Kviteseid kommune Møteprotokoll Utval: Formannskapet Møtestad: Brunkeberg, Kommunehuset Dato: 20.04.2016 Tidspunkt: 08:45 14:00 Fylgjande faste medlemmer møtte: Namn Funksjon Representerar Solveig Nekstad Grave Medlem AP Tore Åsland Medlem AP Bjørn Nordskog Medlem SP Tarjei Andreas Draugedal Varaordførar KRF Tarjei Gjelstad Ordførar AP Fylgjande medlemmer møtte ikkje: Namn Funksjon Representerar Anne Birgit Sollid MEDL SP Elsa Ann Grave Hauglid MEDL H Fylgjande varamedlemmer møtte: Namn Møtte for Representerar Jon Ingebretsen Elsa Ann Grave Hauglid MDG Lars Håkon Didriksen Anne Birgit Sollid SP Fylgjande frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Øystein Tveit Rådmann Sveinung Seljås Plansjef tilstades i sakene 36-42 Berit Lundeberg Sekretær Formannskapet starta dagen med synfaring i samband med sak 36/16. Kl. 1045 reiste formannskapet på teaterforestilling på Kvitsund Gymnas og fortsatte møte etter at forestillinga var ferdig. Sak 37/19 Morgedal Turisthotell AS søknad om bruksendring vart handsama som fyrste sak etter godkjenning av protokollen. Formannskapet vedtok å handsame sak 50/16 utlysing av 50% fast stilling som sekretær. Sak 35/16 tolking av lokale lønspolitiske retningsliner, hovudtariffavtala og hovudavtale vart teke ut av sakskartet, då handsaminga etter delegasjonsreglementet stoppar i administrasjonsutvalet.
Saksliste Utvalssaksnr. PS 32/16 PS 33/16 RS 11/16 Innhald Godkjenning av protokoll Referatsaker K - Ikkje medhald i klage - oppføring av bod - 2/63 - Åsane hyttefelt RS 12/16 K - Klage på endelig vedtak - slamdeponi i LNF-område - 22/1, 11, 14 - Kviteseid kommune RS 13/16 PS 34/16 PS 36/16 PS 37/16 Søknad om økonomisk støtte til Kreftregistret og STAMIs planlagte forskningsprosjekt - Norsk Brannmanns Forum Utlysing av vikariat som kommunalsjef skule- og barnehage K - 41/22 - Kviteseidvegen 308 - Tilbygg/ombygging av driftsbygning/fjøs - godkjent - klage K - 76/6 - Morgedal Turisthotell AS - søknad om bruksendring til asylmottak - dispensasjon PS 38/16 K - 28/27 - Tveitgrendvegen 404 - tilbygg fritidsbustad - dispensasjon på vilkår - klage PS 39/16 K - 29/7 - Tveitgrendvegen 187 B - Byggeløyve heilårsbustad - plasseringsvilkår - ny klage PS 40/16 K - 67/1 - Berge nedre - Prøveuttak i steinbrot - dispensasjon PS 41/16 K - 42/1 - frådeling av tomt med heilårsbustad (kårbustad) - dispensasjon PS 42/16 Reguleringsplan - detaljregulering E 134 Morgedal - Mostøyl - godkjenning PS 43/16 PS 44/16 PS 45/16 PS 46/16 PS 47/16 Informasjon - Kviteseid brygge Søknad om tilskott til Kviteseid Glasservice AS Søknad om tilskott til Kviteseid Byggevare AS Søknad om marknadsføringstilskott til Visit Vrådal SA Tilskott til Skien Dalen Skipsselskap sin rutedrift av M/S Victoria 2016-2019 PS 48/16 Tilskott - vedlikehald ved Norsk Skieventyr - 2016 PS 49/16 PS 50/16 Søknad om tilskott til Coop Morgedal Utlysing av 50% fast stilling som sekretær på KOS Lukka
PS 32/16 Godkjenning av protokoll Protokollen vart samrøystes vedteken. PS 33/16 Referatsaker Sjå under RS 11/16 K - Ikkje medhald i klage - oppføring av bod - 2/63 - Åsane hyttefelt Teke til orientering RS 12/16 K - Klage på endelig vedtak - slamdeponi i LNF-område - 22/1, 11, 14 - Kviteseid kommune Teke til orientering. RS 13/16 Søknad om økonomisk støtte til Kreftregistret og STAMIs planlagte forskningsprosjekt - Norsk Brannmanns Forum Teke til orientering. PS 34/16 Utlysing av vikariat som kommunalsjef skule- og barnehage Formannskapet vedtek å lyse ut eit vikariat som kommunalsjef skule og barnehage fram til 30.06.2017. Ved internt opprykk vert dette vikariatet lyst ut tilsvarande. Saksprotokoll i Administrasjonsutvalet - 20.04.2016
Formannskapet vedtek å lyse ut eit vikariat som kommunalsjef skule og barnehage fram til 30.06.2017. Ved internt opprykk vert dette vikariatet lyst ut tilsvarande. Administrasjonsutvalet si tilråding vart samrøystes vedteke. Formannskapet vedtek å lyse ut eit vikariat som kommunalsjef skule og barnehage fram til 30.06.2017. Ved internt opprykk vert dette vikariatet lyst ut tilsvarande. PS 36/16 K - 41/22 - Kviteseidvegen 308 - Tilbygg/ombygging av driftsbygning/fjøs - godkjent - klage Klage på byggeløyve i sak 089/16 blir ikkje tatt til fylgje. Klaga blir sendt til Fylkesmannen for endeleg avgjerd. Tarjei Draugedalen bad formannskapet vurdere habiliteten, då han er son av grunnleigar. Formannskapet vurderte Draugedalen til å vera inhabil. SP v Bjørn Nordskog kom med fylgjande endringsframlegg: «Formannskapet tek klaga til fylgje. Utvalet bed utbyggar utgreie for alternativ plassering for å imøtekome klagar. Formannskapet ser positivt på at det blir bygd driftsbygningar i Kviteseid.» Rådmannen si tilråding vart sett opp mot endringsframlegget frå SP, som vart samrøystes vedteke med 6 røyster. Formannskapet tek klaga til fylgje. Utvalet bed utbyggar utgreie for alternativ plassering for å imøtekome klagar. Formannskapet ser positivt på at det blir bygd driftsbygningar i Kviteseid. PS 37/16 K - 76/6 - Morgedal Turisthotell AS - søknad om bruksendring til asylmottak - dispensasjon Kviteseid kommunen gir i medhald av plan- og bygningslova 19-2 dispensasjon frå reguleringsplanen Morgedal sentrum for ei bruksendring etter 20-1 d) som tillet at Morgedal Turisthotell på g/bnr 76/6 kan drivast som asylmottak i inntil seks år rekna frå vedtaksdato. Vikåra for dispensasjonen er at avvik påvist i rapport av 25.01.16 kva gjeld branntrygging i
asylmottak blir lukka, og at branntryggleiken er dokumentert ivaretatt ved ombyggingar som fylgje av statlege krav til innhaldet i godkjente asylmottak. Vedtaket er grunngjeve med at ein dispensasjon ikkje vesentleg sett til sides dei omsyna planføremålet (næring) skal ivareta og at kommunen ønskjer å vise samfunnsansvar i ein pressa asylsituasjon for landet. Ordføraren kom med framlegg om å utsette saka for nærare utgreiing. Ordføraren sitt framlegg vart samrøystes vedteke. Saka vert utsett. PS 38/16 K - 28/27 - Tveitgrendvegen 404 - tilbygg fritidsbustad - dispensasjon på vilkår - klage Formannskapet tek klaga til fylgje, og godkjenner at dispensasjonen frå byggeforbodet gjeld for eit tilbygg på 33 m2 til fritidsbustaden på g/bnr 28/27, slik det er søkt om. Formannskapet tek klaga til fylgje, og godkjenner at dispensasjonen frå byggeforbodet gjeld for eit tilbygg på 33 m2 til fritidsbustaden på g/bnr 28/27, slik det er søkt om. PS 39/16 K - 29/7 - Tveitgrendvegen 187 B - Byggeløyve heilårsbustad - plasseringsvilkår - ny klage Formannskapet tek ikkje klaga på vedtaket om plasseringsvilkår for ny bustad/garasje på landbrukseigedomen g/bnr 29/7 til fylgje. Klaga blir, saman med tidlegare klage og tilhøyrande dokument i saka, sendt til Fylkesmannen for endeleg avgjerd. Tore Åsland bad formannskapet vurdere habiliten då han er syskenborn av ein av partane, i tillegg til at han har vore i ein tvist med ein av partane. Formannskapet vart samde om at han var inhabil på grunn av tvisten. Rådmannen si tilråding vart vedteke med 6 røyster.
Formannskapet tek ikkje klaga på vedtaket om plasseringsvilkår for ny bustad/garasje på landbrukseigedomen g/bnr 29/7 til fylgje. Klaga blir, saman med tidlegare klage og tilhøyrande dokument i saka, sendt til Fylkesmannen for endeleg avgjerd. PS 40/16 K - 67/1 - Berge nedre - Prøveuttak i steinbrot - dispensasjon Formannskapet gir i medhald av pbl 19-2 dispensasjon for eit prøveuttak av fjellmasse på inntil 5 000 m3 til fri omsetjing frå området der ombygging av snuplass på privat skogsveg ved austenden av Breivatn på g/bnr 67/1 skal skje. Det blir sett fylgjande vilkår for uttaket: - Dersom det ikkje blir varsla formell oppstart av reguleringsplanprosess, skal uttaket vere avslutta seinast 01.09.17. - Ved slik avslutting skal tilsidelagt humus og anna lausmasse i anleggsområdet tilbakeførast til areal som ved avsluttinga framstår som sår i landskapet, for raskast mogleg revegetering. Det blir presisert at formannskapet ikkje har tatt stilling til arealbruken, sjølv om det skulle vise seg at prøvene kan gi grunnlag for varig drift. Ordføraren bad formannskapet vurdere habiliteten som nabo. Varaordføraren gjekk inn i ordføraren sin stad. Formannskapet vurderte ordføraren som habil då han ikkje er part i sak. Formannskapet gir i medhald av pbl 19-2 dispensasjon for eit prøveuttak av fjellmasse på inntil 5 000 m3 til fri omsetjing frå området der ombygging av snuplass på privat skogsveg ved austenden av Breivatn på g/bnr 67/1 skal skje. Det blir sett fylgjande vilkår for uttaket: - Dersom det ikkje blir varsla formell oppstart av reguleringsplanprosess, skal uttaket vere avslutta seinast 01.09.17. - Ved slik avslutting skal tilsidelagt humus og anna lausmasse i anleggsområdet tilbakeførast til areal som ved avsluttinga framstår som sår i landskapet, for raskast mogleg revegetering. Det blir presisert at formannskapet ikkje har tatt stilling til arealbruken, sjølv om det skulle vise seg at prøvene kan gi grunnlag for varig drift. PS 41/16 K - 42/1 - frådeling av tomt med heilårsbustad (kårbustad) - dispensasjon Formannskapet gir i medhald av pbl 19-2 dispensasjon frå deleforbodet i LNF-område for frådeling av ei tomt på inntil 2 000 m2 rundt eksisterande kårbustad på g/bnr 42/1, slik det er søkt om, på fylgjande vilkår: - Det blir gitt samtykke til frådelinga etter jordlova. - Tomta blir sikra vegrett i privat vegparsell fram til offentleg veg.
Formannskapet gir i medhald av pbl 19-2 dispensasjon frå deleforbodet i LNF-område for frådeling av ei tomt på inntil 2 000 m2 rundt eksisterande kårbustad på g/bnr 42/1, slik det er søkt om, på fylgjande vilkår: - Det blir gitt samtykke til frådelinga etter jordlova. - Tomta blir sikra vegrett i privat vegparsell fram til offentleg veg. PS 42/16 Reguleringsplan - detaljregulering E 134 Morgedal - Mostøyl - godkjenning Kviteseid kommunestyre godkjenner i medhald av plan- og bygningslova 12-12 revidert reguleringsplan, detaljregulering for E-134, strekninga nemnd Morgedal - Mostøyl, for den delen som ligg i Kviteseid kommune. Ordføraren bad formannskapet vurdere habiliteten om grunneigar. Formannskapet vurderte ordføraren som habil, då han er ein av mange grunneigarar og E-134 ligg der frå før. Sakshandsamar kom med fylgjande endringsframlegg: «Kviteseid kommunestyre godkjenner i medhald av plan- og bygningslova 12-12 revidert reguleringsplan, detaljregulering for E-134, strekninga nmend Morgedal-Mostøyl, irekna planendring for avkøyrsel ved Løke bruk ettersendt 19.04., for den delen som ligg i Kviteseid kommune.» Endringsframlegget vart samrøystes vedteke. Kviteseid kommunestyre godkjenner i medhald av plan- og bygningslova 12-12 revidert reguleringsplan, detaljregulering for E-134, strekninga nmend Morgedal-Mostøyl, irekna planendring for avkøyrsel ved Løke bruk ettersendt 19.04., for den delen som ligg i Kviteseid kommune. PS 43/16 Informasjon - Kviteseid brygge Kviteseid kommunestyre tar saka til orientering. Kviteseid kommunestyre tar saka til orientering.
PS 44/16 Søknad om tilskott til Kviteseid Glasservice AS Kviteseid kommune løyver kr 80 000,- til Kviteseid Glasservice AS v/ Roy Olav Riis. Pengane skal brukas til dei skisserte tiltaka i søknaden. b) Pengane vert å take frå bunde næringsfond; konto 147026 ansvar 4303, teneste 3250. (Restsaldo etter løyvinga er kr 547 000,-). Kviteseid kommune løyver kr 80 000,- for 2016, til Kviteseid Glasservice AS v/ Roy Olav Riis. Pengane skal brukas til dei skisserte tiltaka i søknaden. b) Pengane vert å take frå bunde næringsfond; konto 147026 ansvar 4303, teneste 3250. (Restsaldo etter løyvinga er kr 547 000,-). PS 45/16 Søknad om tilskott til Kviteseid Byggevare AS Kviteseid kommune løyver kr 40 000,- til Kviteseid Byggevare AS v/arnfinn Magnushommen. Pengane skal brukas til dei skisserte tiltaka i søknaden. b) Pengane vert å take frå bunde næringsfond; konto 147026 ansvar 4303, teneste 3250. (Restsaldo etter løyvinga er kr 507 000,-). Kviteseid kommune løyver kr 40 000,- til Kviteseid Byggevare AS v/arnfinn Magnushommen. Pengane skal brukas til dei skisserte tiltaka i søknaden.
opplysningane som søknaden bygde på ikkje stemte med dei faktiske tilhøva, b) Pengane vert å take frå bunde næringsfond; konto 147026 ansvar 4303, teneste 3250. (Restsaldo etter løyvinga er kr 507 000,-). PS 46/16 Søknad om marknadsføringstilskott til Visit Vrådal SA Kviteseid kommune løyver kr 100 000,- til Visit Vrådal SA. Pengane skal brukas til dei skisserte tiltaka i søknaden. b) Pengane vert å take frå det bunde næringsfond; konto 147026 ansvar 4303, teneste 3250. (Restsaldo etter løyving er kr 407 000,-). Solveig N. Grave sa seg inhabil i saka, då ho er medlem i styret for Visit Vrådal og er medunderskrivar i søknaden. Formannskapet var samd i dette. Kviteseid kommune løyver kr 100 000,- til Visit Vrådal SA. Pengane skal brukas til dei skisserte tiltaka i søknaden. opplysningane som søknaden bygde på ikkje stemte med dei faktiske tilhøva, b) Pengane vert å take frå det bunde næringsfond; konto 147026 ansvar 4303, teneste 3250. (Restsaldo etter løyving er kr 407 000,-). PS 47/16 Tilskott til Skien Dalen Skipsselskap sin rutedrift av M/S Victoria 2016-2019 Kviteseid kommune løyver kr 100 000,- årleg 2016-2019 til Skien Dalen Skipsselskap. Pengane skal brukast til dei skisserte tiltaka i søknaden. b) Pengane vert å take frå det kommunale næringsfondet; konto 147052, ansvar 4303, teneste 3250
Kviteseid kommune løyver kr 100 000,- årleg 2016-2019 til Skien Dalen Skipsselskap. Pengane skal brukast til dei skisserte tiltaka i søknaden. b) Pengane vert å take frå det kommunale næringsfondet; konto 147052, ansvar 4303, teneste 3250 PS 48/16 Tilskott - vedlikehald ved Norsk Skieventyr - 2016 Vest-Telemark museum får eit tilskot på kr. 200.000,- til dekning av ekstraordinære bygningsutgifter på Skieventyret i Morgedal. Midlane vert å hente frå konto 1470026, ansvar 4303, teneste 3250. Saldo på det bunde næringsfondet er etter løyvinga kr. 207.000,-. Ordføraren sa seg inhabil i saka som dagleg leiar i permisjon ved Norsk Skieventyr. Formannskapet var samd i dette. Vest-Telemark museum får eit tilskot på kr. 200.000,- til dekning av ekstraordinære bygningsutgifter på Skieventyret i Morgedal. Midlane vert å hente frå konto 1470026, ansvar 4303, teneste 3250. Saldo på det bunde næringsfondet er etter løyvinga kr. 207.000,-. PS 49/16 Søknad om tilskott til Coop Morgedal Kviteseid kommune løyver kr 10 000,- i tilskott til Coop Morgedal v/ Per Larsen b) Pengane vert å take frå det fylkeskommunale næringsfondet; konto 147026, ansvar 4317, teneste 3250 Status på det fylkeskommunale næringsfondet pr. april 2016 er før tilrådd løyving kr 26 714,-. Status på det fylkeskommunale næringsfondet pr. april 2016 er etter tilrådd løyving
kr 16 714,-. Kviteseid kommune løyver kr 10 000,- i tilskott til Coop Morgedal v/ Per Larsen b) Pengane vert å take frå det fylkeskommunale næringsfondet; konto 147026, ansvar 4317, teneste 3250 Status på det fylkeskommunale næringsfondet pr. april 2016 er før tilrådd løyving kr 26 714,-. Status på det fylkeskommunale næringsfondet pr. april 2016 er etter tilrådd løyving kr 6 714,-. PS 50/16 Utlysing av 50% fast stilling som sekretær på KOS Stillinga vert lyst ledig frå 20.06.2016. Saksprotokoll i Administrasjonsutvalet - 20.04.2016 Stillinga vert lyst ledig frå 20.06.2016. Administrasjonsutvalet si tilråding vart samrøystes vedteke. Stillinga vert lyst ledig frå 20.06.2016.