ÅRSMELDING NORSK FORENING FOR DERMATOLOGI OG VENEROLOGI

Like dokumenter
4. ÅRSMELDING FOR NORSK FORENING FOR DERMATOLOGI OG VENEROLOGI

Referat fra generalforsamling i NFDV, fredag 19. april Tid: 08:30-11:00 Sted: Thon hotell opera, Oslo

SAKLISTE TIL GENERALFORSAMLINGA I NORSK FORENING FOR DERMATOLOGIL OG VENEROLOGI FREDAG 19. APRIL 2013

Referat fra styremøte i Norsk forening for dermatologi og venerologi

Referat fra styremøte i Norsk forening for dermatologi og venerologi (NFDV) onsdag 20. september 2017 kl. 12:00-15:50

SPONSOR- & UTSTILLERINVITASJON. Norsk forening for dermatologi og venerologi. HØSTSYMPOSIUM november THON HOTEL ULLEVÅL & UBC

Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo 25. februar 2014 i Lagsrommet, Rosenkrantz gate 8 kl. 19

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

(Leikarringen vart skipa 14. november Lov og styringsføresegner sist endra )

Forslag fra styret om nye vedtekter for foreningen

Velkommen til. Årsmøte Førde Brukshundklubb

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Kvam herad. Arkiv: N-211 Objekt:

Omfang HMR løyver inntil 1,5 million norske kroner til føremålet for Ein kan søkje om maks nok per prosjekt per år

Kontrollutvalet i Suldal kommune

Forum for Kontroll og Tilsyn Møteprotokoll

Vedtekter KINSARVIK BÅTLAG VEDTEKTER. Vedtekne på årsmøtet 21. april 2016, gjeldande straks. 1 Namn og føremål

UPU skal vere referansegruppe i fylkeskommunen sitt arbeid med planar og saker som vedkjem barn og unge.

Side 2 av 8 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/12 12/107 Faste saker 002/12 12/69 Revisjon av lønspolitisk

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2015/2016

GLADE ELDRE PÅ SYKKEL EIT PROSJEKT I REGI AV NASJONALFORENINGEN JØLSTER HELSELAG

VEDTEKTER FOR FOLKEHØGSKOLEFORBUNDET

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I BSI PADLING

Framlegg til samarbeidsavtale og reviderte vedtekter for Vestlandsrådet

Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo

Velkommen til. årsmøte!

Reglement for Ungdommens Fylkesting og Ungdommens Fylkesutval

Kontrollutvalet i Fusa kommune Møteprotokoll

HAGESELSKAPET SOGN OG FJORDANE

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Referat. DEN NORSKE KYRKJA Fitjar sokn. Utval: Fitjar sokneråd Møtestad: Kyrkjestova Dato: Torsdag 21. mars 2019 Tid: Møtenr.: Kl. 18.

TILSYNSRAPPORT Opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring. Granvin herad Granvin barne- og ungdomsskule

Årsmelding Fylkesrådet for eldre i Sogn og Fjordane. Foto: Oskar Andersen

Fusa kommune Møteprotokoll

Følgjande faste medlemmar møtte: Navn Funksjon Representerer Lars Christian Fjørtoft Leiar Njål Sellereite

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 1/10 10/29 POLITISK KVARTER - PERSONALUTVALET

Fjell kommune. Møteinnkalling. Eldrerådet. Utval: Møtestad: Fjell rådhus, komitésalen. Dato: Tid: 11:00 14:00

Forord. Mål: Alle skal ha ei god psykisk helse. Visjon: Likeverd openheit respekt

MØTEPROTOKOLL. Arkivsak:12/167 Løpenummer: 12/6303 Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30 14:15

TRAINEE I SOGN OG FJORDANE

Delavtale om drift av nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling mellom. Helse Førde og kommunane i Sogn og Fjordane

Per Øyvind Tveiten - leiar, Mari Skeie Ljones nestleiar Helene M. Bolstad - nestleiar, Jan Heier, Hilde Reitan, Tove Leinslie

VINDAFJORD KOMMUNE FOR 2011 KONTROLLUTVALET VINDAFJORD KOMMUNE

Protokoll frå styremøtet i Helse Bergen HF

Kontrollutvalet i Suldal kommune

Kontrollutvalet SEKOM-sekretariat

2 av 6 disponering av midlane kommunen får tildelt gjennom ordninga med Den kulturelle spaserstokken, og utvalet krev å bli tatt med i drøftingar når

I forkant av møtet, og etter avslutning av møtet, vart det gjennomført opplæring i bruk av ipad.

Strategiplan for FoU

Årsmøte i Stokkenes Golfpark BA,

REGLEMENT FOR GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE I SAMNANGER KOMMUNE Vedteke av Samnanger kommunestyre Sist ajourført

REFERAT FRÅ STYREMØTE Bogstad gård

Saksnr. Utval Møtedato 005/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr.

Referat frå årsmøte i Jotunfjell Fjordane EHK, Vågå Hotell 13.februar 2010.

VANYLVEN KOMMUNE MØTEINNKALLING. Råd for funksjonshemma. Møtestad: Kommunestyresalen - Combisenteret, Fiskå Dato:

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdommens fylkesutval. Dokumenttype: Godkjend av: Gjeld frå: Tal sider:

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdomspanelet i Møre og Romsdal

Helse- og omsorgsdepartementet Høyringsnotat

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

TILSYNSRAPPORT. Austevoll kommune Austevoll ungdomsskule

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Kommunestyresalen Saknr.: 19/12 26/12

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Årsmøte i Stokkenes Golfpark BA,

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

Retningsliner for tilskot til frivillig kulturarbeid i Selje kommune

Selskapsavtale for Setesdalsmuseet Eigedom IKS 1 Selskapet sitt namn

HAGESELSKAPET SOGN OG FJORDANE

Bjørg Kristin Selvik, Anne-Grethe Naustdal, Gunn Haraldseid, Johanne-Marie Trovåg, Brit Julbø, Gunhild Raunsgard, Henrik Waage Tjore

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Opplæring av faglege leiarar og instruktørar i lærebedrifter

MØTEPROTOKOLL FUSA KOMMUNE. Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30-14:00

Møteprotokoll Styremøte Lærdal Næringsutvikling AS

Selskapsavtale for Sogn og Fjordane Revisjon IKS Gjeldande frå

Sak 13 Etterutdanning for leger med spesialistgodkjenning Rapport

Kap 1 Innleiande fastsettingar

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE BERGEN HF

REGLEMENT FOR GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE I SAMNANGER KOMMUNE Vedteke av Samnanger kommunestyre Sist ajourført

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Kviknes Hotel, Balestrand Møtedato: Tid: A.

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

MØTEINNKALLING. FYLKESRÅDET FOR MENNESKE MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE Fylkeshuset - Leikanger Møtedato: Tid: 10:30

Vedtekter for Lærdal båteigarlag

INNKALLING TIL MØTE I FORSKNINGS- OG FORMIDLINGSUTVALGET

Møteinnkalling for Ungdomsråd

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2018/2019

Vedtekter for Mardølafondet

ÅRSMØTE RauaLøo Søndag 22. mars 2015, kl Bjarne Øymyr

ULSTEIN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL. Utval: Ulstein kontrollutval Møtestad: Ulstein rådhus, møterom Hasund Dato: Tid:

NVBF REGION SOGN OG FJORDANE 38. ORDINÆRE TING 2014 TINGSAKER. STED: Idrettens hus Concordbygget. TID: Onsdag 22. april 2014 kl.

Utval: Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad: Fylkesutvalssalen 3. etg., Fylkeshuset Dato: Tidspunkt: 09:50-12:50

STYRESAK ARKIVSAK: 2018/516 STYRESAK: 078/18 STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK Styret tar saka til orientering.

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

EXPO 2010 OG SAMARBEIDSRELASJONAR MED KINA

Ungdomsrådet sine tre politikarkontaktar har møtt når dei har hatt høve til det.

Samnanger kommune Møteprotokoll

Rapport ungdomskurs i bridge på Os februar 2016

TILSYNSRAPPORT Opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring. Kvinnherad kommune Rosendal ungdomsskule

Radøy kommune Saksframlegg

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Transkript:

ÅRSMELDING NORSK FORENING FOR DERMATOLOGI OG VENEROLOGI 2011 2012 Per 1. februar 2012 hadde NFDV 238 medlemar. Av desse var 167 godkjende spesialistar, 42 ikkje godkjende spesialistar, 29 pensjonistar og ni assosierte medlemar. Medlemstalet er stabilt. Vi tykkjer at det er positivt at dei fleste utdanningskandidatane vel å melde seg inn i den fagmedisinske foreininga og at pensjonistane vel å halde fram som medlemar sjølv om dei ikkje praktiserer lenger. Nye medlemer i perioden 01.01.11 29.02.12: Holger Benthien Natalja Eikje Michele Therese Hanlon Sonali Rathour Hansen Anne-Marte Henriksen Judith Kiss Mari Skylstad Kvernbo Yun Lee Kwok Efthymia Markou Lena Olena Myhre Rehan-Bin Nawaz Eva Marie Rehbinder Ane Vedå Scheel Kristine Skjetne Inger Marie Skoie Maria Susanne Tjälve Maria Zofia Zmudzinska Vi har fått 17 nye medlemer og ynskjer alle velkomne i foreininga. Ingen medlemer i NFDV har gått bort det siste året. Styret i NFDV 01.09.2011 31.08.2013: Leiar Nestleiar Sekretær Kasserar Styremedlem 1.vararepresentant 2.vararepresentant Turid Thune Petter Gjersvik Guttorm Guleng Xiaotong Li Malte Hübner Marit Saunes Dagfinn Moseng

Styret har kontinuert avtalen med rekneskapsførar Gro Kofstad i CEREBELLUM AS og avtalen med revisjonsfirmaet PKF Revisjon AS. Sekretæren, som har eit betydeleg arbeid, spesielt i samband med årsmøtet, har tidlegare ikkje fått noko honorar. Det gamle styret vedtok å honorere også sekretær med kr 5000 i året. Dei andre honorarsatsane er uendra: Leiar kr 10 000, kasserar kr 5000. Alle styremedlemene blir i tillegg honorert med kr 1500 per styremøte. Styret ha vedteke å doble satsen for deltaking på styremøta for medlemer i styret som er privatpraktiserande utan avtale. Styret sine strategiske mål for styreperioden er: 1. Vidareføring av satsinga på forsking. 2. Utarbeide forslag til etterutdanning og krav for å oppretthalde kompetanse etter spesialistgodkjenning. 3. Arbeide for å betre samarbeidet mellom sjukehusavdelingane, avtalespesialistane og hudlegane i privat praksis MØTEAKTIVITET: Styremøte: 20.05.11 (det gamle styret) 15.09.11 01.12.11 23.01.12 (Skype) 01.03.12 18.04.12 Alle møta med unntak av det siste vart haldne på Legenes hus, Oslo. Det siste møtet blir avvikla i samband med årsmøtet i Stavanger. Til dette møtet er også nettredaktør Flora Balieva kalla inn. Nettredaktøren har hatt eit betydeleg arbeid i samband med omlegging av nettsidene i Dnlf. Styret og nettredaktøren har behov for ein direkte dialog om redigering av den nye nettsida. Møte med spesialitetskomiteen: Møtet vart skipa til 17.november 2011på UBC i samband med haustmøtet i NFDV. Styret meiner det er viktig å samarbeide nært med spesialitetskomiteen og prøver å få til eit årleg møte. Haustmøtet 2011 vart arrangert på Ullevål Business Class 17.-18. november. Det var 53 betalande deltakarar og 18 sponsorar. I samråd med kongressbyrået valde vi å differensiere tilbodet til sponsorane. Det vart lyst ut tilbod om å bli gull- og sølvsponsor. Deltakarane betalte kr 1500 i eigendel. Arrangementet gjekk i økonomisk balanse. Møte med avdelingsleiarane: 02.12.11. Desse var til stades: Dagfinn Moseng, Kristin Ryggen, Lisbeth Rustad, Bjarte Steinkjer, Anne Olsen og Jan-Øivind Holm. Tema for møtet var: - Kjønnsbalanse i hudfaget. - Forvalting av LIS-hjemlar. Utlysing av stillingar. Samarbeid mellom avdelingsleiarane. - Bruk av eigendelar ved sjukepleiarkonsultasjonar og lysbehandling.

Hovudkonklusjonen etter møtet var at avdelingsleiarane bør lage sitt eige forum og møtest oftare, gjerne ein gong i halvåret Forskingsseminar på Gardermoen 19.januar 2012. Møtet blir skipa til av Forskingsutvalet i samarbeid med styret i NFDV. Sjå eigen rapport frå Forskingsutvalet. Dette er det viktigaste tiltaket i styret si satsing på forsking. NFDV dekka også i år alle utgiftene for deltakarane. Møte med pasientorganisasjonane: 1.mars 2012. Det møtte representantar for HAE-Norge, NAAF og Psoriasisforbundet. Eit viktig tema på møtet var rapporten om behandlingseiser til utlandet. Representantane for pasientorganisasjonane gav uttrykk for at dei er takksame for å få møte styret i NFDV og ynskjer at dei årlege møta skal halde fram. Andre møte der styret i NFDV har vore representerte: Møte i LIS-gruppa for biologiske legemidler 13.10.11 og LIS-seminar i Stavanger 10.-11.01.12. Leiarseminar Soria Moria 14.-15.11.11. Helsedirektoratet presentasjon av rapport om behandlingsreiser til utlandet 17.11.11. Workshop i regi av Helsedirektoratet og Legeforeningen Gardermoen 12.01.12. FMF-konferanse Gardermoen 27.03.12. Høyringar og liknande: Legeforeningen sender ut ei rekkje høyringar kvart år. Styret vurderer om høyringane er relevante for NFDV, og styremedlemene svarer på dei etter tur eller etter spesialinteresser. Arbeid mot eksterne kontaktar: Kreftforeningen skipar til årlege møte der dei ber om deltaking av dermatologar. NFDV har fleire dugande medlemer å spele på, og kvart år finn ein eller fleire høve til å møte for å representere hudfaget. Arbeidet med Norsk register for biologiske legemidler er godt i gang, dermatologane i prosjektet er aktivt med og gode representantar for fagmiljøet. Legeforeningen ber om deltakarar til dei merkelegaste komitear og utval. Det er alltid ei viljug sjel som stiller opp når styret ber om det. Styret i NFDV takkar medlemene for sporty innstilling og stor vilje til å stille opp for faget. STATUSRAPPORT FOR ARBEIDET MED STYRET SINE SATSINGSOMRÅDE: 1. Forsking. NFDV skal og kan ikkje drive med eller setje i gong forskingsprosjekt. Vi kan prøve å stimulere medlemene til å komme i gang med forsking og skape arenaer for nettverksbygging mellom forskingsinteresserte og etablerte forskingsmiljø. Det årlege forskingsseminaret på Gardermoen har vorte ein tradisjon, ein tradisjon det nye styret vil oppretthalde. Utgiftene til seminaret har vorte dekka fullt ut av NFDV. Dette er eit betydeleg økonomisk løft. Tidlegare kunne foreiningane søkje Legeforeningen om ekstramidlar, det er det slutt på. Grunnstilskotet til foreiningane har også blitt redusert for budsjettåret 2012. For å få dekkje ekstrautgifter, må foreiningane ev. krevje inn ekstrakontingent. NFDV har førebels ikkje tenkt å føreslå ekstrakontingent, men det er

mogeleg at vi i framtida må krevje ein liten eigendel frå deltakarane på forskingsmøtet med verknad frå 2013. Styret har vedteke å halde fram med å dele ut overskotet av annonseinntektene på nettsida som stipend til: -Faglege kurs i utlandet og/eller opphald i utlandet i samband med godkjend forskingsprosjekt. -Hospitering, studieopphald, kurs. -Innkjøp av driftsmidlar til forskingsprosjekt. Desse medlemene vart tildelte stipend 1.mars 2012: -Teresa Løvold Berents: Forskingsprosjekt skin barriere dysfunction and development of allergic disease in pre-school children og Studiereise: Allergy and Skin Course : Totalt innvilga kr 20 000,- -Mohammad Rizvi: Forskingsprosjekt Seasonal variation in vitamin D in Norwegian kidney transplant recipients. Innvilga kr 20 000,- - Katarina Stangeland: Forskingsprosjekt: The effect of combined vitamin D and Omega-3 treatment on the inflammatory activity of the psoriatic plaque. Innvilga kr 20 000,- - Florence Dalgard: Forskingsprosjekt: A European Multicenter study on depression, anxiety, quality of life and attachment among adult patients with common skin disorders. Innvilga kr 20 000,- -Cato Mørk: Forskingsprosjekt: A randomized, controlled-blinded, multi-centre study of photodynamic therapy with methyl-aminolevulinate comparing a simplified regime with the approved regime in patients with clinical low-risk superficial and nodular basal cell carcinoma. Innvilga kr 20 000,- -Barbara Gasior-Chrzan: Deltaking og presentasjon av førelesing ( Mellom makt og kunnskap ) på EADV i Verona, juni 2012. Innvilga kr 10 000,- -Petter Gjersvik: Deltaking på SCOPE-kongressen i Istanbul, mai 2012. Innvilga kr 10 000,- - Lene Frøyen Sandvik: Deltaking på SCOPE-kongressen i Istanbul, mai 2012. Innvilga kr 10 000,- -Jan Cezary Sitek: Hospiteringsopphald i Uppsala og Stockholm. Innvilga kr 10 000,- -Michael Zangani: Deltaking på kurs: Hugh Greenways Superficial Anatomy and Cutaneous Surgery i San Diego, juli 2012. Innvilga kr 10 000,- 2. Etterutdanning. Resertifisering av godkjende spesialistar. I dette arbeidet har vi full støtte frå Spesialitetskomiteen. Første gong vi tok spørsmålet opp med Legeforeningen, hausten 2010, var det ingen respons for dette i moderorganisasjonen. No har vinden snudd, det er stadig fleire organisasjonsledd som tek opp temaet. Sentralstyret har sett ned ei gruppe som skal vurdere alle sider ved etterutdanning. Det var eitt av dei viktigaste emna på leiarseminaret i november 2011 og på FMF-konferansen 27.mars 2012. Det er per i dag berre Allmennmedisin som har krav til etterutdanning for å fornye spesialiteten. Tanken er å bruke ein liknande modell også for andre spesialitetar. Det blir særs viktig å få dette formalisert no når LMI ikkje sponsar kongressreiser lenger. Dersom etterutdanning blir obligatorisk for å oppretthalde spesialistgodkjenninga, må arbeidsgjevar ta på seg eit større ansvar for finansiering og organisering av utdanninga. Styret har drøfta saka på fleire styremøte og vil før neste årsmøte komme med framlegg

om minimumskrav til etterutdanning som ein spesialist må gjennomføre i løpet av ein 5- årperiode. Lista vil ikkje bli lagt så høgt at det vil bli ei stor belastning på medlemene. Det vil ikkje bli lagt opp til eksamen eller annan testing. 3. Samarbeid. Når det gjeld arbeidet med å styrkje samarbeidet mellom sjukehusavdelingane, avtalespesialistane og hudlegane i privat praksis, har vi så langt ingen konkrete forslag. I dei einskilde helseregionane fungerer nok dette samarbeidet også ulikt, kanskje nokon stader godt? Talet på avtalespesialistar og private hudlegar er ujamt fordelt i dei ymse helseregionane, og behovet for formalisert samarbeid vil nok også variere. Styret i NFDV tek gjerne mot innspel og kommetarar frå medlemene både om korleis samarbeidet kan betrast, og om eksisterande samarbeidsfora som fungerer godt. Styret i NFDV er glade for at avdelingsleiarane på universitetsklinikkane har blitt samde om å ha faste samarbeidsmøte utanom det årlege møtet i regi av NFDV. Rapport frå haustmøtet 2011 og orientering om haustmøtet 2012: Kontrakten med Congress Coference AS vart fornya. Byrået har etter kvar vist seg å vere ein god samarbeidspartner. Styret ved leiar har jamleg kontakt med kongressbyrået i arbeidet med å skaffe sponsorar, lage budsjett og søkje LMI om konseptgodkjenning. Utan konseptgodkjenning kan ikkje medlemene i LMI delta. For å få konseptgodkjenning, må budsjett og program føreligge. I samråd med kongressbyrået, vedtok styret å gå inn for eit differensiert tilbod til sponsorane. Dette viste seg å vere særs vellukka. 18 sponsorar deltok og Leo Pharma AS vart gullsponsor og fekk vise logoen sin på skjermen mellom føredraga. Leo Pharma ynskte å få kontrakt på å bli gullsponsor dei neste fem åra, noko styret avslo. Vi meiner at fri konkurranse mellom sponsorane er mest rettferdig. Kurskomiteen har ansvar for programmet. Programmet for 2011 vart svært godt motteke av deltakarane. Satsinga få norske førelesarar viste seg særs vellukka. Vi fekk nok ein gong stadfesta at vi har ei rekkje dugande undervisarar i eigne rekkjer og ikkje treng å hente inn folk utanfrå. Fleire av deltakarane ynskte skriftlege samandrag med høgdepunkta frå føredraga. Kurskomiteen blir oppmoda om å be førelesarane om ei skriftleg oppsummering av høgdepunkta på kommande møte. Styret observerte at det var ein del medlemer som stakk innom møtet utan å vere påmelde. Dette vil bli innskjerpa i 2012. For å delta på heile eller deler av møtet, må ein vere påmeld og betale deltakaravgift. Kongressbyrået blir bedne om å skjerpe kontrollen i 2012. Haustmøtet gjekk med ca.kr 8000 i overskot. Dette saman med overskotet frå 2010 blir sett av til å sponse deltakaravgifta for LIS i 2012. NFDV ynskjer at fleire utdanningskandidatar skal delta på møtet og reduserer avgifta til kr 500 for LIS. Godkjende spesialistar må framleis betale kr 1500 i eigendel. Dette gjeld også deltakarane frå Oslo-området. Dei kan som alle andre få ei fin overnatting på hotell, fullpensjon og to dagars kurs for den prisen. Avdelingsleiarane blir oppmoda om å gje utdanningskandidatane permisjon til å delta på haustmøtet sjølv om kurset ikkje er teljande. Haustmøtet 2012 blir arrangert på Ullevål Business Class 8.-9.november 2012. Turid Thune 29.03.12