møte:plassen Ein heilt vanleg U21! side 6-7 UKUF: Årsmøter og møteoversikt Tankar i tida: Solveig Bjørkum Jakobsen side 3 Innsyn: Miniklang!

Like dokumenter
Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

S.f.faste Joh Familiemesse

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Teknikk og konsentrasjon viktigast

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Jon Fosse. For seint. Libretto

Valdres vidaregåande skule

Til deg som bur i fosterheim år



Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Brødsbrytelsen - Nattverden

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Månadsbrev for Rosa september 2014

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Referat frå Soknerådsmøte 17.oktober 2013

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

Kjære KUL-konfirmant (og føresette)!

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

6. trinn. Veke 24 Navn:

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Månadsbrev for ROSA mars 2015

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Strategidokument Varhaug Misjonshus

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Tema: Vegen, sanninga og livet. Han som veit alt om meg og som er glad i meg - han vil eg fylgje! GLYTTEN

5. Soknerådsmøte mai Referat

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Plassebakken Barnehage

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Psykologisk førstehjelp i skulen

BREV I BIBELEN Av Marit og Preben

Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad. Lyngmo-Glytten22. årgang GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!!

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.


Månedsbrev april 2015

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Er Jesus den einaste vegen til frelse?

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Unngår kvarandre Irritasjon Det vert stille Alliansar Terror. Brotne relasjonar

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

Visitasforedrag ved bispevisitas i Høyanger og 10. mars 2019

/

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

L Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Far og Herren Jesus Kristus.

Ordinasjon og innsetjing av forstandar og/eller eldste i same gudsteneste

ORDNING FOR KONFIRMASJON

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon.

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

«Ny Giv» med gjetarhund

ABC for Barne- og ungdomsleiarar - Praktisk hjelp til betre planlegging og gjennomføring

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Protokoll frå møte Frå kl til Møtedato:

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår?

Informasjon til elevane

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Nyhetsbrev fra stiftelsen TO SKO Mars / April 2011

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Informasjonshefte Tuv barnehage

Strategidokument

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

FORBØN FOR BORGARLEG INNGÅTT EKTESKAP NYNORSK

Da psbrosjyre ver nov :03:33

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Plassebakken Barnehage

STRUKTUR FOR FAMILIEGUDSTENESTE TIL INFORMASJON I KYRKJELYDANE IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Transkript:

Nytt fra Undheim Kapell og Bedehus møte:plassen nr 1, 2007 årg. 2 AKTUELT: Årsmøter og møteoversikt side 10-11 UKUF: Ein heilt vanleg U21! side 6-7 Mi tru: Torbjørn Garborg side 4-5 Innsyn: Miniklang! side 8-9 Tankar i tida: Solveig Bjørkum Jakobsen side 3

møte:plassen Redaksjonen: Maria Aarrestad Marta D. Undheim Torvald Tjåland Kontakt: E-post: nyheitsblad@gmail.com Adresse: Møteplassen Pb 373 4349 Bryne Ansvarleg utgjevar: Undheim Sokneråd i samarbeid med Kapellstyret Neste nr. i april/mai 1. Årgang av Møteplassen er historie - og 1. nummer av 2. årgang held du no i hendene, vonar du set pris på det! Å starta noko nytt som ein har tru for er alltid spanande og kjekt. Målet er at bladet skal vera med å belysa mange sider av alt som skjer ut frå kapellet, slik at du skal få kjennskap til det, og vi synest å ha funne ei god form som vi kan arbeida vidare med. Takk til alle som villig stiller opp når vi spør. Svært oppmuntrande er det å ha fått ein økonomikomite som skaffar pengar til trykking av bladet, og vi takkar både dei og sponsorane. Redaksjonen Har du meldt deg til gjevartenesta? Meiner du at kyrkja og det den står for er eit positivt bidrag i lokalmiljøet på Undheim? Har du tru for at satsing på dei kristne verdiane er viktig i livet til barn, unge og vaksne på Undheim? Då oppmuntrar vi deg til å vera med på soknerådet si satsing for å behalda Per Børge her som prest, og for å få ein ny ungdomsarbeidar med i arbeidslaget slik at vi kan gjera ein endå betre jobb! Les invitasjonen du fekk i posten ein gong til, og kjenn etter kva du kan og har lyst å bidra med. Alle beløp, om det er stort eller lite, er faktisk like viktige. Støtta di vil bety svært mykje! Soknerådet 2

tankar i tida av: Solveig Bjørkum Jakobsen - Jeg tenkte jeg visste hva kjærlighet var, jeg trodde jeg selv var god. Så stod jeg en dag for en korsfestet mann hvis vunder dryppet av blod. Jeg hørte han ba for den bøddelflokk som naglet til korset ham fast. Da var det som dypest i hjertets grunn en kilde av tårer brast. I apostelgjerningane kap. 9 står det fortalt om Saulus, han som seinare vart kalla Paulus. Han trudde om seg sjølv at han var ein gudhengiven og nidkjær Guds etterfylgjar. Då Vegentilhengarane oppstod, dei som seinare vart kalla kristne, såg han det som ein stor fare for gudsdyrkinga av den sanne Gud. Med fullmakt frå øvstepresten var han i gang med å fengsla dei kristne overalt der han kunne få tak i dei. Han var overtydd om at han gjorde ei Guds gjerning med det. Så blind går det an å verta, trass i at han hadde ei grundig innsikt i skrifta og høg status i farisearpartiet. På vegen til Damaskus møtte han Jesus. Eit mektig lys slo han til jorda og han høyrde ei røyst som sa: Saul, Saul, kvifor forfylgjer du meg? Slik er det. Den som forfylgjer ein sann kristen, forfylgjer Jesus. Så eitt er han med sine, at han kjenner kvar smerte den einskilde har. Men Saulus som her forfylgde Kristus vart kalla til å vera eit Herrens vitne. Dei som før frykta han, vart hans vener. Dei som før støtta han, vart hans bitraste fiendar som ville drepa han. Slik er det i dag og. Motsetningane snur om når Jesus vert konge i livet. Slik eg er i meg sjølv, kan eg aldri vera ein kristen, utan det vert tilført meg noko nytt ovanfrå som gjer meg god i Kristus. Innhald: 2...Redaksjonen/Leiar 3...Tanker i Tida 4-5...Mi Tru 6-7...UKUF Sidene 8-9...Innsyn 10-11...Aktuelt Å, kor rik eg er, eg har Jesus! Eg for Gud er kjær gjennom Jesus. Eg har Gud til far, himmelarv eg har. Å, kor rik eg er! Å, kor glad eg er! Eg har Jesus! Alltid nok eg fær, takk skje Jesus! Bort med sorg og sut, gleda syng eg ut. Å, kor glad eg er! (Sb 291) Framsidefoto: Hanne Brit 3

Mi tru av Marta D. Undheim Mi tru har modnast fram Me møter Torbjørn Garborg heime i stova på Garborg. Frå stovevindauga har han utsikt mot Risamarkene og blandeverket på Gausland og frå trappa, på oppsida av huset, ser han opp mot Garborgåsen. Her i tunet har Torbjørn trøtt sine barne- og ungdomsko og no er det han som er bonde på garden. Inn med morsmjølka Du veit eg er oppvaksen i det, svarar Torbjørn på spørsmålet kvifor han er ein kristen i dag. - Å ta del i kristent fellesskap var naturleg for mor og far. Dei tok oss med på gudstenester og møte på kapellet på Undheim og andre stader. Eg gjekk på sundagsskulen på Gudmestad. Gjennom skuleåra vart eg med i guttalaget (Ugla), yngres og etter kvart ungdomsforeninga. No i ettertid er det nok weekendane og turane i Ugla og ungdomsforenin 4 ga som strålar mest fram som gode minne. Det var gildt! Stort ansvar - Eg har nok hatt ein låg profil på trua mi, seier Torbjørn. Heilt frå ungdomstida kjende han på eit stort alvor ved det å gå sterkt ut og profilera seg som kristen. Dei som kallar seg kristne er berarar av den kristne trua. Og tanken om at ut frå den måten dei er på Torbjørn Garborg og det livet dei lever, kan andre folk bedømma kristendommen, vart veldig alvorleg. - Tenk om folk skulle ta avstand frå Jesus på grunn av meg og det eg sa og gjorde? Det var ingen god tanke. På den bakgrunn vart det naturleg for meg å liggja litt lågt, som me seier. Eit lite opprør? På gymnaset kom Torbjørn i ein veldig fin klasse og fekk mange gode vener. I russetida

? var dei mange som var kristenruss, men Torbjørn var òg mykje saman med dei som var vanleg russ. Der møtte eg mange fine, fornuftige og samfunnsengasjerte ungdommar som det var gildt å vera saman med. På Undheim fekk eg òg god kontakt med fleire av dei som ikkje gjekk så mykje på kapellet, fortel han. Men i den tida kjende han nok på litt dårleg samvit for dette. Me burde vel helst gå saman med andre kristne ungdommar, var regelen. No i ettertid ser han to sider ved dette. Det er viktig å ha kontakt med folk i andre miljø, samstundes kan ein verta i tvil om kvar ein eigentleg høyrer heime og over tid vert det lett slik at ein vil verta prega av det miljøet ein vankar i. Dette gjeld i alle fall ungdommar som ofte er usikre og skal finna seg sjølv. Det enkle Det er i alle fall sikkert at me som kallar oss kristne ikkje er betre menneske enn andre, slår Torbjørn fast. Mange trur gjerne det, men det er vel akkurat difor me treng Jesus og tilgjeving fordi me ser kor me kjem til kort. For meg er det enkle evangeliet det beste: At Jesus kom til jord, levde her og gjorde vel, døydde på krossen og stod oppatt for meg. Dette vil eg halda fast på. Profetiar Det er mykje å grubla og lura på, ja, tvila på for den del. Ikkje alt i Bibelen er like lett å forstå. Men for Torbjørn har profetiane vorte viktige og styrkjande for trua. At Esaias mange hundre år før Jesus vart fødd kunne seia: Es. 9. 6: Eit barn er oss født, ein son er oss gjeven, osv. og i Es. 53. 4-5: Han vart såra for våre brot, sundbroten for våre synder osv.. Det er bevis for meg. Familie No er Torbjørn familiefar og det forpliktar, kjenner han. Det er viktig å gje borna det som gjer livet trygt og godt for dei. No ser eg meir av det eg fekk heimante at det har gitt meg tryggleik i livet. Dette ynskjer eg å gje vidare til mine born. Og difor er det naturleg for han og kona å søkja det kristne fellesskapet på kapellet på Undheim og ta borna med der. Økonomikomitè Torbjørn er med i ein økonomikomitè som er knyta til verksemda på kapellet. Dei skal skaffa sponsorar til kyrkjelydsbladet Møteplassen og midlar til finansiering av prest og ungdomsarbeidar på Undheim. Dette er både meiningsfullt og spennande, seier han. Og lukkast det å skaffa midlar, trur han me går ei spennande tid i møte med mykje verdifullt, kyrkjelydsbyggjande arbeid i alle genersjonar! 5

UKUF Ukuf Styret En helt vanlig U21 Et Intervju med to om deres arbeid med U21 gudstjenestene. Per Børge: Hva jeg gjør på en U21? Hmmmm... Godt spørsmål! Da jeg jobbet i Imikirken i Stavanger ble jeg kalt produsent, og det er vel kanskje det jeg fungerer mest som på U21. Det viktigste er da å gi trygghet til de involverte. Svært mange ungdommer er med i avviklingen av en U21- gudstjeneste, og som oftest er den enkelte opptatt med sin tjeneste eller det en selv skal bidra med. Da kan det være godt å ha en person med oversikt over hele gudstjenesten. Hvordan en U21 blir til? La meg tenke... Ca en måned før begynner dramagruppen å øve inn et eller flere dramastykker som skal lage et visuelt poeng av talen. Valg av dramastykker er som oftest et resultat av lange samtaler med dramabanken i Oslo for å finne de riktige. Som oftest går det greit, men av og til er det vanskelig å finne ut om vi skal legge en humoristisk vinkling eller alvorlig vinkling på temaene. Forøvrig er temaene fastsatt av lederteamet i forkant av hvert halvår. To uker før gudstjenesten er det lederteam - og styremøte. Der går vi igjennom hva som er oppe til debatt i bygden, og om vi bør få dette med i talen på en eller annen måte. Mye tid bruker vi på bønn. De siste to ukene før en U21 brukes mest på terpe drama, lage film med filmskuespillerne, og ellers gjennomføre det lederteamet har bestemt skal gjøres. Selve U21 dagen begynner tidlig om morgenen. Kjøreplan skal skrives og gjennomgås, samt at åpningsdvd skal produseres. Møte med møtelederne, dramaøving, teknikermøte, kioskfolk og andre gjør at dagen går fort før gudstjenesten begynner klokken 20.00. Om jeg gleder meg til en U21? Som en unge gleder seg til barne tv. Ukens desidert største høydepunkt!! Å se så mange mennesker bruke sine talenter i tjeneste er ikke mindre enn en fantastisk opplevelse. Og jeg går alltid oppmuntret, utfordret og styrket hjem.

Dina Hadland er ny leder i UKUF sitt praktiske styre. Møteplassen kommer tilbake med mer senere! UKUF PB 373 4349 Bryne www.ukuf.no Sarah: Hva betyr lovsang for deg? Lovsang for meg Betyr ALT! Grunnen til at det betyr så mye for meg er fordi det gir meg så mye. Når jeg lovsynger, blir liksom alt som er rundt meg glemt. Fokuset blir rettet på å ære, prise og takke Gud. Jeg kjenner bare en ENORM kjærlighet og kraft fra Gud... og jeg kan simpelten ikke unngå å smile. Det er som om Gud løfter meg opp og gir meg på ny sin herlighet. Jeg blir så glad at jeg bare vil hoppe og danse av glede!!! Hva er din største utfordring med å være sanger i et lovsangsband? Den største utfordingen med å være sanger i et lovsangsband, er at man faktisk skal jobbe sammen i et team. Noen ganger blir samarbeidet for BRA, slik at Gud ikke får plass i selve lovsangen. Dette gjør at fokuset blir rettet mot en opptreden som skal være perfekt slik at bandet i seg selv blir bra, i stedet for at vi leder folket til å ære og prise Gud. Hvorfor er lovsang viktig i U21? Lovsang i UKUF er viktig fordi dette er et Ungdoms-samarbeid. Lovsangen er nemlig en mulighet til ungdommene, hvor de kan få møte Jesus. Lovsang handler ikke bare om sang, men om innholdsrike sangtekster som gir oss påfyll av Guds ord. Lovsang er også en måte å utrykke sin takknemlighet til Gud. Dette utrykkes ved å bruke den sangstemmen som Gud har gitt deg. Lovsang er dessuten ikke noe som må synges. Dette er noe som gir deg et dirkete møte med Gud, hvor du føler en Uimotståelig kjærlighet som bare helles over deg. Det er derfor bare godt å være til stede under lovsangen, for uansett hvor du står så vil Gud stå der sammen med deg! Hva er noen av utfordringene ved å ha lovsang som tjeneste? En utfordring med å ha lovsang som en tjeneste, er at du faktisk skal lede folket i lovsangen.dette kan både være nytt og skummelt for noen, mens det for andre kan være noe som er nødt til å være med på et møte, spesielt etter en bra tale=) Noen ganger blir derfor fokuset rettet mot de folkene i salen, og hva de mener om deg som står der oppe å synger, i stedet for å lede folket i møtet med Gud. Lovsangen bør defor være en tjeneste som er tilgjengelig for alle, slik at ALLE får smake og kjenne at Herren er god!

Innsyn av Maria Aarrestad MINIKLANG! Hausten 2005 sette Elisabeth Fosse og Pia Norunn Risa seg ned og planla eit nytt barnekor på Undheim. Målgruppa var ungar i alderen frå fire til seks år. Duoen hadde lyst å ha eit kor for den yngste generasjonen. Begge hadde ungar i den alderen, så då var det i alle fall fire ungar til koret. Dei to damene hang opp plakatar i barnehagen, på handelslaget og på kapellet. På fyrste øvinga kom det 20 ungar. Talet på ungar har variert, men det har truleg ikkje vore under 15 nokon gong. Koret øver annankvar torsdag på kapellet frå klokka 17.00-17.30. Medan ungane øver i kyrkjesalen, sit foreldra på gangen og har det sosialt medan dei ventar. Leiarane vil helst ikkje at foreldra sit inne i kyrkjesalen då ungane kan verte distraherte og ikkje fullt så konsentrerte. Jula 2005 tok Pia Norunn over leiinga for Elisabeth Fosse. Inger Fjermestad Fosse starta og som leiar i koret. Hausten 2006 gjekk Torbjørn Fosse inn i leiarteamet, som dirigent. Nå har Pia Norunn og starta å klimpre litt på pi- 8

anoet. Tidlegare hadde ikkje koret piano til songane på øvingane. Då Miniklang hadde framsyning, spurte dei organisten i kyrkja om å spele til songane. På øvingane må det skje noko heile tida for at ungane ikkje skal verta utolmodige. Det fører til at den halvtimen med øving inneheld mykje program. I løpet av ei øving når dei å synge fleire songar, leike og ha ei kort andakt. Leik er noko av det kjekkaste på øvinga, og fungerer ofte som ein pågangsdrivar. No er det berre to songar til, så skal vi leike. Leikane varierer veldig. Alt frå pute- og ballong- til karneval-leik. På den siste øvinga skal ein kle på to personar så mykje klede ein klarer. Det er Inger som står for desse kreative ideane. Ungane får også vere med på ynskjekonsert. Då kan dei sjølv bestemme kva songar dei skal synge. Ein annan variant er at ungane trekkjer lappar med songar, og får då syngje i mikrofon saman med koret, noko som er stor stas. Koret har fleire framsyningar i året. Dei syng på gudstenester, julemessa, på familiefestar og på juletrefesten som sundagsskulen har. I næraste framtid skal Miniklang syngja på gudstenesta den 25. mars og på 17. mai. Når koret skal øve inn ein ny song, er det ikkje så mange som kan lese, så då ein må vere kreative. Leiarane plar av og til spela songen på cd, eller byrjar dei som kan songen å syngja, så henger resten av koret seg på etter kvart. Bevegelsessongar har Miniklang mykje av. Det gjer ungane engasjerte, og dei synest det er veldig kjekt. Miniklang er til fyrst og fremst for å ha det kjekt og for at ungane har lyst til å syngje. Koret syng berre kristne songar, og spreier bodskapen på denne måten. Leiarane prøver og å lure inn moral i miniandaktane. I dag går 17 barn på Miniklang. Seksåringane er dermed nye rekruttar til Ekko. Pia Norunn håper Miniklang vil vare i fleire år til, men tar eitt år om gongen. Ho anbefaler sterkt å sende ungane på kor. Oppfordrar spesielt gutar til å byrje då det, for augneblinken, berre går fire gutar. Ein kan også kome å prøve om ein vil det. 9

Aktuelt av Torvald Tjåland Årsmøte Årsmøtet for kapellet vert iår sundag 25.febr.kl.19.00. For utan å gå gjennom vanlege årmøtesaker, vil me sei noko om den nye driftsavtala med Time Kyrkjelege Fellesråd. Det vil og verta drøftingar vedrørande dugnad på maling av kapellet til våren. Torleiv Undheim vil halda andakt. Me oppfordrar så mange som mogeleg å koma på årsmøtet, spesielt den yngre generasjonen. Me treng absolutt å engasjera dokke som skal vera dei som skal gå inn å vera med å styra kapellet i framtida. Vel møtt. Kapellstyret. Møtehelger: 2,3 og 4 mars: Fredag kl.19.30 Talar:Einar Sunde og Rolf Breivik Laurdag kl.13.30 Talar: Halvard Hetland Sang av Åse og Dina Søndag kl.19.30 Talar:Halvard Hetland. Song: Randi Espeseth Kollekt på alle møter til Flymisjonen. 30,31 mars og 1 april v/nils Risa, Indremisjonsforbundet. Kretssekretær Terje Slettebø talar. Sundagsmøter: 11.mars kl.19.30 Talar: Torbjørn Torsen, Song: Steinar Trefjord 25.mars kl.19.30 Talar: Per Tjøstheim Han bidreg også med song 6.april kl.19.30 (Langfredag) Påskesamling. Talar: Ole Andreas Meling. Bidreg også med song. 9.april kl.19.30 (2.påskedag.) Israelsmisjonen. 29.april kl.19.30 Talar: Erik Nordbø Song av Astrid Nordbø 28.mai kl.19.30 (2.pinsedag.) Talar: Sigurd Matre. Sundag 20.mai kl.1900 vert det konsert med Odd Dubland. Kollekt til Jæren Misjonsradio. 10

Kvinnenes internasjonale bønnedag Velkomen til bønesamling i kapellet fredag 2.mars kl. 14.00. Mottoet for dagen er: Saman i Guds telt. Årsmøte og Kyrkjelydsmøte Soknerådet inviterer alle til årsmøte, kyrkjelydsmøte og kyrkjekaffi i kjellaren rett etter gudstenesta 11.mars. Årsrapporten vert lagt fram, og det vert orientering om status for gjevartenesteoffensiven som er gjort i høve til prest og ungdomsarbeidar for Undheim. Gudstenesteforma på Undheim Gudstenester verda over har utallige former, og er i stadig endring. Det viktigaste er kanskje ikkje forma, men at menneska opplever eit møte med Gud i ein ramme som opplevest god. I Den norske kyrkja sin tradisjon er det høgmesse-liturgien som er den berande og gjenkjennande forma. Det er nå starta eit breitt reformarbeid når det gjeld gudstenestene kor ein søkjer å gjera den meir variert, sted-egen og aktuell i høve til lokale tilhøve og tradisjonar. På Undheim endra vi på forma for nokre år sidan, og det ser ut som vi har vi funne ei form som tek i vare det enkle og jordnære i bygdekulturen, og som møter menneske på ein god og livsnær måte. Vi har fått biskopen si godkjenning på å fortsatt nytta denne litt enklare forma. Alle dei faste ledda er med, men nokre er litt annleis, og vi har dåp og nattverdfeiring i starten av gudstenesta. Vi syng salmar frå salmeboka, men og songar frå sangboka og nyare kristne songar. I tillegg gjev vi rom for å koma fram og dela bibelord og vitnesbyrd under ei songavdeling etter preika. Som ei evaluering av ordninga gjennomførte soknerådet i desember ei spørjeundersøking om korleis gudstenestedeltakarane opplever den. 76 personar, unge og eldre, leverte sine svar, og resultatet syner at fleirtalet er svært godt nøgde med gudstenesteforma. Mange kryssa av for greitt nok, og eit fåtal hadde kritiske merknader. Det syner oss at vi er på rett veg og har funne ei form som kommuniserer godt med folk i bygda. Takk til alle som tok seg tid til å svara, det var viktig for oss. Helsing gudstenesteutvalet og soknerådet foto: Kristian Reiten 11

Forhandler og autorisert verksted for Mazda og Ford Spør oss om den unike Kvernelandsgarantien på verkstedtjenester Autorisert verksted for karosseri- og lakk arbeid Jærens største bruktbilforhandler - en trygg bruktbilhandel Den lokale bilforhandleren som tar lokalt ansvar - bruk oss! Kverneland Bil Reeveien 13, 4340 BRYNE