Då har august månad fyke forbi i stor fart med tilvenning av nye barn, og for dei barna som har gått her før. Etter ein lang sommarferie så treng dei også litt tilvenning. Derfor har me fokusert på sosialisering og skaping av nye vennskap i barnehagen. Dette har blitt ein heilt ny kvardag for mange av barna og då er det litt hardt i byrjinga. Det har vert nokon gråtefulle dagar då mamma og pappa har gått i frå dei små, men det tok ikkje lang tid før barna etablerte en trygg ramme på furukammen. Dei forstår at det faktisk er veldig gøy å gå i barnehagen Ein blir trygg på dei vaksne og skapar tillit. Me har sett stor framgang for alle saman, dei kosar seg med leiker og er veldig nysgjerrige på kvarandre. Eit populært rom har vert motorisk, der er det stor pågang Barna finn seg nye venner i barnehagen og sosialiserer seg med dei andre. Sandkassen og dissene er veldig populære Men også ein spasertur ned til båten er veldig kjekt, då går det i «HIV OG HOI!!» Så syng me vidare på: «Kaptein Sabeltann er ein farleg mann, då kan me lukte gull så ror me inn til land». Songar og musikk blir det masse av!!
Barna som har gått her før synes det er kjempekjekt å komme tilbake til vennene sine «Etter ein så lang sommarferie har me no gått lei av mamma og pappa, no er det på tide å få litt action igjen!!» Me kan høyra barn seie: «Ikkje gå hjem no» «Vil leike meir» «Skal i barnehagen i morgon og». Dette er eit godt teikn på at dei trivast her
Rundt omkring i barnehagen har det dukka opp veldig mange gravemaskinar som jobbar og står på. Fins det noko meir spennande for små barn å beskue? Svære metalliske jernrobotar som river og røskar i underlaget de spankulerer rundt på. «sjå, gravemaskin! OI» Slike hendelser stimulerer barns naturlige interessefelt, og bidrar til økt læring og kreativitet.
Gjennom heile barnehageåret skal me ha om temaet vann. I september månad skal me ha mange fine samlingar med barna, me skal blant anna teste ut med barna kva som flyter og kva som synker i vatnet. Konsistensen på vatnet er også noko me skal teste ut, dette skal me laga monstergraut av. Det blir veldig spennande. Og kva skjer då me tek ulike fargar oppi vatnet? Me skal også vera inne på IKT-rommet å høyra på forskjellige lydar av vatn, til dømes biletar og lydar av elv, foss, dryppregn, pøsregn osv. Formingsprosjektet vårt som har tema vann skal me byrja på i september, dette blir eit prosjekt som skal gå utover heile barnehageåret. Barna skal få laga ein stor sjø som skal vera på sanserommet og i gangen. Dette gleder me oss til, det er berre å venta i spenning på korleis sjøen blir utforma av dei små. Dette skal til slutt bli ein stor sjø med mange fiskar og blekksprutar. Me kjem til å synge mange vannsongar denne månaden, og eventyret som kjem til å gå igjen er Lofottorsken. Det blir mange kjekke og morosame opplevingar for barna denne månaden og me vaksne gler oss til å starte med temaene. Me skal også byrja å laga familiehus til alle barna på basen. Dette blir bileter av familie, dyr eller andre kjente og nære personar i barnet sitt liv, noko som er kjært og betyr masse for dei. Dei største barna på furukammen skal få byrja å gå turar, dette blir kjekt! Dette har dei venta lenge på og endeleg er det deira tur, me kjem til å få nokon fine gå turar både i regn, snø og sol framover Øyjorden barnehage er ein grøn barnehage, dette betyr at i året som kjem vil me ha fokus på ting som resirkulering, miljøskadeleg avfall på turar og liknande. Me har en fantastisk grønsakshage på uteområdet som me vil besøke, og vidare forvalte i økologiens ånd. Hensikta med dette er å skape miljøbevisste barn som vil forstå betydinga av naturens skaparverk og korleis me kan utnytta dette i best muleg grad.
Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 36 37 1/09 Tur: Motorisk: Sommerfuglene 8/09 Tur: Motorisk: Sommerfuglene 2/09 9/09 3/09 10/09 4/09 11/09 Høstfest!!! 5/09 12/09 38 15/09 Planleggingsdag Barnehagen stengt! 16/09 17/09 18/09 19/09 39 22/09 Tur: Motorisk: Sommerfuglene 23/09 24/09 25/09 26/09
Viktig informasjon i september: Høstfest den 11.september, dette er for barna. Denne veka skal me ha fokus på haust Sommarfuglane er gruppenamnet på dei største barna og Lille larvene er gruppenamnet på dei minste. Planleggingsdag den 15/09, då er barnehagen stengt. Foreldremøte 17/09 frå kl.19.00-21.00. Meir informasjon kjem. Hugs å ta med gode og varme klede til barna då det kjem til å bli litt kaldare i september. Gjerne ull klede eller flis, to par av alt Ta med vinterpose som barnet skal sove i. Hugs å send bileter av barnet, familien, dyr osv. som me skal laga familiehus av Då vil me på furukammen ønskja dykk ein fin september månad Helsing Gerd, Daniel, Linda, Irene, Silje, Ida, Line, Evangelina, Kristine, Lene, Christine og Gunn. Øyjorden barnehage