Barnehagane i Kviteseid. Felles informasjon til føresette

Like dokumenter
Barnehagane i Kviteseid. Felles informasjon til føresette

Barnehagane i Kviteseid. Felles informasjon til føresette

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

Informasjonshefte Tuv barnehage

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I BREMANGER KOMMUNE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

Kommunale vedtekter forskulefritidsordningane i Sunnfjord kommunane

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Barnehagebruksplan

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

3. Foreldreråd og Samarbeidsutval Kvar barnehage skal ha eit foreldreråd og samarbeidsutval, jf barnehagelova 4.

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJE KOMMUNE

Vedtekter for Åmli barnehagar. Vedtatt i kommunestyret , sak K 12/185 Endringsvedtak i kommunestyret

Vedtekter for barnehagane i Austrheim. Oppdatert

Vedtekter for barnehagane i Hemsedal. Gjeldane frå 1. oktober 2016

Trygg og god overgang mellom barnehage og skole

Det finst ei rettleiing til gjennomføring av Ståstadsanalysen på: D Tilsette vurderer barnehagen opp mot teikn på god praksis

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Vedtekter for. Fyresdal barnehage. Vedteke i kommunestyresak 3/13 med endringar i RS 43/13

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR. Underlagt lov : Lov om barnehage, og til ei kvar tid gjeldane forskrifter og rammeplan for barnehage

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR Vedtekne i kommunestyret

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.

VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNINGANE I FØRDE KOMMUNE

Vedtekter for kommunale barnehagar

VEDTEKTER FOR. Elvetun Barnehage AS

BARNEHAGETILBODET 2015/2016

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta.

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SANDE KOMMUNE

Osterøy kommune ÅRSPLAN VALESTRAND BARNEHAGE SAMAN FÅR ME VERDES VIKTIGSTE VERDIAR TIL Å VEKSA.

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJE KOMMUNE

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Du må tru det for å sjå det

VEDTEKTER FOR HORNINDAL BARNEHAGE (gjeldande frå )

LEIK, LÆRING OG UTVIKLING BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER

VEDTEKTER FOR VILLVETTENE FRILUFTSBARNEHAGE DA Org.nr:

Utval for opplæring og kultur er styringsorgan for dei kommunale barnehagane i Hå. Barnehagane er administrativt knytta til opplæring og kultur.

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE EIGDE AV TOKKE KOMMUNE

ephorte 2011/777-7 Vedteke i kommunestyresak 17/12. Gjeldande frå Vedtekter for kommunale skolefritidsordninger i Aukra

3. Arealutnytting Netto leike- og opphaldsareal pr. barn i barnehagen er 5,3 m² for born under 3 år og 4 m² for born over 3 år.

Innhald. Innleiing s. 4. Formål s. 6. Språk, kultur og natur s. 8. Leik og læring s.10. Barnehagen som lærande organisasjon s.12. Sluttord s.

DETTE SEIER lova og rammeplanen AT VI SKAL : OMSORG OG OPPSEDING:

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I FUSA KOMMUNE GJELDANDE FRÅ

ÅRSPLAN barnehagen for de gode opplevelsene

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE. Lærdal kommune er eigar av barnehagane og har ansvaret for vedlikehald og drift.

Å fremje felles interesser til beste for barnet

Kviteseid kommune. Møteinnkalling

SAMARBEIDSRUTINER FOR OVERGANG HEIM- BARNEHAGE I SKODJE KOMMUNE

Sandøy kommune Eining for Oppvekst og kultur

3. Foreldreråd og Samarbeidsutval Kvar barnehage skal ha eit foreldreråd og samarbeidsutval, jf barnehagelova 4.

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VIK KOMMUNE.

Årshjul for overgang barnehage - skule

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

10/60-14/N-211//AMS

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I ØYSTRE SLIDRE KOMMUNE

SAMARBEIDSRUTINER FOR OVERGANG BARNEHAGE SKULE I SKODJE KOMMUNE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNING I NAUSTDAL KOMMUNE

Haust 2018 EIN TRYGG START PLAN FOR OVERGANG BARNEHAGE - SKULE KVITESEID KOMMUNE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Tilpassa opplæring i Tysnesbarnehagane.

Avtaleerklæring Barnehage foreldre. Sørreisa kommune

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE EIGDE AV TOKKE KOMMUNE

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

BLLINGSTAD BARNEHAGE VIRKSOMHETS PLAN

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SØR-FRON KOMMUNE

Barnehagens samfunnsmandat 8. I vår barnehage har alle barn rett til å uttrykke seg og få innflytelse på alle sider ved sitt liv i barnehagen. 9. I vå

Saksnr. Utval Møtedato 003/18 Skule- og kulturutval

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Vedtekter for SFO - Skolefritidsordninga

Vedtekter kommunale barnehagar

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I BREMANGER KOMMUNE

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta. 2. FORVALTNING Barnehagane skal drivast i samsvar med Lov om barnehagar

Kvinnherad kommune Vår ref: 2016/679 Dato: Kvinnherad kommune BARNEHAGETILBODET

Årsmelding for Urhei barnehage

Vedtekter for Åmli barnehagar. Vedtatt i kommunestyret , sak K 12/185

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE EIGDE AV TOKKE KOMMUNE

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

LANGTIDSPLAN FOR BARNEHAGENE I HELSE BERGEN

VEDTEKTER FOR MODALEN BARNEHAGE

HANS OG GRETE BARNEHAGE SA

Årsplan / Utviklingsplan for Orre barnehage Magiske øyeblikk i kvardagen!

Pedagogisk Årsplan 2016/2017

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Transkript:

Barnehagane i Kviteseid Felles informasjon til føresette Gjeld frå barnehageåret 2016/2017

Om barnehagane i Kviteseid Barnehagane følgjer og arbeider etter Lov om barnehagar, Rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen, kommunale vedtekter og andre lokale vedtak. Det er 3 barnehagar i kommunen, i Brunkeberg, Kviteseid og Straumsnes i Vrådal. I Brunkeberg og Straumsnes er barnehagen ein del av oppvekstsenteret. Barnehagane er eigd og drivne av Kviteseid kommune. Alle barnehagane har barn frå 1 5 år, og har heildagstilbod 2, 3, 4 og 5 dagar/veka. Barnehagane sitt grunnsyn, læringssyn og om barns medverknad. Personalet i barnehagane i Kviteseid har arbeidt med å kome fram til eit grunnsyn og læringssyn som skal vere plattforma for haldningane som vert praktiserte i barnehagane. I tillegg har personalet arbeidt med korleis barns medverknad får ein sentral plass i planlegging og dagleg verksemd. Her er det som er felles for dei 3 barnehagane når det gjeld grunnsyn, læringssyn og barns medverknad: Grunnsyn Vi, personalet i barnehagane, møter barna med omsorg og respekt. Vi er anerkjennande og ser at vi må vere gode rollemodellar for barna, slik at haldningane og handlingane gjev barna gode verdiar som dei tar med vidare i livet. Vi ser på barna som kompetente, og legg vekt på at dei har rett til å uttrykkje seg og å delta, samstundes som alle tar ansvar for kvarandre. Vi ser det positive i at alle menneske er ulike, og lar det vere utgangspunktet for vi kan lære av kvarandre. Læringssyn Vi meiner at omsorg, leik og læring heng saman. Dette er utgangspunkt for eit heilskapleg læringssyn. Vi legg vekt på at barna skal kjenne seg trygge, som er grunnlaget for læring. Vi vaksne oppmodar og stør barna i å vere nysgjerrige, kreative og læreviljuge. Læring omfattar både formell og uformell læring. Formell læring skjer ved at vaksne og barn gjensidig formidlar kunnskap til kvarandre. Uformell læring er det som skjer i det daglege samspelet med andre menneske, og vi legg vekt på at barn lærer av kvarandre. Vi lyttar til barn si undring, og oppmuntrar dei og legg til rette for deira forsking i kvardagen. Barns medverknad: I barnehagelova står det om barns medverknad i 3: Barn har rett til å gi uttrykk for sitt syn på barnehagens daglige virksomhet. Barn skal jevnlig få mulighet til aktiv deltakelse i planlegging og vurdering av barnehagens virksomhet. Barnets synspunkter skal tillegges vekt i samsvar med dets alder og modenhet. Vi vaksne må sjå og lytte til kvart einskild barn, samstundes som vi må ta vare på heile gruppa. Barna er aktivt med i planlegging og vurdering av det som skjer, i samsvar med deira alder og mogning. Vi får del i barns meiningar og ønskje gjennom m.a. samtale, observasjon, lytting, idemyldring og konfliktløysing. Ved å gje barna respons på meiningar og ønskje, får barna tillit til eiga deltaking og medverknad i fellesskapet.

Fagområda Barnehagen er ei pedagogisk verksemd, som m.a. skal støtte barns nysgjerrighet, kreativitet og vitebegjær og gi utfordringer med utgangspunkt i barns interesser, kunnskaper og ferdigheter (frå Barnehageloven 2). Etter rammeplanen for barnehagen er det desse fagområda som skal prioriterast: 1. Kommunikasjon, språk og tekst 2. Kropp, rørsle og helse 3. Kunst, kultur og kreativitet 4. Natur, miljø og teknikk 5. Etikk, religion og filosofi 6. Nærmiljø og samfunn 7. Tal, rom og form Det finst ein kommunal plan for arbeid med Språk og lesing i barnehage og skule. Planen er under revisjon, men vedlegg til planen, arbeid med språk for kvart alderstrinn, er gjeldande. Dei andre fagområda er nærare omtalt i årsplanen for den einskilde barnehage. Overgangar Det er laga ein tiltaksplan for overgangar i Kviteseid kommune. Der er det skissert kva som skal skje, m.a. når eit barn startar i barnehage eller ved overgang frå barnehage til skule. Hovudopptak: 1 mnd før, elles fortløpande 1. Starte i barnehage skifte barnehage Frist Tiltak Ansvar Merknad Velkomstskriv Styrar/pedleiar Adressert til barnet Invitasjon til besøk 14 dagar før Møte for overføring av informasjon Styrar i bhg barnet kjem frå Gjeld skifte av barnehage innan kommunen Innan 1 veke før Besøk i barnehagen Pedleiar Med føresette Fyrste dagar Tilvenning, kortare besøk Pedleiar 2. Overgang barnehage skule/sfo Frist Tiltak Ansvar Merknad Innan 01.11 Samarbeidsmøte overføring av kartlegging i barnehage (KoPS), evt. barn med særskilte behov. Overføre kjend informasjon om Kommunalsjef Styrar/rektor NB! Godkjenning frå føresette. Vurdere KoPS i skule også barn som treng tilleggsressursar Jan - april Samarbeid mellom føreskulegruppa Ped.leiar og 1.klassingane, etter eigen plan Innan 01.03 Kontakt med helsestasjon for 5- Rektor/helsesyster

åringar som ikkje går i bhg Innan 01.04 Info om SFO/gratis leksehjelp Rektor/SFO-leiar På søknadsskjema 01.04 Søknadsfrist, SFO Rektor/SFO-leiar Frist 1.4 Innan 01.05 Kontaktlærar besøkjer førskulegruppe i barnehagen Styrar/kontaktlærar Styrar tar kontakt og gjer avtale Innan 10.06 Evt. prøveskule/besøk i SFO Kontaktlærar Personale frå bhg må følgje barn med særskilte behov Innan 10.06 Fadderordning, 3.klasse Kontaktlærar 3.klasse Eldre elevar er faddarar Innan 15.aug Velkomstbrev til 1.klasse-barna Rektor Fyrste Fellesarrangement for alle elevar. Kontaktlærar skuledag 1.klasse møter kontaktlærar Innan 15.09 Foreldremøte Kontaktlærar Styring og samarbeid Barnehagane her i landet er knytt til Kunnskapsdepartementet/Utdanningsdirektoratet. Barnehagelova av 2013, slær fast i 1 at Barnehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta barnas behov for omsorg og lek, fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling I tillegg er det sagt i 4: For å sikre samarbeidet med barnas hjem, skal hver barnehage ha et foreldreråd og et samarbeidsutvalg. Kviteseid kommune er barnehageeigar, samstundes som kommunen også er barnehagemynde. Foreldreråd Alle foreldra/føresette utgjer foreldrerådet. Kvar haust vel foreldrerådet 2 representantar m/ vara til barnehagen sitt samarbeidsutval. Foreldrerådet skal fremje samarbeidet mellom heim og barnehage. Foreldrerådet kan be om å få førelagt saker som er viktige for foreldra sitt tilhøve til barnehagen. Foreldrerådet har rett il å uttale seg i slike saker før avgjerder vert tekne. Ved røysting i foreldrerådet tel kvart barn som ei stemme. Samarbeidsutval I barnehagelov 5 står det om samarbeidsutval: Kommunen kan bestemme at det skal være felles samarbeidsutvalg for kommunal barnehage og grunnskole. Det står vidare i 5: Samarbeidsutvalget skal være et rådgivende, kontaktskapende og samordnende organ. Samarbeidsutvalget består av foreldre/foresatte og ansatte i barnehagen, slik at hver gruppe er likt representert. Barnehagens eier kan delta etter eget ønske, men ikke med flere representanter enn hver av de andre gruppene. Kviteseid barnehage har eige samarbeidsutval. Ved oppvekstsentra er det organisert felles samarbeidsutval for barnehage og skule. Foreldresamarbeid Etter barnelova 30, skal foreldreansvaret utøvast ut frå barnet sine interesser og behov. Foreldre skal vidare syte for at barnet får ein trygg og god oppvekst. For barn i barnehagen er det difor vesentleg med eit samarbeid mellom foreldre og barnehage, som byggjer på gjensidig tillit og open kommunikasjon.

Kontakten skjer i fleire samanhengar, som i den daglege hentinga, på foreldremøta, i foreldresamtalene og uformelle samkomer. Det er foreldremøte 2 gonger i året og barnehagen inviterer til foreldresamtaler 2 gonger pr. år. Personalsamarbeid - Planleggingsdagar. Alle barnehagane er stengde 5 dagar i løpet av barnehageåret, som er sett av til felles planlegging og kompetanseheving for personalet. - Personalmøte. - Avdelingsmøte Andre samarbeidspartnarar Viss barnehagen tar kontakt med andre instansar om einskildbarn, skal det liggje føre godkjenning frå foreldre. - Barnehagane i kommunen. Styrar, saman med assisterande einingsleiarar og rektorar for oppvekstsentra deltek på rektor-/styrarmøte for barnehage og skule, til vanleg om lag 6 gonger/år. - Kommunen har eigne spesialpedagogar. - PP-tenesta Barnehagen kan, i samarbeid med heimen, søkje hjelp og rettleiing frå PP-tenesta. Tilsette i PPT deltek også i FSB-møta (Forum for Systemretta arbeid i Barnehagen). - Helseetaten Lege, helsesyster, fysioterapeut - NAV. Barnehagen har, etter barnehagelov 21 opplysningsplikt til sosialtenesta. Det er understreka at barnehagen berre kan gje opplysningar etter samtykke frå foreldra/føresette. - Barnevernet. Barnehagen har, etter barnehagelov 22, opplysningsplikt til barnevernet. Det er styrar som normalt skal gje desse opplysningane. - Grunnskulen (Sjå pkt. om overgangar) Forsikring Alle barn i barnehagane er forsikra under ordinær barnehagetid, og under deltaking i aktivitet som går føre seg i barnehagen sin regi. Ved spørsmål, har kommunen komplette forsikringsvilkår. Opningstider og betalingssatsar Barnehagane har opningstid opningstid Kl 07.30 - - 16.30 Stortinget fastset kvart år ein maksimalpris, eit øvre tak for kor mykje foreldre må betale for ein barnehageplass. Gjeldande satsar og informasjon om moderasjonsordningar finn du her. Betaling i tilsaman 11 månader