NOTAT GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Fonna HF DATO: 22.04.2016 FRÅ: Administrerande direktør SAKSHANDSAMAR: Leif Terje Alvestad SAKA GJELD: Etablering av interkommunal legevakt og snøgghjelps døgntilbod (KAD senger) i Sunnhordaland ARKIVSAK: 49/13 O 96/13 O 42/14 A 14/15 O STYRESAK: 021/16 STYREMØTE: 29.04.16 2 vedlegg Administrerande direktør si orientering pkt. 8 I sak 14/15 O den 27.03.15 ble styret orientert om status i etablering av interkommunal legevakt og snøgghjelps døgntilbod (KAD senger) i Sunnhordland. Styret har også blitt orientert om status gjennom sak 42/14 A den 21.05.14, 96/13 O den 27.11.13 og 49/13 O den 24.06.13. Det siste året har det interkommunale selskapet hatt god framdrift i arbeidet med å etablere eit nybygg til interkommunal legevakt og snøgghjelps døgntilbod ved Stord sjukehus. Helse Fonna HF og Stord kommune forhandla hausten 2015 fram vilkår for tomtefeste. Avtalen ble gjort gjeldande frå 01.01.16, med ein varighet på 40 år. Stord kommune betalar ein årleg festeavgift på kr 40 000 for tomta som har ein størrelse på omkring 1500 kvadrat. I april 2015 ble det gjennomført eit møte med Riksantikvaren kor representantar frå Stord kommune og arkitektselskapet Link AS presenterte forslaget til nytt bygg til legevakt og
snøgghjelps døgntilbod. Riksantikvaren attermeldte Helse Fonna HF i skriv datert 05.02.16 om følgjande vedtak: Med hjemmel i lov 9. juni 1978 nr. 50 om kulturminner 22a, jf. 15a første ledd gis det dispensasjon til å oppføre interkommunal legevakt i tilknytning til Stord sjukehus, i tråd med innsendt materiale datert 14. januar 2016. Riksantikvaren gav følgjande forklaring til vedtaket: Tiltaket imøtekommer tungtveiende samfunnshensyn og utgjør et særlig tilfelle. Tiltaket omfatter ingen vesentlige endring i det fredete eksteriøret eller interiøret og anses å være løsningen som best ivaretar bevaringshensynet blant alternativene som er utredet. Etter å ha gjennomført ei tevling tildelte Stord kommune hausten 2015 kontrakt på bygging av nytt legevaktbygg/snøgghjelps døgn tilbod til firmaet Engelsen Bygg AS. Kontrakten omfattar i tillegg etablering av nye parkeringsplassar som erstatning for dei som blir fjerna som følgje av nybygget. Arbeidet med etablering av dei nye parkeringsplassane ble påbyrja medio februar og i følgje prosjektets framdriftsplanen skal arbeidet ferdigstillast i april 2016. Når dei nye parkeringsplassane er ferdigstilte vil arbeidet med sjølve nybygget bli påbyrja. Stord kommune sin målsetjing er at bygget skal være ferdig ultimo 2016. Bilete nedanfor synar status i arbeidet med å etablere ny parkeringsplass pr. 1 april 2016.
Når det gjeld opsjon på leige av ein 3 etasje vil nybygget bli dimensjonert og tilrettelagt for at ein skal kunne etablere ein ekstra etasje i ettertid. Dersom det skulle bli aktuelt for føretaket å løyse ut opsjonen vil ein i forkant måtte søke Riksantikvaren om godkjenning om etablering av denne etasjen. Nedanfor er to skisser/bilete som synar utforming og plassering av det nye legevaktbygg. Det er dialog mellom representantar i frå det interkommunale selskapet og føretaket. Målsetjinga er å forhandla fram ein avtale som skal regulere det framtidige samarbeidet mellom partane (brøyting/feiing, parkområdet, levering av middag frå sjukehuset etc.). Vedlagt følgjer «Prosjektstatusrapport pr. mars 2016 frå Stord kommune». Vedlegg Prosjektstatusrapport pr. mars 2016 frå Stord kommune Skriv i frå Riksantikvaren datert 05.02.16 om plassering og utforming av legevakt
Prosjektstatus Mars 2016 Geir Torsnes Prosjektleiar Stord kommunale eigedom
1. Framdrift Overordna gjennomføringsplan 2. Status godkjenning Riksantikvaren 3. Parkeringsplass 4. Tomtefeste 5. Plassering av Restkomprimator 6. Flytting av Car-port 7. Tilkomst Helseekspress 8. Dimensjonering for framtidig 3 etg.
1: Framdrift Overordna gjennomføringsplan Ref. oppdatert gjennomføringsplan for ny P-plass (side 6) og revidert overordna prosjekt gjennomføringsplan (side 7) Hoveddatoar: Ny P-plass: Oppstart: 02.03.16 Ferdig: 21.04.16 Nytt legevaktbygg: Oppstart: 04.04.16 (rigging byggeplass) Overlevering:22.12.16 Oppstart parkeringsplass vart forsinka pga. sein tilbakemelding på søknaden til Riksantikvaren og godkjenning frå Stord vatn og avlaup ( SVA) på avlaup for overvatn. Dette er no avklart og ein klarer å halda planlagt framdrift. Oppstart anleggsarbeid (graving og sprengning) på tomta for legevaktbygget er tilsvarande forsinka. Dette skuldast at ein må ha på plass ny P-plass før ein kan sperre av delar av eksisterande p-plass. Forsinkingane medfører at planlagd dato for overlevering vert flytta frå 24.11.16 til 22.12.16.
2. Status godkjenning Riksantikvaren: Ingen uteståande godkjenningar frå Riksantikvaren 3. Parkeringsplass: Ny parkeringsplass vil gje 65 nye parkeringsplassar. Det blir tilrettelagd for installasjon av 5 doble ladestasjonar for El-bil. (totalt 10 plasser) Desse plassane blir etablert mot eksisterande p-plass. Grøntarealet mellom ny og eksisterande p-plassar blir fjerna og erstatta med midtrabatt med kantsteinar og singel/grus. På eksisterande parkerings plass, medfører omlegging av veg og ny rundkjøring for helsebussen bortfall av 50 parkeringsplassar. 4.Tomtefeste: Festekontrakt signert av Stord kommune og Helse Fonna HF. Festetid: 40 år, rekna frå 01.01.2016. 5.Plassering av Restkomprimator: Restkomprimator vil etter flytting få tilnærma same plassering som i dag. (sjå alternativ 1, på teikning, side 8 og 9). Denne plasseringa, medfører at det blir bygd ein «levegg» rundt komprimatoren med opning/port for tilkomst for inn-/utkjøring av bossdunkar og bossbil. Ny plassering vart avtalt i møte med Helse Fonna 25.02.16. Evt. flytting til mellomposisjon i byggeperioden, vil i forkant bli avtalt med Helse Fonna v/ Robert E Holmstrøm (Seksjonsleiar internservice Stord)
6: Flytting av Car-port: Carport vil bli flytta til ny posisjon som vist på teikning (side 8). Ny posisjon er avtalt med Helse Fonna (ref e-post frå Helse Fonna 01.03.16). Carport vil bli flytta som ein del av oppstartsaktivitetane for nytt legevaktbygg. (før oppstart anleggsarbeid) 7: Tilkomst Helseekspress: Det vil bli tilkomst for helseekspressen gjennom heile byggeperioden. Av og påstigning vil bli tilnærma som i dag. Dette er tidlegare avklart med Robert E Holmstrøm (Seksjonsleiar internservice Stord) 8: Dimensjonering for framtidig 3 etg: Prosjektet vert utforma og dimensjonert for ein mogeleg framtidig 3 etg.