REIP OG TAU. 2. Kva kalla ein slike tau, og nytta ein dette namnet same kva slag tre ein hadde tatt bast frå?

Like dokumenter
Norsk etnologisk gransking Desember 1953 R E I P O G T A U. R e i p

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

Denne spørjelista har til føremål å greia ut om våre folkelege musikkinstrument. Den er skift i 4 bolkar:

Norsk etnologisk gransking Bygdøy, august 1963 HEIMANFYLGJE OG BRYLLAUPSGÅVER

Norsk etnologisk gransking. April Emne nr. 15. G J E R D E

G A M A L E N G K U L T U R

Norsk etnologisk gransking Bygdøy i september 1959 TURKEINNRETNINGAR FOR KORN OG MALT

18. Har det vore stor interesse i bygda eller grenda for slike møte, og har slike val ført til bygdestrid? Kva galdt i tilfelle striden?

Norsk etnologisk gransking Bygdøy i mars 1962 KRISTELEG MØTEVERKSEMD OG MØTEFORM

Norsk etnologisk gransking Bygdøy i mars 1962 PRAKTISK MISJONSARBEID

Norsk etnologisk gransking Februar 1955 GRENSER OG GRENSEMERKE MELLOM EIGEDOMAR

FOLKEMEDISIN. 1. Kan De seie at innstillinga til sjukdom og synet på det å vere hardfør har skiftet i manns minne?

Notat om historie og kulturlandskap

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

VIKTIG: HOLD AVSTAND FRÅ KLIPPEMASKIN, DET KAN SPRUTA KVIST OG ANNA UT FRA KLIPPEAGGREGATET.

styrke i at mest kva som helst kan skje, utan at dei vert mindre aktuelle.

Tevling i Bygdekjennskap. Heftet er revidert av Norges Bygdeungdomslag.

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Nr GAMLE IDRETTSLEIKAR FOR VAKSNE OG UNGDOMAR. I.

Når du kjem inn i registeret, skal du sjå ei liste over kor du er administrator for. Lista ligg under kategorien lokale organisasjoner i menyen.

Å løyse kvadratiske likningar

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Vågen, skulestad i 140 år

Nr Fra spinnemateriale til tråd

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing

Overdraging av fallrettane i Huldefossen, Førde kommune, til Sogn og Fjordane Energi AS

UNIVERSITETET I OSLO

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring.

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

1.8 Binære tal DØME. Vi skal no lære å omsetje tal mellom totalssystemet og titalssystemet.

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

Refleksjon og skriving

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

1982 Det Norske Samlaget Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2010 ISBN

Risingskurs Luster 2012

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid 35 Vakre vekstar. 2t pr. veke i 4 veker

Du må tru det for å sjå det

Brukarrettleiing for ny lagsportal kvam.no

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Kari Fjugstad Giske Harald Rydland Johnny Westvik LEIAR MEDL. MEDL

Tradisjonell materialkunnskap

Med god informasjon i bagasjen

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

BAKING. 2) Mjølet Har ein brukt å sikta mjølet til baking? Kva slag såld har ein hatt? Kva nytta ein det grove mjølet til som vart att etter siktinga?

BARNEVERNET. Til beste for barnet

RUTINAR KRING ARKEOLOGISKE UNDERSØKINGAR AREAL MED POTENSIAL FOR SPESIELT BIOLOGISK MANGFALD - ISTANDSETTING

Arbeidskrav 2 del 3, eplejuice

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

Ulsteinvik Bibelen

Zulu folktale Wiehan de Jager Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 4

// Notat 2 // tapte årsverk i 2016

REGULERINGSPLAN GRUNNAVÅGEN 2, MOSTER, BØMLO KOMMUNE

Mennesket og naturarven

Til deg som bur i fosterheim år

Biletbruk på nettet 1 2

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Å læra mange ulike måtar å måla bilete på

Infotyper oppretting og vedlikehald

ARBEIDSPRØVEN Nynorsk ELEVHEFTE

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar. for.

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

RETTLEIING FOR BRUK AV «MIN SIDE» I DEN ELEKTRONISKE SKJEMALØYSINGA FOR FRI RETTSHJELP. Oppdatert 19.september 2012 Ove Midtbø FMSF

Lindiwe Matshikiza Meghan Judge Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 3

Installasjonsrettleiing

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

Høyringsuttale Forskrift for Fagskolane i Hordaland

HALVTÅRSRAPPORT, GRØN GRUPPE. VÅREN 2017.

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Det Norske Samlaget Omslag: Stian Hole. epub production: Specialtrykkeriet Viborg A/S ISBN

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

Brukarrettleiing E-post lesar

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Emne nr. 13 November 1948 G J Ø D S E L S T E L L

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

Samanslåing av sokn på Osterøy - høyringsutkast

Elevundersøkinga 2016

Små og store system. Torstein Helleve

Rukia Nantale Benjamin Mitchley Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Det e ikkje alltid det går, sånn som du hadde tenkt

NATURTYPELOKALITET/NØKKELBIOTOP KJØLLIA I TINGVOLL HOGST OG AVGRENSING

SAMNANGER KOMMUNE. IKT-reglement. for tilsette i Samnanger kommune. Vedteke av rådmannen Gjeld frå

ÅRETS NYSGJERRIGPER 2017

Transkript:

Norsk etnologisk gransking Desember 1953 Emne nr. 42 REIP OG TAU TAU 1. Har det i Dykkar bygd vore vanleg å laga tau av bast, og kva tre var det i tilfelle ein tok bast frå (lind, alm, barlind, furu e.a.)? 2. Kva kalla ein slike tau, og nytta ein dette namnet same kva slag tre ein hadde tatt bast frå? 3. Er det slutt med å laga slike tau nå, og når vart det i tilfelle slutt? Vart det laga slike tau under siste krigen? 4. Korleis skulle treet vera som ein tok bast av? 5. Tok ein heile treet eller tok ein berre greinene? 6. Vart lindeskogen eller dei lindetrea som ein til vanleg tok bast frå, kultivert eller stelt på nokon sers måte? 7. Kva tid på året tok ein bast og kva kalla ein dette arbeidet? 8. Korleis fekk ein borken med bastet laus frå veden og kva kalla ein dette arbeidet? Det tykkjest ha vore heller vanleg å ta bastet på føresumaren når sevja gjekk. Då kunne ein flekkja (fletta, løypa) borken og bastet av med same og leggja dette i bløyt. Men det var òg vanleg å leggja heile kubbane i bløyt og så flekkja borken og bastet av etterpå. Ein kunne òg få bastet laus ved å verma opp kubbane. Dersom ein brukte den siste framgangsmåten, tok ein bast om hausten. Vi vil gjerne vita om desse framgangsmåtane er kjende i Dykkar bygd og kva for ein som vart meste nytta.

9. Kva kalla ein dette å leggja kubbane eller borken i bløyt, og var det nokon skilnad i framgangsmåten når det galdt kubbar og når det galdt berre borken? 10. Skulle kubbane (borken) liggja i sjø eller vatn? 11. Skulle dei støtt liggja heilt under eller vart dei lagt slik at dei stundom var over vassyta, t.d. i flomålet? 12. Kunne staden der ein til vanleg la kubbane (borken) i bløyt, få eit serskilt namn av dette? 13. Kva gjorde ein for at kubbane (borken) ikkje skulle reka bort? 14. Kor lenge skulle kubbane (borken) liggja i bløyt? 15. Vart borken vaska eller reinska og turka etter han var tatt opp (kor vart dette gjort og kor lenge stod det på) eller reiv ein bastet straks og turka dette? 16. Korleis bar ein seg åt når ein reiv laus bastet og kva kalla ein dette arbeidet (riva bast)? Var det nokon skilnad på framgangsmåten ved bork som hadde lege i bløyt og bork som var oppvermd? 17. Hadde ein ulike namn på dei ymse lag bast, t.d. dei ytre og dei indre, og rekna ein at det var nokon skilnad i kvaliteten på desse? 18. Kva kalla ein dei bast-strimlane ein reiv laus? 19. Kor breie skulle desse vera? 20. Vart det gjort noko med dei før ein nytta dei? 21. Kva kalla ein det å tvinna bastet? 22. Nytta ein ei vinde når ein skulle tvinna bastet (ordet er i dette høvet nytta om dei bast-strimlane ein reiv laus), kva heitte den og korleis såg den ut (teikna)? 23. Dersom ein ikkje nytta vinde, korleis bar ein seg då åt når ein tvinna bastet? 2

24. Når ein nytta vinde til tvinninga, fekk ein ein tått med ein kjerne som var tvinna kring sin eigen akse og eit lag som var sveipt kringom denne aksen. Kva kalla ein desse delene (innloge og omloge)? 25. Vart det sett same krav til bastet som skulle vera innloge og det som skulle vera omloge? 26. Korleis gjorde ein når ein skulle skøyta inn nytt bast ved tvinninga og kva kalla ein dette? 27. Kva kalla ein det tauet som ein fekk ved tvinninga (tått)? 28. Kor tjukk skulle tåtten vera og kor lang vart den til vanleg? 29. Vart den nytta til noko slik den var og fekk den då eit sers namn? 30. Heiter det å slå eller leggja tau, eller vart ei anna nemning nytta om dette? 31. Vert nemningane å slå tau og å leggja tau nytta om ulike framgangsmåtar, t.d. slik at ein la med hand men slo med ein reiskap lik den som er nemnd nedanfor i sp. 36? 32. Kor mange tåttar var det til vanleg i eit fleirlagt tau? 33. La ein tauet med hand eller med ein reiskap, og kva kalla ein dette arbeidet? (Vi nyttar her ordet leggja om begge desse framgangsmåtane. De nyttar sjølvsagt dei orda som har vore vanlege i Dykkar bygd.) 34. Dersom ein la tauet med hand, korleis gjorde ein då dette? Nytta dei då ein kjepp eller liten stokk til hjelp og korleis? 35. Kva heitte i tilfelle denne stokken og korleis såg han ut? 36. Kva kalla ein i tilfelle den reiskapen ein la tauet med, korleis såg den ut og korleis vart den nytta? Det vanleg kjente er at ein nytta 3 ulike reiskapar på ein gong. Kjende namn på desse er føregogn, ettergogn og knotten. Ettergogna hadde ein krok der alle tåttane var festa; den tvinna tåttene i hop. Kvar einskild tått var festa i kvar sin krok i føregogna; desse krokane vart alle drivne av ein sveiv, og føregogna skulle hinda at snuren i tåttane gjekk opp under leggjinga 3

(slåinga). Tåttane gjekk gjennom kvar sitt hol eller får (fure) i knotten, med den skulle ein syta for at tauet vart jamlagt. Vi vil gjerne få vita korleis dette prinsippet var utforma i praksis i Dykkar bygd, korleis dei ymse reiskapar var laga og om dei har hatt ulik form i eldre og nyare tid, kva namn dei hadde og korleis dei vart nytta. 37. Kor tjukt skulle eit ferdig tau vera, og kor langt vart det til vanleg? 38. Vart tauet preparert på noko vis før det vart tatt i bruk, og kvifor og korleis vart dette gjort? 39. Har det òg vorte brukt å fletta tau av bast, kvifor vart dette gjort, og kva kalla ein slike tau? 40. Hadde tau av bast serlege føremoner og kva vart dei helst nytta til? 41. Spørsmåla 4-38 byggjer på den kjennskapen vi har til framstelling av tau frå lindebast. Dersom det er kjent at ein har laga tau av bast frå andre tre, t.d. alm, barlind, furu e.a., var då framgangsmåten annleis enn ved lindebast? Grei ut om skilnaden ved kvart steg i framstellings-prosessen og om grunnane til den. 42. Var det nokon skilnad på bruken av tau laga av lindebast og tau laga av bast frå andre tre? 43. Var det serlege rettsreglar eller -sedvanar knytt til framstellinga av bastetau? Vi tenkjer her serleg på retten til å ta bast. Kunne ein ta bast i almenning eller annan manns skog? Hadde husmennene rett til å ta bast, og måte dei yta noko til vederlag for dette? Er det kjent at ein ved salg av skog tok unna retten til å ta bast, eller at det ved arveskifte, eigedomsdelingar eller liknande høve vrt teke omdsyn tuil slik rett? Kunne ein kjøpa seg slik rett i annan manns skog? 44. Er det kjent at ein har laga tau av bork frå alm, einer, barlind eller andre tre, og korleis gjorde ein det? 45. Kva kalla ein slike tau, hadde dei serlege føremoner og kva vart dei helst nytta til? 46. Er det kjent at det har vorte laga tau av plantefibrar, t.d. frå brennenesle eller lin eller hamp, og kva kalla ein slike tau? 4

47. Korleis var framgangsmåten? 48. Hadde slike tau serleg føremoner og kva vart dei helst nytta til? 49. Har ein i Dykkar bygd laga tau av heile planter, t.d. gras, sev eller anna vassgras, og kva kalla ein slike tau? 50. Korleis var framgangsmåten? (Grei ut om når og korleis ein sanka inn materialet, prepareringa av det og framgangsmåten når ein laga tauet.) 51. Hadde slike tau serlege føremoner og kva vart dei helst nytta til? 52. Har ein i Dykkar bygd laga tau av rot-tæger frå tre og kva kallar ein slike tau? 53. Kva slag tre var det ein helst tok tæger frå? 54. Kva tid på året tok ein tæger og korleis gjorde ein det? Kva kalla ein det arbeidet? 55. Hadde ein noko merke på kor ein kunne venta å finna gode tæger (t.d. ved å sjå på skogbotnen)? 56. Vart tægene preparert før ein nytta dei og korleis gjorde ein det (t.d. ved å pressa safta ut av dei og kløyva dei)? 57. Vart tægene eller dei kløyvde tåg-delene tvinna, kva kalla ein dette og korleis vart det gjort? 58. Kva kalla ein dei tvinna tægene eller tåg-delene (tått)? 59. Vart tauet lagt med hand eller med ein reiskap, kva kalla ein dette og korleis gjekk det for seg? Kor mange tåttar var det i tauet og korleis skøytte ein inn nye tåttar? Var framgansmåten lik ved alle slag rot-tæger? 60. Kor lange vart til vanleg slike tau? 61. Hadde slike tau serlege føremoner og kva vart dei helst nytta til? 62. Har ein laga tau av rot-tæger frå andre planter? Kva slag planter var det i tilfelle, kva kalla ein tauet, korleis vart det laga og kva vart det helst nytta til? 5

63. Var det serlege rettsreglar eller -sedvanar knytt til framstellinga av tau frå rot-tæger? Vi tenkjer her serleg på retten til å ta tæger. Kunne ein ta tæger i ålmenning eller annan menns skog? Hadde husmennene rett til å ta tæger og måtte dei yta noko til vedelag for dette? Er det kjent at ein ved salg av skog tok unna retten til å ta rot-tæger, eller at det ved arveskifte, eigedomsdelingar eller liknande høve vart teke omsyn til slik rett? Kunne ein kjøpa seg slik rett i annan manns skog? 64. Har ein i dykkar bygd laga tau av pertar (spøner, spon) og kva kallar ein slike tau? 65. Kva tre tok ein pertar frå, vart tauet laga på same måten ved pertar frå alle slag tre? 66. Var det berre stomnen ein tok pertar av, og korleis skulle eit godt tre vera i så måte? 67. Kappa ein stomnen opp, og kor lange var kubbane? 68. Korleis fekk ein møykt opp veden så den vart lett å riva pertar av? Kva kalla ein det arbeidet? Det vanlege tykkjest å ha vore å verma kubbane i grua; ein sette dei inn i elden til det dampa av dei. 69. Gjorde ein dette før eller etter ein hadde skilt geita (yta) frå alveden og korleis gjorde ein når geita skulle skiljast frå? 70. Korleis gjorde ein når ein reiv pertar og kva kalla ein dette arbeidet? 71. Kva kalla ein desse pertane som ein skulle laga tau av (bast)? 72. Vart pertane tvinna med hand eller med ein reiskap? Kva heitte i tilfelle denne reiskapen, korleis såg han ut, og korleis vart han nytta? Kva kalla ein dette arbeidet? Det er kjent at ein har nytta ei vinde til dette arbeidet som ved basttvinning. 73. Kva kalla ein det pert-tauet som ein fekk ved tvinninga (tått), kor tjukt skulle det vera, og kor langt var det til vanleg? 74. Kva kalla ein kjernen og det ytre laget i tåtten? 6

75. Var det vanleg å styrkja tåtten ved å tvinna garasstrå e.a. inn i kjernen? 76. Vart tauet lagt eller fletta, og kva kalla ein dette arbeidet? La ein i tilfelle tauet med hand (korleis) eller med ein reiskap; kva heitte då reiskapen, korleis såg han ut (teikna) og korleis vart han nytta? 77. Kor mange tåttar var det til vanleg i tauet? 78. Vart tauet preparert før ein tok det i bruk, kva kalla ein i tilfelle dette, og korleis gjekk det for seg? 79. Hadde slike tau serlege føremoner, og kva vart dei helst nytta til? 80. Var det serlege rettsreglar eller -sedvanar knytt til framstllinga av perttau? Kunne ein ta vyrke i ålmenning eller annan manns skog? Hadde husmennene rett til å ta vyrke og måtte dei yta noko i vederlag for det? Er det kjent at ein ved salg av skog tok unna retten til å ta tauvyrke eller at det ved arveskifte, eigedomsdelingar eller liknande høve vart tatt omsyn til slik rett? Kunne ein kjøpa seg slik rett i annan manns skog? 81. Var (er) det i Dykkar bygd einskildpersonar eller bygdelag som meir enn andre dreiv (driv) med å laga tau av rot-tæger eller pertar? 82. Selde dei tau, kor og korleis gjorde dei dette? 83. Kva var prisen for taua? (Prisoppgåver må vera tidfeste på ti-året eller så). 84. Dersom ein i Dykkar bygd har nytta slike tau utan å laga dei sjølve, kor fekk ein dei då frå, og kor og korleis fekk ein tak i dei? - - - o 0 o - - - 7