RETTLEIAR KSL-STANDARD. 9 - Fjørfe. Versjon 11, oktober 2015 nynorsk

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "RETTLEIAR KSL-STANDARD. 9 - Fjørfe. Versjon 11, oktober 2015 nynorsk"

Transkript

1 KSL-STANDARD Versjon 11, oktober 2015 nynorsk RETTLEIAR 9 - Fjørfe Foto: Nortura SA KSL-standarden omfattar både sjekklister og rettleiarar, som begge skal brukast ved eigenrevisjon.

2 Rettleiing til sjekklista 9.1 GENERELT 9.1.1/ Egg: Forbrukarane skal ha sikkerheit for at egg er produsert under den driftsforma dei blir marknadsført å vere frå. Nokre gardar har eggproduksjon både i innreidde bur og i frittgåande system. På desse gardane er det viktig at det finst gode rutinar som sikrar at egga ikkje blir blanda saman Slaktekylling: Dyrehaldar som har slaktekylling skal ha gjennomgått kurs i dyrevelferd for denne driftsforma. Innhaldet i kurset skal dekkje krava i forskrift om hold av høns og kalkun og ha fokus på dyrevelferd med særleg vekt på: regelverket for hald av slaktekylling fysiologi, medrekna behovet for fôr og vatn, dyra sin åtferd og årsaker til stress dyrevelferdsmessig forsvarleg handtering av fjørfe, plukking, lasting og transport kritiske situasjonar for dyra, medrekna avliving og naudslakting førebyggjande helsearbeid og smitteførebygging Mattilsynet har godkjent Nortura sin Fjørfeskole og Kjøtt- og fjørfebransjens Landsforbund (KLF) sin Kompetanseskole til dette formålet / Verpelister, daglister, besøksjournal og anna registreringsverktøy skal førast i samsvar med krava i forskrift om hold av høns og kalkun og med andre noteringar som produsenten sjølv finn relevante. Minstekrav til dokumentasjon er: dato for innsett opphavet til dyra - egg: Rugeri og oppalar - fjørfekjøtt og oppal av unghøner: Rugeri tal på innsette dyr bruksareal yting - egg: Totalt tal på egg og golvegg - dyra si vektutvikling tal på daude dyr om mogleg også med opplysing av dødsårsak tal på avliva dyr, med oppføring av årsak til avlivinga fôrleverandør leveringsdato for innkjøpt fôr fôrforbruk (ev. fôrkjøp dersom ein ikkje har fôrvekt) vassforbruk fôring med andre fôrmidlar endring av lysdag og justering av lysstyrke logg over alle besøk hakking, fjørplukking og andre åtferdsproblem egg: tidspunkt for etterfylling av strø, opning og lukking av sandbad i innreidde bur teknisk inspeksjon og funksjonstesting av ventilasjonsanlegg, alarmsystem og naudstraums aggregat eventuell innsending av blodprøver eller daude dyr for obduksjon. Ta vare på obduksjonsrapportar og prøvesvar eventuell bruk av medisinar, vaksinar, vitamintilsetning eller liknande. Ved bruk av medisinar skal dato for behandling, type og mengd medisin og om fristar for tilbakehalding blir overheld dokumenterast. Reseptar skal oppbevarast i minimum fem år dato for innsending av salmonellaprøver fjørfekjøtt: dato for innsending av campylobacterprøver tal på dyr som er igjen i flokken når dyr eventuelt er plukka ut for sal eller slakting Fjørfe

3 Å kunne dokumentere at produksjonen har gått føre seg i samsvar med krava, er ein viktig del av kvalitetssystemet. Slik dokumentasjon er viktig både i forhold til offentlege myndigheiter og overfor forbrukarar/kundar. God dokumentasjon og bruk av produksjonskontroll/effektivitetskontroll vil dessutan gi følgjande fordeler: moglegheit for rask reaksjon dersom det oppstår feil moglegheit for å analysere årsakene til eventuelle dårlege resultat moglegheit for å unngå gjentekne feil står sterkare overfor leverandørar dersom det oppstår produksjonssvikt kan samanlikna resultat frå innsett til innsett kan vurdere eigne resultat i forhold til andre sine Krava i denne standarden gjeld for eggproduksjon der egga blir levert til godkjent eggpakkeri. Ved direktesal av egg til forbrukar, gjeld eit meir omfattande regelverk, ta kontakt med Mattilsynet lokalt for informasjon. Såkalla småsal til nærmiljøet i eggbrett utan lokk er likevel ikkje omfatta av dette. Med ein gong ein set lokk over eller tek plast om egga stillast det krav om at egga som er i pakningen skal vere vurdert av eggpakkeriet (produsenten), helst ved gjennomlysing. Når egget er pakka på denne måten, blir det ikkje lenger rekna som primærprodukt, og produsenten må godkjennast som eggpakkeri Slaktekylling: Nødvendige produksjonsdata skal kontinuerleg registrerast i produksjonskontroll levert og godkjent av Nortura eller Kjøtt- og fjørfebransjens Landsforening (KLF) Slaktekylling, dersom det skal produserast med tettleik over 33 kg pr. m 2 : Produsenten pliktar da til ei kvar tid å ha tilgjengeleg oppdatert dokumentasjon som beskriv hus og utstyr i detalj; Denne skal omfatte størrelsen på tilgjengeleg areal for dyra, type strø, ventilasjonsplan med styringsverdiar og tekniske opplysingar, fôrings- og vatningsanlegg, alarm- og backupsystem. Teknisk inspeksjon av ventilasjons- og alarmanlegg skal dokumenterast Oppal av unghøner: Fjørfeverksemder som byr fram levande fjørfe og rugeegg skal vere sertifisert av Mattilsynet. Eige oppal treng ikkje å vere sertifisert. --Lov om dyrevelferd --Forskrift om sertifisering av fjørfevirksomheter --Forskrift om kontrolltiltak for restmengder av visse stoffer i animalske næringsmidler, produksjonsdyr og fisk for å sikre helsemessig trygge næringsmidler (restkontrollforskrifta) --Forskrift om næringsmiddelhygiene (næringsmiddelhygieneforskrifta) --Forskrift om velferd for produksjonsdyr --Forskrift om merking mv av næringmidler --Forskrift om allmenne prinsipper og krav i næringsmiddelregelverket (matlovsforskrifta) 9.2 SMITTEFØREBYGGING 9.2.1/ Helsetilstanden til fjørfe i Noreg er svært god. Noko av forklaringa er at vi i fleire tiår har 9.2.2/ praktisert spesialisert produksjon der fjørfe av ulik type og alder blir haldne fråskilde. Dermed unngår ein at unge dyr blir smitta med smittestoff frå eldre dyr. Ved å praktisere alt inn/alt ut-prinsippet blir smittesyklusar brotne og oppbygging av smittestoff blir hindra. I hobby- og prydfjørfemiljøet kan det finnast smittestoff som vi ikkje ønskjer inn i kommersiell fjørfeproduksjon. Det er derfor viktig at ein unngår kontakt med desse miljøa Verksemda skal varsle Mattilsynet med ein gong dersom det er mistanke om smittsam dyresjukdom som kan gi vesentlege konsekvensar for samfunnet. Det skal strakt setjast i verk nødvendige tiltak for å førebyggje, redusere eller eliminere eventuelle skadeverknader Egg: Det er viktig å sikre at eventuell smitte frå andre gardar ikkje kjem inn i fjørfehuset. Eigen inngang for eggtransportør er her eit viktig tiltak I mange land er det fjørfesjukdomar som vi ikkje ønskjer å få inn i Noreg. Serleg aktsemd skal derfor utvisast når det gjeld personar som nyleg har vore i utlandet. Dette gjeld turistar og utanlandsk sesonghjelp, så vel som garden sine eigne folk Hundar, katter og andre dyr kan vere berarar av smittestoff som vi ikkje ønskjer inn i fjørfehuset. 9 - Fjørfe 3

4 9.2.8/ Rovdyr, smågnagarar og fuglar kan overføre smitte til fjørfeflokken. Fuglar og smågnagarar blir tiltrekt av fôrrestar, og smågnagarane trivst i tillegg godt der dei kan finne skjul / Vegetasjonsfri sone/kortklipt plen rundt huset gjer området mindre attraktivt for skadedyr. Av den grunn er det viktig å halde det reint og ryddig i og rundt huset, og sørgje for at anlegget er sikra mot inntrenging av skadedyr Fjørfekjøtt: Husdyr, kjæledyr, fuglar og ville dyr kan vere friske berarar av campylobacter. Internasjonal forsking reknar andre dyr på garden som ein betydeleg risikofaktor for at kyllingar blir smitta. Undersøkingar har påvist campylobacter hos ein tredjedel av undersøkt storfe. Ein må derfor alltid ta høgde for at storfe har campylobacter Bruk av hygienesluser er ein føresetnad for å oppretthalde god helsetilstand i norsk fjørfeproduksjon. Alle som skal inn i huset, både røktar og besøkjande, skal bruke hygieneslusa for å hindre at smittestoff frå miljøet rundt eller frå andre besetningar kjem inn i huset. Hygienesluse krev fysisk skilje mellom rein og urein sone. Skiljet skal vere tett til golv. Ved passering av hygieneslusa skal ein skifte fottøy og klede eller bruke overtrekkssko og dress, og ein skal vaske og desinfisere hender I forskrift om hold av høns og kalkun ( 20) er det eit krav at det skal reingjerast og desinfiserast mellom kvart innsett. Reingjering og desinfeksjon mellom kvart innsett er med på å oppretthalde god helsetilstand i den norske fjørfepopulasjonen, ved at huset blir nullstilt og oppbygging av smittestoff blir hindra. Ved reingjering oppnår ein både å fjerne smittestoffa og å fjerne næringsgrunnlaget for dei. For å oppnå effekt av desinfeksjonsmiddel er det ein føresetnad at hus, utstyr og innreiing først er gjennom ei grundig grovreingjering, blautgjering og vask/etterskyljing. Det er også viktig å følgje bruksrettleiinga for desinfeksjonsmidla i forhold til konsentrasjon på bruksløysinga, kor lang tid den skal virke og temperatur. Tida som huset står tomt etter desinfeksjon og fram til neste innsett, bidreg til ytterlegare reduksjon av attverande smittestoff, ved at desse ikkje har tilgang til næring eller dei blir øydelagde som følgje av påverknad av lys, tørke og andre forhold Gjødsel frå føregåande innsett kan innehalde smittestoff som ein ikkje ynskjer inn i huset ved nytt innsett. Fuglar, smågnagarar og insekt kan overføre smitte. For å sikre seg best mogleg mot slik smitte skal gjødsel lagrast på følgjande måtar: gjødselkjellar, gjødselkum eller gjødselhus. Ved utandørs lagring skal gjødsla lagrast minimum 50 meter frå fjørfehuset der det ikkje er fare for avrenning. Fjørfekjøtt: Undersøkingar har vist at campylobacter frå deponert gjødsel kan spreiast til gardar i ein omkrins på eit par kilometer. Det er ikkje uvanleg med eit yrande fugleliv på strø som er deponert ute. For å hindre smitte av campylobacter hos slaktekylling, er det anbefalt å dekke til og/eller kalke strøet, slik at fuglar ikkje ber smitten vidare Besøkslogg gir oversikt over kven som har vore i fjørfehuset til kva for tidspunkt. Det gir større moglegheit til å spore smitten ved sjukdomsutbrot. Besøkslogg skal minimum førast over besøkjande som passerer hygieneslusa, men helst over alle besøkjande (også dei som berre oppheld seg i urein sone). Besøksloggen kan førast i eiga bok eller ved å notere i verpelister/daglister Dato for desinfeksjon og kva for middel som er brukt skal kunne dokumenterast. --Forskrift om gjødselvarer mv. av organisk opphav --Forskrift om bekjempelse av dyresjukdommer 9.3 LUFT, LYS OG STRØ Uheldige konsentrasjonar av gassar er skadeleg for både dyr og røktar. Høge konsentrasjonar av ammoniakk er vist å gi redusert tilvekst og økt fôrforbruk. Ammoniakk kan lamme eller øydeleggje flimmerhåra i luftvegane, som er ein del av kroppen sitt forsvar mot støv, virus og bakteriar. Dette gir auka fare for luftvegsinfeksjonar. Høge konsentrasjonar av ammoniakk kan også gi augeskadar. Ammoniakkutvikling i fuktig strø kan gi sviskadar på tråputer og bryst. Gasskonsentrasjonen i lufta skal berre unntaksvis overstige 25 ppm ammoniakk (NH 3 ) og Fjørfe

5 ppm karbondioksid (CO 2 ). Med unntaksvis meiner ein spesielle situasjonar som til dømes ved utkjøring av gjødsel, eller på unormalt kalde dagar. Ein kan få kjøpt enkelt måleutstyr. Rådgivarar og andre har som regel slikt måleutstyr, og kan vere behjelpelige med målingar. Opplever ein vedvarande problem med for høge gasskonsentrasjonar, bør ein vurdere tiltak for å betre luftkvaliteten. Dette kan vere å sette inn tilleggsvarme slik at ein får ventilert meir, eller hyppigare utgjødsling i system med gjødselband (innreidde bur og aviar). I golvsystem med gjødselkassar bør ein vurdere løysingar som gjer utgjødsling i løpet av innsettet mogleg. Fjørfekjøtt: Ventilasjonsanlegget skal i følgje forskrift om hold av høns og kalkun ha ein kapasitet på minimum 4 m 3 pr. kg levandevekt pr. time til slaktekylling, og minimum 3,4 m 3 pr. kg levandevekt pr. time til kalkun Ved oppdrett av slaktekylling med tettleik over 33 kg pr. m 2 gjeld føljande krav: Den ansvarlege for dyrehaldet skal forsikra seg om at kvart hus er utstyrt med ventilasjonsanlegg og varme- eller kjølesystem dersom det er nødvendig. Dette skal sikre at: konsentrasjonen av ammoniakk (NH 3 ) ikkje overstig 20 ppm og konsentrasjonen av karbondioksid (CO 2 ) ikkje overstig 3000 ppm målt i høgde med hovuda til kyllingane temperaturen i dyrerommet ikkje overstig utetemperaturen med meir enn 3 o C, når temperaturen ute målt i skuggen er meir enn 30 o C gjennomsnittleg relativ luftråme målt inne i husdyrrommet gjennom 48 timer ikkje overstig 70 % når temperaturen ute er under 10 o C Riktige gasskonsentrasjonar kan sikrast ved at ein kan dokumentera eit korrekt dimensjonert ventilasjonsanlegg, som i tillegg haldast ved like og driftast slik som det skal. Det er fornuftig å foreta kontrollmålingar iblant, dette for å sjekke at ventilasjonsanlegget er riktig dimensjonert og innstilt slik at ein er sikra riktig luftkvalitet. Ein vedlikehaldsavtale med leverandør av ventilasjonsanlegg kan vere fornuftig, desse har utstyr til måling av undertrykk, luftstrømmar og gasskonsentrasjonar, og kan bidra til finjustering av anlegget / Lyset skal tilpassast dyra sin naturlege døgnrytme. Lysprogrammet skal etter dei første dagane med tilvenning følgje ein 24 timars syklus og inkludere 1 ubroten mørkeperiode på minst 8 timar. Slaktekylling skal ha ein ubroten mørkeperiode på minst 6 timar, eller 2 ubrotne mørkeperiodar som kvar skal vere på minst 4 timar. Krava til mørkeperiode kan berre fråvikast når det er nødvendig av dyrevernmessige grunnar. Dyra og deira åtferd blir påverka av lys. Ved åtferdsproblem som fjørplukking, hakking, uro og hysteri er det viktig å kunne dimme lyset for å redusere problemet. Lyset må kunne dimmast ned til eit minimum (1-2 lux). Tilstrekkeleg mørkeperiode er nødvendig for å sikre dyra tilstrekkeleg kvile, og for at dei biologiske prosessane skal kunne fungere normalt. Det skal sikrast at lyset er jamt fordelt i fjørferommet. Lysstyrken må regulerast etter dyra sin åtferd, og lyskjelda skal derfor kunne dimmast For slaktekylling skal lysstyrken målt i dyra si augehøgd vere minst 20 lux på 80 % av det arealet som er tilgjengeleg for dyra. Demping av lyset ut over dette kan berre skje etter tilråding frå veterinær Strøet kan dra med seg smittestoff inn i huset. Lagring og handtering av strøet skal derfor skje på ein måte som minimerer denne risikoen. Det skal brukast friskt, tørt og muggfritt strømateriale. Kutterflis skal vere frå ubehandla materialar. Ein må tenkje smittehygiene for alt ein skal ta med inn i huset. Dette gjeld også materialar for sysselsetjing og fremjing av miljøet Strø er definert i forskrift om hold av høns og kalkun ( 3) som løst materiale, for eksempel sand, grus, flis, halm og torv, som er egnet til at dyra kan tilfredsstille atferdsmessige behov som hakking, skraping og sandbading. Å halde strøet tørt og laust er m.a. viktig for å oppretthalde sunne tråputer, og for at dyra skal ha noe å sysselsette seg med framfor å hakke på kvarandre. For verpehøner har tørt strø også betyding for kvaliteten på egga, fordi egga lett kan bli skitne når hønene går med våte og skitne bein inn i reira. Tildeler ein til dømes litt nytt strø eller heilt korn i strøet, vil ein bidra til auka aktivitet med hakking og skraping, noe som er gunstig for strøkvaliteten. Ved problem kan ein sjølv arbeide med strøet med ei rive eller liknande. Ein bør så langt som mogleg halde strøet tørt og laust over heile arealet gjennom heile innsettet Egg: I innreidde bur skal hønene ha tilgang på strøbad som stimulerer til å hakke, skrape og sandbade. Dette er viktig for dyra sin velferd, og bidreg til å halde fjørdrakta i god stand gjennom 9 - Fjørfe 5

6 innsettet. Strøbadet skal vere tilgjengeleg i størst mogleg del av lysdagen Bruken av lysprogrammet, som daglengd og lysstyrke, skal dokumenterast Strøbadet skal etterfyllast ved behov, og etterfylling skal dokumenterast. Tidspunkt for opning og lukking av strøbad i innreidde bur, skal også dokumenterast. 9.4 INNSETTING AV DAGGAMLE KYLLINGAR ELLER UNGHØNER Daggamle kyllingar og unghøner skal vere kjøpt frå sertifisert leverandør. Gjennom Kontrollutvalg Import Fjørfe (KIF) stiller norsk fjørfenæring tilleggskrav ved import av dyremateriale. Formålet med denne frivillige importkontrollen er å oppnå eit forpliktande samarbeid mellom aktørane i fjørfenæringa, som førebygger at uønska smittestoff og sjukdommar kjem til Noreg ved import av levande fjørfe. Sjå animalia.no for meir informasjon For å hindre smitteoverføring mellom produsentar og frå produsent til rugeri/oppalar, er det viktig at personell frå transportbilen ikkje er inne i fjørfehuset ved levering av kyllingar eller unghøner Forskrift om hold av høns og kalkun regulerer dyretettleik og andre krav til innreiing som golvhelling, vagleplass, kloslipar, fri høgde mv. Slaktekylling: Det er viktig å følgje med på kva som er den reelle dyretettleiken (kg levande vekt pr. m 2 ) til flokken i høve til den lovlege dyretettleiken til huset, slik at nødvendige tiltak kan setjast i verk dersom ein står i fare for å bryta grensa for lovleg belegg. Slaktekalkun: For kalkun til kjøttproduksjon skal dyretettleiken ikkje overstige 38 kg levande vekt pr. m 2 når dyra sin gjennomsnittlege levande vekt ligg under 7 kg. Når gjennomsnittleg levande vekt ligg over 7 kg, skal dyretettleiken ikkje overstige 44 kg pr. m 2. Verpehøner: I innreidde bur skal det vere minst 850 cm 2 burareal pr. dyr, og av dette minst 675 cm 2 bruksareal. I lausdrift (frittgåande) skal det vere maksimum 9 dyr pr. m 2 bruksareal. Avlsdyr: Avlsdyr i lausdrift: For avlsdyr av tamhøns av verperase gjeld dei same krava som for verpehøner i lausdrift. For avlsdyr av tamhøns av slakterase skal dyretettleiken ikkje overstige 7 dyr pr. m 2. Avlsdyr i bur: For avlsdyr av tamhøns av verperase og slakterase gjeld dei same krava som for verpehøner i innreidde bur. For avlsdyr av slakterase skal dyretettleiken ikkje overstige 6 dyr pr. m 2. Avlsdyr kalkun: Ved oppdrett av kalkunar som skal brukast som avlsdyr, skal dyretettleiken ikkje overstige 4 høner pr. m 2, og ikkje overstige 2 hanar pr. m 2. Livkylling: Ved oppdrett av livkylling i bur skal dyretettleiken ikkje overstige 28 dyr pr. m 2 etter 5 vekers alder, og ikkje overstige 15 dyr pr. m 2 etter 17 vekers alder. ved oppdrett i fleiretasjesystem skal dyretettleiken ikkje overstige 24 dyr pr. m 2 bruksareal etter 5 vekers alder og fram til 16 vekers alder ved oppdrett etter 16 vekers alder skal dyretettleiken ikkje overstige 22 dyr pr. m 2 bruksareal ved oppdrett av livkylling i lausdrift skal dyretettleiken ikkje overstige 15 dyr pr. m 2 etter 12 vekers alder, og ikkje overstige 12 dyr pr. m 2 etter 17 vekers alder. Dette kan fråvikast ved tilvenning i verpehuset Bruksareal er flateareal tilgjengeleg for dyra, reirarealet inngår ikkje i bruksarealet. For økologisk produksjon gjeld spesielle krav, konferer Debio. Frå 1. juli 2013 må ein vere knytt til Dyrevelferdsprogram slaktekylling dersom ein skal produsera over 25 kg levandevekt pr. m Fjørfe

7 Dyrevelferdsprogrammet har fire element: 1. helseovervakningsavtale med regelmessig veterinærbesøk 2. gjennomførte KSL-revisjonar (årleg eigenrevisjon og ekstern revisjon kvart tredje år) med lukking av avvik innan fristen 3. deltaking i produksjonskontroll 4. tråputeregistreringar på slakteria Har du punkta 1-3 på plass, vil det vere oppnådde tråputepoeng som bestemmer kor høg tettleik du har lov til å produsera under, med øvre grense 36 kg levandevekt pr. m 2. Hovudprinsippet er at gode tråputeresultat gir høve til høgare tettleik, medan dårlege resultat gjer at ein må senke tettleiken det påfølgande innsettet. Tråputepoeng for innsett delast inn i tre nivå: Nivå A (tilfredsstillande): poengsum 0-80 Nivå B (ikkje tilfredsstillande): poengsum Nivå C (uakseptabelt): poengsum Tiltak ved ulike tråputenivå: Nivå A: Ingen tiltak, men driftseininga tek i mot tilbod om rådgiving frå sin råvarekjøpar ved over 40 i tråputepoeng. Nivå B: Tiltak produsenten skal straks søkje råd hos besetningsveterinær, ventilasjonsfirma og/eller hos annan rådgivar med relevant kompetanse. Det skal setjast opp ein plan for oppfølging og gjennomføring av tiltak/lukking av avvik tiltaksrapporten, inkludert produsenten sin plan for oppfølging av tiltak, sendast på førespurnad til råvarekjøpar ytterlegare besetningsoppfølging ved gjentatt nivå B vurderast av produsenten i samråd med besetningsveterinær Nivå C: Tiltak som ved nivå B I tillegg kjem opp- og nedjusteringane av maksimalbelegget beskrive under. Oppnådde tråputepoeng påverkar tettleiken slik: Tillate maks. belegg Oppnådd nivå Konsekvensar for maks. belegg i etterfølgjande innsett Over 25 kg t.o.m. 33 kg Eitt innsett med nivå A Auke med maks. 2 kg Over 33 kg t.o.m. 36 kg Tre innsett på rad med nivå A Auke med maks. 2 kg Over 25 kg t.o.m. 36 kg Eitt innsett med nivå B Unntak: Etter fire innsett på rad med nivå A, gir eitt innsett med nivå B Reduksjon med 3 kg Ingen endring Over 25 kg t.o.m. 36 kg Eitt innsett med nivå C Reduksjon med 5 kg Med etterfølgjande innsett meiner ein nye kyllingar som blir sette inn i same dyrerom på eit tidspunkt der ein i samråd med rugeri har hatt moglegheit til å justere talet på kyllingar. Nokre gonger blir det første innsett etter, andre gonger det deretter Egg og oppal av unghøner: Eit godt oppal er viktig for å behalde helse og uthaldet hos verpehønene gjennom heile produksjonsperioden. Riktig vektutvikling på livkyllingen står her sentralt. Vidare kan flytting frå oppalshus til nytt miljø hos eggprodusenten opplevast stressande for dyra. Flytting i rimeleg tid før verpinga tek til er også viktig, slik at hønene får tid til å tilpasse seg sitt nye miljø. Oppverpingsfasen er ei stor påkjenning for hønene med raskt aukande hormonproduksjon og hurtig vekst av eggleggingsorgana. minst ei veke før levering skal eggprodusenten ta imot råd frå oppalar om korleis forholda skal leggast til rette for å gjere overgangen så gunstig som mogleg for unghønene. Dette inneber minimum informasjon om fôr og temperatur i huset, i tillegg til opplysingar om even- 9 - Fjørfe 7

8 tuelle avvik utover det normale i salskontrakta mellom oppalar og eggprodusent skal oppalar utstede ei erklæring til eggprodusent. Erklæringa skal innehalde: Oppaler garanterer at de x tal leverte høner har same alder og er ala opp hos underteikna dersom oppalar ikkje kan overhalde erklæringa (dvs. at det vil bli levert suppleringshøner som ikkje er frå eige oppal eller at det vil bli levert høner med annan alder), skal eggprodusenten informerast så tidleg som mogleg. Suppleringshønene skal leverast med eigen deklarasjon seinast ved levering skal oppaler informere eggprodusent om følgjande: Daglengd, lysstyrke, type dyr, tal dyr, klekkedato, dødelegheit i oppalet, eventuell koksidiosebehandling eller anna medisinsk behandling, utførte vaksinasjonar, salmonellaprøver i samsvar med forskrift, blodmiddstatus, gjennomsnittleg vekt og kor jamn flokken er i vekt (dvs. del innanfor ± 10 % av gjennomsnittleg vekt) i aldersperiodane 4-8 veker og veker --Forskrift om sertifisering av fjørfevirksomheter 9.5 FÔR OG VATN Fôr og vatn skal ikkje medføre fare for helseskade hos dyr eller menneske, eller skade på miljøet. Dyra skal ha lett tilgang til vatn. Dei skal ha tilgang til minst to drikkeplassar. Det skal vere tilstrekkeleg ete- og drikkeplass. Alle dyr skal ha lett tilgang til fôr. Fôrmengd og fôring skal være tilstrekkeleg slik at dyra føler seg mette. Det er eit krav om at det ikkje skal brukast fôr som inneheld genmodifiserte organismar (GMO). Dette kravet er fôrleverandørane ansvarleg for. Kravet byggjer på ei felles haldning i norsk landbruk om ikkje å bruke genmodifiserte organismar / Registrering av fôr- og vassforbruk gjer at ein raskt kan oppdage og gjere tiltak dersom noe er galt. Her er dagleg avlesing av vassmålar og eventuell fôrvekt sentralt. Ein må likevel ikkje stole blindt på måleinstrumenta, men også sjekke at dyra verkeleg får vatn og fôr i alle nippelrekker/ drikkekar og fôrrenner/skåler Det skal oppbevarast ei fôrprøve på ca. 0,5 kg frå kvar fôrleveranse. Fôrprøver med vedlegg skal oppbevarast hos fjørfeprodusenten så lenge dei kan ha betyding for produksjonsresultat og produktkvalitet. Fôrprøver skal oppbevarast tørt og kjølig Fjørfekjøtt: Dei siste dagane før slakting skal det fôrast med sluttfôr utan koksidiostatika. Tal dagar kan variere med type koksidiostatikum, sjå innleggssetel. Fôrast det med sluttfôr frå silo, skal det vere minst 2 fôrsiloar. Siloen skal vere tømt før innblåsing av sluttfôr. Heile fôringsanlegget inkludert dagtank, skruer, skåler og renner skal vere tomme før sluttfôr blir kjørt inn i huset. Dette er viktig for å sikre at det ikkje finst reststoff i produktet Egg og oppal av unghøner: Nye krav til driftsformer i eggproduksjonen (innreidde bur og frittgåande system) gir større utfordringar når det gjeld å få fjørfeflokken til å fungere godt når det gjeld åtferd. Høna utforskar ved å hakke, og for å hindre fjørplukking og andre åtferdsproblem som hysteri og kannibalisme, er det viktig at ho har nok å ta seg til. Høner kan sysselsettast med laust materiale som dei kan hakke, plukke og ete på. Sysselsetjing av frittgåande høner kan til dømes vere å tildele halm, høy, nytt strø, kråsstein, skjelsand og/eller heilt korn regelmessig. Også i innreidde bur er det viktig at strøet har ein karakter som tilfredsstiller hakkebehovet. Å behalde ei god fjørdrakt i flokken er viktig både for dyrevelferda, og for å halde eit lågt fôrforbruk Vektutviklinga til dyra er ein god indikasjon på at tilgangen på fôr og vatn er i orden Vatn kan bere med seg smittestoff. Offentleg kontrollerte vassverk har rutinar for å overvake dette. Dersom vatnet kjem frå eigen, privat vasskjelde skal det takast vassprøve for analyse kvar haust i tidsrommet august-november. Vassprøva skal analyserast for kimtal ved 22 0 C, koliforme bakteriar og E.coli-bakteriar. Fjørfekjøtt: Undersøkingar har vist at kyllingar som får vatn frå private vasskjelder blir tidlegare smitta med campylobacter enn andre kyllingar. Sjølv på gardar med anlegg for UV-desinfeksjon av vatnet, er det funne campylobacter i vatnet. Eit UV-desinfeksjonsapparat skal ha kontinuerleg Fjørfe

9 oppfølging og ettersyn der m.a. vasking av kvartsglas og skifte av UV-lamper er kritiske faktorar Fjørfekjøtt: Tidspunkt for start av sluttfôring skal noterast i daglister, og skal kunne dokumenterast. --Lov om dyrevelferd --Forskrift om forebygging av, kontroll med og utryddelse av overførbare spongiforme encefalopatier (TSE) --Forskrift om fôrvarer --Forskrift om velferd for produksjonsdyr --Forskrift om fôrhygiene (fôrhygieneforskrifta) --Forskrift om tilsetningsstoffer til bruk i fôrvarer 9.6 HELSE OG SJUKDOM Forskrift om hold av høns og kalkun ( 16) krev at alle dyr skal sees etter minst to ganger daglig og oftere ved behov. Det må legges særlig vekt på å oppdage tegn som indikerer dårlig velferd eller helse hos dyrene. Automatisk overvåkningsutstyr skal ikke erstatte tilsyn ved personell som er fysisk tilstede hos dyrene / Ulækjelege sjuke eller skadde dyr skal avlivast straks for at dei ikkje skal lide. Daude dyr skal 9.6.3/ dagleg fjernast frå dyrerommet. Reir må sjekkast dagleg for daude dyr. Dette er viktig for dyrevelferd, smittehygiene og produksjonsetikk. Les meir om avliving av fjørfe ved sjukdom og skade på animalia.no. Oppal av unghøner: Forskrift om sertifisering av fjørfevirksomheter krev at den som driv verksemda, skal gi det lokale Mattilsynet opplysningar om eikvar endring i produksjonsresultatet eller eitkvart teikn som kan gi mistanke om smittsam fjørfesjukdom. Ved mistanke om sjukdom skal det lokale Mattilsynet ta nødvendige prøver for å stille eller bekrefte diagnosen Midlertidig oppbevaring av daude dyr skal skje fryst på ein egna stad, isolert frå dyrerom og egglager. Det er ikkje lov å grave ned kadaver. Det er etablert innsamlingsordningar for fjørfekadaver. Ved levering av fjørfekadaver må dyra vere fryste ned. Kontakt eggpakkeri/slakteri for oversikt over kvar du skal ta kontakt i ditt område. Bruk av forbrenningsomnar til handtering av dyrekadaver må vere godkjent av Mattilsynet. Mattilsynet kan i særskilte tilfelle tillate at kadaver gravast ned. Mattilsynet skal i slike tilfelle anvise kvar dette skal gjerast KSL-medisinstandard, gjeldande frå 2010, er ein del av KSL-standard for husdyrproduksjonane. I samband med eigenrevisjonen skal ein også gå gjennom KSL-medisinstandard. Når den nye forskrifta forskrift om bruk av legemidler til dyr blir sett i verk, vil den erstatte KSLmedisinstandard Animaliehygieneforskrifta sett krav om at slakteriet skal ha tilgang på matkjedeinformasjon frå besetning 24 timar før slakting for å kunne planleggje slakting og kjøttkontroll. Opplysningar om besetninga og dei aktuelle dyra sin helsetilstand er sentral matkjedeinformasjon. Formelt er det dyreeigaren sitt ansvar å skaffe denne informasjonen, men dataflyten i husdyrnæringa er bygd opp slik at slakteriet har tilgang på relevant informasjon også frå andre kjelder. Kravet er oppfylt dersom: mistanke om alvorlig smittsam dyresjukdom alltid meldast til Mattilsynet besetninga deltek i kontrollprogramma for salmonella og campylobacter besetninga deltek i produksjonskontroll og data registrerast kontinuerleg veterinærbesøk dokumenterast i HelseFjørfe eventuelle særlege forhold ved flokken sin helse og som kan ha betyding for slakting og transport, meldast til slakteri 24 timar før transport/slakting For å hindre at egg og fjørfekjøtt med medisinrestar kjem ut på marknaden, er det viktig at eggpakkeri/slakteri blir varsla dersom dyra blir medisinerte Egg: I samsvar med forskrift om kontroll med salmonella i fjørfe, fjørfefôr, fjørfekjøtt og egg, 9 - Fjørfe 9

10 skal det takast salmonellaprøvar av verpehøner kvar 15. veke. I frittgåande produksjon skal ein bruke svabersokkar (2 par), i bur tek ein avføringsprøve (150 g). Fjørfekjøtt: I samsvar med forskrift om kontroll med salmonella i fjørfe, fjørfefôr, fjørfekjøtt og egg, skal det takast salmonellaprøvar av slaktefjørfe dagar før slakting. Resultata må liggje føre før slaktinga kan starte. Ved prøvetaking skal ein bruke svabersokkar (2 par). Oppal av unghøner: I samsvar med forskrift om kontroll med salmonella i fjørfe, fjørfefôr, fjørfekjøtt og egg, skal det takast salmonellaprøvar av unghøner 2 veker før flytting. I frittgåande produksjon skal ein bruke svabersokkar (2 par), i bur tek ein avføringsprøve (150 g) Fjørfekjøtt: Alle flokkar av slaktekylling som blir slakta før dei er 50 dagar gamle, skal undersøkjast for campylobacter før slakting i samsvar med Handlingsplanen mot campylobacter. Slaktekyllingprodusenten tek prøvar i besetninga maksimalt 4 dagar før slakting. Resultatet av prøven skal liggje føre før slakting. Ved prøvetaking skal ein bruke svaberpinnar / Egg og oppal av unghøner: Blodmidd er eit problem for dyrevelferda til hønene, og kan også vere / ei plage for røktaren. For å redusere omfanget av og helst fjerne midden, må det vere koordinerte tiltak i heile verdikjeda. Oppaler/eggprodusent skal overvake blodmiddsituasjonen. Animalia (tlf , epost: fjorfe@animalia.no) har eit gratis overvakingsprogram der ein kan bruke feller for å påvise midd. Oppaler/eggprodusent skal ved førekomst av blodmidd informere eggprodusent/eggpakkeriet så raskt som mogleg. Ved påvising av blodmidd skal det i samråd med besetninga sin veterinær eller råvarekjøparen sin fagkonsulent, setjast i verk tiltak for å redusere talet på midd til eit minimum. Dette for å hindre spreiing av smitte Den som har fjørfebesetning skal inngå skriftleg avtale med veterinær om helseovervaking av besetninga. Formålet er å oppretthalde den gode fjørfehelsa vi har i Noreg, og å sikre trygg mat og god dyrevelferd. Avtalen skal minst innehalde krav om at det skal utførast regelbundne helseovervakingsbesøk, og at det skal takast kontakt med veterinær ved teikn på sjukdom, klare produksjonsavvik, åtferdsproblem eller auka dødelegheit. Det skal meldast frå til eggpakkeri/slakteri og Mattilsynet ved forhold som kan ha innverknad på om egga og dyra er eigna som menneskemat, til dømes når det blir påvist smittestoff som kan gi sjukdom hos menneske (zoonoser). Veterinæren skal setje opp avtalen i fagsystemet HelseFjørfe (helsefjorfe.no). Les meir om korleis dette skal gjerast på animalia.no Alle slaktekyllingprodusentar som deltek i Dyrevelferdsprogram slaktekylling skal ha helseovervakingsbesøk utført av veterinær minst kvar 12. månad. Besøka skal journalførast i HelseFjørfe. --Lov om matproduksjon og mattrygghet mv. (matlova) --Forskrift om bekjempelse av dyresjukdommer --Lov om dyrevelferd --Forskrift om sertifisering av fjørfevirksomheter --Forskrift om animalske biprodukter som ikke er beregnet på konsum. --Forskrift om velferd for produksjonsdyr --Forskrift om kontroll med Salmonella i fjørfe, fjørfefôr, fjørfekjøtt og egg --Forskrift om særlige hygieneregler for næringsmidler av animalsk opprinnelse (animaliehygieneforskrifta) --Forskrift om avliving av dyr 9.7 EGGHANDTERING 9.7.1/ Egg skal samlast inn minst ein gong om dagen, og raskt overførast til kjølerom for oppbevaring i 9.7.2/ riktig temperatur ( C) og luftråme (75-80 %). Dette er viktig for å bevara kvalitet til egga / Golvegg skal plukkast regelmessig. Eventuell vasking av egga skal skje etter dei til einkvar tid 9.7.4/ gjeldande retningsliner. Retningslinene er omtala på plakaten Egg et unikt næringsmiddel / Hvordan opprettholde kvaliteten. Denne finn du på animalia.no Ved vasking av egg er det viktig m.a. å overhalde krav til vasketid, vasketemperatur og dosering av vaskemiddel (ph). Følg brukarrettleiinga for det einskilde vaskemidlet. Hugs at egg berre skal vaskast ein gong Fjørfe

11 Retningslinjer frå eggpakkeriet om handtering og merking av egg skal følgjast. Egga skal oppbevarast utan direkte sollys. Emballasjen skal vere ny, vaska, frysebehandla eller varmebehandla, og egga skal effektivt vernast mot støyt. Egg er eit næringsmiddel som lett kan ta smak eller lukt frå andre varer. --Forskrift om næringsmiddelhygiene (næringsmiddelhygieneforskrifta) 9.8 LEVERING AV DYR TIL SLAKTERIET/LEVERING AV UNGHØNER Tilgang på vatn heilt fram til plukking er viktig både for dyrevelferda, og for slakteutbytte og kvalitet Egg og fjørfekjøtt: Ved å ta frå dyra fôret ei stund før slakting oppnår ein at tarmen er tilstrekkeleg tømt før slakting. Det gir betre hygiene under slakteprosessen. Samtidig skal det av omsyn til dyrevelferda ikkje gå for lang tid frå fôret blir teke frå dyra, til dyra blir slakta Dyra er rolegare under plukking dersom lyset blir dempa eller det blir brukt blått lys. Blending rundt portopningar og liknande er naudsynt for å hindre at dagslys øydelegg denne effekten / Dyra skal handterast skånsamt av omsyn til dyrevelferda. Handtering kan også påverke produktkvaliteten. Forskrift om hold av høns og kalkun ( 5) slår fast at dyrehaldar og annan med ansvar for dyra, skal sikre at personell som handterer dyra har nødvendig kompetanse til å handtere dei på ein skånsam måte. Fjørfe skal ikkje berast i eitt bein. Eigar/røktar har ansvar for å gi opplæring i riktig handtering av dyra / Oppal av unghøner: Eit godt oppal er viktig for å oppretthalde helse og uthaldet hos verpehønene gjennom heile produksjonsperioden. Riktig vektutvikling på livkyllingen står her sentralt. Vidare kan overflytting frå oppalshus til nytt miljø hos eggprodusenten opplevast stressande for dyra. Flytting i rimeleg tid før verpinga tek til er også viktig, slik at hønene får tid til å tilpasse seg sitt nye miljø. Oppverpingsfasen er ei stor påkjenning for hønene med raskt aukande hormonproduksjon og hurtig vekst av eggleggingsorgana. minst ei veke før levering skal eggprodusenten ta imot råd frå oppalar om korleis forholda skal leggast til rette for å gjere overgangen så gunstig som mogleg for unghønene. Dette inneber minimum informasjon om fôr og temperatur i huset, i tillegg til opplysingar om eventuelle avvik utover det normale i salskontrakta mellom oppalar og eggprodusent skal oppalar utstede ei erklæring til eggprodusent. Erklæringa skal innehalde: Oppaler garanterer at de x tal leverte høner har same alder og er ala opp hos underteikna dersom oppalar ikkje kan overhalde erklæringa (dvs. at det vil bli levert suppleringshøner som ikkje er frå eige oppal eller at det vil bli levert høner med annan alder), skal eggprodusenten informerast så tidleg som mogleg. Suppleringshønene skal leverast med eigen deklarasjon seinast ved levering skal oppalar informere eggprodusent om følgjande: Daglengd, lysstyrke, type dyr, tal dyr, klekkedato, dødelegheit i oppalet, eventuell koksidiosebehandling eller anna medisinsk behandling, utførte vaksinasjonar, salmonellaprøver i samsvar med forskrift, blodmiddstatus, gjennomsnittleg vekt og kor jamn flokken er i vekt (dvs. del innanfor ± 10 % av gjennomsnittleg vekt) i aldersperiodane 4-8 veker og veker --Lov om dyrevelferd --Forskrift om sertifisering av fjørfevirksomheter --Forskrift om velferd for produksjonsdyr --Forskrift om særlige hygieneregler for næringsmidler av animalsk opprinnelse (animaliehygieneforskrifta) --Forskrift om næringsmessig transport av dyr 9 - Fjørfe 11

12 9.9 AVLIVING AV VERPEHØNER PÅ GARDEN Dette punktet gjeld avliving av heile flokken. For avliving av einskilddyr, sjå punktet Mattilsynet skal varslast på førehand om at avliving skal skje, og kven som skal utføre avlivinga. Eventuelle pålegg frå Mattilsynet skal følgjast Dyra skal ha tilgang til fôr og vatn av omsyn til dyrevelferda / Av omsyn til dyrevelferda skal dyra handterast skånsamt. Forskrift om hold av høns og kalkun ( ) slår fast at dyrehaldar og annan med ansvar for dyra skal sikre at personell som handterer dyra har nødvendig kompetanse til å handtere dei på en skånsam måte. Fjørfe skal ikkje berast i eitt bein. Eigar/røktar har ansvar for å gi opplæring i riktig handtering av dyra Avliving skal gjerast effektivt og humant, og på ein slik måte at dyra ikkje blir påført unødig liding, frykt og andre formar for stress. Avlivinga skal utførast av ein person som er kyndig i avliving. Personar utan erfaring må lærast opp av ein som kan avlive dyr på ein forskriftsmessig måte. Dette gjeld ikkje når det er behov for å avlive sjuke eller skadde dyr straks, og det ikkje er forsvarleg å utsetja avlivinga i påvente av personar kyndige i avliving. Dyr skal vere bedøvd før avliving. Ved avliving av heile flokkar er det mest aktuelt å gasse med CO 2, anten i container eller i huset. Ved bruk av gass skal ein sørgje for at det blir brukt riktig gasskonsentrasjon. Ved gassing i hus skal dette skje i samsvar med Animalia sin prosedyre Avliving av fjørfe ved hjelp av CO 2 i fjørfehus. Halsdislokasjon og slag mot hovudet skal ikkje brukast rutinemessig, men berre dersom andre bedøvingsmetodar ikkje er tilgjengeleg. Ingen skal avlive meir enn 70 dyr pr. dag ved halsdislokasjon eller slag mot hovudet. Den som føretek avlivinga skal forsikre seg om at kvart dyr er dødt. Ein som har bedøving og avliving av fjørfe som næring skal vere registrert hos Mattilsynet Kadavera skal leverast til godkjent mottak. Sjå Lov om dyrevelferd --Forskrift om velferd for produksjonsdyr --Forskrift om avliving av dyr 9.10 ALARMSYSTEM, NAUDLØYSINGAR OG BRANNVERN Dersom det begynner å brenne, er det urealistisk å kunne evakuere fleire tusen fjørfe. Fokus bør derfor vere på å førebyggje brann. Om uhellet skulle vere ute, vil eit brannvarslingsanlegg gi tidleg varsling og reell moglegheit for sløkking / Med mange dyr i huset på ein varm sommardag kan eit straumbrot få fatale konsekvensar. Ein fungerande alarm som jamleg blir funksjonstesta er ein føresetnad for å hindre slike uhell. Alarmsystemet skal vere slik at alarmen kan oppfattast av personar som veit kva for tiltak som skal setjast i verk / Det meste i eit moderne fjørfehus er avhengig av straum (ventilasjon, fôring, oppvarming, egginnsamling). Straumbrot og stopp i vasstilførselen vil vere kritiske situasjonar som krev handling Ved straumbrot er naudstraumsaggregat løysinga. For å sikre at dette startar med ein gong når ein treng det, må aggregatet testast jamleg. Ein bør også ha tenkt gjennom korleis ein vil løyse situasjonen dersom vassforsyninga plutseleg skulle bli borte. Forskrift om hold av høns og kalkun seier følgjande: «Alle tekniske innretninger som har betydning for dyras velferd skal kontrolleres minst en gang daglig. Oppdages feil eller mangler skal disse straks rettes. Hvis dette ikke er mulig, skal nødvendige tiltak iverksettes for å beskytte dyra inntil utbedringer er foretatt. Dersom driften er avhengig av strøm for å ivareta dyras behov på en forsvarlig måte, skal det være tilgang på strømaggregat ved strømbrudd» Fjørfe

13 Dyrehaldar skal sørgje for at det blir gjennomført fagleg kontroll av det elektriske anlegget minimum kvart tredje år. --Lov om dyrevelferd --Forskrift om næringsmiddelhygiene (næringsmiddelhygieneforskrifta) --Forskrift om velferd for produksjonsdyr 9.11 KRAV FRÅ RÅVAREKJØPAR (VAREMOTTAKAR) Dersom ein har spesielle krav frå sin råvarekjøpar, skal desse følgjast. Dette kan vere krav som gjeld spesielle kvalitetar eller produkttypar. 9 - Fjørfe 13

14 Fjørfe

15 9 - Fjørfe 15

16 MATMERK Besøksadresse: Tollbugt. 32 Postboks 487 Sentrum 0105 Oslo Telefon: ksl.no