Vanylven kommune MØTEPROTOKOLL Kommunestyret Møtestad: Kommunestyresalen, Combisenteret, Fiskå Møtedato: 22.04.04 Tid: 09.00-12.30 Møtet var innkalla ved utsend sakliste datert 15.04.04 Desse medlemene møtte: Dei faste medlemane i kommunestyret er: Arbeidarpartiet: Høgre: Sissel Stokke, Lasse Rindal, Jermund Rekkedal. Helge Svarstad, Idar Brekke. Kristeleg Folkeparti:Jan Helgøy, Hallstein Ljoså, Magne Vik Arset. Senterpartiet: Venstre: Kystpartiet: Tormod Hvattum, Magne Løvoll, Liv Ranveig Sunde, Sigurd Rovde. Lena Landsverk Sande. Einar Ebbesen, Eli Tefre Nordal, Harald Søvdsnes. Sosialistisk Venstreparti: Sigrid-Marie Lillebø. Fremskrittspartiet: Nils Olav Moen, Arild Henriksen, Kjartan Otneim, Brita Hoel Drage. Forfall: Jermund Rekkedal, Arbeidarpartiet Idar Brekke, Høgre Sigrid-Marie Lillebø, Sosialistisk Venstreparti Varamedlemer: For Jermund Rekkedal møtte ingen Postadresse: Besøksadresse: Rådhuset Telefon: 70 02 37 00 6143 Fiskåbygd FISKÅBYGD Telefaks: 70023737
18 av 21 representantar møtte. For Idar Brekke møtte ingen For Sigrid-Marie Lillebø møtte ingen. Frå administrasjonen møtte: Rådmann Gunnar P. Strand og Kåre Kvangarsnes Økonomisjef Hallvard Takset møtte i sakene 0024/04 og 0025/04. Revisjonssjef Jostein Støylen møtte møtte også i sakene 0024/04 og 0025/04 Merknader: Helge Svarstad påpeika at det er svært uheldig å fråvike møteplanen. Til å skrive under møteboka vart Liv Ranveig Sunde og Hallstein Ljoså valde Ordføraren orienterte om svarskriv frå Statsministerens kontor og Samferdselsdepartementet vedk. motteke vedtak frå kommunestyret i sak 0023/04 Stad Skipstunnel til Stortinget. Han orienterte vidare frå ordførarkonferanse i Oslo og arbeidet med Stad Skipstunnel. Ordføraren orienterte vidare om synfaring av samferdselsutvalet 6. og 7. mai og om arbeidet med seinferje Larsnes Åram. Helge Svarstad bad om orientering vedk. formannskapet sin bruk av hasteparagrafen - f.sak 0075/04 - Gjestegaarden AS - utvida skjenkeløyve dansegalla Olivinhallen 24.04.04. Han varsla også ei tilleggssak under eventuelt. Nils Olav Moen varsla ei tilleggssak under eventuelt. Ein fekk ikkje høve til å ta opp saka. Einar Ebbesen varsla fire saker under eventuelt. Magne Vik Arset påpeika et det er uheldig med ekstrasaker på møtet. Bad om at det vert teke opp med ordføraren på førehand. Arild Henriksen gjekk frå som ugild i sak sak 0030/04 Saker som vart handsama: 024/04-0033/04 Underskrifter: Liv Ranveig Sunde Hallstein Ljoså Vi stadfester at det som er ført i møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. Fiskå, 22.04.04 Side 2 av 9
SAKSLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Tittel 0024/04 04/00211 VANYLVEN KOMMUNE - SKATTEREKNESKAPEN 2003 0025/04 04/00025 ØKONOMISK SOSIALHJELP 0026/04 03/00740 ELDRERÅDET - SØKNAD OM FRITAK INGVALD ALMKLOV 0027/04 03/00870 VANYLVEN UNGDOMSRÅD - SØKNAD OM FRITAK KRISTI MOLVIK 0028/04 04/00057 VERTSHUSET SYVDE A/S - UTVIDA SKJENKEAREAL 0029/04 03/00337 GJENNOMGANG AV ARBEIDSDELING OG RUTINER I ADMINISTRASJONEN. BUDSJETTENDRING 0030/04 04/00220 SØKNAD OM KOMMUNAL STØTTE I FORBINDELSE MED ETABLERING NORTH WEST INDUSTRIES AS, ROVDE 0031/04 03/00221 OMSTILLING OG UTVIKLING I NÆRINGSLIVET (VANYLVEN VEKST) OVERFØRING AV PENGAR TIL VANYLVEN VEKST KF 0032/04 00/02017 SØRE SUNNMØRE REGIONRÅD - FRAMLEGG TIL NYE VEDTEKTER 0033/04 04/00350 SJUKETRANSPORT PÅ ANBOD Side 3 av 9
0024/04 VANYLVEN KOMMUNE - SKATTEREKNESKAPEN 2003 Samrøystes vedtak som framlegget Skatterekneskapen for 2003, for det som vedkjem Vanylven kommune si interesse i den, vert godkjendt. 0025/04 ØKONOMISK SOSIALHJELP Framlegg til vedtak: Kontrollutvalet tilrår: 1. Innhenting av informasjon med tilhøyrande dokumentasjon som ligg til grunn for vedtaka må bli betre. 2. Rutinane kring oppfølging av vilkår er mangelfulle. Kommunen bør vidare sjå nærare på mulegheitene til å stille vilkår som lova gir, m.a. at klientane kan påleggast å utføre arbeid for kommunen (utan å bli rekna som lønsmottakarar). 3. Ved tilfelle der sosialtenesta betaler ut stønad under satsen, bør dette grunngiast særskilt. Revisjonssjef Jostein Støylen gav ei kort orientering. Framlegg frå Magne Vik Arset: Pkt. 1 står uendra. Pkt. 2 vert endra slik at ein set punktum etter: --- som lova gir. Pkt. 3 står uendra. Votering: Tilrådinga frå kontrollutvalet fekk 10 røyster. Framlegget frå Magne Vik Arset fekk 8 røyster Side 4 av 9
1. Innhenting av informasjon med tilhøyrande dokumentasjon som ligg til grunn for vedtaka må bli betre. 2. Rutinane kring oppfølging av vilkår er mangelfulle. Kommunen bør vidare sjå nærare på mulegheitene til å stille vilkår som lova gir, m.a. at klientane kan påleggast å utføre arbeid for kommunen (utan å bli rekna som lønsmottakarar). 3. Ved tilfelle der sosialtenesta betaler ut stønad under satsen, bør dette grunngiast særskilt. 0026/04 ELDRERÅDET - SØKNAD OM FRITAK INGVALD ALMKLOV Ingvald Almklov vart samrøystes innvilga fritak frå vervet som medlem i eldrerådet. Framlegg frå Kjartan Otneim: Alf Aasen vert vald som ny medlem i eldrerådet. Framlegget vart samrøystes vedteke. Ingvald Almklov vert innvilga fritak frå vervet som medlem i eldrerådet Alf Aasen vert vald som ny medlem i eldrerådet. 0027/04 VANYLVEN UNGDOMSRÅD - SØKNAD OM FRITAK KRISTI MOLVIK Framlegg frå ordføraren: Saka vert utsett. Framlegget vart samrøystes vedteke. Saka vert utsett. Side 5 av 9
0028/04 VERTSHUSET SYVDE A/S - UTVIDA SKJENKEAREAL Framlegg til vedtak: Formannskapet tilrår: Vanylven kommunestyre godkjenner at Vertshuset Syvde AS får utvida skjenkeareal i tida 01.07.04-15.08.04 i tråd med søknad Framlegg frå Lasse Rindal: Vanylven kommunestyre godkjenner at vertshuset Syvde AS får utvida skjenkeareal i tida 01.07.04 15.08.04. Det vart først votert om Vertshuset Syvde AS skulle få utvida skjenkeareal. Dette vart vedteke med 15 røyster mot 3 røyster. Deretter fekk framlegget frå Lasse Rindal fekk 13 røyster. Framlegget frå administrasjonen fekk 5 røyster. Vanylven kommunestyre godkjenner at Vertshuset Syvde AS får utvida skjenkeareal i tida 01.07.04-15.08.04. 0029/04 GJENNOMGANG AV ARBEIDSDELING OG RUTINER I ADMINISTRASJONEN. BUDSJETTENDRING Framlegg til vedtak: Formannskapet tilrår: 1. Den merkantile stillinga på sjukeheimen vert flytta til Servicekontoret. Budsjettet vert endra slik: Post 1.385 kto 10100 ned 241.000 Post 1.385 kto 10200 ned 15.000 Postar for pensjon og arbeidsgjevaravgift vert å endre høvesvis. 2. Den halverte merkantile stillinga på teknisk etat vert å flytte til Servicekontoret. Budsjettet vert endra slik Post 1600 10100 ned 120.500. Postar for pensjon og arbeidsgjevardel vert å endre høvesvis. 3. Post 1.125.10100 opp 361.500 Post 1.125 10200 opp 15.000. Postane for pensjon og arbeidsgjevar vert å endre høvesvis. 4. Endringane gjeld frå 1.1.2004. Side 6 av 9
Framlegg frå Vanylven Høgre v/helge Svarstad: Saka vert utsett og handsama på korrekt måte. Framlegget vart vedteke med 12 røyster mot 6 røyster. Saka vert utsett og handsama på korrekt måte 0030/04 SØKNAD OM KOMMUNAL STØTTE I FORBINDELSE MED ETABLERING NORTH WEST INDUSTRIES AS, ROVDE Arild Henriksen gjekk frå som ugild Samrøystes vedtak som framlegget. Vanylven kommune gir North West Industries v/hallvar Eide eit rente- og avdragsfritt lån på kr. 300.000,- i 5 år. Lånet skal reforhandlast etter 5 år. Lånet skal utbetalast når verksemda har starta i lokala til Kleven på Rovde. Lånet skal takast av dei 1,2 mill. som er avsett til næringsformål av kapitalfondet. 0031/04 OMSTILLING OG UTVIKLING I NÆRINGSLIVET (VANYLVEN VEKST) OVERFØRING AV PENGAR TIL VANYLVEN VEKST KF Samrøystes vedtak som framlegget. Side 7 av 9
1. Vanylven Vekst KF får overført 600.000 kr frå det kommunale kraftkonsesjonsfondet. 2. Vanylven Vekst KF får overført 300.000 frå ansvar 195 næringstiltak. 3. Vanylven Vekst KF får overført 100.000 frå auka aksjeutbyte frå Tussa AS. 4. Vanylven Vekst får overført 563.581 frå det statlege næringsfondet 5. Midlane vert å bruke i samsvar med dei retningslinene som gjeld for desse fonda. 6. Rådmannen ordnar det formelle med rekneskap og tilvising 0032/04 SØRE SUNNMØRE REGIONRÅD - FRAMLEGG TIL NYE VEDTEKTER Framlegg til vedtak: Vanylven kommune godkjenner framlegg til nye vedtekter,dagsett 30.06.03,i SSRR Framlegg frå Sissel Stokke: Saka vert utsett. Framlegget vart samrøystes vedteke. Saka vert utsett. 0033/04 SJUKETRANSPORT PÅ ANBOD Saka vart teken opp på møtet. Etter oppmoding frå formannskapet i møte 19.04.04 la Einar Ebbesen fram skriv til Helse-Midt-Norge vedk. sjuketransport på anbod; jfr. vedlegg. Kommunestyret slutta seg samrøystes til skrivet. Vanylven kommunestyre sluttar seg samrøystes til vedlagd skriv til Helse Midt-Norge vedk. sjuketransport på anbod. Side 8 av 9
Eventuelt: Einar Ebbesen tok opp følgjande saker: Direkte val av ordførar. Feieavtale Møre Feievesen. Val av ny kommunal representant til styret i Combisenteret. Vert oversendt til formannskapet Samferdselsutvalet si synfaring - ynskjer å delta. Ynskjer presentasjon av ny personalkonsulent og ny kontorsjef i kommunestyremøte. Helge Svarstad tok opp sak vedk. servicenivå og tenesteyting. Rett utskrift 22.04.04 Kåre Kvangarsnes Side 9 av 9