Midsund kommune Møteprotokoll Utval: Formannskapet Møtestad: Kommunehuset Dato: 10.11.2009 Tid: 13:00 Faste medlemmar som møtte: Namn Funksjon Parti Aslaug Jenset Sanden Medlem H Helge Orten Leiar H Frits Inge Godø Medlem V Faste medlemmar som ikkje møtte: Namn Funksjon Parti Magne Reiten NESTL SP Line Akselvoll MEDL AP Varamedlemmar som møtte: Namn Vara for: Parti Eva Tangen Magne Reiten SP Reidar Tangen Line Akselvoll TvP Frå administrasjonen møtte: Namn Geir J. Göncz Anne Oterhals Ann Kristin Høgset Gunn Hole Stilling Rådmann Økonomisjef Økonomikonsulent Sekretær Underskrift: Vi stadfestar med underskriftene våre at møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. Helge Orten Aslaug Jenset Sanden Frits Inge Godø Sign sign sign Eva Tangen Sign Reidar Tangen sign
SAKSLISTE Saksnr Innhald Arkivsaknr PS 09/69 PS 09/70 PS 09/71 PS 09/72 Godkjenning av protokoll Referatsaker Orienteringar Husleiesatsar 2010 - Omsorgsbuatadar 300 og 500 serien, Fjordstua og Lønn 2009/573 PS 09/73 Medlemskap i Nettverk for kystkommuner 2009/578 PS 09/74 Kjøp av "Istad-bygget" 2009/581
Det var ingen merknad til innkalling og sakliste. PS 09/69 Godkjenning av protokoll Protokoll frå møte i Formannskapet 6.10.2009 vart samrøystes godkjent. Protokoll frå møte i Formannskapet 6.10.2009 vart samrøystes godkjent PS 09/70 Referatsaker Referatsakene vart tatt til vitande. Referatsakene vart tatt til vitande. PS 09/71 Orienteringar Møtet starta med orientering av Ingrid Horsgård ved krisesenteret. Ho informerte formannskapet om ny krisesenterlov gjeldande frå 1.01.2010 samt byggjeprosjekt nytt krisesenter. Rådmann Geir J. Göncz og økonomisjef Anne Oterhals orienterte om forslag til budsjett slik det ligg føre etter dialogmøte. Ordførar Helge Orten orienterte om status ved konkurs Real Estate / Green Earth Ind. der det no er nye interessenter som ynskjer å starte opp med tilsvarande verksamheit. Formannskapet gjekk viare i saklista, og møtet vart avslutta med ei orientering frå rådmannen om prosjekt samordning av helsetenesta i Midsund.
Orienteringane vart tatt til vitande. PS 09/72 Husleiesatsar 2010 - Omsorgsbuatadar 300 og 500 serien, Fjordstua og Lønn Forslag til vedtak: 1. Midsund kommune vedtek å dei nye husleigesatsane (tabell) for 2010. 2. Husleiga i åra framover frå 2011 blir regulert etter Midsund kommune sin prisstigning for kvart år. Behandling i Kommunalt råd for funksjonshemma - 09.11.2009 Samrøystes som i forslag til vedtak. Vedtak i Kommunalt råd for funksjonshemma - 09.11.2009 1. Midsund kommune vedtek å dei nye husleigesatsane (tabell) for 2010. 2. Husleiga i åra framover frå 2011 blir regulert etter Midsund kommune sin prisstigning for kvart år. Behandling i Eldrerådet - 09.11.2009 Svein Misund foreslå nytt forlag til vedtak; 1. Saka blir utsett og sendt tilbake til administrasjonen, med krav om at den totale kostnadsramma kjem fram i saksutgreiinga. 2. I følge Husleigelova kan ikkje husleiga auke meir enn konsumprisindeksen, så framt det ikkje er vesentlege auke i faste kostnader eller nye invisteringar (renovering/vedlikehald, kommunale avgifter, renter på lån osv). Nytt forslag til vedtak vart samrøystes vedteke. Vedtak i Eldrerådet - 09.11.2009
1. Saka blir utsett og sendt tilbake til administrasjonen, med krav om at den totale kostnadsramma kjem fram i saksutgreiinga. 2. I følge Husleigelova kan ikkje husleiga auke meir enn konsumprisindeksen, så framt det ikkje er vesentlege auke i faste kostnader eller nye insivsteringar(renovering/vedlikehald, kommunale avgifter, renter på lån osv). Eva Tangen (SP) stilte spørsmål om sin habilitet. 4 voterande. Eva Tangen vart samrøystes kjent habil i saka. 5 voterande. Teksten i punkt 2 i forslag til vedtak blei endra til : 2. Husleiga i åra framover frå 2011 blir regulert i tråd med prisstigningen kvart år. Nytt vedtak i Eldrerådet blei lagt på bordet og Frits Inge Godø fremma det som nytt forslag: 1. Saka blir utsett og sendt tilbake til administrasjonen, med krav om at den totale kostnadsramma kjem fram i saksutgreiinga. 2. I følge Husleigelova kan ikkje husleiga auke meir enn konsumprisindeksen, så framt det ikkje er vesentlege auke i faste kostnader eller nye insivsteringar(renovering/vedlikehald, kommunale avgifter, renter på lån osv). Det vart votert over forslag frå Frits Inge Godø (V) som vart avvist med 4 mot 1 stemme. Innstilling frå rådmannen vart samrøystes vedteke. 1. Midsund kommune vedtek å dei nye husleigesatsane (tabell) for 2010. 2 Husleiga i åra framover frå 2011 blir regulert i tråd med prisstigningen kvart år.
PS 09/73 Medlemskap i Nettverk for kystkommuner Forslag til vedtak: Midsund kommune blir medlem i Nettverk for kystkommunar Samrøystes som i forslag til vedtak. Midsund kommune blir medlem i Nettverk for kystkommunar PS 09/74 Kjøp av "Istad-bygget" Forslag til vedtak: 1. Midsund kommune kjøper Istad bygget, Rakvåg, innafor ei ytre investeringsramme på kr. 2 500 000,- 2. Det vert inngått framleigeavtale med Istad AS i 5 år for kr. 100 000,- 3. Aktivitetssenteret Eik seljast Behandling i Kommunalt råd for funksjonshemma - 09.11.2009 Atle Tangen hadde følgjande merknad til saka: Ein representant for brukarane må med i prosessen. Vedtak i Kommunalt råd for funksjonshemma - 09.11.2009 1. Midsund kommune kjøper Istad bygget, Rakvåg, innafor ei ytre investeringsramme på kr. 2 500 000,- 2. Det vert inngått framleigeavtale med Istad AS i 5 år for kr. 100 000,- 3. Aktivitetssenteret Eik seljast Reidar Tangen (TvP) stilte spørsmål vedr. investeringsramma.
Frits Inge Godø (V) meinte ein skulle vurdere byggjing av aktivitetssenter i samanheng med nytt bygg av PU. Han viste til tidlegare vedtak i kommunestyret 14.06.07 sak 07/45 punkt 4. som følgjer : Dei nye bustadane skal samlokaliserast og plasserast på området ved Kolbeingjerdet. Nytt aktivitetssenter blir planlagt i tilknytning til nye bustader. Einingsleiar Leif Arne Lagesen ga ei orienterting om saka som svar på formannskapets spørsmål. Eva Tangen (SP) meinte at eit alternativ var bruk av sjukeheimen sitt aktivitetssenter kunne benyttast av butenesta dei dagane det var ledig. Ordførar Helge Orten (H) fremma følgjande forslag. Saka blir sendt tilbake til rådmannen til ny utgreiing i tråd med vedtak i kommunestyret 14.06.07 sak 07/45 punkt 4. som følgjer : Dei nye bustadane skal samlokaliserast og plasserast på området ved Kolbeingjerdet. Nytt aktivitetssenter blir planlagt i tilknytning til nye bustader. Det vart votert over ordførarens forslag som vart samrøystes vedteke. Saka blir sendt tilbake til rådmannen til ny utgreiing i tråd med vedtak i kommunestyret 14.06.07 sak 07/45 punkt 4. som følgjer : Dei nye bustadane skal samlokaliserast og plasserast på området ved Kolbeingjerdet. Nytt aktivitetssenter blir planlagt i tilknytning til nye bustader.