MEDLEMSBLAD FOR KRINGKASTINGSRINGEN NR.

Like dokumenter
Til deg som bur i fosterheim år

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014


Jon Fosse. For seint. Libretto

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Minnebok. Minnebok NYNORSK

styrke i at mest kva som helst kan skje, utan at dei vert mindre aktuelle.

Teknikk og konsentrasjon viktigast


Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

13. Sendetida på TV aukar

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Lønnsundersøkinga for 2014

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

mmm...med SMAK på timeplanen

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

KULTURDEPARTEMENTET SIN

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Nynorskprisen for journalistar

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Informasjon til elevane

Med tre spesialitetar i kofferten

Nynorsk i nordisk perspektiv

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Vel nynorsk for barnet ditt!

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Frå novelle til teikneserie

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

«Ny Giv» med gjetarhund

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Informasjonshefte Tuv barnehage

FANTASTISK FORTELJING

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Brukarrettleiing E-post lesar

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn

Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære?

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Samansette tekster og Sjanger og stil

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

6. trinn. Veke 24 Navn:

Innspelsmøte NRK og konkurranse Kulturdepartementet mandag 23. mars

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Kåffår ha Skåbu-dialekta forandra sê?

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Rapport Mandatory Assigment 06 Photo Essay. Malin Ersland Bjørgen

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Transkript:

MEDLEMSBLAD FOR KRINGKASTINGSRINGEN NR. 2, 2012 Kringkastingsprisen til Knut Magnus Berge intervju på side 5 Stoda for media på Grønland artikkel på side 7 Kva skjer med språkrøkta? leiar på side 2

Leiar Språkleg feilpasning av NRK I sommar fekk både språkkonsulenten for bokmål Ruth Vatvedt Fjeld og språkkonsulenten for nynorsk, Jon Peder Vestad beskjed frå NRK om at dei var oppsagde. Ingen av dei har fått nokon offisiell grunn for oppseiinga, seier Ruth Vatvedt Fjeld til Klassekampen. Martin Toft Styreleiar for Kringkastingsringen Den einaste hovudgrunnen Klassekampen klarer å finna er at lokale språkkontaktar på distriktskontor og i andre NRK-avdelingar skal fungera som språklege rettleiarar for dei andre medarbeidarane. Ifylgje Brynjulf Handgard i NRKs språkutval kan dette vera filologiutdanna journalistar eller journalistar med spesielt ynskje om å rettleia andre. Språkkonsulent Ruth Vatvedt Fjeld meiner at dette vil føra vilt av stad, for journalistar treng ikkje vera ekspertar i språk, sjølv om dei brukar språk som ein arbeidsreiskap. Ho viser til at folk med topp akademisk utdanning i språk, vil vera flinkare til å driva research og vera oppdaterte på dei siste språknormeringane og kan samtidig gi råd om uttale av utanlandsk namn, retta opp feil bruk av refleksivt pronomen og samtidig har dei ei fagleg referanseramm. Då ho fekk oppseiinga, hadde ho 5000 e-postar med språklege spørsmål. Det viser at det er stor interesse for norsk, både bokmål og nynorsk, både i og utanfor NRK. Kringkastingsringen meiner det er ei overilt handling å seia opp dei to språkkonsulenten. At språkkontaktar i dei ulike redaksjonane skal kunna ta vare på den same språklege rådgjevinga som dei to språkkonsulentane har gjort, er å tru på julenissen. Sannsynlegvis vil dei drukna i alle dei andre arbeidsoppgåvene i redaksjonen, slik at dei blir nøydde til å nedprioritera språkrøkta. Og dei aller fleste journalistane i NRK er flinke i norsk, og det store fleirtalet av dei kan truleg skriva både bokmål og nynorsk korrekt. Likevel handlar det ikkje om å bruka retteprogrammet til Windows, og så håpa og tru at språket blir korrekt. Orda blir truleg stava på ein korrekt måte, men det vil ikkje seia det same som at språket er godt. Det er her språkkonsulentane kan koma inn og koma med forslag til korleis eit stivt radio- eller fjernsynsspråk kan bli lettare og ledigare i forma og meir forståeleg ved til dømes å byta bort passive former med aktive former. Dei kan dessutan visa korleis ein altfor lang og uforståeleg setning blir langt betre og meir forståeleg når den blir gjort om til to kortare setningar. Sjølv arbeidde eg i NRK på den tida Sylfest Lomheim var språkkonsulent for nynorsk medan Finn-Erik Vinje var språkkonsulent for bokmål. Begge kom med gode råd om godt radio- og fjernsynsspråk, som eg har god nytte av også som skribent i ei universitetsavis. På vegner av Kringkastingsringen kan eg skriva under på at dei aller fleste medarbeidarane i NRK er opptatt Kringom nr. 2, 2012 september 2012 Kringkastingsringen Postboks 9161 Grønland 0134 Oslo Telefon: 23 00 29 50 post@kringkastingsringen.no www.kringkastingsringen.no Redaktør/formgjeving: Bror-Magnus Sviland Strand Trykkeri: Grøset Trykk AS Takk til alle bidragsytarar. 2 Kringom 2 2012

MEDIEMÅLLAGET Den store vreiden og så gleda av språk og å utvikla eit best mogleg radio- og fjernsynsspråk, anten det er på nynorsk, bokmål eller dialekt. Det er fint om dei diskuterer språklege spørsmål seg i mellom, men ofte er det behov for ein overdommar, som kan fortelja oss kva fasiten er. Då er det fint å ha to eksterne og sjølvstendige språkkonsulentar som NRKmedarbeidarane kan kontakta når dei er i tvil. No kjem NRK-leiinga kritikken frå Ruth Vatvedt Fjeld litt i møte med å visa til at det er på tale å tilsetja ein eigen språksjef i NRK. Det blir likevel ikkje mogleg for språksjefen å erstatta dei to språkkonsulentane. Kringkastingsringen meiner difor det var ein språkleg feilpasning å seia opp dei to. Difor oppfordrar med kringkastingssjef Hans Tore Bjerkaas til å omgjera avgjerda og gi oss tilbake språkkonsulentane. Nyheitssatsing frå Nynorsk pressekontor Nynorsk pressekontor (NPK) sette frå 1. januar i gang ei nyheitssatsing for å auka prosenten av nynorske nyheiter i media generelt. Bakgrunnen for stasinga er at nynorsken ser ut til å bli akterutsigla i den generelle auken i mediebruk på nettet, og mange nynorskmedium og tospråklege medium brukar bokmålsnyheiter frå Norsk Telegrambyrå (NTB). Nyheitssatsinga er eit prøveprosjekt som skal gå fram til 2013. Vi nærmar oss 200-årsjubileet for Ivar Aasen. Framleis dampar det av vreide i Noreg, språkvreide. Stundom sit eg i djup undring. Kvar kjem all denne vreiden frå? Berit Rekve Leiar i Mediemållaget Eg treng ikkje skriva historia om målstriden her. De kan det viktigaste om han frå før. Undringa mi ligg i det eg ser i det daglege, korleis vreiden overlever. Det vert nytta sterke ord for å uttrykkja uvilje mot å læra nynorsk. At unge er ekstra frekke i formuleringane sine i nettordskifta, er no så si sak. Det er verre når vaksne, velutdanna tek til med åtaka sine og omtale av det unyttige. Ein eller annan stad må dei unge ha fått vreiden frå. Her om dagen hamna eg i nok eit slikt ordskifte. Det er ei pedagogisk oppgåve som aldri tek slutt. Og det er ikkje til å koma vekk frå at vi som synest det er viktig å halda språkarven med to målformer i hevd, må forstå dei andre. Om vi ikkje vil forstå kvifor somme meiner det er rart å bruka tid på to former som er gjensidig forståelege, leitar vi truleg heller ikkje godt nok etter argumenta for. Greier vi å formidla det eg kallar meirspråkleg glede og kompetanse? Er lærarane godt nok skolerte? Det ser ikkje slikt ut. Det held i alle fall ikkje å peika på at nynorsk er fint, visa til all den gode litteraturen, at nynorsken er tufta på talemåla våre. Folk som ikkje kjenner seg heime i nynorskskriving, kan ikkje overtalast til å kjenna det slik fordi nokon meiner dialekten deira ligg nærare nynorsk enn bokmål. Sånn, då er er det sagt. Nok tungsinn. Språkåret 2013 no gjeld det som Vi står framfor eit spennande år. Det er laga utfordrande mål og planar. Frå styringsgruppa heiter det at Språkåret 2013 skal bli ei raus feiring av språklege skilnader og mangfald. Eitt av måla er å gjere også bokmålsbrukarane stolte av den nynorske skriftkulturen. Språkåret skal vera inkluderande, gjera alle til deltakarar. Det gir oss alle høve til å utfordra, både oss sjølve og andre. Tek til dømes dei største mediehusa ballen? Tek dei han ikkje i 2013, når skal dei då ta han? Greier vi å snu frå vreid til stolt? Kringom 2 2012 3

Ymse Nynorskpris til journalistar Firda-journalist Katrine Sele og kultur- og debattredaktør Hilde Sandvik i Bergens Tidende får begge Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar for i år. Prisen skal delast ut under Dei nynorske festspela i Ørsta, fredag 29. juni. Katrine Sele er opphavleg bokmålsmenneske, men har som allsidig nyheits- og kulturjournalist i lokalavisa Firda i Sogn og Fjordane vorte «eit godt døme på at bokmålsfolk kan bli gode nynorskbrukarar om dei vil, kan og må», skriv juryen om den første prisvinnaren. Språket hennar er enkelt og godt å lese, ho arbeider med det og har utvikla sin eigen tydelege Lulesamisk nett-tv kanskje på beina att 8. september 2010, blei den lulesamiske nett-tv-kanalen «NuorajTV» for og av ungdom lansert. På grunn av manglande løyvingar til vidare drift, blei prøveprosjektet innstilt ved årsskiftet 2011, noko som førte til reaksjonar frå Salten sameforening: Det er altfor få medietilbud på lulesamsk, og det er veldig synd at NuorajTV ikke fikk finansiering til å kunne fortsette nett-tv tilbudet, sa leiar Hugo Kalstad til Sápmi i eit intervju i samband med eit utspel i mai same år der dei meinte at det var avgjerande at NuorajTV fekk pengar til vidare drift og at NourajTV, dersom det «signatur». Det er lett å kjenne att det Katrine Sele har skrive, meiner juryen, som har vore leidd av NRK-journalist Gry Molvær. Sosiale media For Hilde Sandviks del trekkjer juryen mellom anna fram korleis ho har skapt eit rom for kommentarstoffet sitt i dei sosiale media, og dermed også eit rom for nynorsken. Hilde Sandvik er ein uredd debattant, som går til åtak utan nåde når det trengst, og som gjer klart og tydeleg greie for argumenta sine. Ho bruker gjerne personlege anekdotar for å belyse viktige saker og skriv ofte nære og gripande kommentarar som er til inspirasjon for samkjensla i oss, meiner juryen om henne. (NPK) skulle visa seg å vera ein suksess, kunne bli eit permanent medietilbod. No, over to år etter den fyrste starten, kan det sjå ut som at NuorajTV igjen kan koma i gang. Prosjektleiar Levi Paulsen seier til NRK Sápmi at dei nesten har samla inn dei midla dei treng for å starta opp att, og viser kor populært og kor mykje brukt NuorajTV i si tid blei brukt. Når man tar i betraktning at det er 650 personer som behersker lulesamisk i Norge, så er 4000 visninger i måneden mye, seier paulsen til NRK Sápmi. Bjerkaas gir seg Kringkastingssjef Hans-Tore Bjerkaas ønsker ikkje å fortsette i stillinga når åremålet går ut i mars neste år. NRKs styreleiar, William Nygaard, beklagar avgjerda og seier styret ville at Bjerkaas skulle halde fram. Bjerkaas seier at seks år i en så krevjande stilling er nok. - Eg har hatt flotte år mellom gode medarbeidarar og det er med tungt hjarte eg gir meg. Samarbeidet med styret har fungert utmerka, men eg trur NRK vil ha meir nytte av ein kringkastingssjef som har nye idear og annan kompetanse, seier Bjerkaas. Styreleiar i NRK, William Nygaard, må nå starte jakta på ein ny NRK-sjef. - Bjerkaas har gjort en særs god jobb og vi ville gjerne at han skulle halde fram, men vi må respektere avgjerda hans. Styret vil allereie på styremøtet i neste veke legge til rette for prosessen med å finne ein ny kringkastingssjef. Nygaard understrekar at skiftet ikkje betyr ein ny kurs for NRK. - Bjerkaas har ført NRK til ein særs sterk posisjon hos det norske publikummet. Under hans leiing har styret vedtatt ein ny strategi som gjeld fram til 2017. Eg har bedt Bjerkaas og leiinga i selskapet om å halde full fart til skiftet skjer. Det krevst i en hard konkurransesituasjon, sier Nygaard. Hans-Tore Bjerkaas (61) begynte i stillinga som kringkastingssjef 19. mars 2007 og er tilsett i eit åremål på seks år. (NRK) 4 Kringom 2 2012

Kringkastingsprisen 2012 Kringkastingsprisen 2012 til Knut Magnus Berge Kringkastingsprisen for 2012 blei tildelt Knut Magnus Berge, journalist og kommentator i NRK. Eg eg er både overraska og glad, svarar han på spørsmålet om korleis det kjenst å bli tildelt prisen. Knut Magnus Berge (fødd 1966) har sidan han tok til i NRK på byrjinga av 1990-talet, arbeidd i NRK Dagsnytt og NRK Dagsrevyen. I tillegg har han vore NRKs korrespondent i Berlin sidan 2005, og det siste året fungert som kommentator. I føremålet for Kringkastingsprisen står det at han skal gå til «ei røyst som utmerkar seg med godt språk i radio eller fjernsyn, og som på ein framifrå måte brukar nynorsk eller dialekt i det daglege arbeidet». I grunngjevinga for årets vinnar skriv styret at Berge nyttar eit tydeleg, men levande språk som folk forstår, både skriftleg og munnleg. Dette gjer han til ein framifrå ambassadør for nynorsk som etermediespråk, og han er slik sett godt innanfor føremålet for prisen. Jamvel om han ikkje nyttar ei fullt ut normalisert tale i eteren, har fleire nominert han med den grunngjevinga at han brukar eit godt og konsekvent nynorsk. Han uttrykkjer seg tydeleg og forståeleg, med former som er lette å føre attende til nynorsk skriftspråk, og har klår setningsbygnad og godt oppbygde tekstar. Ingen barrikadestormar Valet av nynorsk har falle meg heilt naturleg, svarar prisvinnaren Kringom 2 2012 5

Kringkastingsprisen 2012 på det obligatoriske spørsmålet om kvifor han nyttar nynorsk i arbeidet sitt. Eg er nok ingen barrikadestormar for nynorsken. Kva tykkjer du om å motta kringkastingsprisen? Eg vart både glad og overraska då eg fekk meldinga. Overraska fordi eg ikkje kjenner meg som nokon faneberar for nynorsken, og glad fordi det jo alltid er fint å bli sett pris på. Eg måtte jo nesten gå inn og sjå på dei tidlegare vinnarane. Det er ei stor ære. Tenkjer du nokon gong på deg sjølv som eit førebilete for andre journalistar? Sjølv om eg ikkje er noko fyrtårn for nynorsken, veit eg at eg når ut til mange og slik gjer ein viktig jobb, også for språket. Eg vonar eg kan vera eit førebilete for andre på sannferdig og interessant analyse. Har det påverka arbeidsdagen din at dei to språkkonsulentane som var tilsette i 20 prosent kvar blei oppsagde i juni? Det kan eg ikkje seia at det har. Eg var ikkje den flinkaste til å nytta dei då me hadde dei heller. Berge har positive erfaringar knytt til dei lokale språkkontaktane, som no får auka ansvar i NRK. Dei lokale språkkontaktane er jo kolleger eg pratar med fleire gonger til dagen. Rett nok om andre ting enn språk, men dei er tilgjengelege når ein treng rask tilbakemelding. Men ei slik ordning er sjølvsagt veldig personavhengig. Kva tilbakemeldingar har du fått frå sjåarar og lyttarar på språket ditt? Eg har fått både ris og ros, seier han. Språket mitt tilfredsstiller visst ikkje alle, men eg har òg fått mange positive tilbakemeldingar, legg han til. Berge seier han aldri har fått negative tilbakemeldingar på språket sitt frå bokmålsmiljø. Manusfri arbeidsdag Terroråtaket kl. 1525, 22. juli 2011 endra arbeidsdagen til Knut Magnus Berge. Han gjekk i studio klokka fire og blei der til halv tolv på natta. Nyhenderedaksjonen, som han var ein del av, sende samanhengande i 39 timar, og han tok til i kommentator-rolla me har sett og høyrd han i det siste året fram til dommen fall mot terroristen fredag 24. august i år. Oppgåva mi som kommentator blei å setja ting i samanheng, seier han. Og då bruker ein ikkje manus, og eg har difor vore fritatt frå å halda meg til normert språk. Likevel var ein del av grunngjevinga i fleire av nominasjonane me fekk av deg at du nytta eit «korrekt nynorsk». Korleis trur du det kan ha seg? Med foreldre frå Sogn, og oppvekst på Sunnmøre frå eg var ti, har eg eit godt utgangspunkt for ei dialekt som ligg tett opp til nynorsk. Dessutan har eg budd i Oslo tre gonger lengre enn nokon annan stad. Når eg i så mange av dei åra har arbeidd i NRK, har det nok ført til at dialekta mi har endra seg i retning av nynorsk heller enn noko anna. For meg handlar språk fyrst og fremst om kommunikasjon og det å bli forstått. Å snakka tydeleg og forståeleg har alltid vore idealet for meg, og der er nok dialekta mi eit godt utgangspunkt, seier han. og til å skilja seg frå hopen av austlendingar, legg han til lurt smilande. B-MSS 6 Kringom 2 2012

Grønland Eit medieblikk mot Grønland Med ein folkesetnad på storleik med Sandnes spreidd utover ei bueleg pizzaskorpe rundt innlandsisen, har medielandskapet på Grønland ei rad utfordringar det er vanskeleg å hanskast med i eit land med lågt utdanningsnivå og skyhøge byggje- og transportpriser. Og på toppen av det heile kjem ein unådig tospråkssituasjon. Bror-Magnus Sviland Strand Dagleg leiar for Kringkastingsringen I likskap med mange andre land, var det misjonen som brakte skrivekunna til Grønland. I 1721 kom Harstad-guten Hans Egede, på kongeleg oppdrag, til Grønland i den tru at nordbuarane ein visste at hadde vore der på 1300-talet framleis var der og at dei framleis måtte vera katolikkar! Men Egede fann ingen nordbuarar. Og dei han fann snakka i alle fall ingen form for «forkvakla dansk». Dermed fekk dei bibelen på sitt eige språk, ført i pennen av euro- peiske misjonærar. Katekismer blei skrivne, skular blei oppretta og i 1825 blei det rapportert at alle grønlendarar kunne skriva. Dette får vera historisk ramme nok for denne overflatiske innføringa i stoda for og historia til Grønlands media berre toppen av isfjellet, for å bruka ein høveleg metafor. Tranavis Den fyrste avisa, Atuagagdliutit, blei gitt ut fyrste gong i 1861 som ei rein grønlandskspråkleg avis. Kringom 2 2012 7 Foto: Olga Hario

Grønland Fordi avisa i byrjinga blei betalt av ei «avisavgift» på sal av tran, blei ho sensurert av Den Kongelige Grønlandske Handel. Og for at det skulle gjerast måtte ho omsetjast til dansk. Under andre verdskrigen blei Grønland i stor grad avskore frå Europa. I Nuuk blei danskspråklege Grønlandsposten starta, hovudsakeleg for å halda danskar på Grønland oppdaterte på kva som gjekk føre seg i heimlandet under krigen. Grønlandsposten blei populær nok til å halda fram etter krigen, men blei samanslege med Atuagagdliutit til den tospråklege AG. I 1958 byrja den tospråklege lokalavisa Sermitsiaq å koma ut i Nuuk. To år seinare blei ho landsdekkjande. Etter ein ny «avisdød», er no AG og Sermitsiaq fusjonert til mediekonsernet Sermitsiaq.AG, og delar redaksjonslokale, heimesider og omsetjarar. Etter at Grønlands Trykkeri gjekk konkurs, har avisene blitt prenta i Danmark for så å bli floge over Atlanteren og kjem fire eller fem dagar seint. Dette og det faktum at Sermitsiaq og AG kjem ut høvesvis ein og to gonger i veka, gjer at det å kunne presentera ferske nyhende er eit privilegium for etermedia og elektroniske media. Då er det lett å tenkja at avisene burde satsa mindre på tabloid stoff, og meir på djup, undersøkande journalistikk. Men med knappe resursar blir kritisk og gravande journalistikk eit prioriteringsspørsmål. I tillegg syner det seg vanskeleg å finna kjelder i det vesle samfunnet. Dagsferske nyhende finst på 8 Kringom 2 2012 nettsida til avisene, men då bør ein kunna dansk, ettersom det kan gå opptil ei veke før alle nyhenda blir omsette til grønlandsk av dei fire omsetjarane redaksjonane deler på. Det kan heller ikkje seiast å vera gratis å lesa nettavisa, ettersom TELE Greenland, som har monopol som internettleverandør, har volumtakstar på internetttrafikk, for å kompensera for kostnadane ved å levera internett til heile landet. Frå tapp til TV Grønlands landsdekkjande radiokanal, Kalaallit Nuunaata Radioa (KNR) blir omtala som «limet» i det grønlandske samfunnet. KNR starta sendingane i 1958. Då hadde dei eit mål om ei fordeling av grønlandsk og dansk på 80/20, ei fordeling dei har klart å halda sidan fyrste sendedag. KNR sender 24 timer i døgnet alle dagar. Radioen var eit initiativ frå styresmaktene. Dette gjeld ikkje for fjernsynet, som kom til grønland gjennom bakdøra på 60-talet frambore av illegale TVforeiningar. Kvar foreining hyra ein person til å tappa tv-program i Danmark. Etterpå blei banda smugla over Atlanteren, og sende ut lokalt på grønland over kablar. Den kronglete prosessen gjorde sjølvsagt at produktet hjå den einskilde foreiningsmedlem kunne vera særs varierande. Mellom anna var det eit problem at sledehundar gnog sund dei utlagde kablane og signalet blei brote. På denne tida, etter 1953, var Grønland eit dansk amt, og dei danske styresmaktene såg mellom fingrane på dei illegale tappetenestene. Men med det grønlandske Heimestyret i 1979, måtte ein finna ei løysing på problemet. Noko som var lettare sagt enn gjort. For det fyrste er demografien i landet eit stort problem, som gjer det særs kostbart å få i gang fjernsynskringkasting i det heile. Og kvar skulle pengane koma frå, og kvar skulle ein få profesjonelt personale frå? Etter protestaksjonar og hissig diskusjon, der folk var redde for kva umoral og språkleg øydeleg-

Grønland ging TV-mediet ville bringa med seg, blei KNR TV starta i 1982. Dei sette ut med den same målsetnaden om språkleg fordeling som radioen i 1958, men starta med ei fordeling på 19/81-fordeling, altså den stikk motsette, utan å vera noko nemneverdig nærare målet i dag. Det har òg blitt meint at det ville vera umogleg å teksta TV-sendingar på grønlandsk, fordi orda var for lange. Dette stemmer sjølvsagt ikkje. hovudstaden Nuuk, med fjellet Sermitsiaq i bakgrunnen Lite hjelper det på språksituasjonen at KNR 24. august i år meldte at dei av spareomsyn må kutta 11 stillingar, og går med det frå 94 til 83 tilsette. Når dette blir skrive er det enno ikkje avgjort nøyaktig kvar kutta skal takast, men det er heilt sikkert at KNRs eigen barnetv-produksjon, «pikkorissuaqqat», blir eit offer for sparekniven. Desse produksjonane har vore ei av dei største kjeldene til grønlandsk på KNRs sendeflate. Det lukkast diverre ikkje å få eit intervju med KNR-direktør Ivalo Egede. DR, både TV og radio blir òg kringkasta på Grønland, men fire timer «på forskot» på grunn av tidsskilnaden, så nattkinoen går på kvelden, og kvelds-sendingane på føremiddagen. Tospråksproblemet I 2010 blei det publisert ei utgreiing frå ei statleg nedsett mediearbeidsgruppe, «Stærke meider». Denne melder om problema dei grønlandske media har å stri med, og ei smørbrødliste med framlegg til tiltak for å retta opp problema til kvart medium. Her blir det sett lys på den økonomiske situasjonen til KNR, og det kan synast som at problema ikkje kjenner grenser: Lokala i den gamle helikopterhangaren til Air Greenland er ikkje høvelege, og fuktskadar heimsøker bygget og øydelegg dyrt elektronisk utstyr, KNR har nesten berre halvparten så mykje å rutta med per tilsett som Danmark og dei andre Nordiske landa, og sidan 1994 har stønaden frå styresmaktene berre blitt indeksjustert, og talet på tilsetta har falle frå 140 til 83, og at KNR sklir lengre og lengre vekk frå måla i Public Service-avtalen. Etter ein debattrunde i media etter kutta som blei varsla 24. august, ser det no ut til å vera fleirtal i Inatsisartut (stortinget) for å løyva KNR ytterlegare 10 mill. danske kroner. KNR får i dag i overkant av 60 mill. i året. Dei grønlandske media har blitt kritisert for for dårleg språk. Mykje av skulden for dette, har blitt skyve over på skuleverket, som det blir meint gir for dårleg opplæring, særleg i grønlandsk. I tillegg kjem den stramme økonomien, som fører til få tilsette, som igjen fører til høgt tidspress. Når alle aviser, på nett og papir, er tospråklege, må redaksjonane halda seg med omsetjarar. Omsetjarar og tolkar blir fort ettertrakta i eit gjennomført tospråkleg samfunn. Særleg i eitt som ikkje før no har hatt ei eiga omsetjarutdanning. På Grønland er dei som kan omsetja frå grønlandsk til dansk dei mest ettertrakta, og dei tar sjølvsagt dei best betalte jobbane i Sjølvstyret. I Sermitsiaq.AG har dei fire tilsette omsetjarar. Desse er primært grønlandskspråklege, og føretrekk difor å omsetja frå dansk til grønlandsk. Dette gjer at journalistane må skriva ariklane på dansk om dei ikkje vil omsetja artiklane sine sjølve og bruka dobbelt så lang tid. I tillegg har ikkje omsetjarane journalistisk utdanning, og på grunn av tidspress blir tekstane i stor grad omsette ord for ord. Alt dette går hardt utover kvaliteten på språket, der grønlandsk ofte får dansk subjekt-verbal-objektsyntaks (SVO) i staden for den grønlandske (SOV). Uttrykksmåtar, humor og satire med utgangspunkt i dansk språk og kultur, blir uforståelege og til tider berre Kringom 2 2012 9

Medlemssider Kringom trur det finst like mange grunnar til å vera med i Kringkastingsringen som det finst medlemmer. I von om å overtyda fleire om at dei burde vera med i Kringkastingsrinfoto: Tom A. Kolstad forvirrande i grønlandsk omsetting. Alt dette blir det sett fingeren på i «Stærke medier». Det dårleg omsette språket i skriftlege media, gjer at grønlendarar som elles er primært grønlandskspråklege les dei danske versjonane av artiklane, fordi språket er så Medlemmen mykje betre. I tillegg hemmar det utviklinga av eit grønlandsk journalistspråk. Me kan berre håpa at den nye utdanninga i «erhvervssprog og oversættelse» som startar i desember i år ved Grønlands Universitet (Ilisimatusarfik) kan hjelpa til å bøta på problemet. gen, vil me prenta nokre av grunnane for å melda seg inn. Og kvar er det vel meir logisk å begynna, enn med nynorsktenkjar og -dramatikar Jon Fosse: Kvifor er du medlem i Kringkastingsringen? Eg vil gjerne vera med og gje mi støtte til dei som arbeider organisert for nynorsken, om ikkje på anna vis, så som medlem i organisasjonen. Og mi meining er at nynorsk også bør høyrast som talt språk, og eg vonar at Krinkastingsringen vil arbeida for det. Dialektane klarer seg godt på eiga hand. Det er nynorsken som no Bakanfor tospråkssituasjonen ligg ei språklov som fastslår at grønlandsk er hovudspråket på Grønland, men at det skal undervisast grundig i dansk. Grønland er med andre ord juridisk og prinisipielt einspråkleg grønlandsk, men likevel slit språket med posisjonen i samfunnsberande domene. treng støtte. Kva er den største utfordringa for nynorsk i etermedia? Rett og slett at han blir brukt. Normalisert nynorsk. Det vil sjølvsagt seia med melodi og anna preg frå ulike dialektar, men normalisert. Mang ein journalist kunne hatt godt av litt opplæring av Oddgeir Bruaset. Kva er dei viktigaste arbeidsoppgåvene til Kringkastingsringen? Å arbeida for at normalnynorsk blir å høyra. Det er ikkje noko gale med dialektar, sjølvsagt, men oppgåva til Kringkastingsringen bør vera å arbeida for nynorskbruk, ikkje for dialektbruk. 10 Kringom 2 2012

VERVEKUPONG namn: adresse: postnr.: tlf.: e-post: fødeår: medlemskapstype: stad: ordinært (kr. 300 i året) under 26 år (kr. 150 i året) (valfritt) (valfritt) (valfritt) Kjenner du nokon som vil vera medlem i Kringkastingsringen? Det kan lett ordnast ved å fylla ut kupongen, frankera han og senda han i posten, eller fylla ut den same informasjonen i ein e-post til post@kringkastingsringen.no. Det er alltid plass til fleire! Kringom 2 2012 11

Sendar/retur: KRINGKASTINGSRINGEN Postboks 9161 Grønland 0134 OSLO