MÅNEDSBREV JANUAR 2004. ÅRGANG 40 DISTRIKT



Like dokumenter
Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

MÅNEDSBREV MAI ÅRGANG 40 DISTRIKT

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Månadsbrev for Hareid Rotaryklubb januar 2016 Referent Øystein Alme

MÅNEDSBREV MAI ÅRGANG 41 DISTRIKT

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Til deg som bur i fosterheim år

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

NOREG KAPITTEL 15 1 TANKEKART. Cappelen Damm AS NORSK START 8 10 / KAPITTELPRØVE 15 / 1

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Brannsår, rus eller friheit?

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

4. 11.september 2001 styrta to fly i World Trade Center. Men det var og to andre fly som vart kapra. Kvar styrta dei to andre flya?

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår?

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Kva er økologisk matproduksjon?

Månadsbrev for Rosa september 2014

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Jon Fosse. For seint. Libretto

Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet:

26 sept 07 oktober Lima Machu Picchu Cusco Amazonas

M/S NYBAKK SI HISTORIE

6. trinn. Veke 24 Navn:

Egil Christophersen til minne.

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

ÅRSMELDING 2012 \ BJØRKEDAL KYSTLAG


Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Styret har vore samansett slik i 2012 :

OK, seier Hilde og låser.

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

«Ny Giv» med gjetarhund

Bergen CK C laget sykler Vänern rundt Av Eiliv Vinje

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

Også i år har Sandsøy samarbeidd med Kvamsøy på a-lags nivå, 5 spelarar var med og spelte kampar i 6. divisjon

mmm...med SMAK på timeplanen

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

MEDLEMSINFO. august 2009

Rukia Nantale Benjamin Mitchley Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

FLYTTING TIL OG FRÅ BYKLE

Årgang 8 Nummer

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Brukarrettleiing E-post lesar

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. Eg må kjøpe ei nynorsk ordbok. Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. I tillegg må eg kjøpe ei nynorsk ordbok.

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

Pasienthotellet Fss Plassering: 7. etg Kapasitet: 21 sengar fordelt på 7 dobbeltrom/7 enkeltrom

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

5 stk flotte bustadtomter til sals

Med tre spesialitetar i kofferten

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Hallo i nedslagsfeltet!

Barnevernsfaglege vurderingar. Fylkesmannen sine erfaringar. Turid Måseide og Gunn Randi Bjørnevoll

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN

Team Hareid Trygg Heime

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Under vegbrua fann vi denne målaren som skal vise korleis bl.a. temperaturen påverkar dei solide konstruksjonane.

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

APOSTELGJERNINGANE Av Linn og Jonas

Psykologisk førstehjelp i skulen

Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Transkript:

MÅNEDSBREV JANUAR 2004. ÅRGANG 40 DISTRIKT 2280 Møtedag: Mandag kl 18.00 19.00 Møtested: Klubbhuset til Hareid IL 6060 Hareid President: Elisabet Sundgot Visepres.: Ingar Bigset Sekretær: Trygve Riise Kasserer: Oddvar Haugen Past pres.: John Stennes Styremedlem: Arne Lillebø Styremedlem: Arve R. Røyseth Leiar ungdoms utveksling: Sverre Bjåstad Ansv. Red.: Jan-Håvard Nytun Referent november: Jan-Håvard Nytun Fødselsdager i februar: Jan-Håvard Nytun 16.02 Sigurd Bigset 21.02 Ivar Grimstad 25.02 100%frammøte i februar 2003: Ikke klart. Matteus 17.20 Om dere har tro som et sennepsfrø, Kan dere si til dette fjellet Flytt deg herfra og dit! Og det skal flytte seg, Og ingenting skal vere umulig for dere. Der e nok av de som seie om og men, og alt for få som seie: Kom igjen! Der e nok av de som veie for og mod, heilt til de drukne i sitt eget rod Men her komme me de umulige hånd i hånd med de utrolige Ikkje sei ka me må, for me ska få te det utroliga, og me må gjør det umuliga. Det e nok av de som ikkje forstår at de snakke seg i hjel mens tidå går. Der e nok av de som ikkje tror før de ser, som ikkje reagere før taget ramle ner. Der e nok av de som telle på tal, og som får sannhed ud som ein sum med desimal. Der e nok av de som ikkje syns det e lett., sorm bare riste håvet, når de ikkje vett. Men her komme me, de umulige hånd i hånd med de utrolige. Ikkje sei ka me ska, ikkje sei ka me må for me ska få te det utrolliga og me må gjør de umu liga Gunnar M Roaldkvam

Møte Mandag 05.01.04 Presidenten opna møtet og ønskte velkomen. Referenten var litt seint ute denne dagen og hadde gløymt både papir og penn, noko som resulterte i litt forseinking. Iført papir og penn kom eg til lokalet fem minutt for seint men fikk med siste tonen av: Nisser og dverger som bygger i berget. Og dermed var det klart for dagen program: Ego Foredrag med Anders Rise. Hans motto er grip dagen! Ta dagen som den kjem. Anders er oppvoksen på Gjerde og begge foreldra er frå Hareid, så han føler seg som ein urinnbyggar. Faren døydde då han berre var 14 år noko som skapte ei omvelting. Han fekk meir mersømheit med alle han omgjekk, samtidig som farsrolla var borte Han gjekk på Hareid barneskule og deretter på ungdomsskulen. Med ugangpunkt frå Gjerde hadde han kort skuleveg og gode oppvekstvilkår. På fritida var han med på fotball og speidar. Han starta på vidaregåande i Ulsteinvik, men etter første året avbraut han og søkte seg på folkehøgskule. Han gjekk eit år på Rollaug Folkehøgskule der var han med på mykje spennande. Blant anna fysisk aktivitet, ute aktivitetar og overnatting i snøhole i 14 døgn. Han har også sykla Trondheim Oslo. Dei var ti stykke frå skulen som sykla, med fjølgebil. Etter folkehøgskulen gjekk han dei to siste åra på vidaregåande i Ulsteinvik. Interessa for politikk kom medan han gjekk på ungdomsskulen, og i 1992 stilte han til val på tverrpolitisk liste for første gang. Han har stilt to gonger til val til fylkestinget og vart vararepresentant og fekk møte ein gong på fylkestinget. Han gjekk inn i ambulansetenesta i 1990 og han er godt fornøgd med det arbeidet han har der i dag. Elers er han med i Hareid Reinhald, Tømmerstøl vaskeri og Cafe Bar i Ulsteinvik Han er sambuar med Tove Hjørungnes dei har ein son som heiter Ole Bjøm, og dei bur no på Gjerde i lensmannsgarden til Einar Orten Som politikar er han oppteken av at Hareid skal vere ein god plass og bu i, han føler at politikkarane må prioritere næringsutvikling i Hareid. Er der ikkje arbeid er det heller ingen god plass å bo. Mandag 12.01.04. I presidentens fråvær var det pastpres. John Stenes som leda møtet. Vi starta med songen: La belgen gå så det spruta eld. Det blei opplest elleve forslag til nye medlemmer. Programmet i dag var I Otto s fotspor. Trygve Rise som fortalde frå ein tur i Sør Afrika Fordraget er gjenggitt i sin heilskap. Mandag 19.01.04. Pastpresidenten opna møtet i presidentens fråvær. Vi song: Til lags At alle kan ingen gjera, Arne G. leda oss i gjennom songen På programmet sto det Fjord 1 med Einar Holm. Foredraget er vedlagt:

FJORD 1. Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal Fylkeskommune stifta selskapet i Florø 9. mai 2001. Aktiva i det nye transportkonsernet var dei respektive fylkeskommunane sine aksjar i Fylkesbåtane i Sogn og Fjordane (FSF) og Møre og Romsdal Fylke (MRP). Allereie frå starten var Fjord1 det største transportkonsernet i landet. Sogn og Fjordane eig 59 % og Møre og Romsdal 41 % av det nye selskapet. Styret har 8 medlemmer: 3 i frå kvart fylke og 2 frå dei tilsette. Sogn og Fjordane skal ha styreleiaren og Møre og Romsdal nestleiaren. Morselskapet Fjord1 har ei rekke datterselskap, der MRF og FSF er dei største. Større transportselskap som Fjord1 eig er : Nordfjord og Sunnmøre Billag, Mørebil. Sunnmøre og Romsdal Billag, Sogn Billag, Ottadalen Billag og Hallingdal Billag. Ellers er Fjord1 eigar og medeigar i ei rekke større og mindre sjø- og landselskap. Fjord1 har 2200 tilsette. 57 ferjer, 23 snøggbåtar og andre båtar, 450 bussar 150 godsbilar og verkstad og landanlegg ei rekke stadar Omsetningen i 2002 var om lag 2 milliardar kroner. Fergedifta er den største samla aktiviteten med 49 % av omsetningen. Snøggbåt 14 %, Buss 19%, Gods 8 % og ymse 10%.. Selskapet har også fleire store turistruter, med rutene på Geirangerfjorden og Nerøyfjorden som dei største. I 2002 transporterte selskapet 21.353.000 personar og 6.302.000 kjøyrety. Einar Holm er nestleiar i styret i Fjord1 og leiar i MRF. Mandag 26.01.04 Presidenten opna møtet og ønskte alle velkomen og spesielt til dei som var invitert til og bli nye medlemma i klubben. Det var i dag fem av dei elleve som var foreslått som møtte. Dei som kom for første gong var: Kari Grimstad, Ågot Riise og Ragnhild Vestre, Vigdis Rise. Irene Standnes har møtt på tidlegare møte. Songen i dag vart foreslått av forsongaren Arne G. Eg veit ei lita jente Så fortalde president Elisabet at ho hadde vore på Gran Canaria og gifta seg og at ho skulle flytte til Valderøya. Arbeidet har ho også i Ålesund og derfor kjem ho til å måtte slutte i klubben, men ho vil prøve å møte ut president året. Ho håpa på å få ta opp dei nye damene som er foreslått før året er omme. Nokon hadde fått opplysning om at Elisabet skulle gifte seg så Ingar Bigset og Arve Røyset overraska henne med blomster til stor applaus frå salen. Så var det klart for kaker og kaffi, programfri kveld,

Sør Afrika Reiseskildring på Rotary 12. januar 2004. Fly frå Oslo om London til Johannesburg og til Cape Town Den sørafrikanske republikk har 9 provinser 44 million innbyggarar, 4 million kvite, 5 million blanda, 1 million indarar og 34 million svarte. 1,22 million kvadratkilometer eller 4 ganger så stort som Norge. Cape provinsen eller det vestlige Cape er sjølvsagt domindert av byen Cape Town med sine 4 millioner innbyggarar. Det er forresten den provinsen som har flest kvite. Det var portugisarane som først kom til den sørlege delen av Sør Afrika med Bartolomeus Dias. Han ankra opp i Mossel Bay litt lenger aust i 1488. Det var hans landsmann Vasco da Gama som seinare fann veien til India. Han ga namnet til provinsen Natal juledag i 1497. Portugisarane brukte Sør Afrika berre som forsyningsstasjonar på veien til India. Hollenderane som var ein stor sjøfartsnasjon på den tid var dei første som koloniserte området. Jan van Riebeck, gikk i land i 1652 og bygde eit fort i det som dei kalla Kapstaden. Jan van Riebeck skulle opprette ein landstasjon for det Ostindiske Companie som skulle vere forsyningsstasjon for den hollandske flåte som seilte på det fjerne Østen. Hollendarane fann området og klimaet behageleg og etter få år tok bønder til å dyrke jord og halde buskap. Når du er i Cape Town kjem du ikke utenom ein tur innom The Waterfront. Dette er eit kjøpesenter som er 10 ganger så stort som Aker brygge. Universitetsjukehuset i Cape Town er verdenskjent. Det var her Christian Barnard foretok den første hjartetranpantasjonen. Vår første utfiukt gikk til Robbin Island. Her sat Nelson Mandela som fange frå 1964 i 17 år. Det er sterke inntrykk når du går i korridorane til fengselet og får fortalt historia frå tidlegare fangar. Ein tur til Kap det gode Håp er obligatorisk når ein er i Kapområdet. Når du står på den ytterste pyntcti er det herre hav sørover til du møter isen i Antarktis. Eit besøk innom ein selkoloni på Duikers Island og ein pingvinkoloni i Builders Bay høyrer med i programmet. Taffelberget med sin ruvende eksistens i bybildet 1078 meter over havet må sjølvsagt erobrast. Det går kabelbane opp til toppen. Her har ein ei utruleg utsikt over byen og området rundt. Cape Town er ein moderne by med sine høghus, kjøpesenter og senter for offentleg administasjon. Nasjonalforsamlinga har sitt sete i byen og andre offentlege institusjonar og forretningforetak har sine kontor her. Men sørafrikanske byar har også sine Township eller plankebyar. Vi var på innom Kaylicha. Eit område som truleg har 1 million innbyggarar. Mange av dei bur i skur oppbygde av bølgeblikkplater og trevirke som er raska saman til noko som liknar eit husvære.

Hollendarane si utviding av kolonien sette fart med den 3. guvernøren som heitte Simon van der Stell. På garden sin i Constansia dalen som ligg på kaphalvøya uitvikla han på slutten av 1600 talet den utsøkte Vin de Constanse som snart vart ettertrakta av aristokratet i Europa. Etter at franske hugenottar slo seg ned i området aust for Cape utvikla dette distriktet seg til å bli vinlandet i Sør Afrika. Byen Stellenbosch og området rundt er sjølve senteret for vinproduksjon og salg. Franshoeck er byen som dei franske hugenottane etablerte i sitt område. Eit besøk på vingarden Bosehendal med sitt flotte hovedhus i Cape Dutch stil, med vinsmaking, vinhandel og lunch under dei skuggefulle eiketrea er minner som lever lenge. Minnesmerket for The Societv of True Afrikaners med sine markerte søyler nær byen Paarl var imponerande. Byen Paarl er senter og universitetsby for afrikaans som er eit eige språk basert på gammel hollansk. Afrikaans er eit av dei offisielle språk i landet. I dette området ligg fengselet Drakenstein. Det var her Nelson Mandelat kom ut som fri mann i 1990. Nelson Mandela sat dei to siste åra sine i fengsel her. Fengselsopphaldet i Drakenstein var meir som ein husarrest, og det var her han forhandla og diskuterte grunnlaget for eit demokrati med full stemmerett for alle innbyggarar i Sør Afrika. Ein kjem ikkje utanom aparteid når historia om Sør Afrika skal forteljast. Valget skjedde i 1948. Grunnideen til aparteid var at dei svarte skulle bu i sitt heiland. I kvite område skulle svarte berre vere i arbeid. Eigne passlover for svarte vart innførd, og Sør Afrika vart ein regelrett politistat. Motstanden var i førstninga ikkje voldeleg men etter massakren i Sharpville, der politiet skaut inn i ein demontrasjon mot m.a. passlovene og drap 69 personar, vart motstanden meir og meir organisert. I 1964 vart Nelson Mandela og fleire av leiarane av ANC arresterte og sende til Robbin Island. Verdenssamfunnet protesterte og vi kjenner til boykotten av Sør Afrika utover 1980 talet. Dette førde mellom anna til at Sør Afrika vart meir og meir isolert, utenlandske investorar trekte seg ut og inn og utførsel av varer vart redusert.. Etter fire dager i Cape Town gikk turen med fly til Durban. Her var vi i to dager. Den første dagen var ein rein avslappingsdag, der vi hadde lagt opp til bading i det Indiske hav, men sterk vind førte til at det vart berre vassing på stranda. Durban er ein av dei mest veksande byane i verda. Folk frå landdistrikta søkjer til byen for å få seg arbeid, noko som fører til veksande plankebyar rundt om. Dei kvite søkjer ut av byen og etablerar seg i eigne bustadområde med vakthald og piggtrågjerde rundt eigedomane. Durban er den byen som har mest indiske innslag i befolkninga. Vi var innom det indiske kryddermarkedet der ein kan gjere gode kjøp av forskjellige krydderslag. Herifrå gjekk turen vidare med buss. Vi køyrde gjennom Peietermaritsburg som er hovedstad i provinsen KvaZuli Natal. Her budde i mange år den kjende indiske frihetkjemparen Mahatma Gandi. Vi var no på tur nordover der vi skulle overnatte inne i Drakenbergene. Eit område med fine dalar og fjell opp til 3400 m over havet. På turen nordover skulle vi innom ein barneheim. Solfrid Møller som er frå Gjerdsvika hadde tidlegare arbeidd på denne barneheimen. Ho hadde samla saman klæ og utstyr som vi hadde med oss. Kvar for oss hadde vi teke med oss barneklær, skrivesaker og anna utstyr som vi skulle dele ut der på barneheimen. Barneheimen er for borm som har mist foreldra sine på grunn av aids, mange av borna har hiv eller aids. Arbeidet på barneheimen er gjennom frivillig basis, og vi møtte ungdom frå fleire land. Arbeidet vert mellom anna sponsa av ei kjend skodespelarinne frå USA. Inntrykket frå barneheimen sit enno djupt inne i minnet.

Denne kvelden kom vi fram til eit flott hotell ved foten av ei imponerande fjellkjede. Dagen etter var det fjelltur for dei sprekaste med bestigning av Matterhorn med sine 1995 m. Seinare på dagen var det helikoptertur for dei som hadde nervar til ein slik tur. Neste dag tok vi ut på ein lang busstur, heile 60 mil tilsaman. Vi kom no inn i Zululand. Zulustammen kom inn i det noverande Sør Afrika for ca 800 900 år sidan. Dei er ein del av bantustamma, som store deler av den afrikanske befolkningen er ein del av. Her sto dei store slaga om Sør Afrika. Hollendarane eller Boerane som dei vart kalla tok seg etterkvart inn i landet. Engelsmennene tok makta i Cap-området allereide på 1700 talet og vortrekkarane reiste med sin trekkvogner inn i landet for å dyrke det opp og skape sine eigne boområde. Når vortrekkarane kom inn i Zululand oppsto det konflikter. Ein delegasjon med Piet Retief i spissen skulle forhandle med zulukongen Digane om fordeling av landområde. Etter at forhandlingane var avslutta og avtalen var underteikna vart heile delegasjonen til Piet Retief slegne i hel. Zuluane tok seg så tilbake til leiren til vortrekkerane og drap kvinner og borm. To av kvinnene overlevde og fekk ta seg tilbake til andre vortekkerfamilier for å fortelje om massakren. Ein ny delegasjon med Andreas Pretorius som leiar tok seg så inn i området. Då Zuluane angreip hadde vortrekkarane sett vognene sine i ein sirkel, og forsvarde seg på ein så ypperleg måte at ikkje ein einaste av vortrekkarane omkom. Andreas Pretorius reid så ut med mennene sine og spreidde zuluflokken. 3000 zuluar vart drepne og mange sprang på elva som rann forbi i området. Elva vart raud av blod. Den har sidan blitt heitande Blood river. Vortrekkarane danna så fristaden Transvaal. Ved dei store gull og diamantfunna rundt det noverande Kimberley og Johannesburg kom fleire og fleire av andre nasjonar til, og engelskmennene som no hadde kontrollen ute ved kysten ville også legge denne delen av landet under krona til den engelske kongen. Vi fekk no dei to boerkrigane, den første i 1880-1881 som borerane vann, så den neste frå 1899-1902. Boerane dreiv geriljakrig mot engelskmennene som hadde store vanskar med å få endeleg overtak. Som motrekk brende dei gardane og tok kvinner og bom til fange. Oppretta konsentrasjonsleirar der så mange som 26000 omkom. I tillegg omkom 14000 i sjølve krigshandlingane. Dette vart slutten for fristaten til boerane, og fredsslutninga kom i Vereeinging i 1902. I 1910 var republikken oppretta med Pretoria som sete for regjering og administrasjon. Reisa vår gjennom dette området gjekk gjennom typiske jordbruksland med kvegdrift, kyllingfarmer, mais og kveiteåkrar, sitrusdyrking, tobaksplanter, bomullsåkrar og sukkerplantasjar. Vi køyrde gjennom Swaziland som er eit kongedøme med ca 1 mill innbyggarar. Dette er eit jordbruksland der bomulldyrking er ein viktig del. Der var også mykje skog. Vi såg fleire sagbruk i dette området. Vi overnatta i Swaziland på eit veldig fint hotell. Hotellet var forresten fullt av eit eller fleire reiseselskap frå Holland. Neste dag køyrde vi inn i safariland i provinsen Mpulanga. Krygerparken med sine 20000 kvadratkilometer er den dominerande, med fleire private lodger liggande tett inntil. Vi overnatta på ein privat lodge. Innkvareteringa var i telt som var plassert på pålar. Du høyrde vortesvina tusla under teltet om natta. Telta var forresten godt utstyrte så det sto ikkje på oss.

Med same vi var komne fram bar det ut i bushen. Der er det viktig å få sjå dei big live, elefant, nashorn, løve, flodhest og leopard. Vi køyrde inn med opne landrovers med ein ranger sitjande på ein stol i forkant av bilen. Gevær er obligtorisk utstyr for rangeren. Vi fekk sjå alle bortsett frå leoparden, men vi fekk sjå nokre gepardar på svært nært hold. At eg på 5 meters hold skulle få sjå ein gepard inn i auga hadde eg ikkje trudd. Neste mål var Johannesburg. På hovedveien mellom hovedstaden i Mosambique og Johannesburg gjekk det fort unna. Utfor Johannesburg møtte vi røyken av alle kolkraftverka som ligg i området. Kolkrafta er basert på dei store kolgruvene som ligg der. Slagghaugane av kolgruvene og gullgruvene ruvar opp i landskapet. Johannesburg er sentrum for gull og diamanthandel, og med sine skyskraparar ligner den på ein mellomstor amerikansk by. Du vitjar ikkje Johannesburg utan å ta ein tur innom Soweto. Her skal bu om lag 3,5 mill menneske. Området omfattar alt frå den beste middeiklasse til dei fattigaste som bur i sine blekkskur i den karrigaste delen av området. Ein tur innom gata der Desmond Tutu og Nelson Mandela har sine hus er obligatorisk. Den gata er den einaste i verda som har 2 Nobel fredsprisvinnarar. Seinare på dag var vi i Pretoria. Regjeringsbygninga og Vortrekkermonumentet var stoppestadane her. I gata der ambassadane ligg er det planta Jakaranda tre i 4 rekker. Når dei blomstrar er det eit fantastisk syn med sine lyseblå blomster. Då vi var der var blomstringa for det meste gjort, men litt av det var att. Returen frå Johannesburg gjekk om kvelden med direktefly til London. 11 timar. Frå London vidare om Oslo og heim. Hareid, 10. januar 2004 Trygve Riise