Møteprotokoll Utval: Samferdselsutvalet Møtestad: Møterom 700, Fylkeshusa, Molde Dato: 06.02.2013 Tid: Frå kl. 10:15 kl. 13:15 Protokoll nr: 1/2013 Faste medlemer som møtte: Namn Funksjon Representerer Oddbjørn Vatne Leiar SP Iver G. Nordseth Nestleiar V Bjarne Kvalsvik Medlem UAVH Petter Bjørdal Medlem AP Lilly Gunn Nyheim Medlem AP Hege Merethe Gagnat Medlem AP Helge Orten Medlem H Frank Sve Medlem FRP Cine Finstad Austnes Medlem FRP Randi Walderhaug Frisvoll Medlem KRF Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Kirsti Hammerø Medlem H Varamedlemer som møtte: Namn Møtte for Representerer Dag Vaagen Kirsti Hammerø H Frå administrasjonen møtte: Samferdselsavdelinga Namn Arild Fuglseth Magne Vinje Lage Lyche Stig Helle-Tautra Gry Halvorsen Guri Viken Rolf Stavik Stilling Samferdselssjef Ass. samferdselssjef Seksjonsleiar Statens vegvesen Region midt Namn Synnøve Sørflaten Solveig Oterhals Landsvik Svein Solbjørg Knut Arve Orten Lie Hanne-Merete Hagset Stilling Sjefingeniør Seiniorrådgivar Seksjonssjef
2 Sekretariat: Namn Liv Turid L. Flemmen Stilling Konsulent Om De har noko å merke til det som er ført inn i protokollen, vil sekretariatet gjerne bli gjort kjend med det snarast råd. Leiaren i utvalet, Oddbjørn Vatne, leia møtet. Samferdselsutvalet godkjende møteinnkallinga. Det vart vedteke at møtet var lovleg satt. Til saklista/spørsmål Petter Bjørdal, Ap, bad om ei orientering om anbodet Søre Sunnmøre ferjepakka Årvik-Koparneset. Vidare bad Petter Bjørdal, Ap, om ei orientering om stenging av Årvik-Koparneset ferjekaier. Leiaren i utvalet Oddbjørn Vatne svarte at det ville bli ei orientering om dette på slutten av møtet. Lilly Gunn Nyheim, Ap, bad om ei orientering til utvalet om innstilte ferjer. Statistikk om når ferjene er innstilt og kven skal kjøre på land først frå ferjene (tunge/lette kjøretøy). Lilly Gunn Nyheim, Ap, bad om informasjon om reglement. Vidare bad Lilly Gunn Nyheim om at administrasjonen kom med ei orientering om dette til eit seinare møte i utvalet. Samferdselssjef Arild Fuglseth orienterte om avvik i forhold til avtalar. Bjarne Kvalsvik, Uavhengig, ville også ha ei orientering om stenging av ferjekaiene Årvik-Koparneset. Synnøve Sørflaten orienterte. Frank Sve, Frp, ville ha ei orientering om forholda til ferje om ilandkjøring. Han viste til at dette spørsmålet også var teke opp i Fylkestrafikktryggingsutvalet på siste møtet. Vidare bad Frank Sve, Frp, om oversikt over attståande bilar på ferjestrekninga Stranda-Liabygda. Leiaren i utvalet Oddbjørn Vatne bad administrasjonen få ei tilbakemelding frå Fjord1 MRF til neste møtet i utvalet om dette.
3 Petter Bjørdal, Ap, stilte spørsmål om oppstillingsplass på ferjekaiene Larsnes- Åram. Synnøve Sørflaten svarte. Cine Finstad Austnes, Frp, stilte spørsmål til ang studietur for utvalet. Oddbjørn Vatne, Sp, la fram eit forslag til utvalet om å kome på synfaring til vegsambandet Nordøyvegen. Han bad administrasjonane om å finne aktuell dato. Møtet vart lukka kl. 12:35 og det vart halde ei orientering for utvalet frå seniorrådgivar Knut Arve Orten Lie. Saklista for dagen med tillegga/merknader vart godkjent. Møtet vart sett med 11 voterande. Sakene vart handsama i den rekkjefølgje som går fram av protokollen.
4 Saksnr Innhald Uoff SA-1/13 SA-2/13 SA-3/13 SA-4/13 SA-5/13 Handlingsplan Samferdsel 2013-2022 og Handlingsprogram Samferdsel 2013 Høring: Rapport med anbefaling om etablering av regionale bompengeselskap Oppfølging av forvaltingsrevisjonsprosjektet "Mindreforbruket av budsjetterte midlar innan vegformål" Omklassifisering Straumskaget (FV680) i Aure kommune Persontransport med motorvogn i rute - overføring av løyve RS-1/13 Samferdselsutvalet - Budsjettoppfølging Politisk verksemd RS-2/13 NTN transportstatistik 2012 RS-3/13 Referat fra møter i Nasjonal rassikringsgruppe 2012 RS-4/13 TIMEkspressen langs E39 Astad-Høgset RS-4/13 TIMEkspressen langs E-39 Astad - Høgset, trasevalg. RS-5/13 Oppgradering av ferjekaier i Årvik og på Koparnes
5 SA 1-13 Handligsplan Samferdsel 2013-2022 og Handlingsprogram Samferdsel 2013 Behandling i Samferdselsutvalet - 06.02.2013 Gry Halvorsen orienterte til saka. Randi Walderhaug Frisvoll, Krf, sette fram eit tillegg skal leggjast inn i punkt 4: Under trafikksikring, bør utfordringer rundt dødsulykker der helse medikament rus bakes inn i innsatsområde 6 for 2013. Cine Finstad Austnes, Frp, sette fram tillegg til innstillinga: Innsatsområde 2 (s.22): Skoleskyss, forbedre buss/hurtigbåt frå bustad til vidaregåande skole og sørge for at alle har sitteplasser og at man kan nytte setebelter. Frank Sve, Frp, sette fram tillegg til innstillinga: Side 26. 3. Transportsystemet. Tiltak: Rassikring 2013. FV60 Røyr Hellesylt. Arbeidet for fullfinansiering og oppstart av 3. byggesteg. Røysting Det vart røysta over punkta 1, 2 og 3 i innstillinga frå samferdselssjefen. Alle punkta vart samrøystes vedtekne. Samferdselsutvalet vedtok at dei 3 forslaga som vart framlagde vart til punkt 4. Det vart først røysta over forslaget frå F. Sve som vart samrøystes vedteke. Forslaget frå Cine F. Austnes - vart det røysta over som nr.2 - også dette vart samrøystes vedteke. Forslaget frå R. W. Frisvoll vart samrøystes vedteke som nr. 3. Administrasjonen får i oppgåve å innarbeide dei tre framlegga i Handlingsplanen. Samrøystes tilråding frå Samferdselsutvalet - 06.02.2013 1. Samferdselsutvalet vedtek Handlingsplan Samferdsel 2013 2022 og Handlingsprogram Samferdsel 2013 slik den er lagt fram. 2. Dokumentet blir tilrettelagt grafisk i etterkant av endeleg politisk handsaming. 3. Fylkesrådmannen må kome fram til eit opplegg for oppfølging av Handlingsprogrammet som sikrar god framdrift og gjennomføring.
6 4. 3. Transportsystemet (side 26). Tiltak: Rassikring 2013. FV60 Røyr Hellesylt. Arbeidet for fullfinansiering og oppstart av 3. byggesteg. Innsatsområde 2 (side 22): Skoleskyss, forbedre buss/hurtigbåt frå bustad til vidaregåande skule og sørge for at alle har sitteplasser og at man kan nytte setebelter. Under trafkksikring, bør utfordringer rundt dødsulykker der helse medikament rus bakes inn i innsatsområde 6 for 2013. SA 2-13 Høring: Rapport med anbefaling om etablering av regionale bompengeselskap Samrøystes tilråding frå Samferdselsutvalet - 06.02.2013 Møre og Romsdal fylkeskommune vil fortsatt tilrå konsernmodellen, da denne på en betre måte ivaretar utfordringene vi synliggjør i saksframlegget. Prosjektmodellen, slik Statens vegvesen skisserer den i rapporten, kan også bidra til å løse de viktigste utfordringene knytt til profesjonalisering og en meir rasjonell og effektiv drift. Da under forutsetning av at en avklarer de problemstillinger som er reist i saksframlegget. Møre og Romsdal fylkeskommune ser fylkesgrensa som naturlig avgrening på et regionalt bompengeselskap, der alle riks- og fylkesveier inngår i organiseringa. SA 3-13 Oppfølging av forvaltingsrevisjonsprosjektet "Mindreforbruket av budsjetterte midlar innan vegformål" Samferdselsutvalet viser til det oppfølgingsarbeidet som er starta opp. Utvalet vil bli løpande orientert om arbeidet, og vil sørge for nødvendige innspel for å sikre at kontrollutvalets og fylkestingets vedtak blir følgd opp. SA 4-13 Omklassifisering Straumskaget (FV680) i Aure kommune Parsellane av tidlegare fylkesveg 680 frå profil 5425 til 5470 (A-B) samt frå profil 5505 til 5660 (C-D) vert omklassifisert til private vegar og tilbakeført til tilstøytande grunneigar(ar).
7 SA 5-13 Persontransport med motorvogn i rute - overføring av løyve 1. Løyve for persontransport med motorvogn i rute for på strekninga: Storneskaia Sunnmøre museum Fjellstua (Aksla) Turistkontoret Apotekergata/Molovegen Ålesund kyrkje Atlanterhavsparken Storneskaia blir overført frå H.M. Kristiansen Automobilbyrå AS (org.nr. 813 579 162) til CitySightseeing Fjord AS (org.nr. 899 337 662) v. dagleg leiar Geir Odd Gjerde for ein periode på 10 år, frå og med 30. mai 2012. Løyvet gjeld hop on hop off sightseeing for passasjerar som har løyst rundturbillett. Om delar av ruta /stoppestadane er lokalisert til privat eigedom, må det hentast inn eiga tillating for å nytte slike. 2. Vognmateriell som blir nytta i rutedrifta skal vere innretta slik at det oppfyller krava i Lov om forbod mot diskriminering på grunn av nedsatt funksjonsevne (diskriminerings- og tilgjengelighetsloven), alternativt gje eit serviceopplegg som tek i vare behov som følgje av lova. 3. Takstar, takstretningsliner og ruteplaner skal godkjennast av løyvestyresmakta. 4. Det må betalast handsamingsgebyr for ruteløyvet, pr. i dag kr 3.400,-. RS 1-13 Samferdselsutvalet - Budsjettoppfølging Politisk verksemd Referatsak 1/13 m/vedlegg vart teke til vitande. RS 2-13 NTN transportstatistik 2012 Behandling i Samferdselsutvalet - 06.02.2013 Fleire hadde ordet i denne referatsaka. Utvalet bad om at administrasjonen tok ei evaluering om nytten av å vere med div råd/utval og fora. Referatsak nr. 2/13 m/vedlegg vart teke til vitande.
8 RS 3-13 Referat fra møter i Nasjonal rassikringsgruppe 2012 Behandling i Samferdselsutvalet - 06.02.2013 Lilly Gunn Nyheim hadde ordet i denne referatsaka. Referatsak nr. 3/13 m/vedlegg vart teke til vitande. RS 4-13 TIMEkspressen langs E39 Astad-Høgset Behandling i Samferdselsutvalet - 06.02.2013 Rolf Stavik orienterte. Fleire i samferdselsutvalet stilte spørsmål til denne referatsaka. Administrasjonen orienterte: Til neste møtet i utvalet kjem saka om Vederlag til ulike samferdselsformål Budsjettendring 2012. Referatsak nr. 4/13 m/ 2vedlegg vart tekne til vitande. RS 4-13 TIMEkspressen langs E-39 Astad - Høgset, trasevalg. RS 5-13 Oppgradering av ferjekaier i Årvik og på Koparnes Referatsak nr. 5/13 m/vedlegg vart teke til vitande. Møtet vart lukka kl. 12:35 etter 32 i Kommunelova og 23 i Offentleglova. Seiniorrådgivar Knut Arve Orten Lie heldt ei orientering for samferdselsutvalet.