FUSA KOMMUNE MØTEPROTOKOLL Arkivsak: Løpenummer: Utval: Kommunestyret Møtestad: Kommunetunet Møtedato: 22.10.2013 Tid: 18:00-19:15 Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova. Sakslista vart sendt medlemene og varamedlemene e-post av 16.10.13 og 18.10.13. Møtet vart kunngjort i ei avis og på heimesida. Desse medlemene møtte: Hans Ekeberg, Egil Riise, Ap Magne Djuvik, Kristine Hjartnes, Roger Hoel, Gunnar Hansen, Frp Aud May Boge, Steinar Berland, H Anne Martinsen, Asbjørn Heidal, Stina Kvåle Bergesen, Krf Hans S. Vindenes, Marianne Borge, Margunn Y. Samnøy, Øyvind Nordbø, Haldor Tuft, Mikal Leigland, Sp Birgitte H. O. Skibenes, SV Gustav Folkestad, V Forfall og møtande varamedlemar: Atle Kvåle, Ap hadde forfall. For han møtte Bergfrid Norheim som vararepresentant. Steinar Skår, H hadde forfall. For han møtte May Boge som vararepresentant. Andre som var tilstade på møtet: Rådmann Berit Fløisand Assisterande rådmann Hege S. Samland Ansvarleg sekretær Gunn Sissel Teigen Arealplanleggjar Helle H. Bruland Merknader til innkalling og sakliste: Det var ingen merknad til innkalling og sakliste. Ordførar Hans S. Vindenes, Sp, leia møtet. Forslag frå ordførar Hans S. Vindenes, Sp, om at Hans Ekeberg, Ap, vart valt til varaordførar for dette møtet, vart samrøystes vedteke.. Evt. merknader til protokollen må sendast til Fusa kommune innan 14 dagar. Eikelandsosen, 22.10.13 Hans S. Vindenes Ordførar Gunn Sissel Teigen Ansvarleg sekretær
Saksliste Sak nr. Sakstittel 051/13 KOMMUNEPLANENS AREALDEL - REVIDERT FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM
051/13: KOMMUNEPLANENS AREALDEL - REVIDERT FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM VEDTAK 15.10.13: Saka vert utsett og handsama i nytt kommunestyremøte tysdag 22.10.13 kl 18.00 i Kommunetunet 22.10.2013 KOMMUNESTYRET Handsaming: Notat av 18.10.13 var sendt ut før møtet. På vegne av Sp, H, Frp, fremja Steinar Berland, H, trekte han framlegget sitt frå 15.10. og fremja nytt fellesforslag: Det foreslås følgende endringer til dokumentet Framlegg til planprogram : Forslag frå: SP, H og FRP Det foreslås følgende endringer til dokumentet Framlegg til planprogram : Under punkt 3.3 Bustadsområde endres følgjande: - Setningen Det skal også leggjast til rette for bustadsområde med nærleik til sjø vert lagt til. Under punkt 3.4 Fritidsbygg gjøres følgende endringer - I setningen I tråd med samfunnnsdelen vil vi vurdera mogelegheita for hytter i fjellet under tregrensa, knytt mot tidlegare investeringar. Vert forandra til: I tråd med samfunnsdelen vil vi vurdera mogelegheita for hytter i fjellet i felt under tregrensa - Setningen: I denne planperioden skal kommunen ikkje leggja ut fleire hyttefelt i strandsona. sløyfast - Setningen: Småbåthamner og småbåtanlegg er mindre arealkrevjande og eit betre alternativ enn at alle båteigarar skal ha eige naust. Det vert lagt til grunn at naust er uthus for oppbevaring av båt, utstyr for båt og fiskereiskap. Vert forandra til: Småbåthamner og småbåtanlegg er mindre arealkrevjande og eit alternativ til naust. Punkt 3.3 og 3.4 vert slik: 3.3 BUSTADOMRÅDE Eit overordna mål i samfunnsdelen er å auka folketalet i kommunen. Vi treng gode bustadområde, og i samfunnsdelen står det at vi vil ha eit sterkt sentrum og levande bygder. Samfunnsdelen har attraktive, trygge og varierte bumiljø som mål, og planen slår fast at det skal leggjast til rette for bustadbygging både spreidd, i felt og i sentrumsområde
Det skal leggjast til rette for at byggefelt skal plasserast sentralt (i gang- og sykkelavstand) i høve til sentrumsfunksjonar i bygdene, og at det skal satsast på fortetting i eksisterande buområde. Det skal også leggjast til rette for bustadsområde med nærleik til sjø. Utbygging skal hovudsakleg skje langs transportaksar og der høve til kollektivtrafikk vert ivareteke. Eitt av måla i denne perioden er å få ned talet på dispensasjonar frå LNF ved å nytta føresegner og retningsliner til ulike føremål. Til dømes kan LNF-område med spreidd bustad markerast som ferdig utbygde, slik at tiltak kan gjerast på eigen bustad utan å søkja dispensasjon. Samfunnsdelen slår òg fast at vi skal leggja til rette for at bygging skjer mest mogleg på areal som er lite dyrkbare. Spreidd utbygging kan skje der eksisterande infrastruktur kan nyttast, utan at dette medfører nye avkjørsler frå riks- eller fylkesveg (Rammeplan for byggegrenser og avkjørsler langs riksog fylkesvegar) og avgang på dyrkbart areal. Dei nasjonale forventningane er m.a. fortetting, klimasmart planlegging, gunstig infrastruktur, universell utforming og nærleik til rekreasjonsområde, barnehage og skular. Utvikling av bustadområde må vurderast i samband med nasjonale forventningar og mål i samfunnsdelen. Det kan vera aktuelt å gjera ei ny vurdering av område i eldre arealplan som har vore disponert til utbygging i fleire år utan at utvikling har skjedd. 3.4 Fritidsbygg Hytter skal ikkje planleggjast i konflikt med funksjonell strandsone, næringsareal og landbruk, eller blandast med bustadområde. I tråd med samfunnsdelen vil vi vurdera mogelegheita for hytter i felt i fjellet under tregrensa. Utvikling av hyttetomter skal skje innafor eller tett tilknytt allereie utvikla område, der eksisterande infrastruktur kan nyttast, utan at dette medfører nye avkjørsler frå riks- eller fylkesveg (Rammeplan for byggegrenser og avkjørsler langs riks- og fylkesvegar) eller avgang på dyrkbart areal. Småbåthamner og småbåtanlegg er mindre arealkrevjande og eit alternativ til naust. Det vert delegert til rådmannen å oppdatere dokumentet: INNSPEL TIL AREALDELEN TIL KOMMUNEPLAN FOR FUSA 2015-2025 I tilrådinga frå plan- og miljøutvalet vart det fremja endringar i møtet av Anne Martinsen, Krf, slik at forslaget er slik: Vi har sett oss ambisiøse mål om å kunna vedta rullert arealplan i 2015. Planprogram for arealdelen av kommuneplan for Fusa kommune vert endeleg vedteke i medhald av pbl. 4-1. Frist for å koma med konkrete innspel til arealbruk vert sett til 3. januar 2014. Endring i dokument: Innspel til arealdelen til Kommuneplan for Fusa 2015 2025: Det skal leggjast til rette for byggefelt sentralt (gang og sykkelavstand) i høve til sentrumsfunksjonar i bygdene. Tilrådinga frå plan- og miljøutvalet, endra i møtet, og endringsframlegget frå Steinar Berland vart vedteke med 13 røyster. ( 4 Frp, 3 H 6 Sp) Tilrådinga frå plan- og miljøutvalet, med endringar fremja i møtet av Anne Martinsen fekk 8 røyster.
KOM-051/13 VEDTAK: Vi har sett oss ambisiøse mål om å kunna vedta rullert arealplan i 2015. Planprogram for arealdelen av kommuneplan for Fusa kommune vert endeleg vedteke i medhald av pbl. 4-1. Frist for å koma med konkrete innspel til arealbruk vert sett til 3. januar 2014. Endring i dokument: Innspel til arealdelen til Kommuneplan for Fusa 2015 2025: Det skal leggjast til rette for byggefelt sentralt (gang og sykkelavstand) i høve til sentrumsfunksjonar i bygdene. Endringer til dokumentet Framlegg til planprogram : Under punkt 3.3 Bustadsområde endres følgjande: - Setningen Det skal også leggjast til rette for bustadsområde med nærleik til sjø vert lagt til. Under punkt 3.4 Fritidsbygg gjøres følgende endringer - I setningen I tråd med samfunnnsdelen vil vi vurdera mogelegheita for hytter i fjellet under tregrensa, knytt mot tidlegare investeringar. Vert forandra til: I tråd med samfunnsdelen vil vi vurdera mogelegheita for hytter i fjellet i felt under tregrensa - Setningen: I denne planperioden skal kommunen ikkje leggja ut fleire hyttefelt i strandsona. sløyfast - Setningen: Småbåthamner og småbåtanlegg er mindre arealkrevjande og eit betre alternativ enn at alle båteigarar skal ha eige naust. Det vert lagt til grunn at naust er uthus for oppbevaring av båt, utstyr for båt og fiskereiskap. Vert forandra til: Småbåthamner og småbåtanlegg er mindre arealkrevjande og eit alternativ til naust. Punkt 3.3 og 3.4 vert slik: 3.4 BUSTADOMRÅDE Eit overordna mål i samfunnsdelen er å auka folketalet i kommunen. Vi treng gode bustadområde, og i samfunnsdelen står det at vi vil ha eit sterkt sentrum og levande bygder. Samfunnsdelen har attraktive, trygge og varierte bumiljø som mål, og planen slår fast at det skal leggjast til rette for bustadbygging både spreidd, i felt og i sentrumsområde Det skal leggjast til rette for at byggefelt skal plasserast sentralt (i gang- og sykkelavstand) i høve til sentrumsfunksjonar i bygdene, og at det skal satsast på fortetting i eksisterande buområde. Det skal også leggjast til rette for bustadsområde med nærleik til sjø. Utbygging skal hovudsakleg skje langs transportaksar og der høve til kollektivtrafikk vert ivareteke. Eitt av måla i denne perioden er å få ned talet på dispensasjonar frå LNF ved å nytta føresegner og retningsliner til ulike føremål. Til dømes kan LNF-område med spreidd bustad markerast som ferdig utbygde, slik at tiltak kan gjerast på eigen bustad utan å søkja dispensasjon. Samfunnsdelen slår òg fast at vi skal leggja til rette for at bygging skjer mest mogleg på areal som er lite dyrkbare.
Spreidd utbygging kan skje der eksisterande infrastruktur kan nyttast, utan at dette medfører nye avkjørsler frå riks- eller fylkesveg (Rammeplan for byggegrenser og avkjørsler langs riksog fylkesvegar) og avgang på dyrkbart areal. Dei nasjonale forventningane er m.a. fortetting, klimasmart planlegging, gunstig infrastruktur, universell utforming og nærleik til rekreasjonsområde, barnehage og skular. Utvikling av bustadområde må vurderast i samband med nasjonale forventningar og mål i samfunnsdelen. Det kan vera aktuelt å gjera ei ny vurdering av område i eldre arealplan som har vore disponert til utbygging i fleire år utan at utvikling har skjedd. 3.4 Fritidsbygg Hytter skal ikkje planleggjast i konflikt med funksjonell strandsone, næringsareal og landbruk, eller blandast med bustadområde. I tråd med samfunnsdelen vil vi vurdera mogelegheita for hytter i felt i fjellet under tregrensa. Utvikling av hyttetomter skal skje innafor eller tett tilknytt allereie utvikla område, der eksisterande infrastruktur kan nyttast, utan at dette medfører nye avkjørsler frå riks- eller fylkesveg (Rammeplan for byggegrenser og avkjørsler langs riks- og fylkesvegar) eller avgang på dyrkbart areal. Småbåthamner og småbåtanlegg er mindre arealkrevjande og eit alternativ til naust. Det vert delegert til rådmannen å oppdatere dokumentet: INNSPEL TIL AREALDELEN TIL KOMMUNEPLAN FOR FUSA 2015-2025