PRESSEMAPPE 11. 13. AUGUST 2006 VIK LEIKANGER BALESTRAND



Like dokumenter
PRESSEMAPPE AUGUST 2006 VIK LEIKANGER BALESTRAND

Opplev fjordane og norsk natur på sitt beste. Spesialpris overnatting. Organisering av transport

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Handlingsplan for Sogn og Fjordane Orienteringskrins

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Sognefjord Swim Festival Evalueringsrapport for 2006

Sognefjord Swim Festival 2006 (tittel) RUP ID: 694

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Sommartur til Sverige,

Velkommen til songarstemne i Florø!

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

NOEN VIKTIGE INFORMASJONER OM NORGE

SAMANDRAG AV. Tiltak Sognefjord Swim Festival 2007 (akronym)

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Anne Brit Lauvsnes Arkiv: 223 C00 Arkivsaksnr.: 15/9-23

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Mandag 20/06. Søndag 26/06. Tirsdag 21/06. Lørdag 25/06. Onsdag 22/06. Fredag 24/06. Torsdag 23/06

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Invitasjon til regional messe for elevbedrifter

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Sats på førarpatruljen! Om å starte og drive førarpatrulje i troppen v/sveinung Eiksund

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

Juvet Landskapshotell

Informasjonshefte Tuv barnehage

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Turmål Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh)

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

VEL MØTT TIL ETNE CUP 2008!

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Rapport konferanse og tilhørande studietur til Hamamatsu, Japan

Frå novelle til teikneserie

Brukarrettleiing E-post lesar

Eidsdal Idrottslag og Geiranger Idrottslag innbyr til Uoffisielt Norgesmeisterskap i Motbakkesykling dame og herre. Laurdag 13.

Nasjonalpark FESTIVALEN. i Skjåk PROGRAM

Invitasjon til Fylkesmesse for ungdoms- og studentbedrifter Fosshaugane Campus, Sogndal torsdag 6. mars 2014

Friluftslivets år 2015

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

ÅL IDRETTSLAG - langrennsgruppa Sesongen 2010/2011

Stormfestival Klart for stormfest. Då er det like før det brakar laust med stormfestival.

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Kvalitetsplan mot mobbing

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Tema: Vegen, sanninga og livet. Han som veit alt om meg og som er glad i meg - han vil eg fylgje! GLYTTEN

PROSJEKTPLAN. - TOPP - idrettsutvikling for ungdom år

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. IA-kurs hausten Kurstilbod for IA-verksemder

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Til deg som bur i fosterheim år

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Søknad om treningstid for Øystese Idrettshall 2003/2004.

HORDABLÆSTEN Infosending nr 1

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Påmelding til renn i kretsen og utanfor kretsen.

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

26 sept 07 oktober Lima Machu Picchu Cusco Amazonas

6. trinn. Veke 24 Navn:

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Onsdag Tid Aktivitet Mål Innhold Metode Ansvar

Rapport Camp Svalbard vinter 2015

4. 11.september 2001 styrta to fly i World Trade Center. Men det var og to andre fly som vart kapra. Kvar styrta dei to andre flya?

SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for. Huset i. bygda

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

NIURI EN INTERKULTURELL MØTE-OG KURSPLASS FOR KVINNER I INDRE SOGN.

Rekruttering av arbeidsplasstillitsvalde. Eit oppdrag for heile organisasjonen

Den regionale styredagen i. Sogn og Fjordane

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Møteprotokoll SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: Tid:

Internevaluering Destinasjon Voss/ Voss Reiselivsråd. Framlegg frå arbeidsgruppa

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Forslag frå fylkesrådmannen

Transkript:

PRESSEMAPPE 11. 13. AUGUST 2006 VIK LEIKANGER BALESTRAND INNHOLD VELKOMMEN TIL SOGNEFJORD SWIM FESTIVAL PROGRAM 11. 13. AUGUST 2006 SOGNEFJORD CHALLENGE BALESTRAND SWIM & FUN KVA ER FJORDSYMJING? SJØTEMPERATUR OG STRAUM BAKGRUNN SAGT OM SOGNEFJORD SWIM FESTIVAL 1

VELKOMMEN TIL SOGNEFJORD SWIM FESTIVAL Tenk deg at du sym i ein dal som er halvvegs fylt med vatn. Det er 1000 m ned til dalbotnen under deg og 1300 m til fjelltoppane over deg. Liene fargar vatnet grønt. Du er i Sognefjorden King of the Fjords. Sognefjord Swim Festival er verdas einaste fjordsymjekonkurranse. Det breitt orienterte symjetreffet vender seg til nasjonale og internasjonale fjordsymjarar. Eit overordna formål er å visa at mektige Sognefjorden limer fjordbygdene i hop, snarare enn å skilja dei. Verdsmeisterskapen i disiplinen fjordsymjing er ein del av etablerte Sognefjord Swim Festival. Interessen for fjordsymjing har vakse sterkt etter at Lewis Gordon Pugh symjde Sognefjorden i si fulle lengd, 205 kilometer, sommaren 2004. Han utløyste eit umiddelbart engasjement for fjordsymjing med ei heilt konkret oppfordring: Bli glad i fjorden, ta fjorden i bruk, sym fjorden på tvers! Veka etter kryssa fem djerve symjarar, tre nordmenn, ein tyskar og ei britisk kvinne, den 3,7 kilometer breie Sognefjorden mellom Borlaug og Leikanger. Året etter, 2005, vart den første Sognefjord Swim Festival avvikla med meir enn 100 deltakarar. I august er det på nytt klart for Sognefjord Swim Festival. Det er innmeldt fjordsymjarar frå Storbritannia, Finnland, Tyskland, Skottland, USA og Noreg. Det er utfordrande, spektakulært og nytt: Det er fjordsymjing! Sportsturisme, fjordsymjing og tryggleik i vatn er viktige formål med Sognefjord Swim Festival. PROGRAM 11. 13. AUGUST 2006 Fredag 11. august Feios i Vik 16.00 Kajakkpadling over fjorden frå Leikanger til Feios. 17.30 Fjordcruise i solgangsbrisen, Hermansverk Feios. 18.00 Samling i kveldssola i Feios. Føredrag om fjordsymjing. Bad Taste symjekonkurranse og osteopplevingar. 21.00 Skumringscruise, Feios Hermansverk. 2

Laurdag 12. august Feios og Leikanger 09.00 Registrering for alle Sognefjord Challenge deltakarar. 09.30 Tryggleiksbriefing for alle deltakarar. 10.30 Publikumsbåt frå Hermansverk, ombordstiging for publikum. 10.45 Båttransport for deltakarar frå Hermansverk 11.00 Avgang publikumsbåt frå Hermansverk 11.15 Avgang buss frå Vik til Feios (korr. med publikumsbåt frå Feios) 11.30 Avgang buss frå Vangsnes (korr. med publikumsbåt frå Feios) 11.30 17.00 Fjordaktivitetar for landkrabbar, marknad, grilling, underhaldning. Nokkaneset Sognefjord Hotell. 11.45 Avgang buss for deltakarar frå Feios til Borlaug. 11.45 Ombordstiging publikumsbåt frå Feios. 12.00 Offisiell opning av Verdsmeisterskapen i Fjordsymjing 2006, Borlaug (Vik). 13.00 Sognefjord Challenge, 3,7 km fjordkryssing frå Borlaug til Nokkaneset. 16.00 Premieutdeling, Nokkaneset 17.00 Fjordtransport frå Hermansverk til Feios. 19.30 Fjordbord, Nokkaneset Sognefjord Hotel. 22.00 Dans og live musikk, Sognefjord Hotel. Søndag 13. august Balestrand 09.00 Fjordskyss frå Hermansverk til Balestrand. 09.30 Fjordskyss frå Vangsnes til Balestrand 09.30 Registrering for alle klassar. 11.00 Fjord-gudsteneste. 12.00 Mini Challenge. 400 m fjordkryssing frå Tjugum til Holmen, Balestrand. Alle aldersgrupper. Grilling og marknad. 15.00 Hagekonsert med Tone Damli Aaberge, Kviknes Hotel. 16.00 Sognefjord Symjestafett. Alle aldersgrupper. 17.00 Premieutdeling 18.00 Fjordskyss frå Balestrand til Hermansverk/Leikanger via Vangsnes. 20.00 After Swim, Natthuset Kviknes Hotel. NB! Programmet kan bli endra. 3

SOGNEFJORD CHALLENGE Sognefjord Challenge er verdsmeisterskapen i fjordsymjing og går ut på å symja over Sognefjorden, frå Borlaug (Vik) til Nokkaneset (Leikanger). Denne utfordringa vert arrangert offisielt for andre gongen 12. august 2006. Alle som klarar denne utfordringa vert premiert med diplom og innskrive i «Symjeprotokollen». Av sikkerheitsomsyn er konkurransen avgrensa til 30 deltakarar. Kvar symjar må følgjast av ein dyktig kajakkførar som navigerer fjorden for symjaren. Kajakkføraren er også ansvarleg for å varslar følgjebåt om symjaren skulle koma i vanskar. Alle symjarar må vere kvalifiserte for konkurransen. Dei må ha fullført ein symjeetappe på 1,5 km. Symjekvalifiseringar vert halden på Leikanger før festivalen. Deltakarar som ikkje har høve til å delta i symjekvalifiseringa, må leggje fram underteikna dokumentasjon frå ein godkjend symjeklubb e.l. Ein må visa til at ein nyleg har utført ein 1,5 km symjeetappe utan vanskar. 4

Avgifter for Sognefjord Challenge 2006 Deltakaravgift: kr 600,- Kajakkleige: kr 400,- Kajakkførar: kr 400,- (Delatkaravgift omfattar forsikring og symjehette. Har du eigen kajakkførar vil avgifta på kr 600,- også omfatta padlaren si forsikring.) Gjer vel å spesifisera i påmeldinga om du treng å leiga kajakk eller kajakkførar. BALESTRAND SWIM & FUN Laurdag den 13. august 2006 vert det aktivitetar og moro for alle aldersgrupper i Balestrand. Born, ungdom, eldre og grupper/lag kan vere med og ha det moro, ved å ta del i Mini Challenge og/eller Fjordleik symjestafett. På land blir det friluftskonsert og høve til å kjøpe grillmat. Sognefjord Mini Challenge Det er å symja over Esefjorden, frå Tjugum til Holmen. Tryggleiken er viktig for oss, difor må alle symjarar vera godt budde, arrangøren sørge for at kajakkar og eskortebåtar heile tida er innan rekkjevidde. Deltakaravgifter for Balestrand Swim & Fun 2006: Vaksne kr 200,- Born kr 150,- Deltakaravgifta inneheld forsikring og symjehetta. Deltakarane inngår i fem grupper: Kråkeboller: 8-11 år (må vere i vatnet sammen med ein forelder eller føresett) (Forelder/føresette som sym med kråkeboller betale kun kr 50,- for dekking av forsikring.) Sjøstjerne: 13-17 år (må ha løyve frå føresette) Villaks: 18-29 år Nise: 30-49 år Kval: 50 år+ Symjarar som er med på både Mini Challenge og Symjestafetten får ein deltakarrabatt på kr 50,-. 5

Symjestafetten Det vert arrangert stafett i moloen ved Kviknes Hotel. Etappane er på 50 m. Sognefjord Swim Festival inviterer lag, bedrifter, klubbar, idrettsgrupper, skuleklassar, klovnar osb., til å delta i denne spennande stafettkonkurransen. Stafettlaga blir grupperte etter utøvarane sin summerte alder: <100 år, 101-150 år, 151-200 år. 200+ år. Deltakaravgift er kr 150 per lagsymjar. Det laget som stille med den stiligaste symjehetta blir premiert. Meir informasjon kjem seinare. KVA ER FJORDSYMJING? Fjord + Kajakpadling + Symjarar = Fjordsymjing Fjordsymjing er ein aktivitet etablert i Sogn, Noreg. Utgangspunktet er fjordsymjaren, assistert av ein kajakkpadlar. Partnerskapen dei to imellom er ufråvikeleg. Det er padlaren si oppgåve å leie symjaren over ein fjorddistanse. Padlaren er fjordsymjaren sine auge og øyre. 6

Sogn fjordsymjeklubb Sogn Fjordsymjeklubb skal vera ein aktiv og sosial arena for fjordsymjing. Me ynskjer å utvikla evnene våre innan både symjing og kajakkpadling i fjorden. Me ynskjer å samla meir kunnskap om alle sider ved fjorden, og ta fjorden i bruk på ein trygg og ansvarleg måte. Oppslutning om aktivitetane i Sogn Fjordsymjeklubb har auka sidan mai 2005, med medlemer frå Hafslo, Barsnes, Sogndal, Leikanger, Vik og Balestrand. For å gjere ting enkelt i første omgang er medlemskap uforpliktande og uformelle. Kostnader vert delt fortløpende mellom deltakarar basert på kvar einskild aktivitet. Hotell i området har vore hjelpsame med å stilla til rådvelde badstu og dusj. Parallelt med den veksande interessa for fjordsymjing og kajakkpadling håper me at kommunane ser behovet for å utvikle betre vilkår for denne verksemda. Fjordsymjeklubben møtes ved Pilaviki, Sognefjord Hotell på torsdags kveldar kl. 1900, og ved Leikanger Fjord Hotell på sondager kl. 1500. Tryggleik Fjordsymjing krev følgjande tryggleiksreglar: * Både symjarar og kajakkpadlarar skal kunne symja godt * Ein skal aldri symja aleine. * Symjing som ikkje inneber fjordkryssing skal foregå maks 10 meter frå land. * Alle kajakkpadlarar må kunne redningsprosedyrer og skal ha fullført eit kajakktryggleikskurs. * Symjarar skal visa ansvar i vatnet, og dersom ho/han kjenner seg trøyt eller uvel skal ho/han koma seg ut av vatnet så raskt som mogleg. Dersom kajakkpadlaren meiner at symjaren er i fare og må ut av vatnet, må symjaren respektera kajakkpadlaren sin beslutning. * Alle kajakkar må vera sjøsikre og utstyrde med: redningsvest, åreputer, vasspumpe, tau. Ansvarleg i kajakken må vera vaktsam og klar til innsats under heile symjeturen. 7

* Under fjordkryssingar skal det alltid vera ein eskortebåt per 5 symjarar. Personell ombord i eskortebåtane har ansvaret for å ta hand om symjarar som trekkjer seg. * I tillegg til eskortebåter skal det vera ein redningsbåt til stades under ei fjordkryssing. Dersom en naudsituasjon oppstår midtfjords, har personellet ombord i redningsbåten ansvaret for å få den som har ha mna i vanskar ut av vatnet så raskt som mogleg. Dei skal gi rask behandling og sikra at ho/han vert frakta til land. * Under ein naudsituasjon skal kajakkpadlaren påkalla merksemda til redningsbåten og kasta redningsvest eller bøye til symjaren. Dei skal fortella symjaren at ho/han held seg roleg og ev. held seg fast i kajakken til redningsbåt er framkomen. * Dersom ein symjar hamnar i vanskar innan 10 meter frå land, skal padlaren gi symjaren redningsvest eller bøye og be symjaren halda seg roleg ved kajakken. Deretter skal padlaren leia symjaren til lands. * Aldersgrensa for fjordkryssing er sett til 16 år, og 16-18 åringar må få løyve frå foreldre/føresette for å delta. SJØTEMPERATUR OG STRAUM Sjøtemperatur og overflatestrømmer i området Leikanger Balestrand Av Torbjørn Dale, Seksjon for Akvakultur, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Sogndal At svømmefestivalen er lagt til begynnelsen av august er ikke tilfeldig. Mens lufttemperaturen normalt vil ha sitt maksimum i juli kommer maksimumet i sjøen noe senere. Normalt vil Leikanger ha høyest lufttemperatur i juli nær 15 C (se figur 1). I 2004 ble det imidlertid registrert et maksimum på nær 17 Ci august. I september faller temperaturen rask ned til omkring 10-11 C. 8

Temperaturforhold i sjøen Temperaturen i fjorden ved Menes, nær Balestrand, i 1996 (figur 2) følger i store trekk temperaturmønsteret i luften. Maksimumet i 0 m og 4 m på om lag 15,5 C var i slutten av august. I september falt temperaturen raskt i 0 m til ca 12 C, mens avkjølingen skjedde senere på 4 m hvor det i september fortsatt var ca. 14 C. Temperaturforholdene i selve Sognefjorden (Sognefjord challenge) og i Esefjorden (Mini challenge) vil kunne være litt ulikt det som er målt på Menes. For det første vil det være enkelte lokale forskjeller. I områder hvor det renner ut kalde elver vil temperaturen sannsynligvis ligge noe lavere enn områder langt fra elveutløp. Elvevannet som renner ut i fjorden er lettere enn sjøvannet og vil derfor ligge øverst. Denne ferskvanns/brakkvannsstrømmen vil etter hvert dreie mot høyre for sin utstrømmingsretning. På grunn av de to elvene som renner ut i Esefjorder det grunn til å anta at overflatevannet vil være noe kaldere på fjordens vestside enn østside. For det andre vil varierende vind- og strømforhold kunne påvirke overflatetemperaturen. Det ferske vannet som kommer med alle elver og bekker som renner ut i fjorden er med på å lage et lavsaltholdighets brakkvannslag i de øverste metrene. I begynnelsen av august vil overflatevannet sannsynligvis være noe varmere enn saltvannslaget under. Når vinden blåser over vannet under disse forhold vil vindretningen avgjøre om overflatevannet blir noe varmere eller noe kaldere. Ved pålandsvind vil det oppvarmete overflatevannet bli oppstuvet mot land og temperaturen vil kunne øke noe. Ved fralandsvind derimot vil det lette oppvarmete overflatevannet blåse bort og bli erstattet med kaldere vann fra det underliggende lag. Slike skifter i vindretning vil lett kunne endre temperaturen med et par grader eller mer nær land i løpet av et døgn eller kortere. De større temperaturvariasjonene i 0 m sammenlignet med 4 m (se fig. 2) ved Menes skyldes sannsynligvis veksling mellom pålandsvind og fralandsvind. Temperaturen i selve Sognefjorden er sannsynligvis mindre påvirket av lokale forskjeller og vindvariasjoner enn de mer landnære områdene. Strømforhold Det er mange ulike strømtyper i overflatevannmassene i fjorder. De viktigste er tidevannsstrømmer, vindrevne strømmer, kyststrømmen og brakkvannsstrømmen. Tidevannstrømmene er forutsigbare og styres av månens posisjon i forhold til jorden. Tidevannsstrømmene følger tidevannsrytmen og går innover fjorden på fløende sjø og utover på fjærende. Det er litt over 6 timer fra fjære til flo og tilsvarende tid fra flo til neste fjære. I timene rundt flo og fjære er strømmene svakest, mens de er sterkest midt mellom flo og fjære. Vindstrømmene er ikke foutsigbare som tidevannstrømmene. I fjordene vil fjordens form styre mye av vindretningen slik at vinden følger ofte fjorden innover eller utover. Denne vinden vil sette i gang vindstrømmer som tilsvarende følger innover eller utover fjorden. Langs norskekysten går det en nordoverrettet strøm, den såkalte Kyststrømmen. Når den møter munningen av en fjord, for eksempel Sognefjorden, vil den dreie til høyre inn fjorden og holde seg på høyre side, dvs. sydsiden av Sognefjorden. På Nordsiden av Sognefjorden vil det være en utovergående brakkvannstrøm drevet av ferskvannstilførselen til fjordene. 9

Samvirke mellom de ulike overflate-strømmene Det endelige strømbildet vil være et resultat av alle disse ulike mekanismene og deres innbyrdes styrkeforhold. I tillegg vil nes kunne øke hastigheten. Nes og bukter vil også kunne skape bakevjer. På noen tidspunkt vil de fleste strømmene gå i samme retning, vi får da de sterkeste strømmene. Andre ganger vil for eksempel vindstrømmen kunne svekke de andre strømmene. 10

BAKGRUNN Den 15. august 2004 symde den britiske advokaten Lewis Gordon Pugh til land i kystbygda Eivindvik i Sogn. Då hadde han symd heile den 204 km lange Sognefjorden - på 74 timar og 47 minuttar. Han sette verdsrekord i symjing i kaldt vatn. Lewis Gordon Pugh sin enorme vilje og fysiske styrke fekk stor merksemd både nasjonalt og internasjonalt. Gjennom heile symjebragda vart han støtta opp og oppmuntra av dei fastbuande langs fjorden. Hans reise i fjorden vekte andre si interesse for å bruka fjorden som arena for sportslege aktivitetar. Etter å ha møtt entusiastiske symjarar frå Leikanger og Balestrand, føreslo Lewis å arrangera ein årleg symjefestival. Eit fint høve til å samle folket langs fjorden og auka interessa for symjing og andre fjordaktivitetar. Ei lokal gruppe har arbeidd hardt for å setje ideen ut i livet. Sognefjord Challenge 2005 Leikanger 12. august 2005 Eit særs vellukka arrangement! 10 av 15 barske fjordsymjarar kryssa Sognefjorden mellom Borlaug og Nokkaneset, Leikanger fredags kvelden den 12.august 2005. Den 3,7 km lang symjeturen baud på ekstra store utfordringar. 14 grader i vatnet og krapp sjø gjorde at fem fjordsymjarar måtte bryta. De resterande 10 gjennomførte kryssinga, ein fantastisk sterk prestasjon. Resultat Navn Klubb Nasjonalitet Kajakk-padlar Tid Våtdrakt 1. Kristin Ekstrøm Asker svømmeklubb norsk Elisabeth Dahle 1t. 6 min Nei Cape Long Distance Swimming 2. Lewis Gordon Pugh britisk Association Arinbjørn Kuld 1t. 30 min Nei 3. Sønnøve Cirotzki Sogndal Idrettslag norsk Ian Karl 1t. 34 min Nei 4. Ralph Krüger Moreld AS tysk Katja Gesch 1t. 47 min Ja 5. Kolbjørn Rydvang Sogndal norsk Birte Barsnes 1t. 49 min Ja 6. Mara Frattasio Kiropraktorklinikken i Sogndal amerikansk Jannike Skår 2t. 2 min Nei 7. Siri Storevik Syril - Leikanger norsk Sverre N. Moe 2t. 6 min Ja 8. Mette Marit Johannesen Fyllingsdalen norsk Christian 2t. 11 min Nei 9. Sigrid Henjum Syril - Leikanger norsk Tore Frimannslund2t.18 min Nei 10.Torbjørn Hasund Sogn Fjordsymjeklubb norsk Jan Ole Liljedal 2t. 52 min Ja 11

Mini Challenge 2005 Balestrand 13. august 2005 Sol på laurdag ga flotte forhold for fjordkryssinga mellom Tjugum og Holmen i Balestrand - for både små og store. 59 symjarar klarte den 400 meter lang distansen. Ei tøff utfordring for mange. Sognefjord Stafett 2005 Balestrand 13. august 2005 Sognefjord Stafett-konkurransen baud på mykje moro. Det var 35 deltakarar fordelt på 9 stafettlag. Lewis Gordon Pugh symde to etapper, ein etappe for eit lag samansett av born og ein etappe på eit vaksenlag. Sognefjord Challenge 2004 Sym fjorden på tvers mellom Borlaug og Leikanger, sa Lewis Gordon Pugh til ei gruppe symjarar i Leikanger som han var kjent med underveis i Sognefjorden sommaren 2004. Fjordsymjaren oppmuntra seks personer om å legge ut på ei 3,7 kilometer lang fjordkryssing. Den 17. august 2004 lukkast fem av dei seks å kryssa den breie Sognefjorden. Slik vart Sognefjord Challenge ein realitet. Ein symjeprotokoll med detaljer over alle fjordkryssingar finst på Sognefjord Hotell, Leikanger. Resultat Navn Kjønn Tid Nasjonalitet Våtdrakt Alder Ralph Krüger Mann 1 time 5 min tysk Ja 32 Kolbjørn Rydvang Mann 1 time 10 min norsk Ja 38 Steinar Skagemo Mann 1 time 21 min norsk Nei 29 Sarah Jane Hails Kvinne 1 time 27 min britisk Nei 33 Christian Kleiven Mann 2 timer 15 min norsk Nei 29 12

ARENAENE: VIK, LEIKANGER OG BALESTRAND Leikanger Leikanger er Sognefjorden sin frukthage og det er særleg vakkert her under fruktbløminga i mai. Om hausten er frukta moden, og Fruktbare dagar vert arrangert årleg med ulike tema og program knytta til frukt. www.fruktbaredagar.no Den statlege og fylkeskommunale administrasjonen i Sogn og Fjordane ligg på Leikanger. Ved Planteforsk på Njøs blir det eksperimentert med middelhavsfrukt og bær i tillegg til anna frukt. På Leikanger er det så gunstig klima at aprikoser og fersken kan dyrkast på friland. Det er dessutan den kommunen i landet med høgast gjennomsnittstemperatur. Leikanger har ei rad fine turløyper i fjellet og ulike interessante stiar. Fruktsti - Ei vandring langs vegane i bygda. Skilt med informasjon om frukt og historie ulike stader. Kulturløypa - På vandring gjennom Baldershagen, Prestegardshagen, Leikanger kyrkje og til dei gamle embetsgardane for sorenskrivar og fylkesmann. Vatningsveitene - Vandring langs gamalt vatningssystem frå bygda og opp i fjellet. Fint turterreng med varierande stigning. Fjellturar - Leikanger har fleire oppmerka turløyper i fjellet, med varierande lengder. Gode utgangspunkt for turar er Kleppa og Eggum. Kjeringi Open vert arrangert kvart år i april. Dette er eit Quadrathlon i flott naturlandskap. Dei fire etappane frå Kjeringafjellet til fjorden er: telemark, langrenn, springing og sykling. 13

Balestrand Balestrand ligg mellom høge, snødekte fjell i vakkert og frodig fjordlandskap. Bygda er først og fremst kjend som ein tradisjonsrik reiselivsstad. Balestrand vart tidleg lagt merke til, og kunstnarar som kom hit på 1800-talet bygde sine eigne villaer i den særeigne sveitserstilen. Tre fjordarmar strekkjer seg inn i landet, med små grender som perler mellom fjord og fjell. Senteret er Holmen. I denne tradisjonsrike reiselivskommunen kan du som gjest slappe av i fred og ro, gå på utstillingar eller vandre i fjellet. Du kan oppleve historia kring attraksjonane i bygda: Sveitservillaer og Kvikne`s hotell - Ei vandring langs fjorden mellom kunstnarvillaer er ei flott oppleving. Her ligg også Kvikne`s hotel som ei perle i norsk sveitserstil. Sognefjord Akvarium - her kan du oppleve livet i Sognefjorden frå fjøresone til botnen 1100 meter under overflata. Stemningsfull film frå Balestrand og galleri Munken med livet i Sogn fortalt gjennom treskurd og tekst. St. Olafs kyrkje - kopi av dei gamle stavkyrkjene. Kyrkja stod ferdig i 1897. Anglikansk messe kvar søndag med engelsk prest - frå mai til september. Kong Bele - Statue reist av keisar Wilhelm II i 1913. Kong Bele har tilknytning til soga om Fridtjof den Frøkne. Arboretet og friluftsparken med badeplass på Lunde - Park med samling av sjeldne planter og tre, nær prestegarden på Dragsvik. Kultursti - Ei vandring langs kulturminna i bygda. Eigen foldar som beskriv ruta. Natursti - Enkel natursti med start ved skulane med flotte naturopplevingar i lett turlandskap. Fjellturar - Mange fjellturar i fantastisk turterreng med ulik vanskegrad. Balejazz - kvart år i mai vert denne jazzfestivalen arrangert. 14

Vik og Feios Vik kommune strekkjer seg langs Sognefjorden med veglause grender i vest og bilveg frå Arnafjord til Vik, Vangsnes, Feios og Fresvik. Ramma rundt er naturen; dramatisk og vill, men også roleg og avslappande. Her finn du skummande fossar og blinkande vatn, stupbratte fjellsider og vide, gjestfire dalar. Vik byr deg store fjellvidder med elver og vatn der du kan fiske etter både laks og aure. I Vik finn de og Hopperstad Stavkyrkje og Hove Steinkyrkje, som er den eldste steinkyrkja i Sogn. På Vangsnes ruvar Fridtjov-statua 22 meter over bakken. Keiser Wilhelm II fekk røyst støtta i 1913 for å markere takksemd over den gjestfridomen det norske folk hadde møtt han med. I Vik kan du gå fjellturar, reise over det mektige Vikafjellet, eller besøke gamle bygningar langs kulturløypa. Vik har to anløp med ekspressbåt til og frå Bergen kvar dag og er eit flott utgangspunkt for utflukter og dagsturar. 15

Kontakt Dersom du treng meir materiell som t.d. høgoppløselege bilete frå festivalen kontakt oss: Festival koordinator: Sarah Jane Hails, tlf +47 906 609 44 Økonomiansvarleg: Anne Randi Farnes, tlf: +47 915 539 32 Informasjonsansvarleg 2006: Simone Stibbe, tlf: +47 905 948 22 Webmaster: Knut Moen Arenaansvarlege: * Vik: Ole Jonny Feidje, tlf: +47 950 899 37 * Leikanger: Torbjørn Hasund, tlf +47 930 046 85 * Balestrand: Einar Målsnes, tlf +47 906 602 83 For meir informasjon sjå www.fjordswim.no eller ta kontakt med Sognefjord Reiseliv turistkontor. Tlf (+47) 57691255 Send e-post til info@fjordswim.no 16