Kommunikasjonsstrategi Jølster kommune 2015 2020 Vedteke av kommunestyret sak 028/15 28.04.2015
INNLEIING Jølster kommune har definerte mål i overordna planar vedtatt av Jølster kommunestyre. Dette er mål tilsette i kommunen på ulike nivå jobbar for kvar dag. Visjon og verdigrunnlaget til kommunen ligg til grunn for måten vi vel å løyse oppgåvene våre. Kvar einaste dag kommuniserer tilsette i Jølster kommune med ei mengde personar både i og utanfor kommunen. Kommunen er tilgjengelig både fysisk og i digitale media, og dagsorden blir sett av eit mangfald av personar. God dialog er ein føresetnad for eit godt forhold mellom kommunen, innbyggjarane og samarbeidspartnarar. Kommunen sin legitimitet og omdøme er avhengig av at det er samsvar mellom dei forventningane innbyggjarane har til oss og kvalitet og omfang på dei tenestene vi leverer. Kommunikasjon er alle medarbeidarar sitt ansvar og er ein del av dei verktøya vi har for å løyse den viktige jobben vi forvaltar. Kommunikasjonsstrategi 2015-2020, Jølster kommune skal brukast av alle medarbeidarar som kommuniserer på vegne av Jølster kommune. Strategien er bygd på måla i kommuneplanen sin samfunnsdel, verdigrunnlaget til kommunen og gjeldande lovverk. Nokre aktuelle lovverk; Kommunelova, Offentleglova, Forvaltningslova, Arkivlova, Arbeidsmiljølova og Grunnlova.
VISJON Skaparkraft i verdas vakraste ramme Krafta til å skape er ein del av alt vi gjer gjennom heile livet. Jølster kommune sin visjon bygger på at alle har i seg ei skaparkraft og glede av å kunne skape. Krafta får fram ressursane i naturen og menneska. Skaparkrafta gir rom for nyskaping og utvikling. Jølster kommune utvikla visjonen sin gjennom omdøme-prosjektet i perioden 2009-2011. Det vart også peika ut kjerneverdiar og løfte til omverda. Visjonar, verdiar og overordna planar ligg til grunn for korleis vi kommuniserer i ord og handlingar. VERDIAR RAUS, MODIG OG INKLUDERANDE RAUS betyr at: MODIG betyr at: INKLUDERANDE betyr at: Vi inkluderer på kryss av meiningar, grenser, ære og tru. Vi er positive og viser respekt for kvarandre. Vi seier det slik som det er. Vi fryktar ikkje resultatet av openheit. Vi vågar å fornye oss. Vi vågar å inkludere alle. Vi inkluderer tilsette og innbyggjarar i kommunale prosessar. Vi skal vere ein god kollega alle er like mykje verd.
KOMMUNIKASJONS - PRINSIPP Ansvar for kommunikasjon Ei sak er ikkje ferdig handsama før det er planlagt korleis den skal kommuniserast ut. Den som har ansvar for saka har ansvar for at det blir utarbeida kommunikasjonsplan for saka. Omfanget av kommunikasjonsplanen skal spegle omfanget av saka eller den strategiske viktigheita til saka. ANSVAR OG ORGANISERING AV KOMMUNIKASJON Rådmann og kommunalsjef uttaler seg om strategiske og prinsipielle tilhøve, og om forhold av svært alvorlig karakter. Tenesteleiarar uttaler seg om eigne tenester og eiga eining, med mindre saken er løfta til rådmannen. Tilsette kan gje faktaopplysningar frå eigen eining/eige fagområde. Under kriser må det vurderast om saka skal handterast av eininga eller av rådmannen. I katastrofesituasjoner har rådmannen kommunikasjonsansvaret.
KOMMUNIKASJONSMÅL EKSTERNT Kommunikasjonen skal bidra til å: skape engasjement og interesse hos innbyggjarane, og bidra til at dei får høve til å påverke og delta i STRATEGIAR FOR EKSTERN KOMMUNIKASJON kommunen sitt arbeid. gjere innbyggjarane kjende med kommunen sitt tenestetilbod. gje innbyggjarane realistiske forventingar til tenestene våre. vise at Jølster er ein attraktiv kommune å bu i, arbeide i og besøke. bygge omdøme som er i tråd med kommunen sine verdiar. STRATEGIAR FOR EKSTERN KOMMUNIKASJON Jølster kommune er ein langstrakt kommune som yter eit mangfald av tenester. Sidan kommunikasjon er eit av dei viktigaste verktøya vi har i arbeidet vårt har vi sett oss nokre kommunikasjonsmål. Desse seier noko om kva vi ønskjer å oppnå med måten vi vel å kommunisere. Strategien vår seier noko om kva vi skal kommunisere. Vi har også utarbeida nokre tiltak som seier korleis vi skal kommunisere. Den eksterne kommunikasjonen skal: fremje omdøme vere relevant, oppdatert og tilgjengeleg vere målretta
FREMJE OMDØME Tiltak Vi skal fremje omdømet vårt gjennom kommunikasjonen vår. Gjere medarbeidarar og brukarar av tenestene til våre beste ambassadørar. Vere medvetne på å handle i tråd med verdigrunnlaget vårt. Syne at Jølster kommune er ein attraktiv bu-, arbeids- og besøkskommune gjennom å vise kommunen sine tenester og resultat. RELEVANT, OPPDATERT og TILGJENGELEG Tiltak Vår kommunikasjon om tenestetilbod, rettigheiter og viktige politiske vedtak skal vere relevant, oppdatert og tilgjengeleg. Legge til rette for innsyn i forvaltinga. Tydleg og relevant informasjon om tenestene. Aktivt opplyse om målgruppa sine rettigheter, pliktar og moglegheiter. Tydleg profil og avsendar. Vi skal ha gode rutinar for handtering av hendvendingar. Informasjonen frå kommunen skal vere i tråd med universell utforming. I kritiske situasjonar skal viktige bodskap formidlast på ein presis og effektiv måte( i samsvar med beredskapsplan). MÅLRETTA Tiltak Vi skal vere målgruppeorientert i vår kommunikasjon og ta omsyn til mottakaren. Vi må avklare kven som til ei kvar tid er relevant målgruppe for aktuell informasjon. Vi må ha kunnskap om kva kanalar som skal nyttast for å nå dei ulike målgruppene. Legge til rette for at målgruppene kan engasjere seg og delta i kommunen sitt arbeid. MÅLGRUPPER Alle som bur, arbeider eller besøker Jølster kommune Alle som brukar kommunen sine tenester Media Politikarar Næringsliv Medarbeidarar i Jølster kommune Frivillige lag og organisasjonar
KOMMUNIKASJONSMÅL INTERNT Kommunikasjonen skal bidra til: at alle tilsette er godt informerte om tenestene kommunen tilbyr. god informasjonsflyt og kunnskapsdeling på tvers av einingar i kommunen. å skape ei oppleving av eit felles «vi». STRATEGIAR FOR INTERN KOMMUNIKASJON Jølster kommune er ein arbeidspass med mange fageiningar fordelt på mange bygg i heile kommunen. Dette gjer det utfordrande å nå alle tilsette og fram stå som eit «vi». Den interne kommunikasjonen skal bidra til å: Sørgje for at leiarane er dei tilsette sitt første val som informasjonsformidlarar. Legge til rette for dialog og medverknad. Legge til rette for kunnskapsdeling og samhandling på tvers. Auke forståinga av at alle tilsette er ambassadørar for Jølster kommune gjennom sitt daglege arbeid. Oppmuntre og ansvarliggjere kvar tilsett til å søke informasjon og halde seg oppdatert fagleg. Skap ei felles forståing for tenestestandarden i kommunen. Vere lojale mot politiske vedtak. Vi skal så langt det er mulig informere internt før eksternt.
TILTAKSPLAN 2015 Prioriterte oppgåver Implementere ny kommunikasjonsstrategi i kommunen. Nye nettsider med responsivt design og universell utforming. Arbeid med skaffe gode bilder for bruk i kommunen sin digitale kommunikasjon. Utvikle kommunen sin bruk av sosiale media, og auke tilsette sin kjennskap til ver varsam plakaten. Arbeide med dei kommunikasjonsutfordringane einingane avdekka i kartlegginga. Rydde i mapper på fellesområdet (F:) Jølster kommune si nettside er hovudleverandør av innhald til Jølster kommune sine sider i sosiale media. Jølster kommune nyttar ulike kanalar for å nå ulike målgrupper. Kommunen si nettside: www.jolsterkommune.no Tenesteprofil - Naturleg første val for å informere om kommunale tenester. Profileringskanal Sida skal profilere Jølster kommune på ein god måte. Politisk nøytral - Synleggjere saker til politisk handsaming og politiske vedtak. Frontar ikkje partipolitikk. Viktig kanal for informasjon i krisesituasjonar. Kommunen si Facebookside: Kanal for å nå målgruppene med informasjon frå heimesida; informasjon om tenestene, politiske prosessar og vedtak, ledige stillingar og andre relevante nyhende frå Jølster kommune. Lenkje til saker som omhandlar Jølster kommune i digitale nyhendekanalar. Profilere kommunen. Viktig kanal for kommunikasjon i krisesituasjonar. Kommunen si Instgramside Blir brukt som visuell profileringskanal. Bilder frå kvardagen i Jølster kommune sine ulike einingar. Bilder som illustrerer viktige hendingar i Jølster kommune. Kanalen blir nytta for å syne at Jølster kommune er ein attraktiv bu, arbeid og besøkskommune.