Webhotell, e-post og webløysing vilkår WEBHOTELL, E-POST OG WEBLØYSING VILKÅR...1 KVA OMFATTAR TENESTA?...1 AVGRENSINGAR...2 LEVERANDØREN SINE PLIKTER...2 TEIEPLIKT OG SIKRING AV DATA...3 AVGRENSING AV ANSVAR...3 FAKTURERING...3 MISLEGHALD...3 MISLEGHALD FRÅ LEVERANDØREN SI SIDE... 3 Erstatningsansvar... 3 Heving... 4 MISLEGHALD FRÅ KUNDEN SI SIDE... 4 Betalingsmisleghald frå Kunden... 4 Heving... 4 VIDARESAL...5 OPPSEIING OG ENDRING...5 idrift AS (Leverandøren) tilbyr webhotell og e-post (evt. med spamfilter), database og evt. WebRed dynamisk web-publiserings-løysing. Kva omfattar Tenesta? Leverandøren sine servere skal vera er tilgjengelege og tilbyr følgjande tenester: Webhotell, det vil seia lagringsplass for websider som vert gjort ålment tilgjengelege frå internett. Kunden kan ha tilgong til å endra/redigera desse, på ulike måtar som FTP eller webgrensesnitt (WebRed). Desse ligg vanlegvis på Linux-server, men Windows-server kan tilbydast etter eiga avtale.
I visse tilfelle, database på MySQL eller Microsoft SQL server, som ei eiga teneste prisa separat, eller inkludert i WebRed eller annan publisheringsløysing. E-post, i form av enten o POP/IMAP-kontoar, eller o Vidaresending til kunden sin e-post-server o I båe tilfelle eventuelt med filtrering av spam og virus, som ei eiga teneste prisa separat WebRed dynamisk publiseringsløysing, til ein pris som då omfattar brukarsupport, feilretting og vidareutvikling av den dynamiske løysinga, samt webhotell og database. Det tilbodet kunden abonnerer på vert kalla Tenesta. Leverandøren driv dette, og Kunden har tilgong til ei viss mengd lagringsplass, eit visst antal epostkontoar og andre tenester, som kunngjort av Leverandøren. Avgrensingar Forhold på kunden sitt utstyr er ikkje Leverandøren sitt ansvar, så som nettverksproblem og programvareproblem, så sant Tenesta er ålment tilgjengleg frå internett. Brukarsupport med bruk av Tenesta er ikkje inkludert, utanom for WebRedløysinga. Leverandøren sine plikter Leverandøren forpliktar seg til å utføre kontinuerleg vedlikehald og sikringstiltak for leverte produkt og tenester. Dette inkluderer, men er ikkje avgrensa til, forsvarleg oppsett og drift av server, og naudsynleg periodisk vedlikehald av server. Det er Leverandøren si målsetting at Tenesta skal være i drift 24 timer i døgnet, 7 dagar i veka. Tenesta kan bli utilgjengeleg i vedlikehaldsperiodar som Leverandøren varslar Kunden om. Leverandøren vil leggja slikt planlagt vedlikehald til tidsrommet 22:00-04:00 norsk tid. Leverandøren har rett til å setja i verk tiltak som kan medføra avbrot, forstyrringar eller endringar i Tenesta som vert sett som naudsynte av særskilde tekniske, vedlikehalds-, tryggings- eller driftsmessige årsaker. Leverandøren vil streva etter å varsla om slike tiltak i god tid og gjera sitt ytste for at ulempa for den enkelte Kunde vert minst mogleg. Leverandøren er utan ansvar for kostnader eller tap som Kunden måtte bli påført som følgje av slike tiltak. Dersom brot på samband som er levert av tredje part fører til avbrot i Tenesta, har Leverandøren ansvar for å følgja opp dette med høgaste prioritet til Tenesta er i drift att.
Teieplikt og sikring av data Leverandøren pliktar å halda Kunden sine data sikra slik at ingen uvedkomande kan få tilgong til dei. Eventuelle passord som Kunde får kjennskap til skal ikkje delast ut til andre enn Kunden sine tilsette eller Leverandøren ved support-tilfelle. Viss passord eller annan konfidensiell informasjon kjem på avvege skal Leverandøren umiddelbart varslast på e-post eller telefon. Avgrensing av ansvar Leverandøren utøver ingen kontroll over dei data som vert sendt, motteken eller lagra ved bruk av Tenesta og har heller ikkje noko ansvar for innhaldet i desse. Unntak gjeld for dei tiltak Leverandøren gjer for å blokkera/logga trafikk som viser forsøk på innbrot ( cracking ). Leverandøren har ikkje ansvar for tap, skade eller anna i samband med øydelegging av data, avbrot, ikkje leverte data, feilaktige leverte data e.l. når dette skuldast årsaker som er uavhengige av Tenesta. Dersom utanforståande medvite eller umedvite skaffar seg tilgang til Kunden sine dataressursar og endrar data eller forstyrrar eller vanskeleggjer informasjonsflyt, kan Leverandøren berre holdast ansvarleg dersom tilhøvet skuldast uaktsemd frå Leverandøren, til dømes ved feil innstillingar på brannmur eller manglande oppdatering/vedlikehald. Dersom brot på samband som er levert av tredjepart er av ein slik varigheit at det kvalifiserer for refusjon eller erstatning, skal Kunde og Leverandør retta felles krav mot tredje part. Fakturering Leverandøren fakturer forskotsvis kvart kvartal, eller kvart år for månadsbeløp under 500,-. Misleghald Misleghald frå Leverandøren si side Erstatningsansvar Leverandøren er ikkje ansvarleg for direkte tap som følgje av misleghald frå Leverandøren si side, med mindre misleghaldet skuldast uaktsemd. Leverandøren er berre ved grov uaktsemd ansvarleg for indirekte tap som følgje av misleghald frå Leverandøren si side. Som indirekte tap vert bl.a. rekna: a) tap som følgje av minska eller bortfallen produksjon eller omsetning (driftsavbrot) b) tap som følgje av at Tenesta ikkje kan nyttiggjerast som forutsatt (avsavn)
c) tapt forteneste som følgje av at ein kontrakt med tredjemann fell bort eller ikkje vert oppfylt. Med mindre Leverandøren har opptredd grovt uaktsamt, er Leverandøren sitt samla erstatningsansvar under Avtalen pr. ansvarstilfelle avgrensa til det beløp Kunden betaler for 1 års drift av Tenesta. Heving Kunden kan heva avtalen ved vesentleg misleghald frå Leverandøren si side, og har elles dei beføyelsar som følgjer av alminnelege kontraktrettslege prinsipp etter norsk rett. Misleghald frå Kunden si side Betalingsmisleghald frå Kunden Ved betalingsmisleghald vil Leverandøren senda nytt betalingsvarsel. Dersom Kunden ikkje har betalt rekninga innan betalingsfristen (15 dagar) som er angitt i betalingsvarselet, vert dette sett på som vesentleg misleghald i høve til Avtalen. Ved betalingsmisleghald kan kravet bli oversendt inkasso og Kunden bli belasta med purregebyr og forsinkingsrente etter lov om renter ved forsinka betaling. Leverandøren har rett til å suspendera tenesta så lenge fordringar overfor Kunden står udekka. Ved registrert innbetaling av tidlegare misleghaldne fordringar vert alle tenester opna med umiddelbar verknad. Heving Leverandøren kan heva Avtalen dersom Kunden: - grovt misbrukar Tenesta, under dette brukar Tenesta til sjikane eller freistnader på å skaffa seg utrettmessig tilgong ressursar eller data, på leverandøren sine servere eller andre stader, eller - gjennom bruk av Tenesta utøvar handling eller unnlating som er i strid med gjeldande lovgjeving, eller - på annan måte enn gjennom bruk av Tenesta opptrer i strid med gjeldande lovgjeving eller reglar for skikk og bruk på internett, og dette har negative følgjer for Leverandøren eller hans kundar. Ved heving opphøyrer Partanes rettar og plikter i høve til denne avtalen og Kunden sin tilgang til og høve til å bruka Tenesta vert stengt. Før stenging vert satt i verk skal Kunden varslast skrifteleg og få høve til å uttala seg om forholdet. Varselet skal opplysa om årsaka til stenging, og fastsetja ein frist for å retta opp tilhøvet. Dersom omsynet til tryggleiken i nettet eller andre ekstraordinære forhold krev det, kan stenging likevel gjerast utan varsel på førehand.
Vidaresal Kunden kan ikkje vidareselja noko av funksjonaliteten i Tenesta eller overdra retter i denne avtalen til andre. Oppseiing og endring Det er 6 månaders bindingstid ved kjøp av Tenesta. Etter dette kan Partane sei opp avtalen med 3 månaders oppseiingstid. Dersom Kunden har førehandsbetalt for driftstid som ikkje er brukt når oppseiingstida utløper, vert innbetalt beløp tilbakeført for kvar ikkje påbyrja kvartal. Prisar kan endrast med 1 månads skriftleg varsel.