Saksutgreiing REGIONALPLAN FOR SJØAREAL START OG ORGANISERING AV ARBEIDET. Trykte vedlegg: Utrykte vedlegg: Regional planstrategi 2013 2016 Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging Stortingsmelding nr 22 «Verndes fremste sjømatnasjon». Regionalplan for næringsutvikling Akvakulturstrategi for Rogaland 1. Bakgrunn Fylkestinget vedtok regional planstartegi «Rogaland utsyn og vidsyn» 2013 2016, sak 13/13 i møtet 23 april 2013. Ei av dei prioriterte planoppgåvene som vart vedteke å setja igong i denne perioden, er ein regionalplan for sjøareal. Som ein start på dette arbeidet vart det arrangert eit seminar om planlegging i sjøen 20 og 21 november 2013 på Utstein Kloster hotell, Mosterøy. Føremålet med seminaret var å få ein god oversikt over arealbruksinteressene i sjøen, utfordringane knytt til bruken av sjøareala og god innsikt i planlegging som verktøy for næringsutvikling og for å løyse arealbrukskonfliktar. Det var eit godt engasjement og ei god deltaking politisk og administrativt frå kommunane. Alle foredraga ligg ute på heimesida til fylkeskommunen. 2. Problemstilling Fylkesutvalet skal ta stilling til forslag til organisasjonsmodell og grov framdriftsplan til arbeidet til regionalplan for sjøareal. 3. Saksopplysingar Regionalplanen er godt forankra i nasjonale og regionale styringsdokument. Regionalplan for sjøareala er forankra i Stortingsmelding nr 22 «Verdens fremste sjømatnasjon.» Det store målet: «Norge skal gjennom en kunnskapsbasert og miljømessig berekraftig forvaltning realisere potensialet som sjømatnasjon ved å øke verdiskapingen til beste for forbrukere, norsk økonomi samt bosetting og sysselsetting langs kysten. Økt produksjon og eksport av kunnskap og sjømat vil også styrke global matsikkerhet.» Regionalplan for sjøareal er forankra i nasjonale forvetningar til regional planlegging. Her heiter det under tema verdiskaping og næringsutvikling; «Planleggingen legger til rette for å opprettholde og videreutvikle fiskeri og havbruksnæringen innenfor en miljømessig berekraftig ramme. Arealbehovet ses i et regionalt perspektiv, og framtidens arealstruktur bidrar til en balansert og berekraftig sameksistens med andre interesser i kystsonen og langs vassdrag.»
Regionalt er regionalplanen for sjøareala forankra i regionalplan for næringsutvikling. Her er naturressursane og ei berekraftig utnytting og bruk av desse eit regionalpolitisk satsingsområde for å styrka og utvikla konkurransekrafta til fylket. Han er og forankra i akvakulturstrategien som vart vedteke i sak 47/13 i Fylkestinget 11 juni 2013. Akavakulturstrategien har desse strategiane under satsingsområdet naturressursar: «Rogaland skal være et foregangsfylke når det gjelder berekraftig vekst og miljøvennlig teknologi innen akvakultur. Rogaland skal være fremst innen effektiv arealutnyttelse og benytte naturressursene på en berekraftig måte. Bærekraftig produksjon og øke verdiskapingen innen akvakultur.» Føremålet med planarbeidet, tematisk og geografisk avgrensing, trongen for utgreiingar og analyser, medverknad og framdriftsplan fastsetjast endeleg i planprogrammet. Det er difor viktig å ha politisk medverknad i utarbeidinga av planprogrammet. Regionalplan eller ein interkommunal kommunedelplan? På planseminaret vart det stilt spørsmål om det i staden for ein regionalplan skal lagast ein interkommunal kommunedelplan. Det heiter i plan- og bygningslova at «Fylkeskommunen (regional planmydighet) og statlige mydigheter kan anmode kommunen om å innlede slikt samarbeid «når det anses nødvendig for å ivareta hensyn og løse oppgaver som går utover den enkelte kommune.» Fylkesrådmannen vil ikkje koma med ei slik oppmoding til kommunane. I staden vil fylkesrådmannen oppmoda kommunane til å deltake aktivt og konstruktivt i regionalplanarbeidet. Det er mange kommunar som seier dei slit med plankapasitet. Fylkeskommunen ynskjer å ta ansvaret som regional utviklingsaktør med å bruka regional planlegging som verktøy for næringsutvikling. Det er ingenting i vegen for at dei kommunane som ynskjer å samarbeida om ein interkommunal kommunedelplan kan gjera det. Regionalplanarbeidet vil vera ei støtte for eit slikt samarbeid. Fylkeskommunen har eit ansvar for å leggje til rette for regional og lokal samfunnsog næringsutvikling. Ein regionalplan for sjøareal vil vera retningsgivande for kommunane i kommuneplanlegginga. Han er ikkje juridisk bindande for kommunane. Regionalplanen skal leggja til rette for at det kan skje ei miljøvenleg næringsutvikling innan havbruksnæringa. Det er opp til kommunane om det verkeleg skjer ei næringsutvikling sidan det er kommunane som er arealstyresmakt. Kommunane kan velja om dei vil satse på havbruksnæringa i samfunnsdelen til kommuneplanen. Om dei vil det, så kan dei bruke regionalplanen til arealdelen i kommuneplanen. Det er i gong eit arbeid med ny forskrift for hausting av tang og tare. Det er Fiskeridirektoratet som godkjenner nye regionale forskrifter medan fylkeskommunane gjer det praktiske arbeidet med medverknad og utarbeiding av forslag til ny forskrift. Bakgrunnen for dette er at fylkeskommunane er delegert ansvar, jf. Forvaltingsreforma, til å leia fylkesvise grupper for å lage forslag til regionale forskrifter. Arbeidet er i gong. Forslag til ny forskrift skal leggjast fram for fylkesutvalet før ho vert sendt vidare til Fiskeridirektoratet. Målet er at forslag til ny forskrift sendast til Fiskeridirektoratet våren 2015. Ny forskrift skal gjelde frå og med 1 september 2015.
Det er i gong eit arbeid med å lage ein regionalplan kystsoneplan for Sunnhordaland og ytre Hardanger. Sjå anna sak i same møtet. Dei ynskjer å utvida planområdet og ta med delar av sjøarealet i Vindafjord kommune. Hordaland fylkeskommune seier sjøarealet i nordre del av Vindafjord kommune høyrer naturleg til Sunnhordalandsbassenget og at det fremjar heilskapleg planlegging å innlemma dette sjøarealet i regional kystsoneplan for Sunnhordaland og ytre Hardanger. Forslag til organisasjonsmodell for det regionale planarbeidet Politisk styringsgruppe Sekretariatet Referansegruppe Utgreiingsgruppe Utgreiingsgruppe Utgreiingsgruppe Arbeidsgruppe Temakart Ny forskrift Areal sjømat Konsekvensar Planarbeidet organiserast som eit prosjekt. Den politiske styringsgruppa skal sikre at arbeidet har ei politisk forankring i kommunane og i fylkeskommunen. Den politiske styringsgruppa skal sikre framdrift i arbeidet. Sekretariatet er ei planfagleg gruppe som gir faglege råd til den politisk styringsgruppa. Gruppa skal følgja opp føringane frå styringsgruppa og gjennomføra planarbeidet. I denne gruppa skal det vera med kommuneplanleggjarar slik at me sikrar planfagleg forankring i kommunane. Referansegruppa er ei rådgjevande gruppe som speglar ulike sektor, fag og brukarinteresser i sjøen. Arbeidsgruppene/utgreiingsgruppene får arbeidsmandata når planprogrammet er vedteke. Det kan vera trong for fleire utgreiingsrupper. Unntaket her er arbeidsgruppe ny forskrift for hausting av tang og tare. Ho har mandatet frå Fiskeridirektoratet,men gruppa er tatt med i organisasjonsmodellen for å sikre ei politisk forankring av arbeidet. Kompetanse i gruppene Politisk styringsgruppe Sentrale politikarar frå fylkeskommunen og frå kommunane. Referansegruppe ( brei medverknad interesseavklaringar) Fiskarlaget Vest, Forum for natur og friluftsliv, Turistforeninga, Norled, Rødne, Maritimt forum, Friluftsrådet, Lyse, Haugaland Kraft, Reisemål
ryfylke, Destinasjon Stavanger, Destinasjon Haugalandet, Vestnosk havbrukslag, Matilsynet, Fiskeridirektoratet region sør, Kystverket, Fylkesmannen. Sekretariatet Fylkesrdåmannen oppnemner eit tverrfagleg og breitt fagleg samansett sekretariat. Forslag til grov framdriftsplan Tid Oppgåve 28 januar 2014 Arbeidet startar formelt. Fylkesutvalet bestemmer organisasjonsmodell og grov framdriftsplan Februar 2014 Etablera organisasjonsmodellen. Starte arbeidet med planprogrammet Juni 2014 Forslag til planprogram på høyring Desember 2014 Fastsetting av planprogram Våren 2015 Forslag til regionalplan på høyring Desember 2015 Godkjenning av regionalplan i Fylkestinget 4. Fylkesrådmannen sine vurderingar: Regionalplan for sjøareala er ei av dei prioriterte planoppgåvene i regional planstrategi 2013 2016. Det er difor viktig at dette arbeidet kjem igong. Det er sett av kr 400.000 til arbeidet (200.000 pr år i to år). Planen er godt forankra i nasjonale og regionale styringsdokument. Planen vil vera med å fylle rolla til fylkeskommunen som regional utviklingsaktør. Planen legg til rette for næringsutvikling innan havbruksnæringa og sjømatproduksjonen. Fylkesrådmannen oppnemner fagfolka medan fylkesutvalet oppnemner dei politiske representantane. Forslag til vedtak: Fylkesutvalet godkjenner organisasjonsmodell og grov framdriftsplan for planarbeidet. Fylkesutvalet oppnemner desse representantane til å vera med i styringsgruppa for regionalplan for sjøareal: Frå fylkeskommunen.. Frå kommuane. Fylkesutvalet har ikkje merknader til forslag til referansegruppe.
Trond Nerdal fylkesrådmann Norvald Skretting næringssjef Dette dokumentet er godkjent elektronisk og har derfor ingen signatur.