Eit fleirkulturelt samfunn



Like dokumenter
Et flerkulturelt samfunn:

Til deg som bur i fosterheim år

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

mmm...med SMAK på timeplanen


Informasjon til elevane

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Minnebok. Minnebok NYNORSK

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.


Jon Fosse. For seint. Libretto

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår?

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Brukarrettleiing E-post lesar

6. trinn. Veke 24 Navn:

Brødsbrytelsen - Nattverden

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Rapport Mandatory Assigment 06 Photo Essay. Malin Ersland Bjørgen

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Kva er økologisk matproduksjon?

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

uvanleg at ein deler nista og at alle smakar litt frå kvarandre.

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Menneskerettar og diskriminering. Del 1: Menneskerettar

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

PREPOSISJONAR... 2 Stad... 2 Tid... 6 Eigeforhold eller tilknyting... 9 Preposisjonar i faste uttrykk... 10

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Den europeiske samfunnsundersøkelsen hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

SPØRJEGRUPPE: HORNINDAL SKULE KLASSE

Kva vil det seie å vere buddhist?

Del 1 Ordklasser. ADVERB... 2 Måtesadverb... 3 Tidsadverb... 4 Stadadverb... 5 Gradsadverb... 7 Setningsadverb... 8 Gradbøying...

Om å høyre meir enn dei fleste

VI DELER Trusopplæring i Den norske kyrkja

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

OMSETJING AV TRANSNASJONALE DØVE

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Melding om behov for representant

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Psykologisk førstehjelp i skulen

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

Kom skal vi klippe sauen

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

Frå novelle til teikneserie

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Med tre spesialitetar i kofferten

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS


Plassebakken Barnehage

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

1. Fritid og bibliotek Hos legen Høgtider Mattradisjonar Sunnheit og kosthald Arbeidsliv...

Mors friluftsliv - nyttig og naturleg

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017

nynorsk fakta om hepatitt A, B og C

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

Elevundersøkinga 2016

Transkript:

Eit fleirkulturelt samfunn Hei! Eg heiter Mahammed. Eg er 15 år gammal. Eg er fødd i Somalia, og flytta hit til Noreg for 5 år sidan. Eg liker å spele fotball og gå ut med vener. Eg er eigentleg avhengig av fotball. Heime liker eg best å chatte på MSN. Ha det! Hei! Eg heiter Sivan. Eg er 16 år gammal, og eg er døv. Eg er fødd i Irak. Eg går no i 10. klasse på A.C. Møller skule. Hobbyane mine er å vere saman med vener og å ta bilete. Og eg er Rosenborgsupporter. Ha det! Hei! Eg heiter Heidi. Eg er 15 år. Eg er fødd i Molde og flytta hit til Trondheim for 9 år sidan. Eg går i 10. klasse no, på A.C.Møller skule. Hobbyane mine er slalåm, fotografering, treffe vener og masse andre ting. Ha det! Kultur Dei ungdommane vi møtte her, hadde ikkje så veldig ulike interesser. Dersom vi hadde spurt fleire, og også nokre eldre, ville vi truleg ha sett ein større variasjon i interesser, måtar å kle seg på og kva som er viktig for dei. Folk har ulik bakgrunn og har gjort ulike erfaringar som pregar måten dei tenkjer på og kva for val dei gjer. Språk, måtar å kle seg på, matskikkar, interesser, religion, og spørsmål om kva vi meiner er rett og gale, godt og dårleg, er emne vi forbind med kultur. Gjennom heile historia har nye folkegrupper kome til. Dei har blanda seg og utvikla det vi opplever som ein norsk identitet. I Noreg har det derfor alltid budd folk med litt forskjellig kultur. Dei første menneska som slo seg ned i Noreg for fleire tusen år sidan, var truleg samar. Dei budde over størstedelen av landet og levde av jakt og fangst. Seinare lærde dei seg å temje rein. Somme vart også fastbuande og dreiv jordbruk og fiske. Etter kvart kom nye folkegrupper frå sør, og den samiske kulturen vart trengt nordover. For om lag 1000 år sidan begynte ei folkegruppe i India å flytte på seg. Etter kvart kom dei til Europa og Noreg. Dei budde i telt eller husvogner og var sjeldan lenge på ein stad. Sjølv kalla dei seg romani, men andre kalla dei sigøynarar. Her i Noreg vart dei kalla tatarar eller splint. Heilt sidan 1100-talet har det også kome mange frå Tyskland og andre land i Europa for å drive handel, eller dei har vore ekspertar innan bergverk og industri. 1

Særleg frå 1700-talet begynte folk frå Finland å slå seg ned i kystområda i Finnmark og Troms. Språket deira var finsk, og dei vart kalla kvener. Alle desse folka som vart nemnde, hadde forskjellige tradisjonar og forskjellige språk. Noreg har derfor alltid vore eit fleirkulturelt land. Det er likevel særleg dei siste 30 40 åra dette har kome klart til uttrykk. Folk har kome til Noreg frå over 200 forskjellige land i verda. Dei har teke med seg sitt heimlands kultur med andre tradisjonar, klesskikkar, matvanar, musikk og religion. Folk i Noreg oppdaga at kultur kunne vere noko anna enn det dei var vande med. Samtidig vart dei kanskje også meir bevisste på sin eigen nedarva kultur. I den same tidsperioden er både døve sjølv og samfunnet elles blitt bevisste på at også døve har sin eigen kultur. Kvart år arrangerer ein Døves kulturdagar der døves teiknspråk, scenekunst og andre kulturuttrykk spelar ei viktig rolle. Flytting og flukt Så seint som for 50 år sidan var det mange i Noreg som ikkje hadde sett folk frå andre verdsdelar i levande live. Somme hugsar misjonærar som kom heim frå Afrika i følgje med ein afrikanar. Folk strøymde til for å sjå og oppleve denne personen. Språket var også merkelig, og misjonæren tolka det han sa. Max kom til Noreg våren 1970. Han fortel korleis han fekk jobb. Han og nokre andre innvandrarar kom spaserande på Karl Johan då politi og nokre fabrikkeigarar kom bort til dei og spurde om dei ville ha jobb. Det ville dei gjerne. Det var slik han fekk jobb på Veitvet kro. Seinare vart han intervjua av Akers Avis. Der fortalde han at han var godt nøgd med jobben, men budde under dårlege forhold på eit overfylt pensjonat. Berre nokre dagar seinare kom ein norsk familie og spurde om han ville bu hos dei. Dei budde i eit hus på Stovner, og han vart buande hos dei i fleire år, fortel han. - Eg var den første negeren på Stovner. Nordmenn kom bort til meg og tok på meg for å sjå om eg farga av, humrar han. I byane våre i dag møter vi dagleg mange som vi straks skjønar kjem frå andre delar av verda. Folk reiser mykje meir enn før. For 100 år sidan kunne det ta veker eller månader å reise frå Noreg til Japan. I dag tek det mindre enn eit døgn. Det har vorte enklare å busetje seg på ein ny stad eller å dra på ein stutt ferie. Utvandring innvandring I siste halvdel av 1800-talet utvandra mange nordmenn til Amerika. Her heime levde dei i fattigdom og hadde lite håp om at det skulle bli betre. Somme hadde også ei anna oppfatning enn kyrkja av kva kristendom var, og dei vart kritiserte og delvis forfølgde for dette. Dei hadde høyrt at i Amerika var det mogleg å arbeide seg opp til velstand, og der fekk dei ha si religiøse tru i fred. Nordmennene som utvandra, samla seg gjerne i "norske koloniar" og tok vare på språk, skikkar og tradisjonar frå gamlelandet. Mange stader var det vanleg å feire 17. mai. I New York er det ein bydel som heiter Brooklyn der det før budde mange med norsk bakgrunn. Dei heldt blant anna på norske matskikkar og hadde butikkar der dei selde typisk norske varer som lutefisk, lefse og brunost. Bydelen vart derfor i ein periode kalla "mysostkolonien". 2

Av ein liknande grunn fekk ei gate kallenamnet Lapskaus Boulevard. I denne gata låg det butikkar på rekkje og rad der dei selde typisk norske matvarer. Her budde mange som var komne frå Noreg, og det var like vanleg å høyre norske dialektar som engelsk. Det eigentlige namnet på gata var 8th Avenue. Dei siste tiåra har det vorte færre nordmenn her. I staden har det kome mange arabarar og kinesarar, og gata er omdøypt til Little Hong Kong. Nordmenn som reiste til Amerika, bygde også eigne kyrkjer, skolar og utdanningssenter, og det var mange foreiningar som arbeidde for å halde norsk kultur levande i det nye landet. Samtidig var dei borgarar av det nye landet og tok aktivt del i det amerikanske samfunnet. Du las nettopp om nordmenn som tidlegare utvandra til Amerika. I våre dagar flyttar folk til Noreg. På 1960-talet vart det funne olje under havbotnen i Nordsjøen. Det gjorde Noreg etter kvart til eit rikt land med stor økonomisk aktivitet. Det vart stort behov for arbeidskraft, og det vart lettare å få bra betalte jobbar her enn i mange andre land. Den første store bølgja av innvandrarar kom frå Pakistan. Etter ei tid vart det ikkje så mange ledige jobbar, og det vart innført innvandringsstopp i 1975. Dette vedtaket vart erstatta av ei eiga utlendingslov i 1988. Det betyr at det er bestemte kriterium for kven som får kome til landet og busetje seg her. Dei første pakistanarane som kom, var menn som kom hit for å søkje arbeid og tene pengar. Dei fleste av dei rekna med å reise tilbake til Pakistan seinare, men mange vart buande her og fekk etter kvart familiane sine hit. I følgje Statistisk Sentralbyrå budde det 27 675 personar med pakistansk bakgrunn i Noreg 1. januar 2006, dei fleste i Oslo. Frå 1994 har Noreg vore medlem av EØS,- det Europeiske Økonomiske Samarbeidsområde. Samarbeidet går blant anna ut på at borgarar i desse landa fritt kan dra til, og busetje seg i andre EØS-land. Etter år 2000 er det kome mange frå Polen og andre land i Aust-Europa for å søkje arbeid i Noreg. Mange av dei er handverkarar som det er stort behov for. Somme får også familiane med seg, men enno veit vi ikkje kor mange av desse som kjem til å bli buande fast. Flyktningar Naturkatastrofar, krig og valdelege konfliktar kan somme stader gjere det svært vanskeleg for menneska som bur der. Mange ser seg etter kvart nøydde til å flykte heimanfrå. - Etter den andre verdskrigen var 45 millionar menneske heimlause i Europa. - Då staten Israel vart oppretta i Palestina i 1948, kom det til krig mellom Israel og arabarane som budde i området. Det førte til at vel 700 000 palestinarar måtte flykte og har seinare budd i flyktningleirar i landa omkring. I åra som følgde, flykta minst like mange jødar frå arabiske land. Omtrent 600.000 av desse slo seg ned i Israel. - Då Pakistan vart oppretta som eigen stat i 1947, mot Indias vilje, vart 15 millionar drivne på flukt. - Den siste store flyktningbølgja i Europa kom då Jugoslavia vart delt i fleire statar. Framleis er det konfliktar og naturkatastrofar som driv menneske på flukt, dei fleste i Asia og Afrika. Kor mange som til ei kvar tid er tvungne til å forlate heimstaden, varierer, men ofte er det oppgitt at 40-50 millionar er på flukt. Over halvparten av desse er på flukt i sitt eige land. I FNs flyktningkonvensjon frå 1951 står det at ein flyktning er ein person som - fryktar forfølging på grunn av rase, religion, nasjonalitet, politisk oppfatning eller medlemskap i ei spesiell sosial gruppe, og - har kryssa grensa til eit anna land, og 3

- ikkje får vern i heimlandet. FN har eit eige kontor for flyktningar som har ansvar for å hjelpe dei som blir godkjent som flyktningar etter denne definisjonen. Kontoret blir leidd av ein høgkommissær. Rundt om i verda sit det rundt 10 millionar flyktningar i leirar og ventar på at dei skal få kome til eit land der dei kan bu i fred. Det norske Storting vedtok i 2005 at Noreg skulle ta imot 1000 slike flyktningar. Dei blir kalla overføringsflyktningar (tidlegare kvoteflyktningar). Asylsøkjarar Somme prøver sjølve å kome seg til eit anna land og be om å få bli der utan å gå vegen om flyktningleirane som FN driv. Dei er derfor ikkje godkjende som flyktningar etter FNs definisjon. Desse personane blir kalla asylsøkjarar. I 2004 kom om lag 8000 asylsøkjarar til Noreg. Mange prøver å komme seg til rike land i Europa eller Amerika utan at dei er forfølgde i heimlandet. Dei håpar berre at dei skal få det betre økonomisk. Dei som styrer i landa dei kjem til, også Noreg, er derfor ofte mistenksame til om asylsøkjarane verkeleg er forfølgde. Dersom dei meiner asylsøkjarane ikkje oppfyller vilkåra i FNs flyktningkonvensjon, blir dei ofte avviste og sende tilbake dit dei kom frå. Somme gonger kan dei likevel få opphald på humanitært grunnlag. Eksempel på dette kan vere at personen har ein sjukdom vedkomande ikkje kan få behandling for i heimlandet. Styresmaktene kan også ta omsyn til at heile livssituasjon blir svært vanskeleg dersom dei blir sende tilbake, særleg dersom det gjeld barn. Som vi ser, er det mange grunnar til at folk har kome til Noreg for å bu her. Desse menneska har teke med seg sitt heimlands kultur, og resultatet er at også Noreg har vorte eit fleirkulturelt samfunn. Kulturkonfliktar og integrering Det er forskjellige oppfatningar rundt om i verda om kva som er høfleg eller uhøfleg, og kva som er rett eller gale. I ein fotballkamp i VM 2006 vart ein spelar så sint at han skalla ned ein motspelar. Motspelaren hadde sagt noko stygt om systera hans. Sånt liker ikkje nokon av oss, men denne spelaren kom frå ein kultur der slikt var meir fornærmande enn vi kan tenkje oss. I KRL-timane har det i Noreg vore vanleg at barn teiknar både Jesus, Maria og Gud. Muslimar og jødar derimot meiner at ein ikkje skal teikne Gud eller heilage personar. Medan nordmenn gjerne et svineribbe julekvelden, meiner muslimar og jødar at svinekjøtt er ureint, og dei vil derfor ikkje ete det. Og hinduar meiner kua er eit heilagt dyr, og at det derfor er gale å ete kukjøtt. Døve liker ikkje høge lysestakar eller blomsterdekorasjonar på bordet. Men kan vi seie det til verten som har lagt så mykje arbeid i å pynte festbordet? Dei siste hundreåra har folk i Europa utvikla nokre verdiar dei meiner er svært viktige. Demokrati er éin slik verdi. Det betyr at alle medlemmer av eit samfunn skal få vere med å 4

bestemme. I andre kulturar, og i Europa tidlegare, er det vanleg at enkeltpersonar som kongar, keisarar og høvdingar, eller grupper av personar har det meste av makta og styrer i samfunnet. Individuell fridom er ein annan verdi som er lyfta fram i Europa i dei siste hundreåra. Den inneber at kvart enkelt menneske skal ha rett til å bestemme over sitt eige liv. Kvar enkelt skal ha rett til å tru og meine kva ein vil og gi uttrykk for det. Andre kulturar har vore meir opptekne av at storfamilien eller andre grupperingar skulle kome fram til ei felles meining. Då må den enkelte avgrense sin eigen fridom. Demokrati og individuell fridom har vore sett på som særlege europeiske eller vestlege verdiar. Når folk frå så ulike kulturar og med så ulike meiningar kjem saman, er det ikkje vanskeleg å forstå at det kan oppstå konfliktar. Opp gjennom historia har kulturar tørna saman, og det har i blant ført til krig og valdsbruk. Fordommar Somme gonger gjer vi oss opp ei meining om andre personar utan at vi veit noko sikkert om dei. Vi kallar det fordommar. Til vanleg er uttrykket negativt: Vi trur dårlegare om andre enn vi har grunnlag for. Slike fordommar kan lett føre til konfliktar mellom personar og grupper. Det er særleg minoritetsgrupper som vert ramma i slike konfliktar. Dei fleste land i Europa har behandla minoritetane sine dårleg. Heilt fram til rundt 1950 dreiv den norske stat ein sterk assimileringspolitikk overfor samane i Noreg. Denne politikken gjekk ut på at samane skulle gløyme den samiske kulturen og leve slik nordmenn flest gjorde. Dei skulle berre lære norsk og helst gløyme samisk. Tidlegare meinte ein at menneska kunne delast inn i rasar etter bestemte kjenneteikn. Ein meinte at afrikanarar, indianarar, europearar og kinesarar høyrde til forskjellige rasar. Dei trudde at mørk hudfarge også betydde at personen var annleis for eksempel når det gjaldt evner og måtar å vere på. No tenkjer ein ikkje slik lenger. Å meine at menneske med for eksempel ein annen hudfarge, eller kjem frå eit anna land, er dårlegare enn andre, og behandle dei annleis av den grunn, blir kalla rasisme. Det er forbode i følgje norsk lov (den såkalla rasismeparagrafen). Det er heller ikkje lov å true, gjere narr av eller vise forakt for nokon person på grunn av religion eller seksuell orientering. "26. januar 2001 står Benjamin Hermansen og ein kamerat utanfor ein butikk på Holmlia i Oslo ikkje langt frå der dei bur. Benjamin har afrikansk far og norsk mor og har derfor mørk hud. To unge menn kjem ut av ein bil. Dei verkar trugande, og Benjamin og kameraten finn det best å stikke av, men mennene følgjer etter dei. Benjamin vert stukke ned med kniv og døyr på staden." Dei to mennene som angreip han, var med i ei rasistisk gruppe som ikkje ville ha utlendingar til Noreg. Dei to vart seinare tekne og dømde til 18 og 17 års fengsel. Historia om Benjamin Hermansen er ei stygg historie om diskriminering på grunn av hudfarge. Folk hadde knapt trudd at slikt kunne skje i Noreg. Det vart arrangert store demonstrasjonar der bodskapen var at vi må bli flinkare til å godta dei som er annleis enn oss. 5

FNs menneskerettserklæring slår fast at alle menneske har same verd. Det gjeld utan omsyn til hudfarge, kjønn, språk, seksuell orientering, religion, livssyn eller kvar dei kjem frå. I staden for å diskriminere folk med ein annan kultur eller ein annan utsjånad, er ønsket frå norske styresmakter at dei skal integrerast i samfunnet. Integrering vil seie å godta dei som fullverdige medlemmer i samfunnet og respektere deira kultur og verdiar, samtidig som ein venter at dei respekterer det norske samfunnet sine lover, kultur og verdiar. Både styresmakter og alle som bur i Noreg, har ansvar for å legge til rette slik at kulturelle minoritetar blir integrerte. Å leve saman i eit fleirkulturelt samfunn Vi er alle forskjellige, og vi har våre tankar om korleis det er best å leve. Vi har fått ulik oppseding og har med oss ulike verdiar og tradisjonar heimanfrå. Kulturskilnader kan somme gonger bli vanskelege å takle. Synet på kvinna sin rolle i familie og samfunn varierer frå kultur til kultur. Måten vi kler oss på er forskjellig, og vi kan ha forskjellig religion eller livssyn. Dersom vi møter kvarandre med respekt og ei venleg haldning, kan vi lære av kvarandre. Kulturen er i stadig utvikling og endring. Norske matvanar har forandra seg svært mykje dei siste 20-30 åra. Tenk på alle ideane som vi har overteke frå folk som er komne hit til landet eller som nordmenn har fått kontakt med andre stader i verda! Kvar er opphavet til den maten du liker aller best? Veit du kvar pizzaen kjem frå? Pizzaen kjem frå Italia. Andre retter har vi fått frå land i Sør-Europa eller Asia. Veit du om nokon? Kvar vart din hårfrisyre eller måte å kle seg på først utvikla? Har du sjølv eller nokon i din familie bunad? Du har sikkert sett ein bunad. Det finnes mange forskjellige. Mange trur bunaden er typisk norsk eller har oppstått i den bygda familien kjem frå. Sanninga er heller at ein skreddar for lenge sidan prøvde å lage ein kopi av ei klesdrakt frå utlandet. Mange ord og uttrykk i det norske språket er "lånt" frå engelsk, tysk eller fransk, som igjen har lånt dei frå andre. No skal du få ei oppgåve. Kvar trur du ordet hot dog kjem frå? Klikk på det alternativet du meiner gir rett svar. Når du er ferdig, må du lukke Quiz-vinduet. Klikk på X. Nokre eksempel: Hot dog Skole Elev Betale Møbel Sukker Madrass Telefon Bag Pop Stadion Sjokolade Kompis Ski Svaralternativ: Dansk, engelsk, tysk Gresk, gammalnorsk, svensk Spansk, arabisk, fransk Tysk, engelsk, fransk Engelsk, fransk, latin Latin, indiansk, arabisk Arabisk, kinesisk, engelsk Dansk, gresk, tysk Engelsk, tysk, gammalnorsk Engelsk, tysk, svensk Engelsk, latin, gresk Engelsk, indiansk, fransk Svensk, engelsk, fransk Gammalnorsk, svensk, engelsk 6

I fleirkulturelle ungdomsmiljø har det oppstått mange nye ord: Baja (bror) - urdu / Whazzup? (Kva skjer?) - engelsk / Flus (pengar) - arabisk Også norsk teiknspråk har lånt teikn. Teikna for MOR og FAR med "strek" på panne og kinn er komne frå dansk teiknspråk. Teiknet I med veslefingerhand i tydinga "inni" er frå svensk teiknspråk. Svært mange teikn for land og nasjonar er lånt frå dei same landa sine teiknspråk. Slik er det med teiknet TYSKLAND (hjelmen) som har erstatta eit eldre norsk teikn (snurrebart). Teiknet USA med fletta fingrar er frå ASL. Dersom vårt fleirkulturelle samfunn skal få utvikle seg til eit meir spennande og mangfaldig samfunn, er det viktig av vi møter andre kulturar med ei positiv haldning utan fordommar. Det viktigaste er at vi møtest og blir kjende med erfaringane til kvarandre og forstår korleis andre tenkjer og ønskjer. Somme gonger er dette vanskeleg fordi vi ikkje forstår språka til kvarandre. Likevel kan det vere lurt å vere med og sjå korleis andre lever til kvardags, og korleis dei feirar høgtider. Trass i at vi har forskjellig kultur og kanskje er ueinige om mange saker, er vi også like. Vi har dei same behov for tryggleik, kjensle av å høyre til ein stad, og kjærleik. 7