ÅRSMELDING SOGN OG FJORDANE SKOGEIGARLAG SA

Like dokumenter
ÅRSMELDING SOGN OG FJORDANE SKOGEIGARLAG SA

Skog og verdiskaping i Sogn og Fjordane. Ingunn Kjelstad, dagleg leiar

DIS- Sogn og Fjordane

Skogsvegar på Vestlandet -no eller aldri? Kjetil André Rødland Vestskog

Fordeling av hovudansvar for utvala mellom tilsette i sekretariatet

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Kommunestruktur i Sogn og Fjordane Fylkesmannen si tilråding

Huset i Bygda. Ein kulturarena der du bur «Hus som skaper landet» Ungdomshuskonferansen, Oslo

Eid kontrollutval SEKOM-sekretariat

Produksjon av oppdrettsfisk i Hordaland og Sogn og Fjordane

Dialogmøte med kommunane i Sunnfjord

Vestskog. Kven er me og kva jobbar ein med i skogbruket? Dagleg leiar Kjetil André Rødland Hotell Alexandra,

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 31/10 10/596 PROTOKOLL: SØKNAD OM KUTURMIDLAR - BALESTRAND FOLKEAKADEMI

Dialogmøte med kommunane i Hafs

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS

Saksnr.: 036/08-048/08. Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Nils P. Støyva Gunn Helgesen Bjørn Lødemel

Lokale transporttilbod for ungdom (LTU) 2010 Invitasjon til å søke om prosjektmidlar

Regulering av laksefiske i vassdrag og sjø i Sogn og Fjordane 2011 Innspel til Direktoratet for naturforvaltning

Kontrollutvalet SEKOM-sekretariat

Saman for framtida (Ref # )

Ny GIV. (= gjennomføring i vidaregåande skule)

SEKOM-sekretariat Arbeidsplan Styret si handsaming: Dato: Saksnummer: 12/17 Referanse: 17/1228

Dialogmøte Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Arne Abrahamsen Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 10/881 VURDERING AV INTERKOMMUNALT SAMARBEID OM BARNEVERN

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS

Postboks SOGNDAL - Tlf: MØTEPROTOKOLL

VEDTEKT av februar 2007

SEKOM-sekretariat Arbeidsplan Styret si handsaming Dato: Saksnummer: 12/18 Referanse: 18/1377

Dialogmøte med kommunane i Nordfjord

Saman for framtida (Ref # )

Historikk. Sogn og Fjordane Ungdomslag (SOFUL) Ca 45 SOFUL-lag 30 av desse eig bygg

12/100 SPESIALTRANSPORT

Rapport om bruk av vikarar i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule

ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING 24. driftsår

Status og utfordringar i den kommunale hjorteviltforvaltninga i Hordaland

Avtale mellom.kommune og Flora kommune

INNKALLING TIL ANDELSEIGAR /ÅRSMØTE I SKOGEIGARLAGET

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS

Vegliste Mai S ogn og Fjo rd ane. w w w.ve gve s e n.no/ve gl is ter. Foto: Knut Opeide

Dialogmøte. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Dialogmøte med kommunane i Sogn

Møteprotokoll for møte i

Dialogmøte i regionane

Vegliste /65 MOBILKRAN M.M. Fylkes- og kommunale vegar Oktober Sogn og Fjordane. Foto: Steinar Svensbakken

12/100 SPESIALTRANSPORT

Kva har desse tre med integrering å gjere? Paris 1919

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

SEKOM-sekretariat Årsmelding 2018

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 18/08 08/60 KOMMUNAL GARANTI FOR LÅN - SØRE ØYANE NATURBARNEHAGE

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Sognekraft, Vik Møtedato: Tid: 09:30-13:45. A.

17/14 ÅRSREKNESKAPEN 2013 ASKVOLL KOMMUNE. Utval Dato Saksnr. Vedtaksorgan

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Lærdal rådhus Møtedato: Tid: 09:00-15:20

S. og Fj. Skiskyttarkrins har gode resultat både nasjonalt og internasjonalt der utøverane viser gode resultat.

SEKOM-sekretariat Arbeidsplan 2017 og 2018

Vedrørande val av utsendingar til KS sitt Fylkesmøte, KS Landsting og val av medlemmar til KS Sogn og Fjordane sitt fylkesstyre.

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Dialogmøte Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Frå flyktning til arbeidstakar meir arbeid og betre norsk i introduksjonsprogrammet

GLOPPEN KOMMUNE TEKNISK/LANDBRUK

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Kommune BARNEBØKER Tilvekst Avgang Totalbestand - barnebøker Fag Skjønn Totalt Fag Skjønn Totalt Fag Skjønn Totalt Askvoll

Kontrollutvalet. Målet i dag

Fylkesdirektøren for næring rår hovudutval for plan og næring til å gjere slikt vedtak:

Vegliste April S ogn og Fjo rd ane. w w w.ve gve s e n.no/ve gl is ter. Foto: Knut Opeide

FJORDVARMENYTT. Kjære kundar! Her kjem juleavisa vår! Informasjon om drifta av fjordvarmeanlegget. Statistikk og økonomi:

Regional transportplan for Sogn og Fjordane Høyring av framlegg til planprogram

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 14/ Interkommunalt samarbeid om skogbrukskompetanse i Sogn - Sogndal kommune

Vika skogsveg i Åkra, bygd i 1999 Foto: Anbjørn Høivik. Hovedplan skogsveier Kvinnherad kommune

REKNESKAPSÅRET Rådet si årsmelding Alden hamneområde er eit samarbeidsprosjekt mellom kyst- og fjordkommunar

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

Dialogmøte Hafs. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

ÅRSMELDING 2012 \ BJØRKEDAL KYSTLAG

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Vestlandet ein stor matprodusent

Dialogmøte. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Kommune BARNEBØKER BØKER, VAKSNE Bestand Tilvekst Bestand Fag Skjønn Totalt Fag Skjønn Totalt Fag Skjønn Totalt Askvoll

Kommune BARNEBØKER BØKER, VAKSNE Bestand Tilvekst Bestand Fag Skjønn Totalt Fag Skjønn Totalt Fag Skjønn Totalt Askvoll

Møteprotokoll Styremøte Lærdal Næringsutvikling AS

Stadlandet 15. februar 2018 (Kontrollutvala i Eid og Selje hadde fellesmøte) Kommunesamanslåing. Dagleg leiar Arnar Helgheim, SEKOM-sekretariat

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Samhandlingsreforma i Sogn

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane

Kontoret har ope måndag fredag frå , og det blir fortsatt drift i 2018.

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

Rådgjevarkonferansen 2014 Gjennomføring i vidaregåande opplæring.

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Innkalling til idrettskrinstinget 2016

Rådhusvegen NORDFJORDEID. Postboks MÅLØY. Vår referanse (oppgje ved svar) 13/

Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo 25. februar 2014 i Lagsrommet, Rosenkrantz gate 8 kl. 19

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Gunnar Steine Arkiv: G21 Arkivsaksnr.: 14/745-7

INNKALLING TIL ANDELSEIER-/ÅRSMØTE I SKOGEIERLAGET

Transkript:

ÅRSMELDING 2014 SOGN OG FJORDANE SKOGEIGARLAG SA

Årsmelding 2014 SOGN OG FJORDANE SKOGEIGARLAG SA Sogn og Fjordane Skogeigarlag er eit samvirkeforetak med føremål å arbeide for andelseigarane sine økonomiske interesser knytt til skogeigedomen deira. Dette skal Skogeigarlaget gjere ved å tilby tømmeromsetting til best mogleg pris og avsetning på eigarane sine produkt, sikre best mogleg næringsmessige rammevilkår, tilby skog- og utmarkstenester og fagleg rettleiing og arbeide for auka bruk av skog-, utmark- og treprodukt. Sogn og Fjordane Skogeigarlag med sine eigarar er tilslutta Norges Skogeigarforbund. Org.nr.: 989 050 605 Postboks 185, 6801 Førde Telefon 96 22 90 00 Telefaks 57 83 23 02 Epost post@sfskog.no Web www.sfskog.no NØKKELTAL 2012 2013 2014 Andelseigarar 1 112 1 103 1 091 Leverandører 462 585 576 Omsett tømmer, m 3 74 159 118 796 158 100 Gjennomsnitt leveranse, m 3 160 203 274 Tømmerpris, kr pr. m 3 284 286 317 Driftskvantum, m 3 51 693 90 099 143 100 Plantetall, stk. 89 355 455 350 350 300 300 250 250 200 200 150 150 100 100 50 50 0 0 Gjennomsni7 tømmerpris, kr pr. m3 Gjennomsni7 tømmerpris, kr pr. m3 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 180 160 180 140 160 120 140 100 120 100 80 80 60 60 40 40 20 20 0 0 Tømmeromsetning, m3 Tømmeromsetning, m3 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014-2 -

Årsmelding 2014 ÅRSMELDING FOR 2014 Andelslaget Skogeigarlaget hadde ved utgangen av 2014 13 personar har hovudkontor i Førde, i arbeid. Ti eige tilsette og tre innleigde. Sjukefråveret ligg med distriktskontor i Sogndal og Hornindal. Vegplanleggar lågt, og arbeidsmiljøet vert vurdert til å vere godt. Av dei har kontor i Stryn. Pr. 31.12.2014 var det 1.091 andelseigarar i laget, mot 1.103 ved inngangen av året. tilsette er 2 kvinner. I styret er det to kvinnelege styremedlemmar. Styrearbeidet Styret i Sogn og Fjordane Skogeigarlag var i 2014 samansett av Halvor Brosvik, styreleiar, Jakob Hammer, nestleiar og styremedlemmene Olav M. Hjelle, Anne Karin Kleiven Rynning og Bekka Skaasheim. Det var halde 8 ordinære møte og 3 telefonmøte i 2014 og handsama 60 saker. Årsmøte Årsmøtet vart halde i Jølster 24. april. På årsmøtet deltok 31 personar. Lokallaga Naustdal, Luster, Vik, Hornindal, Askvoll, Hyllestad og Årdal hadde ingen representantar i møtet. Forutan ordinære årsmøtesaker var organisering av lokallag og framtidig skogbruk i Sogn og Fjordane tema. Styremedlem Eilif Due orienterte frå Skogeigarforbundet. Service-avgift På årsmøtet i 2014 vart serviceavgifta etter forslag frå styret sett til kr 500 per andelseigar. Dette var same kontingentsats som i 2013. Avgifta vart i si tid innført for at ikkje dei som leverer tømmer skal bere heile kostnaden med organisasjon, informasjon, næringspolitikk og vidareutvikling av andelslaget. Eigarar som står med ubetalt avgift i 2 år, må gå ut av laget. Val av tillitsvalde Halvor Brosvik, vart attvald som styreleiar, og Jakob Hammer attvald som nestleiar. Anders Ljotebø hadde takka nei til attval, og Bekka Skaasheim, Balestrand vart vald til nytt styremedlem. Andre styremedlemmer som var på val, vart attvalde av årsmøtet. Otto Fauske, Førde vart vald til ny årsmøteordførar. Administrasjon og likestilling Følgjande endringar har skjedd i 2014: Morten Fosse slutta som skogbruksleiar i indre Sogn i juni 2014. August Evensen starta samtidig som skogbruksleiar ved kontoret i Sogndal. Johannes Nygaard slutta i Skogeigarlaget 1. september, medan Howard Summers starta som transport- og logistikkansvarleg, med kontorstad Førde medio august. Finn Olav Myhren vart tilsett som leiar for utmarksavdelinga i november. Administrativt har vi difor strukturert organisasjonen til å prioritere kapasitet på transport og logistikk, og på utmarksarbeid. Dette er begge arbeidsoppgåver som er sentrale i høve dei oppdrag og den forrentningsmessige drift Skogeigarlaget driv no. - 3 - Styret legg vekt på at mannlege og kvinnelege tilsette vert handsama likt. I lokallaga er kvinnedelen framleis låg, og styret oppmodar valnemndene i lokallaga og årsmøta om å arbeide for å auke kvinnedelen. VERKSEMDA I 2014 Distrikstenesta 2014 vart eit merkeår for Skogeigarlaget. Det var det første heile året med ei fullt utbygd distriktstenesta. Samtidig starta for alvor avverking av hogstmoden gran frå skogreisingsåra på 1950- og 1960-tallet. Den aukande avverkinga gjennom 2012 og 2013 var opprydding av vindfall. Rettnok var noko innmåling av tømmer i første halvår 2014 restar av vindfall frå 2013, spesielt i Nordfjord. Men hovuddelen av den rekordstore tømmeromsettinga i 2014 var frå ordinære sluttavverkingshogstar. Midt på året var det bytte av skogbruksleiar i Indre Sogn. Den nye skogbruksleiaren, August Evensen, kom raskt igang, og hadde ei stor hogstmaskin i sving dei siste månader av året. I løpet av sommaren var det også bytte av transportleiar. Den nye transportleiaren, Howard Summers, har ei utfordrande oppgåve med å sy saman henting av tømmer i forhold til produksjonen i skogen og båtanløp. Kompleksiteten, og utfordringane med å etablere ein effektiv logistikk på Vestlandet, aukar betydelig med aukande avverking. 2014 var prega av at lokal hogstkapasitet med store moderne hogstmaskiner er under oppbygging i Sogn og Fjordane. Skogeigarlaget hadde 5 store hogstmaskiner, som var heimehøyrande i fylket, i arbeid heile eller deler av året. I tillegg vart det brukt eit maskinlag frå Austlandet nokon månader gjennom sommeren. Lokale skogsentreprenører med mindre utstyr, gjorde også ein viktig innsats. Tilskot til den store taubanaktiviteten under vindfalloppryddinga i 2012 og 2013 vart delvis finansiert ved forskottering av forventa tilskotsmidler for 2014. Det var difor ikkje disponible tilskotsmidler til taubanedrifter i 2014 og kun ubetydelig hogst i det bratte terrenget. Nødvendigheita av vegbygging og tilskot for å skape lønsemd ved drift i det bratte terrenget, vart difor til fulle synleggjort. I 2014 hadde Skogeigarlaget 6 lokale tømmerbilar i drift heile eller delar av året. I tillegg var det ein tømmerbil

Årsmelding 2014 frå Romsdal i fast arbeid heile året. I løpet av året vart 4 av dei eldre tømmerbilane bytta ut med fabrikknye bilar. Dette var ei god oppmuntring for Skogeigarlaget, som slik fikk synleggjort at dei lokale transportørane såg grunnlag for å satse på tømmertransport. Tømmeromsetting Den rekordstore tømmeromsettinga i 2014 på totalt 158 100 m3 bestod av 152 420 m3 gran, 2 830 m3 sitka, 2 480 m3 furu og 370 m3 bjørk og anna. Tømmeromsetning fordelt på skogbruksleiardistrikta m3 Distrikt 2012 2013 2014 Nordfjord 46 490 72 770 97 750 Sunnfjord og Ytre Sogn 8 530 25 790 43 460 Indre Sogn 19 130 19 590 15 570 Annet 0 650 1 320 Totalt i Skogeigarlaget 74 150 118 800 158 100 Knapt 1 m3 tømmer blei vidareseld til lokale kjøparar i Sogn og Fjordane og 3 m3 ble seld til Moelven sitt sagbruk i Granvin. Resten av tømmeromsettinga i 2014, i overkant av 154 m3, vart vidareseld til sagbruk og treforedlingsindustri i Tyskland og Sverige. Den største og viktigaste kjøparen var, som i 2013, det store sagbruket Ilim Nordic Timber i Wismar i Nord-Tyskland. Det store eksportsalet i utanlandsk valuta medførte at tømmerprisen til Skogeigarlaget og skogeigarane i Sogn og Fjordane var følsom for svingningane i valutakursen. Ved sal i utenlandsk valuta er det generelt ein fordel at den norske krona er svak mot den aktuelle valuta. Rundt årsskiftet 2013/2014 hadde NOK svekka seg mot EUR. Skogeigarlaget kunne difor auke tømmerprisen til skogeigar vinteren 2014. Utover våren og sommaren styrka NOK seg igjen mot EUR. Sjølvom det kun var ubetydelege endringar i salsprisen i EUR, førte dette til at Skogeigarlaget måtte redusere prisen til skogeigar sommar og haust. Likevel vart gjennomsnittsprisane for året, både for sagtømmer og skurslip, høgare enn året før. Sjølv om slipprisen måtte reduserast, gjorde ein klårt lågare massevirkeandel at gjennomsnittsprisen for gran i 2014 vart betydeleg høgare enn året før. Andel 2013 2014 Pris pr. Andel Pris pr. m 3 m3 Sagtømmer gran 52 % 349,- 57 % 382,- Skurslip gran 15 % 270,- 22 % 288,- Massevirke gran 33 % 194,- 21 % 176,- I alt gran 100 % 286,- 100 % 318,- Etter ein lengre sterk periode, byrja sagtømmermarknaden seinhaust 2014 å bli meir uroleg. Det vart ved årsskiftet tydeleg at tømmerprisen var under press. Salsprisane for vinter og vår 2015 måtte reduserast litt. Ei usedvanleg sterk svekking av NOK mot både EUR og SEK ved årsskiftet la likevel grunnlag for ein prisoppgang i norske kroner dei første månedane av 2015. Etter årsskiftet styrka NOK seg raskt igjen og det vart usikkerheit om prisutviklinga for tømmer i norske kroner gjennom 2015. Skogkultur Etter den sterke auken i gjenplanting av gran i 2013, auka planteaktiviteten vidare i 2014. Dette har naturleg samanheng med auken i avverking av granareal, som vart tilplanta under skogreisingsperioden på 1950-1960 talet. Etter avverking blir desse foryngelsesareala no gjenplantet med 2. generasjon gran. Skogeigarlaget sin planteaktivitet 2009 2010 2011 2012 2013 2014 56 stk 59 stk 114 stk 89 stk 355 stk 455 stk Skogeigarlaget satsar målretta på plantesal og tilbod om utføring av plantearbeidet. Skogeigarlaget har inngått avtale med Sønsterud Planteskole i Åsnes om leveranse av planter. Dei første plantene derifrå vart, med godt resultat, levert til haustplantinga i 2014. Sønsterud Planteskole produserer 2-årige planter til Skogeigarlaget av frø, som er anbefalt av Det norske Skogfrøverk til bruk i Sogn og Fjordane. På grunn av lågare innkjøpspris frå Sønsterud Planteskole, har Skogeigarlaget redusert planteprisen til skogeigar med omkring kr 0,50 pr. plante. For dei skogeigarane som ikkje plantar sjølv, organiserer og administrerer Skogeigarlaget plantearbeidet. Skogeigarlaget har god tilgang til dyktige og erfarne plantegjenger, som blir administrert av skogbruksleiarane i kvart distrikt. Transport og tømmerkaier Skogeigarlaget lasta i 2014 omkring 33 tømmerbåtar frå dei små tømmerkaiane i fylket. Båtane lastar i overkant av 4 600 m3, må innom på 3-5 kaier på kvar tur for å få full last. I andre halvår var det periodevis vanskeleg å få båtar når dei trengtes. Det vart difor arbeida mykje utover hausten for å sikre nødvendig tonnasje til 2015. På tømmerkaiene i Faleide, Naustdal i Eid, Sande i Gloppenfjorden, Eikefjord og Vadheim, vart det skipa ut frå 20 m3 til 37 m3 pr. kai. Dette var kun mogleg ved omfattande bruk av baklager. Periodevis var kapasiteten på fleire av kaiane sprengt. Spesielt kritisk var kai-problemet i Vadheim. Denne kaien dekkjer eit stort skogområde, der avverkinga vil auke mykje i åra som kjem. Utvidinga av tømmerkaien i Kaupanger pågjekk heile andre halvår. Av den grunn var det kun lite avverking på nordsida av Sognefjorden i Indre Sogn. I løpet av få månader på slutten av 2014 vart det sendt ut 6 500 m3 tømmer frå kaien i Feios. Avverkinga i Vik fortsette etter årsskiftet. Totalt var - 4 -

Årsmelding 2014 det venta at hogstmaskina ville avverke mellom 12 m3 og 15 m3 i Vik, før den vart flytta til andre distrikt. I 2014 har det vore omsøkt midlar til utbygging av Eikefjord og Dalsfjorden tømmerkaiar over midlar frå LMD, utan at nokon av desse prosjekta har fått tilsagn om midlar. Vegplanprosjektet 2014 har også vore prega av den store vegbyggingsaktiviteten i forbindelse med orkanen Dagmar. Ein del prosjekt vart sett i gong i 2012 og 2013, og har blitt fullført i 2014. Dette har medført ein del byggeoppfølging og ferdigkontrollar i 2014. Samtidig er interessa for vegbygging stor, og mange tek kontakt om synfaring og teikning for søknad om vegbygging. Ein stor del av prosjekta som blir synfare og teikna blir det av ulike grunnar ikkje noko av, eller det tek lang tid å få gjennomført prosjektet. Ei årsak er at tilgangen på tilskot til bygging av skogsvegar no er mindre enn etterspurnaden. Ei anna årsak er at det tek tid for skogeigarane å einast om prosjektet. I andre halvår i 2014 fekk vi hjelp av vegplanleggar Tormod Jacobsen frå Hordaland til, i samarbeid med Asle Lyslo, å utarbeide områdeplanar for utvalde områder. Dette prosjektsamarbeidet med Fylkesmannen i Hordaland vil halde fram i 2015 slik at det no er 110% stilling som vegplanleggjar i fylket. Det er behov for minst denne kapasiteten for å rekke over etterspørselen etter vegplanlegging, og for å ha kapasitet til å lage gode planar som blir følgt opp under anleggsperioden. Statistikk for 2014: Tal prosjekt Synfaring/sløyfing/teik Stikking m.m. Vegmøter Byggekontrollar Bilveg Traktorveg Bilveg Traktorveg Fjaler 2 stk 1400m Flora 2 stk. 1625m Førde 1 stk 300m Bremanger 5 stk. 2300m 550m 2300m 550m 10 Eid 5 stk. 3650m 520m 2 stk. 14 Gloppen 2stk 550m 4stk 3 Stryn 6 stk 6650m 300m 4500m 6stk 4 Jølster 2 stk 5800m 325m 1 stk Sogndal 3 stk 11m 1 stk Luster 1 stk 50m 50m Aurland 1 stk 300m Leikanger 1 stk 500m Vik 4 stk 3m 2 stk 4 Sum 35 stk 34350m 3920m 6850 16 stk 35 Dessutan har vegplanleggaren delteke på 2 jordskiftemøter om skogsvegar og 1 kommunalt møte om skogbruk, samt møter med Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og samling for skogsvegplanleggarar. Skogtaksering og skogbruksplanlegging Planavdelinga heldt fram med taksering av skogen i Naustdal i 2014. Mest truleg vil utearbeidet her bli sluttført i 2015. Avdelinga leverte i 2014 ein takst for Sunnfjord Energi og på nyåret 2015 skogbruksplanar for Leikanger. Data etter skogtaksering i eit mogleg verneområde på Fimreite vart overlevert til Allskog for vidare bearbeiding. I 2014 vart også halde kurs for dei som hadde fått ferdige planar i Gulen og Feios. Utmark Utmarksavdelinga for Vestskog og Sogn og Fjordane Skogeigarlag sysselsette i 2014 2,4 årsverk. Arbeidet vart gjort av ein fast tilsett i tillegg til leigd arbeidskraft. Johannes Nygard var tilsett frå januar og til ut august. Finn Olav Myhren vart tilsett med oppstart midt i november. Arve Aarhus var leigd inn på arbeid med rovvilt og prosjektleiing knytt til hjorteprosjekt, samt for å ha eit meiransvar for utmarksarbeidet sør i nedslagsfeltet. I tillegg var også Magnus Frøyen ved Norsk Hjortesenter og Ole Runar Aabrekk ved Utmarksressurs leigd inn til arbeid med prosjektarbeid. Mykje av arbeidet er knytt til prosjektet Forvaltning av hjortebestand 2013-2017. Prosjektet gjennomførte andre prosjekt år. Arbeidet føregjekk i hovudsak i Hordaland - 5 -

Årsmelding 2014 og Sogn og Fjordane, men også noko i Møre og Romsdal. Prosjektet er stort i omfang og vil utgjere ein stor del av arbeidet i avdelinga også for åra framover. Prosjektet vert drive som eitt, men med fylkesvise delprosjekt. Det er/ skal opprettast fylkesvise rådgjevingsgrupper for prosjektet. Prosjektet er for og av grunneigarsida, men skjer i tett dialog med og er finansiert av offentleg hjorteforvaltning, kommunar, fylkeskommunar og miljødirektorat. Drift av fellingslag for rovvilt og gjennomføring av skadefellingsforsøk har vore arbeidsoppgåver i 2014. Avdelinga driftar fylkesvise fellingslag både i Rogaland og Sogn og Fjordane. I 2014 var det og ført dialog om oppretting av slikt lag i Hordaland. Kanskje kan det også komme til etterkvart. Beitesesongen 2014 blei tøff for bufenæringa i Sogn og Fjordane med mykje tap og mange skadefellingsløyve. Avdelinga hadde sommar og tidlig haust mykje arbeid med organisering og gjennomføring av forsøka. I Rogaland vart det gjennomført fagdag om jakt på store rovdyr i samarbeid med bondelaget og sau og geit i november. Tilsvarande vart også gjennomført i Vest Agder i mars, med støtte frå Fylkesmannen der. Deltaking i ulike dialog- og kontaktmøte med bufenæring, forvaltning og SNO har vore prioritert i 2014. Avdelinga har hatt tenestesal utover det som var budsjettert. Såkalla førjaktamøter har vore populære. Kommunevise kveldsmøter før hjortejakta. Etterspurnaden er som vanleg, og nokolunde likt fordelt mellom regionane. Oppsyn er ein del av utmarksavdelinga sitt virke. I 2014 vart det nedprioritert i avdelinga grunna mannskapsskifte. Fiskeforvaltning og småvilt vart også jobba med i lite omfang. Avdelinga sit på kompetanse på fagområda som med fordel kan nyttast i større grad framover. Generelt på utmarksarbeid er avdelinga opptatt av å vera eit sterkast mogleg fagmiljø og å innrette seg samarbeidsmessig slik at avdelinga kan oppretthalde sysselsetjijnga eller å vekse. Avdelinga har i 2014 søkt samarbeid med andre organisasjonar på grunneigarsida for framover å kunne vera del av eit større, sterkare fagleg nettverk. Utmarksavdelinga har ingen basisfinansiering. All sysselsetjing skjer på bakgrunn av tjenestesal og prosjektdrift. Drifta er styrt av finansieringa, men ein søkjer i stor grad å halde jamn aktivitet og tilbod i både Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Avdelinga har også samarbeid med Allskog og aksept derfrå for å drive hjorteprosjekt i deira nedslagsfelt i Møre og Romsdal, evt også Sør Trøndelag. Avdelinga har over år etablert god kontakt med fylkesmenn, fylkeskommunane, kommunane, SNO og grunneigarsida i vårt geografiske nedslagsfelt. Aktiviteten i 2014 viser etter vårt syn at avdelinga står sterkt i utmarksarbeidet på Vestlandet. - 6 - Bioenergiprosjektet Bioenergiprosjektet Sogn og Fjordane var eit samarbeidsprosjekt mellom Sogn og Fjordane Skogeigarlag, Sogn og Fjordane Bondelag, Fylkesmannen og fylkeskommunen. 2014 var prosjektet sitt siste prosjektår. Arnt Laukeland har vore prosjektleiar, og i styringsgruppa har bestått av representantar frå alle eigarane av prosjektet, samt representantar frå marknadsaktørane Fjordane Bioenergi og Sogn Biovarme. Prosjektet har gått over to periodar på à tre år, og har jobba med kompetanseheving omkring bioenergi og utvikling av bioenergianlegg i fylket. Prosjektet har arrangert fagdagar, studieturar, møter og vegleiing i form av gards- og bedriftsbesøk. Vil med dette takke våre samarbeidspartar for to gode prosjektperiodar, samt ønskje alle som har investert i flis og vedfyrte anlegg i Sogn og Fjordane for gode innspel og bidrag i eit spennande prosjekt. Informasjonsarbeid Det skriftelege informasjonsarbeidet ut til skogeigar har i 2014 avgrensa seg til bladet Skog og Vestnytt, samt etablering av ny nettside. Vestnytt er eit fire siders vedlegg til Skog, med informasjon frå Sogn og Fjordane Skogeigarlag og Vestskog. Vestnytt vart distribuert 5 gongar i 2014. Skogeigarlaget hadde tillitsmannssamling i samband med AgriNordVest i Loen i månadsskiftet okrober/november. Hovudtema for samlinga var status og strategiprosess for Sogn og Fjordane Skogeigarlag. Leiarane frå dei fleste lokallaga deltok, og styret fekk konstruktive innspel til strategi og framtid for Skogeigarlaget. Næringspolitikk Næringspolitikk er den politikken vi påverkar og endrar gjennom vårt virke som næringsaktør. Gjennom drift og kontaktpunkt med omverda synleggjer vi næringa og argumenterer for rammevilkår til fordel for skogeigar, samfunn og klima. I 2014 har, som i tidlegare år, infrastruktur som tømmerkaiar og skogsvegar og rammevilkår for tømmertransport har vore viktige næringspolitiske tema. Møter og dialog med Statens Vegvesen region vest har synliggjort næringa sitt behov for oppskriving av dei offentlege vegar som er mogeleg, og vil forhåpentlegvis syne seg som eit resultat på veglister for Sogn og Fjordane i 2015. Deltaking i møter gjennom Norges Skogeierforbund, Skognæringa Kyst, Sogn og Fjordane Skognæringsforum og andre møtestader er arenaer for å tale vestlandsskogeigaren si sak. Også gjennom deltaking i arbeidet strategi for regionalt bygdeutviklingsprogram, og gjennom samarbeidsrådet for Hordaland og Sogn og Fjordane, Landbruksselskapet, er stader der vår oppgåve er å synleggjere skogbruket som næring. Framover vil det vere nødvendig å i endå sterkare grad evne å syne og løfte kunnskapen om vestlandsskogbruket ytterlegare, for å oppnå gjennomslag og eigna rammevilkår for vår region.

Årsmelding 2014 Miljøpåverknad Skogeigarlaget legg vekt på å gjennomføre aktiviteten på ein miljømessing god måte, utan forureining av det ytre miljøet. Laget er miljøsertifisert i samsvar ISO 14001og har felles miljøstyringssystem med Vestskog SA med rett til å bruke PEFC logoen. Industriengasjement Skogeigarlaget har siste åra hatt eit lågt fokus på industriengasjement. Dette skuldast både utvikling i norsk treindustri, men også Skogeigarlaget sin eigen økonomiske situasjon. Skogeigarlaget har i 2014 sett nærare på moglegheitene for etablering av treforbrukande industri langs kysten. Gjennom ein moglegheitsstudie som vert ferdig i 2015 håpar vi at kan synleggjere realitetane knytt til skogsvirke frå Sogn og Fjordane og marknadmoglegheiter og skrankar i høve etablering av treforbrukande industri i vår region. Skogeigarlaget sine 25.464 aksjar i Norske Skog vart nedskrive ved utgangen av året. Dette gav eit negativt utslag på resultatet på kr 18 589. REKNESKAPEN FOR 2014 Inntekter frå tømmeromsetninga utgjer fundamentet i skogeigarlaget sin økonomi. I 2014 vart marginen litt lågare enn budsjettert på bakgrunn av insektskadar og kvalitetsreduksjon på nokre av tømmerlastene til Tyskland. Men dette vart langt på veg kompensert ved det store omsetningskvantumet. Pr 31.12.13 vart det gjort ei avsetning til mogleg tap på grunn av at løyvingane til skogsdriftstilskot var oppbrukte. Denne avsetninga var på kr. 1 359. Innbetalingar i 2014 og tilsegner for 2015 har gjort at ein har redusert denne avsetninga med kr. 152.. Ein har også funne grunnlag for å redusere anna tapsavsetning med kr 292. Verdien av skogeigarlaget sine aksjar i Norske Skog ASA er regulerte ned med kr 18 589. I 2014 er det innbetalt andelskapital med kr 256.161. Pr 31 12 2014 er andelskapitalen kr 3.016.203 og eigenkapitalen er kr 3 601 448, noko som utgjer 17, 7 % av totalkapitalen. Årsresultatet viser eit overskot på kr 803 652 og rekneskapen er oppgjort med føresetnad om framleis drift. -7-

Årsmelding 2014 UTSIKTENE FOR 2015 2015 vart innleia med fusjonsforhandlingar med Vestskog SA. Dette er ei svært positiv utvikling, både for skogeigaren på vestlandet, men også for skogbruket i regionen. Stordriftsfordelar, konkurransekraft, kompetanseheving og utvikling av næringa ligg i dagen for eit samanslått andelslag på vestlandet. Sogn og Fjordane Skogeigarlag har bygd opp ein god base av entreprenørar, transportørar, kailogistikk og skogbruksleiarar, som kan utvikle seg ytterlegare for skogbruket i fylket. Budsjettet for 2015 er lagt som ei konsolidering av den kapasiteten ein har bygd opp, nettopp for å auke kvaliteten i det arbeidet ein gjer i alle ledd. Vi har forbetringspotensiale både på kommunikasjon og informasjon til skogeigarar, kvalitetsikring av kontraktsforhold mot skogeigar og rutinar på oppgjer til skogeigar. Fusjonsplanen vert behandla på årsmøtet i 2015, og det komande året vil sjølvsagt bli prega av den planlagde fusjonen. Å foreine to andelslag teknisk lar seg kjapt gjere. Det tek lenger tid å bygge den nye organisasjonen og få to einingar til å verke som ein. Men framtidig er dette eit trengt og nødvendig tiltak for å styrke arbeidet for skogeigaren i vest. TAKK FRÅ STYRET 2014 har også vore eit svært aktivt år for Skogeigarlaget. Vi er no komne opp på eit avvirkningsnivå som ligg mange gongar over det det var før Dagmar. I 2014 var utfordringa å klare halde dette nivået når ein ikkje hadde stormfelt skog som motivator for arbeidet. Skogeigarlaget greidde oppgåva og leverte meir enn budsjett. Vi vil med dette takke alle som har vore med å bidra til framleis god utvikling i skogbruket i Sogn og Fjordane. Skogeigarar, lokale skogeigarlag, entreprenørar, transportørar, samarbeidsorganisasjonar, kommunar og fylkeskommune, Fylkesmannen, Sparebanken Sogn og Fjordane, politikarar som engasjerer seg for næringa og dei tilsette i Skogeigarlaget. Samarbeidet mellom og med dykk alle har vore utslagsgjevande, og vi håpar de alle vil vere med oss i den vidare utviklinga. - 8 -

Årsmelding 2014 REPRESENTASJONAR OG VERV: Styret i Norges Skogeierforbund: Halvor Brosvik Sogn og Fjordane Landbruksselskap: Halvor Brosvik Skognæringsforum for Sogn og Fjordane: Ingunn Kjelstad Regionalt Bygdeutviklingsgruppe: Halvor Brosvik Utvida Regionalt Miljøprogram-gruppe: Olav M. Hjelle Valnemnd Norges Skogeierforbund: Jakob Hammer ANDRE TILLITSVALDE I ANDELSLAGET: Ordførar Varemedlemmer i kontrollutvalet Otto Fauske, Førde Anders Tjugum, Balestrand Kristoffer Dale, Balestrand Varaordførar Valnemnd Kjell Magne Åshamar, Nordfjordeid Ørjar Eiken, Fjaler Hallvard Hauken, Gaular Olav Høyheim Einan, Hafslo Varamedlemmer til styret Hans Arne Vikheim, Sogndal Varamedlemmer valnemnd Ole A. Gimmestad, Sandane Edvin Øvrestrand, Gaular Rune Roset, Blaksæter Per Ivar Lomheim, Hafslo Erik Skogli, Årdalstangen Kontrollutval Olav J. Bøtun, Fresvik (leiar) Sonja Skåre Esperø, Stryn -9-

Årsmelding 2014 SOGN OG FJORDANE SKOGEIGARLAG SA Org.nr.: 989 050 605 Postadresse: postboks 185, 6801 Førde Sentralbord 962 29 post@sfskog.no Distriktskontor i Nordfjord 452 82 680 Grodås,6763 Hornindal Distriktskontor i Sunnfjord og Ytre Sogn 907 40 503 Hafstadvegen 48, 6800 Førde Distriktskontor i Indre Sogn 954 15 111 Granden 23, 6856 Sogndal Skogbruksleiar Nordfjord Peder Magnussen 452 82 680 peder.magnussen@sfskog.no Skogbruksleiar Sunnfjord og Ytre Sogn Skogbruksleiar Indre Sogn Torgrim Østgård 907 40 503 torgrim.ostgard@sfskog.no August Johan Evensen 954 15 111 august.evensen@sfskog.no Transport- og logistikkleiar Howard Summers 415 76 818 howard.summers@sfskog.no Instruktør Prosjektleiar Arnt Laukeland 991 63 200 arnt.laukeland@sfskog.no Skogsjef Mads Jensen 906 86 844 mande-j@online.no Tømmersekretær Aud Nyhamn Engvik 962 29 aud.engvik@sfskog.no Økonomisjef Atle Gimmestad 481 37 615 atle.gimmestad@sfskog.no Dagleg leiar Ingunn Kjelstad 901 03 837 ingunn.kjelstad@sfskog.no Skogbruksplanleggar Leif Laache 905 78 759 leif.laache@sfskog.no Vegplanleggar Asle Lyslo 991 52 801 asle.lyslo@sfskog.no Utmarksansvarleg Finn Olav Myhren 468 98 112 finn.olav.myhren@sfskog.no Utmarkskonsulent Arve Aarhus 477 50 258 aaarh@online.no - 10 -

Årsmelding 2014 REKNESKAPSÅRET 2014-11 -

Årsmelding 2014-12 -

Årsmelding 2014-13 -

Årsmelding 2014-14 -

Årsmelding 2014-15 -

Årsmelding 2014-16 -

Årsmelding 2014-17 -

Årsmelding 2014-18 -

Årsmelding 2014-19 -

Årsmelding 2014-20 -

Årsmelding 2014-21 -

Årsmelding 2014-22 -

Årsmelding 2014-23 -

Årsmelding 2014 Tømmeromsetting per lokallag - m 3 2012 2013 2014 Eid/Vågsøy 8 810 18 913 22 160 Hornindal 921 775 6 036 Stryn 18 999 26 201 20 676 Vikane 6 200 6 433 15 160 Gloppen 10 804 18 461 26 525 Bremanger 464 1 986 7 089 Jølster 1 074 7 535 9 184 Førde 4 631 10 154 9 361 Naustdal 1 139 1 662 9 443 Flora 156 810 541 Askvoll 42 331 803 Gaular 745 2 678 7 104 Fjaler 475 2 084 6 504 Kyrkjebø 157 324 247 Hyllestad 36 36 0 Gulen 77 136 270 Balestrand 3 691 4 409 3 642 Sogndal/Leikanger 12 933 11 689 2 838 Fresvik/Feios 0 479 80 Vik 1 395 1 663 6 392 Årdal 61 30 109 Luster 950 1 341 2 443 Andre 390 667 1 493 Totalt 74 150 118 797 158 100-24 -

Årsmelding 2014 Oversikt lokallag Namn Leiar vald 2014 Tal eigarar pr. 31.12.14 Tal leverandørar 2014 Enkelteigarar 5 12 Eid/Vågsøy Geir Ove Hundeide, Eid 97 73 Hornindal Arne Svor, Hornindal 24 12 Stryn Magne Garlid, Stryn 128 92 Vikane Jarle Tisthamar, Utvik 45 30 Gloppen Magnar Mardal, Sandane 125 92 Bremanger Knut Dombestein, Davik 29 26 Askvoll 13 4 Førde Otto A. Fauske, Førde 84 44 Naustdal Hogne Bjørkelund, Naustdal 76 28 Jølster Otto Leif Østenstad, Vassenden 55 38 Gaular Jomar Bergheim, Bygstad 86 21 Fjaler Oddvar Vassliås, Flekke 55 18 Flora Asle Magne Ellingsund, Eikefjord 35 5 Gulen Kjell Virkesdal, Dalsøyra 18 5 Hyllestad 20 0 Kyrkjebø Inge Brekke, Bjordal 36 5 Balestrand Jan Myklebust, Balestrand 33 15 Vik Bjørg Hønsi Aafedt, Vik 40 21 Sogndal/Leikanger Hans Arne Vikheim, Sogndal 50 21 Luster Per Ivar Lomheim, Hafslo 34 13 Årdal Erik Skogli, Årdalstangen 3 1 1091 576-25 -

Årsmelding 2014 Til andelseigarane i Postadresse: Boks 185, 6801 FØRDE Kontoradresse: Hafstadgården, FØRDE Telefon: 96 22 90 00 Telefax: 57 83 23 02 Føretaksregisteret: 989 050 605 Bankgiro: 3700.05.12916 Epost:post@sfskog.no Dato: 19.02.15 Innkalling til eigarmøte i I samsvar med 9 i vedtektene for andelslaget vert det med dette kalla inn til eigarmøte i valkrinsane. Eigarmøtet vert halde i samband med årsmøtet i det lokale skogeigarlaget. Sakliste for eigarmøtet 1. Opning v/lokallagsleiaren 2. Godkjenning av innkalling og sakliste 3. Godkjenning av eventuelle fullmakter 4. Innstilling til årsmøtet i andelslaget om årsmelding og rekneskap. Gjennomgang v/styremedlem/representant frå 5. Fusjonsplan mellom og Vestskog SA 6. Val av utsending(ar) med personleg(e) varautsending(ar) til årsmøtet i andelslaget Sak vedr. organisering av lokallag vert utsett med bakgrunn i planar om fusjon. Med helsing - 26 -

Årsmelding 2014 LOKALLAGSÅRSMØTE/ EIGARMØTE I 2015 LOKALLAG DATO STAD KL. FRÅ ANDELSLAGET Førde 10.03.2015 Utstillingssalen, Førdehuset 19:30 Ingunn Kjelstad Eid/Vågsøy 10.03.2015 Nordfjord Hotell 19:30 Olav M Hjelle Flora 10.03.2015 Inspire Eikefjord 20:00 Anne Karin Kleiven Rynning Balestrand 10.03.2015 Midtnes Hotell 19:30 Bekka Skaasheim Bremanger 12.03.2015 Ålfoten oppvekstsenter 20:00 Anne Karin Kleiven Rynning Naustdal 16.03.2015 Håjen 20:00 Mads Jensen Gloppen 16.03.2015 Gloppen Hotell 13:00 Olav M Hjelle Fjaler 16.03.2015 Flekke Skule 19:30 Halvor Brosvik Sogndal/Leikanger 17.03.2015 Frydenbøbygget, Granden 19:00 Bekka Skaasheim Hornindal 17.03.2015 SMIA 20:00 Olav M Hjelle Stryn 18.03.2015 Kulturhuset 20:00 Jakob Hammer Jølster 18.03.2015 Borgja, Ålhus 20:00 Anne Karin Kleiven Rynning Vik 18.03.2015 Feios Ungdomshus 19:30 Mads Jensen Vikane 19.03.2015 Innvik Fjordhotell IMI 20:00 Jakob Hammer Gaular 19.03.2015 Sande Kro 20:00 Mads Jensen Gulen 19.03.2015 Bålen grendahus 20:30 Halvor Brosvik Kyrkjebø 19.03.2015 Lavik Fjordhotell 19:30 Bekka Skaasheim Luster 24.03.2015 Eikum Hotell 20:00 Jakob Hammer - 27 -