SKODJE KOMMUNE Møteprotokoll Utval: KOMMUNESTYRET Møtestad: Rådhuset Møtedato: 23.04.2013 Tid: 17.00 Desse møtte: Fremskrittspartiet: Ordførar Terje Vadset, Kjell Arve Reiakvam, Terje Sortehaug, John Ola Røstad, Frode Reiakvam (vararepr. for Erling Ostnes) Arbeiderpartiet: Kjell Haukeberg, Tone Fylling, Aina Gundersen Strand (vararepr. for Bjørn- André Stavset), Jan Georg Fossheim Senterpartiet: Modolf Hareide, Elise Stette, Johan Honningdal, Linda Stavset Kristeleg Folkeparti: Gunnar Hauge, Reidun Holm Aure (vararepr. for Knut Strand) Venstre: Kari Grindvik, Rolf Stavset Høgre: Torbjørn Skodjereite, Torunn Mølsæter, Lidvar Giskeødegård, Leif Glomset 21 voterande. Til stades var òg rådmann og politisk sekretær, sistnemnde førte møteboka. Ingen hadde merknader til innkalling eller sakliste. Tone Fylling og Lidvar Giskeødegård vart samrøystes valde til å skrive under møteprotokollen. SAKLISTE Det vart vedteke å handsame byggesakene (sak 16/13 og 17/13) først. Sak nr. Arkivsak 13/13 13/263 GODKJENNING AV PROTOKOLL FRÅ MØTE I KOMMUNESTYRET 19.03.2013 14/13 04/1013 SKULEFRITIDSORDNING I SKODJE KOMMUNE
15/13 08/687 BUSETTING AV FLYKTNINGAR 16/13 12/769 SKODJE BARNEHAGE PRESTEMARKA - NYBYGG 17/13 12/770 STETTE BARNEHAGE - NYBYGG 18/13 13/190 KOMMUNEPLAN FOR SKODJE 2013-2023 - SAMFUNNSDELEN OPPSTART AV PLANARBEID - OPPRETTING AV AD-HOC GRUPPER FOR FØREBUANDE ARBEID MED VISJON OG SATSINGSOMRÅDER 19/13 13/175 SKRIV OG MELDINGAR KOMMUNESTYRET 23.04.2013 2
Sak 13/13 GODKJENNING AV PROTOKOLL FRÅ MØTE I KOMMUNESTYRET 19.03.2013 Protokollen frå møte 19.03.2013 vert samrøystes godkjent. Sak 16/13 SKODJE BARNEHAGE PRESTEMARKA - NYBYGG Desse hadde ordet i saka: Kjell Haukeberg, rådmannen, Rolf Stavset, ordføraren, Modolf Hareide, Torbjørn Skodjereite Kari Grindvik, Frode Reiakvam og Kjell Arve Reiakvam ynskte sin habilitet prøvd før handsaming av begge byggesakene (sak 16/13 og 17/13). Dei gjekk frå medan habiliteten vart vurdert. Kari Grindvik vart kjend inhabil etter forvaltningslova 6 første ledd bokstav e, på grunn av si rolle som styreleiar i Grindvik Bygg AS, som er ein av tilbydarane. Frode Reiakvam og Kjell Arve Reiakvam vart kjend inhabile etter forvaltningslova 6 første ledd bokstav e, på grunn av at Valle Rørleggerforretning ANS er med i anbodsprosessen rundt barnehagane. Anders Stefan Grindvik tok sete som vararepresentant for Kari Grindvik. Ingen vararepresentantar var kalla inn for Frode Reiakvam og Kjell Arve Reiakvam. 19 voterande. Torunn Mølsæter vart samrøystes vald som settevaraordførar. Modolf Hareide sette fram følgjande framlegg: Endra pkt. 3: Rådmannen får mynde til å gjennomføre prosjektet, og oppnemner prosjektleiar. Endra pkt. 4: - Byggenemnda skal fungere fram til ferdig prosjekt. - Prosjektleiar er sekretær for nemnda. - Byggenemnda rapporterer til formannskapet. Det vart røysta punktvis: Punkt 1: Formannskapets innstilling vart samrøystes vedteken. Punkt 2: Formannskapets innstilling vart samrøystes vedteken. 3
Punkt 3: Formannskapets innstilling vart sett opp mot endringsframlegg frå Modolf Hareide. Formannskapets innstilling fekk 1 røyst. Framlegget frå Modolf Hareide fekk 18 røyster og vart vedteke. Punkt 4: Formannskapets innstilling vart sett opp mot endringsframlegg frå Modolf Hareide. Formannskapets innstilling fekk 1 røyst. Framlegget frå Modolf Hareide fekk 18 røyster og vart vedteke. 1. Skodje kommunestyre vedtek å inngå kontrakt med HI Bygg AS om oppføring av ny barnehage ved Prestemarka i Skodje. 2. Kostnadsramme for prosjektet vert sett til 31.5 mill og skal innarbeidast i revidert investeringsbudsjett for 2013. 3. Rådmannen får mynde til å gjennomføre prosjektet, og oppnemner prosjektleiar. 4. - Byggenemnda skal fungere fram til ferdig prosjekt. - Prosjektleiar er sekretær for nemnda. - Byggenemnda rapporterer til formannskapet. Sak 17/13 STETTE BARNEHAGE - NYBYGG Desse hadde ordet i saka: Rolf Stavset. Kari Grindvik, Frode Reiakvam og Kjell Arve Reiakvam ynskte sin habilitet prøvd før handsaming av begge byggesakene (sak 16/13 og 17/13). Dei gjekk frå medan habiliteten vart vurdert. Kari Grindvik vart kjend inhabil etter forvaltningslova 6 første ledd bokstav e, på grunn av si rolle som styreleiar i Grindvik Bygg AS, som er ein av tilbydarane. Frode Reiakvam og Kjell Arve Reiakvam vart kjend inhabile etter forvaltningslova 6 første ledd bokstav e, på grunn av at Valle Rørleggerforretning ANS er med i anbodsprosessen rundt barnehagane. Anders Stefan Grindvik tok sete som vararepresentant for Kari Grindvik. Ingen vararepresentantar var kalla inn for Frode Reiakvam og Kjell Arve Reiakvam. 19 voterande. Torunn Mølsæter vart samrøystes vald som settevaraordførar. 4
Modolf Hareide sette fram følgjande framlegg: Endra pkt. 3: Rådmannen får mynde til å gjennomføre prosjektet, og oppnemner prosjektleiar. Endra pkt. 4: - Byggenemnda skal fungere fram til ferdig prosjekt. - Prosjektleiar er sekretær for nemnda. - Byggenemnda rapporterer til formannskapet. Formannskapets innstilling vart sett opp mot Modolf Hareide sitt framlegg til endra punkt 3 og 4. Formannskapets innstilling fekk 1 røyst. Modolf Hareide sitt framlegg fekk 18 røyster og vart vedteke. 1. Skodje kommunestyre vedtek å inngå kontrakt med Grindvik Bygg AS om oppføring av ny barnehage på Stette. 2. Kostnadsramme for prosjektet vert sett til 22 mill og skal innarbeidast i revidert investeringsbudsjett for 2013. 3. Rådmannen får mynde til å gjennomføre prosjektet, og oppnemner prosjektleiar. 4. - Byggenemnda skal fungere fram til ferdig prosjekt. - Prosjektleiar er sekretær for nemnda. - Byggenemnda rapporterer til formannskapet. Anders Stefan Grindvik gjekk frå. Kari Grindvik, Frode Reiakvam og Kjell Arve Reiakvam tok sete. 21 voterande. Sak 14/13 SKULEFRITIDSORDNING I SKODJE KOMMUNE Desse hadde ordet i saka: Tone Fylling, Kari Grindvik, Modolf Hareide, rådmannen, ordføraren, Elise Stette, Linda Stavset, Torbjørn Skodjereite, Kjell Haukeberg. Kari Grindvik sette fram følgjande framlegg: Endra kulepunkt 1: barn nr. 2 og 3 og vidare i staden for barn nr. 2 og barn nr. 3 Nytt kulepunkt 2: Fritt val av økter vert innlemma i vedtektene. Det vart røysta punktvis: Kulepunkt 1: Framlegget frå Kari Grindvik vart samrøystes vedteke. 5
Kulepunkt 2: Formannskapets innstilling fekk 17 røyster. Framlegget frå Kari Grindvik fekk 4 røyster. Kulepunkt 3: Formannskapets innstilling vart samrøystes vedteken Innføring av 25 % søskenmoderasjon på barn nr 2 og 3 og vidare vert innlemma i betalingsregulativet. Val av berre ettermiddagsøkt vert innlemma i vedtektene. Dei økonomiske konsekvensane av endringa skal vurderast på nytt i samband med budsjettrevisjon hausten 2013. Kjell Haukeberg ba om permisjon for resten av møtet. Permisjon vart innvilga, og Kjell Haukeberg gjekk frå. 20 voterande (i sak 15/13, 18/13 og 19/13). Sak 15/13 BUSETTING AV FLYKTNINGAR Desse hadde ordet i saka: Kari Grindvik, Modolf Hareide, ordføraren, Torunn Mølsæter, Torbjørn Skodjereite, Lidvar Giskeødegård, Tone Fylling, rådmannen, Reidun Holm Aure Kari Grindvik sette fram følgjande framlegg: Skodje kommune tek i mot inntil 15 flyktningar i 2014, familiegjenforeining kjem i tillegg. Det vert oppretta stilling som flyktningkonsulent frå og med 1. januar 2014. Modolf Hareide sette fram følgjande framlegg: 1. Skodje kommune tek i mot inntil 15 flyktningar [i 2014], familiegjenforeining kjem i tillegg. 2. Kommunestyret opprettar ein adhoc-komité på 6 personar som skal utarbeide ein strategi for korleis og når busettinga skal skje, og kva for ressursar og tiltak som må settast inn for å sikre ei god integrering i samfunnet. 3. Komiteen skal vere samansett av 3 politikarar og 3 som rådmannen oppnemner. 4. Rådmannen sørger for sekretær til komiteen samt nødvendig fagleg bistand frå administrasjonen eller andre. 5. Komiteen skal legge fram framlegg til strategi for kommunestyret innan oktober 2013. Det vart halde gruppemøte. Modolf Hareide trekte sitt framlegg. Kari Grindvik sette fram følgjande endra framlegg: 6
1. Skodje kommunestyre vedtek å ta i mot inntil 15 flyktningar i 2014, familiegjenforeiningar kjem i tillegg. 2. Rådmannen skal utarbeide ein strategi for korleis og når busettinga skal skje, og kva for ressursar og tiltak som må settast inn for å sikre ei god integrering i samfunnet. Eventuelt samarbeid med nabokommunar må gå fram av strategien. Framlegg til strategi skal leggjast fram for kommunestyret innan oktober 2013. Framlegget frå Kari Grindvik fekk 5 røyster. Formannskapets innstilling fekk 15 røyster, og vart vedteken. Skodje kommune tek i mot inntil 10 flyktningar i 2014, familiegjenforeining kjem i tillegg. Det vert oppretta stilling som flyktningkonsulent frå og med 1. januar 2014. Sak 18/13 KOMMUNEPLAN FOR SKODJE 2013-2023 - SAMFUNNSDELEN OPPSTART AV PLANARBEID - OPPRETTING AV AD-HOC GRUPPER FOR FØREBUANDE ARBEID MED VISJON OG SATSINGSOMRÅDER Desse hadde ordet i saka: Rådmannen, Lidvar Giskeødegård, ordføraren, Modolf Hareide. Samrøystes vedtak i samsvar med formannskapets innstillling. Kommunestyret vedtek med heimel i plan-og bygningslova 11-2, å starte arbeidet med rullering av kommuneplanen sin samfunnsdel. 1. Kommunestyret oppretter 3 arbeidsgrupper for førebuande handsaming av kommuneplan. Gruppene skal arbeide med visjon og satsingsområder, som skal leggast til grunn for planarbeidet. 2. Ordføraren får mynde til å fordele dei faste kommunestyrerepresentantane inn i 3 like store arbeidsgrupper. 3. Rådmannen kallar inn til møte og leiar arbeidet. Sak 19/13 SKRIV OG MELDINGAR KOMMUNESTYRET 23.04.2013 7
Skodje kommunestyre tek skriv og meldingar til orientering. M Ø T E T S L U T T ---------------------------------- Terje Vadset ordførar ---------------------------------- Tone Fylling ---------------------------------- Lidvar Giskeødegård ---------------------------------- Knut Berg politisk sekretær 8