Side 1 av 8 Årsrapport 2013 fra vannområdene i vannregion Vest-Viken Frist for rapportering til VRM 1. mai 2014 kopi til ansvarlig FK. Vannområde: Tokke-Vinje vassområde A. Litt om organiseringen og aktiviteten i 2013 Styringsgruppens arbeid: (beskriv hva har vært styringsgruppens primære oppgaver og fokus i 2013, viktige vedtak som er fattet, styringssignaler som er gitt osv., hvilke erfaringer er gjort) Prosjektgruppens arbeid: (beskriv hva som har vært prosjektgruppens primære oppgaver og fokus, hvilke erfaringer har prosjektgruppen gjort ila året, deltar alle kommunene like aktivt/ forskjeller, hvordan involveres randkommuner, hva gjøres av arbeid i kommunene) Styringsgruppa har hatt 6 møte og behandla 23 saker. Gruppa har gitt høyringsuttale til revisjonsdokumentet for Tokke- Vinjereguleringa, dokumentet Vesentlege vassforvaltningsspørsmål og framlegg til tiltaksanalyse med tabell. Gruppa har også behandla ein del juridiske spørsmål knytta til revisjonssaka, budsjettet for vassområdet, avtale om bruk av konsulenthjelp og energirettslege spørsmål knytta til konsesjonskraft og særavtalekraft. Eit av møta var eit dialogmøte med konsesjonæren for vassdraget (Statkraft). Prosjektgruppa (her kalla arbeidsgruppa) har hatt 2 møte i 2013. Kommunane, fylkeskommunen, fylkesmannen og Statkraft har vore representert på begge møta. Det same har Bandak fiskelag. På eit av møta var også Tveitevatn fiskelag representert. Viktige tema har vore: Storaurestamma og krav i revisjonssaka Tiltaksanalysen Overvakingsprogrammet Anleggsarbeid på E 134 langs Tveitevatn Sandblåsing av bru på rv 45 over Tokkeåi nede på Dalen Avslutning på masseuttak i utløpet av Kjelaåi Avslutningsplan for Hovdestadmogen Avløpsplan for Vinje kommune Tøming av sedimenteringskummar i samband med nytt Haukeli kraftverk Kryssing av Flothylåi i samband med Holldal kraftverk Vasstanden i Vestvatna
Side 2 av 8 Regionale sektormyndigheter (hvem har vannområdet hatt dialog med ila året og om hvilke oppgaver, noen som ikke har deltatt, erfaringer med samarbeidet) Lokal referansegruppe/ medvirkning fra interessenter og allmenne interesser (beskriv aktiviteter, samarbeid, hvilke tema, erfaringer) Både Tokke og Vinje kommune deltek aktivt, men det har ikkje alltid vore like lett å få det til å passe for dei aktuelle kommunale etatane. Statkraft med sin miljøkoordinator har vore aktivt med på møta i arbeidsgruppa og kome med fleire bidrag. NVE (revisjonssaka, nasjonal prioritering, tolking av konsesjonsreglement, avslutningsplan for masseuttaket i Kjelaåi). OED (for endeleg avgjerd etter at NVE sitt pålegg i Kjelaåi er anka). Statens vegvesen (rutinar for vintervedlikehald/salting, tunnelvask, vegfylling og sprenging i Tveitevatn, sandblåsing av bru over Tokkeåi, finansiering av etterundersøkingar i Tveitevatn). Fylkesmannens miljøvernavdeling Telemark fylkeskommune Lokale interessegrupper/grendelag og grunneigarlag er avhengig av tema invitert til møte i arbeidsgruppa. Særleg Bandak fiskelag og sportsfiskarar på Dalen har vore aktive og lagt ned mykje arbeid i høyringsuttalar, grunnlagsmateriale, biologiske undersøkingar med vidare. Deltakinga i arbeidsgruppa er uformell og open for dei som har aktuelle tema dei ønskjer å ha diskutert. Nettstaden Bandakkanalen er oppretta som eit diskusjonsforum og kjelde til informasjon omkring undersøkingar og tiltak i Tokkeåi og Bandakdeltaet. Bak nettstaden står mellom anna Statkraft, Bandak fiskelag, NINA og Visit Dalen. B. Kostnader, budsjett og finansiering: Påløpte kostnader i 2013 (basert på regnskap): Lønn: Administrative utgifter (kontorleie, møter, reiser): Konsulent: 345243 Overvåking: 150000
Side 3 av 8 Særavtala 72219 Sum påløpte kostnader: 567462 Finansiering 2013: Beløp Kommunene 260883 Fylkeskommunen 140000 Fylkesmannen 100000 Vest-Viken 31579 Statkraft 35000 Sum: 567462 Budsjett samlet for gjenværende prosjektperiode: 2014 2015 Lønn: Administrative utgifter 100000 100000 (kontorleie, møter, reiser): Konsulent: 200000 100000 Overvåking: 200000 200000 Sum 500000 350000 I tillegg til dei utgiftene som er ført her har kommunane hatt betydelege utgifter knytt til deira deltaking i vassområdearbeidet, både til administrativt personell og til politisk deltaking, møte med vidare. C. Hva har vannområdet lykkes med i 2013 suksesshistorier Beskriv hva vannområdet spesielt har lykkes med i løpet av 2013. Hvorfor har dere spesielt lykkes med dette? Hvilken effekt har dette medført? Legg ved 2-4 bilder fra vannområdet (vannforekomster, møter, aktiviteter el.l.) Husk å oppgi hvor bildet er tatt, i hvilken anledning, hvem som er på bildet og fotograf. I 2012 var det særleg fokus på algeproblem i Kjelavassdraget med Tveitevatn og Grungevatn. Det blei da gjennomført ei omfattande oppgradering av Haukeli reinseanlegg, med eit nytt biologisk reinsesteg. I 2013 syner overvakingsprogrammet at vasskvalitet og økologisk tilstand må karakteriserast som god, og det er ikkje motteke klagar på algevekst og sly i fiskegarn i 2013. Det kan også ha med klimaet å gjera, sidan ettersommaren og hausten i 2013 var mykje tørrare enn i 2012. Ein kommunal plan for vatn og avløp i Vinje har lenge vore etterlyst. Planen blei vedteken i siste kommunestyremøte før jul 2013 og har eit høgt ambisjonsnivå for investering og drift i åra som kjem. Planlegging av nytt reinseanlegg i Vågsli tek til i 2014. Anlegget skal stå ferdig i 2015/16 og er budsjettert til 41 millionar kroner.
Side 4 av 8 Vassområdet har gjennom arbeidsgruppa hatt ein god dialog med Statkraft på eine sida og brukarinteressene representert ved Bandak fiskelag og Tokke Jeger og Fisk på andre sida. Statkraft har på den bakgrunnen bidrege betydeleg til kartlegging av den økologiske tilstanden i vassdraget, særleg gjennom eit 4-års undersøkingsprogram i nedre del av Tokkeåi med Bandak men også til fisk- og botndyrregistreringar i andre delar av vassdraget. Inntil revisjonssaka er avgjort har Statkraft prøvd ut ein del avbøtande tiltak, både på minstevassføring, tapperestriksjonar og andre tiltak for fisk. I 2013 blei det såleis lagt ut 110 120 store steinar i nedre del av Tokkeåi, i tillegg til 3 bunar. Enkelte av dei friviljuge restriksjonane som Statkraft har prøvd ut har vore såpass vellykka at ein vil prøve å få dei formalisert gjennom nye konsesjonsvilkår. I 2012 blei det opna eit tidlegare avstengt elveløp i Bandakdeltaet, kalla Haugsevja, som eit tiltak for å skape større niaugehabitat. Her blei det alt i 2013 registrert gytande bekkeniauge. Vinteren 2012/2013 blei anleggsarbeidet med utviding av E 134 frå Grunge kyrkje til Velemoen sett i gang. Frå fiskelaget i Tveitevatn blei ein informert om at det var planar om å sprenge i vegfyllinga for å få blåst finstoff ut av fyllinga og vidare utover i vatnet. Me bad om at det blei gitt midlar frå vegprosjektet til økologiske etterundersøkingar, særleg på algevekst, men fekk ikkje gehør for det. Me bad også om å bli informert om sandblåsinga av brua over Tokkeåi ved Elvarheim, som var sett i verk utan at det var gjort tiltak for å hindre at avfallet kom i elva. Ein dårleg start på samarbeidet med Statens vegvesen, men det kom seg etter kvart og informasjonen frå vegvesenet synes nå å ha blitt mykje betre. Det er likevel grunn til å trekke fram at der er ein del erfaringar frå veganlegg som viser at planar blir endra undervegs, at entreprenørar ikkje alltid er skikkeleg informert om sitt miljøansvar og ikkje tek dei omsyna til miljø og vasskvalitet som det var meininga dei skulle ta. Eit tilsvarande problem har ein opplevd med at slam som var fanga opp i sedimentdammar for å ta vare på den økologiske tilstanden i Kjelaåi under bygginga av Haukeli kraftverk likevel blei tømt rett i vassdraget etterpå. Her har det nok også vore ein svikt i kommunikasjonen med entreprenøren. Det må dessverre konstaterast at svært lang tid har gått utan at masseuttaket i utløpet av Kjelaåi er avslutta som planlagt. NVE sine vedtak har stadig blitt påklaga. NVE opprettheld sitt vedtak i brev til OED 13.12.2013. Alle klagefristar er nå ute og OED må avgjera saka og vise at det ikkje er fritt fram for omfattande graving i det som ein gong var eit naturleg elvedelta.
Side 5 av 8
Side 6 av 8
Side 7 av 8 Bilete i rekkefølgje frå venstre ovantil: 1. Bitu, Helge Kiland 2. Våmarvatn, Helge Kiland 3. Tokkeåi nede på Dalen, med Jostein Kristiansen (Statkraft) Olav Urbø (ordførar Tokke) og Einar Østvoll (Hydrologiservice), Helge Kiland 4. Tørrlagt Tokkeåi ved Mannås, med lupinar og tilsig frå Hovdestadmogen slamdeponi, Vinjeordførar Arne Vinje. Helge Kiland 5. Kjelavatn, Helge Kiland 6. Bordalsvatn, Helge Kiland 7. Kjelaåi ved Velemoen, Svein Ekre 8. Hovundåi i Botnedalen, Helge Kiland 9. Botnedalsmagasinet, ukjent fotograf 10. Sauråi ved Farhovd, Anne Nylend 11. Bekkeniauge, Kai Brattestå 12. Stamfiske i Totak, Jostein Kristiansen 13. Tokkeåi ved Ravnejuv, Kai Brattestå 14. Aure frå Bandak, Kai Brattestå 15. Helveteshylen i Tokkeåi under flaum, ukjent fotograf 16. Sommarkveld ved Tokkeåi, Kai Brattestå 17. Steinutlegg i Tokkeåi 2013. Jostein Kristiansen 18. Utlegging av bunar og stein i Tokkeåi 2013, Jostein Kristiansen
Side 8 av 8 D. Erfaringer fra prosjektleder (beskriv de viktigste erfaringene så langt mhp. å få gjennomført vannområdets oppgaver, ta med både det som går bra og det som ikke går bra) Rettleiarar på Vassportalen har heile tida vore på etterskot i høve til dei oppgåvene vassområdet er pålagt i høve til utarbeiding av tiltaksanalyse og tabell. Det har skapt betydeleg meirarbeid og ein del frustrasjon. Eksempelvis ved at tiltaksmodulen blir endra undervegs, det kjem nye kodar osv. Må også peike på at retningslinene for utpeiking av SMVF og miljømål for SMVF framleis er uklare. For Tokke-Vinje vassområde er det mykje som heng på revisjonssaka. Nasjonalt har det vore gitt ulike signal for behandling av vilkårsrevisjonar, jamfør nasjonale føringar og prioriteringsliste og diskusjonen med ESA. Siste ord i saka er truleg ikkje sagt ennå. Ros til vassregionen og Telemark fylkeskommune for god oppfølgjing av arbeidet i vassområda. E. Rapporter/ undersøkelser (Hvis det er gjennomført undersøkelser/ analyser el.l. list opp og legg ved rapport eller annen dokumentasjon som ble utarbeidet) 1. Kiland, H. 2013. Rapport frå tilstandsovervaking i Tokke-Vinjevassdraget 2013. Faun rapport 041-2013. 2. Gustavsen, P.Ø. og L. Tormodsgard 2013. Prøvefiske i Songavatnet 2012. Rapport 01-2013. Gustavsen Naturanalyser og Naturpartner. 3. Kraabøl, M., Brabrand, Å., Bremnes, T., Dokk, J.G., Johnsen, S.I., Pavels, H., Saltveit, S.J., Schartum, E. 2013. Ferskvannsbiologiske undersøkelser i Tokkeåi og Bandakdeltaet. Resultater fra undersøkelsene i 2012. NINA rapport 955, 28 s. 4. Kiland, H. 2013. Tiltaksanalyse for Tokke-Vinje vassområde. 5. Schartum, E. og M. Kraabøl, 2014. Undersøkelser av bekkeniøye i Bandakdeltaet og Tokkeåi, Telemark. Resultater fra undersøkelsene i 2012 og 2013. NINA rapport 1002, 37 s. E. Behov/ forventninger fra vannområdet til VRM, FK, FM, andre sektormyndigheter: (beskriv hvilke behov og forventninger vannområdet har og til hvem) VRM og FK har ansvar for å følgje opp vassområda organisatorisk og økonomisk. FM har i tillegg eit fagleg ansvar, særleg på overvakingsprogram og bruk av fagapplikasjonane Vannmiljø og Vann-nett. NVE skal vera ein diskusjonspartnar i høve til kandidatar og miljømål for sterkt modifiserte vassførekomstar. Fyresdal, 11.3.2014