KSL-STANDARD Versjon 11, oktober 2015 nynorsk SJEKKLISTE FOR EIGENREVISJON 9- Fjørfe Namn: Dato for utført eigenrevisjon: Produsentnr.: Underskrift: Spørsmåla i denne sjekklista er lovpålagte krav eller næringa sine tilleggskrav. 9.1 GENERELT Ja Nei Ikkje aktuelt 9.1.1 Egg: Sikrast det at egg frå frittgåande høner og egg frå høner i innreidde bur ikkje blir blanda? 9.1.2 Egg: Er rutinane i pkt. 9.1.1 dokumentert og godkjent av kvalitetsansvarleg ved eggpakkeriet? 9.1.3 Slaktekyllingproduksjon: Har dyrehaldar gjennomgått kurs i dyrevelferd for slaktekyllingproduksjonen? 9.1.4 Blir verpelister/daglister ført fortløpande og i samsvar med krava i Forskrift om hold av høns og kalkun? 9.1.5 Blir verpelister/daglister og annen dokumentasjon for produksjonen oppbevart i minimum tre år etter utslakting eller levering av innsetta? 9.1.6 Slaktekylling: Blir nødvendige produksjonsdata registrert i ein produksjonskontroll? 9.1.7 Slaktekylling ved produksjonstettleik over 33 kg pr. m 2 : Finst det oppdatert dokumentasjon som beskriv hus og utstyr i detalj? 9.1.8 Oppal av unghøner: Er verksemda sertifisert? 9.2 SMITTEFØREBYGGING 9.2.1 Blir alt inn/alt ut-prinsippet følgt? 9.2.2 Er det rutinar for å hindre smitteoverføring mellom forskjellige fjørfeproduksjonar og fjørfe med ulik alder? 9.2.3 Blir kravet om at det ikkje skal vere pryd- og hobbyfjørfe på gardsbruk med fjørfeproduksjon følgt? 9.2.4 Er kravet om varsling av Mattilsynet og iverksetjing av nødvendige tiltak ved mistanke om dyresjukdommar som er smittsame, som kan overførast og som er rapporteringspliktige, kjend og eventuelt følgt opp? 9.2.5 Egg: Har egglageret rampe med eigen inngang for eggtransportør? Tiltaksplan finn du lenger bak.
Ja Nei Ikkje aktuelt 9.2.6 Er det rutinar som sikrar at personar som har vore i kontakt med husdyrhald i utlandet, ikkje får tilgang til husdyrrom før det har gått minst 48 timer, og at personar som har vore i land med førekomst av eller mistanke om alvorleg smittsam fjørfesjukdom, ikkje får tilgang til husdyrrom før det har gått minst 72 timer? 9.2.7 Sikrast det at andre dyr, t.d. hundar og katter, ikkje slepp inn i fjørfehuset? 9.2.8 Er anlegget sikra mot inntrenging av rovdyr, smågnagarar og fuglar? 9.2.9 Blir fôr oppbevart utilgjengeleg for smågnagarar og fuglar? 9.2.10 Er det minst 2 meter vegetasjonsfri sone eller kortklipt plen rundt fjørfehuset? 9.2.11 Er det ryddig rundt hus, i eggpakkerom, egglager og andre birom? 9.2.12 Fjørfekjøtt: Sikrast det at beitande husdyr ikkje går inntil veggane på fjørfehuset? 9.2.13 Er det hygienesluse, og skifter alle klær og sko, samt desinfiserer/vaskar hender ved passering av hygieneslusa? 9.2.14 Blir hus, innreiing og utstyr reingjort, vaska og desinfisert mellom kvart innsett? 9.2.15 Blir gjødsel lagra slik at smitte ikkje spreiast, eller at det er fare for avrenning? 9.2.16 Blir det ført logg over alle besøkjande? 9.2.17 Blir dato for desinfeksjon og kva for middel som er brukt notert? 9.3 LUFT, LYS OG STRØ 9.3.1 Gir ventilasjonsanlegget tilfredsstillande klima i husdyrrommet til alle årstider? 9.3.2 Slaktekylling ved dyretetthet over 33 kg pr. m 2 : Blir krava til NH 3, CO 2, temperatur og luftråme overheldt? 9.3.3 Kan lyset i dyrerommet dimmast? 9.3.4 Slaktekylling: Er lysstyrken minst 20 lux på 80 % av dyrearealet? 9.3.5 Blir strø og anna som skal inn i huset lagra, transportert og lagt inn slik at smitte ikkje blir drege inn? 9.3.6 Er det rutinar for å halde strøet tørt og laust? 9.3.7 Egg: Blir strøbada i innreidde bur etterfylt? 9.3.8 Blir lysprogrammet sin daglengde, lysstyrke og endringar i dette dokumentert? 9.3.9 Egg: Blir tidspunkt for etterfylling av strø, samt opning og lukking av strøbad i innreidde bur, dokumentert? 9.4 INNSETTING AV DAGGAMLE KYLLINGAR ELLER UNGHØNER 9.4.1 Stammer dyrematerialet frå importør som følgjer fjørfenæringa sine tilleggskrav ved import? 9.4.2 Er det rutinar som sikrar at personell frå kyllingbilen ikkje går inn i fjørfehuset? 9.4.3 Blir det ført kontroll med at talet på dyr pr. m 2 (høner, livkylling) eller dyra si levandevekt i kg pr. m 2 (slaktekylling, kalkun) er innanfor kravet i forskrifta? 9.4.4 Egg: Kan det leggast fram deklarasjon for unghønene? 9.5 FÔR OG VATN 9.5.1 Er det rutinar for å sjekke at fôr- og vasstilførsel fungerer? 9.5.2 Blir fôrprøver og varedeklarasjon/fôrsetel for innkjøpt kraftfôr teke vare på? 9.5.3 Fjørfekjøtt: Blir det dei siste dagane før slakting berre brukt fôr utan koksidiostatika?
Ja Nei Ikkje aktuelt 9.5.4 Egg og oppal av unghøner: Blir det gjort noko for å sysselsetje frittgåande høner slik at åtferdsproblem blir førebygd? 9.5.5 Fjørfekjøtt og oppal av unghøner: Blir dyra si vektutvikling registrert? 9.5.6 Blir vassforbruket registrert dagleg? 9.5.7 Held vatnet drikkevasskvalitet? 9.5.8 Fjørfekjøtt: Blir tidspunkt for start av sluttfôring notert i daglistene? 9.6 HELSE OG SJUKDOM 9.6.1 Har dyra tilsyn minimum 2 gonger om dagen? 9.6.2 Er det rutinar for å oppdage og avlive dyr som ikkje kan lækjast eller som er sterkt svekka? 9.6.3 Blir eventuelle døde dyr fjerna dagleg og snarast mogleg frå dyrerommet? 9.6.4 Skjer midlertidig oppbevaring av daude dyr fryst på egna stad isolert frå dyrerom og egglager? 9.6.5 Blir kadaver levert til godkjent mottak eller brent i godkjent forbrenningsanlegg? 9.6.6 Blir KSL-medisinstandard følgt? 9.6.7 Er det etablert rutinar som sikrar slakteriet tilgang til matkjedeinformasjon frå din besetning 24 timer før slakting? 9.6.8 Blir det gitt melding til eggpakkeriet/slakteriet om eventuelle fristar for tilbakehalding dersom dyra er medisinert? 9.6.9 Blir det teke salmonellaprøver i samsvar med forskrift? 9.6.10 Fjørfekjøtt: Blir det teke campylobacterprøver i samsvar med gjeldande retningslinjer? 9.6.11 Egg og oppal av unghøner: Blir blodmiddsituasjonen overvaka? 9.6.12 Egg og oppal av unghøner: Er det iverksatt tiltak for å redusere eventuelle problemer med blodmidd? 9.6.13 Oppal av unghøner: Sikrar praksis at oppalar informerer eggprodusent tidlegast mogleg ved førekomst av blodmidd? 9.6.14 Er det teikna avtale med veterinær om helseovervaking i besetningen? 9.6.15 Slaktekylling: Er det gjennomført helseovervakingsbesøk av veterinær i løpet av dei siste 12 månadene? 9.7 EGGHANDTERING Gå til punkt 9.8 dersom det ikkje er eggproduksjon på føretaket. 9.7.1 Blir egga samla dagleg, sortert og pakka i samsvar med krava frå eggpakkeriet, og straks overført til kjølerom? 9.7.2 Blir bransjen sine retningslinjer ved eventuell vasking av egg følgt? 9.7.3 Blir egga lagra i egglager ved temperatur på 8-12 C? 9.7.4 Blir tom eggemballasje oppbevart tørt, luktfritt og best mogleg sikra mot skadedyr og insekt? 9.7.5 Er egglageret laga av materialar som ikkje sett lukt eller smak på egga? 9.7.6 Er det berre egg og eggemballasje som blir oppbevart på egglageret? 9.8 LEVERING AV DYR TIL SLAKTERIET/LEVERING AV UNGHØNER 9.8.1 Har dyra tilgang til vatn heilt fram til plukking startar?
Ja Nei Ikkje aktuelt 9.8.2 Egg og fjørfekjøtt: Er dyra utan fôr minimum 6 og maksimum 12 timer før slakting startar? 9.9 AVLIVING AV VERPEHØNER PÅ GARDEN Gå til punkt 9.10 dersom det ikkje er avliving av verpehøner på garden. 9.9.1 Blir Mattilsynet varsla på førehand om at avliving skal skje? 9.9.2 Har dyra tilgang til fôr og vatn heilt fram til plukking startar? 9.9.3 Er det rutinar som sikrar skånsam plukking og bæring? 9.9.4 Blir det gitt opplæring i riktig handtering av dyr, og har eigar/røkter oppsyn under plukkinga? 9.9.5 Står ein kyndig person for avlivinga? 9.9.6 Blir kadaver levert til godkjent mottak? 9.10 ALARMSYSTEM, NAUDLØYSINGAR OG BRANNVERN 9.10.1 Er det installert brannvarslingsanlegg og brannsløkkingsutstyr i fjørfehuset? 9.10.2 Har fjørfehuset alarm som varslar straumbrot og for høg eller for låg temperatur? 9.10.3 Blir alarmen kontrollert etter behov og minst ein gong i veka? 9.10.4 Fjørfekjøtt og oppal av unghøner: Finst det ein plan for funksjonstesting av naudstrømaggregat? 9.10.5 Finst det rutinar som sikrar at dyra sine behov blir teke vare på ved straumbrot og ved stopp i ordinær vasstilførsel? 9.10.6 Blir det gjennomført fagleg kontroll av det elektriske anlegget minimum kvart 3. år? 9.11 KRAV FRÅ RÅVAREKJØPAR (VAREMOTTAKAR) 9.11.1 Blir krava frå råvarekjøpar følgt?
Tiltaksplan KRAV NR. FORBETRINGAR/TILTAK ETTER EIGENREVISJON Frist dato Utført dato
Rettleiarar og sjekklister utgjer til saman KSL-standarden, og begge skal brukast når ein gjennomfører eigenrevisjonen. Rettleiarane finn du på våre nettsider, eller dei kan bestillast frå Matmerk. Utfyllande informasjon om gjennomføring av eigenrevisjon finst i sjekkliste og rettleiar 1 Generelle krav til garden. Eigenrevisjonen er enklast å gjere på KSL-bondeweben Din egen gard (pålogging ksl.no - Logg inn KSL ). Her er rettleiar, lovverk og tiltaksplan direkte knytt til sjekklista. MATMERK Besøksadresse: Tollbugt. 32 Postboks 487 Sentrum 0105 Oslo Telefon: 24 14 83 00 ksl@matmerk.no ksl.no