Plathyhelminthes - flatorm av Bjørn Gjerde 2007-2014 Bjørn Gjerde 1
Flatorm Dorsoventralt avflata (samantrykte frå underside til overside); bladforma, bandforma. Haptororm (Monogenea), ikter (Trematoda) og bendelorm (Cestoda). Tvekjønna (hermafroditte), med unntak av ei mindre gruppe av ikter. Dei vaksne ormane har dermed både hannkjønns- og hokjønnsorgan. Haptorormane har ei direkte utvikling, medan iktene og bendelormane har ei indirekte utvikling med bruk av ein eller fleire mellomvertar i livssyklusen. 2007-2014 Bjørn Gjerde 2
Haptororm (Monogenea) Gyrodactylus salaris Ca. 0,4 mm lang parasitt hos laksefisk, vesentleg laks, i ferskvatn og brakkvatn (elvar og setjefiskanlegg). Hovudsakleg på hud og finnar, men kan også finnast på gjellene. Dei føder levande ungar, som alt er drektige ved fødselen, og som raskt føder sitt eige drektige avkom. Veldig rask oppformeiring. Lagar skadar på hud og gjeller, noko som fører til at fisken stryk med. Har ført til ein sterk reduksjon i laksebestanden i smitta vassdrag. Unge i uterus Haptor 2007-2014 Bjørn Gjerde 3
Trematoda - ikter Dorsoventralt avflata, bladforma, med ei eller to sugeskåler i framenden og/eller på undersida. Parasittar i gallegangen i levra, i tarmen eller i blodkar. Indirekte livssyklus med ein eller to mellomvertar. Første mellomvert er alltid eit blautdyr, som regel ein snigle. Kraftig oppformeiring av larvestadia i sniglen. To viktige ikter hos husdyr i Norge. Begge held til i gallegangane i levra, og blir kalla den store og den vesle leverikta (Fasciola hepatica og Dicrocoelium dendriticum). Finst særleg hos planteetande husdyr på grunn av smitte via planter, men kan også finnast hos hund, katt og menneske. 2007-2014 Bjørn Gjerde 4
Den store og vesle leverikta Fasciola hepatica Dicrocoelium dendriticum Lever med oppskoren gallegang. Eitt eksemplar av F. hepatica på leveroverflata og fleire eksemplar av D. dendriticum nede i gallegangen. Fasciola hepatica (øvst) og Dicrocoelium dendriticum. Fremre ende til venstre. 2007-2014 Bjørn Gjerde 5
Fasciola hepatica - den store leverikta Livssyklus; egg etter klekking og fritt miracidium (a, b); skal av mellomvertssniglen Lymnaea truncatula (c). Metacercariar på grasstrå (brune) (e); unge og fullvaksne ikter med blod i tarmen (f) Metacercarie (a) egg; (b) miracidium etter klekking frå egg; (c) oppformeiring inni første mellomvert, ein akvatisk snigle; cercarie frå snigle; (e) metacercarie på planter; (f) vaksen ikte 2007-2014 Bjørn Gjerde 6
Dicrocoelium dendriticum - den vesle leverikta Livssyklus; egg; skal av landsnigle (første mellomvert); sauemaur (andre mellomvert) 7 vaksne ikter, inni iktene ser vi reproduksjonsorgana (forgreina uterus med egg) (a) egg; (b) første mellomvert, landsniglar; (c) cercarie; (d) andre mellomvert, maur; (e) metacercarie i maur; (f) smitte av endevert med maur på gras; (g) vaksen ikte 2007-2014 Bjørn Gjerde 7
Cestoda - bendelorm Sterkt avflata, bandforma. Har ein festestruktur (scolex) fremst, fylgd av ei vekstsone (halsen) og ei (lang) kjede (stobila) med ledd (proglottidar). Dei vaksne av ulike arter omfattar frå 3-4 til mange tusen ledd, og er frå eit par mm til 15 m lange. I kvart av ledda er det hannlege og holege kjønnsorgan og produksjon av mange egg. Fremst umodne ledd, så modne ledd (utvikla og aktive reproduksjonsorgan); og bakerst gravide ledd fulle av egg. Dei gravide ledda kjem ut enkeltvis eller i korte kjeder. Taenia taeniaeformis frå katt 2007-2014 Bjørn Gjerde 8
Cestoda - bendelorm Har ein indirekte livssyklus med ein eller to mellomvertar. Mellomverten blir smitta av egg frå feces til endeverten; endeverten blir smitta ved å eta (delar av) mellomverten med larvestadium inni. Dei vaksne bendelormane lever i tunntarmen til endeverten og blir ikkje rekna som særleg skadelege. Enkelte arter brukar store husdyr som mellomvertar, og larvestadia til desse bendelormane kan medføra sjukdom eller kassasjon av delar av slaktet i kjøtkontrollen. 2007-2014 Bjørn Gjerde 9
Taenia hydatigena Livssyklus, smitte med larve i mellomvert; frie egg med larve inni frå gravid ledd hos endeverten; cysticercar (blæreforma larvestadium) i krøs og lever hos mellomverten sau. 2007-2014 Bjørn Gjerde 10
Taenia taeniaeformis Livssyklus, smitte med larve i mellomvert; farga preparat av fremre, midtre og bakre del av ein vaksen orm (storleik og form på ledda endrar seg) frå katt; ufarga orm. 2007-2014 Bjørn Gjerde 11
Echinococcus granulosus Livssyklus, smitte ved inntak av hydatidar i mellomvert; lever frå hest med to hydatidar (den eine oppskoren); lunge frå rein med hydatide. Hydatidane er larvestadium som inneheld tusenvis av anlegg til nye bendelormar. 2007-2014 Bjørn Gjerde 12
Echinococcus multilocularis Utbreidd over det meste av Sentral-Europa; påvist på Svalbard i 1999. 2-4 mm lange; 4-5 ledd. EV: primært rev, men også andre hundedyr og katt MV: smågnagarar, menneske I MV utviklar oncosfærane seg til multilokulære hydatidar, særleg i levra. Desse drueklaseliknande strukturane veks infiltrativt og kan danna metastasar i andre organ/vev. Kan få dødeleg utgang hos menneske. Menneske kan bli smitta av egg på bær, nedfallsfrukt eller grønsaker kontaminert med feces frå rev, eller ved direkte kontakt med (feces frå) smitta hund og katt. For å unngå import av denne arta, skal hundar som blir innført til Noreg behandlast med effektivt bendelormmiddel før innreise til landet. 2007-2014 Bjørn Gjerde 13
Dipylidium caninum Livssyklus, smitte via larver inni katteloppa; to gravide ledd og mange frie eggpakkar frå ledda; eggpakke med egg; larve og vaksen ho av mellomverten, katteloppa 2007-2014 Bjørn Gjerde 14
Anoplocephala perfoliata Livssyklus, smitte med larve inni jordmidd i beitegraset; vaksne bendelormar; egg med larve frå feces 2007-2014 Bjørn Gjerde 15
Moniezia benedeni og M. expansa - hos storfe og sau Livssyklus, smitte med larve inni jordmidd i beitegraset; gravide ledd av M. expansa på sauefeces; egg med larve inni; to vaksne bendelormar 2007-2014 Bjørn Gjerde 16
Taenia saginata Livssyklus, smitte ved inntak av larver i rått storfekjøt; oppskore hjerte frå storfe med fleire cysticercar eller tinter på snittflata (piler). Obligatorisk snitting av alle storfeslakt i hjerte og tyggemuskulatur for påvising av infeksjon. 2007-2014 Bjørn Gjerde 17