OS KOMMUNE Organisasjonseining MØTEPROTOKOLL Os Formannskap Møtestad: Rådhuset, kommunestyresalen Møtedato: 15.06.2006 Frå: 09.00 til 12.00 Innkalla: Funksjon Ordførar Varaordførar Namn Terje Søviknes (FrP) Espen Aspenes (FrP) Laila Reiertsen (FrP) Lisbeth L. Axelsen (H) Gustav Bahus (FrP) Borghild Borgen (Ap) Terje Olav Hermansen (Ap) Ingunn J. Nøkland ((Krf) Egil Lekven (Sp) Forfall X X X X Møtt for Aase Lønningdal (FrP) Børge Lunde (H) Tore Rykkel (V) Øystein Nordvik (Tvs) Frå adm. : Andre: Merknader: Fung. Rådmann Jorunn Solberg, Kommunaldirektør Øyvind Tøsdal Det var ingen merknader til innkallinga. Til saklista: Sak 102/06 vert trekt. Tilleggssakslista sak 109 og 110/06 vart godkjendt. Sak 109/06 er ikkje lukka sak. Lisbeth Axelsen er ugild i sakene 106 og 110/06. Behandla saker: 100/06 110/06 Underskrifter: Vi stadfestar med underskriftene våre at møteboka er ført i samsvar med det som vart vedteke på møtet. Os, 13.06.2006 Terje Søviknes Lisbeth L. Axelsen Terje O. Hermansen Ordførar ADRESSE TELEFON WEB/EPOST INFO Rådhuset Sentralbord: 56 57 50 00 postmottak@os-ho.kommune.no Bankgiro: 6525.05.05676 Torggata 7 Telefax: 56 57 50 01 www.os.hordaland.no Org.nr.: 844 458 312 Pb.84, 5202 Os Dir. innval: 56 57 50 20
SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Tittel 100/06 05/875 SØKNAD OM UTVIDA KOMMUNAL GARANTI - SÆLEHAUGEN BARNEHAGE 101/06 05/810 SKATTEPROSJEKT - RESULTATOPPNÅING PR. 31.03.06 102/06 05/1291 NYE LOKALE TIL VAKSENOPPLÆRINGA 103/06 06/135 FUSJON - HSD / GAIA 104/06 03/1168 OSBADET KF - VAL AV REVISOR. FRAMHALD STIFTINGSMØTE 105/06 03/1168 BADEANLEGG I OS KOMMUNE -MILEPELSRAPPORT OM STATUS OG FRAMDRIFT 106/06 06/756 HAUGSNESFJERO, OVERSIKT OVER DOKUMENTA I SAKER VEDK. UTBYGGING AV HAUGSNESFJERO 107/06 06/2 POLITISK KVARTER 108/06 06/3 NÆRINGSLIVETS KVARTER 109/06 05/1345 KOMMUNAL FORKJØPSRETT-24 HUSVÆRE BYVEGEN G.NR 54 / B.NR. 546 110/06 06/1168 Unntatt off., jfr. offl. 6 Offl. 6 KOMMUNALE BUSTADER - UTVIDA RAMMER
100/06 Arkiv: 256 Arkivsaknr.: 05/875 SØKNAD OM UTVIDA KOMMUNAL GARANTI - SÆLEHAUGEN BARNEHAGE Administrasjonen tar, i forkant av kommunestyremøtet 20.06., kontakt med banken vedk. garantibeløp. Samrøystes vedtak som tilrådinga frå administrasjonen, men partigruppene tar atterhald om endeleg avgjerd i kommunestyret 20. juni. Kommunestyret finn å ikkje kunna innvilga søknaden om utvida kommunal garanti for Sælehaugen barnehage. 101/06 Arkiv: 203 Arkivsaknr.: 05/810 SKATTEPROSJEKT - RESULTATOPPNÅING PR. 31.03.06 Formannskapet tek rapporten om skatteprosjektet som melding. 102/06 Arkiv: 614 &52 Arkivsaknr.: 05/1291 NYE LOKALE TIL VAKSENOPPLÆRINGA Framlegg til vedtak: Saka vert ettersendt. Saka vert trekt. Saka vert trekt. 103/06 Arkiv: 255 Arkivsaknr.: 06/135 FUSJON - HSD / GAIA
Lisbeth L. Axelsen (H) er ugild i denne saka. Terje Hermansen (Ap) fremja følgjande alternativ til vedtak: 1. Os kommunestyre godkjenner den planlagde fusjonen mellom Gaia Trafikk AS og HSD ASA, som skal handsamast i ekstraordinære generalforsamlingar i selskapa den 29.06.06. 2. 20% av vederlaget skal takast ut i form av kontantar i staden for aksjar i tråd med skissa i fusjonsplanen. Pkt. 1 vart vedteke mot 2 røyster (2Ap) Pkt. 2 vart vedteke med ordføraren si dobbeltstemme og mot 4 røyster (2Ap, 1Krf, 1Sp). Pkt 3 vart vedteke mot 2 røyster (2Ap). 1. Os kommunestyre godkjenner ikkje den planlagde fusjonen mellom Gaia Trafikk AS og HSD ASA, som skal handsamast i ekstraordinære generalforsamlingar i selskapa den 29.06.06. 2. Os kommunestyre ber ordførar og rådmann om å arbeida vidare med Bergen kommune om alternative løysingar som tek utgangspunkt i dei forhold som er omtalt i saka vedr. framtidig eigarskap i Gaia, herunder felles sal av kommunane sine aksjar i selskapet i den opne marknaden. 3. Dersom fusjonen mellom Gaia Trafikk AS og HSD ASA likevel vert vedteken, skal 20% av vederlaget takast ut i form av kontantar i staden for aksjar i tråd med skissa i fusjonsplanen. 104/06 Arkiv: D23 Arkivsaknr.: 03/1168 OSBADET KF - VAL AV REVISOR. FRAMHALD STIFTINGSMØTE Tilråding: Os kommunestyre vel revisorfirmaet KPMG Haugesund v/statsautorisert revisor Sigurd Østensen til revisor for Osbadet KF. Vidare vert vedtektene tilføydd eit pkt(nytt pkt 6) der styreleiar og eit styremedlem får mynde til å teikna selskapet og eit pkt(nytt pkt 7) der styret får fullmakt til å meddela prokura. Fullstendige vedtekter ser etter 2006 slik ut: Foretaket sitt namn er Osbadet KF
1. Foretaket sit føremål er å driva badeanlegg på Kuventræ og tilhøyrande anlegg som naturleg kan drivast saman med badeanlegget. 2. Forretningskontor skal vera i Os kommune 3. Talet på styremedlemmar skal vera fem med personlege varamenn 4. Styret, styreleiar og nestleiar vert valde av Os kommunestyre og skal veljast for to år om gongen. Ved førstegongsval skal to av medlemane veljast for eit år. 5. Styret tilset dagleg leiar. 6. Styreleiar og eit styremedlem teiknar selskapet 7. Styret kan meddela prokura 8. Spørsmål om opptak av lån til det kommunale foretaket skal leggjast fram for kommunestyret for avgjerd. 9. Styret skal kvart år setja opp budsjett for drifta innan 20.september slik at eventuelle løyvingar til det kommunale foretaket kan gjerast ved den ordinære budsjettbehandlinga. 10. Det vert ut over dette vist til Kommunelova kapittel 11 61-75 105/06 Arkiv: D23 Arkivsaknr.: 03/1168 BADEANLEGG I OS KOMMUNE -MILEPELSRAPPORT OM STATUS OG FRAMDRIFT Os formannskap tek milepelsrapporten om status og framdrift i badeanleggsaka til orientering. 106/06 Arkiv: GEO R0208.01 Arkivsaknr.: 06/756 HAUGSNESFJERO, OVERSIKT OVER DOKUMENTA I SAKER VEDK. UTBYGGING AV HAUGSNESFJERO Dokumentoversikten vert teken til orientering.
107/06 Arkiv: 033 Arkivsaknr.: 06/2 POLITISK KVARTER Borghild Borgen (Ap) Oversikt/planar vedk. bygging av nye skulebygg i høve auka folketal. Er slike planar på gang? Fung. Rådmann Jorunn Solberg svara: Det er ei gruppe i arbeid som skal greia ut om barnehagesituasjonen. Den er leia av Simen Soltvedt. Ei anna gruppe, leia av Birgit N. Holsen skal greia ut om kapasiteten til skulane. Dei skal vera ferdige med arbeidet til budsjettprosessen tek til. Terje Olav Hermansen (Ap) Innovasjon Norge og Bjørnefjordregionen. På fylkestinget vart det orientert om midlar til næringsutvikling. Bjørnefjordregionen har fått lite midlar, og har få prosjekt på gang. Kva kjem dette av? Ordførar Terje Søviknes (FrP) orienterte: Området ligg for nær Bergen og kommunane i regionen har vore for lite flikne til å koma opp med felles prosjekt. Gustav Bahus (FrP): Ordførarane i dei 3 kommunane burde invitera Innovasjon Norge til eit møte for å drøfta kva som kan gjerast. Laila Reiertsen (FrP) Er søkjarane til Dr. Strønens legat offentlege dokument? Fung. rådmann Jorunn Solberg svara at søkjarlista er offentleg, men søknadane er unnateke offentleg innsyn. Serviceerklæringane er frå 2003. Skal dei reviderast? Fung. rådmann Jorunn Solberg svara at alle serviceerklæringane skal reviderast til hausten. Lisbeth L. Axelsen (H) ønskte eit eige kommunestyremøte der alle serviceerklæringane vert handsama samstundes. Pengar som følgjer enkeltvedtak. Kor blir det av dei når vedtaka utgår? Fung. rådmann Jorunn Solberg svara at når eit vedtak opphøyrer, går pengane attende til bestillar- og forvaltareininga. Dei får midlane for eitt år om gongen. Større løyvingar går inn att i økonomiplanen. Det vil bli utarbeidd notat over kor desse pengane går. Haugsheim. Blir den brukt? Fung. rådmann Jorunn Solberg svara at Haugsheim blir brukt til kontor og til overnattingar ved spesielle behov. Det kjem sak om bruken av Haugsheim til formannskapsmøtet 27.6.d.å. Ordførar Terje Søviknes (FrP) Søknaden om midlar til tettstadutvikling er behandla i administrasjonen i Hordaland fylkeskommune med positiv tilråding. 108/06 Arkiv: U00 Arkivsaknr.: 06/3
NÆRINGSLIVETS KVARTER Terje Olav Hermansen (Ap) Reglering Endalausmarka. Dette vert store arbeidsplassar og her er mykje unytta areal og mykje natur. Er det med i planane at det skal byggjast barnehage for dei som kjem til å arbeida i området? Ordførar Terje Søviknes (FrP): Det vert sett av areal til ulike offentlege føremål. Kommunaldirektør Øyvind Tøsdal: Det kjem sak til formannskapsmøtet 27.06. d.å. Kommunale areal i Endalausmarka. Møtet vart lukka. 109/06 Arkiv: 611 Arkivsaknr.: 05/1345 KOMMUNAL FORKJØPSRETT-24 HUSVÆRE BYVEGEN G.NR 54 / B.NR. 546 Framlegg til tilråding: Os kommune aksepterer tilbodet frå SR-Bank om kjøp av 24 husvære på gnr 54, bnr 546, Byvegen 70-76 for kroner 20,5 millionar. Husleigene skal fastsetjast slik at dei dekker faktiske utgifter med det å eiga dei tjuefire husværa. Kjøpet skal lånefinansierast. Rådmannen får fullmakt til å taka opp og godkjenna lånevilkår for lån på inntil kr 24,6 millionar som dekker kjøpesum og oppgradering. Ordføraren kom med tilleggsframlegg: Os kommune legg til grunn at Husbanken held fast ved sin uttale i brev av 24.03.06 der dei førespeglar at det kan gjevast støtte til nødvendige utbetringskostnadar. Adminisstrasjonen si innstilling med tillegget vart samrøystes vedteke. Tilråding: Os kommune aksepterer tilbodet frå SR-Bank om kjøp av 24 husvære på gnr 54, bnr 546, Byvegen 70-76 for kroner 20,5 millionar. Husleigene skal fastsetjast slik at dei dekker faktiske utgifter med det å eiga dei tjuefire husværa. Kjøpet skal lånefinansierast. Rådmannen får fullmakt til å taka opp og godkjenna lånevilkår for lån på inntil kr 24,6 millionar som dekker kjøpesum og oppgradering.
Os kommune legg til grunn at Husbanken held fast ved sin uttale i brev av 24.03.06 der dei førespeglar at det kan gjevast støtte til nødvendige utbetringskostnadar. 110/06 Unntatt off., jfr. offl. 6 Arkiv: 614 Arkivsaknr.: 06/1168 KOMMUNALE BUSTADER - UTVIDA RAMMER Lisbeth L. Axelsen (H) er ugild i denne saka. Tilråding: Vedtaket er unnateke offentleg innsyn jfr. offl. 6