ÅRSMELDING 01.01. 31.12.2011

Like dokumenter
ÅRSMELDING 2013 HUSFLIDSKONSULENTEN I SOGN OG FJORDANE

HUSFLIDSKONSULENTEN i ØSTFOLD ÅRSMELDING 2013

ÅRSMELDING 2014 HUSFLIDSKONSULENTEN I VEST-AGDER

ÅRSMELDING 2014 Husflidskonsulenten i Finnmark

Saman for framtida (Ref # )

Rådgjevarkonferansen 2014 Gjennomføring i vidaregåande opplæring.

Handlingsplan for Sogn og Fjordane Orienteringskrins

DIS- Sogn og Fjordane

REFERAT STYREMØTE 5/2018

Dialogmøte med kommunane i Hafs

ARBEIDSPLAN

ÅRSMELDING Drakter på utstillingen fra folkevandringstiden. Drakter fra

Saman for framtida (Ref # )

REFERAT STYREMØTE 4/2018

Kommunemøte for UKM Scandic Sunnfjord Hotel & Spa 26. oktober 2017

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

ÅRSMELDING Lindebark lagt i en bekk for røyting.

Dialogmøte med kommunane i Sunnfjord

Ny GIV. (= gjennomføring i vidaregåande skule)

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Kva har desse tre med integrering å gjere? Paris 1919

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Vi ønsker at lokallaget drøfter denne saken på et lokallagsmøte og sender inn sine forslag til NKF innen 13. mars 2015.

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Kommunestruktur i Sogn og Fjordane Fylkesmannen si tilråding

KVALITETSUTVIKLINGSPLAN FOR BLINDHEIM BARNESKOLE

PROSJEKTPLAN. - TOPP - idrettsutvikling for ungdom år

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Dialogmøte. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Årsmelding Fylkesrådet for eldre i Sogn og Fjordane. Foto: Oskar Andersen

Dialogmøte. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Dialogmøte med kommunane i Sogn

HAGESELSKAPET SOGN OG FJORDANE

S. og Fj. Skiskyttarkrins har gode resultat både nasjonalt og internasjonalt der utøverane viser gode resultat.

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Huset i Bygda. Ein kulturarena der du bur «Hus som skaper landet» Ungdomshuskonferansen, Oslo

ÅRSMELDING Årsmelding 2012, Husflidskonsulenten i Møre og Romsdal

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Velkomne til fellessamling for prosjektet. "Samfunnsansvarleg næringsliv i Sogn og Fjordane

Frå styremøte 5.september på Hotel Grand Majestic Plaza, Praha.

Dialogmøte med kommunane i Nordfjord

Utviklingsplan for Pedagogisk-psykologisk teneste for vidaregåande opplæring

H A N D L I N G S P L A N for biblioteket i Høgskulen i Sogn og Fjordane

Saksframlegg. Orientering om Kompetansesenteret og søknad om regionale utviklingsmidlar til Ny GIV-tiltak ved Kompetansesenteret

Reglar for servering av alkohol i fylkeskommunale bygg, leigebygg og utleigebygg

Innhold: Organisasjonskart, fylket

C:\Documents and Settings\njaalb\Skrivebord\Til nettside adm\ny mappe\kvalitetsutviklingsplan Blhbs.DOCSide 1 av 6

Rapport om bruk av vikarar i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Historikk. Sogn og Fjordane Ungdomslag (SOFUL) Ca 45 SOFUL-lag 30 av desse eig bygg

Den regionale styredagen i. Sogn og Fjordane

KOMPETANSEKATALOG del I 2000 / 2001

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

Ottar Bjørkedal Eid vgs

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

SOGN OG FJORDANE FYLKESLAG ÅRSMELDING Fylkeslaget har i perioden mars 2009 til mars 2010 hatt desse tillitsvalde:

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Anne Brit Lauvsnes Arkiv: 223 C00 Arkivsaksnr.: 15/9-23

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Dialogmøte i regionane

IKT-kompetanse for øvingsskular

EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv

PARTNARSKAP FOR KARRIERERETTLEIING SOGN OG FJORDANE

Dialogmøte Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Grunnlova (Ref #5dd9e14d)

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

Velkomen til Dialogkonferansen august - 1. september 2009

PROSJEKTPLAN. Stagepass Pendling Stressless - Bulyst. Visjon:

Fagkurs og seminar for ungdomslaga på Vestlandet. Storkurs i Førde! oktober På rett kurs med Sogn og Fjordane Ungdomslag -

konsekvensar Ruth Ørnholt Rica Dyreparken Hotel, Kristiansand 21.oktober 2009

NORDDAL KOMMUNE. Reglement for godtgjering til folkevalde

VIDAREGÅANDE OPPLÆRING. Politikardag 12.mai 2016.

"Herr Kurz i biblioteket" (Ref #acf00c3e)

Steinsprang frå Lærdal. Kommunemøte om UKM

Reiselivsorganisering i Sogn. Folkevalddag, Quality Hotel Sogndal,

TRAINEE I SOGN OG FJORDANE

SAKSFRAMLEGG. Framlegg til vedtak: ::: &&& Sett inn innstillingen under &&& Vedlegg: Oppsummering frå møtet

Ei kokebok for kulturkontakten og kommunekontakten

RUSFAGLEG FORUM FORUM FOR RUS OG PSYKISK HELSE

Produksjon av oppdrettsfisk i Hordaland og Sogn og Fjordane

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Kviknes Hotel, Balestrand Møtedato: Tid: A.

Postboks SOGNDAL - Tlf: MØTEPROTOKOLL

Rektorvedtak. Aktivitetsplan for IA arbeidet ved HiSF Innhald aktivitetsplan for IA arbeidet ved HiSF

Til Årsmøte for Opplæringskontor for Hotell- og Næringsmiddelfag i Sogn og Fjordane

Forord. Mål: Alle skal ha ei god psykisk helse. Visjon: Likeverd openheit respekt

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

VEDTEKTER FOR FOLKEHØGSKOLEFORBUNDET

Naturbruk - er du ikke riktig klok? Innlegg pårådgjevarkonferanse, 17. april 2012, ved Tore Henrik Øye, Landbrukstunet Kompetanse

Arkivsak: FYLKESRÅDMANNEN: 12. JANUAR 2012

Per Øyvind Tveiten - leiar, Mari Skeie Ljones nestleiar Helene M. Bolstad - nestleiar, Jan Heier, Olav L. Mjelva, Tove Leinslie, Thor Hauknes 3.

Organisasjonskart, fylket. Innhold: Organisasjonskart, fylket. Strategisk plan, kjerneverdier. Arbeidsoppgaver: Fylkeslag.

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Ungdomsplan. for Balestrand kommune. Barn frå Fjordtun på Galdhøpiggen

Møteprotokoll SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: Tid:

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Ny GIV Oppfølgingsprosjektet

Transkript:

ÅRSMELDING 2011

ÅRSMELDING 01.01. 31.12.2011 INNHALD: KAP. TEKST SIDE 1 Innleiing 3 2 Organisasjonskart - Norges Husflidslag 4 3 Organisasjonskart - Sogn og Fjordane 5 4 Årsmelding Husflidskonsulenten i Sogn og Fjordane 6 4.1 Driftsoppgåver 6 4.2 4.3 Samarbeidspartnarar Tidsbruk i budsjett og regnskap 7 7 5. ORGANISASJONSUTVIKLING: 8 Tiltak 1: Ung Husflid - Regionalt 9 6. 7 8 Tiltak 2: Ung Husflid - Nasjonalt: www.husflid.no Tiltak 3: Landsmøte i Førde 8. 10.juni 2012 OPPLÆRING Tiltak 4: Gjenstandar og kontekst Studie NTNU Tiltak 5: Samarb.prosjekt Sunde skule/sunnfj. Museum NÆRING: Tiltak 6: Messer /seminar /kurs /konkurransar Organisasjonsutvikling Kommunikasjon Drift Sluttord 10 11 12 13 14 15 16 17 17 FOTO Framside: Fylkesvotten Design Åshild Dombestein 2

1. INNLEIING Husflidskonsulenten i Sogn og Fjordane er tilsett i Norges Husflidslag, og arbeider etter organisasjonens visjon og plan. Dette er såleis retningsgjevande for konsulenten sitt arbeid. Norges Husflidslag sin Strategiske plan 2011 2014 har ein visjon, eit overordna mål, kjerneverdier, virksamheitsidè, satsingsområde både lokalt, regionalt og nasjonalt. Kort om Norges Husflidslag sin Stategiske plan 2011-2014 vedteken på Landsmøtet i juni 2010: VISJON Vi former framtida. VIRKSOMHETSIDÈ Vi styrker dei levande husflidstradisjonane i Norge kulturelt, sosialt og økonomisk KJERNEVERDIAR * Kvalitet * Tradisjon * Nærhet * Skaparglede KJERNEAKTIVITET Husflidsfag Næring ARBEIDSOMRÅDE Opplæring Organisasjonsutvikling Kommunikasjon HOVUDMÅL Norges Husflidslag skal vere leiande aktør i Norge innan: Handlingsboren kunnskap Kulturvern Næringshusflid Husflidskonsulentane er plassert i sektorar som arbeider med kvar sine satsingsområde. Fordelinga er slik: Husflidsfag 6 stillingar /Næring 5 stillingar /Organisasjonsutvikling 6 stillingar/ Ung Husflid 1 adm. stilling Husflidskonsulenten 2. ORGANISASJONSKART i Sogn og Fjordane NORGES arbeider i Sektor HUSFLIDSLAG for næring. Alle i organisasjonen har også kommunikasjon som satsingsområde. 3

2 ORGANISASJONSKART NORGES HUSFLIDSLAG LANDSMØTE STIFTELSEN HOLMEN GÅRD STYRE ARBEIDSUTVALG NORSK HUSFLID Redaksjonen: 2 tilsette ADM.DIREKTØR Marit Jacobsen SEKTOR FOR HUSFLIDSFAG 6 konsulentar SEKTOR FOR NÆRING 5 konsulentar SEKTOR FOR ORGANISASJON 6 konsulentar FELLESTENESTER 9 tilsette i hel eller deltid UNG HUSFLID 1 adm. konsulent UNIKA FORLAG Nedlagt i 2008 FAGUTVALG: Vev Bunad - Tre HUSFLIDSUTSAL 36 utsal FYLKESHUSFLIDSLAG 19 FYLKESHANDVERKARLAG 7 LOKALE HUSFLIDSLAG 370 HUSFLID HANDVERKARAR Ca 150 medlemmer ENKELTMEDLEMMER Ca. 25.000 4

3. ORGANISASJONSKART FOR SOGN OG FJORDANE SOGN OG FJORDANE HUSFLIDSLAG 523 vaksne medlemmer og 137 born/unge = totalt 660 bet. medlemmer Sekretær i 50 % stilling: Dagrun Ylvisåker Igelkjøn Leiar: Dagrun J. Hesjevoll Nestleiar: Norunn B. Hjellbrekke Studieleiar: Åshild Dombestein Styremedlem: Marit Andersen og Marit Elvekrok 1.vara: Ragnhild Hukset 17 LOKALLAG Aurland Husflidslag Borgund Husflidslag Davik og omegn Husflidslag Eid Husflidslag Florø Husflidslag Hyllestad og Høyanger Husflidslag Kjerringa Husflidslag Luster Husflidslag Lærdal Husflidslag Leikanger Husflidslag Midtre Sunnfjord Husflidslag Sogndal Husflidslag Svelgen og omegn Husflidslag Stryn Husflidslag Vik Husflidslag Ytre Gulen Husflidslag Årdal Husflidslag HUSFLIDHANDVERKARLAGET I SOGN OG FJORDANE 8 medlemmer Leiar: Aud Hjelle Kasserar: Eva Hovland Husflidshandverkarane er ein eigen kategori medlemmer som har husflid/handverk som næring. Husflidshandverkarane søkjer medlemsskap ein gong pr. år gjennom juryering av ein nasjonal jury. HUSFLIDSUTSAL 36 utsal er medlemmer i Norges Husflidslag. Sogn og Fjordane Husflidslag er medeigar i Husfliden Bergen A/S. Aksjeeigarane er Hordaland- og Sogn og Fjordane Husflidslag med likt medeigarskap. Fleire husflidshandverkarar i fylket driv også med sal i lokale utsal som er ope heile året - eller i turistsesong. EIDSGATA 45 6770 NORDFJORDEID - TLF. 57 86 04 23 MOBIL: 95 97 55 65 E-post: sognogfjordane@husflid.no 5

4. ÅRSMELDING Husflidskonsulenten i Sogn og Fjordane arbeider for å styrke den levande husflidstradisjonen i fylket ved å organisere aktivitetar og tiltak som utviklar husflidsfagleg interesse og kunnskap, produksjon og omsetnad innanfor vedtekne planar for Norges Husflidslag. Husflidskonsulenten i Sogn og Fjordane skal styrke den levande husflidstradisjonen på nasjonal basis innanfor Sektor for næringsutvikling og kommunikasjon Husflidskonsulenten skal samarbeide med Sogn og Fjordane fylkeskommune med inntil 25% av si stilling innanfor område som er avtalt i samarbeidsavtale. 4.1 DRIFTSOPPGÅVER Planarbeid for Norges Husflidslag (NH). Norges Husflidslag er ein organisasjon med klåre mål der husflidskonsulenten har ansvar for budsjett, rekneskapsføring, rapportering av timeforbruk, halvårsrapportar og årsmelding i samsvar med Virksamheitsplan. Samlingar / møter /arrangement Saman med dei andre tilsette i N.H. har husflidskonsulenten delteke på: Personalsamling og seminar 13. 14. september i Oslo Sektor for næring har hatt 4 møtesamlingar i arbeidsåret: Oslo 27. 28. januar / 24. 26. august /28. 29. september /10. november Arrangement for handverkarane og Norsk Flid - butikkane: Oslo 27.januar: Rica Victoria Hotel. Program: Lønnsam lidenskap v./b. Lindquister Oslo 25.august: Rica Victoria Hotel. Program: Profilering og merkevarebygging v/bennett Reklamebyrå Arrangement for husflidsbutikkar som ikkje er med i Norsk Flid: 24.august: Øvre Slottsgate 2B. Program: Behov og erfaringsutveksling Inspirasjonsseminar og konkurranse for handverkarar, kunsthandverkarar m.fl.: 24.oktober: DogA Norsk Arkitektursenter. Program: v/reklamebyrået Kitchen, designar Johan Verde og Merkeleiing v. Mette Fagerli 11. 13.november: Tallinn. Konferanse: Ornament Key to the world Telefonmøte Sektor for næring har hatt telefonmøte kvar 14.dag i arbeidsåret. Sektor for næring NH består av: Kari Skadsem Sektorleiar Magnhild Tallerås Husflidskonsulent i Hedmark Bjørg Lundeby Husflidskonsulent i Østfold Synøve Eriksen Vadøy Husflidskonsulent i Sogn og Fjordane Tove Gulsvik Husflidskonsulent i Buskerud 6

4.2 SAMARBEIDSPARTAR 2011 Administrasjonen i Norges Husflidslag Husflidskonsulentar i andre fylke Sogn og Fjordane Husflidslag Lokallag (17) Sogn og Fjordane Fylkeskommune (Kultur) Mo og Jølster vgs. / design og handverk Sunde skule Handverkarar og bedrifter i fylket og på landsplan Kommunale næringsetatar Sunnfjord Museum VOFO Sogn og Fjordane Studieforbundet kultur og tradisjon, Sogn og Fjordane og Vågå Alle samarbeidspartar kjem inn i eit eller fleire av satsingsområda. 4.3 TIDSBRUK PÅ TILTAK TILTAK BUDSJETT I VEKER REKNESKAP I VEKER ORGANISASJONSUTVIKLING: 1 - Ung Husflid Sogn og Fjordane 9,3 9,0 2 - Ung Husflid Nasjonalt / www.unghusflid.no 5,0 5,1 3 - NH Landsmøte 2012 i Førde 4,1 4,3 OPPLÆRING Gjenstander og kontekst Studie ved NTNU 4,5 3,6 Samarbeidsprosjekt Sunde skule / Sunnfjord Museum 1,0 1,0 NÆRING: Messer /Seminar /Kurs /Konkurransar m.m. 6,0 6,0 DRIFT: Organisasjonsutvikling kommunikasjon - drift 13,8 SUM: (EKSLUSIV FERIE OG PERMISJON) 42,8 7

KAPITTEL 5 ORGANISASJONSUTVIKLING Foto fra UH ungdomsklubbane i Nordfjord og Sunnfjord 8

ORGANISASJONSUTVIKLING 2011 Tiltak 1: UNG HUSFLID Sogn og Fjordane Beskriving av tiltaket: Norges Husflidslag (NH) har hatt Ung Husflid som prioritert satsingsområde frå 2007. Målsettinga var å få registrert 2000 nye medlemmer i kategorien born og unge innan år 2010 på nasjonalt nivå. Totalt hadde NH 1579 betalte medlemmer i 2011. Sogn og Fjordane hadde pr. 31.12.2011 registrert totalt 173 Ung Husflid -medlemmar fordelt på 103 born og 70 ungdom. Av desse hadde 137 betalt kontingent. Hovudmål: Husflidsaktivitetar som gjev skaparglede er ein del av alle born og unge si læring Norges Husflidslag skal vere leiande i formidling av husflid/handverk til born og unge Framdriftsplan: Vår 2011: Regionale Ung Husflid kurs for leiarar og tillitsvalde i lokallaga i Sogn og Fjordane Vår 2011: Plan for organisering av Ung Husflid nettverk med kontaktpersonar i fylkes- og lokallag Vår 2011: Evaluering/erfaringsutveksling i årsmøtet for Sogn og Fjordane Husflidslag V - H 2011: V - H 2011: Oppstart av ungdomsklubbar i Nordfjord og Sunnfjord Besøke alle UH klubbane i fylket med opplegg for praktiske oppgåver V - H 2011: V - H 2011: Verving av nye medlemmer i Ung Husflid, Sogn og Fjordane Motivere lokallaga til deltaking med Ung Husflid på Landsmøtet i Førde, juni 2012 Korleis vil du kommunisere tiltaket: Informasjon til lokallag, fylkeslag, og handverkarlag Informasjon på NH-web og i i medlemsblad og presse Invitere til kurs for vaksne som arbeider med born i lokallaga Besøke Ung Husflid klubbar i lokallaga, og organisere praktiske aktivitetar Ressurs tid: Ung Husflid Kategori born - regionalt og lokalt: 200 t. 5,3 veker. Ung Husflid Kategori ungdom regionalt og lokalt: 150 t. 4 veker. Samarbeidspartnarar: Alle ledd i organisasjonen. Ansvar: Husflidskonsulenten i Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane Husflidslag. Resultat pr. 31.12.2011: Det er aktive UH - klubbar i Aurland, Davik og omegn-, Eid-, Florø-, Kjerringa-, Luster-, Midtre Sunnfjord-, Stryn-, Svelgen og omegn-, Vik og Ytre Gulen Husflidslag Vi har no 173 registrerte medlemmer i kategorien born og unge! Gjennomført nettverksmøte for vaksne på Nordfjordeid 2.mai Konsulenten har vore på fleire besøk med praktisk opplegg i 7 av barneklubbane i 2011 Konsulenten har forsøkt oppstart av ungdomsretta tiltak i Eid, Kjerringa, Davik og Midtre Sunnfjord Husflidslag. Midtre Sunnfjord Husflidslag har greidd å oppretthalde drift av ungdomsklubb med eigne ressursar Alle mål i framdriftsplan for 2011 er gjennomført Framdriftsplan for neste år: Framhald av eksisterande tilbod, og oppstart av klubber i fleire lokallag. Vi må forsøke å få i gang Ung Husflid klubber som kan ivareta behov for tenåringane aleine - gjerne med ungdomane i medverkande ansvarsroller. TIDSBRUK pr. 31.12.2011 Budsjett 350 timar 9,3 veker Timerapportering: UH Planarbeid/førebuing 37,5 timar 1,0 veke UH Service/kontakt UH - Besøk/kurs i lokallaga Sum: 10,0 timar 295,0 timar 342,5 timar 0,2 veker 7,8 veker 9,0 veker 9

ORGANISASJONSUTVIKLING 2011 Tiltak 2: UNG HUSFLID Nasjonalt + WEB.: www.unghusflid.no Beskriving av tiltaket: Norges Husflidslag har Ung Husflid som satsingsområde i organisasjonen. I samband med dette vil vi satse på utvikling av web- side for målgruppa i Ung Husflid, kurs, prosjekt og bøker. Hovudmål: Aktiv og brukarvenleg webside med aktuelt stoff for born, unge og vaksne Tildeling av FriFond - tilskot til lag som vil satse på ungdomsretta tiltak, basert på søknad Framdriftsplan: Vår 2011: TING Å LAGE Ny praktisk oppgåve kvar månad på websida UNGDOM Utlysing av FriFond - stønad til ungdomsretta prosjekt KURS Regionale kurs for leiarar i barneklubbane BOK Ein produksjon i samarbeid med Norsk Quilteforbund Haust 2011: Framhald av tiltak vår 2011 Korleis vil du kommunisere tiltaket: Informasjon til lokallag, fylkeslag, og leiarar for Ung Husflid Informasjon i medlemsblad og presse Besøke Ung Husflid - klubbar i lokallaga, og vise korleis websida kan brukast Ressurs tid: Ung Husflid Nasjonalt og WEB: 5 veker. Samarbeidspartnarar: Ung Husflid -leiar Elin G. Garvin og arbeidsteam i Oslo Ansvar: Husflidskonsulenten i Sogn og Fjordane og teamet Resultat pr. 31.12.2011: * Alle mål i framdriftsplana vår og haust er gjennomført * Team- møte i Oslo 11.-12..januar, 11. -12.mai, 21.juni, 23.august, 15.september, 5. 6.desember * Team møte pr. tlf. kvar månad God utvikling av web- sida og stadig fleire brukarar Boka Barn + symaskin = gøy ble lansert i veke 50 * TIDSBRUK pr. 31.12.2011: Budsjett 187,5 timar 5,0 veker Timerapportering: Team - møte i Oslo inkl. reise Idè Oppgåver - Foto Redigering av web-sida Sum: 79,9 timar 37,5 timar 75,0 timar 192,4 timar 2,1 veker 1,0 veker 2,0 veker 5,1 veker Ny bok til Ung Husflid 10

ORGANISASJONSUTVIKLING 2011 Tiltak 3: Landsmøte i Norges Husflidslag i Førde 8. 10.juni 2012 Beskriving av tiltaket: Sogn og Fjordane Husflidslag (SFH) skal vere vertskap og arrangør for Landsmøtet i Norges Husflidslag den 8. 10.juni 2012 i Førde. Bakgrunn for å få tildelt arrangøransvar var søknad til styret i NH med følgjande punkt: Det er 24 år sidan det vart arrangert Landsmøte i fylket Styret i Sogn og Fjordane Husflidslag ønskjer utfordringa og er motivert for oppgåva Vi veit det vil bli arbeidskrevjande og samtidig lærerikt Det vil styrke samarbeidet mellom lokallag, fylkeslag, handverkarar, Fylkeskommunen, reiselivsbransjen, husflidskonsulenten og NH sentralt Vi har sekretær i 50% stilling som kan koordinere planlegginga regionalt i samarbeid med fylkesstyret og husflidskonsulenten Det er innhenta tilbod frå hotell i Sogn, Sunnfjord og Nordfjord Rica Sunnfjord i Førde har kapasitet, og står klar for å ta i mot organisasjonen 2. helga i juni 2012 Deltakarane får oppleve eit fylke med spektakulær natur og store kontrastar: lys, vér, fjell, brear, djupe fjordar, hav, øyar, og grøne enger! Sogn og Fjordane Husflidslag og husflidskonsulenten ønskjer å vise vegen til eineståande opplevingar i spanande reisemål i fylket Hovudmål: Synleggjere kulturfylket Sogn og Fjordane og aktivitetane i Sogn og Fjordane Husflidslag Framdriftsplan: Oppretting av Landsmøte - komitè i januar 2011 Planleggingsmøte og forhandling av avtaler med eksterne aktørar vår og haust 2011 Korleis kommunisere tiltaket: Informasjon internt i organisasjonen og i media/lokallagspresse Ressurs tid: 155 t 4,1 v Samarbeidspartnarar: Lokallag, fylkeslag, handverkarar, Fylkeskommunen, Sunnfjord Museum, Astruptunet, Rica Sunnfjord, husflidskonsulenten og NH sentralt Resultat pr. 31.12.2011 Husflidskonsulenten har: - vore i møte med alle aktuelle samarbeidspartar - førebudd saker til komitèen t.d. budsjett, arbeidsplan, program etc. - vore tilstades i 5 planleggingsmøte i komitèen: 31.01. / 09.05. / 16.06. / 05.09. / 18.10. - besøkt fleire aktuelle reisemål for vurdering Programmet for LM -12 er gjennomgått med NH sentralt, og vedteke 18.10.2011 TIDSBRUK pr. 31.12.2011: Budsjett 155,0 t 4,1 v Timerapportering: Førebuing /kontorarbeid Besøk reisemål for delegatane 49,0 t 37,5 t 1,3 v 1,0 v Komitèmøter 74,8 t 2,0 v Sum 161,3 t 4,3 v 11

KAPITTEL 6 OPPLÆRING 12

OPPLÆRING Tiltak 4: GJENSTANDER OG KONTEKST Studie ved NTNU - Trondheim Beskriving av studiet: Gjenstandar og kontekst - om husflidsprodukt i tida 1800-2000 Studiet er for alle med interesse for fagfeltet. Sentralt vil vere vurdering av ulike gjenstandar og gjenstandsgrupper fra det folkekulturelle feltet. Faget søkjer å auke den analytiske kunnskapen om denne gruppe gjenstandar i Norge. Faget gir kompetanse til arbeidet med å formidle den folkelege kulturarven, og for ny design som bygger på denne. Studentane vil gjennom praktiske øvingar få trening i analyse av gjenstandar og gjenstandsgrupper. Det vil bli lagt vekt på å beskrive bruken av det historiske førelegget, og dets betydning for gjenstandens meiningsinnhald for ulike brukargrupper i dag. Arbeidet vil dels bli gjennomført som gruppeoppgåver på samlingane og dels som sjølvstendig arbeid mellom samlingane. Ressurs tid: 4,5 veker Mål: Få verdifull kunnskap til bruk i jobbsamanheng Samarbeidspartnarar: NTNU / Studieforbundet kultur og tradisjon / Sunnfjord Museum / Alvhild og Einar Eldal i Viksdalen Resultat pr. 31.12.2011: Konsulenten har: - vore tilstades i 3 av 4 studiesamlingar i Trondheim: 9. 11.02. / 7. 9.09. / 26. 28.10. - levert inn tre mellomliggande mappeoppgåver og eksamensoppgåve om Viksdalsmalinga - bestått munnleg eksamen / 15 studiepoeng TIDSBRUK 2011: Budsjett 170 t 4,5 veker Timerapportering: Reise og studiesamlingar 134 t 3,6 veker Lesing og skriving på fritid! Sum 134 t 3,6 veker Flatbrødkorg laga av Einar Eldal med dekormåling av Alvhild Eldal, Viksdalen. 13

OPPLÆRING Tiltak 5: Samarbeidsprosjekt Sunnfjord Museum Sunde skule husflidskonsulenten m.fl. Beskriving av tiltaket: Eit samarbeidsprosjekt mellom Sunnfjord Museum og Sunde skule som skal bidra til lokal identitetsbygging i ei grend som opplever sterk tilflytting. På museet skal elevane tileigne seg kunnskap om: Tilhøva i vår region på 1850- talet og bakgrunn for å forstå vår eiga tid. Praktisk arbeid: Grindvev, spinning, kolrosing, karveskurd, solvlaging, spikking, flatbrød- /potetkakesteiking. På skulen skal elevane i 7.kl. arbeide i norskfaget med: - Tidslinjer, eigne slektslinjer attende til 1850 - Sjangertekstar med tema frå museet Framdriftsplan: Oppgåvene skal gjennomførast etter oppsett plan for hausten 2011 Ressurs tid: 1 veke Samarbeidspartnarar: Sunnfjord Museum v/ Gunnhild Systad, Oddbjørg Hjelmeland, Jon Barlund Sunde skule v/reidun Mork Husflidskonsulenten Resultat pr. 31.12.2011 Husflidskonsulenten har: - vore i møte med museet og skulen 18.oktober - førebudd og gjennomført undervisning i teknikken kolrosing på vevskyttel til grindvev 4.november - førebudd og gjennomført undervisning i teknikken karveskurd på nøstepinne 18.november TIDSBRUK pr. 31.12.2011: Budsjett 37,5 t 1,0 v Timerapportering: Samarbeidsmøte Førebuing fagstoff og kopiering Kapping og høvling av materialar Reisetid og undervisning 8,0 t 5,0 t 7,5 t 16,0 t Sum 36,5 t 1,0 v 14

KAPITTEL 7 NÆRING 15

Tiltak 6: SEKTORARBEID: MESSER SEMINAR KURS PROSJEKT Beskriving av tiltaket: Husflidskonsulenten i Sogn og Fjordane er med i Sektor for næringsutvikling. Vi arbeider innanfor fleire tiltak på nasjonalt og regionalt nivå, til det beste for næringsdrivande handverkarar. Hovudmål: Synleggjering av handverkarane i organisasjonen Kompetanseheving rasjonell produksjon/design/marknadsføring Betre rammevilkår for handverkarane Delmål: Regionale kurs/seminar Fellesarrangement med Norsk Flid butikkane Fagsamling ein gong i året Eige produktmerke frå 2011 Presentasjon av medlemmene på www.husflid.no/ Norske Husflidhåndverkere Korleis vil du kommunisere tiltaket: Nettverk i organisasjonen Media/lokal presse Samarbeidspartnarar: Norske Husflidhåndverkere Medlemsgruppa i Norges Husflidslag Sektor for næringsutvikling team med 5 kollegaer Norsk Flid butikkane og andre medlemsbutikkar Birka Nasjonalt senter for kunst og handverk NHU Norsk handverksutvikling, Maihaugen NHO Håndverk Ansvar: Husflidskonsulenten og Sektor for næringsutvikling Resultat pr. 31.12.2011: Vidareføring av Løfte håndverket Prosjekt i samarbeid med Birka, NHU, NHO BIT basen: http://www.bitkulturhandverk.no/ er under utvikling Seminar DogA / Design og arkitektursenteret, Oslo 24.10.2011 for handverkarar Produktkonkurransen Identitet- Invitasjon til handverkarar i S. og Fj. Kveldsarrangement i Oslo 18.01. og 25.08. for butikkar og handverkarar Fagsamling for handverkarar i S. og Fj, på Lote/ Nordfjordeid 20. 21.mai Handverkarar i S. og Fj. er invitert til å stille ut produkta sine i Landsmøtet 2012 2 handverkarar frå S. og Fj. deltek i Norges Husflidslag sin nasjonale konkurranse, Identitet TIDSBRUK pr.31.12.2011: Budsjett 230,0 t 6,1 v Timerapportering: Praktisk arbeid utstilling/arr. Møte i Næringssektor inkl. reisetid: Arbeid med websida Nettverk Sogn og Fjordane Saksførebuing for jury m.m. 37,5 t 125,5 t 10,0 t 35,0 t 18,7 t 1,0 v 3,4 v 0,2 v 1,0 v 0,5 v Sum 226,7 t 6,0 v Vedlegg: 1) Seminar Dog A Oslo 24.10.2011 2) Produktkonkurransen Identitet Idè i tet 16

8: ORGANISASJONSUTVIKLING - KOMMUNIKASJON - DRIFT I tillegg til større prosjekt som er rapportert på tiltaksark, går mykje tid på dagleg drift. Konsulenten rapporterer all tidsbruk til overordna pr. kvartal. Arbeidstid blir dagleg lagt inn i detaljert Excel- skjema. På organisasjonsutvikling, kommunikasjon og drift ligg 13,8 veker fordelt på: Organisasjonsutvikling: Studieforbundet kultur og tradisjon Sogn og Fjordane 0,5 FOLK Sogn og Fjordane 1,1 Kommunikasjon: Samarbeidsmøte med Sunnfjord Museum 0,5 Samarbeidsmøte med handverkarane i S.og Fj.. 0,5 Drift: Planarbeid for NH 1,3 Personalsamlingar - Konsulentsamling 2,0 Sal og marknadsføring 0,4 Kontorrutinar 2,0 Andre samarbeidspartar 1,0 Service og henvendelser 2,2 Tillitsvalt - arbeid for Utdanningsforbundet 2,3 SUM 13,8 SLUTTORD: Eg er stolt over den flotte innsatsen som har markert Sogn og Fjordane i landssamanheng når det gjeld verving av born og unge. Arbeidet med born og unge må halde fram slik at endå fleire får bli kjende med organisasjonen og kjenne gleda ved skaparevne og nærleik til røtene våre. Born og unge er framleis eit prioritert tiltak for Norges Husflidslag. Eg vil halde fram med å jobbe for å inspirere lokallaga i form av medarbeidarkurs, og hjelpe dei lokallaga som treng praktisk tilrettelagde oppgåver i Ung Husflid - klubbane. Sogn og Fjordane Husflidslag skal også vere vertskap for NH sitt Landsmøte 2012. Pr.d.d. er programmet i boks, men våren vil krevje stor innsats av alle for at vi skal få realisert planane om ei stor markering av kulturlivet i fylket. Eg gleder meg til å gå i gang med oppgåvene! Tusen takk godt samarbeid og stor arbeidsinnsats dette året! Nordfjordeid, den 04.01.2012 Synøve Eriksen Vadøy 17