SELJE KOMMUNE Administrasjonsutvalet. Møteinnkalling. Møtedato: Møtestad: Kommunehuset, 3. etg. Møtetid: Kl. 10:00

Like dokumenter
Lønspolitisk plan

Lønspolitisk plan. Masfjorden kommune. Vedteken av formannskapet 23. oktober 2012

Selje kommune. Møtebok. Utval: Administrasjonsutvalet Møtestad: Kommunehuset Dato: Tid: Kl. 10:00-12:40

Lønspolitisk plan

SELJE KOMMUNE Administrasjonsutvalet. Møtebok. Møtedato: Møtetid: Kl. 09:00 11:15. Møtested: Kommunehuset, 2. etg. Saksnr.

Kommunen sin lønspolitikk må vere konkurransedyktig, og ta omsyn til den arbeidsmarknaden og dei behov kommunen til ei kvar tid har.

Møteinnkalling. Lønspolitisk handlingsplan Selje kommune

Lønspolitisk plan

Møteinnkalling. Sakene er utlagt i informasjonen og på Selje bibliotek. I tillegg er dei å finne på kommunen sine heimesider

Vedteke i kommunestyret som sak 74/16.

Selje kommune. Møtebok. Utval: Administrasjonsutvalet Møtestad: Kommunehuset 3. etasje Dato: Tid: Kl. 09:00-10:45

Selje kommune. Innkalling. Sakliste. Møteleiar: Jan Vidar Smenes

Side 2 av 8 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/12 12/107 Faste saker 002/12 12/69 Revisjon av lønspolitisk

SELJE KOMMUNE Administrasjonsutvalet. Møtebok. Møtedato: Møtetid: Kl. 12: Møtested: Kommunehuset, 3 etg. Saksnr.

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

SELJE KOMMUNE Administrasjonsutvalet. Møtebok. Møtedato: Møtetid: Kl. 12:00 13:30. Møtested: Kommunehuset, 3. etg. Saksnr.

Lønspolitisk plan. Suldal kommune. Vedteke i kommunestyret Rullert i partsamansett utval

Selje kommune. Møtebok. Utval: Administrasjonsutvalet Møtestad: Kommunehuset, 3. etg. Dato: Tid: Kl. 12:00-13:00

MØTEINNKALLING. Vi ber om at forfall vert meldt til servicekontoret/utvalssekretær på telefon

SELJE KOMMUNE Administrasjonsutvalet. Møtebok. Møtedato: Møtetid: Kl. 12:00 13:15. Møtested: Kommunehuset, 2. etg. Saksnr.

SELJE KOMMUNE Eldrerådet. Møtebok. Møtedato: Møtetid: Kl. 13:00 14:30. Møtested: Kommunehuset, 3. etg. Saksnr.

2. Arbeidstakar sine rettar etter omstillingsavtalen Kommunesamanslåinga inneber verksemdoverdraging, og arbeidsmiljølova kap. 16 gjeld.

SELJE KOMMUNE Råd for menneske med nedsett funksjonsevne. Møtebok

SELJE KOMMUNE Eldrerådet. Møtebok. Møtedato: Møtetid: Kl. 13:00 15:00. Møtested: Kommunehuset, 2. etg. Saksnr.

Selje kommune. Møtebok. Utval: Administrasjonsutvalet Møtestad: Kommunehuset 2. etg Dato: Tid: Kl. 12:00-13:30

SELJE KOMMUNE Administrasjonsutvalet. Møtebok. Møtedato: Møtetid: Kl. 12:00 13:10. Møtested: Kommunehuset Saksnr.

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Administrasjonsutvalet Møtedato: Møtetid: 13:00 14:30 Møtestad: Kommunehuset

TYSNES KOMMUNE LØNSPOLITISK PLAN

2 av 8 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 008/12 12/620 Faste saker 009/12 12/618 Vidareføring av lokale lønst

SELJE KOMMUNE Råd for menneske med nedsett funksjonsevne. Møtebok

ØRSTA KOMMUNE Personalstaben

SELJE KOMMUNE Råd for menneske med nedsett funksjonsevne. Møtebok

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune Vedteke av kommunestyret

Norddal kommune Personalpolitiske retningsliner

SELJORD KOMMUNE LØNSPOLITISKE RETNINGSLINER. Revidert 2013/14

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ADMINISTRASJONSUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 09.00

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE , vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, for

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

SELJE KOMMUNE Eldrerådet. Møtebok. Møtedato: Møtetid: Kl. 13:00 14:30. Møtested: Kommunehuset Saksnr.: 001/11-004/11

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

SELJE KOMMUNE Eldrerådet. Møtebok. Møtedato: Møtetid: Kl. 13:00 15:00. Møtested: Kommunehuset, 2. etg. Saksnr.

2 av 11 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 011/12 12/685 Faste saker 012/12 12/628 Lønstillegg til uorganisert

2 av 9 kartleggja arbeidsmiljøet for tilsette i alle einingar i kommunen. Ramsli bad om at dei tillitsvalde prøver å oppmoda tilsette til å svara på u

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Administrasjonsutvalet Møtedato Møtetid: Kl. 13:00-15:00 Møtestad: Kommunehuset

TYSNES KOMMUNE LØNSPOLITISK PLAN

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Administrasjonsutvalet Møtedato: Møtetid: Møtestad: Kommunehuset

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

MØTEPROTOKOLL. Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Odd Arne Folkestad Medlem FRP Sirikit Vågen Medlem Utdanningsforbundet

Side 2 av 10 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 004/ /1272 Faste saker 005/ /1210 Arbeidstid og sp

SELJE KOMMUNE Eldrerådet. Møtebok. Møtedato: Møtetid: Kl. 13:00 15:00. Møtested: Kommunehuset Saksnr.: 005/11-007/11

Reglement for kontrollutvalet i Selje kommune (Vedteke av Selje kommunestyret den 29. april 2009, sak 030/09)

SELJE KOMMUNE Arbeidsmiljøutvalet. Møtebok. Møtedato: Møtetid: Kl. 10:00 12:30. Møtested: Kommunehuset,3. etg. Saksnr.

2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 003/14 14/122 Faste saker 004/14 13/849 Oppfølging rapport barnevern

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 1/10 10/29 POLITISK KVARTER - PERSONALUTVALET

Møtebok. Følgjande medlemmer møtte Johan Kroken, Mathias Drage, Gunnhild Solheim, Helga Swensen, Svein Hansen. Følgjande medlemmer møtte ikkje

Møteinnkalling SAKLISTE SKODJE KOMMUNE. Utval: ADMINISTRASJONUTVALET Møtestad: Rådhuset - formannskapssalen Møtedato:

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0013/03 03/00171 POLITISK KVARTER PERSONAL-OG LØNSUTVALET

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

Arkiv FE-140. Kommuneplan Planprogram arealdel - Offentleg ettersyn

MØTEREGLEMENT FOR ADMINISTRASJONSUTVAL

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/13 13/241 OPPFØLGING AV TIDLEGARE VEDTAK I AMU 2/13 13/240 ÅRSRAPPORT FRÅ BEDRIFTSHELSETENESTA

MØTEPROTOKOLL. Forfall Parti Møtande varamedlemmer Parti

MØTEINNKALLING. Arkivsak: 12/160 Løpenummer: 12/897 Utval: Administrasjonsutvalet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: Kl. 14.

ARBEIDSREGLEMENT FOR BJØRNAFJORDEN KYRKJELEGE FELLESRÅD

Vedteke i kommunestyret , sak 06/106

2 av 8 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/577 Faste saker 002/13 13/524 Leasingbilar i pleie og omso

SAKSGANG Styre, råd, utval Møtedato Saksnr Formannskapet /11 Kommunestyret /11. Arkiv FE-143, FA-C22

Selje kommune. Innkalling. Sakliste. Stein Robert Osdal ordfører. Utval: Formannskapet Møtestad: Furebuda Leikanger Dato: Tid: Kl.

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh


Gloppen kommune. Møtebok. Utval Administrasjonsutvalet Møtestad Gloppen heradshus Dato Tid Kl. 08:30-09:40

Fylgjande medlemmer møtte: Namn Funksjon Representerer Olav Gisle Noraberg Leiar AP Tone Irgens Veum Medlem SP Anne Mette Hjort-Jensen Medlem

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Alf M. Høyrem Arkiv: 404 Arkivsaksnr.: 08/930 STILLINGSSTRUKTUR FOR BALESTRAND KOMMUNE - RULLERING 2008

MØTEINNKALLING SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Formannskapet Møtedato: Møtetid: 16:00 - Møtestad: Kommunehuset

SAMANSLAING HORNINDAL OG VOLDA KOMMUNE

Selje kommune. Møtebok. Utval: Formannskapet Møtestad: Furebuda Leikanger Dato: Tid: Kl. 13:00-14:00

2 of 12 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 008/ /1175 Faste saker 009/ /1152 Statistikk over sjuke

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Eid kommune. Saksframlegg. Kommunedelplan for oppvekst vedtak

2 av 6 ei eiga avdeling/tilsvarande, med ein eigen reinhaldsleiar. Margot Hisdal bad i samband med dette at kommunen set i verk tiltak for å kunne til

SELJE KOMMUNE Driftsutvalet. Møtebok. Møtedato: Møtetid: Kl. 15:00 19:00. Møtested: Kommunehuset, 3 etg. Saksnr.

SENIORPOLITISK PLAN MAI 2016

SAKSFRAMLEGG. Saksnr Utval Møtedato Sakshandsamar 140/11 KOMMUNESTYRE Steinar Hole. Arkiv: FE-030

Innkalling for Kommunestyret i Radøy

Møtedato: Møtetid: Kl. 13: Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti

Rettleiar for overføring av tilsette. Ein forsvarleg, god og rettferdig prosess.

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:

Arbeids- og leiaravtale for leiar av. xxxxxxx

Møtebok. Kontrollutvalet i Lærdal kommune. Møtedato: Møtetid: 12:30 15:30. Møtestad: Møterom 2. etasje Saksnr.

SELJE KOMMUNE Råd for eldre og funksjonshemma. Møtebok

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

Hjartdal kommune Kontrollutvalet

UTKAST PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

Transkript:

SELJE KOMMUNE Administrasjonsutvalet Møteinnkalling Møtedato: 01.09.2016 Møtestad: Kommunehuset, 3. etg. Møtetid: Kl. 10:00 Sak nr. Sakstittel 006/16 Godkjenning av møtebok 007/16 Delegasjonssaker 008/16 Referatsaker 009/16 Lønspolitisk handlingsplan 2015-2017 - Selje kommune - revisjon 010/16 Tilsetjingsreglement Selje kommune - revidering Eventuelt Sakene er utlagt i informasjonen og på Selje bibliotek. I tillegg er dei å finne på kommunen sine heimesider www.selje.kommune.no. Den som har lovleg forfall, eller er inhabil i nokon av sakene, må melde frå snarast råd til servicekontoret, tlf. 57 85 85 00, slik at varamedlemmar kan kallast inn. Varamedlemmar møter berre etter særskild innkalling. Dokument som ikkje er tilsende, kan du få kopi av på kommunehuset. Dokument som ikkje er offentlege, kan bli utlevert i møtet. Dersom medlemmane på førehand ønskjer å gjere seg kjent med innhaldet i desse dokumenta, er dei tilgjengelege på kommunehuset. Selje kommune, 24.08.16 Jan Vidar Smenes leiar Unni Eltvik Hovden Sekretær

SELJE KOMMUNE SAKSGANG Styre, råd, utval Møtedato Saksnr Administrasjonsutvalet 01.09.2016 006/16 Sakshandsamar: Unni Eltvik Hovden Arkiv: FE- Arkivsaknr 16/376 Godkjenning av møtebok TILRÅDING FRÅ ADMINISTRASJONEN: Møteboka frå møte 09.06.16 vert godkjent slik den ligg føre. Dok.dato Tittel Dok.ID 09.08.2016 Møtebok ADM 09.06.16 Off..pdf 78960

SELJE KOMMUNE SAKSGANG Styre, råd, utval Møtedato Saksnr Administrasjonsutvalet 01.09.2016 007/16 Sakshandsamar: Unni Eltvik Hovden Arkiv: FE- Arkivsaknr 16/374 Delegasjonssaker DAD. 013/16: Tilsetjing av miljøterapeut i barnevernet - 50% fast stilling DAD. 014/16: Tilsetjing av sjukepleiar/helsesekretær ved Selje legekontor fast og vikariat TILRÅDING FRÅ ADMINISTRASJONEN Delegerte saker vert tekne til etterretning slik dei ligg føre.

SELJE KOMMUNE SAKSGANG Styre, råd, utval Møtedato Saksnr Administrasjonsutvalet 01.09.2016 008/16 Sakshandsamar: Unni Eltvik Hovden Arkiv: FE- Arkivsaknr 16/375 Referatsaker Refererte skriv og meldingar: Det ligg ikkje føre referatsaker før innkalling. Tilleggsreferat: TILRÅDING FRÅ ADMINISTRASJONEN Referatsaker vert tekne til etterretning slik dei ligg føre.

SELJE KOMMUNE SAKSGANG Styre, råd, utval Møtedato Saksnr Administrasjonsutvalet 09.06.2016 004/16 Formannskapet 01.09.2016 Administrasjonsutvalet 01.09.2016 009/16 Kommunestyret 15.09.2016 Sakshandsamar Ørnulf Lillestøl Arkiv FE-500 Arkivsak 15/411 Lønspolitisk handlingsplan 2015-2017 - Selje kommune - revisjon Dokumentliste Nr T Dok.dato Avsender/Mottaker Tittel 29 I 24.05.2016 Fagforbundet avd. Selje 289 Uttale til revidering av Lønnspolitisk plan 30 I 02.06.2016 Utdanningsforb. v/htv Håvar Fagerli Uttale til revidering av Lønspolitisk plan Vedlegg i saka Dok.dato Tittel Dok.ID 01.06.2016 Uttale til Lønnspolitisk plan 2016.docx 76904 02.06.2016 Uttale - revidering av lønspolitisk plan.pdf 77011 26.09.2015 Lønspolitisk handlingsplan - Selje kommune 69342 01.06.2016 Lønspolitisk plan 2015-17. Vedteke i ADM 07.10.15.pdf 70005 Saka gjeld Evaluering/revisjon av lønspolitisk plan i planperioden. Opplysningar til saka Gjeldande plan vart vedteke i administrasjonsutvalet i 2015. Dette var/er ein relativt ny plan då Selje kommune ikkje har hatt ein slik plan dei seinare år. Ved handsaminga i fjor var organisasjonane også kritisk til nokre punkt i planen som omhandlar vurdering av innsats og resultat. Dei er spørjande til korleis «måle» resultat og korleis nytte desse punkta i lokale lønsforhandlingar.

Lønspolitisk plan er drøfta i fleire HTV møter med organisasjonane. Sist i HTV møte med rådmannen 30.05.16. Organisasjonane er i tilslutta attendemeldinga som ligg vedlagt frå Utdanningsforbundet. Rådmannen og organisasjonane er usamd på dette punktet. I førre drøftingsrunde oppmoda rådmannen organisasjonane å vere med og utvikle ein metode for korleis vurdere innsats og resultat. Dette er grunnleggjande fordi det i HTA er framforhandla sentralt bestemmelsar som tilseier at prinsipp for lokal lønsfastsetjing er innsats og resultatoppnåing. Det vil vere spesielt om vi lokalt i Selje vel å sjå bort frå sentral tariffavtale. For leiarar i kap 3 er dette omtala slik i HTA 3.4.2 (hjå oss tenesteleiarar) Grunnlag for forhandlingar er blant anna eit eller fleire av fylgjande kriterier; - Endra ansvarsområde - Oppnådde resultat i høve verksemda sine mål - Utøving av leiarskap - Betydelege organisatoriske endringar - Behov for å behalde kvalifisert arbeidskraft Rådmannen har meldt tilbake at planen må vurderast som ein heilskap. Setninga som omtalar innsats og resultat må sjåast i samanheng med kriterie 5 i planen. Objektive indikatorar som medarbeidarkartlegging, reknskapsmessige tilhøve, brukarundersøkingar osv kan gje oss ein peikepinn men vil aldri vere fullstendige då påverkningsfaktorar på desse indikatorane kan vere i mindre grad muleg å styre av den einskilde leiar. Kva som er særleg god innsats vil då vere tema under sjølve forhandlingane. Det er sjeldan einskilde tilsette har sterke sider på alle område omtala i kriterie 5. Ein kan vere god på å halde vedtekne rammer.. og dårlegare på å skape engasjement, lagånd og medansvar osv som eksempel. Ein kan vere ein pådrivar og motivert for å ta utdanning kommunen treng, men dårlegare på å bruke tilegna kunnskap på ein god måte. Hensikt med lokale forhandlingar er å differensiere og lokalt tilpasse lønsutvikling hjå dei einskilde i kap 3 og 5. Kriterie 5 er vanskeleg å knytte til objektive standarder for «målingar» og må då vurderast og sakleg grunngjevast i sjølve forhandlingane. Organisasjonane ynskjer også stillingsinstruksar. Rådmannen ser ikkje at dette er ynskjeleg. Det er få kommunar som har instruksar og dei fleste tilsette kjenner arbeidsoppgåvene sine. Usikkerheit må handterast i dialog med den einskilde. Tema som er omtala i kriterium 5 i planen er gjenstand for diskusjonar i samband med leiaravtalar og oppfølging av desse. Utdanningsforbundet ynskjer også å kunne opprette funksjonar med funksjonstillegg. På dette punktet har kommunane dei seinare år i samarbeid med KS hatt ein strategi på å redusere funksjonar med eigne tillegg. Spesielle oppgåver tildelt einskildtilsette skal då forhandlast etter kriteria i planen. Lover/regelverk HTA Konklusjon

Sakshandsamar ser ikkje behov for å endre planen i denne revisjonen. Det er ved sentral avtale fastsett at det ikkje skal gjennomførast lokale forhandlingar for kap 4 gruppene hausten 2016. Handlingsplanen vert å nytte i forhandlingane i kap 3 og 5. Saksgang Det er avklara med KS at det er arbeidsgjevarorgan som endeleg vedtek arbeidsgjevarpolitikken og styringsdokument tilknytta denne etter handsaming i partsamansett utval. Saka vert fremja for formannskap og kommunestyre i september. TILRÅDING FRÅ ADMINISTRASJONEN Lønspolitisk plan vedteke for 2015-17 vert vidareført slik den ligg føre. Handsaming i Administrasjonsutvalet - 09.06.2016 9 voterande Framlegg frå Administrasjonsutvalet: Saka vert utsett til neste møte i Administrasjonsutvalet 01.09.16. Røysting: Framlegg frå administrasjonen fekk 0 røyster for. Framlegg frå Adminitrasjonsutvalet fekk 9 røyster. Samrøystes. ADM-004/16 VEDTAK Saka vert utsett til neste møte i Administrasjonsutvalet 01.09.16. Samrøystes.

Avdeling: HTV Selje, avd. 289 Dato: 24.05.16 Selje Kommune v/ Rådmannen UTTALE TIL REVIDERING AV LØNNSPOLITISK PLAN Viser til uttale frå Utdanningsforbundet datert 10.05.16. Fagforbundet støttar Utdanningsforbundet si uttale til revidering av Lønnspolitisk Plan på alle punkt. Kulepunkta side 5 som Utdanningsforbundet påpeikar, er dei same kulepunkta som Fagforbundet også sende innspel på 25.09.15., til Lønnspolitisk Plan vedteken i ADMU 07.10.15. Med helsing Fagforbundet Selje Sissel Solheim Hovudtillitsvald

Vår dato 10.05.2016 Dykkar dato Vår referanse Uttale Lønspol.plan Vår sakshandssamar Håvar Fagerli Avdeling HTV Dykkar referanse Arkivkode 09-2016 Direkte telefon 942 79 790 Selje kommune Rådmannen UTTALE TIL REVIDERING AV LØNSPOLITISK PLAN I samband med høyring av Lønspolitisk plan for Selje kommune før vedtak i Administrasjonsutvalet 07.10.2016 sende Utdanningsforbundet inn høyringssvar til Rådmannen. Uttalen vart godt kommentert frå Rådmannen. Ikkje alle innspela frå Utdanningsforbundet vart tatt til følgje. Utdanningsforbundet vil med dette kome følgjande kommentarar og framlegg til endringar Lønspolistisk plan, vedteken i Administrasjonsutvalet 07.10.2015: Side 5, kulepunkt: «Den tilsette sin innsats og resultatoppnåing». Utdanningsforbundet Selje har tidlegare påpeika utfordringane knytt til dette punktet, der vi stiller spørsmål om det er samsvar mellom resultatoppnåing og målstyrande dokument. Rådmanen seier i svaret til førre uttale at målstyrande dokument som vert vektlagt for leiarane no er medarbeidarkartlegging, rekneskapsresultat/budsjettoppfølging og evt. brukarundersøkingar/ tilbakemeldingar. Erfaringane til Utdanningsforbundet frå førre forhandlingar er at dette var dokument som ikkje var like tilgjengeleg og brukt. Det har som kjent òg blitt stilt ein del spørsmål frå tenesteleiarane til framlegg til leiaravtaler. Resultata frå medarbeidarundersøkingane er, etter det vi veit, endå ikkje gjorde kjende for medarbeidarane. Fram til at ein har alle målstyrande dokument og rutinar for dette på plass, bør dette ikkje vere eit kriterium i planen. Side 5, under pkt. 4.2: «Lokale forhandlingar er eit viktig personalpolistisk verkemiddel for å fremme og løne særleg god innsats.» Utdanningsforbundet står fast på at dette etter vårt syn ikkje stemmer med Hovudtariffavtalen kap. 3.2, som seier at lønspolitikken skal bl.a. bidra til å motivere til kompetanseutvikling, motivere til meir heiltid, behalde, utvikle og rekruttere, sikre kvalitativt gode tenester. Rådmannen skriv i sitt førre svar at form og innhald må innrettast slik at forhandlingane utviklar «særleg god innsats». Skal ein kalle noko for særleg god innsats må ein ha noko å samanlikne med. Altså kva som er normal innsats. Skal ein definere normal innsats må ein ha eit målstyrande dokument, som til dømes ein stillingsinstruks. Dette er ikkje på plass i Selje kommune i dag, og vi spør difor om dette då kan brukast som eit personalpolitisk verkemiddel. Andre kommentarar: Funksjonstillegg: Utdanningsforbundet ynskjer at funksjonstillegg vert med som ein kategori av lønstillegg. Funksjonstillegg er tillegg for ei tidsavgrensa og ekstraordinær oppgåve som ikkje naturleg høyrer til stillinga. Tidlegare hadde skulane i Selje fleire funksjonar, som til dømes samlingsstyrar for fagavdelingar. Dette har etter kvart blitt fjerna, og tilbakemeldingane frå arbeidsplassane er at dette har fått negative følgjer som til dømes dårlegare vedlikehald av materiell og inventar. Sidan arbeidsgjevar ynskjer å «belønne særleg god innsats», kan nettopp funksjonstillegg vere ei oversiktleg og ryddig ordning på akkurat det, når stillingsinstruksane er på plass. For Utdanningsforbundet Selje Håvar Fagerli, hovudtillitsvald. Postadresse Fjellet 6715 BARMEN Besøksadresse Selje skule 6740 SELJE E-post post@selje.utdanningsforbundet.no Internett www.utdanningsforbundet.no

SELJE KOMMUNE SAKSGANG Styre, råd, utval Møtedato Saksnr Administrasjonsutvalet 07.10.2015 006/15 Sakshandsamar Ørnulf Lillestøl Arkiv FE-500 Arkivsak 15/411 Lønspolitisk handlingsplan 2015-2017- Selje kommune Dokumentliste Nr T Dok.dato Avsender/Mottaker Tittel 4 I 25.09.2015 Fagforbundet Selje v/htv Sissel Solheim Uttale til lønspolitisk plan 2015-2017 1 U 26.09.2015 Leiarar og fagorganisasjonar Forslag - Lønspoltisk plan 2015-2017 3 I 28.09.2015 Fellesorganisasjonen v/htv Uttale til lønspolitisk plan 2015-2017 Jorunn Breiteig 6 I 30.09.2015 Rådmann Forslag - Lønspolitisk plan 2015-2017 5 I 30.09.2015 Utdanningsforb. v/htv Håvar Fagerli Uttale til lønspolitisk plan 2015-2017 Vedlegg i saka Dok.dato Tittel Dok.ID 30.09.2015 Lønspolitisk plan 2015 2017.doc 69445 30.09.2015 Uttale lønspolitisk plan 28.09.15.docx 69436 30.09.2015 Til Rådmann, Uttale til Lønnspolitisk plan 2015-2017.docx 69438 30.09.2015 H_6_2015_uttale_lønspol.pdf 69441 19.10.2015 Lønspolitisk plan 2015-17. Vedteke i ADM 07.10.15.pdf 70005 Saka gjeld Rådmannen har i august utarbeida eit utkast til lønspolitisk plan. Innhaldet i denne fylgjer i stor grad av Hovudtariffavtalen (HTA) kapittel 3. Det vert her forutsatt at arbeidsgjevar skal synleggjere vår lokale lønspolitikk og at den skal gjerast kjend for alle tilsette. Løn skal nyttast som personalpolitisk verkemiddel og skal bl.a bidra til å; - Motivere til kompetanseutvikling - Motivere til meir heiltid - Behalde, utvikle og rekruttere - Sikre kvalitativt gode tenester

Opplysningar til saka Slik den økonomiske situasjonen no er i Selje er det viktig å sikre at lønsutvikling bidreg og understøtter møte med dei utfordringane vi står ovanfor. Vi treng tilsette som kan endre seg sjølv og andre, som har fokus på utvikling og sikring av kvalitet og er konstruktive i sine tilnærmingar til sine leiarar, medarbeidarar og brukarar. Kompetanseutvikling Kommunen har ikkje ein oppdatert kompetanseplan. Dette er sjølvsagt ei ulempe når vi treng ein samla oversikt og prioritering. Eit vanleg tema er korleis arbeidsgjevar støtter økonomisk og praktisk dei som ynskjer vidareutdaning. Det er tradisjon i Selje å yte 20.000,- i lønstillegg gjennom lokale forhandlingar for eit års vidareutdanning (med høvesvis andel for kortare utdanning). Dette har vore eit drøftingsmoment med organisasjonane. Nokre kommunar gjev dette tillegget automatisk ved endt utdanning, nokre legg det til lokale forhandlingar meir som ein automatikk då for å ha kontroll på lønsveksten, og nokre tek det inn i forhandlingane og vurderer tillegg individuelt i høve også andre kriterier som framkjem av planen. Rådmannen har ovanfor organisasjonane tydeleggjort at det er samla effekt av utdanninga som skal vurderast. Kompetanseutvikling må vurderast som samla endring av kunnskap, haldningar og ferdigheiter. Og det er det vi ser og opplever av effekt som er aktuelt å vurdere. I drøftingane med organisasjonane har vi då gjeve utrykk for at lønstillegg etter utdanning som hovudregel må forhandlast i lokale forhandlingar. Heiltid Denne problemstillinga har vi hatt stort fokus på i pleie og omsorgstenestene i år. Med innføring av heilårsturnus, har vi langt betre oversikt og kan tilby mange større stillingar. Antal tilsette vil då gå ned i desse tenestene og vi vil alltid trenge mange tilsette for å «balansere» helg/høgtid og vekedagar. Tilsette som synleggjer motivasjon for å auke stillingstorleik vil verte prioritert. Behalde, utvikle og rekruttere Eit viktig moment her er å ha oversikt over arbeidsmarknaden i regionen. Lønsnivå og tiltak i nabokommunar påverkar vår situasjon. I dag er leiarlønsnivået i Selje i underkant og vi ser at det å rekruttere er vanskelig. Kvalitet For oss no er det innsats som medverkar til å sikre kvalitet med stadig knappare ressursrammer som vert prioritert. Konstruktiv tilnærming i personalgruppene, ovanfor brukarane og tverrfagleg/samarbeidsmessig. I kva grad klarar ein å samarbeide med andre tenester og leiing slik at kvaliteten vert i så stor grad som råd er oppretthalde og utvikla. Denne hausten er det forhandlingar i kap 3 og 5. Dette vert gjennomført årleg og omhandlar leiarane og nokre andre i nøkkelstillingar innanfor ulike fagfelt. Pkt 1 over er då i enda større grad eit spørsmål om effekt, pkt 2 er mindre relevant då dei fleste har fulle stillingar. Hovudfokus i forhandlingane i år vil då vere punkta rekruttere og behalde og korleis tilsette i desse stillingane påverkar kommunen sin samla kvalitet. Planen synleggjer tilnærming i ulike «kriterier». Dette er ein operasjonalisering av tema i frå HTA som nemnt over. Lover/regelverk Hovedtariffavtalen

Sakshandsamar si vurdering Selje kommune har ikkje hatt ein eigen lønspoltisk plan dei seinare åra. Denne planen er ei spissing og endring i retning av å vurdere tilsette utfrå det arbeidet dei faktisk gjer. Korleis ein medverkar til positivt arbeidsmiljø, servicenivå, kvalitet og å sikre kommunen sine tenester som heilskap. For leiarane er dette i endå større grad spissa fordi deira arbeidsutføring er svært sentral i høve kommunen sin måloppnåing. Utdanningsnivå og relasjonar til andre samanliknbare stillingar er viktig, men endå viktigare den faktiske utføringa av arbeidet og funksjonen. Innspel frå organisasjonane til planen Utdanningsforbundet: Side 5, andre avsnitt: «Ved lokale forhandlingar er det spesiell innsats utover det vanlege som vert prioritert». Utdanningsforbundet meiner at denne setninga må takast bort eller formulerast om til at det ligg fleire lønspolitiske kriterium til grunn for lokale forhandlingar. Dette punktet er mest aktuelt i samband med kap 4 gruppene. Det er tenkt for å gje eit signal om prioritering utfrå individuelle forutsetningar og kriterie 2 og 5 i planen. Innspelet vert teke til fylgje og setninga vert omformulert. Side 5, kulepunkt, andre avsnitt: «Den tilsette sin innsats og resultatoppnåing». Utdanningsforbundet Selje har påpeika utfordringane knytt til dette punktet. Ynskjer Selje kommune dette omsynet, må det vere samsvar mellom resultatoppnåing og målstyrande dokument. Er dette i så tilfelle på plass i dag? Rådmannen er samd med utdanningsforbundet i at dette ikkje er fullgodt fastsett. Måstyrande dokument som vert vektlagt for leiarane no er medarbeidarkartlegging, reknskapsresultat/budsjettoppfølging og evt brukarundersøkingar/tilbakemeldingar. Formuleringane i kriterie 5 er elles ei utdjuping av kva innsats som vert vektlagt. Det skal utformast leiaravtalar som på ein betre måte kan evaluere innsats og måloppnåing. Denne skal nyttast i forhandlingane 2016. Innspelet vert ikkje teke til fylgje. I forhandlingane vert det teke høgde for at den tilsette tidlegare ikkje har vore orientert om koplinga til målstyrande dokument, særskillt innsats slik det no framkjem av planen. Side 5, sjuande avsnitt: «Lokale forhandlingar er eit viktig personalpolistisk verkemiddel for å fremme og løne særleg god innsats.» Etter vårt syn stemmer ikkje dette i følgje Hovudtariffavtalen kap 3.2. HTA kap. 3.2 seier at Lønspolitikken skal bl.a. bidra til å motivere til kompetanseutvikling, motivere til meir heiltid, behalde, utvikle og rekruttere, sikre kvalitativt gode tenester. Utdanningsforbundet Selje føreslår difor at denne setninga blir tatt ut av planen. Rådmannen kan sjå at samanhengane her kan verke uklare. Setninga er retta særleg mot kriterie 2 og 5 i planen sett i samanheng med korleis sjølve forhandlingane vert gjennomført. Form og innhald må innrettast slik at forhandlingane utviklar «særleg god innsats». Vi er her avhengig av samarbeid mellom organisasjonane og arbeidsgjevar slik at tilsette det vert forhandla for skjøner både gjennom innhaldet i planen og måten den vert gjennomført på kva vi er opptatt av å fremje. Arbeidsgjevar har formidla at det er eit ynskje at tilsette deltek direkte i forhandlingane for betre å kunne sikre dette.

Innspelet vert ikkje lagt inn som endring i plandokumentet. Side 6: Kriterium 3, relevant etter- og vidareutdanning. Selje kommune har allereie i dag utfordringar med å ha nok kvalifiserte lærarar i fleire av faga i skulen. Det manglar òg pedagogar i barnehagane. Rekruttering av kvalifiserte pedagogar bør difor vere eit satsingsområde. Dette kan løysast med både nytilsettingar og vidareutdanning av eksisterande personell. Utdanningsforbundet ber om at dette kjem fram i Lønspolitisk plan. Dette heng òg saman med kriterium 4. Nokre kommunar har automatikk i lønstillegg for relevant kompetanseutvikling, det vil seie at ein slepp å vente til dei lokale forhandlingane. Kan dette vere ei løysing for å motivere fleire til vidareutdanning? Vidare føreslår Utdanningsforbundet Selje at satsen for gjennomført studie bør bli auka opp til kr 28.000 /60 sp som gjeld i dag. Dette spørsmålet er delvis omtala over. For rådmannen er det viktigare å fastslå at det ikkje er noko automatikk i at eit gitt antal stp vil utløyse eit lønstillegg fastsett på førehand. Nivået på tillegg vil vere ei norm som er eit utgangspunkt i forhandlingar. Konklusjon vil verte trekt etter ei samla vurdering av alle kriteria, også kriterie 4. Innepelet vert delvis tatt til fylgje ved at det i kriterie 3 vert tilføyd eit avsnitt som synleggjer desse prinsippa. Spørsmål om rekruttering av ulike profesjonar innan oppvekst, helse og omsorg spesielt, er eit viktig tema. Det er kritisk i dag og vil auke på framover. Temaet er viktig å få drøfta med organisasjonane samla. Rådmannen tek initiativ til å starte drøftingar om dette etter forhandlingane er avslutta. Side 6: Kriterium 5, yte kommunale tenester av beste kvalitet Vi spør her kva system Selje kommune vil bruke for å måle alt dette for kvar enkelt tilsett? Dette bør i så tilfelle vere gjort godt kjent for den tilsette i planen. Poenget til Utdanningsforbundet her er i kjerneområdet i sjølve forhandlingane. Underpunkta i kriterie 5 er formulert slik fordi dei skal gje retning for den einskilde og grunnlag i sjølve forhandlingane. Tema omhandla vil ikkje vere eller bør ikkje vere overraskande for nokon tilsette og i alle fall ikkje når det gjeld tilsette som er omfatta av forhandlingane no i haust. Dette har vore tema på leiarmøter, leiaropplæring og i individuelle samtaler over tid. Kriterie 5 er elelrs ytterlegare spissa med underpunkta i avsnittet under. Det er vanskeleg å etablere eit fastsett system når det gjeld desse tema. Forhandlingane er individuelle og innhald i punkta vert vurdert samla der ein på nokre punkt opplever sterke sider og på andre svakare. Den samla konklusjon vert trekt etter ein gjennomgang i sjølve forhandlingane. Innspelet vert ikkje tatt til fylgje. Side 7: Spesielt for medarbeidarar Kulepunkt «La seg rettleie og evt. korrigere av sin leiar». Utdanningsforbundet Selje stiller her spørsmål om Selje kommune verkeleg meiner at dette er eit kriterium som utløyser løn i lokale forhandlingar? Utdanningsforbundet Selje føreslår at dette kulepunktet vert tatt ut av Lønspolitisk plan.

Dette er frå rådmannen si side ikkje eit vesentleg punkt. Det er unntaksvis dette er ei problemstilling. I forhandlingane no i haust er dette heller ikkje relevant. Bakgrunnen for formuleringa er at vi er i ein krevjande driftsituasjon og det vil då vere viktig å sikre at det å la seg styre og rettleie (sjølv om ein skulle vere usamd) vert kopla mot lønsvurdering. Det betyr ikkje at tilsette enkelt skal la seg styre og korrigere utan å kunne stille spørsmål og ta det opp med tillitsvald leiar eller evt vernetenesta. Det betyr at den tilsette må nytte dei spelereglane som er fastsett når det oppstår usemje. Det betyr også at den tilsette må vere i utvikling fagleg og personleg. Rådmannen ser at formuleringa kan verke uheldig. Denne vert omformulert. Side 7: Forhandlingsutval Planen bør handsamast i Administrasjonsutvalet god tid før lokale forhandlingar sidan lønspolistisk plan skal vere godt kjend blant dei tilsette for at han skal fungere etter hensikta. Utdanningsforbundet meiner at arbeidsgjevar er ansvarleg for informasjon ut til kvar enkelt tilsett, men vi vil sjølvsagt også informere våre medlemmar. På dette punktet er det full semje. No i haust er dei fleste deltakarane bra orientert. Vi har planlagt lønspolitisk drøftingsmøte (HTA kap 3.2.1) den 12.10.15. Sjølv om vi har nytta tid til å drøfte planen tidlegare er dette for knapt etter vedtak. Funksjonstillegg: Utdanningsforbundet ynskjer at funksjonstillegg vert med som ein kategori av lønstillegg. Funksjonstillegg er tillegg for ei tidsavgrensa og ekstraordinær oppgåve som ikkje naturleg høyrer til stillinga. Ein slik funksjon er til dømes kontaktlærarfunksjonen. Tidlegare hadde skulane i Selje fleire funksjonar, som til dømes samlingsstyrar for fagavdelingar. Dette har etter kvart blitt fjerna, og tilbakemeldingane frå arbeidsplassane er at dette har fått negative følgjer som til dømes dårlegare vedlikehald materiell og inventar. Skulesektoren er litt spesiell når det gjeld dette området. Det har over mange år vore etablert ei ordning der enkelte oppgåver og ansvar vert knytta til funksjonar med eigne lønstillegg. Frå KS si side har det vore ein strategi å trappe desse ordningane ned og overføre tillegga til faste individuelle lønstillegg lagt til grunnløn. Ei viktig side ved dette er at det er mange tilsette i andre sektorar som vi også er avhengig av tek på seg ekstra oppgåver og ansvar utan at desse har fått «funksjonstillegg» for dette. Ynskje frå arbeidsgjevar er at samla oppgåver og ansvar vert vurdert i samanheng med kriteria i planen (som eks kriterie 2 og 5) Kommunen har no nokre funksjonstillegg som for kontaktlærarfunksjonen. Vi tek sikte på å behalde desse. Framdriftsplan: Utdanningsforbundet Selje meiner at det tydleg må kome fram i planen korleis framdrifta i lønsforhandlingane er tenkt. Det bør òg vere med eit punkt som seier noko om informasjonsrutinane etter forhandlingane. Rådmannen er samd i dette. Skisse over framdrift vert lagt i pkt 5 i planen med endra overskrift.

Uttale frå FO Side 3 Innleiing: Tilføying etter tredje avsnitt:»den lønspolitiske planen vert revidert/oppdatert i tråd med ny hovedtariffavtale/hovedtariffperiode». Rådmannen er samd i dette punktet. I samband med rullering av planen i juni/august 2016 vert evt føringar i sentralt oppgjer tatt inn i denne planen. Side 4 Likelønn: Første avsnitt: «Ha ei oppfatning av yrkesgruppe for å vurdere kva stillingar som utfører likeverdig arbeid». FO ber om at det gitt ein definisjon av yrkesgruppene, for å kunne vurdere likeverdig arbeid. Dette er eit krevande punkt som er mindre aktuelt ved forhandlingane i haust. Det er knytta til kriteriet om utjamning av løn. I kap. 3 og 5 er signalet frå rådmannen at dette er individuelle forhandlingar og at det for desse gruppene vil vere større fokus på resultat enn det som er muleg å vurdere som likeverdigheit. Tenesteleiarane utfører svært ulikt arbeid, har svært ulike ansvars- og arbeidsoppgåver og dei legg også ned ulik innsats. I rullering av planen bør det drøftast tilhøvet mellom ulike yrkesgrupper fagarbeidarar, høgskuleutdanna og ufaglærte for å sikre likeverdigheit og sikre saklege grunnar for evt forskjellar. Det er uproblematisk å no ta ut dette avsnittet, men rådmannen let det førebels stå slik i planen. Side 5 Fastsetting av lønn, punkt 4.1 Prinsipp: Andre avsnitt: Ved lokale forhandlingar er det spesiell innsats utover det vanlege som vert prioritert». FO meiner at denne setning må takast bort eller formulerast om til at der ligg fleire lønspolitiske kriterium til grunn for lokale forhandlingar. Dette punktet er omtala under innspel frå Utdanningsforbundet. Tredje avsnitt, kulepunkt: «Den tilsette sin innsats og resultatoppnåing». Fo meiner at dersom innsats og resultat skal målast, må det definerast kva som skal målast, og korleis (måleindikator). Punktet er omtala over i samband med andre kommentarar frå Utdanningsforbundet.Grunnlag for vurdering av resultatoppnåing finn ein i ulike kjelder. Rådmannen har omtalt nokre viktige som medarbeiderkartlegging, rekneskap, budsjettoppfølging, samt i punkta omhandla i kriteria og då spesielt kriterie 5. Det å vurdere og evaluere innsats og resultatoppnåing er elles næraste leiar sin daglege jobb i høve underordna. Dette området er fastlagt som grunnlag for forhandlingar i HTA. Om kriteria og indikatorane er gode nok og konkrete nok må vi vurdere i evalueringa etter forhandlingane. Dette er fyrste runde med forhandlingar med større fokus på dette området. Sjuande avsnitt: «Lokale forhandlinger er eit viktig personalpolitisk verkemiddel for å fremme og løne særleg god innsats». Etter vårt syn stemmer ikkje dette ifølgje Hovedtariffavtalen kap. 3.2. HTA kapl 3.2 seier at lønspolitikken skal bl.a. bidra til å motivere til kompetanseutvikling, motivere til meir heiltid, behalde, utvikle og rekruttere, sikre kvalitative gode tenester. FO-Selje forslår derfor at denne setninga vert teken ut av planen. Punktet er drøfta over under kommentarar til innspel frå Utdanningsforbundet.

Side 6 Lokale forhandlinger kriterium 3, relevant etter og vidareutdanning. Selje kommune definerer relevant kompetanseutvikling til å vere tilleggsutdanning for å løyse nye oppgåver «og når ein skal sjå direkte verknad av at tilleggsutdanninga har auka kvaliteten på tenesta. Det er ikkje faste satsar for dette, og lønsutvikling vert vurdert i lokale forhandlingar Saman med andre kriterier». FO meiner at den delen av setning med kursiv skrift må takast bort. Korleis eller av kven skal auka kvalitet på tenesta målast? Etter vårt syn må vidareutdanning som arbeidsgjevar har behov or, og vert avtalt på førehand gje grunnlag for lønnskompensasjon. Det er framforhandla sentralt i 2008 ei norm for lønnsutvikling på kr. 20.000 for heilårsstudie (60 studiepoeng) og vidare for ½ år (30stp) og 3 mnd (15 stp). FO meiner at denne summen må aukast opp til minimum 28.000 for heilårsstudie osv i tråd med lønsutviklinga på desse åra sidan 2008 og slik andre har gjort. Andre kommunar har automatikk lønnstillegg for relevant kompetanseutvikling, dvs at ein slepp å vente til dei lokale forhandlingane. Punktet er gjennomgåande kommentert i alle uttalene frå organisasjonane. Vurdering av kvalitet og kompetansenivå er omtala over. Dette er ein del av leiaroppgåvene lagt til næraste overordna. Det er også lagt til ansvaret leiar har ved å fordele arbeidsoppgåver knytta til kompetanse hjå den einskilde. Ved vanleg definisjon av kompetanse er dette samansett av kunnskap (utdanning), haldningar og ferdigheiter. Samla sett er dette noko som inngår i fleire av kriteria i planen. Side 6 Kriterium 5, Yte kommunale tenester av beste kvalitet. Kva system vil Selje kommune bruke for å måle dette for kvar enkelt tilsett? Dette bør i så tilfelle vere gjort kjent for den tilsette i planen. Tema er omtala tilknytta fleire uttaler og fleire punkt. Det er her spesielt fokusert på resultat for brukarane og kollegaer/arbeidsmiljø og kommunen som heilskap. Å vurdere resultat i høve kvalitet er eit viktig poeng i HTA spesielt i kap. 3. Side 7 Spesielt for medarbeidarar Kulepunkt «La seg rettleie og evt korrigere av sin leiar». FO stiller her spørsmål om Selje kommune verkeleg meiner at dette er eit kriterium som utløyser løn i lokale forhandlingar? FO meiner at dette kulepunktet må strykast frå lønspolitisk plan. Punktet er kommentert over under Utdanningsforbundet sin uttale. Uttale frå Fagforbundet. Side 3 Innleiing: Tilføying etter tredje avsnitt: «Den Lønspolitiske planen vert revidert/oppdatert i tråd med ny Hovedtariffavtale/Hovedtariffperiode. Omtalt over. Vert tatt til følgje. Side 4 Likelønn: Første avsnitt: Ha ei oppfatning av yrkesgrupper for å vurdere kva stillingar som utfører likeverdig arbeid». Fagforbundet vil be om ein definisjon av yrkesgruppene, for å kunne vurdere likeverdig arbeid. Kommentert over.

Side 5 Fastsetting av lønn, punkt 4.1 Prinsipp: Andre avsnitt: «Ved lokale forhandlingar er det spesiell innsats utover det vanlege som vert prioritert». Fagforbundet meiner at denne setninga må takast bort eller formulerast om til at der ligg fleire lønspolitiske kriterium til grunn for lokale forhandlingar. Poenget er omtala over. Det er viktig at det vert formidla at det er avveging av alle kriteria som er grunnlag for vurdering av lønsendring. Tredje avsnitt, kulepunkt: «Den tilsette sin innsats og resultatoppnåing». Fagforbundet vil påpeike at dersom innsats og resultat skal målast, må det difinerast kva som skal målast og korleis (måleindikator). Dette er kommentert over. Sjuande avsnitt: «Lokale forhandlingar er eit viktig personalpolitisk verkemiddel for å fremme og løne særleg god innsats». Etter vårt syn stemmer ikkje dette ifølgje Hovedtariffavtalen kap. 3.2. HTA kap. 3.2 seier at Lønspolitikken skal bl.a bidra til å motivere til kompetanseutvikling, motivere til meir heiltid, behalde, utvikle og rekruttere, sikre kvalitativt gode tenester. Fagforbundet Selje føreslår difor at denne setninga vert teken ut av planen. Poenget er omtala over. Side 6. Lokale forhandlingar Kriterium 3, relevant etter og vidareutdanning. «Selje kommune definerer relevant kompetanseutvikling til å vere tilleggsutdanning for å løyse nye oppgåver, og når ein kan sjå direkte verknad av at tilleggsutdanninga har auka kvaliteten på tenesta. Det er ikkje faste satsar for dette, og lønsutvikling vert vurdert i lokale forhandlingar saman med andre kriterier.» Fagforbundet meiner at den delen av setninga med kursivskrift må takast bort. Korleis eller av kven skal auka kvalitet på tenesta målast? Etter vårt syn må vidareutdanning som arbeidsgjevar har behov for, og vert avtalt på førehand gje grunnlag for lønnskompensasjon. Det er framforhandla sentralt i 2008 ei norm for lønnsutvikling på kr. 20.000 for heilårsstudie (60 studiepoeng) og vidare for ½ år (30 stp) og 3 mnd (15 stp). Fagforbundet meinar at denne summen må aukast opp til minimum 28.000 for heilårsstudie, osv, i tråd med lønnsutviklinga på desse åras idan 2008, og slik andre kommunar har gjort. Andre kommunar har automatikk i lønnstillegg for relevant kompetanseutvikling, det vil seie at ein slepp å vente til dei lokale forhandlingane. Tema er omtala over. Det er gjennomgåande frå alle organisasjonane. Side 6. Kriterium 5, Yte kommunale tenester av beste kvalitet. Kva system vil Selje kommune bruke for å måle dette for kvar enkelt tilsett? Dette bør i så tilfelle vere gjort godt kjent for den tilsette i planen. Er omtala over. Side 7. Spesielt for medarbeidarar Kulepunkt «La seg rettleie og evt. korrigere av sin leiar». Fagforbundet Selje stiller her spørsmål om Selje kommune verkeleg meinar at dette er eit kriterium som utløyser løn i lokale

forhandlingar? Fagforbundet meinar at dette kulepunktet må strykast frå Lønspolitisk plan. Det høyrer meir heime i ein stillingsinstruks. Er omtala over. Dette er mindre aktuelt tema i forhandlingane i haust. Rådmannen meiner dette er eit område som bør drøftast i samband med rullering av planen før forhandlingar 2016. Andre kommentarer: Prosess ved Lokale Forhandlingar Det må utarbeidast ein aktivitetsplan/framdriftsplan med tidsfristar for førebuing og gjennomføring av lokale forhandlingar. Dette er kommentert over. Det vert lagt inn ein framdriftsoversikt i planen. TILRÅDING FRÅ ADMINISTRASJONEN Administrasjonsutvalet vedtek Lønspolitisk plan 2015-2017 slik den ligg føre etter innspel frå organisasjonane. Handsaming i Administrasjonsutvalet - 07.10.2015 10 voterande Framlegg frå Administrasjonsutvalet Utdanning som er godkjent av overordna gjev automatisk lønsauke når utdanninga er gjenomført og godkjend eksamen føreligg. Røysting: Framlegg frå Administrasjonsutvalet fekk 10 røyster for. Samrøystes. : ADM-006/15 VEDTAK Administrasjonsutvalet vedtek Lønspolitisk plan 2015-2017 slik den ligg føre etter innspel frå organisasjonane. Utdanning som er godkjent av overordna gjev automatisk lønsauke når utdanninga er gjenomført og godkjend eksamen føreligg. Samrøystes. Utskrift til: Aktuelle partar

Lønspolitisk plan 2015-2017 Selje kommune Vedteke i Administrasjonsutvalet 07.10.15 sak 006/15.

Innhald: 1. INNLEIING side 4 2. MÅL MED LØNSPOLITIKKEN side 4 3. LIKELØN side 4 4. FASTSETTING AV LØN 4.1 PRINSIPP side 5 4.2 LOKALE FORHANDLINGAR side 6 KRITERIER 5. FORHANDLINGSUTVAL OG FRAMDRIFT side 7 6. FORHANDLINGSPROSESSEN GOD FORHANDLINGSSKIKK a. PROSESSUELLE SPELEREGLAR side 8 b. RELASJONELLE SPELEREGLAR side 8 Side 2 av 8

1. INNLEIING Selje kommune har sjølvstendige tenester med organisatorisk styrings- og rapporteringslinje til rådmannen. Alle tenesteleiarane har ansvar for fagleg kvalitet, resultat, økonomi og personalhandsaming i si avdeling. Selje kommune følgjer avtaleverket som er forhandla fram mellom partane i arbeidslivet. Hovudavtalen (HA) og Hovudtariffavtalen (HTA) dannar grunnlag for lønspolitisk plan for Selje kommune. Denne lønspolitiske planen tek for seg kommunen sine målsetjingar og praksis, og er å sjå på som eit supplement til HTA. Den kompletterar verkemidla for lønsfastsetting og lønsutvikling. 2. MÅL MED LØNSPOLITIKKEN Det overordna målet med lønspolitikken i Selje kommune er at arbeidsgjevar og arbeidstakar skal verta samde om ei løn som vert oppfatta rettvis, og som er i tråd med den innsats, kompetanse og arbeidsbelastning som den tilsette står for. Kvinner og menn skal ha like vilkår når det gjeld stillingar og løn. Det er eit mål at løn i Selje kommune skal støtte opp under organisasjonsstruktur og vedtekne mål. Ei positiv lønsutvikling kan vere eit incitament for å yte ein ekstra innsats for å kunne levere kommunale tenester av beste kvalitet. Selje kommune er i ein svært vanskeleg økonomisk situasjon. Dette påverkar våre ambisjonar om generell lønsvekst og det er naudsynt for alle tilsette og leiarane spesielt å ha fokus på omstilling, vere endringsvillig og i kontinuerleg vurdering av kostnadseffektiv drift. Situasjonen vert også gjenspegla i kriteria for lønsutvikling hjå den einskilde. 3. LIKELØN Likestillingslova slår fast at kvinner og menn i same verksemd skal ha lik løn for same arbeid, eller arbeid av lik verdi. I lønspolitikken til Selje kommune etablerer me følgjande praksis for å sikre likeløn i eit likestillings- og diskrimineringsperspektiv: Utarbeide kjønnsdelt lønstatistikk og denne skal presenterast i årsmeldinga Under lokale forhandlingar i tariffperioden skal det sikrast at kjønn ikkje er grunnlag ved fordeling av forhandlingspotten. Sikre tilsette i foreldrepermisjon gjennomsnittlig lønsauke (kap 4) Ha ei oppfatning av yrkesgrupper for å vurdere kva stillingar som utfører likeverdig arbeid. Gje særskilte lønstillegg dersom det vert avdekka skilnader som skuldast kjønn eller andre diskrimineringsgrunnlag (sjå pkt. 4.2 kriterium 1) Side 3 av 8

4. FASTSETTING AV LØN 4.1 PRINSIPP Løn vert vurdert og fastsett ved tilsetting, og seinare ved lokale eller særskilte forhandlingar. Stillingane til dei tilsette er som følgje av HTA fordelt i ulike kapittel. Kap. 3 3.4.1 Toppleiarar (rådmann, stedfortredar) 3.4.2 Andre leiarar med eit sjølvstendig delegert budsjett-, økonomiog personalansvar (tenesteleiarane) Stillingane er unormerte, som vil seie at dei er plasserte i eit sentralt stillingsregulativ, men utan sentralt fastsett løn. Lønsfastsetting og lønsutvikling skjer lokalt Kap. 4 4.B Gjennomgåande stillingar (t.d. førskulelærar, konsulent, reinhaldar, sekretær, spesialpedagog, sjukepleiar) Stillingane er normerte, som vil seie at dei er plasserte i eit stillingsregulativ med sentralt fastsett lønsplassering. Lønsutvikling skjer sentralt og lokalt. 4.C Undervisningsstillingar i skulen (t.d. lærar, adjunkt, lektor) Stillingane er normerte, som vil seie at dei er plasserte i eit stillingsregulativ med sentralt fastsett lønsplassering. Lønsutvikling skjer sentralt og lokalt. Kap. 5 Lokale løns- og stillingsvedtekter (t.d. legar, rådgjevarar, leiarar) Stillingane er unormerte, som vil seie at dei er plasserte i eit sentralt stillingsregulativ, men utan sentralt fastsett løn. Lønsfastsetting og lønsutvikling skjer lokalt Kapittelinndelinga viser at sentrale forhandlingar ivaretek lønsfastsetting og lønsutvikling for nokre grupper meir enn andre. Løna for tilsette i stillingar i kap. 3 og kap 5 vert avgjort lokalt, medan tilsette i stillingar i kap. 4 både har eit sentralt og lokalt oppgjer. Denne lønspolitiske planen vil derfor vise ulike prioriteringar mellom stillingar i ulike kapittel. Tilsette i Selje kommune skal ha ei konkurransedyktig løn samanlikna med andre kommunar i regionen og sikre ei tilfredstillande kjøpekraft for dei tilsette. Løn skal vere med på å inspirere til godt og effektivt arbeid. Ved lokale forhandlingar vert kriteria i planen vurdert samla og spesiell innsats utover det vanlege drøfta. Kva som er spesiell innsats vert skildra i eigne kriterium (sjå under). For tilsette i kap. 3 og 5 vert all løn individuelt fastsett, og løn skal verte aktivt nytta for å fremme og løne innsats som gjer at Selje kommune når sine mål. Omsyn som vert vektlagt er: Kompleksitet i stillinga Den tilsette sin kompetanse Side 4 av 8

Den tilsette sitt ansvar Den tilsette sin innsats og resultatoppnåing Behovet for å rekruttere og halde på arbeidstakaren Lønsutviklinga for tilsette i kap. 4 vert i hovudsak ivareteke i det sentrale oppgjeret, men lokale forhandlingar kan gje ytterlegare positiv lønsvekst i tråd med prinsippa over. Det skal vere ein naturleg samanheng mellom den tilsette sin kompetanse, kompetanseutvikling og lønsutvikling. I kompetanseomgrepet legg Selje kommune til grunn den tilsette sin samla kompetanse med dei kunnskapar, ferdigheiter og haldingar vedkommande har i høve til kommunen sine utfordringar. 4.2 LOKALE FORHANDLINGAR Hovudtariffavtalen viser at lokale forhandlingar kan skje ved: Det årlege lokale lønsoppgjeret (kap. 4.A.1) Særskilte forhandlingar (kap.4.a.2) For å rekruttere og halde på kvalifisert arbeidskraft (kap.4.a.3) Lokale forhandlingar er eit viktig personalpolitisk verkemiddel for å fremme og løne særleg god innsats. Vurderingsgrunnlaget er definert i kriterium som: Kriterium 1: Rette opp i urettvise skilnader i løn Dersom det sentrale oppgjeret gjev stillingar særleg positiv lønsutvikling, ønskjer ein at tilsvarande stillingar som ikkje er med i det sentrale oppgjeret, følgjer etter. Det sentrale oppgjeret kan også medføre uheldige konsekvensar i høve til stillingar som er direkte lønsplassert, og som bør rettast opp att i lokale forhandlingar. Det skal vere like vilkår for lønsvekst jr. pkt. 3. Kriterium 2: Vesentlege endringar i oppgåver og ansvar Endringar i oppgåve- og ansvarsområdet, som er vesentlege i omfang og set store krav til omstilling for den tilsette, kan gje eit grunnlag for lønsvekst. Det vert spesielt vurdert korleis den tilsette sjølv handterer og medverkar til omstillinga. Omstilling som inneberer auka stillingstorleik vert vurdert jmf HTA Kriterium 3: Relevant etter- og vidareutdanning HTV pkt. 3.3 Kompetanse læring og utvikling viser korleis ein kan løne kompetanseutvikling. Utdanning som er godkjendt av overordna gjev automatisk lønsauke når utdanninga er gjennomført og godkjendt eksamen føreligg. Det er ikkje faste satsar for dette og lønsutvikling vert vurdert i lokale forhandlingar saman med andre kriterier. Norm for lønsutvikling er 28.000,- for eit heilårstudie (60 stp) Side 5 av 8

Kriterium 4: Rekruttere og halde på spesielt godt kvalifisert arbeidskraft For stillingar der kommunen har vanskar med å skaffe kvalifisert arbeidskraft, eller det er særleg kvalifisert arbeidskraft som vil vere kritisk å miste, kan ein bruke løn som eit verkemiddel. Kriterium 5: Yte kommunale tenester av beste kvalitet ved å Bidra til kostnadseffektiv drift Setje brukaren i sentrum Ta initiativ for å forbetre dei kommunale tenestene Gjennomføre prosessar og iverkset vedtak på ein positiv måte Ta utdanning som Selje kommune treng Sikre god kommunikasjon, sosial dugleik og aktivt bidra til å forbetre arbeidsmiljø Ta ansvar for vårt omdømme ved å gje god informasjon til alle som er i kontakt med kommunen Medverke til å gjere Selje kommune til eitt kompetent og inkluderande arbeidsfellesskap, til dømes ved å samarbeide og hjelpe på tvers av tenestene. Vere pådrivar for å innfri våre mål og tenesta sine satsingsområde Spesielt for leiarar: Ta naudsynte avgjerder og halde disponible rammer Forbetre og kostnadseffektivisere tenestene Sørgje for at tenestene blir systematisk evaluert og trekkje lærdom av erfaringane Skape engasjement, lagånd og medansvar både i si avdeling og i kommunen som heilheit Utvikle medarbeidarar ved å gje rettleiing, støtte og stille krav Klargjere ansvarsforhold og roller i organisasjonen Spesielt for medarbeidarar: Vere fleksibel og løyse naudsynte oppgåver på ein effektiv og positiv måte Vise motivasjon for refleksjon og utvikling av eigen praksis i samarbeid med leiar. Samarbeide godt med andre i og utanfor eiga avdeling 5. FORHANDLINGSUTVAL OG FRAMDRIFT Forhandlingsutvalet for Selje kommune som arbeidsgjevar vert samansett av rådmannen. Side 6 av 8

5.1 FRAMDRIFT Juni Oppstart rullering av lønspolitisk plan høyring til organisasjonane August (siste halvdel) Administrasjonsutvalet - handsaming av planen annan kvart år i samsvar med Hovedtariffavtalen, men rullerast fyrste gong august 2015 September Lønspolitisk drøftingsmøte innan 15. september kvart år Fastsetjing av datoar for forhandlingar viser til HTA pkt. 3.2.1 og Vedlegg 3 Retningslinjer for lokale forhandlingar Oktober og November Forhandlingar for tilsette i Kap. 4, 3 og 5 (HTA) Desember Evaluering av forhandlingane 6. FORHANDLINGSPROSESSEN GOD FORHANDLINGSSKIKK 6.1 PROSESSUELLE SPELEREGLAR Selje kommune vil ha ein forhandlingsprosess som følgjer god forhandlingsskikk slik HTA skildrar i vedlegg 3 Retningslinjer for lokale forhandlingar God forhandlingsskikk. Hovudelement i prosessen er: Arbeidsgjevar har ansvar for innkalling og gjennomføring av lønspolitiske drøftingar og forhandlingar. Arbeidsgjevar lagar forslag til framdriftsplan. I drøftingsmøte etter HTA kap.3 pkt. 3.2.1 drøftar partane bruk av alle forhandlingsvedtektene. Tema i drøftingsmøtet vert slik HTA viser i nemnde vedlegg. Informasjonsflyt er viktig Informasjon og opplæring i nytt avtaleverk for tillitsvalte og leiarar Framdriftsplanen for forhandlingane må gje partane rimeleg tid slik at dei kan skaffe seg nok informasjon og kunnskap til å gjennomføre forhandlingane Tillitsvalte har tilgang til faktiske lønsopplysningar Drøfting av rutinar for å gje informasjon til tilsette om lokale forhandlingar, framdrift, kriterium og resultat til tilsette Det er eit mål å lære av resultat avforhandlingane. Dette vert gjort ved evaluering med dei tillitsvalde og ved lønssamtalar med den einskilde jmf HTA. 6.2 RELASJONELLE SPELEREGLAR Det er eit mål for forhandlingsprosessen at den tek i vare eit godt forhold mellom partane, og gjev ein akseptabel avtale for begge partar. Ein ønskjer forhandlingar prega av: Side 7 av 8

Respekt for kvarandre sine interesser Gjensidige fordelar Kunnskap i forhandlingane, og at desse er likt fordelt rundt bordet Tilbod og løysingar, konstruktiv tilnærming Saklege og objektive argument Skilje mellom person og sak Sjå framover, lære av feil og ikkje ta opp att gamle erfaringar som er lagt bak oss God tone mellom partane Side 8 av 8

SELJE KOMMUNE SAKSGANG Styre, råd, utval Møtedato Saksnr Administrasjonsutvalet 09.06.2016 005/16 Administrasjonsutvalet 01.09.2016 010/16 Sakshandsamar Margunn Åhjem Myklebost Arkiv FE-410, TI-&00 Arkivsak 16/296 Tilsetjingsreglement Selje kommune - revidering Dokumentliste Nr T Dok.dato Avsender/Mottaker Tittel 1 S 14.04.2010 Justering av tilsetjingsreglement Vedlegg i saka Dok.dato Tittel Dok.ID 01.06.2016 Tilsetjingsreglement revidering 2016.doc 76902 Saka gjeld Revidering av noverande tilsetjingsreglement i kommunen. Opplysningar til saka Tilsetjingsreglementet for Selje kommune vart sist endra/justert i Administrasjonsutvalet 28.04.2010. Reglementet må no reviderast slik at det er i samsvar med delegasjonsreglement (vedteke i juni 2015) og endringar i lov og avtaleverk. I tillegg har kommunen føreteke ein del organisasjonsmessige endringar som gjer at reglementet må justerast. Saka har vore oppe til drøfting på møte med hovudtillitsvalde den 30.05.2016. Lover/regelverk Arbeidsmiljølova, Hovudtariffavtalen, Hovudavtalen, Kommunelova, Forvaltningslova, Offentleglova, Delegasjonsreglementet til kommunen Sakshandsamar si vurdering I juni 2015 vedtok kommunestyret nytt delegasjonsreglement i kommunen. Sidan vårt tilsetjingsreglement er frå 2010 må dette endrast i tråd med kva mynde rådmann har i personalsaker.

Sakshandsamar har ikkje endra på hovudoverskrifter/inndeling. Men innhald i ulike avsnitt kan vere endra, teke bort eller at nye er lagt til. Det som er nytt i reglementet er at vi opprettar eit tilsetjingsutval som består av 3 personar frå arbeidsgjevarsida og 2 frå arbeidstakarsida. Utvalet skal ha mynde til å tilsetje i faste stillingar. Dette blir gjort for å få betre struktur på samarbeidet mellom arbeidsgjevar og fagorganisasjonane. Ein tilsetjingsprosess er i stor grad styrt av lover og avtaler som også inneber involvering av tillitsvalde. Korleis vi praktisk gjennomfører prosessen kan vi til ein viss grad bestemme sjølve. Dette går på interne rutinar. Eksempel på dette kan vere korleis vi lyser ut ei stilling og gjennomføring av intervju. Viser til vedlagt forslag til revidert reglement. Saksgang Administrasjonsutvalet gjer vedtak. TILRÅDING FRÅ ADMINISTRASJONEN Administrasjonsutvalet vedtek revidert Tilsetjingsreglement slik det ligg føre. Handsaming i Administrasjonsutvalet - 09.06.2016 9 voterande Framlegg frå Administrasjonsutvalet: Saka vert utsett til neste møte i Administrasjonsutvalet 01.09.16. Røysting: Framlegg frå administrasjonen fekk 0 røyster for. Framlegg frå Adminitrasjonsutvalet fekk 9 røyster. Samrøystes. ADM-005/16 VEDTAK 9 voterande Framlegg frå Administrasjonsutvalet: Saka vert utsett til neste møte i Administrasjonsutvalet 01.09.16. Samrøystes.

Tilsetjingsreglement for Selje kommune Vedteke i Administrasjonsutvalet 28.04.10 - sak PS 008/10 Revidert i Administrasjonsutvalet 09.06.16 sak PS

INNHALD: 1. OMFANG 2. GRUNNSYN 3. TILSETJINGSMYNDE/TILSETJINGSPROSEDYRE 4. KUNNGJERING 5. GJENNOMFØRING AV INTERVJU 6. TILSETJINGSVILKÅR 7. TILSETJINGSBREV 8. HELSEATTEST 9. POLITIATTEST 10. OPPSEIING 11. SUSPENSJON 12. AVSKIL Tilsetjingsreglement for Selje kommune 1

1. OMFANG Tilsetjingsreglementet gjeld for alle områda i kommunen for arbeidstakarar i eit fast forpliktande arbeidsforhold, jfr. Hovudtariffavtalen (HTA) 1 og Hovudavtale. Reglane i tilsetjingsreglementet gjeld ikkje når det strir i mot lov, tariffavtale eller andre avgjerder som er bindande for kommunen. 2. GRUNNSYN 2.1 Ved tilsetjing i Selje kommune skal det i første rekkje takast omsyn til kvalifikasjonar (utdanning og praksis), samt ei heilskapsvurdering av kor skikka vedkomande søkjar er for stillinga. 2.2 Når søkjarar av begge kjønn står kvalifikasjonsmessig likt, jfr. HTA pkt. 2.2, skal ein prioritere kvinnelege søkjarar når dette kjønnet er underrepresentert i avdelinga. 2.3 Den søkjaren som har lengst teneste i Selje kommune skal ha førerett når dei elles står likt etter 2.2 i HTA. 2.4 Det skal som hovudregel tilsetjast i heil stilling, med mindre omfanget av arbeidet eller ei vurdering av arbeidssituasjonen tilseier noko anna. Kvalifserte arbeidstakarar som er oppsagde på grunn av forhold i verksemnda har førerett til ny tilsetjing i 12 månader etter oppseiinga, jf. AML 14-2. Etter AML 14-3 og Hovudtariffavtalen 2.3 har deltidstilsette førerett til utvida stilling framfor at arbeidsgjevar rekrutterer inn nye. Arbeidstakaren må vere kvalifisert og føreretten må ikkje innebere vesentlege ulemper for verksemnda. Den deltidstilsette kan ikkje utan vidare velje seg ein del av ledig stilling, men må som hovudregel akseptere heile stillinga. 3. TILSETJINGSMYNDE/TILSETJINGSPROSEDYRE 3.1 Kommunestyret tilset rådmann, jfr. 22 i Kommunelova. Administrasjonsutval og formannskap har uttalerett. 3.2.1 Tilsetjing i alle andre stillingar enn nemnt i punkt 3.1 er med heimel i Kommunelova 24 nr. 1 delegert til rådmannen som kan føreta intern delegering til personalkonsulent/ tenesteleiarar. Eit tilsetjingsutval som består av 3 personar frå arbeidsgjevarsida og 2 personar frå arbeidstakarsida har mynde til å tilsetje i faste stillingar. Samansetjing av utvalet blir slik. Frå arbeidsgjevar: Rådmann (ved tilsetjing av leiarar), leiar for vedkommande eining, personalkonsulent og evt. driftsrådgjevar. Frå Arbeidstakar: Fagforbundet - fast medlem. Det andre medlemmet frå arbeidstakarsida rullerer utifrå kva type stilling det skal tilsetjast i. Tilsetjingsreglement for Selje kommune 2