KSL-STANDARD Versjon 10, oktober 2014 nynorsk SJEKKLISTE FOR EIGENREVISJON 1 - Generelle krav til garden Namn: Adresse: Org.nr.: Produsentnr.: Dato for utført eigenrevisjon: Underskrift: KSL EIGENREVISJON: Forutan 1 Generelle krav til garden (denne sjekklista), omfattar revisjonen følgjande produksjonar knytta til drifta (kryss av): 2 HMS 7 Mjølk 12 Hest 3 Grovfôr, korn, oljefrø, erter og frødyrking 8 Svin 4 Poteter 9 Fjørfe 5 Grønsaker, frukt, bær, planteskule, blomstrar og veksthus 10 Honning 6 Drøvtyggarar 11 Inn på tunet 1.0 MÅL OG ORGANISERING Ja Nei Ikkje 1.0.1 Er det sett eigne mål for HMS, og mål for produksjonen på garden? 1.1 OVERSIKT OVER DOKUMENTASJONEN 1.1.1 Er det oversikt over dokumentasjonen som KSL-systemet krev? 1.2 REVISJON OG AVVIK 1.2.1 Er avvik påvist ved førre eigenrevisjon eller ved KSL-revisjon, lukka innan tidsfristen? 1.2.2 Blir dei utfylte KSL-sjekklistene for eigenrevisjon lagra (elektronisk eller på papir)? 1.2.3 Blir offentlege tilsynsrapportar oppbevarte? Tiltaksplan skal fyllast ut ved manglar. Denne finn du lenger bak.
Ja Nei Ikkje 1.3 SPORING AV DRIFTSMIDDEL OG PRODUKT 1.3.1 Er det etablert rutinar som gjer det mogleg å spore eitt ledd fram og eitt ledd tilbake ved innkjøp av driftsmiddel og sal av produkt? 1.4 GJØDSLING OG JORDFORBETRING 1.4.1 Har føretaket gyldig gjødslingsplan for det inneverande året? 1.4.2 Blir gjødslingsplanen brukt aktivt, og noterer ein ned dei faktiske gjødselmengdene som blir tilpassa sesongvariasjonane? 1.4.3 Er husdyrgjødsla berre spreidd på dyrka jord, eller innmarksbeite som kommunen har godkjent som spreieareal? 1.4.4 Er husdyrgjødsla som er spreidd på eng utan nedmolding eller nedfelling, spreidd før 1. september? 1.4.5 Er husdyrgjødsla som er spreidd på open åker, molda ned snarast mogleg og innan 18 timar etter spreiinga? 1.4.6 Er husdyrgjødsla spreidd i perioden 16. februar til 1. november, og berre på snø- og frostfri mark? 1.4.7 Dersom føretaket har motteke og brukt kompost eller andre gjødselvarer basert på organisk avfall: Er bruksavgrensingane følgde og bruken dokumentert? 1.4.8 Dersom det er brukt avløpsslam på føretaket: Er det sendt melding til kommunen om bruk av slammet? 1.4.9 Dersom det er brukt avløpsslam på føretaket: Er bruksavgrensingane følgde og bruken av slammet dokumentert? 1.5 HANDTERING OG BRUK AV PLANTEVERNMIDDEL 1.5.1 Dersom det blir brukt plantevernmiddel på føretaket: Er plantevernmidla brukte av personell med gyldig autorisasjonsbevis? 1.5.2 Dersom det blir brukt plantevernmiddel på føretaket: Er plantevernmidla brukte i samsvar med godkjend etikett? 1.5.3 Er sprøyting og reingjering av spreieutstyret utført på ein slik måte at det ikkje er fare for forureining av vatn og vassdrag? 1.5.4 Er det ført plantevernjournal for bruk av plantevernmidla, med opplysningar om aktuelle skadegjerarar, preparat, dosering og tidspunkt for behandling for aktuelle skifte og kulturar? 1.5.5 Er spreieutstyret funksjonstesta på dei siste fem åra? 1.5.6 Blir behandlingsfristen halden ved bruk av plantevernmiddel, og er dato for innhausting notert? 1.6 LAGRING AV DRIFTSMIDDEL, PUNKTUTSLEPP OG AVFALLSHANDTERING 1.6.1 Blir innkjøpt mineralgjødsel lagra og halden under tilsyn slik at kvalitet og tryggleik er sikra? 1.6.2 Dersom det blir lagra husdyrgjødsel på føretaket: Er det utført eigenkontroll av gjødsellageret? 1.6.3 Dersom det blir lagra husdyrgjødsel på føretaket: Er det så stor kapasitet at gjødsla kan bli lagra fram til spreiing i den tillatte perioden?
Ja Nei Ikkje 1.6.4 Dersom det blir lagra husdyrgjødsel på bakken: Er gjødsla skjerma mot overflatevatn? 1.6.5 Er gjødsla frå luftegardar, utandørs talle og pelsdyrhald samla opp slik at det ikkje er fare for forureining? 1.6.6 Dersom siloanlegg for surfôr er i bruk på føretaket: Er siloanlegget fritt for synlege lekkasjar? 1.6.7 Dersom det blir lagra rundballar eller brukt utesilo på føretaket: Er rundballane og utesiloane plasserte slik at det ikkje er fare for forureining av vatn og vassdrag? 1.6.8 Dersom det er olje- eller dieseltankar i bruk på føretaket: Er desse kontrollerte og fri for lekkasjar? 1.6.9 Er det farlege avfallet levert til godkjent mottak? 1.6.10 Er anna produksjonsavfall levert til godkjent mottak? 1.6.11 Er det organiske avfallet teke vare på slik at det ikkje er fare for forureining av vatn og vassdrag? 1.6.12 Blir det brukt landbruksfolie og annan emballasje berre frå leverandørar som er medlemmer i Grønt Punkt Norge AS? (Dette kan sjekkast i faktura frå emballasjeleverandørar. Medlemmer har ført på miljøgebyr.) 1.7 HYDROTEKNISKE ANLEGG 1.7.1 Er det ført tilsyn med grøfter, kummar, utløp og andre hydrotekniske anlegg? 1.8 KULTURMINNE, KULTURLANDSKAP OG BIOLOGISK MANGFALD, OG REGIONALE OG LOKALE MILJØBEFØRESEGNER 1.8.1 Er kulturminne og andre verdifulle kulturlandskapselement merkte av på siftekartet for garden? 1.8.2 Er det ei vegetasjonssone (gras, tre e.l.) på minst to meter mot vatn og vassdrag, der det ikkje blir jordarbeidd eller brukt plantevernmiddel? 1.8.3 Er kulturminne, kulturlandskap og biologisk mangfald røkta/sikra det siste året, og er eventuelle skjøtselsendringar gjorde i dialog med kommunen: - vassdrag ikkje kanaliserte eller lukka - opne grøfter ikkje lukka - skogsbryn, kantsoner eller andre restareal mot innmark ikkje dyrka opp - åkerholmar, steingjerde eller gamle rydningsrøyser ikkje fjerna - jordbruksareal ikkje planerte - ferdselsårer ikkje dyrka opp eller fjerna - kantvegetasjon eller åkerholmar ikkje sprøytte med plantevernmiddel, med mindre det er ledd i ein skjøtselsplan 1.8.4 Dersom det finst automatisk freda eller vedtaksfreda kulturminne på føretaket: Er dei freda kulturminna med tilhøyrande sikringssone tekne vare på? 1.8.5 Dersom det i løpet av det siste året har vore gjennomført bakkeplanering, nydyrking eller bygging av landbruksveg på føretaket: Er tiltak gjennomførte i samsvar med plan godkjend av kommunen? 1.8.6 Dersom fylkesmannen har gitt føresegner om jordarbeidingsrutinar eller liknande tiltak i område med erosjonsfare: Blir desse føresegnene følgde? 1.8.7 Dersom kommunen har gitt særskilde miljøføresegner: Blir miljøføresegner som har verknader for drifta, følgde?
Ja Nei Ikkje 1.9 MELDEPLIKTIG UGRAS OG PLANTESKADEGJERARAR 1.9.1 Krav om meldeplikt Er du kjend med kravet om at ein skal melde frå til Mattilsynet dersom det blir påvist eller ved mistanke om at det finst meldepliktig ugras eller planteskadegjerarar på all jord (eiga og leigd) som blir nytta i produksjonen? 1.9.2 Krav om opplysningsplikt Er du merksam på kravet om at du skal informere om alle kjende førekomstar av meldepliktig ugras og planteskadegjerarar overfor samarbeidspartnarar og andre brukarar av jordvegen og ved overdraging? 1.9.3 Er det rutinar for å nedkjempe/utrydde og hindre spreiing av meldepliktig ugras og planteskadegjerarar? 1.9.4 Er kjende førekomstar av meldepliktig ugras og planteskadegjerarar dokumenterte på skiftekart og/eller ved koordinatfastsetjing? 1.9.5 Er vedtaksbrev og analyseresultat som gjeld meldepliktig ugras og planteskadegjerarar, arkiverte? 1.10 SMITTEFØREBYGGING VED IMPORT AV BRUKT UTSTYR 1.10.1 Har du forsikra deg om at brukt utstyr som er importert frå andre land er reingjort og eventuelt desinfisert før det blei sendt til Noreg, og at dette er gjenteke etter framkomst i Noreg? 1.11 SKADEGJERARE I HUSDYRROM, LAGER, SORTERINGS- OG FOREDLINGSROM 1.11.1 Blir det gjennomført førebyggjande tiltak mot og nedkjemping av skadedyr? 1.11.2 Er observerte førekomstar av skadedyr som kan ha negativ innverknad på mattryggleiken, dokumentert? 1.11.3 Er det dokumentert kva slags åtemiddel som blir nytta til nedkjemping av skadegjerarar, og kvar åtemidla er plasserte? 1.12 HELSE OG HYGIENE 1.12.1 Har verksemda rutinar for å melde frå til Mattilsynet og råvarekjøpar (varemottakar) ved mistanke om helseskadelege næringsmiddel, og har verksemda rutinar for eventuell tilbakekalling av produkt? 1.13 REKLAMASJONAR 1.13.1 Blir kvalitetsavvik dokumentert og arkivert?
Tiltaksplan KRAV NR. FORBETRINGAR/TILTAK ETTER EIGENREVISJON Frist dato Utført dato
Slik skal eigenrevisjon utførast: EIGENREVISJON Eigenrevisjonskal gjerast ein gong i året. Du avgjer sjølv når på året det skal skje. Enkelte råvarekjøparar innanfor frukt og grønt ønskjer at eigenrevisjonen skal gjennomførast i vekstsesongen. Enklast gjer ein eigenrevisjonen ved å logge seg på via Logg inn KSL på www.matmerk.no. Her er rettleiar, lovverk og tiltaksplan direkte knytte til sjekklista. 1. Gå gjennom dei aktuelle sjekklistene; 1 Generelle krav til garden og ei for kvar av produksjonane du har. 2. I dei fleste tilfelle vil ein eigenrevisjon avdekke avvik, og dei skal førast opp i tiltaksplanen med fornuftige fristar for gjennomføring. TILBAKEMELDING OM UTFØRT EIGENREVISJON Gjennomført eigenrevisjon skal meldast tilbake til Matmerk. Bruk www.matmerk.no (pålogging Logg inn KSL ), eller tilbakemeldingsskjema. Informasjon om KSL-status for garden er tilgjengeleg for råvarekjøparar, Mattilsynet og KSL-revisorane. Utfylt Sjekkliste for egenrevisjon skal vere tilgjengeleg på garden, enten elektronisk via KSLs bondenett (www.matmerk.no) eller på utfylt skjema. MATMERK Besøksadresse: Tollbugt. 32 Postboks 487 Sentrum 0105 Oslo Telefon: 24 14 83 00 e-post: post@matmerk.no www.matmerk.no