Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: 21.03.2013 Tid: 08.30 MØTEPROTOKOLL Formannskapet SAKLISTE: Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 24/13 12/432 Sikring mot naturskade, Nybøstrondi 25/13 12/514 Søknad om økonomisk støtte til utstyr på leikeplass 26/13 12/578 Regional transportplan for Sogn og Fjordane 2014-2023 27/13 12/114 Kommunale bustader - oppfølging av rapport frå arbeidsgruppe. 28/13 12/658 Etablering av permanent overgrepsmottak for personar utsette for seksuelle overgrep - tilslutnad til ordninga. 29/13 12/689 Kommunal tiltaksstrategi for prioritering av miljømidlar 2013-2016 30/13 13/295 Samfunnsdelen i kommuneplanen - arbeidsgruppe 31/13 13/294 Delegeringsreglement for Leikanger kommune 32/13 13/296 Orienteringar
24/13 Sikring mot naturskade, Nybøstrondi Leikanger kommune tek ansvar for å reparere skaden etter uveret Dagmar som oppsto i strandsona utanfor eigedommane gnr.16 bnr. 19 og 20. Tiltaket skal utførast ved at skråningen frå eigedommane ned mot sjøen vert tilbakeført til slik den var før den vart skada av uveret Dagmar. Tiltaket skal vere gjennomført innan 01.11.13. Eventuell sikring mot springflo og storm utover dette er eigarane av gnr. 16 bnr. 19 og 20 sitt eige ansvar. Kostnaden, kr. 200.000,-, vert dekka ved bruk av disposisjonsfondet. 25/13 Søknad om økonomisk støtte til utstyr på leikeplass Leikanger kommune løyver kr.15.000 til Nybø Grendalag til kjøp av utstyr til leikeplass. Midlane vert dekka av Formannskapskontoen. 26/13 Regional transportplan for Sogn og Fjordane 2014-2023
Kommunane Høyanger, Balestrand, Leikanger, Sogndal og Luster vil gje eit felles innspel til, og prioriteringar for, Fv. 55 Sognefjellet Vadheim som skal inngå som grunnlag for utarbeiding av eit forslag til RTP m/handlingsprogram for Sogn og Fjordane 2014-2023: Bakgrunnen for ei slik felles innspel er at kommunane ser at heile Fv. 55 og parsellen Rv. 55 Hella Sogndal er ein svært viktig veg for å få det regonale bu og arbeidsmarknaden i Sogn til å fungere godt. Vegen er mykje nytta som dagleg pendlarveg. Dette gjeld i første rekke til dei store arbeidsstadane i Sogndal og Leikanger kommunar. Det er også omfattande pendling til/frå Høyanger både i retning Balestrand og Vadheim. På same måte er vegen nytta som reiseveg i samband med utføring av tenester, handel, deltaking i kulturelle aktivitetar og liknande som er naturleg innfor ein region med ulike tilbod dei ulike stadene. Fv. 55 er samstundes ein vegstrekning som har vore lågt prioritert dei seinare tiåra i kampen mot store riksvegprosjekt. Vegen har no med omfattande behov for opprusting og oppgradering opp mot det som er standard for slik veg i dag. Denne tilstanden til vegen er godt dokumentert i «Fylkesveg 55 Sognefjellet Vadheim overordna utgreiing, Statens vegvesen, desember 2012» (vedlegg). Kommunane på nordsida av Sognefjorden viser til Statens vegvesen sine prioriteringar i denne utgreiinga. Ein vil særskild trekke fram: Strekningsvise utbetringar av parsellane Tronvik Ulvåna, Høyheimsvik Nes og Bakkaviki Esebotn må komme med som investeringsprosjekt perioden 2019-2024. I perioden 2014-2018 må det setjast av midlar planlegging og vidare avklaring. Bakkaviki-Esebotn går ut dersom det blir ei bruløysing over Esefjorden (sjå nedanfor). Rassikringstiltak er med å skape ein fundamental oppleving tryggleik som kan vere avgjerande for samfunn si vidare utvikling. Desse tiltaka må ha høg prioritet og gjennomførast seinast i perioden 2019-2024. For Kjenesskreda som krev planavklaring må det i perioden 2014-2018 setjast av midlar planlegging. Tilsvarande gjeld dersom Balestrand kommune vel å gå inn for bru som rassikringstiltak, og det blir aksept for dette.
Tunnelar må få prioritet. Det vert vist til gjennomføring av einskilde strakstiltak som er vedteke gjennomført kommande år. Ein vil her vidare be om at naudsynt høgdeutviding av i første rekke Rønneidstunellen i planperioden. For å få ei heilskapleg utvikling av denne vegstrekninga og med det det samla bu og arbeidsområdet i Sogn, er det også viktig at Rv 55 Sogndal Hella vert posisjonert i NTP. Det er viktig å få lagd Rv 5/fv55 gjennom Sogndal sentrum i miljøtunnel (jf fylkeskommunen sitt innspel til Nasjonal transportplan) og gjennomført strekningsvis opprusting av vegen mellom Leikanger og Hella, samt å få 30 min. avgangar på ferjesambandet Hella-Dragsvik. Rådmannen får i oppdrag å supplera tilrådinga til kommunestyret med å spesifisera behova i tiltaka under planlegging i Njøsavegen. 27/13 Kommunale bustader - oppfølging av rapport frå arbeidsgruppe. 1. Formannskapet sluttar seg til vurderingane og framlegga til tiltak som er skissert i saksutgreiinga. 2. Rådmannen legg fram sak om bygging av 2 bustader i Berlehagen snarast råd og med tanke på byggestart hausten 2013. 3. Dei andre tiltaka som er føreslegne vert å koma attende til i løpet av 2013. 28/13
Etablering av permanent overgrepsmottak for personar utsette for seksuelle overgrep - tilslutnad til ordninga. FRAMLEGGET TIL VEDTAK lyder slik, samr.: Leikanger kommune sluttar seg til permanent ordning for overgrepsmottak for personar utsett for seksuell vald, slik det framgår av vedlagte plan frå Overgrepsmottak i Sogn og Fjordane og vedtak i KS Sogn og Fjordane sitt Fylkesmøte 7. februar 2012. Leikanger kommune vil for året 2013 svare for ein økonomisk kostnad tilsvarande sum som er lagt inn i årsbudsjettet, stor kr 35.000. Leikanger kommune finn ikkje økonomisk rom for å oppjustere kostnaden med deltaking i ordninga til kr 71.810. 29/13 Kommunal tiltaksstrategi for prioritering av miljømidlar 2013-2016 Leikanger formannskap vedtek strategiplan for bruk av SMIL midlar 2013 2016. 30/13 Samfunnsdelen i kommuneplanen - arbeidsgruppe
Formannskapet nemner opp fylgjande politisk valde til å delta i ei arbeidsgruppe for å førebu planprogrammet til revisjon av samfunnsdelen i kommunplanen: 1. Ole Simen Nesdal 2. Trude Risnes 31/13 Delegeringsreglement for Leikanger kommune Rådmann orienterte og svara på spørsmål. VEDTAKET lyder etter dette slik, samr.: Rådmannen får i oppdrag å føra saka vidare i tråd med saksutgreiinga. 32/13 Orienteringar VEDTAKET / FRAMLEGGET TIL VEDTAK lyder etter dette slik: 1. Orientering og synfaring i Saften saman med tenesteleiar og driftsleiar.
2. Brev av 14.03.13 frå Sogn og Fjordane fylkeskommune med tilsegn om 746.258 kr til kommunalt næringsfond i 2013. 3. Ordførar og rådmann orienterte om møte med Næringsavdelinga i fylkeskommunen 19.03.13.