Seljord kommune Møteprotokoll Formannskap/økonomiutval Utval: Møtestad: Kommunestyresalen, Kommunehuset Møtedato: 25.08.2015 Møtetid: 08:00 10:00 Fylgjande faste medlemmer var til stades: Navn Funksjon Representerer Trond Johnsen Medlem AP Jon Svartdal Ordførar Jorunn Andrea Hegni Medlem SP Arvid Martin Vala Medlem FRP Jan Thorbjørn Sollid Tveit Medlem H Borgny Slettemoen Tøfte Medlem V Fylgjande medlemmer hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer Ingunn Synnøve Haugland MEDL H Fylgjande varamedlemmer møtte: Navn Møtte for Representerer Frøydis Margaret Kivle Ingunn Synnøve Haugland H Til stades frå administrasjonen: Navn Stilling Ronde I Schade Kommunalsjef Frid Berge Kommunalsjef Protokollunderskrifter: Jon Svartdal Trond Johnsen Saksliste Utvalssaksnr PS 76/15 Innhald Saker til handsaming Godtgjering for folkevalde i Seljord kommune Lukka
Saker til handsaming PS 76/15 Godtgjering for folkevalde i Seljord kommune Rådmannen si tilråding: Handsaming i Formannskap/økonomiutval - 25.08.2015 Framlegg frå Høgre, ordførar, Venstre, Ap og SP: Generell auke av godtgjersle for politiske verv med 20 % med unntak av møtegodtgjersle for kommunestyret som aukar til kr 1000 og andre kommunale nemnder og ad hoc utval som aukar til kr 700. Satsar for tapt arbeidsforteneste og omsorgsgodtgjersle aukar tilsvarande med 20 %. Reiseregulativ blir gjeve etter kommunalt regulativ. Verv Gjeldande satsar Nye satsar Prosentauke Leiar av plan, miljø og teknisk utval Kr 25 000,00 Kr 30 000,00 +20% Møtegodtgjersle formannskap og plan, miljø og teknisk utval Kr 1 400,00 Kr 1 680,00 + 20% Møtegodtgjersle administrasjonsutval Kr 400,00 Kr 480,00 +20% Møtegodtgjersle kommunestyret Kr 700,00 Kr 1000,00 + 42,8 % Leiar kontrollutvalet Kr 10 000,00 Kr 12 000,00 +20% Andre kommunale nemnder og ad hoc utval Kr 500,00 Kr 700,00 +40% Avstemming: Samrøystes vedteke. Framlegg frå Senterpartiet: Auke av godtgjering for ungdomsråd til 700 kr på lik linje med deltaking i andre kommunale nemnder og ad hoc utval. Framlegg frå H, ordførar, Venstre, Frp: Godtgjering for deltaking i ungdomsråd som i dag, kr 500. Avstemming: Framlegg frå Senterpartiet: 1 røyst Framlegg frå H, FrP, V, Ap, ordførar: 6 røyster
Vedtak i Formannskap/økonomiutval - 25.08.2015 Godtgjering for folkevalde i Seljord kommune Godgjering til ordførar og varaordførar Ordførar har 100% stilling. Ordførar si godtgjering skal vera 100% av rådmannen si lønn, utan eventuelle tillegg. Ordførar får ikkje godtgjersle/møtegodtgjersle i nokon utval, råd eller nemnder. Ordføraren blir innmeld i KLP sin Pensjonsordning for tillitsvalde Ordføraren får utbetalt etterlønn (1,5 månadslønn) etter avslutta ombodsperiode. Dersom ordføraren ikkje trer inn i ny stilling etter avslutta periode, blir det utbetalt etterlønn på inntil 3 månader. Varaordførar si godtgjersle skal vere 20% av ordføraren si godtgjersle. Varaordførar får ikkje godtgjersle/møtegodtgjersle i nokon utval, råd eller nemnder. Godgjersle til leiar av Plan-, miljø. og teknisk utval Leiar av Plan-, miljø- og teknisk utval får ei fast godtgjersle på kr 30.000,- pr år i tillegg til vanleg møtegodtgjersle. Godgjersle til medlemmer av formannskapet, administrasjonsutvalet og Plan-, miljø- og teknisk utval Medlemmer av formannskapet, administrasjonsutvalet og Plan-, miljø- og teknisk utval får ikkje fast godtgjersle. Det blir gjeve møtegodtgjersle på kr 1.680,- i formannskap og plan, miljø og teknisk utval pr. møte. For felles møte i formannskap/administrasjonsutval blir det gjeve berre éi møtegodtgjersle. Dei som berre møter i administrasjonsutval, får ei møtegodtgjersle på kr 480,- pr. møte. Medlemmene i kommunestyret får kr 1.000,- pr. møte. Dersom eit utvalsmøte blir lagt like før eller like etter eit kommunestyremøte, blir det gjeve møtegodtgjersle for eitt av møta, det møtet som har høgast sats. Godtgjersle til leiar av kontrollutvalet Leiar av kontrollutvalet får ei godtgjersle på kr 12.000,- pr år. Godtgjering til medlemmer av ungdomsråd for deltaking i ungdomsråd kr 500. pr. møte Godtgjering til medlemmer i utval, nemnder og ad hoc utval For møte i andre kommunale nemnder og ad hoc utval enn dei som er nemnde i punkt 3, blir det gjeve ein godtgjersle på kr 700,- pr. møte. Leiar av utval, nemnder og ad hoc utval kan få ei fast godtgjersle fastsett av kommunestyret. Det blir ikkje gjeve møtegodtgjersle i fylgjande utval/nemnder: Arbeidsmiljøutval Kyrkjeleg fellesråd/sokneråd Nemnder som får godtgjersle fastsett av staten Tapt arbeidsforteneste Ulegitimerte krav
Ulegitimerte krav blir dekte med ei timelønn på kr 264,-. Avgrensa til maksimum 7,5 timar pr. dag. Ulegitimert tapt arbeidsforteneste blir dekt for tida mellom kl. 08:00 og kl. 17:00. For sjølvstendig næringsdrivande og andre som ikkje har regulert arbeidstid, kan tapt arbeidsforteneste bli dekt til kl. 20:00. Legitimerte krav Legitimerte lønnskrav blir dekt med kr 540,- pr. time eller maksimalt kr 3.840,- pr dag. Sjølvstendig næringsdrivande må dokumentere kravet med attestasjon frå likningskontor over nettoinntekt. For andre som blir trekte i lønn som fylgje av vervet, skal det dokumenterast frå arbeidsgjevar. Omsorgsgodgjersle For dokumenterte utgifter til omsorgsoppgåver i heimen blir det gjeve kr 180,- pr. time som møtet varar, inklusiv reisetid. Avgrensa til kr 900,- pr. dag. Den einskilde representanten må sjølv sette fram krav om dette. Reisegodtgjersle Reisegodgjersle blir gjeve etter kommunalt regulativ. Det blir ikkje gjeve reisegodgjersle for kortare avstand enn 3 km éin veg. Vedtak formannskapet 21.05.15. Regelment for godtgjering til folkevelde vert revidert kvart 4. år, men unntak av ordføraren si løn, som vert justert i samband med lokale forhandlingar, på lik linje med rådmannen si løn. I perioden 2011 til 2015 har ordførar si løn auka med 17,17%.