Vennegrupper på Høle Barne- og Ungdomsskule

Like dokumenter
LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret

Hefte for foreldrekontaktar

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE

Plan for å sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

Oppsummering trivselsundersøking våren 2016

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Plan for trivsel ved Helland skule. VISJON: Vi ønskjer eit trygt, utfordrande og stimulerande lærings- og oppvekstmiljø for elevane ved Helland skule.

Handlingsplan for godt skulemiljø for skuleåret (Olweus) Revidert oktober 2016

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Forsand skule. der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

Skulestart Repetisjon

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE.

Vi snakkar fint til og om kvarandre. Vi løyser konfliktar på ein fredeleg måte. Vert du eller andre plaga, sei ifrå til ein vaksen.

Plan for eit trygt og godt skulemiljø

Øystese barneskule April - 08

Forsand skule. der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET

HEIDAL SKULE. Tiltaksplan mot krenkjande åtferd ved Heidal skule.

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017

Handlingsplan for godt skulemiljø for skuleåret (Olweus) Revidert mai 2017

Utviklingsplan 2015 Meling skule. "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare."

Handlingsplan ved urovekkande fråvær

Opplæringslova 9A Frå 1. august 2017 er det vedteke eit nytt regelverk om skulemiljø

Informasjon til elevane

Til deg som bur i fosterheim år

Plan for a sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

Eg må tenke lurt og bruke heile kroppen. Eg må seie høgt til meg sjølv: Dette KAN eg. Det som er vanskeleg kan eg LÆRE meg.

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Alversund skule Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a Handlingsplikta Opplæringslova 9a 3 andre ledd

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT FOR GRUNNSKULEN I SVEIO KOMMUNE

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

Kafédialog Ungdommens kommunestyre

Ungdata-undersøkinga i Seljord FAKTA OM UNDERSØKINGA: Tidsput: Veke 36 Klassetrinn: klasse Antall: 89

Bjørnehiet SFO - informasjon

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

Alle elevar i grunnskulen har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING I TYSNESBARNEHAGANE

Klepp ungdomsskule - Tiltaksplan for trygt og godt skulemiljø Oppdatert hausten 2017

Velkommen til SFO i Forsand Årsplan 2018/2019

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ

Utviklingsplan skuleåret Skule: Undheim «Mot til å meina, lyst til å læra. Tryggleik og trivsel.»

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Ungdomsskuleelevar i Granvin kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Referat frå foreldremøte 25. september 2018 Hyllestad barnehage.

Erfarings- og kunnskapsinnhenting - tilbakemelding frå Hatlestrand oppvekstsenter

Velkommen til Ulveset SFO. Mål for Ulveset SFO: SFO skal være ein trygg stad, der vi legg til rette for vennskap, leik og trivsel.

SAMARBEID HEIM OG SKULE

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar. for.

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for vurdering ved Gimle skule

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Hafslo barne- og ungdomsskule - SFO 2017/18 SFO HAFSLO - INFORMASJON

Elevundersøkinga 2016

Heilt einig. Litt einig

VELKOMSTHEFTE FOR HELLAND SFO

Handlingsplan Lye SFO

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

REFERAT: MØTE I FAU-VALESTRAND SKULE

Sandeid skule SFO Årsplan

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG KRENKINGAR. Danielsen Ungdomsskule Osterøy

KLASSEKONTAKT. Kva kan eg gjere? Kven er eg til for? Korleis kan eg jobbe? Lysarka bygger på FUG - hefte ABC for foreldrekontaktar.

Vidaregåandeelevar i Sogn og Fjordane. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Strategiplan for arbeid med sosial kompetanse og psykisk helse -Rosseland skule- Sosial kompetanse og psykisk helse

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG ANDRE KRENKINGAR

SIKRINGSINSTRUKS FOR TJØDNALIO BARNEHAGE Til tilsette og foreldre/føresette.

Vidaregåandeelevar i Førde kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

ULVESET SKULE MØVIKVEGEN FJELL

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

Vidaregåandeelevar i Gloppen kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

Plan for godt skulemiljø - skal sikra eit godt psykososialt læringsmiljø på skulen.

BØ SKULE SIN STRATEGIPLAN SKULEÅRET 17/18

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Velkommen til orienteringsmøte om skulestart Torsdag

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Samarbeid heim skule i Skodje kommune

Slik vil vi ved Vigra skule skape eit trygt og dynamisk, skulemiljø.

Denne planen består av fire deler 1. AVDEKKING AV MOBBING 2. PROBLEMLØYSING AV MOBBESAKER 3. FØREBYGGING 4. KONTINUITET

Handlingsplan mot. mobbing ved. Åheim skule

DEL I: REGLAR OVERORDNA:

Til deg som bur i fosterheim år

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Ein trygg stad å vera ein god stad å læra

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

SFO på Ågotnes gjev eit tilbod på 24 timar og 15 minutt i veka fordelt på 5 dagar.

Jelsa oppvekstsenter SFO 2017/2018. «Me lærer, me trivst og me tek vare på kvarandre»

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 2 - Oktober

Plan mot krenking og sosial utestenging

Årsplan for

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Langevåg skule

KVITESEID SKULE. Planen er handsama i FaU , Samarbeidsutvalet og i TPO team med PPT

Transkript:

Vennegrupper på Høle Barne- og Ungdomsskule Rettleiar for gjennomføring av vennegrupper på HBUS. «Jo mere vi er sammen» Utarbeida av Arbeidsgruppe 1 ved HBUS

1. Innføring av vennegrupper som strategisk grep i den sosiale planen til HBUS. Ved ei rekke skular her i landet blir det gjennomført «obligatoriske» vennegrupper alle med bakgrunn i ønsket om å styrke klassemiljøet og bidra til eit betre og tryggare læringsmiljø for alle. Frå og med skuleåret 2013/2014 ønskjer HBUS å innføra vennegrupper som ein del av den strategiske planen til skulen for å styrka dei sosiale nettverka på trinna og førebygga «klikkdanningar,» utestenging og mobbing. Denne ordninga er eit nytt ledd i heim-skule samarbeidet i tillegg til foreldremøtet og utviklingsamtalen. Ordninga med vennegrupper skal gå over 2 år; skuleåra 2013/14 0g 2014/15. Deretter skal ordninga bli evaluert både med omsyn til måloppnåing og praktisk gjennomføring. Nokre foreldre vil kanskje hevde at vennegrupper er noko ein ikkje har tid til, og at barn bør få styre eigen omgangskrets. Sjølsagt kan dette vera gode poeng, men leiinga ved skulen og Arbeidsgruppe 1 er av den oppfatninga at vennegrupper er eit viktig strategisk grep for å fremja godt skulemiljø ved HBUS. Dersom elevar blir ståande utanfor vennegrupene på trinnet, får dette konsekvenser både for det einskilde barn og for trinnet som heilskap. Vi vonar difor at alle foreldre er med og bidreg til at ordninga skal bli ein suksess!

2. Kva er vennegrupper? Vennegrupper er ei gruppe elevar på kvart trinn som regelmessig treffast heime hos kvarandre. Kontaktlærarane på trinnet sett opp lister kor elevane er delt inn i grupper på 4-5 elevar. Gruppa skal treffast heime hos kvarandre nokre timar ein ettermiddag/kveld, ein gong per månad. Etter 4-5 månadar, når alle har vore heime hos alle, vil kontaktlæraren sette opp nye lister med nye gruppesamansettingar. For skuleåret 2013/14 skal 1.-3. trinn delta i ordninga. Gjennom skulekvardagen vil vi ha fokus på felles leik og aktivitetar i friminutt gjennom faddar ordninga for 1.trinn, turdag ordninga for 1.- 2.trinn, og trivselsleiar ordninga med organisert leik for heile småskulen, 1.-4.trinn, og mellomtrinnet, 5.-7.trinn.

3. Målet med vennegrupper Ofte vil elevane opp gjennom skuletida snevre inn den faste omgangskretsen meir og meir. På HBUS tenkjer vi det er positivt for det sosiale miljøet på skulen at det er rom for variasjon mellom vennegjenger. Føremålet med å innføre vennegrupper er i samarbeid med skule og bygd å bidra positivt til eit godt sosialt miljø på skulen og fritid for alle barn i skulekretsen ved å stimulera til bredde i vennenettverka samt hemma klikkdanning og utestenging. At barn har nokre venner dei føretrekk framføre andre, er naturleg. Vårt mål er at alle i tillegg skal vite kor alle på trinnet bur, ha leika saman, og ete hos kvarandre, møtt sysken og foreldre. Gjennom vennegrupper på 1.-3.trinn, vil vi styrke samhald, tryggleik og kjensle av å høyre til med dei andre på trinnet. Når elevar som normalt ikkje er bestevenner tilbring litt tid saman og blir betre kjent, er det lettare å ta kontakt og inkludera i vennekretsen enn om ein aldri treffast på fritida. Vi vonar og trur at vennegruppene skal bidra til å senka terskelen for å ta kontakt med kvarandre og heva kjensla av fellesskap og tryggleik ovanfor kvarandre.

4. Organisering av vennegruppene Kontaktlærarane på trinnet er ansvarlege for å sette saman grupper på 4-5 elevar, og listene blir delt ut første veke etter haustferien, 2013/14 og første veke etter vinterferien: Månad Vennegruppe A Adresse TLF. Månad Vennegruppe A Adresse TLF. Deltakarane i kvar gruppe må sjølv bli samde om kva for dagar gruppa skal møtast- ein fast dag i månaden (t d: første måndag i månaden, kl.17-19.30.) eller etter avtalte datoar. Foreldra øvst på lista tek kontakt først. Dersom det ikkje passar å avhalda vennegruppa for nokon ein månad; gi melding til nestemann på lista slik at vennegruppa går etter planen. Vertsfamilien avgjer sjølv tidspunkt for å ha vennegruppa heime hos seg, og besøket kan t d. vara i 2,5-3 timar. Men, det skal alltid vera vaksne til stades når vennegruppa er samla!

5. Praktisk gjennomføring- vennegrupper til 1.-3.trinn Stikkord: «Gjer det enkelt!» I vennegruppene skal barna treffast for å leika og kosa seg saman. Det er ikkje naudsynt å organisera for mykje på førehand, det skal ikkje vera eit bursdagsselskap. Men det kan vera ein god ting at foreldra setter barna i gong, dersom dei har problem med å finna på noko sjølv. Det er imidlertid viktig med tilsyn av ein vaksen heile tida, slik at barn som er utrygge på kvarandre, kan få litt støtte og at alle deltek på lik linje. For dei foreldra som har lyst til å organisera nokre aktivitetar, er det sjølsagt berre å kasta seg over oppgåva. Mange har t d. hatt stor suksess med å la barna sjøl laga maten dei skal ete, kutta opp grønsaker til taco, legge på fyll på ferdig pizzadeig eller kutta frukt til fruktsalat. Er det godt vêr og gode føreforhold, kan ein også nytta årstidene; aking, ski, skøyter, badetur eller bærtur osv. Uteområda i skulekretsen innbyr til mange ulike aktivitetar. Men hovudmålet er alltid at barna skal gjera noko saman og bli betre kjent med kvarandre. Det er ei heller meininga at de skal stå klar med kaffi og kaker til foreldra som kjem for å henta barna. Ein prat er alltid hyggeleg, men det er ikkje meininga at ein skal nytta mykje tid på førebuing, før vennegruppa skal møtast heime hos dykk.

6. Evaluering Ordninga med vennegruppa skal ha klare mål; å strekka nettverka og redusera klikkdanning og konflikter. Etter 2 år skal difor ordninga evaluerast; har vi nådd måla om eit betre skulemiljø? Gjennom brukarundersøkinga, foreldremøter og utviklingssamtalar vil skulen få svar på om ordninga med vennegrupper bidreg til å styrka samhaldet på trinnet og hemma konflikter. Korleis har det gått med ordninga, kva har vi lukkast med, kva kunne vore betre og ikkje minst, kva gjer vi vidare? For å få vennegruppene til å fungera, må alle bidra. Dersom nokon har kommentarar, spørsmål eller innspel til ordninga, eller denne rettleiaren, ta kontakt med kontaktlærar på ditt trinn eller sosiallærar på 1.-7.trinn. Eit godt klassemiljø gir eit trygt skulemiljø som styrkar læringsmiljøet for alle.