Bustad i Seljord 1
Disposisjon Kort om Seljord Prosesser for bustadframskaffing Planverk Bustadpolitisk plan Samarbeid internt og eksternt OPS - Erfaringar med «Hamarøymodellen» Q&A 2
Nøkkeltal Seljord Ca. 3000 innbyggarar 711 kvadratkilometer Fleire bygder/grender med Seljord som størst, ca. 1800 innbyggarar Driftsbudsjett ca. 250 MNOK Høg lånegjeld pr. innbyggar Busettingskommune for flyktningar Høg næringsattraktivitet innan basis, besøk og regionale næringar Fylkestoppen for omsetting av detaljvarehandel 180% Reiseliv Seljord og Sogene Dyrskun store arrangement Større innpendling enn utpendling 3
Seljord i Noreg Seljord kommune 177 km frå Oslo 282 km frå Haugesund 65 km frå Notodden 30 km frå Bø 4
Bustadsituasjonen i Seljord Seljord kommune Dårleg kommuneøkonomi kommunen kan ikkje bygge nye bustader Langvarig etterslep på vedlikehald av kommunale bustadar Lite egna bustader hovudvekt på einebustadar, få bueiningar tilpassa einslige Få utleigebustader på den private marknaden 5
Bustadutvikling og framskaffing - Prosess Kommunal planstrategi strateginotat frå Telemarkforsking peika på at Seljord kommune ikkje lukkast med målsettinga om å vere attraktiv som bustadkommune. Mykje fokus på besøk og bedriftsattraktivitet. Korleis skape bustadattraktivitet? 6
7
Bustadattraktive Seljord anno 2012 Få tilgjengelege tomter Vanskeleg å få til fortetting i sentrum Lite variasjon i type bustad Gammalt planverk Naudsynt med ny arealtenking Kommunedelplan (arealplan) for Seljord sentrum blei vedteken april 2012. Rullerast allereie etter 2 år, no med fokus på bustad og attraktive buområder. Fokus på gjennomføring og realistiske prosjekt. 8
Prosessar som er starta opp Seljord kommune Sjå på kva for moglegheiter som finnast for ein «fattig» kommune Greie ut behov - Kva for langsiktige behov har kommunen for nye bustader planar må på plass Kommunale bustader - Vedlikehaldsfella Kommunen som premissleverandør marknaden på utleigebustader Kva for rolle skal kommunen ta i bustadutviklinga Tilgjengelege bustadtomter og variasjon i bu formar 9
Bustadetablering i distrikta Seljord kommune Pilotprosjekt med 12 kommunar Auka fokus på bustadbehov i distrikta Ny kunnskap Erfaringsutveksling Nye bustadpolitiske «kinderegg» Krav til bustadpolitisk plan 10
Nye kommunale bustadtomter 19 nye tomter for einebustader Prisen er vekta utifrå attraktivitet og storleik på tomta 15% påslag på tomtepris avvik frå sjølvkostprinsippet 11
Overordna samfunnsplan - Strategi Seljord kommune skal vere eit samfunn i vekst og utvikling, som er bevisst kvalitetane og brukar dei for å styrkje lokalsamfunnet slik at kommunen blir ein endå betre stad å bu, arbeide og besøke. For å sikre vekst må Seljord kommune heile tida sikte mot den overordna målsettinga om å vere attraktive innafor næring, besøk og bustad. Utviklinga skjer når alle tre faktorar har like stort fokus. 12
Bustadpolitisk plan 2013-2017 Resultatmål Seljord skal vere ein attraktiv bustadkommune. Effektmål Bustadutvikling i Seljord kommune skal leggje til rette for eit levande lokalsamfunn i vekst og berekraftig utvikling. Bustadutviklinga skal oppretthalde tilgjengeleg bustadareal generelt, og leggje til rette for fortetting i pressområda spesielt. Seljord skal ha ein fungerande bustadmarknad med bustadpriser på eit nivå som gjer det interessant for private aktørar å bygge bustad for sal og utleige. Alle skal få tilbod om gode bustader som ikkje reduserer helse og livskvalitet i Seljord kommune. 13
Strategi 1 - Arealbruk Kommunen vil leggje til rette for bustadutvikling som best mogleg forvaltar arealbruken i område med offentlege og private teneste- og servicetilbod. Fortetting, utvikling av nye bustadfelt og variasjon i bustadmarknaden skal skape eit meir robust og fleksibelt samfunn. Tiltak 1. Kommunen skal prioritere regulering av bustadfelt der det er attraktivt å bu og der det er press på marknaden. Pr. august 2013 eig kommunen 24 ledige tomter. 14
Strategi 2 Kommunale bustadordningar Seljord kommune skal vere rusta til å møte bustadbehovet, både blant ordinære bustadsøkjande og innbyggjarar som treng kommunalt bustad. Kommunen bør satse på å kunne tilby bustad til unge i etableringsfasen og andre som ynskjer å "prøvebu" i Seljord kommune. Samstundes skal kommunen leggje til rette for bustadutvikling som er best mogleg sameint med utleigemarknaden. Tiltak 2 Utleigesatsar, Kommunen skal regulere dei kommunale utleigesatsane, og gjere dei betre tilpassa marknaden for utleigebustadar, også for private. 15
Kommunale bustadordningar forts. Tiltak 3. Kommunen skal innleie eit kommunalt /privat-samarbeid om utbygging av bustader for innbyggjarar som treng kommunal bustad. Utbyggjarane skal samstundes forplikte seg til å bygge tilsvarande mengd leilegheiter for den ordinære utleiemarknaden. Gjennom dette arbeidet er målet å stimulere til å bygge minst 30 nye utleigebustader i fireårsperioden. Tiltak 4. Rehabilitering av kommunale bustad/omsorgsbustadar. Kommunen skal oppretthalde /renovere kommunale bustadar i tidsriktig kvalitet, samt sikre gode rutinar for naudsynt vedlikehald. Nokre av dei kommunale bustadane bør vurderast for sal for å frigjere kapital til nye bustadområde. 16
Strategi 3 - Administrering Seljord kommune Kommunen har både ei rolle som samfunnsutviklar og som tenesteytar i bustadpolitikken. Seljord kommune vil difor satse på ei føreseieleg og effektiv sakshandsaming av planar og byggjesaker. Tiltak 5. Seljord kommune skal gjennom eigne nettsider informere om attraktive tomter. Det skal lagast salsprospekt for tomtene på alle nye bustadfelt i kommunal regi, samt annonsere bredt via media og finn.no. Tiltak 6. Kommunen skal vurdere i større grad å inngå ei avtale om stønad til utarbeiding av private reguleringsplanar for bustadfelt innafor planområde for KDPSS. Ei slik avtale inneber at kommunen kostar reguleringsarbeidet mot eit krav om å få utgifter dekka når tomtene blir seld. Frist for tilbakebetaling skal vere på 5 år. 17
Strategi 4. Bustadsosialt-tilrettelegging for velferdsteknologi Bustadpolitikken skal leggje til rette for buforhold som fremjar velferd og deltaking. Buforhold omfattar alle sider ved det å bu både utforminga av bustaden, lokaliseringa, bumiljøet, bustadøkonomien og eventuell oppfølging og tenester. At buforhold fremjar velferd, inneber at ein bur slik at verken levekår, helse eller livskvalitet blir sette på spel. Tiltak 7. Ein skal sikre at kommunen har nok omsorgsbustader med hensiktsmessig velferdsteknologi. Integrering av velferdsteknologi i nybygg skal vurderast i byggjeprosessane, og der kor kommunen går inn på langsiktige leigeavtaler med private utbyggjarar 18
Kva skjer så, når ein plan er vedteken? OPS «Hamarøymodellen»- Utlysning på Doffin inntil 20 nye leilegheiter i sentrum Fylgje opp KDP for Seljord sentrum og sjå på fleire bustader i nærleiken til vann. Tett samhandling med andre offentlege mynde Nye reguleringsplanar for å sikre nye buområder i sentrum Tomter til einebustader, fleire alternativ men ikkje i sentrum Stimulere til vekst gjennom løyvingar i bustadsatsinga bustadetablering i distrikta Private tiltak for nye bustader i prosjektering fasa. Marknaden blir stimulera av bredt fokus Forskingsprosjekt attraktive stader BTVØ samarbeid med Telemarkforsking Forventningar om at ting skal skje raskt 19
20
Samarbeid internt / eksternt Seljord kommune Internt Politisk forankra. Vilje til å satse og når det bles i media Rådmannens leiargruppe utgjorde arbeidsgruppe som jobba fram plan og som er ansvarleg for oppfylging av tiltak Eigen tildelingsgruppe for kommunale bustader tverrfagleg tilnærming Integrering og flyktningarbeid - heile kommunens ansvar Eksternt Husbanken Private utbyggarar Seljord næringslag Opne møter, nye eventyr personar som kjem utanfrå og fortel om nye moglegheiter Samarbeid med nabokommunar og fylkeskommune Bulyst satsing Synfaring i andre kommunar Hamarøy, Strand mfl. 21
Offentleg/privat samarbeid - Seljordsmodellen Bustadpolitisk kinderegg private bygger, drifter og vedlikehald, kommunen leiger 20 års leigekontrakt Lov om off. anskaffingar - Doffin utlysning 2 gonger- fekk ikkje det ein ynskja i fyrste runde Is i magen langsiktig tenking også for kommunen Nye erfaringar annleis innkjøp, lite å henta hos konsulentar Tilbod med forhandling Ikkje berre å kopiera frå andre delar av landet, må tilpassas lokale forhold Mykje skepsis lokalt også blant entreprenørar og utbyggarar Vanskeleg å finne egna tomteareal private vil ikkje selje til dette føremålet. kommunal tomt i potten- utløyste 2 tilbod 22
Utfordringar Få dei lokale utbyggarane til å sjå dette som ein moglegheit. Mykje skepsis, viktig å ha noko å vise til. Skepsis til fortetta utleigebustader for vanskelegstilte frå naboar/ skepsis til modellen. Viktig med god og brei forankring på politisk nivå. Få til gode konkuransegrunnlag. Kommunen inngår utleigeavtale med ein utbyggar i 20 år. Dette er eit veldig langt perspektiv kommunereform. 23
Planlagd 8 nye utleigebustader - OPS Boinnova Smart Living AS er firmaet som kommunen inngår samarbeid med. Byggesøknad godkjent, men fleire naboklager mykje uro Byggestart utsatt til mars God dialog med Husbanken undervegs 30% tilskott til kommunale del av prosjektet (varierer for kvart prosjekt) Kommunen skal bruke nye bustader til flyktningar primært/ andre vanskeligstilte sekundært Boinnova satsar i Seljord kjøper no ei ny tomt for å byggje rimelege bustader for fyrstegongs kjøparar. (Utan kommunal tildelingsavtale.) 24
Utdrag frå rammesøknad Seljord kommune 25
26
Heilskapleg tenking - Ein føresetnad for å lukkas. Fokus på fortetting gode bumiljø, uformelle møteplassar og mindre einsemd Skulle hatt meir fokus på turnover. Frå leige til eige, ikkje godt nok utarbeid tiltak/strategi. Fleire bueiningar i sentrum korte avstandar til alt! Seljord tør å satse politisk vilje 27
Forts. Mykje oppmerksam regionalt og nasjonalt 2. plass i kåringa attraktive stader i Noreg. Stort potensial i å jobbe meir heilskapleg med utfordringane og å samarbeide betre med private aktørar. Å involvere det lokale næringslivet og innbyggjarar. Auka bustadutvikling er eit resultat av ei vellykka satsing på berekraftig stadsutvikling. Kreative og attraktive miljø kor alle menneskjer kan vere ressurspersoner og bidra til fellesskapet. 28
Gevinsten for Seljord om me lukkast Ein bustadmarknad med varierte og fleksible bustader, som gir alle innbyggjar ein moglegheit til ein god og helsefremjande bustad. Motverke einsemd med tilrettelagde fellesløysningar, gode møteplassar som er tilpassa Seljord kommunes framtidige behov. Ein tilfredstill og tek vare på båe det miljømessige, økonomiske og sosiale perspektivet. Eit levande og kreativt bumiljø som er prega av openheit, mangfald, stoltheit og samarbeidsåndeeit som er prega av openheit, mangfald, stoltheit og samarbeidsåndit som er prega av openheit, mangfald, stoltheit og samarbeidsånd 29
TAKK FOR MEG FRID BERGE, PLAN- OG UTVIKLINGSSJEF SELJORD KOMMUNE FRID.BERGE@SELJORD.KOMMUNE.NO 30