FUSA KOMMUNE MØTEPROTOKOLL Arkivsak: Løpenummer: Utval: Kommunestyret Møtestad: Tønnegarden; Holmefjord Møtedato: 25.03.2014 Tid: 10:00 15:30 16:00 17:00 Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova. Saklista vart sendt gjort kjent for medlemene og varamedlemene via utlegging på heimesida og informasjon i e-post. Møtet vart kunngjort i ei avis og på heimesida. Del 1 kl 10.00 15.30 - Opplæring for fokevalde Årets tema for opplæring av folkevalde var arealplanen. I tilegg til kommunestyret var også 1. og 2. varamann for kvar liste frå utval for plan og miljø innkalla til opplæringa. Følgjande kommunestyremedlemer møtte i del 1: Atle Kvåle, Hans Ekeberg, Egil Riise, Ap Magne Djuvik, Kristine Hjartnes, Gunnar Hansen Frp Steinar Skår, Aud May Boge, Steinar Berland, H Anne Martinsen, Asbjørn Heidal, Stina Kvåle Bergesen, Krf Hans S. Vindenes, Marianne Borge, Margunn Y. Samnøy, Øyvind Nordbø, Haldor Tuft, Mikal Leigland, Sp Birgitte H. O. Skibenes, SV Gustav Folkestad, V Forfall: Roger Hoel, Frp hadde forfall. 1. og 2. varamann for kvar liste frå utval for plan og miljø innkalla til opplæringa og følgjande møtte: Egil Rosvoll, Frp, vararepresentant May Boge, H, vararepresentant Herborg Nordtveit, Sp, vararepresentant Forfall: Roald Samnøy, Krf, hadde forfall til opplæringa Programmet for opplæringa finn ein i møteinnkallinga.
Del 2 kl 16.00 - Ordinært kommunetyremøte Desse kommunestyremedlemene møtte i del 2 Atle Kvåle, Hans Ekeberg, Egil Riise, Ap Magne Djuvik; Frp: møtte frå kl 11.15. Kristine Hjartnes, Gunnar Hansen Frp Steinar Skår, Aud May Boge, Steinar Berland, H Anne Martinsen, Asbjørn Heidal, Stina Kvåle Bergesen, Krf Hans S. Vindenes, Marianne Borge, Margunn Y. Samnøy, Sp Øyvind Nordbø, Haldor Tuft, Sp, Mikal Leigland, Sp: møtte frå kl 12.30. Birgitte H. O. Skibenes, SV Gustav Folkestad, V Forfall og møtande varamedlemer Roger Hoel, Frp hadde forfall. For han møtte Arne Holmefjord som vararepresentant frå kl 16.00. Inhabilitet Hans S. Vindenes, Sp, var ugild i sak nr 2/14. For han møtte Herborg Nordtveit, Sp, som vararepresentant. Jf. kommunelova 40 nr 3 jf. forvaltningslova 6 2. ledd. Asbjørn Heidal, Krf, var ugild i sak 3/14. For han møtte Rune Samnøy, Krf, som vararepresentant, Jf. kommunelova 40 nr 3 jf. forvaltningslova 6 2. ledd. Mikal Leigland, Sp, var ugild i sak nr 2/14. For han møtte Herborg Nordtveit, Sp, som vararepresentant. Jf. kommunelova 40 nr 3 jf. forvaltningslova 6 2. ledd. Andre som var tilstade på møtet Rådmann Berit Fløisand Ansvarleg sekretær Gunn Sissel Teigen Merknader til innkalling og sakliste Det var ingen merknad til innkalling og sakliste. Ordførar Hans S. Vindenes, Sp, leia møtet. Varaordførar Atle Kvåle, Ap, leia møtet i sak 2/14. Orienteringar: Presentasjon ved organisasjonssjef Knut Songve frå Hordaland Idrettskrets og Liv N. Kilen samt Richard Markhus frå Fusa Idrettsråd. Presentasjonane vert også sendt ut til kommunestyret.
Til slutt i møtet svara ordførar Hans S. Vindenes, Sp, på spørsmål frå Hans Ekeberg, Ap. Arbeiderpartiet v/gruppeleiar Hans Ekeberg Ap hadde i e-post 18.03.14 sendt interpellasjon til kommunestyremøtet. Ordføraren orienterte om at han har handsama denne førespurnaden som spørsmål ikkje som interpellasjon jf. kommunestyret sitt reglement og også informasjon i KS sitt hefte Møtet er satt /folkevaldopplæringa: a) Interpellasjon - er førespurnadar som gjeld prinsipielle spørsmål. b) Spørsmål/grunngitte spørsmål er førespurnadar som gjeld konkrete forhold. Tidsfrist for interpellasjon er minst 5 dagar før møtet. For spørsmål/grunngitte spørsmål er det ingen tidsfrist. Dei kan også stillast i møte. Kommunestyret kan då ikkje forventa å få anna enn eit førebels svar. Det er ønskjeleg at slike førespurnader også vert sendt inn skriftleg i god tid før møtet. Førespurnaden frå Hans Ekeberg, Ap, er ikkje ein prinsipiell førespurnad. Det gjeld eit konkret forhold/sak. Vidare orienterte ordføraren om kva er ein protokolltilførsel er: Ordførar Hans S. Vindenes viste til KS sitt hefte Møtet er satt som også vert lagt ut lenkje til i møteprotokollen: Protokolltilførsel Dersom et mindretall i kollegiet er svært misfornøyd med det som ble vedtatt av kollegiets flertall, kan mindretallet på én person eller flere be om protokolltilførsel for å få ytterligere markert sin dissens i protokollen. Dette blir da en spesiell presisering i tillegg til det som stemmegivningen allerede viser. Eventuell protokolltilførsel må varsles før man går til votering. Se for øvrig del B kapittel 16 om protokolltilførsel 16 Protokolltilførsel 16.1 Kommunale/fylkeskommunale kollegier En protokolltilførsel er et mindretalls spesielle merknader som ønskes tatt med i protokollen for møtet. Dersom en representant ønsker protokolltilførsel etter at votering er foretatt i en sak, avgjør ordføreren/fylkesordføreren/utvalgslederen som møteleder om protokolltilførsel skal tillates.
Dersom ordføreren/fylkesordføreren/utvalgslederen ikke vil godta en protokolltilførsel, og det protesteres mot møtelederens avvisning, skal kommunestyret/fylkestinget/utvalget ved votering avgjøre om protokolltilførselen skal godtas inntatt i protokollen eller ikke. I alminnelighet bør ikke en protokolltilførsel avvises. Her må utvises et rimelig skjønn. Lenkje til heftet i si heilhet: http://www.ks.no/pagefiles/18990/a5%20m%c3%b8tet%20er%20satt.pdf I reglementet for Fusa kommunestyre (vedteke 06.11.07) står det at eventuelle protokolltilførslar skal førast i møteboka. Arbeiderpartiet v/gruppeleiar Hans Ekeberg Ap har i e-post 18.03.14 sendt følgjande førespurnad til kommunestyremøtet 25.03.14: På budsjettmøtet i desember 2013, kom Atle Kvåle, Ap, med fylgjande tekstframlegg: Kommunestyret ber om at det vert utpeika ein folkehelsekoordinator. I protokollen frå budsjettmøtet heiter det: Protokolltilførsel frå Atle Kvåle vert samrøystes oversendt rådmannen. Spørsmål: 1. Kven har rådmannen peika ut? 2. Korleis er tenesta organisert? 3. Kva stillingsstorleik er no knytt til folkehelsekoordinatoren? Imøteser svar på spørsmåla. Rådmann Berit Fløisand ga følgjande svar: Dette er sagt i budsjettdokumentet 2014 (side 57): 21 Når det gjeld dei konkrete kutta, vil rådmannen særleg peika på at folkehelsearbeid skal ha fokus i heile organisasjonen vår, sjølv om vi avviklar koordinatorstillinga. Vi har m.a. fått utarbeidd folkehelserapport og etablert gode samarbeidsfora for folkehelsearbeid i den tida vi har hatt folkehelsekoordinator. Fylkeskommunen har signalisert at dei ikkje lenger vil gje tilskot til slike stillingar i kommunane. I staden kan vi forventa å få eit mindre tilskot til konkrete folkehelsetiltak. Rådmannen finn ikkje rom for å prioritera friske midlar til framhald av denne stillinga, som ikkje er lovpålagd. Vi skal likevel ivareta folkehelsearbeid på lik line med mange andre viktige område. Leiarar og tilsette må, med bakgrunn i planar og mål, samhandla på best tenlege måte gjennom fagfora, team m.m. Eininga Helse, familie og velferd får eit særleg ansvar for å sjå til at folkehelsearbeidet har fokus i heile organisasjonen. På budsjettmøtet i desember 2013, kom Atle Kvåle, Ap, med fylgjande framlegg til protokolltilførsel: Kommunestyret ber om at det vert utpeika ein folkehelsekoordinator. Protokolltilførsel frå Atle Kvåle vert samrøystes oversendt rådmannen.
Kommunestyret sitt budsjettvedtak inneber at midlande til ein eigen stilling som folkehelsekoordinator er fjerna. Protokolltilførselen er såleis ein markering frå AP som kommunestyret støtta vart oversendt til rådmannen. I 2014 har rådmannen sett folkehelsearbeid på dagsorden i leiarmøtet. Arbeidet må vera forankra i leiarskapet. Vi må arbeida på systemnivå og våre tiltak må vera forankra i vedtekne planar. Folkehelserapporten er viktig grunnlagsdokument. Vi skal halda fram med tverrfagleg samansett folkehelsegruppe, slik vi har hatt i dei åra vi har hatt folkehelsekoordinator. Vi kan søkja midlar til koordinatorrolle for denne gruppa, slik at vi i nokon grad kan frikjøpa tid, dette er vi i ferd med å gjera. Om ønskjeleg kan rådmannen koma tilbake til kommunestyret i neste møte med meir konkret informasjon om folkehelsearbeidet Evt. merknader til protokollen må sendast til Fusa kommune innan 14 dagar. Eikelandsosen, 28.03.14 Hans S. Vindenes Ordførar Gunn Sissel Teigen Ansvarleg sekretær
Sakliste Sak nr. Sakstittel 001/14 GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL FRÅ MØTET 17.12.13 002/14 NY PENSJONSORDNING FOR FOLKEVALDE FRÅ 01.01.2014 003/14 NEDLEGGING AV KOMMUNALE VEGAR I FUSA KOMMUNE
001/14: GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL FRÅ MØTET 17.12.13 Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Møteprotokollen frå møtet 17.12.13 vert godkjent. 25.03.2014 KOMMUNESTYRET Handsaming: Framlegget frå rådmannen vart samrøystes vedteke. KOM-001/14 VEDTAK: Møteprotokollen frå møtet 17.12.13 vert godkjent.. 002/14: NY PENSJONSORDNING FOR FOLKEVALDE FRÅ 01.01.2014 TILRÅDING: Fusa kommune vedtek følgjande pensjonsordning: Alternativ 1 - Fellesordninga 1. Folkevalde i Fusa kommune som fyller krava for innmelding i pensjonsordning skal frå 1.1.2014 opptena sine pensjonsrettigheiter i KLP si ordinære tenestepensjonsordning. 2. Ein folkevald fyller innmeldingskravet til pensjonsordninga når ho/han har godtgjersle som tilsvarer 1/3 av full godtgjersle. 3. Folkevald vert innmeld i ordninga med tilsvarende eigendel (2 %) som øvrige tilsette. 4. Fusa kommune inngår tilleggsavtale om AFP frå 62 til 65. 25.03.2014 KOMMUNESTYRET Handsaming: Hans S. Vindenes, Sp, er ordførar og utfallet i saka kan påvirka hans inntekt innan kort tid. Han ba difor om at habiliteten vart vurdert og gjekk frå møtet. Herborg Nordtveit var innkalla og tok plass som vararepresentant. Hans S. Vindenes, Sp, vart samrøystes kjend ugild. Jf. kommunelova 40 nr 3 jf. forvaltningslova 6 2. ledd. Varaordførar, Atle Kvåle, Ap, leia møtet. Tilrådinga frå formannskapet vart samrøystes vedteke. KOM-002/14 VEDTAK: Fusa kommune vedtek følgjande pensjonsordning: Alternativ 1 - Fellesordninga
. 1. Folkevalde i Fusa kommune som fyller krava for innmelding i pensjonsordning skal frå 1.1.2014 opptena sine pensjonsrettigheiter i KLP si ordinære tenestepensjonsordning. 2. Ein folkevald fyller innmeldingskravet til pensjonsordninga når ho/han har godtgjersle som tilsvarer 1/3 av full godtgjersle. 3. Folkevald vert innmeld i ordninga med tilsvarende eigendel (2 %) som øvrige tilsette. 4. Fusa kommune inngår tilleggsavtale om AFP frå 62 til 65. 003/14: NEDLEGGING AV KOMMUNALE VEGAR I FUSA KOMMUNE TILRÅDING: Saka vert utsett for at ho skal handsamast saman med saka om gjennomgang av andre kommunale tenester jf her vedtak i kommunestyresak nr 35/13 og formannskapet sitt vedtak i sak nr 1/14. 25.03.2014 KOMMUNESTYRET Handsaming: Det er sendt ut 3 nye vedlegg til kommunestyret sitt møte: Skriv av 23.02.14 frå oppsitjarar av Kalvenvegen. 2 av skriva vart også ettersendt til formannskapet då saka vart handsama der: E-post av 17.02.14 frå Torild Lohne og e-post av 18.02.14 frå Per Eivind Austefjord. Ordførar Hans S. Vindenes, Sp, viste m.a. til skriv av 07.02.14 frå Advokatfirmaet Steenstrup Stordrange DA der advokatane har gjort ei vurdering av habiliteten til det enkelte medlem og varamedlem på bakgrunn av opplysningar frå dei folkevalde som har sendt inn kartleggingskjema. Jf. kommunelova 40 nr 3 jf. forvaltningslova 6 2. ledd: Asbjørn Heidal, Krf, har i kartleggingsskjema opplyst at han og nærståande har tilknytning til tre ulike vegar som er forslege nedlagt som kommunal veg. Han ba difor i formannskapet om at habiliteten vart vurdert og at han vart kjend inhabil i saka. Advokaten har vurdert han under noko tvil som inhabil, jf. notat av 07.02.14. Asbjørn Heidal vart kjend inhabil i formannskapet. Han ba også om at habiliteten hans vart vurdert i kommunestyret. Rune Samnøy, Krf, var innkalla som vararepresentant og tok plass i møtet. Mikal Leigland, Sp, har ikkje sendt inn kartleggingsskjema. Han opplyste i formannskapsmøtet at han - og selskap han eig m.a. har eigarinteresser langs fleire kommunal vegar som er foreslege privatisert. Mikal Leigland vart kjend inhabil i formannskapet. Han ba også om at habiliteten hans vart vurdert i kommunestyret. Herborg Nordtveit, Sp, var innkalla som vararepresentant og tok plass i møtet. Det vart samrøystes vedteke at Asbjørn Heidal er inhabil. Det vart samrøystes vedteke at Mikal Leigland er inhabil.
Jf. kommunelova 40 nr 3 jf. forvaltningslova 6 2. ledd. Tilrådinga frå formannskapet vart vedteke med 14 røyster. 7 røysta mot. (4 Frp, 3 H) KOM-003/14 VEDTAK: Saka vert utsett for at ho skal handsamast saman med saka om gjennomgang av andre kommunale tenester jf her vedtak i kommunestyresak nr 35/13 og formannskapet sitt vedtak i sak nr 1/14.