Det biologiske prinsippet

Like dokumenter
BARNEVERNET. Til beste for barnet

Du må tru det for å sjå det

Til deg som bur i fosterheim år

Høyringsuttale til forslag til ny barnevernslov - Sikring av barnet sin rett til omsorg og beskyttelse

Barnekonvensjonen til beste for barn - med rett til å bli høyrt. Fylkesmannen, Bodhild Therese Cirotzki

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn


BARNEOMBODET. Høyringssvar - NOU 2012:5 Bedre beskyttelse av barns utvikling

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

BARNEOMBUDET. Deres ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 14/ Ane Gjerde 1. mai 2014

Handlingsplan mot «Vald i nære relasjonar»

Barnevernsfaglege vurderingar. Fylkesmannen sine erfaringar. Turid Måseide og Gunn Randi Bjørnevoll

Sjumilssteget. Til det beste for barn og unge

Når foreldre ikkje bur saman. Retningsliner for å sikre samarbeid mellom barnehagane og foreldre som ikkje bur saman.

Kvalitetskriterium i PP-tenesta

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

Nytt kap 9A opplæringslova. Prop 57 L ( )

BARNEOMBODET. Dykkar ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 15/ Morten Hendis 11. oktober 2015

Barnet si stemme i NAV. Loen

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A.

2 Familiemønster og samlivsformer, livsfaseseremoniar. 5 Barns rettar og foreldrerolla. 8 Demokrati og verdiar

Alle grunnskular. Fagavdeling barnehage og skole

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder

MEKLING FOR FORELDRE MEKLING FOR FORELDRE FORELDRE FOR MEKLING

TIME KOMMUNE TRYGG OG FRAMTIDSRETTA

RETNINGSLINJER FOR INDIVIDUELL PLAN I BØMLO KOMMUNE

BARNEOMBODET. Deres ref: Vår ref: Saksbehandlar: Dato: 13/ Ane Gjerde 11. desember 2013

Handlingsplan mot vald i nære relasjonar. Godkjent av kommunstyret

Svar frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane: Høyring av NOU 2012:1 Til barns beste

3. APRIL 2018 ÅRSRAPPORT 2017 TIL KUNNSKAPS-OG INTEGRERINGSDEPARTEMENTET BARNEOMBODET

Barnerettane i SKULEN

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

Høyring - Demensplan 2020

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Rettane til den fornærma og dei etterlatne

Prosesskart kva gjer du når du er bekymra for eit barn?

Kommunedelplan for oppvekst

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Pakkeforløp psykisk helse og rus. Forløpskoordinator-rolla. Ellinor Kleppenes og Sønnøve Ramsfjell

Av Linda Jakobsen Daglig leder Drammensregionenens interkommunale krisesenter BETZY

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Saman om å skape. Strategi for innbyggardialog

RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017

TILSYNSRAPPORT. Kommunen som barnehagemyndigheit. Selje kommune

RVTS Vest ( Inge Nordhaug RVTS Vest

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Fra Forskrift til Opplæringslova:

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar. Fitjar kommune

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Kartleggingsspørsmål 2012

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

BARNEOMBUDET. Deres ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 14/ Ane Gjerde 5. desember 2014

BARN I FLEIRSPRÅKLEGE FAMILIAR. Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring INFORMASJONSHEFTE

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Avdekking, kva så? om utfordringar i samarbeid når det er vald og seksuelle overgrep er avdekka. Inge Nordhaug RVTS Vest

Kapittel 5. Klage på vurdering (Opplæringslova 2-3 tredje ledd, 3-4 første ledd, 4A-4 femte ledd)

Til deg som er fråteken omsorga for barnet ditt

Tilsyn med barnehagar. Kvinnherad kommune 2007/

BARNEOMBUDET. Deres ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 14/ Ane Gjerde 5. desember 2014

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

NYTT KAPITTEL 9A OM SKOLEMILJØ

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

Skuleåret 2017/2018.

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Melding til barneverntenesta Bremanger kommune.

L nr. 61 Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova).

Samarbeidsprosedyre mellom Tysnesbarnehagane og barneverntenesta i Tysnes kommune

Innsats i BTI Barnevern

Utsatte barn og unge i et kommuneperspektiv,

Plan for eit trygt og godt skulemiljø

Sentrale paragrafar i Forskrift til opplæringslova: Kapittel 5. Klage på vurdering

Til Kunnskapsdepartementet

Rapport etter tilsyn Dåfjorden barnehage/fitjar

Vedtak i sak som gjeld klage på manglande innsyn etter offentleglova

Rettsvern. ved tvang. Kontrollkommisjonane i det psykiske helsevern 1 NYNORSK

1. FORMÅL Formålet med tenesta er å fremja sjølvstende og evne til å meistra eige liv med utgangspunkt i brukaren sine ressursar, ønskje og mål.

Endeleg TILSYNSRAPPORT

RETNINGSLINJER FOR INDIVIDUELL PLAN I FINNØY

Bjarte Gangeskar Barnevernsleiar i Eid og Selje Frå 2020: Stad kommune. Tema Korleis avdekke og følgje opp vald i nære relasjonar?

Råd i kommuner og fylkeskommuner for ungdom, eldre og personer med funksjonsnedsettelse - høyring

Er det auka behov for barnevernleiing?

Plan for godt skulemiljø - skal sikra eit godt psykososialt læringsmiljø på skulen.

Praktisk arbeid med Betre Tverrfagleg Innsats (BTI) i Årdal kommune,

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

Kunngjort 9. juni 2017 kl PDF-versjon 9. juni Lov om endringer i opplæringslova og friskolelova (skolemiljø)

Foto: Carl-Erik Eriksson

Plan for forvaltningsrevisjon

Innspill til barnevernslovutvalget

Transkript:

Det biologiske prinsippet Innspel til Raundalenutvalet Barneombodet Hausten 2011

Innhald Innleiing... 3 Tilgang til barnevernstenesta... 4... 4 Om opplysningsplikta... 5... 5 Informasjon og renommé... 6... 6 Fleirkulturelle familiar... 6... 7 Barnevernloven bør rettsfestast... 7... 8 Retten barn og unge har til medverknad, må implementerast i praksis... 8... 9 Dei tilsette i barnevernstenesta må sikrast jamleg opplæring og rettleiing... 9... 9 Rettsvern til sysken... 10... 10 Stabiliserande tiltak for barn som bur utanfor heimen... 10 Oppfølging av biologiske foreldre... 11 Samvær... 11 Tilbakeføring... 11 Varig plassering... 12... 12 2

Innleiing Vi viser til møtet med Raundalenutvalet, der vi gjekk gjennom nokre av emna Barneombodet ønskjer å formidle til utvalet. Barneombodet er glad for at det får høve til å gi innspel til utvalet i dei viktige spørsmåla som reiser seg i diskusjonen om det biologiske prinsippet. Mange av innspela i denne framstillinga er tilrådingar Barneombodet tidlegare har gitt styresmaktene. Innspela er baserte på råd frå barn og unge som Barneombodet har hatt møte med, og innspel frå fagpersonar, forsking og rapportar. Det følgjer av artikkel 3 i barnekonvensjonen at omsynet til det beste for barnet skal vere eit grunnleggjande omsyn ved alle handlingar som vedkjem barn. Vidare følgjer det av artikkel 9 at staten skal sikre at eit barn ikkje blir skilt frå foreldra sine mot viljen sin, unnateke når kompetente styresmakter underlagde rettsleg prøving avgjer at ei slik åtskiljing er nødvendig av omsyn til det beste for barnet, i samsvar med gjeldande lover og saksbehandlingsreglar. Ei slik avgjerd kan vere nødvendig i særlege tilfelle, for eksempel ved mishandling gjort av foreldre eller vanstell av barnet, eller dersom foreldra lever åtskilde og det må takast ei avgjerd om kvar barnet skal bu. Staten skal respektere retten eit barn har til å halde ved like personleg band og direkte kontakt med begge foreldra regelbunde når det er åtskilt frå ein eller begge foreldra, med mindre dette er i strid med det som er det beste for barnet. Eit overordna prinsipp i barnevernloven er det beste for barnet, og det er viktig at det blir utarbeidd eit lovverk som kan medverke til ei heilskapleg teneste som set behova til barnet i sentrum. Eit mål er at regelverket og praktiseringa av dette fører til at rettstryggleiken til barn i barnevernssaker blir styrkt. Barneombodet meiner generelt at det er svært viktig for barn å vekse opp saman med foreldra sine. Dette gjeld òg i familiar som har visse manglar ved omsorga. Ein bør i størst mogleg grad arbeide for å leggje vekt på moglegheita familien har til å nytte hjelpetiltak. I diskusjonen om det biologiske prinsippet meiner Ombodet at det er avgjerande at barn får nødvendig hjelp til rett tid, og at hjelpa som blir gitt, er stabil og føreseieleg for barnet. Dette kan førebyggje problem i familien og i fleire tilfelle føre til at flyttingar av barnet blir unngått. Barneombodet er opptatt av at styresmaktene har sterkt søkjelys på tidleg intervensjon. Mange av innspela våre handlar derfor om at barn må ha kjennskap og tilgang til barnevernet, slik at dei får hjelp så tidleg som mogleg. Det biologiske prinsippet er eit omgrep som krev jamleg diskusjon av innhald, grunngiving og gjennomslagskraft. Barneombodet sitt mål med innspela til Raundalenutvalet er ikkje å ta stilling til om det biologiske prinsippet står for sterkt eller svakt i barnevernet i dag. Dette ville krevje ein meir djuptgåande analyse. Målet vårt er heller å kaste lys over ulike område som har relevans for omgrepet, og som Ombodet meiner det er viktig å sjå nærmare på for å betre rettstryggleiken til barn i barnevernet. 3

Tilgang til barnevernstenesta Eit fagleg sterkt og effektivt barnevern er avgjerande for å kunne hjelpe barn til rett tid. Barneombodet har vore svært opptatt av å styrkje førstelinjetenesta i barnevernet og er glad for at det dei siste åra har blitt gått inn for ei styrking av dei kommunale barnevernstenestene. Det er viktig at denne satsinga på førstelinja blir vidareført, både ved vidareføring og oppfølging av øyremerkte midlar og ved at barnevernstilsette får nødvendig etter- og vidareutdanning. Trass i ein auke i talet på tilsette dei siste åra er det framleis ein del barnevernstenester med svært låg bemanning, somme stader så lite som under éin tilsett. i Barneombodet er opptatt av at den enkelte barnevernstenesta har såpass mange tilsette at det blir eit fagmiljø som sikrar både kompetanse og kontinuitet i tenesta og ein profesjonell distanse til den enkelte familien. Dette bør sikrast ved at det blir gitt føringar for kor stor den enkelte barnevernstenesta bør vere (tal på tilsette), og føringar i form av tal på innbyggjarar som tenesta skal gjelde for. Vi har tidlegare foreslått overfor FN sin barnekomité at Noreg bør setje eit minimum på to fulle fagstillingar i ei barnevernsteneste. Erfaringa viser at dette òg er for lite. Vi vil gjere framlegg om eit minimum på fem fagstillingar per barnevernsteneste. For små kommunar vil interkommunalt samarbeid om barnevernsteneste vere ein nødvendig reiskap for å oppfylle dette kravet. Ein rapport utgitt av NOVA i 2009 ii viste at over halvparten av kommunane i landet ikkje hadde organisert beredskap på kvelds- og nattetid. I desse kommunane bur ein fjerdedel av alle barn under 18 år i Noreg. Politiet, som er døgnope, må då som første instans ta seg av barna åleine i krisesituasjonar. Det er svært viktig å få på plass nasjonale føringar for organisering, oppfølging og kontroll med akuttberedskapen i barnevernet etter kontortid. Barneombodet har i rapporten Maktesløst tilsyn (2010) peikt på korleis tilsynet kan utbetrast slik at barn får dei barnevernstenestene dei har krav på. Anbefalingane i rapporten handlar mellom anna om at barn må få betre informasjon om klagemoglegheitene sine, og barnevernet må gjerast kjent med plikta det har til å hjelpe barn med å klage. Fylkesmannen bør følgje opp at klagar som har fått medhald, får konsekvensar. iii Fylkesmennene bør følgje opp sine eigne tilsyn meir aktivt gjennom bruk av fristar og kvalitetssikring. Dei bør òg ha fleire sanksjonsmoglegheiter og vidare fullmakter til å gripe inn i enkeltsaker der regelverk blir brotne, for eksempel i samband med fristoverskriding eller manglande tilsynsførarar i fosterheimar. Satsinga på det kommunale barnevernet må følgjast opp med ein opptrappingsplan med føreseielege rammer og målretta tiltak, under dette dei øyremerkte midlane. Det må givast føringar for kor mange fagtilsette den enkelte barnevernstenesta bør ha (eksempelvis minimum fem tilsette), og føringar i form av tal på innbyggjarar som tenesta skal gjelde for. Alle kommunane i landet bør vere knytte til ei døgnbemanna barnevernsvakt i tilgjengeleg avstand. Barn må få betre informasjon om klagemoglegheitene sine i barnevernet. Fylkesmennene bør få fleire sanksjonsmoglegheiter og vidare fullmakter til å gripe inn i enkeltsaker der regelverk 4

blir brotne. Dei bør følgja opp sine eigne tilsyn meir aktivt. Om opplysningsplikta Trass i at det er gitt ut ei rekkje rettleiarar og rundskriv, er Barneombodet uroa for om det framleis blir melde for få saker til barnevernet frå profesjonelle aktørar, som helsetenesta, skule, barnehage mv. iv Vi viser for eksempel til undersøkinga som er gjennomført av Helsetilsynet i Oppland, om opplysningsplikta helsepersonell har overfor barnevernet. v Personell på alle nivå og i alle tenester må bli medvitne om opplysningsplikta overfor barnevernet. vi Helsetenestene, for eksempel legevakta, må bli betre til å spørje barn om skade. Dei må òg spørje vaksne som har blitt utsette for vald heime, om dei har barn. I tillegg må dei tilsette i helsesektoren, inkludert psykologar og andre tilsette i BUP, tore å snakke med barna om det dei har vore utsette for. Det betyr at helsepersonell treng meir kunnskap om vald og overgrep, i tillegg til kompetanse og tryggleik i korleis dei kan møte desse barna. Alle som skal arbeide i helsesektoren, inkludert tannhelsetenesta, må gjennom utdanninga bli medvitne om den rolla dei har i å avdekkje omsorgssvikt og overgrep mot barn. Det kan vere vanskeleg å vurdere når meldeplikta gjeld. Teieplikta står sterkt, og mange er usikre når dei står midt oppe i ei enkeltsak og skal gjere eit val. Barneombodet vil oppmode styresmaktene om å gi ut ein casebasert rettleiar som skisserer konkrete saker og kva som skal til i dei enkelte sakene for at meldeplikta slår inn. Ein gjennomgang av tolkingsfråsegnene frå Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet viser at spørsmålet om korleis lovverket rundt melde- og opplysningsplikta skal forståast, er ein gjengangar. Dette kan indikere at føresegnene kan vere for komplisert utforma. Det er lett å for eksempel få inntrykk av at meldaren må gjere samansette og kompliserte vurderingar av meir barnevernfagleg art før ei uromelding kan sendast til barnevernet. Derfor bør ein vurdere om lovføresegnene om opplysnings- og meldeplikta bør reviderast og få ei enklare utforming. Meldeplikta til barnevernet må inn som ein sentral del av alle utdanningar til yrke der ein kan komme i kontakt med barn, på linje med vekta som blir lagd på teieplikta. Barneombodet er kjent med at det blir arbeidd med ei stortingsmelding om innhaldet i utdanning for velferdstenestene. Vi viser til innspelet Ombodet har gitt til meldinga. Barneombodet vil understreke at andre yrkesgrupper enn dei som tradisjonelt blir rekna som velferdstenester, òg kjem i kontakt med barn, eksempelvis tilsette i kriminalomsorga. Desse gruppene bør òg vere godt kjende med meldeplikta til barnevernet. Det bør vurderast om lovføresegnene om melde- og opplysningsplikta bør reviderast og få ei enklare utforming. Det bør utarbeidast ein casebasert rettleiar som skisserer nokre konkrete saker med vurderingar knytte til teieplikt og meldeplikt. Meldeplikta må inn som ein del av utdanninga av yrkesgrupper som vil komme i kontakt med barn. 5

Informasjon og renommé Informasjon om barnevernstenesta til ulike brukargrupper, ikkje minst barna sjølve, kan vere avgjerande for å sikre at barn får rett hjelp til riktig tid. Eit eksempel er informasjon om barnevernet generelt, eit anna er å gi barnevernet i den enkelte kommunen eit ansikt ut. Barnevernet bør òg informere barn om arbeidet sitt. På den måten kan barn som har det vanskeleg heime, få vite kva omsorgssvikt er, kva barnevernet kan hjelpe til med, og korleis barn kan kontakte barnevernet. Barneombodet er kjent med at det er laga til informasjonsmateriale som kan takast i bruk når barn skal lære om barnevernet, men det er opp til den enkelte kommunen å gjere dette. Det er nødvendig å sikre at barn får kunnskap om barnevernet. Barneombodet meiner derfor det er nødvendig med ei forskriftsfesting av ansvaret barnevernet har for å informere barn. Det er viktig at instansar som arbeider med barn, veit kva barnevernet er, og korleis det arbeider. Dersom kunnskapen om barnevernet aukar hos instansar som arbeider med barn, vil terskelen for å melde frå kunne senkast. Auka kunnskap om barnevernet vil òg kunne medverke til å gi tenesta eit betre omdømme. Det bør forskriftsfestast at barnevernet skal informere barn som gruppe om omsorgssvikt og tenesta generelt. Fleirkulturelle familiar I enkelte fleirkulturelle miljø er mange engstelege for å komme i kontakt med barnevernet, noko som fører til reduserte moglegheiter for tidleg intervensjon. vii Barneombodet får ei rekkje innspel både frå foreldre, frå barn i ekspertgruppene våre viii og frå personar som arbeider med barn og unge, om at foreldre med etnisk minoritetsbakgrunn er urolege for kontakt med barnevernet. Det eksisterer ei utbreidd frykt for innblanding frå barnevernet i privatlivet til familiane og redsel for at barnevernet skal ta barna frå foreldra. Manglande forståing i etniske minoritetsfamiliar av oppgåvene barnevernet har, gjer at barn som opplever vanskar, står i fare for ikkje å få det tilbodet dei har behov for. ix Ombodet meiner det er behov for å styrkje innsatsen frå barnevernet for å nå fram til og skape tillit i etniske minoritetsfamiliar. x Fleire nasjonale undersøkingar konkluderer med at barn med etnisk minoritetsbakgrunn er meir utsette for vald enn majoritetsbefolkninga når ein justerer for andre faktorar, for eksempel fattigdom. xi Dette er òg inntrykket frå ekspertgruppa vår av jenter med minoritetsbakgrunn. Det er grunn til å spørje seg om den etniske og/eller kulturelle bakgrunnen til barnet gjer at barnevernstenesta gir ekstra vekt til det biologiske prinsippet, slik at det blir stilt større krav til alvoret i omsorgssituasjonen i desse familiane før ein intervenerer. Barneombodet meiner det er behov både for å styrkje kunnskapen i hjelpeapparatet om vald som skjer ut frå kulturelle vilkår, og for å få fram informasjonen til barn og foreldre med etnisk minoritetsbakgrunn om at vald er forbode og skadeleg. Ombodet etterlyser ei vesentleg styrking av fleirkulturelle foreldrerettleiingskurs, slik at foreldre får handlingsalternativ til bruk av fysisk straff. Sjølv om det er sentrale styresmakter som har ansvaret for å utvikle foreldrerettleiingskurs som kan brukast i fleirkulturelle familiar, er det opp til kommunane å tilby kurs. I dag 6

prioriterer ikkje kommunane å halde denne typen kurs. xii Barneombodet er uroa for at foreldre som kjem til Noreg frå kulturar der einvegskommunikasjon og fysisk straff er vanleg i barneoppsedinga, dermed ikkje får moglegheit til å lære ei oppsedingsform som tek meir omsyn til behova barna har. Barneombodet meiner at kompetansen i hjelpeapparatet må styrkjast, og at familiar må få rettleiing i barneoppseding utan bruk av vald. Det må sikrast at fleirkulturell foreldrerettleiing blir prioritert i alle kommunane i landet der det bur innvandrarar. xiii Det bør satsast på ytterlegare kompetanseheving i barnevernet for å sikre kompetanse på fleirkulturelle problemstillingar. Kommunane må sikre at fleirkulturell foreldrerettleiing blir prioritert der behovet eksisterer. Barnevernloven bør rettsfestast Det er stor semje i forskinga om at jo tidlegare vi hjelper barn og familiar som har det vanskeleg, jo større er sjansen for at det vil gå bra med barnet på sikt. Det er derfor viktig å komme dei minste barna til unnsetning før skadane av omsorgssvikt blir for store. Når barnevernet skal setje inn hjelpetiltak overfor familiar som er i kontakt med barnevernet, er det som ein klar hovudregel avhengig av at foreldra og barn over 15 år samtykkjer til tiltaket. Retten foreldra har til å samtykkje til hjelpetiltak, kan likevel innskrenke moglegheita barnet har til å få hjelp. xiv Det er ei svakheit i lovverket i dag at barnevernloven ikkje er ein rettslov og dermed ikkje sikrar barn ein individuell rett til å få hjelp. Flatøutvalet foreslår i utgreiinga si å endre barnevernloven slik at han blir å forstå som ein rettslov. Barneombodet støttar dette forslaget. xv Det er fleire grunnar til at barnevernloven bør rettsfestast. Ei rettsfesting vil vere viktig for å setje søkjelys på barnevernsområdet og vil kunne medverke til meir positiv profilering av verksemda til barnevernet. Det er enklare dersom tenestene blir assosierte med rettar for tenestemottakarar heller enn plikter for tenesteytar. Det er blitt avdekt at det i dag blir sende for få uromeldingar til barnevernet frå barnehagane og delar av helsestellet. Ei rettsfesting vil medverke til å tydeleggjere ansvaret/plikta til å melde saker. Rettsfesting vil derfor gi betre høve for tidlege tiltak og samarbeid med barnevernet. Rettsfesting er etter kvart vanleg på ei rekkje sektorar. Barnvernloven er snart den siste velferdslova der det ikkje er definert rettar. Ut frå eit samhandlingsperspektiv vil rettsfesting òg vere riktig, fordi dei andre tenestene retta mot barn og unge er formulerte som rettar, bortsett frå denne. Rettsfesting av barnevernloven vil i tillegg gi eit viktig politisk signal. Det vil spegle utviklinga i synet på barnet som eige individ med eigne interesser og med det synleggjere perspektivet til barnet. Dette vil igjen kunne fungere som katalysator for ein framtidig diskusjon om barn skal ha ei sjølvstendig partsrolle i saker der det er eller kan tenkjast å vere motstrid eller konflikt mellom dei grunnleggjande interessene til barnet og foreldra sine interesser. 7

FNs barnekonvensjon er viktig for ei slik rettsfesting. Søvig (2009) konkluderer mellom anna med: Ut fra den klare konvensjonsforpliktelsen om å prioritere barn, mener jeg likevel at det er vanskelig å opprettholde dagens manglende lovfesting av barns rett til barneverntjenester, så lenge rettighetsbestemmelser finnes for en lang rekke andre velferdsytelser. xvi Ombodet er uroa for at barn som treng hjelpetiltak, ikkje får det på bakgrunn av at foreldra kan avslå tiltaka. Barnevernstenesta kan måtte trekkje seg ut av familien trass i at ho har grunn til å tru at barnet treng hjelp. Fleire frå fagfeltet fortel om opplevinga av å måtte vente til situasjonen til barnet blir så alvorleg at tvangstiltak kan setjast i verk. Det siste fører til at mange barn ikkje får rett hjelp til rett tid. Barnevernet har ei viktig rolle i konfliktfylte barnefordelingssaker. Barneombodet får jamleg innspel om at desse sakene er svært krevjande. I dag er regelverket utforma slik at barnevernet ikkje har like stor moglegheit til å gripe inn overfor barn når dei er i samværsheimen, som det det har overfor barn i omsorgsheimen. Det er mellom anna ikkje mogleg å setje inn tiltak som foreldra ikkje har samtykt i, for eksempel tilsyn i heimen. Barneombodet meiner at restriksjonane barnevernet har, fører til at ei rekkje barn ikkje blir verna mot omsorgssvikt. Barneombodet meiner at moglegheita for fylkesnemnda til å påleggje hjelpetiltak bør utvidast, jf. barnevernloven 4-4 tredje leddet. Det bør gjerast tydelegare i loven at foreldre ikkje bør ha høve til å reservere seg mot hjelpetiltak dersom fylkesnemnda vurderer det som vesentleg for barnet å få dette. Ikkje minst i saker der det er snakk om vald, har barn eit behov for å få sikra rett til hjelpetiltak. Barnevernloven bør bli ein rettslov, og moglegheita for å påleggje hjelpetiltak bør utvidast, jf. barnevernloven 4-4 tredje leddet. Retten barn og unge har til medverknad, må implementerast i praksis Trass i auka vekt dei siste åra på at barn skal høyrast, viser nyare forsking at dette framleis ikkje skjer i tilstrekkeleg grad i barnevernet. xvii Det er gjennomgåande at dei barna Barneombodet møter som har erfaring frå barnevernet, fortel at det er viktig at barnevernet snakkar med dei direkte. Samtidig fortel mange at dei sjølve har opplevd at barnevernet ikkje snakka med dei, eller at det ikkje blei snakka om det som var alvorleg, eksempelvis vald. Vidare fortel mange barn at ein eventuell samtale med barnevernet skjedde med foreldra til stades, noko som gjorde at dei ikkje torde å fortelje korleis det eigentleg stod til heime. Barneombodet meiner at barnevernet må snakke med alle barn når det blir gjennomført ei undersøking, berre avgrensa av at barnet anten sjølv ikkje ønskjer å snakke med barnevernet, eller at barnet ut frå alder og utvikling ikkje er i stand til å uttrykkje seg. Dette er grunnleggjande for at barnet skal oppleve å bli teke på alvor, samtidig som samtalen med barnet er ei svært viktig informasjonskjelde for at barnevernet skal kunne ta gode avgjerder. Sjølv om det kan finnast gode grunnar for at foreldre er til stades når barnevernet snakkar med barna, bør den klare hovudregelen vere at barnevernet snakkar med barna åleine. 8

Statens helsetilsyn skal i 2011 gjennomføre nasjonalt tilsyn med det kommunale barnevernet, der temaet mellom anna skal vere korleis tenestene sikrar retten barn har til å bli høyrde. Barneombodet har anbefalt at konkrete tiltak blir tekne inn i Ny handlingsplan mot vold i nære relasjoner xviii som følgje av resultat frå Helsetilsynet sitt nasjonale tilsyn. Det må opprettast rutinar i kvalitetssikringssystemet til barnevernstenesta som sikrar at saksbehandlaren aktivt må avgjere om barnevernet skal snakke med barnet. Det kan for eksempel gjerast ved at ein må krysse av på om ein har snakka med barnet, og grunngi kvifor ein eventuelt ikkje har gjort det. Utsegnene frå barnet må vidare skrivast ned, slik at dei enklare kan gjerast synlege og bli vekta når barnevernet skal gjere vurderingane sine. På den måten kan ein sikre at barnet si stemme kjem fram. I alle undersøkingssaker skal barnevernet snakke med barna. Som hovudregel bør dette også skje utan at foreldra er til stades. Tilsette i barnevernet må om nødvendig få kompetanse på dette området. Det må opprettast rutinar i kvalitetssikringssystemet til barnevernstenesta som sikrar at barnet har fått medverke i eiga sak. Dei tilsette i barnevernstenesta må sikrast jamleg opplæring og rettleiing Barnevern er eit krevjande fagområde der det blir stilt stadig høgare krav til dei tilsette. Det er ein auke i talet på meldingar og barn som tek imot hjelpetiltak. Mange av barna har samansette vanskar som stiller krav til at barnevernet er fagleg oppdatert. Barnevernstenesta skal kunne snakke med barn om vanskelege tema som vald og overgrep. Vidare skal ho ha tilstrekkeleg kunnskap og tryggleik til å gjere svært kompliserte vurderingar. Kommunen er pålagd ansvaret for nødvendig opplæring av personellet i barnevernstenesta i dag. Det er derimot opp til kvar kommune å ta stilling til kva slags opplæring og rettleiing som er nødvendig. Erfaringa til barneombodet er at det er eit generelt problem at rettleiarar og retningslinjer som blir utarbeidde av nasjonale styresmakter, ikkje er kjende i tenester som arbeider med dei aktuelle problemstillingane. Vidare får vi tilbakemeldingar om at barnevernstenestene ofte lèt hjelpetiltak gå over tid utan at dei blir evaluerte. Årsakene til dette er nok mange og samansette. Eit høgt kunnskapsnivå hos dei tilsette vil nok kunne medverke til at barnevernet blir dyktigare til å setje i verk målretta tiltak. Dette vil igjen kunne føre til at barnevernet lettare vil kunne vurdere i kva tilfelle hjelpetiltak ikkje lenger er tilstrekkeleg. Barneombodet anbefaler at det blir utarbeidd forskrifter til barnevernloven 2-1 sjuande leddet som inneheld minimumskrav om årleg opplæring og rettleiing for tilsette i den kommunale barnevernstenesta. 9

Rettsvern til sysken Når barn blir skadde som følgje av mishandling og vald frå ein omsorgsperson, bør det undersøkjast om det er sysken i familien, og korleis dei skal takast vare på i etterkant. Ekspertgruppa til barneombodet med jenter som har blitt utsette for incest, xix sa at erfaringa deira var at det ikkje var etablert rutinar for å kartleggje om eit barn som har blitt utsett for overgrep, har sysken. Ekspertgruppa anbefaler at ein har plikt til alltid å kartleggje om det er sysken i familien, og om dei blir utsette for overgrep. Barneombodet har, mellom anna gjennom innsyn i barnevernssaker, fått kjennskap til kva vurderingar barnevernet gjer i dei mest alvorlege sakene. Barneombodet ser at det er behov for å presisere at det er det beste for barnet som skal leggjast til grunn i saker der foreldre har utsett barn for vald, og at det viktigaste momentet er behovet barnet har for vern. Når foreldre er dømde for grov mishandling av barn, somme gonger med døden til følgje, må ein òg gjere vurderingar knytte til eventuelle sysken. Det beste for barnet er det overordna prinsippet for barnevernloven, jf. barnevernloven 4-1. Etter barnevernloven 4-12 bokstav d kan det gjerast vedtak om omsorgsovertaking dersom det er sannsynleg at helsa eller utviklinga til barnet kan bli alvorleg skadd fordi foreldra er ute av stand til å ta tilstrekkeleg ansvar for barnet. Vidare gir barnevernloven 4-6 heimel for akuttplassering ved vesentleg fare for skade dersom barnet blir verande i heimen. Fellande dom i straffesak om alvorleg mishandling av eit barn bør føre til at det blir vurdert om desse heimlane gjer seg gjeldande overfor barnet og/eller syskena til barnet. I dei tilfella der barn døyr som følgje av mishandling, meiner Barneombodet det ikkje kan vere tvil om at vilkåra for akuttplassering eller omsorgsovertaking er til stades for eventuelle sysken. Ombodet har fått tilbakemeldingar om at slike situasjonar blir vurderte svært ulikt. Somme barnevernskontor fortel at dei flytter sysken frå heimen straks dersom ein av foreldra er dømd for å ha mishandla eit barn til døde. Deretter blir det vurdert kva kontakt barnet bør ha med foreldra sine. Andre kontor vil setje inn hjelpetiltak og sjå an situasjonen. Det uroar Barneombodet at kva vern barnet får, er så avhengig av kva barnevernskontor barnet høyrer til. Barneombodet meiner at ein person som er dømd for å ha mishandla eitt barn til døde, openbert har vist at vedkommande òg er i stand til å skade andre barn. Vilkåra for å fremje sak for fylkesnemnda om akuttplassering eller omsorgsovertaking er til stades. Barn bør berre bli i heimen dersom det er openbert at omsorgspersonen ikkje utgjer ein risiko for barnet. Når barn blir utsette for overgrep, bør det innførast ei plikt til alltid å kartleggje om det er sysken i familien, og om dei blir utsette for overgrep. Når ein forelder har mishandla eit barn til døde, bør det tydeleggjerast at vilkåra for å fremje sak for fylkesnemnda om 4-6 eller 4-12 bokstav d er til stades. Det bør derfor utarbeidast ein ny rettleiar til barnevernloven 4-6 og 4-12 bokstav d. Stabiliserande tiltak for barn som bur utanfor heimen Når barn ikkje lenger kan bu heime hos dei opphavlege foreldra sine, må det sikrast at barnet får ein stabil og god omsorgssituasjon i den nye heimen sin. Barneombodet er uroa for dei barna som opplever gjentekne flyttingar, og som ikkje blir sikra gode oppvekstvilkår. Det er 10

òg viktig at barnet får oppleve gode samvær med foreldra og eventuelt andre i familien. Ombodet meiner derfor at det er avgjerande med ein innsats på fleire arenaer for å sikre barn gode oppvekstvilkår utanfor heimen. Oppfølging av opphavlege foreldre Ein god omsorgssituasjon for barn som bur utanfor heimen, er avhengig av eit godt samarbeid mellom barnevernet, omsorgsheimen og dei opphavlege foreldra. Utfordringar i samband med gjentekne oppattakingar av saka for fylkesnemnda, gode samværsordningar og dialog mellom barnet, omsorgsheimen og opphavlege foreldre er problemstillingar som alle kan knytast opp mot oppfølginga barnevernet gjer av foreldre etter ei omsorgsovertaking. Meldingar til Ombodet viser at foreldre i stor grad gjer bruk av organisasjonar, grupperingar eller nettsamfunn som kan forverre situasjonen både for barnet og foreldra. Årsaka til at foreldre knyter seg til slike grupperingar, kan vere at foreldra opplever at dei ikkje har nokon stad å vende seg til som gir informasjon om korleis dei kan få hjelp og støtte i ein vanskeleg situasjon. Det kan òg vere at dei har liten tillit til barnevernstenesta som følgje av at barneveret har plassert barnet. Familievernkontoret bør derfor komme inn som ein rådgjevande instans. Samvær I dei tilfella der det ikkje er eit mål at barnet på sikt skal flytte tilbake, er Barneombodet uroa for at det i dag blir gjennomført for mange samvær som er til skade for barnet, utan at det beste for barnet er tilstrekkeleg vurdert, for eksempel ved at barnet har fått seie meininga si. Uavhengig av kva som kjem ut av diskusjonen om det biologiske prinsippet, bør det beste for barnet i større grad enn i dag leggjast til grunn i utmåling av samvær. Barn skal sleppe å ha samvær med foreldra dersom det ikkje er til det beste for barnet. Tilbakeføring Barn treng ein stabil oppvekst, og det sentrale er at omsorgsevna til foreldra framstår med rimeleg sikkerheit som stabil og varig. Barneombodet har fått tilbakemeldingar om at hovudtemaet i sakene ofte blir om foreldra kan gi forsvarleg omsorg, og i mindre grad om tilbakeføringa vil medføre alvorlege problem for barnet. Dette kan medføre at barn blir overførte til ein uhaldbar omsorgssituasjon. I følgje Barnekonvensjonen artikkel 3 skal det beste for barnet skal vere eit grunnleggjande omsyn ved alle handlingar som vedkjem barn. Sjølv om det beste for barnet ikkje nødvendigvis alltid skal vere det avgjerande omsynet etter konvensjonen, må det uansett gjennomførast ei konkret vurdering av kva det beste for barnet er. Det skal etter Ombodet si oppfatning mykje til for at det beste for barnet i denne typen saker kan setjast til side. I 2009 vart det gjort endringar i barnevernloven som skjerpa inn krava til kva som skal til for at barn blir tilbakeført til dei opphavlege foreldra sine etter i omsorgsovertaking. Det er viktig at ein evaluerer i kor stor grad praktiseringa av denne endringa stemmer overeins med det overordna perspektivet om det beste for barnet. 11

Varig plassering Det er ein samanheng mellom adopsjon som barnevernstiltak og tilbakeføring etter fosterheimsplassering. Temaa har overlappande problemstillingar. Mellom anna heng begge temaa saman med det biologiske prinsippet. Bak utforminga av vilkår for omsorgsovertaking og andre tiltak ligg grunnsynet at det har stor eigenverdi for barn å kunne vekse opp hos foreldra sine, sjølv om heimen har visse manglar. Foreldre er viktige, sjølv om dei ikkje er i stand til å ha omsorga for barna sine. Både adopsjon som barnevernstiltak og tilbakeføring dreier seg om moglegheita for stabilitet og det å ta vare på barna, sett opp mot retten barn har til å vere saman med opphavlege foreldre, og ikkje minst rettane foreldre har overfor det enkelte barnet. Adopsjon er lite brukt, men i somme samanhengar eit viktig tiltak for å skape større tryggleik og stabilitet for eit barn som er plassert i fosterheim etter ei omsorgsovertaking. Adopsjonen gjeld òg utover fylte 18 år og vil derfor kunne føre til større stabilitet enn det for eksempel ein vanleg fosterheim kan gi. Samtidig er tiltaket inngripande, fordi det kan ha store konsekvensar for barn og familiar som er involverte. Tiltaket er irreversibelt og fører til at dei opphavlege foreldra mister alle dei rettslege forpliktingane og rettane sine overfor barnet. Det er viktig at barnevernstenestene har god kunnskap om kriteria for kva som skal til for at eit barn bør adopterast, slik at adopsjon blir vurdert i dei tilfella der det er til det beste for barnet. Når tilbakeføring av barnet ikkje kjem til å bli mogleg i framtida, kan det vere ei unødig belastning for barnet at plasseringa ikkje kan gjerast varig (utanom ved adopsjon). I Sverige er det mogleg med varige plasseringar, såkalla vårnadsöverflyttingar. Det er ei plikt å vurdere ei slik plassering etter at barnet har budd i same fosterheimen i tre år. xx Dette er eit mindre inngripande tiltak enn adopsjon, men likevel eit tiltak som vil skape ein stabil omsorgssituasjon for barnet. Familievernkontora bør komme inn som ein rådgivande instans for foreldre i samband med at barnet blir plassert av barnevernet. Ivaretaking av dei opphavlege foreldra skal framleis vere eit lovfesta ansvar for barnevernstenesta. Styresmaktene bør evaluere i kor stor grad den nye regelen om tilbakeføring tar vare på barnet sine behov og interesser. Det bør vurderast å innføre ei føresegn i barnevernloven om varig omsorgsplassering og ei plikt til å vurdere dette etter at barnet har budd i same fosterheimen i tre år. 12

Sluttnotar i http://www.regjeringen.no/nb/dep/bld/pressesenter/pressemeldinger/2011/bv.html?id=636263 ii Falck, S. og Vorland, N. (2009) Problemer har ikke kontortid. Akuttberedskapen i barnevernet. Rapport 5/2009, Oslo Nova. http://www.nova.no/id/19662.0 iii Barneombudet. 2010. Maktesløst tilsyn. Tilsyns- og klagesystemet i barnevernet. iv http://www.ssb.no/emner/03/03/barneverng/tab-2010-07-06-14.html v http://www.fylkesmannen.no/hoved.aspx?m=2198&amid=3504509 vi Trønnes-Christensen, Trude (2010) Taushetsplikt og opplysningsplikt i helsetjenesten vii Tilrådingane finst òg i Barneombodet sitt innspel til Flatøutvalet juli 2009. viii Les meir om ekspertgruppene til Barneombodet på www.barneombudet.no/eksperter/ ix Tilrådingane finst òg i Barneombudet (2009). Supplerende rapport til FNs komité for barns rettigheter. x Stang, E.G. (2007): Det er barnets sak. Barnets rettsstilling i sak om hjelpetiltak etter barnevernloven 4-4. Oslo: Universitetsforlaget xi Allertsen, L.M. og Kalve, T. (2006) Innvandrerbarn i barnevernet 2004, Oslo, SSB rapport 2006/19 Bredal Anja og Lill Salole Skjerven. 2007. Tvangsekteskapssaker i hjelpeapparatet : Omfang og utfordringer. Oslo: Universitetet i Oslo Mossige, S. og Stefansen, K. (2007) Vold og overgrep mot barn og unge. En selvrapporteringsstudie blant avgangselever i videregående skole. Rapport 20/07, Oslo, NOVA Schou, L., Dyb, G. og Graff-Iversen, S. (2007) Voldsutsatt ungdom i Norge. Folkehelseinstituttet og Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress. Rapport 2007:8. xii Brev fra Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet til Barneombudet 17.04.2009. xiii Tilrådingane finst òg i Barneombudet (2009). Supplerende rapport til FNs komité for barns rettigheter. xiv Stang, E.G. (2007). Det er barnets sak. Barnets rettsstilling i sak om hjelpetiltak etter barnevernloven 4-4. Oslo, Universitetsforlaget xv NOU 2009: 22 Det du gjør, gjør det helt. Bedre samordning av tjenester for utsatte barn og unge xvi Søvig, Karl Harald 2009:110. Barnets rettigheter på barnets premisser. Utfordringer i møtet mellom FNs barnekonvensjon og norsk rett. xvii Sjå m.a. masteroppgåve av Berit Skauge ved NTNU gjengitt i Adressa 11.april 2011, http://www.adressa.no/nyheter/deglemtebarna/article1616132.ece xviii Barneombudet 2011 Innspill til regjeringens handlingsplan mot vold i nære relasjoner xix Barneombudet. 2010. Eksperter på incest. Å bli utsatt for seksuelle overgrep av en du kjenner xx Bendiksen, Lena R.L. 2007. Fratakelse av foreldreansvar og adopsjon som barnevernstiltak. En rettsvitenskapelig analyse. Universitetet i Tromsø. Det juridiske fakultet. 13