvaliteten styrka ytterlegare. Einar er sikker på årsaka det er at Luster Energiverk er lokalt eigd. Det er aller beste garantien for at linjene vert haldne vedlike. Luster Energiverk har også tilsette frå nesten alle plassar i kommunen. Det gjer at dei er svært merksame på tilhøva på kvar einskild plass og lett kan gje melding vidare i systemet. Dette er den moderne sanninga om at den som har skoen på veit best kor det trykkjer, meiner han. Difor er han gjerne med på all ros til det lokale everket, og gler seg over at vi framleis har eit fellesskap i Luster som tek ansvar for alle kriker og krokar i kommunen. Einar Galde er glad for fellesskapet i Luster Energiverk Det største prosjektet no for nettavdelinga i Luster Energiverk er arbeidet med linja Luster-Skjolden. Me er ferdige frå Luster til Havhella. Og skal i år byggje frå Hauge til Fjøsnestøl. Samt leggje jordkabel gjennom Skjolden sentrum. På strekningen Fjøsnestøl- Havhella ventar vi på avklaring om tunnelen gjennom Gullringen. På bilete frå arbeid med kabellegging ved Skjolden Brygge. 10

Mange nye anlegg men mest på viktig vedlikehald Visste du at: Det i gjennomsnitt er 176 m kraftlinje/kabel til kvar kunde i Luster Energiverk Luster Energiverk har ein leveringssikkerheit på 99,98 % Det ved kvar målaravlesing vert trekkt ut ein vinnar av kr 1000,- mellom dei som nyttar dei automatiske målaravlesningstenestene. Det lokale eltilsyn ved Luster Energiverk årleg kontrollerer 5 % av bustadane i kommunen. Luster Energiverk har i dei seinere åra bygd mange nye høgspentlinjer i Luster kommune. På strekningane Årøy Leirdøla og Gaupne Luster er det bygd heilt nye linjer. Gjennom Luster sentrum er det lagt ny høgspent jordkabel, og strekningen Luster Sage er bygd med isolert luftledning. I fjor monterte vi inn jordslutningsspole i Leirdøla Kraftverk. Dette er ein teknisk innretning som sløkkjer lysbogen ved tilfeldige forbigåande jordfeil utan å måtte kopla ut linja. Vi var mykje plage med slike korte utfall for jordfeil i sommarmånadene, men desse er no eliminert. Frå før av har vi slik spole i Fortun. Nettet er også styrka med jordkablar i tunnelar og rasutsette område på Sørsida av fjorden og mot Veitastrond. Ved å fokusere på eige investeringsarbeid, kan me halde nede kostnaden på arbeidet, samtidig som me held oppe kompetansen hjå oss. Me tilbyr også tenester til andre i lokalsamfunnet hvis det er ynskje om det. Det er likevel vedlikehald og topp aktivitet når noko skjer som er viktigast. Akutte straumbrot blir stadig sjeldnare, ikkje minst fordi rutinane på rydding av skog langs linjene og anna vedlikehald blir stadig betre. Nettet er også forsterka til å bli eit langt meir moderne nett. Slik sett har vinteren i år vore svært gunstig, med 10 mann på skogrydding langs linjene i tillegg til årleg ettersyn. Likevel, når uveret set inn som fredag 20. januar på Sørsida, må mannskap ut. Nett denne dagen var forholda så ille at karane vart sendt heim, det var ikkje forsvarleg å arbeide. Men neste morgon var 12 karar på plass, og dei fire feila lokalisert. Før laurdagskvelden tok til var alt i orden. Denne gongen var det svær granskog som ikke tålte stormkasta, og tok linjene. Ryddinga seinare i vinter hindrar truleg det same frå å skje ein gong til. 11

INFORMASJON 2006 Nokre ord frå styret i Luster Energiverk I styret for vårt lokale energiverk sit etter vedtektene to representantar frå Hafslo, to frå gamle Luster og ein frå Jostedal i tillegg til ein frå dei tilsette. Den daglege leiaren er naturleg nok med på alle møte for å orientera styret og leggja fram saker som treng ei avgjerd. Det må vel seiast å vera eit privilegium å få vera med på styringa av ei så viktig bedrift for alle som bur i kommunen vår og for kundar utanfor kommunegrensene. Målet for styret må først og fremst vera å sjå til at me i Luster har eit energiverk som er konkurransedyktig og framtidsretta og som gjev gode tenester til kundane. Viktigast er sjølvsagt at det finst eit godt linjenett i heile kommunen og at leveringa av kraft går utan mange problem. Det skjer heile tida endringar i bransjen, og styret har sett det som viktig å vera i forkant av ei spanande utvikling. Dei siste åra har det vorte lagt stor vekt på utbygging av fibernettet for å gje eit godt tilbod til brukarar av datautstyr. Luster Energiverk har saman med kommune og bank engasjert seg sterkt i planlegging og utbygging av mindre kraftverk, noko det ligg uvanleg godt tilrette for i vår kommune. Litt fram i tid vil det årleg kunna skapast store økonomiske verdiar frå småkraftverk i kommunen vår, til glede for grunneigarar, energiverk og kommune. Styret skal naturleg nok sjå til at økonomien i energiverket er sunn, slik at ein har styrke til å vera med på endringar som tvingar seg fram og prosjekt som ein ønskjer å engasjera seg i. Ved utgangen av 2005 har Luster eit energiverk eigd av brukarane og med ein økonomi som er svært sterk. Resultata har vore jamnt gode, og det ligg store verdiar i selskapet i form av bygningar, linjenett og eigarskap i kraftanlegg både i og utanfor kommunen. Bak dei langsiktig gode resultata står ein stab av dyktige, engasjerte og endringsvillige medarbeidarar som fortener stor takk for god innsats! for styret Stein Bugge Næss styreleiar 12

Resultatrekneskap 2005 DRIFTSINNTEKTER 2005 2004 Energisal 16 774 855 16 905 344 Energiformidling/trading 1 004 148 1 142 002 Nettleige 17 113 356 16 943 128 Sal andre varer og tenester 6 828 866 6 150 948 Andre driftsinntekter 1 451 614 1 434 311 Attendeført mindreavkastning - 1 647 000-397 000 Meir/Mindreavkastning 213 079-547 000 Sum driftsinntekter 41 738 918 41 631 733 DRIFTSKOSTNADER Energikjøp 13 339 256 13 769 729 Overføring i overordna nett 1 335 704 1 074 305 Varekost andre selde varer og tenester 3 735 133 2 826 609 Løn, folketrygd, pensj. og andre pers.kostnader 9 301 339 9 846 782 Ordinære avskrivingar 3 813 505 3 763 917 Andre driftskostnader 4 073 739 4 423 400 Tap på krav/auka avsetning for tap 47 512 52 324 Sum driftskostnader 35 646 188 35 757 065 DRIFTSRESULTAT 6 092 730 5 874 668 FINANSINNTEKTER OG KOSTNADER Renteinntekter 1 108 812 993 272 Aksjeutbytte og verdiendring andeler 3 228 366 3 493 814 Rentekostnader - 48 373 14 488 Netto finansinntekter 4 288 805 4 472 598 Resultat før skatt 10 381 535 10 347 266 Skattekostnad 1 876 385 2 246 636 ÅRSRESULTAT 8 505 150 8 100 630 DISPONERING AV ÅRSOVERSKOT Avsett til utbytte 3 130 400 3 130 400 Avsett til annan eigenkapital 5 374 750 4 970 230 Sum disponert 8 505 150 8 100 630 13

INFORMASJON 2006 Balanse pr. 31.12.2005 EIGEDELER 2005 2004 ANLEGGSMIDLAR Linjer/teknisk utstyr 33 356 000 33 333 000 Bygg, tomtar 1 135 589 823 189 Inventar, utstyr og transport 4 394 218 3 835 218 Aksjar 2 129 408 1 795 279 Aksjar i tilknytte selskap 11 984 722 11 005 500 Aksjar dotterselskap 1 000 000 3 784 618 Langsiktige fordringar 9 695 124 9 267 625 Sum anleggsmidlar 63 689 061 63 844 429 OMLØPSMIDLAR Varelager 1 150 000 1 492 214 Kundekrav 11 368 722 10 141 409 Andre kortsiktige krav 6 112 348 4 017 432 Bankinnskot, kontantar og liknande 14 005 432 12 512 182 Sum omløpsmidlar 32 636 502 28 163 237 Styremedlem Arvid Skjerven Me tilsette ynskjer å gjera ein god jobb, for at Luster Energiverk også i framtida skal levera ei sikker og god straumforsyning til folk i Luster. SUM EIGEDELER 96 325 562 92 007 666 GJELD OG EIGENKAPITAL Eigenkapital Aksjekapital 8.663 aksjar à kr. 2500,- 21 657 500 21 657 500 Behaldning eigne aksjar - 2 092 500-2 092 500 Overkursfond 2 979 988 2 979 988 Annan eigenkapital 57 921 976 52 547 22 Netto eigenkapital 80 466 964 75 092 214 KORTSIKTIG GJELD Leverandørgjeld 3 522 104 4 018 613 Betalbar skatt 2 157 013 2 571 476 Skuldig offentlege avgifter 2 668 454 2 808 707 Avsett til utbytte 3 130 400 3 130 400 Anna kortsiktig gjeld 4 380 626 4 386 256 Sum kortsiktig gjeld 15 858 598 16 915 452 Sum gjeld 15 858 598 16 915 452 SUM GJELD OG EIGENKAPITAL 96 325 562 92 007 666 14

Dette er også Luster Energiverk: AKSJONÆRTILHØVE Aksjekapitalen til selskapet er på kr. 21 657 500,-. Det er 968 aksjeeigarar i selskapet. Dei største aksjonærane er Luster kommune 13,4% Luster Sparebank 5,3% Luster almenning 2,3% Gjensidige 2,1% På generalforsamlinga den 07.06.99 fekk styret fullmakt til å kjøpe inntil 10% av aksjekapitalen. Det er kjøpt 837 aksjar for kr. 8 610 036,-, og ingen aksjar er avhenda. AKSJAR Ant. På- Bokført aksjar Selskap lydane verdi 610 AS Sognekraft 20 000 122 000 100 Fjellv. Årdal-Luster 100 0 17 Energiråd 1 000 17 000 10 Energiråd 1 253 12 531 1 NEFO 1 000 1 350 100 B Sogn Skisenter 100 10 000 1 REN AS 1 000 1 000 10 Sogn Golf 500 5 000 22 000 Enteca AS 1 804 100 85 BioNordic 1 000 999 999 51 Gjensidige 242 12 316 40 Sørsida Eigedom AS 1 000 40 000 96 Seis 1 000 98 112 Sum 2 123 408 AKSJAR I TILKNYTTE SELSKAP OG DOTTERSELSKAP 11 Sage Kraftverk AS 1 000 000 11 005 500 50 Luster Småkraft AS 503 250 99 Luster Energi Eigedom AS 1 000 1 000 000 113 Datapart AS 1 000 475 972 TILKNYTTE SELSKAP SAGE KRAFTVERK AS Luster Energiverk AS eig 11 aksjar i Sage Kraftverk AS. Dette utgjer 50% av aksjane i selskapet. Investeringa er bokført med 11 005 500 Positivt resultat 866 106 Eigenkapital 22 664 733 Mellomverande tilgode 699 348 LUSTER SMÅKRAFT AS Luster energiverk AS eig 500 aksjar i Luster Småkraft AS. Dette utgjer 50% av aksjekapitalen. Investeringa er bokført med 503 250 Eigenkapital 1 006 500 DATAPART AS Luster energiverk AS eig 113 aksjar i Datapart AS. Dette utgjer 22,6% av aksjekapitalen. Investeringa bokført med 475 971 DOTTERSELSKAP LUSTER ENERGI EIGEDOM AS Luster Energiverk As eig 99 aksjar i Luster Energi Eigedom AS. Dette utgjer 99 % av aksjekapitalen. Investeringa er bokført med 1 000 000 Positivt resultat 205 798 Eigenkapital 1 205 798 Mellomverande tilgode 3 170 018 NØKKELTAL 2005 2004 Omsetning: Driftsinntekter 41 738 918 41 631 733 Resultat: Driftsresultat 6 092 730 5 874 668 Netto driftsmargin 15% 14 % Resultat før ekstraord.10 381 535 10 347 266 Rentabilitet: Totalrentabilitet 11,1% 11,9% Eigenkapitalrentabilitet 13,1% 14,4% Investeringar: Årets investeringar 7 015 255 7 888 727 Soliditet/kapitaltilhøve pr 31.12 Eigenkapital andel 86,8% 81,6% Likviditetsgrad 1 2,6 1,7 Rentedekningsgrad 215,5 714,7 Personale: Talet på fast tilsette 24 24 Lærlingar 3 3 Aksjar: Talet på aksjar 8 663 8 663 Aksjekapital 21 657 500 21 657 500 Forteneste pr. aksje 981,78 934,22 15

Kringledammen. Magasin for Sage Kraftverk. sognefjord.net as Adresse 6868 Gaupne Telefon 57 68 29 00 Telefax 57 68 29 20 E-post firmapost@lusterenergiverk.no På våre internettsider www.lusterenergiverk.no finn du mellom anna Nyheiter Driftsmeldingar Målaravlesing over internett Bestilling av kraft Prisar