VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL UTVAL: Eldrerådet Møtestad: Åheimtun, Åheim Dato: 18.02.2013 Møtet tok til 10:00 Møtet slutta 11:30. Møtet var innkalla ved utsend sakliste datert 12.02.2013. Magne Kåre Vik Arset leia møtet. Faste medlemar som møtte: Namn Funksjon Representerer Magne Kåre Vik Arset Leiar ELDRE Jorunn Sylte Nestleiar ELDRE Inger Oline Reite Medlem ELDRE Faste medlemar som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Oddvar Nygård Medlem ELDRE Magne Løvoll Medlem KOM.MEDL. Eldbjørg Marholm Medlem ELDRE Varamedlemar som møtte: Namn Møtte for Representerer Anna Marie Aahjem Eldbjørg Marholm ELDRE Inger Myklebust Magne Løvoll KOM.VMEDL. 5 av 6 medlemar møtte.
Frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Kåre Kvangarsnes Møtesekretær Dessutan møtte soneleiar Rose-Mari Thunem Nygård (t.o.m. sak 04/2013) og aktivitetskoordinator Oddrun Kobbevik Oldeide. Underskrifter: Vi stadfestar at det som er ført i møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. 6143 Fiskå, den
SAKLISTE Saksnr. Sakstittel PS 1/2013 Godkjenning av innkalling PS 2/2013 Godkjenning av møteprotokoll frå siste møte PS 3/2013 Skriv og meldingar PS 4/2013 Den kulturelle spaserstokken 2013 - orientering PS 5/2013 Eldredag - eldrefest 2013
PS 1/2013 Godkjenning av innkalling Innkallinga vart godkjend. PS 2/2013 Godkjenning av møteprotokoll frå siste møte Møteprotokoll frå siste møte vart godkjend. PS 3/2013 Skriv og meldingar Møteprotokoll fylkeseldrerådet 21.11.2012. E-post av 08.02.2013 frå Statens seniorråd: Invitasjon til konferanse om aldersdiskriminering i Oslo 24. april 2013. Soneleiar Rose-Mari Thunem Nygård orienterte om Åheimtun og Sone Åheim. Ein har mange hjelpetrengande pasientar i høg alder. Jorunn Sylte vidareformidla takk frå Seniordansarane v/sigmund Vik for løyving frå eldrerådet. Framlagde skriv, orientering og meldingar vart tekne til vitande. PS 4/2013 Den kulturelle spaserstokken 2013 - orientering Aktivitetskoordinator Oddrun Kobbevik Oldeide orienterte om arbeidet med Den kulturelle spaserstokken og opplyste at ho har fått tilbod om konsertar med Håvard Svendsrud musikk frå 1950- og 1960- talet. Prisen for tre konsertar på dei tre eldreinstitusjonane er kr. 9.000,-. Det ligg også føre tilbod om ein konsert i tillegg utanfor institusjonane. Prisen vil då verte på kr. 12.000,-. Eldrerådet såg svært positivt på dette tilbodet og ynskte at det vert arrangert konsertar på dei tre institusjonane. Det vert då viktig å invitere å invitere alle dei øvrige eldre til konsertane gjennom annonser og anna omtale før konsertane. Det var semje om at aktivitetskoordinator tek nærare kontakt med Håvard Svendsrud med sikte på å få arrangert konsertar på sjukeheimen, Syvdetun og Åheimtun.
Vidare orienterte ho om seniorkino no i vinter. To filmar har vore synte. Om lag 40 personar møtte opp på kvar av framsyningane. Ein har motteke positive reaksjonar, men det tek tid å innarbeide eit slikt tilbod for eit større publikum. Fått tilbakemelding om at ein bør ha fleire framsyningar. Omtale på førehand ser ut til å vere svært viktig for frammøtet. Det vart ikkje fatta formelt vedtak. PS 5/2013 Eldredag - eldrefest 2013 Drøftinga kring eldredag og mogleg eldrefest vart samanvevd med drøfting av evt.tiltak under Den kulturelle spaserstokken. FNs internasjonale eldredag er 1. oktober. Det vart understreka at dersom ein skal arrangere eldrefest også i år i tilknyting til eldredagen, må arrangementet ikkje vere i haustferien og at ein i størst mogleg grad bør nytte eigne krefter til kulturelle innslag. Ein kom inn på moglege andre tiltak som kan vere alternativ til eldrefesten. Leiaren lufta tankar om ein busstur til Strandafjellet og viste til døme frå Ulstein kommune. Vidare kom det i diskusjonen fram forslag om å arrangere ein tur til Operahuset på Nordfjordeid. Aktivitetskoordinator undersøkjer nærare kva arrangement, konsertar etc. som kan vere aktuelle 1. halvår. Når ein får ei nærare avklaring på dette, vil ein kome tilbake til drøfting av evt. eldrefest i samband med eldredagen. Det vart ikkje fatta formelt vedtak. Rett utskrift 22.02.2013 Kåre Kvangarsnes