Restaureringsprosjekt for Sanda gardsnummer 75, bruk nummer 4 og 8 i Gaular Kommune



Like dokumenter
Sandvin. Gardsnummer 75, bruksnummer 8 i Gaular kommune

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring.

RANDA Slekt- henta frå Gaularsoga bygdebok for Sande (side )

Eidegrend klyngjetun

Kort omtale og vurdering av dei innkomne søknadane

Sanda. gardsnummer 75 bruk 4 i Gaular kommune. Gardsnummer 225 løpenummer 143 i Indre Holmedal kommune.

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

Notat om historie og kulturlandskap

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

«Ny Giv» med gjetarhund

Arbeidsvekebok. Museet, Ny-Ålesund Tore Storm Jortveit

INNKALLING TIL MØTE I SAMNANGER SOKNERÅD / SAMNANGER KYRKJESTYRE Måndag 22. april 2013 kl i kyrkja på Haga.

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

D/S Stord 1 Månadsrapport - januar 2010

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Vår ref. 2013/ Særutskrift - BS - 93/2 - fasadeendring og bruksendring av løe - Seimsfoss - Gøril Guddal

Styret har vore samansett slik i 2012 :

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Sansehage Kleppheimen

Fyresdal kommune. Møteinnkalling. Side1

Til Kopi: Tenesteleiar Einar Nedrelo Frå Arkivkode Arkivsaknr. Løpenr. Dato

HUFTHAMAR- TUNET. Austevoll kommune 5392 Storebø Tlf:

SALSOPPGÅVE Landbrukseigedom i Syltefjorden, Vanylven kommune.

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

M/S NYBAKK SI HISTORIE

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

TIDSUR. Svartedauden. Dei første norske byane vert grunnlagt. Dei første menneske kjem til Noreg. Julius Cæsar

Skjervheim 279 1/6. Moderne gardsdri i pakt med kulturlandskapet. Myrkdalen Voss kommune

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

67/67 SØKNAD OM DISPENSASJON FRÅ KRAVET OM ANTALL BYGG PÅ EIGEDOMMEN OG BYGGING AV ANNEKS FRÅ REGULERINGSPLANEN HEMSEDAL SENTRUM, TRØIM.

Kommentar frå Naturvernforbundet vedrørande blåsesand i Ulsteinvik

Setring ved Håbakkselet Hareid

Rapport. Rydding av gammalt søppel i stiane til Fannaråken og ved Skautehaugane. August månad 2010

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

Stadnamn for Luster bruk av stadnamnbasen på Internett

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Heilårsbruk av hus på gard og i grend

Sak til styremøtet. Høyringsuttale til forslag til landsverneplan. Jonatunet. Høyringsuttale til forslag til landsverneplan. Saksnr.

MEDLEMSINFO. august 2009

Einar Kleiven har leita etter elvemusling i Vest-Agder, nærare bestemt i nokre bekkar i Mandalselva og i Nesheimvassdraget på Lista.

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Styresak. Arild Fålun Nybygg aust - Bygg for Helse Førde, interkommunale funksjonar og tannhelsetenesta

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

ÅRSMELDING 2012 \ BJØRKEDAL KYSTLAG

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

16. april Kurs i matrikkelføring. Adresseoppgåver

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Lønnsundersøkinga for 2014

Brukarrettleiing E-post lesar

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Elektronisk registrering av sett hjort og slaktevekter

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012

breivik sementvarer Forskalingsblokk og nopsastein frå Breivik kalkverk

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Eksamen AMF3102 Anleggsmaskinførarfaget/Anleggsmaskinførerfaget Lærlingar og praksiskandidatar / Lærlinger og praksiskandidater

Eksklusive leilegheiter ved Grytafjorden EIDSVIK STRANDA

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Vår ref. 2013/ Særutskrift - 94/2 - bustadhus - Seimsfoss - Bjarte Naterstad

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

Felles Landbrukskontor ÅLA. Tiltaksplan landbruk Handlingsplan for 2015 og 2016

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

STØLSUTLEIGE I GLOPPEN

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Handegård Arkiv: L12 Arkivsaksnr.: 11/2001

Kulturhistoriske registreringar

Juvet Landskapshotell

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

OSTERØY VIDAREGÅANDE SKULE - VURDERING AV NYBYGG

Transkript:

Restaureringsprosjekt for Sanda gardsnummer 75, bruk nummer 4 og 8 i Gaular Kommune Joar Sande Sunde, 6800 FØRDE 414 40 591 Olav Sande 6973 SANDE

Innleiing Garden Sanda i Gaular, gardsnummer 75, har 5 bruk som alle har vore i aktiv drift. I dag er det berre drift på bruk 5, som slår marka til bruk 4. Bruk 4 består av ca. 1000 mål innmark og utmark, med til dels mykje skog (furu og gran) i utmarka. Bruk 8 er den gamle kårbustaden på bruk 4, tomta er i underkant av eit mål, men bruket har rettar i utmarka etter skulda. Det restaureringsprosjektet som er omtala her starta i 1997, og er så langt fullt ut finansiert med private midlar. Tunet Tunet på dei to bruka ligg like ved E39, og vart flytta dit etter eit stort jordskred som gjekk i 1861. Alle husa, unnateke kårhuset, ser utvendig likeeins ut som då dei vert sette opp. Tunet frå 1863 Det nye tunet, ca 1863. Tunet vart bygd opp etter skredet i 1861. Restaureringsprosjekt Joar Sande side 2 av 19

Dagens tun I dagens tun er det 8 bygningar: 1. Det gamle hovudhuset. Opprinneleg ei sperrestove frå ca. 1863, som vart påbygd ca. 1908. Dette huset, og tomta det står på, vart frådelt i 1928 og fekk bruksnummer 8. Noverande eigar er Joar Sande. Eigedommen omfattar også eit stabbur frå 1700-talet. (sjå 8). Huset vart restaurert i 2002, og stabburet var ferdig restaurert i 2004. 2. Hovudhuset (Bygningen). Byggeår ca. 1875, påbygd ca. 1910. Huset har to fulle etasjar m/ kjellar og loft. Huset var legebustad/kontor frå ca. 1910 1915. 3. Låve m/ mura fjøs. Byggeår 1902. Låvebrua vart bygd i 1905. 4. «Ølhus» (eldhus). Restaurert 1963. Ved sida av ølhuset sto ei eldstove som vart seld på auksjon i 1920. Grunnmuren etter eldstova står enno. 5. Garasje. Byggeår 1975. På denne staden stod det opprinneleg eit moldhus. Før i tida var det vanleg å blande mold i naturgjødselen, for å «drøye» denne, og ein trengde då ein oppbevaringsplass for molda. 6. Kårhus. Byggeår 1958-59. 1. 5 etasje m/kjellar. Kårhuset har eige bruksnummer, bruk 26 Sandvin. Kårhuset vart påbygd i 2001-02. 7. Gammal gropsilo frå 1975. Det vart bygd garasje her i 1999. 8. Stabbur - høyrer saman med 1 Bygningane 1 og 8 tilhøyrer bruk 8, medan dei andre tilhøyrer bruk 4. Eigar av bruk 4 er Olav Sande, og eigar av bruk 8 er Joar Sande. Skisse av tunet, frå fylkesatlas.no. E39 er planlagt lagt utanom Sande sentrum i 2014-15. Restaureringsprosjekt Joar Sande side 3 av 19

To av bygningane, hovudhuset (2) og spesielt låven (3), treng omfattande restaurering. Det vil bli lagt vekt på å ta vare på bygningane slik at dei utvendig ser ut slik som dei alltid har gjort. Det er difor ein stor fordel at bygningane stort sett står slik som dei var når dei var nybygde. Bruk 4 og 5 (til venstre) mellom 1912 1920. Foto i Fylkesarkivet. Widerøe 1973. Huset lengst til venstre ligg på bruk 5. Restaureringsprosjekt Joar Sande side 4 av 19

13. juni 2011. Fotograf Ole Skagen. Status 2011 1. Gammalt hovudhus, 1. etasje oppussa i 1980 tette lekkasje i kjellar pusse mur (har opprinneleg vore pussa, men er no sterkt forfallen) nye vindskeier og vassbord reparere, evt. byte ut vindauge i 2. høgda Ferdig restaurert i 2002. Alle veggar isolerte, nytt elektrisk opplegg, nytt bad, nytt kjøkken og golvvarme. Ny inngangsdør og loftstrapp hausten 2010. 2. Noverande hovudhus (våningshus) reparere/byte ut alle vindauge, takast over fleire år etterisolere, vindtette og byte kledning på vestveggen. få lagt skikkeleg undertak, evt. isolere noko. Dei gamle hellene (lappskifer) må brukast oppatt så langt råd er isolere og evt. innrede loft sette inn kopi av opprinneleg inngangsdør (nordsida) Loft isolert i 1996. Vestveggen skifta og isolert i 1997. Vindauga reparerte i 1998. 3. Låve legge om taket (firkanta, stor skifer), pga. til dels store lekkasjar. Taket må også rettast opp, og rotne delar må skiftast ut skifte ut rotne delar i grindverket legge nytt golv mellom fjøsen og høylageret, bjelkar og bord er rotne legge nytt golv i stallen sette inn nye vindauge, evt. reparere dei gamle pusse og male/kalke muren innvendig Restaureringsprosjekt Joar Sande side 5 av 19

4. Ølstove nytt tak vart lagt i 1991, og her er berre mindre vedlikehald påkrevd 5. Garasje berre mindre vedlikehald påkrevd 7. Gammal silo planen er å rive denne, og sette opp garasje/redskapshus på same staden. Redskapshuset må byggast på ein slik måte at det ikkje vert for dominerande, og passar inn i «stilen» til låven. Gropsiloen riven i 1997, og ny garasje bygd i 1999. 8. Gammalt stabbur på sikt vil det bli aktuelt å jekke opp stabburet, for å rette opp stabbane. Dette arbeidet er ikkje teke med i dette prosjektet. Alt restaureringarbeidet vil basere seg på at ein brukar opp att material så lang råd er, men dersom det ikkje går, så vil ein kopiere delar. Stabburet ferdig restaurert i 2004. Nytt torvtak, nytt golv og ny kledning mot nord og sør. Framdriftsplan vidare 2. Noverande hovudhus (våningshus) * reparere/byte ut alle vindauge, takast over fleire år * etterisolere, vindtette og byte kledning på vestveggen. * få lagt skikkeleg undertak, evt. isolere noko. Dei gamle hellene (lappskifer) må brukast oppatt så langt råd er * isolere resten av veggane og evt. innrede loft * sette inn kopi av opprinneleg inngangsdør (nordsida). Restaurere inngangsdør mot sør. Loft isolert i 1996. Vestveggen skifta og isolert i 1997. Vindauga reparerte i 1998. 3. Låve * legge om taket (firkanta, stor skifer), pga. til dels store lekkasjar. Taket må også rettast opp, og rotne delar må skiftast ut * skifte ut rotne delar i grindverket * legge nytt golv mellom fjøsen og høylageret, bjelkar og bord er rotne * legge nytt golv i stallen * sette inn nye vindauge, evt. reparere dei gamle * pusse og male/kalke muren innvendig 2012 Rydde låven. Legge om taket og skifte ut rotne delar i grindverket. Skifte kledning på vestveggen Restaureringsprosjekt Joar Sande side 6 av 19

2013 Legge nytt golv mellom fjøs og høylager, og nytt golv i stallen. Sette inn nye vindauge og kalke muren innvendig. Drenere utvendig. Restaureringsprosjekt Joar Sande side 7 av 19

Historie Sanda bruk 4 Ytre Sande (Sanda, bruk 4 og 5) og Indre Sande (bruk 1,2 og 3) hadde felles tun fram til starten på 1860-talet. Lisjeelva skilde dei to tuna. 15. juni 1861 gjekk det ei stor skrede som ødela samtlige huse på bruk 1 på Indre Sande, unnateke eldhuset. Sanda hadde ei tid gått med planar om å flytte tunet sitt lenger vest, og skreda fekk fart på planane. Mikal (fødd 1861) var den siste som var fødd i det gamle tunet, og Mathæus (fødd 1864) den fyrste som vart fødd i det nye. I det nye tunet er sola vekke i om lag 14 dagar, og kjem tilbake 1. nyttårsdag medan Gamletunet er den staden det er mest sol. Plassering av tuna på Ytre og Indre Sande. fylkesatlas.no Bygningar Den gamle floren, som var bygd rundt 1863, hadde innlagt vatn frå Bekken. Til huset kunne jentene bere vatn, så der var det ikkje nødvendig med innlagt vatn. Hadde karane ansvaret for vassberinga til floren, tru? Ved den gamle låven var det eit vasshjul. Bekken som kjem ned ved Storsteinsfletene, Furuskorelva, vart leidd ned Mjeltehogen for å drive vasshjulet. Restaureringsprosjekt Joar Sande side 8 av 19

Knud Knudsen 1872. Fremst ligg Sivertsens hotell, der Bernt Sivertsen starta med landhandel og overnatting i 1838. Vegen Vadheim- Førde vart teken opp som hovudveg i 1837, så då vart det større behov for overnatting og gode mulegheiter til å drive handel. Bak kyrkja ser vi nokre av husa på bruk 4. Låven ligg nord-sør, og har eit vasshjul som mellom anna vart brukt til tresking av kornet. Sandegardane var sjølvforsynte med korn, det vanlegaste kornslaget var havre. Den nye kombinerte floren og låven vart bygd i 1902. Folk hadde problem med å forstå kva Mads Sande skulle fylle den store bygningen med. Faren, Jakob Sande (fødd 1825) meinte at det var ei uhøyrt betaling til bygningsarbeidarane. Dei hadde ei krone dagen og arbeidde berre 10 timars dag! Skifertaket kom med båt til Bygstad og vart køyrt heim med hest. Floren hadde fôrgang i midten, det var uvanleg på den tida. Køyrebana inn på låven vart heva i 1905, slik at det vart lettare å lesse av høyet. Golvet i stallen var støypt, men det datt ned då ein støttebjelke svikta. Etter det var det tregolv. Sonen til Mads, Olav (fødd 1890), laga nye vindauge mot aust på 30-talet ein gong. Øllhuset (eldhuset) sto før i lag med ei eldstove, noko som var vanleg på gardane før. Jakob (fødd 1825) og kona Lovisa (fødd 1831) hadde eldstova som kårbustad, Jakob døydde i 1915 og Lovisa i 1919. Kårstova vart seld på auksjon i 1920, truleg til Yndestad i Bygstad der ho skal ha brunne opp. Brørne Mads (fødd 1856) og Mikal (fødd 1861) brukte å bryggje øl til jul i lag i Øllhuset. Der var det ei stor grue og ei turkehelle. Øllhuset vart restaurert etter at Odd Sande tok over garden i 1960. Stabburet frå 1700-talet vart flytta frå Gamletunet rundt 1863, og vart restaurert i 2003-4. Det er restar etter tjørekrossar på den gamle stabbursdøra. Ivar Aasen reiste forbi Sande i oktober 1842, og merka seg at det var måla krossar på dei fleste dører. Folk her hadde stor respekt for dei underjordiske! På 30-talet var det planar om å flytte stabburet til staden der den gamle eldstova hadde stått. Stabburet vart aldri flytta, og grunnmuren som vart mura opp har stått slik sidan. Restaureringsprosjekt Joar Sande side 9 av 19

Den gamle sperrestova, bygd i 1863, vart leigd ut til kommunen, og kommunestyremøta vart haldne her. Indre Holmedal sparebank (skipa i 1894) leigde også, frå 1897 til 1909. Leiga var i starten 20 kr året, men dette vart auka til 30 kr året i 1904. Banken fekk seinare lokale i det nye kommunehuset som sto ferdig i 1909. Sperrestova vart bygd på med ein etasje rundt 1908. I 1980 var den pussa opp og plata innvendig, men huset vart tilbakeført til gammal stand i 2002. Ved oppussingsarbeid i 1995 vart det funne to gamle protokollar bak kledningen. Det var protokollar frå arbeidet i fattigkommisjonen, frå 1840 og framover. Mads Sande hadde mange kommunale verv, så dei har vore lagra på øvsteloftet og så dotte ned bak kledningen. Protokollane vart leverte til Fylkesarkivet, og er no restaurerte. Bygningen (storehuset) vart bygd rundt 1875, og var heilt likt huset i Randa (Sande bruk 3). Byggmeister for begge husa var Jakob Sande. Sonen Mads bygde på Bygningen rundt 1910 for å leige den ut som kombinert legebustad og kontor. Men kommunen kjøpte Sivertsens hotell i 1915 og gjorde det om til legebustad, så då vart det slutt på utleiga. Vindauga i første etasje mot vest vart skifta på 50-talet, Selberg frå Bygstad laga dei. Det vart laga nytt kjøkken og eine stova vart oppussa i 1961. Dette arbeidet vart utført av Jens og Magnus Fureli. Nytt soverom og bad vart laga i 1975. I 1996 vart loftet kledd inn og isolert av Ivar Johan og Magne Aarberg. Kledningen på vestveggen vart skifta i 1997 av Egil Eikeland og Terje Buene. Skogen kom frå Tjønnene (tidlegare husmannsplass) og borda vart skorne på eit mobilt sagbruk. Vindauga i 2. etasje vart restaurerte av Kåre Jon Humlestøl frå Svortevik. Bildet er frå 1908. Vi ser den nye floren (bygd 1902) og at sperrestova er påbygd medan Bygningen ikkje er det. Fiske har alltid vore ein populær aktivitet. Restaureringsprosjekt Joar Sande side 10 av 19

Fotograf Talle frå Bergen rundt 1910. Både sperrestova og Bygningen er påbygd. Ved sida av floren stod eit moldhus og vedhus der det no er garasje. Moldhuset vart brukt til å lagre mold som skulle brukast til å suge opp gylla i gjødselkjellaren. Molda vart henta i Moldtaket som ligg mellom Gamlevegen og E39 ute ved Sandagjære. Odd Sande (på hesten) og Leif Sande framføre moldhuset. Foto av Odd Brathole 1938. Restaureringsprosjekt Joar Sande side 11 av 19

Høgspentlinja kom på slutten av 40-talet, og bruk 5 bygde på våningshuset i 1957, så bildet er teke ein gong mellom det. Vi ser murane til gamlefloren på bruk 5 i mellom stabburet og våningshuset på bruk 5. Gaula går høg, så dette er nok på hausten. Husa er umåla, så måling brukte ein ikkje mykje pengar på då. Økonomien var heller ikkje så god på den tida. Widerøe 1973. Alle husa, unnateke stabburet, er målte. Arbeidet med kloakken til bruk 5 er nett ferdig. Hagetornane er i sine velmaktdagar, og var eit imponerande syn i all si prakt. Det var berre lensmannen som hadde liknande tre på Sande. Restaureringsprosjekt Joar Sande side 12 av 19

Det er att berre ein hagtorn i hagen sommaren 1997. Den andre bles ned under nyttårsstormen i 1992. Austveggen på kårhuset har blitt etterisolert og er nymåla sommaren 1997. Gropsiloen vart riven seinare same sommaren, den sommaren det var så varmt.. Restaureringsprosjekt Joar Sande side 13 av 19

Bruk 8 Sandvin på 50-talet ein gong. Vi ser sperrestova, som vart påbygd rundt 1908, og stabburet som vart flytta frå Gamletunet i 1863. Sommaren 2011. Sperrestova vart oppussa i 2002, stabburet sommaren 2004. Stakittgjerdet vart sett opp same sommaren. Riksvegen forbi garden vart utvida midt på 60-talet, så då vart arealet på begge sider av vegen mindre. Stakittgjerdet måtte flyttast litt nærmare huset. Restaureringsprosjekt Joar Sande side 14 av 19

Kårhuset som Hilda og Olav Sande fekk bygd har eige bruksnummer, bruk 26 Sandvin, og var ferdig i 1959. Planen var å bygge berre ein etasje, men sonen Odd meinte at det like godt kunne vere to, for det vart ikkje særleg dyrare. Kårhuset vart pussa opp i 1995-97, og så påbygd i 2001-2002. Kårhuset er oppussa og påbygd hausten 2004, og Bjørn Arild Sande på bruk 5 har kyrne på beite. I 1975 vart det bygd gropsilo ved sida av floren, der det før hadde stått to små tresiloar.det sto ein større tresilo lenger opp på andre sida av bana som òg var i bruk. På same tid vart det bygd mjølkerom og garasje der det gamle moldhuset hadde stått. Det hadde då komme krav om at alle skulle ha mjølketank, og det vart slutt med å levere mjølka i spann. Mjølkerampen sto der det no er busstopp. Gropsiloen vart riven i 1997, og i 1999 vart det bygd garasje på same staden. Klart for bygging av ny garasje i 1999. Odd Harald Sjursen Sande peikar ut kursen. Erlend Sande Bergaas til venstre. Restaureringsprosjekt Joar Sande side 15 av 19

13. juni 2011. Fotograf Ole Skagen. Restaureringsprosjekt Joar Sande side 16 av 19

Vedlegg 1 oversikt over kostnader pr. 31/1-2012 Bruk 8: Kr. 959 000,- Bruk 4: Kr. 200 000,- Detaljert rekneskap kan leggjast fram på førespurnad. Eigeninnsats kjem i tillegg. Restaureringsprosjekt Joar Sande side 17 av 19

Vedlegg 3: SEFRAK-registrering låve Restaureringsprosjekt Joar Sande side 18 av 19

Restaureringsprosjekt Joar Sande side 19 av 19 27.05.97 Sist revidert: 23.02.12