saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 14.04.2014 25156/2014 Håkon Slutaas Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet 06.05.2014 Regional forvaltningsplan for Møre og Romsdal vassregion Bakgrunn Formål med plana: Vassdirektivet er eit rammedirektiv som EU gjorde gjeldande 22. desember 2000. Vassdirektivet vart gjort til ein del av EØS-avtalen i 2007 og legg rammer for all vassressursforvaltning i EØS-området. For å følgje opp direktivet vedtok Noreg i 2007 «Forskrift om rammer for vannforvaltningen» (Vassforskrifta) som er heimla i forureiningslova, plan- og bygningslova og vassressurslova. Denne forskrifta gjev føringar for korleis Noreg skal gjennomføre arbeidet med heilskapleg vassforvaltning. Hensikta med forvaltningsplana er å gi ei oversikteleg framstilling av korleis ein ønskjer å forvalte vassmiljøet og vassressursane i vassregionen i eit langsiktig perspektiv. Vassforvaltning etter vassforskrifta er i startfasen og no inne i andre planperiode. Den første planperioden vart kalla «pilotfasen» og gjaldt berre nokre få utvalde område. Dette er difor den første planperioden der alle områdar og vassførekomstar er med. Vassdirektivet og den nye vassforvaltninga har fokus på vatnet sin syklus, og følgjer vatnet frå fjell til hav. Det territoriale fokuset ligg på avrenningsområde, det vil seie nedbørsfelt og tilhøyrande kystlinje. Planen fastset miljømål for elvar, bekkar, innsjøar, grunnvatn og kystvann. Planen er sektorovergripande og skal bidra til å styre og samordne vassforvaltning og arealbruk på tvers av kommuneog fylkesgrenser. Kommunar, regionale organ og statlege etatar er gjennom planen forplikta til å leggje miljømåla til grunn for planlegging og verksemd. Vassressursane blir vurdert ut i frå naturverdi og økonomisk ressurs. Målet med vassforskrifta er å etablere minst «god økologisk tilstand» og «god kjemisk tilstand» i alle vassførekomstar. Målet om god miljøtilstand skal vere nådd innan 2021. For å nå måla som er satt må det gjerast tiltak for å avgrense dei ulike påverknadane, samt rydde opp der det er naudsynt.
Miljømål for vassførekomstane er fastsett og godkjend i vassforvaltningsplan og skal leggast til grunn for regionale organ sine verksemder og for kommunal og statleg planlegging og verksemd i vassregionen, i følgje vassforskrifta 29 siste ledd. Verknad av plana: Forvaltningsplana gir klare regionale og statlege føringar i kommunane i vassregionen og skal bidra til å samordne og gje retningslinjer for arealbruk på tvers av kommune og fylkesgrense. Om ei kommune fråviker retningslinjene, gjev dette grunnlag for å fremje innvending i kommunen sin plan. Vedtak om gjennomføring av dei tiltaka som inngår i tiltaksprogrammet treffast av ansvarleg sektormyndigheit etter relevant og gjeldande lovgiving. Godkjent regional plan vil inngå i grunnlaget for sektormyndigheitene si saksbehandling. I sektormyndigheitene si saksbehandling vil det bli gjort ytterlegare avklaringar og konkrete vurderingar av fordelar og ulemper ved dei enkelte tiltak før endeleg avgjersle om gjennomføring av tiltak blir slutta. Her vil det bli lagt vekt på andre omsyn enn dei som er lagt vekt på i plana. Sektormyndigheitene kan derfor fatte vedtak som ikkje er i samsvar med plana. Dersom det i oppfølgingsarbeidet blir aktuelt å fråvike føresetnadane i den godkjende plana, skal vedkommande myndigheit sørgje for at vassregionmynda er informert. Årsak til at plana er fråviket må omtalast ved rapportering av tiltaksgjennomføring og ved neste revisjon av plana. Dersom saka angår miljøforverring av ein vassførekomst, kan dette berre gjerast når tiltaket skuldast ny berekraftig aktivitet der alle praktisk gjennomførbare tiltak settas inn for å avgrense forverringa av miljøtilstand, eller samfunnsnytta av dei nye inngrepa eller aktivitetane er større enn tapet av miljøkvalitet, jf. vassforskrifta 12. Om Møre og Romsdal vassregion: Fornuftig vassforvaltning følgjer nedbørsfelta sine grenser, slik at vatnet kan sjåast i samanheng. Det er derfor ikkje gitt at administrative grensar i vassforvaltningsarbeidet, følgjer kommune- og fylkesgrensar. I Norge har vi 11 vassregionar totalt. Møre og Romsdal vassregion følgjer i hovudsak fylkesgrensene, men dekkjer og vesentlege areal i Sør Trøndelag og Oppland, der mellom anna elvane Driva og Rauma har sine opphav. Også eit mindre areal i Sogn og Fjordane inngår i regionen. Vassregionen er delt inn i fem vassområde; Nordre Nordmøre, Søre Nordmøre, Romsdal, Nordre Sunnmøre og Søre Sunnmøre. Organisering av arbeidet: Møre og Romsdal fylkeskommune er vassregionmyndigheit i Møre og Romsdal vassregion og har ansvar for å koordinere arbeidet med å gjennomføre oppgåvene definert i vassforskrifta. Møre og Romsdal fylkeskommune har og ansvar for å utarbeide utkast til ein regional vassforvaltningsplan i samarbeid med vassregionutvalet Jamfør 26 i vassforskrifta. Vassregionutvalget er samansett av representantar for vassregionmyndigheten, øvrige fylkeskommunar, fylkesmannsembeter, og andre rørde sektormyndigheiter
og samtlege kommunar. Andre interessentar er knytt til vassregionutvalet gjennom referansegruppa som blir invitert til møta i vassregionutvalet, og vil være høringspart. Vassregionen er inndelt i 5 vassområde. På vassområdenivå organiserast arbeidet ved hjelp av eit vassområdeutval, kor rørde sektormyndigheter og kommunar deltek. Miljømål i vassforskrifta: Vassforskrifta legg opp til at det settast miljømål for vassførekomstar. Det generelle målet er at alle vassførekomstar minst skal oppretthalde eller oppnå god tilstand innan 2021. Både økologisk tilstand og kjemisk tilstand må være god for at vassførekomsten skal få betegnelsen «god miljøtilstand». Når ein vassførekomst har ein miljøtilstand dårlegare enn «god» må tiltak settast inn. For vassførekomstar som allereie oppfyller kravet om «god tilstand», skal det ikkje gjerast inngrep som forverrar tilstanden. Dersom arbeidet skulle vise at det vil være umuleg eller veldig kostnadskrevjande å nå målet om god tilstand eller godt potensial, gir forskrifta anledning til å utsette måloppnåinga eller vedta mindre strenge miljømål. Vurdering Eit viktig formål med vassforskrifta er å sikre ein meir heilskapleg og økosystembasert vassforvaltning i Norge ved utarbeiding av vassforvaltningsplanar i høve til vassdirektivet. Fylkestinga er regional planmyndigheit jmf. pbl 3-4 fjerde ledd. Regional vassforvaltningsplan og regionalt tiltaksprogram skal vedtakast som regional plan (i alle rørde fylkeskommunar). I vassregionen er dette fylkeskommunane Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Oppland og Sør Trøndelag. Denne planen gjeld for 2016-2021 og er den første av i alt tre planrunder fram til og med 2033. Planen skal rullerast kvart 6. år. Plana skal leggast ut på høyring i 6 månader før endeleg vedtak i fylkestinget i 2015. Vedteke regional vassforvaltningsplan og regionalt tiltaksprogram blir oversendt Klima- og miljødepartementet for godkjenning av Kongen i statsråd. Miljømål i forvaltningsplan for Møre og Romsdal vassregion: Målet med vassforskrifta er å etablere minst «god økologisk tilstand» og «god kjemisk tilstand» i alle vassførekomstar. Målet om god miljøtilstand skal vere nådd innan 2021. I vassførekomstar som er i ein miljøtilstand som er dårlegare enn «god» må det gjerast tiltak for å avgrense dei ulike påverknadane, samt rydde opp der det er naudsynt. Vedlagt forvaltningsplana er tiltaksprogram som er ei oppsummering av tiltaksanalysane som er utarbeida for vassområda. På grunn av manglande datagrunnlag og ressursar står ein del vassførekomstar i vassregionen utan tiltak i denne planperioden, og har ikkje fått miljømål vurdert. Tiltak og miljømål for disse må vurderast i neste planperiode.
Strengare miljømål enn vassforskrifta: Miljømåla i vassforskrifta er definert som minimumskrav. Det kan være satt strengare miljømål i sektorregelverk, for eksempel drikkevassforskrifta, eller på grunn av viktige brukarmål, for eksempel mål om badevasskvalitet. Datagrunnlaget er i fleire vassførekomstar for dårleg i vassregionen til at eit strengare miljømål vil fastsettast på godt nok grunnlag. I dei fleste tilfella vil «god tilstand» være tilstrekkeleg godt vassmiljø. Vassførekomstane som får strengare miljømål i regionen er Geirangerfjorden og elvar som renn ut i den. Verdsarvfjorden er eit spesielt viktig område, det er eit svært viktig internasjonalt turistmål, det er viktig for rekreasjon og friluftsliv lokalt og det er sett i gang eit større miljøprosjekt i området som heiter Grøn Fjord. På bakgrunn av dette er vassførekomstane fått miljømålet «Særs god miljøtilstand» Sterkt modifiserte vassførekomstar i Møre og Romsdal vassregion: Vassforskrifta har ein eigen kategori av vassførekomstar som kallast for sterkt modifiserte vassførekomstar (SMVF). Bakgrunnen for kategorien SMVF er at en del vassførekomstar brukast til samfunnsnyttige formål som kraftproduksjon, drikkevatn, landbruk, skipsfart, flomvern og liknande. Slik bruk av ein vassførekomst medfører ofte større eller mindre fysiske inngrep. Sterkt modifiserte vassførekomstar har egne miljømål, godt økologisk potensial (GØP). Utpeikinga av sterkt modifiserte vassførekomstar skal i utgangspunktet gjerast etter rettleiar frå Miljødirektoratet. Denne rettleiaren blei utsendt for seint i prosessen til at den kunne nyttast i denne planperioden. Rettleiaren vil nyttast til neste planperiode, som vil kunne føre til endringar i kva vassførekomstar som er får status som sterkt modifisert og deira miljømål. Ein del vassførekomstar har status som kandidat for sterkt modifisert vassførekomst. Desse har ikkje fått miljømål god tilstand/godt potensial vurdert på grunn av manglande datagrunnlag og ressursar. Forvaltningsplana legg opp til at omlag 50 vassførekomstar for miljømål godt økologisk potensial på bakgrunn av større inngrep og påverknader frå vassregulering. Dette gjeld blant anna Surnavassdraget, Aura/Eira-reguleringa, Tafjordvassdraget og Mørevassdraget. Utsette fristar: I Møre og Romsdal vassregion er det 5 vassførekomstar som står med utsatt frist for å nå miljømåla. I Søre Sunnmøre er det Botnavika og Haddalsvika i «den grøne korridor». Grundige miljøundersøkingar viser at miljøtilstanden er moderat til svært dårlig og forverra dei siste åra. Det er foreslått ei rekke tiltak i området, Likevel vurderast det dit at å nå målet om god miljøtilstand i 2021 ikkje vil være realistisk.
I Nordre Sunnmøre fremjast det forslag om utsett miljømål for vassførekomsten Roald hamn i Giske. Her har Kystverket planar om utdjuping av hamna. Det vil ikkje vere hensiktsmessig å setje i gang tiltak her før planlagt muddring. Tafjordelva og Istadvassdraget får også utsatt miljømål. Vassførekomstane har større påverknader frå kraftregulering, og arbeidet med vilkårsrevisjon vil ta tid. Det er ikkje venta at revisjonsarbeidet her vil være klart til 2021, og eit miljømål om GØP i 2027 er mest realistisk. Mindre strenge miljømål: Mindre strenge miljømål kan vere aktuelt der vassførekomsten er så påverka at det er umuleg eller kostnadskrevjande å nå miljømåla. Vidare skal det vurderast om dei miljømessige eller samfunnsmessige behova som påverknaden (verksemda) tenar, kan oppfyllas på andre måtar som er meir miljømessig gunstig. I Møre og Romsdal vassregion er det ingen vassførekomstar som har fått mindre strenge miljømål. Grunnlaget for å gjere slike vurderingar er ikkje godt nok. I første omgang vil vassførekomstar få satt utsatt frist for å nå miljømål om god tilstand, eller bli satt som SMVF med miljømål GØP. Nedsett miljømål vil heller bli nytta viss seinare utredningar visar at dette er meir hensiktsmessig. Oppnåing av miljømål i plana: I utganspunktet skal miljømåla nåast innan fristane satt i 4-6 i vassforskrifta. Forvaltningsplana legg opp til at dei aller fleste vassførekomstane når målet om god miljøtilstand eller godt potensial innan 2021. Her er det likevel ein del usikkerheit. Rettleiing og avklaringar frå sentrale myndigheiter har vore uklare og seine. Utpeiking av sterkt modifiserte vassførekomstar med miljømål er i fleire tilfelle ikkje gjort på tilfredsstillande grunnlag. Fleire vassførekomstar er i antatt god miljøtilstand og datagrunnlaget for miljøtilstanden er mangelfull. Samtidig har mange vassførekomstar i risiko ikkje fått tiltak eller miljømål vurdert. Til neste planperiode må desse vassførekomstane kartleggast og vurderast betre opp i mot miljøtiltak, tiltak og realistiske miljømål. Miljøgiftproblematikken er reell i regionen, spesielt Sunnmøre og Søre Nordmøre har større utfordringar. Det er berre tre vassførekomstar som har fått utsett miljømål på bakgrunn av miljøgiftproblematikken. I resten av kystvassførekomstane er det lagt opp til at miljømåla blir nådd innan 2021. Skal dette skje, må ein betydeleg innsats leggast inn, både i utredningar, kartlegging og tiltak. Måloppnåinga her vil difor vere avhengig av at nasjonale myndigheiter tar del i arbeidet, og bidreg både med kapital og kunnskap. Tiltaksprogram: Tiltaksprogrammet er eit vedlegg til forvaltningsplana og basert på tiltaksanalyser som er utarbeida i dei fem vassområda. Tiltaksanalysane er utarbeidd med bakgrunn i dokumentet vesentlege vassforvaltningsspørsmål som beskriv påverknadane og utfordringane i vassregionen. Tiltaksprogrammet er ei
samanstilling av tiltaksanalysane, og omfattar både pågåande og planlagde tiltak, samt forslag til ytterlegare tiltak som må til for å oppnå god miljøtilstand. Det er lagt ned mykje arbeid i vassområda for å få til ei god, reell og kvalitetssikra tiltaksanalyse, og er eit resultat av samarbeid og innspel frå myndigheiter, kommunar, bedrifter og andre. Framgangsmåte, tiltak og prioriteringar er vedteke av vassområdeutvala. Overvakingsprogram: Overvakingsprogram for Møre og Romsdal vassregion gjeldande i perioden 2016 2021, ligg vedlagt forvaltningsplana. Hensikta med overvaking vil vere å avklare miljøtilstand, finne årsak og/eller omfang av eit miljøproblem, følgje utviklinga over tid eller avklare korleis iverksatte tiltak har effekt på vassmiljøet. Hensikta med overvakingsprogrammet vil vere å få ei samla oversikt over all overvaking som utføras, planleggast og ønskes gjennomført slik at myndigheitene har best mogleg utgangspunkt for ei heilskapleg tilnærming til forvaltning av vassmiljøet. Programmet vil være retningsgivande i planperioden, der ny kunnskap kan medføre omprioriteringar. Forslag til vedtak: Møre og Romsdal fylkeskommune vedtar å legge regional plan for Møre og Romsdal vassområde ut på høyring i perioden 1.6.2014 til og med 31.12.2014. Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Bergljot Landstad regional- og næringssjef Vedlegg 1 Utkast til regional forvaltningsplan for Møre og Romsdal vassregion 2 Utkast til regionalt tiltaksprogram 3 Overvakingsprogram for Møre og Romsdal vassregion