Dette vil vi arbeide for i Bremanger AP

Like dokumenter
Kommunevalprogram Bremanger Arbeidarparti

Til veljarane i Tysnes

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

Politisk program for Jølster KrF

EIDFJORD HØGRE VALPROGRAM

Program for. Årdal Venstre

Ål Venstre. Ål Venstre

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Program for Masfjorden Venstre

Vestnes eit lokalsamfunn for framtida

INDRE VESTLAND. Innspel frå Hardanger, Sogn, Voss og Vaksdal i dialogmøte med Vestland fylke

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018

Program OSTERØY HØGRE

Me har fått realisert store prosjekt som gjev innbyggjarane gode tenester og betre

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram

KOMMUNEPLAN SELJORD KOMMUNE

ETNE VENSTRE

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2017

MASFJORDEN. Foto: Gettyimages. Kommunen og innbyggjarane våre

PROGRAMMET VÅRT Suldal Arbeidarparti

VALPROGRAM LEIKANGER SENTERPARTI

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

Vaksdal Venstre. «Venstre er det grøne og liberale alternativet i Vaksdal» Tommy Svendsson Ordførarkandidat for Venstre

Program NAUSTDAL HØGRE

Politisk program. Førde Kristeleg Folkeparti partiprogram

Program Årdal AP

Program for. Nesset Venstre. for perioden _Programmal 2011 A5 8s.indd 1

Hovudsatsingane for Odda Senterparti ved kommunevalet 2015 Senterpartiet vil arbeide for Kommuneøkonomi med rom for fondsavsetjing Satsing på auka

Programmet til Jølster Arbeidarparti byggjer på dei sosialdemokratiske prinsippa om FRIDOM LIKEVERD SOLIDARITET

Bli med på laget TIME SENTERPARTIET

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

FÅ FART PÅ SVEIO ME TEK SVEIO VIDARE KUNNSKAP OG KVALITET I SKULEN. GOD FOLKEHELSE I ALLE LEDD. GODE KLIMALØYSINGAR. EIT GODT ARBEIDSLIV FOR ALLE

framtida. På lag med Tysvær Venstre

Sogndal arbeidarparti - Endå betre saman. Visjon

[Skriv her] Program Hjartdal SP HEILE HJARTDAL. sp.no/hjartdal. sp.no/hjartdal

Velferd i fellesskap. Stig Holmstrøm. Ordførarkandidat

Frivilligpolitisk plattform

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2015

Oppsummering frå verkstad på Hardange Ungdomsting

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Hemsedal KRF Program

Venstre gjer Bjerkreim grønare.

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

TA KAMPEN FOR EIT ET VARMT SAMFUNN

SULDAL VENSTRE. Ulike menneske treng ulike løysingar for å ha eit godt liv. Venstre tenkjer FOLK FØRST.

Omklassifisering av vegnettet som følgje av Bremangersambandet II

Overordna strategiplan for Hardangerrådet

SOGN driftig raus ekte

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Stortingsmelding om kultur. Innspelsmøte 17. januar 2018

KLIPPFISK-KONFERANSEN Dato

Kommunevalprogram

Program for. Masfjorden Venstre. for perioden

Program for. Sykkylven Venstre

Partiprogram for Osterøy Sosialistisk Venstreparti

Regional Næringsstrategi for Hardanger. Hardangerkonferansen, torsdag 13. november 2014

Kommunedelplan for oppvekst

Sogndal Arbeidarparti. Valprogram

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV ODDA KOMMUNE, JONDAL KOMMUNE OG ULLENSVANG HERAD

Kultur for alle. Er kultur viktig? - Feil spørsmål

Vedlegg SNP Side 1. Strategisk næringsplan

Utkast til program Meland Høgre 2015

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE

GULEN ArbeidArparti

Oppsummering frå verkstad på Hardanger Ungdomsting 2015

kommunevalprogram for nesset venstre i perioden Venstre setter deg og dine behov i sentrum. Sammen bygger vi Nesset.

Strategisk plan for kystensamling. Prosjektleiar Arne Kringlen Norconsult AS

folk først Britt Giske Andersen andrekandidat for Venstre i Møre og Romsdal Olbjørn Kvernberg tredjekandidat for Pål Farstad førstekandidat for

Høyanger KrF. Menneskeverd i sentrum

Ei samla bygd. Sogndal Arbeidarparti sitt kommuneprogram

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

Ole Aasaaren Regionsjef

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV EIDFJORD KOMMUNE, GRANVIN HERAD OG ULVIK HERAD

Samnanger. der du vil leva og bu Kommuneplan

Austevoll kommune. Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref John Tveit 16/343-56

Kommunevalprogram. Vik Senterparti

Ei god framtid for alle!

MØTEPROTOKOLL. Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: kl.12:00-14:00. Utval:

heile VIK Program VIK HØGRE VISJON

Gruppe 1. Kva er bra med Kvinnherad i dag? Kva er ikkje bra med Kvinnherad i dag? Kva gjer Kvinnherad attraktivt i framtida?

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

Midt-Telemark SV VALPROGRAM 2019

Austevoll Venstre. Program _Programmal 2011 A5 8s.indd

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Partiprogram Fusa Høgre

Programkategori Distrikts- og regionalpolitikk

HANDLINGSPLAN 2019 LOKAL UTVIKLINGSSTRATEGI

KrF byggjer sin politikk på eit kristent verdigrunnlag og ein kristendemokratisk ideologi.

Eit liberalt Sogn og Fjordane

Grunnlagsdokument for samarbeid mellom Helse Bergen, Haraldsplass og dei 22 kommunane i lokalsjukehusområdet. Oppfølging av Samhandlingsreforma 2012

Arbeidsprogram

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Valprogram SENTERPARTIET !

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

INNLEIING OG MÅLSETTING

Program HØYANGER HØGRE

Program OVERORDNA MÅL OG GRUNNSYN

Ungdomsplan. for Balestrand kommune. Barn frå Fjordtun på Galdhøpiggen

Transkript:

Alle skal med Bremanger Arbeidarparti 2007 2011

Arbeidarpartiet sine mål er å sikre likeverdige levekår, slik at alle får størst mogleg fridom til å leve eit liv i samsvar med eigne ynskje og behov. Dette kan vi berre oppnå gjennom fellesskap og rettferdig fordeling. Det er ei stor og viktig utfordring å legge til rette for at ungdom og familier vel å busetje seg i kommunen. Bremanger Arbeidarparti vil i perioden arbeide med infrastrukturen slik at kommunen kan bli attraktiv for nyskaping. Bremanger Arbeidarparti vil ha eit tett samarbeid med næringslivet i kommunen. Saman vil vi gjere det som er mogeleg for å oppretthalde arbeidsplassane vi har. I tillegg vil vi tilrettelegge for nye og framtidsretta arbeidsplassar. Fullføring av Bremangersambandet fram til Sørdalsvatnet og nytt ferjesamband over ytre Nordfjord er viktige tiltak for utviklinga av kommunen. Bremanger Arbeidarparti ynskjer at kommunen skal tilby eit godt tenestetilbod og eit breitt tilbod innan kultur. Arbeidsliv og næring Få kommunar har så store moglegheiter for utbygging av småkraftverk, bio- og vindkraft som Bremanger. Områda utanfor kysten vår har store energimengder i form av olje og gass. Denne energien vert send direkte til Europa. Vi vil arbeide for at desse energiformene vert nytta i eigen kommune. Bremanger Arbeidarparti meiner det er viktig å legge til rette for nye arbeidsplassar. Difor vil vi stimulere til kreativitet og nyskaping i næringslivet. Vi vil mellom anna bidra til auka samspel mellom næringsliv og kommune, og legge til rette for gründarar og næringsutvikling. Vi vil støtte primærnæringane sine moglegheiter for satsing og verdiskaping. Vårt mål er at Bremanger kommune skal vera ein god stad for næringsverksemd. etablering av Solar i Svelgen. næringsutvikling med eit kvinneperspektiv. framtidsretta næring. å være positiv til ny energiproduksjon i kommunen gjennom vasskraft, bio- og vindkraftverk. ilandføring av gass på Bremangerlandet. å auke støtta til næringsutvikling gjennom Innovasjon Noreg. at konkurranseutsett industri får langsiktige, stabile og konkurransedyktige rammevilkår. å oppretthalde eit variert landbruk og ta vare på kulturlandskapet. at fiskeri- og havbruksnæringane skal få vilkår som stimulerer utvikling. 2 3

Samferdsle For å sikre busetnad og næringsliv treng vi eit godt utbygt og trygt samferdslenett i heile fylket. Det betyr mellom anna eit sterkt offentleg utbygt transporttilbod både på sjø og på land, og eit fullverdig kollektivtilbod. Alle som ferdast på vegane må kjenne seg trygge. Vi vil difor arbeide for å utbetre vegnettet i kommunen og å styrke transport- og pendlartilboda til kommunen sine innbyggarar. å fullføre Rv 614, Bremangersambandet. å oppretthalde gode skule- og arbeidsruter. gratis ferjer. gode rabattordningar for kollektivpendlarar. auka løyvingar til aksjon skuleveg og vidare utbygging av gang- og sykkelvegar. at vegsambandet Ålesund Florø - Bergen fylgjer kysten. å oppretthalde 2 ekspressbåtstopp i kommunen. å få bussamband mellom indre og ytre delar av kommunen. Stadt skipstunnel. Helse og omsorg Alle skal ha tilgang til gode og likeverdige helse- og omsorgstenester. Folk må oppleve å få tilbod om behandling og pleie med kort ventetid, og med størst mogleg nærleik til brukaren. Helsetenestene skal sikrast nok ressursar og kompetanse til å kunne yte tenester grunna på moderne og fagleg oppdaterte metodar og teknologi. Bremanger Arbeidarparti vil vidareutvikle omsorga for dei eldre slik at livskvalitet og utfalding blir mogleg. Tilboda skal vere individuelt tilpassa, og tenestene skal utformast i nært samarbeid med pårørande, friviljuge og dei eldre sjølve. å ha ei ambulanseteneste med god kvalitet og kompetanse som har god beredskap og forsvarleg responstid. å sikre rehabilitering og opptrening til alle som treng det. at tilbodet til menneske med psykiske lidingar vert styrka. å legge tilhøva til rette for funksjonshemma. å sikre dei eldre ein trygg og aktiv alderdom og aktivitetsarena. større stillingsbrøkar. Kultur Alle bør ha tilgang til gode kulturtilbod. Vi ynskjer difor å satse på eit breitt kulturtilbod og at folk har tilgang til dette i kvardagen. Vi vil også ruste opp fellesområde som parkar og grøne areal. Eit utviklingsområde innanfor kulturlivet er reiseliv. Vi vil satse meir på økologisk reiseliv, der natur og miljø samspelar med kvarandre. Vi meiner at alle skal ha rett til kulturopplevingar uavhengig av alder eller lommebok. Difor vil vi behalde kulturaktivitetar for barn og unge. å gje alle tilgang til eit breitt kulturtilbod. å sikre barn og unge moglegheit for ein kulturskule til rimeleg pris. gode idrettstilbod for alle. fleirbruksanlegg for symjing og rehabilitering i Svelgen. å legge til rette for at born og unge kan utvikle seg gjennom musikk, teater og anna kunstnarleg verksemd. å utvikle nærleik til natur og norsk kultur gjennom satsing på grønt reiseliv, vurdere reiselivbaserte kulturtilbod og ivareta eit rikt kulturlandskap. at historisk kulturarv skal takast vare på ved bruk og marknadsføring innan reiseliv. 4 5

Born - Barnehage og skule Det er viktig å etablere eit trygt og inkluderande oppvekstmiljø for born og unge. Vi har i dag eit godt skule- og barnehagetilbod i Bremanger kommune. Vi ser på barnehage og skule som viktige læreinstitusjonar. Dette ynskjer vi å vidareføre. Gjennom samarbeid med næringslivet vil vi informere om tilbodet ungdom har til framtidig arbeid i kommunen. å sikre god kvalitet i barnehagane og skulefritidsordninga. velutstyrte skular med god lærardekning, og arbeide for at elevar i den vidaregåande skulen får eit tilbod nærast mogleg heimstaden. å auke kompetansen til tilsette i barnehage og skule slik at ein betre kan møte dei krav og utfordringar ein står framfor. at ein gjennom partnarskapsavtalar og entreprenørskapsprosjekt skal utvikle samarbeidet mellom skule og næringsliv. kvalitet og ungane sitt beste. Unge Ei viktig oppgåve er at ungdom trivst og vil bu i kommunen. Difor er trivnad i oppveksten viktig for at ungdomen skal koma attende etter fullført utdanning. Mellom anna må ungdom sikrast moglegheit for å delta i kultur-, idretts- og organisasjonslivet. Vi vil også arbeide for at ungdomar har eigne informasjonskanalar, som sikrar dei informasjon om dei ulike tilboda i kommunen. Ungdomsrådet er ein viktig faktor i denne samanheng. Fleire stader vil det være behov for å støtte opp om ungdomsklubbar og å syte for at uorganisert ungdom får eit tilbod. Difor vil vi støtte aktivitetar som dei unge sjølve skaper og ynskjer. Vi vil lytte til og prøve og forstå kva som kan halde dei unge i kommunen. at ungdomskortet og kollektivtilbodet for ungdom vert vidareutvikla. at skuleskyssordninga vert meir fleksibel slik at ungdomen også kan reise heim på kveldstid. at ungdom, studentar og lærlingar får rimeleg tilgang til kulturarrangement. å bidra til at uorganisert ungdom får eit tilbod heile året. å få til rutetilbod som høver til aktivitetar på kveldstid. å legge tilhøva til rette for gode fritidstilbod m.a. ungdomsklubbar. at ungdomsrådet bruker sin rett til å føre saker direkte i kommunestyret. å legge til rette for at ungdom får bustad/tomt. fritidstilbod i feriar. Tilflyttingstilskot. rimelege ungdomsbustader. Investeringar Svelgen Bu- og servicesenter. Sentrumsplan Svelgen. Omsorgsbustader. Rehabilitering av kommunale bygg, anlegg og gatelys. Venterom i Smørhamn. Nytt kaianlegg i Leirgulen. Kultursenter på Hauge. Badeanlegg i Svelgen. Næringsareal på nye kaianlegget i Leirgulen. Gang og sykkelveg frå Struen til Grotle. 6 7

Alle skal med Sogn og Fjordane Arbeidarparti 2007 2011