Årsmelding 1998 Norsk Spaniel Klub avd. Sogn og Fjordane Styret har for 1998 sett slik ut: Formann: Inger Handegård, Gaupne Nestformann: Arild Gjervik, Stongfjorden (brukshundkontakt ) på val Sekretær: Eva Urhamar Maclean, Kyrkjebø på val * Styremedlem: Nina Sandal Rygg, Sandane på val Styremedlem: Thor Viggo Eldevik, Flekke 1. vara: Trude Tangenes Os, Nordfjordeid 2. vara: Ragnar Hagen, Måløy på val Kasserer utanfor styret: Revisor: Valnemnd: Marit Kvalvik, Eikefjorden. Reidun løvås Gjøringbø, Holmedal Neil Maclean, Ørjan Alme og Grethe Sandven Årsmøtet 24 januar 1998 29 vaksne og 3 barn møtte på årsmøtet på Skei. Som vanleg vart årsmøtet fort unnagjort, så vart det kaffi der me dette året hadde laga eit rikhaldig bord på «fellesen». Etterpå vart det medlemsmøte og prata om stell og trening av hund. Det var tilbod om kjøp av pelstellutstyr - eit tilbod svært få nytta seg av. Me hadde utlodding av tigga gevinstar der me fekk inn kr. 2.000.-. Styremøte Det har berre vore eit styremøte. Øvrig kontakt har vore pr. telefon og i samband me at me har møtt kvarandre på prøvar. På grunn av skulegang utanom fylket, endra arbeidssituasjon og sjukdom har styret jobba tyngre enn normalt dette året. RS-98 Arild Gjervik reiste då Inger var sjukmeldt. Avdelinga har framleis ikkje økonomi til å senda to personar. Avdelinga fekk fleirtal for tre av fire saker. Me fekk vekk kravet om forskjellige dommarar i konkurransen om årets brukshund og me fekk bevegelege jaktanleggsprøver og apportprøver. Me fekk ikkje bevegelege eller praktiske jaktprøver. Medlemsinfo Det er sendt ut 3 medlemsinfo i 1998. Jaktanleggsprøven 8 august Dommar Inger Handegård dømte 6 hundar. Arild Gjervik var dommaraspirant. 3 hundar bestod prøven. Early Aico og NVCH Zelini s Easy Rider bestod prøven for første gong. Apportprøven 9 august 2 hundar hadde tre startar. Inger dømte også her. Ein hund bestod prøven i åpen klasse. Utstilling 14 juni Utstillingen vårt vart eit mareritt. Ikkje hadde me premiar, ikkje hadde me rosettar og ikkje hadde me dommar. Transportstreika sette ein effektiv stoppar for det meste - i tillegg var det andre skjær i sjøen undervegs. På grunn av sporty innsats, det at me fekk flytta utstillingen ein dag, det at Svein Helgesen var villig til å dømma på kort varsel, Gunnar Andersen tok ringsekretærjobben på seg på sparken og det at Terje Løken og Monica og Jens Holthe stilte som drosjesjåførar - redda det heile. Totalt møtte berre 24 vaksne og 3 kvelpar - men berre det at me klarte å halda utstillinga får me sjå på som ein seier! På utstillingen vart det samla inn kr.900.- for å erstatta den knuste spegelen på bilden til fam. Holthe. Ein imponerande innsats av så få utstillarar. Dette betyr at lagånda lever sterkare enn nokon gong - noko som varmar å sjå! 1
Lydigheitskurs I samarbeid med Luster hundeklubb var det fire spaniels som var med på kurset i Gaupne vår. ein spaniel var med på LP kurset til Sogndal hundeklubb og fire spaniels går no på treningskveldane til denne klubben. Medlemstal: Ved utgangen av 1998 hadde me 66 hovudmedlemmer og 8 familiemedlemmer. Dette er ein auke på 4 + 1. Nye dommarar: Inger Handegård er no autorisert som jaktprøvedommar for spaniels Andreas Otterhjell er autorisert som dommar ettersøk Arild Gjervik har gått som aspirant på jaktanleggsprøver Ny utstillingschampion: NVCh NUCh Desperados Jivaro til Inger Handegård og Sjur Haugen Øvrige hunder med cert på utstilling i 1998 (antall cert i år i parantes): Urja s Ada Mia (1) Early Aico (1) Desperados Musca (2) Nye ettersøkshunder: Desperados Molly til Aslak Otterhjell Desperados Nira til Joar Øverdal Hazel-Bird s Dream Shot til Andreas Otterhjell NUCh Kahill s Early Spider Orchid til Arild Gjervik Zelini s Harley Davidson til Ragnar Hagen Zelini s Easy Rider til Torstein Solseth Nye viltsporchampions: NVCh Desperados Gussie til Linda og Olav Hermansen NVCh Zelini s Easy Rider til Ellen og Torstein Solseth Revidert regneskap vil verta lagt fram på årsmøtet. Øvrige hundar (ikkje NVCh) som har fått 1. premie på blodspor i 1998 (antall i p.): Desperados Molly (1) Desperados Nira (1) Hazel-Bird s Dream Shot (5) NUCh Kahill s Early Spider Orchid (2) Monte-Gora s Dannett (2) Zelini s Harley Davidson (1) Årets mestvinnande: NVCh Desperados Iza til Andreas og Torill Otterhjell kom på ein del 1. plass på landsbasis i konkurransen om årets sporhund - 97. Ho vart også nr. 2 på årets brukshund og ho vart kåra som mestvinnande i fylket - uansett grein. Av dei 14 beste sporhundane på landsbasis var 8 busett i vårt fylke. Picabo s White Meadow til Trude Tangenes Os vart nr. 2 på årets lydigheitsspaniel og 2. beste agilityspaniel. Ho og cockeren Nala til Ørjan Alme var tildelt avdelingens krus etter forteneste. Av dei 10 mestvinnande brukshundane hadde fylket 5. Ingen hundar frå fylket plasserte seg blant dei mestvinnande på utstilling - uansett rase og grein i 1997. Alle resultat nemnt i denne årsmeldinga, med unntak av Nala, er på rasen engelsk springer spaniel. Økonomi: I 1998 hadde me eit overskudd på kr. 954.- Avdelinga har no kr. 9.400.- på bank og ei rosettbehaldning til ca. kr. 2.000.- Jaktanleggsprøvedommaren har då ikkje teke ut si godtgjersle for -98 og styret har ikkje fått dekka sine reiseutgifter (kr. 3.282.-). Avdelinga har ubetalte premiar på ca kr. 2.170.- Inn: Tilskudd NSK kr. 1.500.- Loddsalg årsmøte kr. 1.955.- Jaktanlegg/apport kr. 977.- Renter kr. 88.- Ut: Reise RS kr. 741.- Årsmøte kr. 500.- Utstilling kr. 1.848.- Diverse kr. 477.- 2
Referat frå årsmøte i Norsk Spaniel Klub avd. Sogn og Fjordane 23. januar 1999 Møtet vart halde på HV-10 (Heimevernet) sine lokalar på Skei. møtet tok til kl. 12.00 og vart avslutta ca. kl. 17.30. 20 personar møtte fram. Saksliste: Val av møteleiar - Torstein Solseth Årsmelding og rekneskap - presentert av Inger Handegård og Marit Kvalvik. Årsmeldinga vart einstemmig godkjent med eit par mindre rettingar. Revidert regneskap vart lagt fram og godkjend. Val av : Styre - det nye styret for 1999 ser slik ut: Leiar: Inger Handegård Nestleiar: Nina Sandal Sekretær: Jane Nybø som også vart vald til brukshundkontakt Styremedlem: Liv Hagen Styremedlem: Thor Viggo Eldevik 1. vara: Trude Tangenes Os 2. vara: Torstein Solseth Kasserar og revisor: Marit Kvalvik og Reidun Gjøringbø Valkomitee: Ørjan Alme, Grethe Sandven og Arild Gjervik Representantar til representantskapet: Inger Handegård og Nina Sandal. Vara: Jane Nybø Innkomne saker: A: Nye statuttar for årets mestvinnande på utstilling og bruksprøver. Alle endringar i regler og statutter bør ikkje ha tilbakevirkande kraft. Praksis til no har vore at all informasjon om endringar og nye statuttar har vorte offentleggjort i Våre Spaniels nr. 3-98. Dette betyr at ein stor del av prøve- og utstillingssesongen er over før alle medlemmene får informasjon om gjeldande reglar. Det fører også til at enkelte får tak i endringane tidlegare enn andre. Einstemmig vedtak: Avdelinga legg på RS fram ynskje om at alle endringar som gjeld årets mestvinnande brukshund(ar) og utstillingshund(ar) vert gjeldande frå 1.januar året etter. Alle endringar skal offentleggjerast seinast i Våre Spaniels nr. 4 før endringen trer i kraft. B: Konkurransen om årets brukshund bør gå ut. Dei som kom med forslaget om ei oppdeling i årets sporhund, agilityspaniel, jaktspaniel og lydigheitspaniel trudde at desse fire nye greinene skulle erstatta konkurransen om årets brukshund. Resultatet vart at desse fire konkurransane kom i tillegg til dei nye fire konkurransane. For å kunna 3
kåra årets brukshund må dei fire ulike greinene vurderast opp mot kvarandre - noko som visar seg vera svært vanskeleg - om ikkje umogeleg. Einstemmig vedtak: Avdelinga legg på RS fram ynskje om at konkurransen om årets brukshund går ut frå og med 1. januar år 2000. C: Nye statuttar for årets sporhund. Dei aktive på sporsida har fått mange signal som gjeld poengutrekninga til årets sporhund. Ein del av desse signala går på å vurdera prestasjonane på spor opp mot prestasjonane på jakt, og i lydigheit og agility. Andre signal går på at det er svært viktig at berre ein, ikkje to (eller fleire) hundar, vert kåra til årets vinnar. I Våre Spaniels nr. 3-98 vart ein poengskala offentleggjort der det vert gitt bl.a. tilleggspoeng dersom hunden har plassert seg som prøvens 1.,2. eller 3. beste hund - dette til tross for at regelverket ikkje set krav til arrangørane om at dei må kåra dei tre beste på prøven. I praksis vil dette sei at ein får like mange poeng dersom ein vinn ein prøve med to deltakarar enn om ein vinn ein prøve med 30 deltakarar. Dette virkar ikkje rettferdig og det er uråd å bevisa at ein har plassert seg blant dei tre, beste då dette vanlegvis ikkje vert påført verken kritikk eller premieliste. På mange prøvar vert ikkje kåra prøvens beste hund, eller berre den beste (ikkje nr. 2 og 3) vert plukka ut. Ein av det fine med både spor-, jakt- og LP prøvar er at ein først og fremst konkurrerer mot seg sjølv - ikkje mot andre. Klubben kan gjennom slike statuttar oppnå at det hyggelege miljøet ein har på prøvane vert meire konkurranseprega og «hardt». Klubben må tåle at fleire hundar får fem topp premieringar på sporprøve i løpet av eit år og at bestemannspremien (ein diplom) må utdelast til meire enn ein vinnar. Etter det avdelinga kjenner til har dette skjedd berre ei einaste gong, og då tilfeldigvis det året årets sporhund vart utskilt som ei eiga grein. Dersom ein ynskjer å skilja meire mellom hundane bør dette gjerast på den einaste sporkonkurransen med pålagt rangering - NM. For å komma med på NM må hunden vera kvalifisert på forkant (minimum 3 x 1. premie på blodsporprøve og ein av desse må vera oppnådd året etter forrige NM). Dersom det er for mange kvalifiserte hundar slik at det ikkje er plass til alle på NM, vert dei beste av dei som har kvalifisert seg, plukka ut. Ved at fleire spaniels prøver å kvalifisera seg og komma med på NM, vil dette vera god PR for rasen og vera med på å heva nivået blant dei konkurrerande hundane på ein positiv måte. Einstemmig vedtak: Avdelinga legg på RS fram ynskje om at statuttane til årets sporhund vert endra og nye statuttar vert gjort gjeldande frå 1. januar år 2000. Tilleggspoeng for å verta nr. 1, 2 og 3 på ein vanleg prøve (ikkje NM) går ut. Tilleggspoenga for NM vert ståande slik dei står no. D: Regelverk for blodsporprøvar, fersksporprøvar og NM blodspor Til no har spanielklubben hatt liten innflytelse på arbeidet med regelverk for blodsporprøvar og NM. Dette til tross for at ein stor del av dei konkurrerande hundane ved både vanlege prøvar og NM er spaniels. For å få laga eit betre regelverk bør spanielklubben engasjere seg aktivt i dette arbeidet. Ikkje berre sitja på gjerdet å sjå kva andre raseklubbar gjer. Einstemmig vedtak: Avdelinga legg på RS fram ynskje om at det vert sett ned ei arbeidsgruppe som aktivt skal samarbeida med dei andre raseklubbane som arbeider med regelverket for blodspor, ferskspor og NM. Gruppa må vera samansett av aktive hundeførarar og dommarar som verkjeleg kjenner kvar skoen trykkjer, og gruppa må ha god geografisk spredning. Gruppa må høyra inn under brukshundkomiteen og ha eit godt og tett samarbeid med denne. E: Stambokført J ved jaktmeritter På NSK s representantmøte i mai 1996 la brukshundkomiteen fram forslag om at ein godkjent jaktanleggsprøve skulle få økt status ved at dei godkjende hundane fekk stambokført ein J i NKK s register. Saka vart utsett, og vart ikkje teke opp att på RS i 1998 og 1998. 4
For at ein norskeigd spaniel (med unntak av amerikansk cocker spaniel) skal kunna verta internasjonal utstillingschampion (INT U CH) må hunden i tillegg til 2 x CACIB i to forskjellige land, ha godkjent jaktanleggsprøve eller vera jaktpremiert. Ein måte å heva statusen til jaktanleggsprøvane som kan virka fornuftig for både utstillarar og prøvedeltakarar, er å gi hundar med godkjent jaktanleggsprøve og/eller premiering på jaktprøve ein stambokført J. Liknande vert gjort på andre rasar, ved vinnarutstillingar og i Sverige har dei LP I osv. dersom hunden har oppnådd 3 x 1. premie i ein klasse på lydigheitprøve. Jaktchampionatet heng høgt. Det er svært få spaniels som til no har oppnådd tittelen JCH - uansett land. Å markere på stamtavla at hunden er prøvd og dømt til å ha rasetypiske jakteigenskapar, skapar motivasjon både for den vanlege hundeeigaren slik at han startar hundensin på prøve og kan på denne måten virka positivt i avlsarbeidet. For å kunna velje ut dei hundane med mest rasetypiske brukseigenskapar, må flest mogeleg ha vore prøvd på jaktanleggsprøve eller jaktprøve. Som eit apropos kan ein stilla seg spørsmålet om det ikkje er like viktig at ein hund har rasetypiske brukseigenskapar som at den er HD-fri. Alle reknar det som sjølvsagt at HD-status vert stambokført... Einstemmig vedtak: Avdelinga legg på RS fram forslag til at Norsk Spaniel Klub ber NKK innføra at spaniels skal ha stambokført ein J dersom dei har godkjent jaktanleggsprøve eller er premiert på jaktprøve for spaniels. Denne J-en treng ikkje stå forran eller bak hundens navn, men må stå på stamtavla på lik linje med HD-resultat. Eksempel på J bak hundens navn: Cockspring s Lady (J) 5
F: Fleire utstillingar for spaniels på Nord-Vestlandet Sogn og Fjordane har no mest 70 medlemmer og i 1999 er det for fyrste gong 2 utstillingar der spaniels kan delta i fylket. Dette er klart ein forbetring. Men me ynskjer oss fleire utstillingar med kortare reiseavstand enn desse to. I nord ligg nabofylket Møre og Romsdal som har berre ein utstilling åpen for spaniels i 1999 - og det går rykter om at denne må avlysast av ukjent grunn. I sør ligg Hordaland med 7 utstillingar - 6 av desse konsentrert om Bergen, den 7. lenger sør i fylket. I aust ligg Oppland der det etter det me kan sjå ikkje vert arrangert ein einaste utstilling åpen for spaniels i -99. Dette betyr at mange av våre medlemmer må reisa svært langt for å delta på utstilling med sin hund. Einstemmig vedtak: Me ber Hovedstyret sjå nøye på den geografiske fordelingen når det gjeld utstillingar åpne for spaniels. Me ber dei merka seg mangelen på utstillingar i området Møre og Romsdal og Oppland - spesielt området rundt Lom - Otta - Vinstra - Ringebu som ligg nær mange av våre medlemmer i sommarhalvåret!!! (Ca. 1 mai til slutten av oktober). G: Statuttar til årets mestvinnande i Sogn og Fjordane Interimstyret vedtok eit poengsystem for å heilt uhøgtidleg kunna kåra mestvinnande hund i Sogn og Fjordane - uansett konkurransegrein. NSK sentralt har sine meire offisielle konkurransar. Meininga med vår lokale konkurranse er å både heidra dei som er svært dyktige, men ikkje minst vera ein oppmuntring for nye og meir uerfarne spanieleigarar som kanskje ikkje har deltatt på så mange og så store utstillingar/prøvar. Premien - til no ein krus til ein verdi av kr. 50.-! - vert gitt ut til fylgjande hundar: 1: Den hunden som samanlagt på tre utstillingar/prøvar har mest poeng uansett grein. 2: Alle hundar som for fyrste gong får 222 poeng eller meir får krus - uansett om dei er nummer ein eller ikkje. 3: To krus vert gitt ut «etter forteneste». Dette betyr at to hundar/eigarar som i løpet av året har gjort ein spesiell innsats ut i frå sine forutsetningar får krus. Eigarane må senda resultata på sin hund til styret ved utgangen av året (men det vert også brukt resultat som har stått på trykk i Våre Spaniels). Poengtabellen til Årest Brukshund sentralt danna i utgangspunktet basis for vår tabell. Denne poengtabellen har vore endra mange gonger etter den tid og er stadig til diskusjon. Det er vanskeleg å halda seg ajour då nye tabellar har vorte offentleggjort langt utpå konkurranseåret. Styret foreslår difor at vår uhøgtidlege konkurranse held fram med den tabellen som me alt har. Dersom det er ynskje om endringar må dette leggjast fram som sak til årsmøtet og endringar har aldri tilbakevirkande kraft. Einstammig vedtak: NSK avd. Sogn og Fjordane beheld sin opprinnelege poengtabell og statuttar ved utrekning av årets mestvinnande i fylket. Forslag til endringar av statuttane må leggjast fram på årsmøtet og eventuelle endringar har ikkje tilbakevirkande kraft. Eksisterande statuttar vert sendt alle medlemmene i fylket samstundes som styret sender anna informasjon til medlemmene. 6