MØTEINNKALLING Utval: Valstyret Møtedato: 31.03.2016 Møtestad: Ingebrigt Davik-huset, 2. etg Møtetid: Kl. 12:45 Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melde frå så snart råd er, tlf. 70 20 75 32 (00), slik at varamedlem kan bli innkalla. Varamedlemmer møter etter nærare innkalling. Dokument som ikkje er utsendt, kan du få kopi av på rådhuset. Dokument som ikkje er offentlege, vil bli utleverte i møtet. Dersom medlemmene på førehand ønskjer å gjere seg kjent med innhaldet i desse dokumenta, er dei tilgjengelege på rådhuset. Haram kommune 17.03.16 Vebjørn Krogsæter Ordførar Elin Moen Sekretær
Sakliste Sak nr. Sakstittel Gradering 001/16 Kommunereform - folkerøysting i Haram. Røystelokale og røystetider 002/16 Kommunereform - folkerøysting i Haram. Organisering og delegasjon 003/16 Kommunereform - folkerøysting i Haram. Val av røystestyre 004/16 Kommunereform - folkerøysting i Haram. Utlegging av manntal til offentleg gjennomsyn
HARAM KOMMUNE Sakspapir Utval: Møtedato: Saksnr.: Valstyret 31.03.2016 001/16 Saksbehandlar: Arkiv: FE - 016 ArkivsakID: 16/165-16/2037 Kommunereform - folkerøysting i Haram. Røystelokale og røystetider Framlegg frå Rådmannen: Valstyret vedtek at den ordinære røystegjevinga under folkerøystinga 19.05.16 vert å halde i desse røystelokale i dei seks røystekrinsane i kommunen: 1. Fjørtoft skule for veljarane i Fjørtoft krins 2. Haramsøy skule for veljarane i Haramsøy/Longva krins 3. Lepsøy skule for veljarane i Lepsøy krins 4. Ingebrigt Davik-huset for veljarane i Brattvåg/Helland/Hildre krins 5. Eidet kulturhall for veljarane i Vatne/Tennfjord/Vestrefjord krins 6. Søvik skule for veljarane i Søvik/Grytastranda krins Røystetida skal vere frå kl.12.00 til kl. 20.00 med unntak av Fjørtoft krins der røystetida vert frå kl. 15.00 20.00. Saksutgreiing: Kommunestyret vedtok i møte 18.09.14, k.sak 48/14 å endre talet på røystekrinsar frå 12 til 6. Vi har no følgjande seks krinsar: Fjørtoft krins, Haramsøy/Longva krins, Lepsøy krins, Brattvåg/Helland/Hildre krins, Vatne/Tennfjord/Vestrefjord krins og Søvik/Grytestranda krins. Etter vallova bestemmer valstyret kvar røystegjevinga skal gå føre seg og fastsett tida for røystegjevinga. Røystelokala det vert gjort framlegg om å nytte er dei same lokala som tidlegare. Det har kome nokre tilbakemeldingar frå Longva om at det burde vere vallokale annakvar gong på Haramsøy og Longva. På Haramsøy er det samfunnshuset lokalisert på skulen som vart nytta under kommunevalet hausten 2015. Vurdering:
Kommunen følgjer eigne reglar når det gjeld rådgjevande folkerøysting. Det vert imidlertid tilrådd at ein legg seg nært det innbyggjarane er kjent med frå dei ordinære vala, og at vallova vert følgt så langt det er føremålstenligt. Det vert tilrådd at ein nyttar dei same vallokala som ved kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015. Alle vallokala skal vere tilgjengelege slik at alle veljarane kan ta seg inn utan å måtte be om hjelp. Etter vallova må røystegjevinga måndag ikkje gå føre seg seinare enn kl. 21.00. Haram har ved tidlegare val halde vallokala opne til kl. 20.00. Når det gjeld opningstid har dette vore kl. 10.00 20.00, med unntak av Fjørtoft som sist val hadde opningstid frå kl. 15.00 20.00. Ved folkerøystinga 19. mai er det eit spørsmål om behovet for å opne vallokala kl. 10.00. Vanlegvis er det få veljarar som møter dei første timane, og det vert derfor tilrådd at vallokala skal opne kl. 12.00 under folkerøystinga. Rådmann seksjonsansvarleg
HARAM KOMMUNE Sakspapir Utval: Møtedato: Saksnr.: Valstyret 31.03.2016 002/16 Saksbehandlar: Arkiv: FE - 016 ArkivsakID: 16/165-16/2106 Kommunereform - folkerøysting i Haram. Organisering og delegasjon Framlegg frå Rådmannen: Valstyret vedtek at den førebelse oppteljinga av valtingsrøystene i samband med den rådgjevande folkerøystinga 19.mai 2016 skal skje ute på røystestadane. Kontrollteljinga skal skje på kommunehuset i Brattvåg under leiing av valstyret. Haram valstyre vedtek med heimel i kommunelova sin 10 nr. 4 å delegere til leiar og sekretær for valstyret å ta avgjerd i saker i samband med folkerøystinga dersom saka ikkje er av prinsipiell karakter. Saksutgreiing: Etter vallova har valstyret ansvaret for oppteljinga. Valstyret avgjer korleis oppteljinga skal skje, om ein skal ha førebels oppteljing av valtingsrøystene ute på røystestadane, om røystene skal flyttast til ein annan røystestad for oppteljing, eller sentral oppteljing under leiing av valstyret. Det er berre førebels oppteljing som kan vere krinsvis, kontrollteljinga skal skje sentralt under leiing av valstyret. Kommunen har tidlegare hatt sentral oppteljing av røystene, men ved stortingsvalet 2009, kommunestyrevalet 2011 og stortingsvalet 2013 valde kommunen å la den førebelse oppteljinga skje ute i krinsane. Ein føresetnad for krinsvis oppteljing er at det minst 100 manntalsførte i krinsen. I Haram vil det seie at alle krinsane kan ha den førebelse oppteljinga. Fjørtoft krins er krinsen med færrast manntalsførte. Dei ligg mest truleg over kravet som er sett, men dersom valstyret likevel meiner dei skal bringe urna for oppteljing saman med ein større krins, vert det tilrådd at dette blir saman med Brattvåg/Helland/Hildre krins. Dersom to krinsar tel saman er det svært viktig at hovedkrinsen gjer ferdig sitt rekneskap (tal kryss i manntalet og oppteljing av tal røystesetlar i urna) før ein blandar setlane med setlane frå den andre krinsen og fordelar setlane. Tal manntalsførte pr. krins var ved kommunevalet 2015: Uoppgitt/busette i utlandet 24
Fjørtoft: 126 Haramsøy/Longva 839 Lepsøy 273 Brattvåg/Helland/Hildre 2504 Vatne/Tennfjord/Vestrefjord 1963 Søvik/Grytastranda 1268 Vurdering: Det vert tilrådd at valstyret vedtek krinsvis teljing ute på røystestadane slik som ved dei ordinære vala. Erfaringane frå vala har vore gode. Det har vore særs lite feil i tala som har kome frå røystestyra. Ved folkerøystinga vert det ikkje noko maskinell teljing, slik at ein må ha folk på kommunehuset etter at røystesetlane kjem inn frå røystestyra. Det skal då skje ei manuell kontrollteljing av resultata frå krinsane. Tidlegare har valstyret, nokre frå røystestyra og kommunalt tilsette delteke i arbeidet med kontrollteljing. For å sikre effektivt valarbeid vert det tilrådd at valstyret delegerer til leiar og sekretær å ta avgjerd i saker av ikkje prinsipiell karakter. Det er ikkje mogleg å gi eksakt svar på kva saker som reknast for saker av ikkje prinsipiell karakter, men dette vil vere enkle saker som er av meir eller mindre reint praktisk art, som t.d arbeid med manntal, trykking av røystesetlar, prøving og godkjenning av kurante førehandsrøyster m.m. Det vil ikkje gjelde saker av meir prinsipiell karakter som t.d forkasting av røystegjevingar etc. Når det gjeld prøving og godkjenning av kurante førehandsrøyster kan ikkje valstyret overlate til leiaren å utføre denne oppgåva åleine. Leiaren må gjere det saman med valstyresekretæren eller ein annan valmedarbeidar. Det følgjer av regelen i valforskrifta 35 som seier at det skal vere to personar til stades ved opning av røyster. Rådmann seksjonsansvarleg
HARAM KOMMUNE Sakspapir Utval: Møtedato: Saksnr.: Valstyret 31.03.2016 003/16 Saksbehandlar: Arkiv: FE - 016 ArkivsakID: 16/165-16/2040 Kommunereform - folkerøysting i Haram. Val av røystestyre Framlegg frå Rådmannen: Til røystestyre i dei ulike krinsane vert valde: Fjørtoft krins: Haramsøy/Longva krins: 1. Gudmund Fjørtoft - leiar 1. Lars Ulla leiar 2. Svein Nilsen - nestleiar 2. Torhild R. Haram nestleiar 3. Astrid M. Fjørtoft 3... 1. Jonny Sylte varamedlem 2. Jens Aksnes varamedlem 3. - varamedlem Lepsøy krins: Brattvåg/Helland/Hildre krins: 1 - leiar 1. Reidar Ervik- leiar 2. Magne Kjerstad - nestleiar 2. Lisbeth Otterlei nestleiar 3. Evy Sæth Davik 3 1. Jostein Gunnar Farstad - varamedlem 1. Gabriel Ølstørn varamedlem 2. - varamedlem 2. Frank Mehring varamedlem 3.. varamedlem 3. Gunhild Bjørkhaug - varamedlem Vatne/Tennfjord/Vestrefjord krins: 1.Randulf Bakken- leiar 2.Sigrid Eidsvik - nestleiar 3.Noralf Aarnes 1.Kåre Vatneødegård - varamedlem 2.Bente Åkre Rogne - varamedlem 3.Oddmar Hauge - varamedlem Søvik/Grytestranda krins: 1.Jan Ove Hurlen leiar 2.Reidun Søvik - nestleiar 3.Ingunn Gamlemshaug 1... - varamedlem 2.Britt Stokke varamedlem 3.Nina E. Aarseth varamedlem Leiaren i valstyret vert gitt fullmakt til å oppnemne nye medlemmer/varamedlemmer ved ev. søknadar om fritak, sjukdom el.l. Leiaren i valstyret vert også gitt fullmakt til ved behov å oppnemne ytterlegare røystemottakarar som kan hjelpe til med valavviklinga i krinsane utover dei som er valde til røystestyra.
Saksutgreiing: Ved kommunestyre- og fylkestingvalet 2015 vart følgjande oppnemnde: Fjørtoft krins: Gudmund Fjørtoft - leiar Svein Nilsen - nestleiar Astrid M. Fjørtoft Haramsøy/Longva krins: Lars Ulla leiar Torhild R. Haram nestleiar Frøydis Otterlei Jonny Sylte varamedlem Jens Aksnes varamedlem Lepsøy krins: Brattvåg/Helland/Hildre krins: Magnar Rønstad - leiar Reidar Ervik- leiar Magne Kjerstad - nestleiar Lisbeth Otterlei nestleiar Evy Sæth Davik Harald Hjelle Hildre Jostein Gunnar Farstad - varamedlem Gabriel Ølstørn varamedlem Inger Lausund - varamedlem Frank Mehring varamedlem Gunhild Bjørkhaug - varamedlem Vatne/Tennfjord/Vestrefjord krins: Randulf Bakken- leiar Sigrid Eidsvik - nestleiar Noralf Aarnes Kåre Vatneødegård - varamedlem Bente Åkre Rogne - varamedlem Oddmar Hauge - varamedlem Søvik/Grytestranda krins: Jan Ove Hurlen leiar Reidun Søvik - nestleiar Ingunn Gamlemshaug Ottar Ketil Fiskergård - varamedlem Britt Stokke varamedlem Nina E. Aarseth varamedlem I tillegg var følgjande røystemottakarar og personar for å hjelpe til med oppteljinga oppnemnde av leiaren av valstyret: Fjørtoft krins: Ragnhild Nordang, Marit Sæter Lepsøy krins: Einar Bakke, Vigdis Opsahl Farstad Haramsøy/Longva krins: Elias Rogne, May Britt Flem, Guttorm Ulla Brattvåg/Helland/Hildre krins: Inger Synnøve Remme, Ingrid Hurlen, Magne Lundemo, Ann Kristin Klokk, Olaug Amdam, Jorunn W. Doran, Linda Hellandsvik Vatne/Tennfjord/Vestrefjord krins: Arne Kåre Nossen, Anita Hofseth, Torstein Slyngstadli, Bernt D. Anderssen, Anita Øren, Marit Gaustad. Søvik/Grytestranda krins: Torhild Langnes Grytten, Bente Fjørtoft Klokk, Magni Vegsund, Greta Søvik Etter reglane i vallova 4-2 skal det, dersom røystegjevinga skjer på fleire stader i kommunen, veljast eit røystestyre med minst tre medlemmer til å administrere røystegjeinga på kvar stad. Kommunestyret kan delegere oppnemninga av røystestyre til valstyret, og dette er gjort i Haram. Alle som har fungert i røystestyra og vore oppnemnde som røystemottakarar ved sist val har blitt tilskriven og blitt oppmoda om å gi tilbakemelding dersom dei veit dei ikkje har høve til å delta på valdagen 19. mai, eller ikkje ønskjer å bli oppnemnde av andre grunnar. Desse har bedt om fritak:
Fjørtoft krins: Marit Sæter Lepsøy krins: Magnar Rønstad, Inger Lausund Haramsøy/Longva krins: Frøydis Otterlei, Brattvåg/Helland/Hildre krins: Harald Hjelle Vatne/Tennfjord/Vestrefjord krins: Anita Øren Søvik/Grytestranda krins: Ottar Ketil Fiskergård, Britt Skjelten Stokke Vurdering: Ved folkerøystinga 19. mai er det usikkert kor mange røystemottakarar det vil bli behov for. Mest truleg vil det ikkje bli behov for like mange som ved kommune- og fylkestingsvalet. Kommunen er ikkje pålagt å følgje vallova sine reglar om at listekandidatar ikkje kan oppnemnast som røystemottakarar, men det kan vere ein fordel å nytte så mange som mogleg av dei som var oppnemnde ved kommunestyrevalet i september 2015 pga kontinuitet og erfaring. Det vert tilrådd følgjande: Valstyret vel eit røystestyre på tre medlemmer med ein leiar og ein nestleiar og tre varamedlemmer ved kvar røystestad som har ansvaret for valavviklinga i røystekrinsen. Røystestyret sit med det formelle ansvaret, og dei som blir valde må ta ansvar for heile prosessen, frå planlegging til avslutta opptelling på kvelden. Røystestyret skal også underskrive møtebok der resultatet vert innført, ringe inn resultatet og frakte urne med røystesetlane til kommunehuset. Når røystestyra er på plass vert det tilrådd at leiaren i valstyret i tillegg kan oppnemne det tal valfunksjonærar eller røystemottakarar som det vil bli behov for i dei ulike røystekrinsane. Denne oppnemninga må skje i samråd med leiaren for kvart røystestyre. Dei som blir oppnemnde som røystemottakrarar deltek ute på røystestaden i det omfang leiaren for røystestyret bestemmer. Desse kan vere med heile dagen, eller dei kan t.d vere med på tidspunkt når det er mest behov f.eks frå kl. 15.00 og til opptellinga er avslutta om kvelden. Det vert også lagt opp til at leiaren i valstyret får fullmakt til å oppnemne nye medlemmer og varamedlemmer til røystestyra ved sjukdom, søknadar om fritak etc. Det er lagt opp til at dei som deltek i røystestyret eller som røystemottakar skal godtgjerast for arbeidet i tråd med vedtak gjort i 2015. Rådmann seksjonsansvarleg
HARAM KOMMUNE Sakspapir Utval: Møtedato: Saksnr.: Valstyret 31.03.2016 004/16 Saksbehandlar: Arkiv: FE - 016 ArkivsakID: 16/165-16/2233 Kommunereform - folkerøysting i Haram. Utlegging av manntal til offentleg gjennomsyn Framlegg frå Rådmannen: Utkast til manntal i samband med rådgjevande folkerøysting 19. mai 2016 vert å leggje ut til offentleg gjennomsyn på kommunehuset i Brattvåg, servicetorget så snart det ligg føre, og fram til og med valdagen. Manntalet kan oppdaterast så lenge det er praktisk mogleg. Saksutgreiing: Vallova regulerer ikkje folkerøystingar, men det er likevel føremåstenleg å ta utgangspunkt i vallova i samband med organisering og gjennomføring. Etter vallova sin 2-6 skal valstyret leggje manntalet ut til offentleg ettersyn så snart det let seg gjere. Manntalet skal ligge ute til og med valdagen. Valstyret skal kunngjere tid og stad for utlegginga og opplyse om høve til og framgangsmåte for å krevje feil retta. Manntalet skal ligge ute til og med valdagen, og manntalet kan oppdaterast så lenge det er praktisk mogleg. Vurdering: Skjæringsdato for manntalet i samband med folkerøystinga er 29. februar, og det vert lagt opp til å legge ut manntalet så snart kommunen får det i hende. Utlegginga vil bli kunngjort på kommunen si heimeside og i lokalpressa. Rådmann seksjonsansvarleg