S O G N & F J O R D A N E F Y L K E S K O M M U N E K U L T U R A V D E L I N G A R A P P O R T F R Å K U LT U R M I N N E R E G I S T R E R I N G VARSEL OM REGULERINGSARBEID GBNR 56/45 NORDFJORDEID GNR/BNR 56/45 EID KOMMUNE Utsyn over deler av planområdet mot Vedviknibba. Mot NA. Foto: Ine Askevold Hansen
2 Kommune: Eid Gardsnamn: Mogrenda Gnr/Bnr: 56/45 Tiltakshavar: Dvergsdal og Sunde AS Adresse: Namn på sak: Eid kommune - Varsel om reguleringsarbeid GBNR 56/45 i Nordfjordeid Saksnummer: 13/5335 Prosjektnummer: Registrering utført: 13.11 15.11, og 18.11-21.11.13 Rapport utført: 06.12 07.12.13 Ved: Ine Askevold Hansen, Ann Kristin Dahlberg og Per Christian Burhol Ved: Ine Askevold Hansen Autom. freda kulturminne i området: Nyare tids kulturminne i området: Askeladden id SAMANDRAG I samband med kulturminneregistreringa av Mogrenda vart det ikkje gjort funn av automatisk freda kulturminne eller indikasjonar på slike. Planområdet vart undersøkt ved maskinell sjakting og overflateregistrering, der det primært vart leita etter aktivitets- og busetnadsområder frå jarnalder. 14.5 dagsverk vart nytta i felt og 1.5 dagsverk er nytta på etterarbeid. Ingen C14 prøver er sendt inn til datering. Ingen automatisk freda kulturminne vart påvist. BAKGRUNN FOR PLANEN: Sogn og Fjordane fylkeskommune ved Kulturavdelinga gjennomførte ei arkeologisk registrering på Mogrenda i perioden 13.11 21.11.13. Bakgrunn for registreringa er Dvergsdal og Sunde sin reguleringsplan om bustadfelt. Registreringa vart utført for å oppfylle tiltakshavars undersøkingsplikt jamfør 9 i lov om kulturminne.
3 OMRÅDET Området som vart undersøkt ligg like A/SA for politikasernen og skulen på Mogrenda, omfattar gbnr 56/45 og er på ca. 37.5 daa. Planområdet er delt i to; eit stort opent beiteområde og to små skogsområder i N/NA, samt eit eksisterande bustadområde i S/SV som ikkje var ein del av undersøkinga. Området som vart undersøkt er avgrensa av bustadområdet i S/SV, ein veg i V/NV, eigedomsgrensa til gbnr 56/8 i N/NA og gbnr 55/1 i A/SA. Området som er undersøkt består av ein heilt flat open mark med eit skogsområde i N/NA og eit smalt skogsbelte i S/SV. Disse skogsområda er noko kupert med låge buskar og høge trær. Mogrenda ligg i eit vest-aust gåande dalsøkk med fjell i nord og sør. Det renn to store elver i området; Leivdøla renn nord for planområdet, og Eidselva renn sør. Eidsfjorden ved Nordfjordeid sentrum er bare 5 km mot vest, og Hornindalsvatnet ligg 1.5 km mot aust. Kjende kulturminne i nærområdet: Det er ingen automatisk freda kulturminne i planområdets umiddelbare nærleik, men i området mellom Eidsfjorden og Hornindalsvatnet er det generelt mange førhistoriske minner. Det nærmaste kulturminne til planområdet er eit tjærebrenningsanlegg (Askeladden ID 97117) frå overgang vikingtid mellomalder som ligg om lag 800m SA. 1.1km V er det registrert eit dyrkingsspor (Askeladden ID 144987) frå eldre bronsealder og 1.6 km mot V er det registrert eit anna dyrkingsspor (Askeladden ID 144994) frå Merovingertid.
4 Oversiktskart over Sogn og Fjordane med Mogrenda markert på kartet. Kart: Fylkesatlas.no/Ine Askevold Hansen Oversiktskart over Mogrenda med planområdet markert på kartet. Kart: Fylkesatlas.no/Ine Askevold Hansen STRATEGI OG METODE DELTAKARAR OG TIDSROM Området var undersøkt av arkeologane Ine Askevold Hansen og Ann Kristin Dahlberg 13.11 15.11.13, og Ine Askevold Hansen og Per Christian Burhol 18.11 21.11.13. STRATEGI OG METODE Delar av området som vart undersøkt består av skog. Det er derfor gjort ein overflateregistrering av denne delen av planområdet. Ved en overflateregistrering går man nøye over planområdet og ser etter synlige strukturer på bakken som f.eks. gravrøysar/haugar og tuftar, og regsitrerar disse. Det blir lagt vekt på strukturar som blir tolka som automatisk freda kulturminne. Det var ikkje gjort funn av automatisk freda kulturminne i dette området, men ein nyaretids steingard ble registrert mellom det opne marka og skogsområdet i SV.
5 Ein stor del av planområdet er open mark. Dette området vart difor sjakta maskinelt. Maskinell sjakting vil seie at ein ved hjelp av gravemaskin fjernar torv og ned til kulturminne eller undergrunnen. Området blir undersøkt av arkeologar. Sjaktene er vanlegvis om lag 3m breie, og lengdene varierer ut frå området som skal undersøkast. Det vart opna 7 sjakter, der sjakt 1 er delt inn i 1A og 1B, sjakt 3 var delt inn i 3A, 3B og 3C. Ingen av disse viste teikn til førhistorisk aktivitet. RESULTAT AUTOMATISK FREDA KULTURMINNE Det vart ikkje gjort funn av automatisk freda kulturminne innanfor det aktuelle planområdet. Undergrunnen i sjaktene som vart opna var grov sand og store og små avrunda steinar. Dette er sannsynlegvis gammal elvebotn, eventuelt botn av fjorden da den gikk lenger inn i dalen. Slik grunn gir vanlegvis god drenering og er generelt godt eigna for busetnad. Likevel var området her svært vått med mange store dammar og med mykje vatn i grunnen. I utmarksområdane var det heller ikkje sett teikn til førhistorisk aktivitet. I området rundt Mogrenda er det som vist over svært få automatisk freda kulturminne. A det heller ikkje ble funnet noe under denne registreringa kan tyde på at område har vore ansett som lite gunstig for aktivitet og busetnad i førhistorisk tid, eventuelt at andre steder bare var betre eigna. Det behøvas fleire grundige registreringer av området rundt Mogrenda for å gi eit betre svar på dette. NYARE TIDS KULTURMINNE Langs den S/SV kanten på den opne marka, på grensa til det smale skogsbeltet før den nåverande busetnaden, var det registrert ein nyaretids steingard. Bilete av den nyaretids steingarden S/SV på planområdet. Steingarden fortsetter inn under greinene som ligg til høgre i biletet. Foto: Ine Askevold Hansen
6 KONKLUSJON I samband med kulturminneregistreringa av Mogrenda vart det ikkje gjort funn av automatisk freda kulturminne eller indikasjonar på slike. Planområdet vart undersøkt ved maskinell sjakting og overflateregistrering, der det primært vart leita etter aktivitets- og busetnadsområder frå jarnalder. Eit nyaretids kulturminne, i form av en steingard vart påvist på grensa mellom den opne marka og skogsbeltet i S/SV. FØRDE 07.12 2013 Ine Askevold Hansen... Feltleiar / Sakshandsamar Vedlegg: Vedlegg 1. Liste over sjakter Vedlegg 2. Fotoliste Vedlegg 3. Foto Vedlegg 4. Innmålingar
7 VEDLEGG 1: LISTE OVER SJAKTENE Sjakt Gbnr. Storleik Undergrunn Masse over Strukturar/Funn Sjakta av 1A 56/45 Ca. 60 m x 3.5 m, mellom 40 og 60 cm silta mykje stein. AKD 1B 56/45 Ca. 10 m x 3.5 m, om lag 55 cm silta mykje stein. AKD 2 56/45 Ca. 106 m x 3.5 m, mellom 40 og 65 cm AKD 3A 56/45 Ca. 11 m x 3.5 m, om lag 50 cm AKD 3B 56/45 Ca. 10 m x 3.5 m, om lag 45 cm AKD 3C 56/45 Ca. 77.5 m x 3.5 m, mellom 45 og 65 cm PCB 4 56/45 Ca. 103 m x 3.5 m, mellom 35 og 60 cm PCB 5 56/45 Ca. 62 m x 3.5 m, mellom 40 og 55 cm PCB 6 56/45 Ca. 23 m x 3.5 m, om
8 lag 45 cm PCB 7 56/45 Ca. 23 m x 3.5 m, om lag 45 cm PCB VEDLEGG 2: FOTOLISTE Nr. Motiv Retning Dato Fotograf 1 Oversikt, planområde S 14.11.13 IAH 2 Oversikt, planområde S/SV 14.11.13 IAH 3 Oversikt, sjakt 1A V/NV 14.11.13 IAH 4 Oversikt, sjakt 2 V/NV 14.11.13 IAH 5 Oversikt, sjakt 2 V/NV 14.11.13 IAH 6 Oversikt, sjakt 1A A/SA 14.11.13 IAH 7 Oversikt, sjakt 1A A/SA 14.11.13 IAH 8 Oversikt, sjakt 1A V/NV 14.11.13 IAH 9 Oversikt, sjakt 1B A/SA 14.11.13 IAH 10 Oversikt, sjakt 1B + vått område A/SA 14.11.13 IAH 11 Oversikt, vått område V 14.11.13 IAH 12 Oversikt, sjakt 2 V/NV 15.11.13 IAH 13 Oversikt, sjakt 2 A/SA 15.11.13 IAH 14 Oversikt, sjakt 3A A/SA 15.11.13 IAH 15 Oversikt, sjakt 3A V/NV 15.11.13 IAH 16 Oversikt, sjakt 4 V/NV 19.11.13 IAH 17 Oversikt, sjakt 3C V/NV 19.11.13 IAH 18 Oversikt, sjakt 3C A/SA 19.11.13 IAH 19 Oversikt, sjakt 3B V/NV 19.11.13 IAH 20 Oversiktsbilete, planområde NA 19.11.13 IAH
9 21 Oversiktsbilete, planområde A 19.11.13 IAH 22 Oversiktsbilete, planområde A 19.11.13 IAH 23 Oversiktsbilete, planområde (framside) NA 19.11.13 IAH 24 Oversikt, sjakt 4 A/SA 19.11.13 IAH 25 Oversikt, sjakt 5 A/SA 20.11.13 IAH 26 Oversikt, sjakt 5 V/NV 20.11.13 IAH 27 Oversikt, sjakt 4 V/NV 20.11.13 IAH 28 Oversikt, sjakt 4 V/NV 20.11.13 IAH 29 Oversikt, planområde NA 20.11.13 IAH 30 Oversikt, planområde N/NV 20.11.13 IAH 31 Oversikt, steingard S/SA 20.11.13 IAH 32 Oversikt, steingard S/SA 20.11.13 IAH 33 Oversikt, steingard SV 20.11.13 IAH 34 Oversikt, steingard S/SV 20.11.13 IAH 35 Oversikt, steingard A 20.11.13 IAH 36 Oversikt, steingard V/NV 20.11.13 IAH 37 Oversikt, steingard V/NV 20.11.13 IAH 38 Oversikt, steingard N/NV 20.11.13 IAH 39 Oversikt, steingard N/NV 20.11.13 IAH 40 Oversikt, steingard A/NA 20.11.13 IAH 41 Oversikt, steingard N/NA 20.11.13 IAH 42 Oversikt, sjakt 6 V 20.11.13 IAH 43 Oversikt, sjakt 6 A 20.11.13 IAH 44 Oversikt, sjakt 7 A 20.11.13 IAH 45 Oversikt, sjakt 7 V 20.11.13 IAH
VEDLEGG 3: FOTO 10
11
12
13 VEDLEGG 4: INNMÅLINGAR Oversiktskart over den delen av planområdet som vart undersøkt, med alle sjaktene som vart opna og steingarden. Kart: ArkMap/Ine Askevold Hansen