KAMPANJE. Det beste i livet er GRATIS! 22. oktober 2008. Opplag 20.000. Opningstider: 10-18 (16) frå. Hjelp oss å fylle ein trailer med kvalitetsvarer



Like dokumenter
mmm...med SMAK på timeplanen

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Til deg som bur i fosterheim år

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Jon Fosse. For seint. Libretto

Minnebok. Minnebok NYNORSK

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Kva er økologisk matproduksjon?

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

MATEMATIKKVERKSTAD Mona Røsseland. GLASSMALERI (bokmål) Utstyr: Rammer (A3) i farga papp, pappremser, silkepapir, saks og lim

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Rukia Nantale Benjamin Mitchley Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

6. trinn. Veke 24 Navn:

Ordenes makt. Første kapittel

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Pasienthotellet Fss Plassering: 7. etg Kapasitet: 21 sengar fordelt på 7 dobbeltrom/7 enkeltrom

I N N H O L D. Forord

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Månadsbrev for Rosa september 2014


Opplysningskontoret for frukt og grønt ønsker å inspirere og motivere til økt forbruk av frukt og grønt. Myndighetenes kostholdsanbefalinger lyder

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Månadsplan for Hare November

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

OK, seier Hilde og låser.

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

oppskrifter kornartane Innhald Baketips Kornblanding Di ega Kornblanding Fine rundstykke

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring


Brukarrettleiing E-post lesar

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

Anne-Cath. Vestly. Åtte små, to store og en lastebil

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

Ute mat Korleis laga god mat UTE

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår?

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

1. Fritid og bibliotek Hos legen Høgtider Mattradisjonar Sunnheit og kosthald Arbeidsliv...

Valdres vidaregåande skule

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Tyra Teodora Tronstad og Bjørn Sortland. Det blir pinlig uansett

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Refleksjon og skriving

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Brannsår, rus eller friheit?

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Kva kompetanse treng bonden i 2014?


KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Carl Frode Tiller Innsirkling 3. Roman

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Brødsbrytelsen - Nattverden

Alt det lyse og alt det mørke

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

MIN SKAL I BARNEHAGEN

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Årets nysgjerrigper 2010

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

MEDLEMSINFO. august 2009

Hvorfor blir det færre og færre elever på noen skoler enn på andre?

Årets nysgjerrigper 2010

Om å høyre meir enn dei fleste

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Info til barn og unge

Informasjon til elevane

Til... Frå... God Jul, Kald Kaffi Sauen!

Transkript:

Antall mnd: 36 Månedspris: 500,- Kredittkjøpspris: 17.764,- FINANSIERING 9 MND. UTSETTELSE Din lokale forhandler finner du i Ulsteinvik, Saunesmarka, Fosnavåg Brygge, Tlf. 70 01 88 00 - Åpent: 10-18 (15) Distriktet sine einaste Expert-butikkar finn du i Ulsteinvik og Fosnavåg Vi opnar NY FLOTT butikk i Ulsteinvik torsdag 23/10 kl 10.00 Sjå www.vikebladet.no for opningsannonse! Gratis levering no også i Ørsta og Volda. Faste ruter tirsdag og torsdag. Vi ynskjer alle velkomne til butikkane våre! INFORMASJON www.regionavisa.no Det beste i livet er GRATIS! 22. oktober 2008. Opplag 20.000 Hytte i Stryn? Sjå www.tendenhyttegrend.no www.finn.no Nattevakta Side 4-5 Triveleg handel i Ørsta 23 butikkar - Gratis parkering KAMPANJE Hjelp oss å fylle ein trailer med kvalitetsvarer frå Balteco i Estland, er m.a. leverandør for badekar, boblebad, dusjkabinett, sauna og minibasseng PRISDØME: MINI Underskap med servant kr 1690,- Lite underskap kr 370,- Overskap kr 290,- Speil med lys kr 1170,- Total pris kr 3.520,- 10% kr 3.168,- * Ved kjøp av komplett bad gir vi 10% avslag på totalen Opningstider: 10-18 (16) PIANO SVART Lite underskap med 2 skuffer, 40x46x45, kr 2.800,- Lite underskap med ei stor skuffe, 40x46x45, kr 1.870,- Underskap til servant, 80x46x45, kr 2.750,- Servant TRAY, 50x90x19, kr 4.770,- Benkeplate kr 2.040,- Speilmed lys kr 2.680,- Lite overskap med aluminium, glassfront, kr 3.000,- Total pris kr 19.910,- 10% kr 17.920,- 3. etg. Ørsta Torg Tlf. 464 33 001 / 926 40 081 E-post: post@c-o.no www.c-o.no Ei avdeling i Peder Øvstegård AS I handel og eigedom sidan 1933 Informasjon om våre produkt og samarbeidspartnarar/leverandørar finn du på www.c-o.no Gratisavis for: Hareid - Herøy - Sande - Ulstein - Vanylven - Volda - Ørsta

2 Onsdag 22. oktober 2008 Regionavisa Nei, her må ein vel kunne seie at lukka har vore betre enn forstanden, seier Bjarne Egset (79) i Volda. Han står på kjøkkengolvet og ser på den 34 år gamle veninna si som kryp rundt alle vegger i det store rommet. Han har ikkje noko svar på korleis han har klart å halde liv i det umælande vesenet i alle desse åra, og slett ikkje veit han kva gullranka har levt av. Eg har skifta mold på ho berre ein einaste gong, hevdar han. Likevel veks ho og slyngjer seg over dører og glas, kjøkkenskap og glatte veggar. No er ho ferdig med fyrste runden kring kjøkkenet, og det er ingen ting som tyder på at ho har tenkt å gje seg med dette. Grøn og livsfrisk er ho, og. Eg har vore gardbrukar i heile mitt liv, og har ikkje erfaring med andre planter enn gras, hundeslengjer, løvetann og høymoler, smiler Bjarne då vi vil vite litt om gartnarkunnskapane hans. Likevel, - det må vel spesielt stell og triks til for å verte så omsverma, eller omringa, av ei einaste plante som Bjarne er no etter kvart? Nei, heile planta er ei gåte! Eg har ikkje gjort noko anna enn slengt i ho litt vatn av og til, er kommentaren frå husverten. Ja, så var det eit år at eg tok og klipte ned heile greia for eg syntes ho vart så bladlause og fæle. Men trur de ikkje at ho kom igjen? Jau, og då vart det skikkeleg fart på ho! Vellukka Då bror til Bjarne døydde i 1974, fekk familien ei blomstersamanplanting frå nokre vener. Blomane i gruppa gav seg på det litt etter kvart, med unntak av ei lita plante som klamra seg til livet og strekte seg mot lyset. Sidan ho viste så tydeleg livsmot, let Bjarne ho få plass i eiga krukke, og krukka hengde han på kjøkkenveggen. På denne staden har ho hatt røtene sine sidan; her har ho levd eit stilt og fredeleg liv og med åra strekt seg grøn og triveleg langs veggane. Ho hadde i utgangspunktet to armar, men har no skaffa fram to greiner til. Eg har prøvt å måle lengda på ho, og har kome til at ho no er over 33 meter. Dette er ikkje noko nøyaktig mål, for det let seg då ikkje gjere å strekkje ut desse greinene. Må behandle ho med varsemd, elles så bryt eg vel fort av det som ho har brukt tiår på å bygge opp Vi skjønar at Bjarne har fått respekt for veksten etter 34 års dagleg nærkontakt. Ja, det er rart med det, men eg var no ikkje eingong sikker på kva ho heitte, eller kva vekstvilkår dette planteslaget krev, kommenterer han. - Namnet har eg fått greie på no i den seinare tid. Ei stor bok om potteplanter kjem på plass, og av biletet der er det ikkje til å ta feil av; det er ei gullranke. Om denne planten står det skrive at dei treng mykje lys. Det har ho fått rikeleg av i det lyse kjøkkenet. Ho vil ha det varmt, - minst 16 grader vinterstida! Temperaturen har altså vore i orden i rommet året rundt. Vidare skal ho ha sparsomt med vatn. Akkurat! Bjarne har berre slengt i henne litt drikke av og til. Tåler tørr stoveluft. Ja, eg har ikkje røykt dei siste 30 åra! Kommentaren kjem frå ein humoristisk planteeigar. Vidare les vi at dette er ei klatreplante som fester seg med spesielle festeorgan, og at ho skal plantast i jord som er blanda med torv og mose. Bjarne lyttar til dei beskjedne krava og nikkar samtykkjande. Dette høyrest bra ut. Gullranka har funne den perfekte oppvekststaden i kjøkkenet hans! Her er altså passeleg lyst, passeleg varmt, passeleg tørt og så får ho passeleg lite å drikke. Når det gjeld dette med torvblanda jord, så trur eg no at ho verken har torv eller jord kring røtene sine lenger, smiler Bjarne, og tek ei hurtig avgjerd: Eg skal sanneleg ta å fylle på litt mold til ho ein av dagane! TEKST: SOLVEIG HALSE MYRVOLD FOTO: MARI MORK Det beste i livet er GRATIS Lay Out/sats: Regionavisa Opplag: 20.000 Trykk: Sogn og Fjordane Avistrykk AS Distribusjon: Posten Postadr.: P.b. 424, 6065 Ulsteinvik Besøksadr.: Kyrkjegt. 8 Telefon: 70 00 96 60 Telefax: 70 00 96 70 Ørsta-kontoret: Besøksadr.: 3. etg, Ørsta Torg Telefon: 70 00 96 60 Telefax: 70 04 17 00 Redaksjon: Produksjon: Salg/administrasjon: Ørsta-kontoret: Redaktør/Dagleg leiar Hugo Antonsen hugo@regionavisa.no Tlf.: 917 38 587 Reporter Anna Goksøyr a-report@online.no Tlf: 944 88 674 Produksjonsleiar Gunlaug Kleppe annonser@regionavisa.no Tlf.: 982 44 634 Salgssjef Line Urke line@regionavisa.no Tlf.: 911 17 530 Salgskonsulent Magne Krumsvik magne@regionavisa.no Tlf.: 975 87 269 Reporter Monica Iren Moe Masdal monica@regionavisa.no Tlf: 982 44 644 Spaltist/reporter Fredrik Steen fredrik@regionavisa.no Produksjon Aina Iren Årsheim aina@regionavisa.no Tlf.: 70 00 96 60 Sekretær/salg Kari H. Berge kari@regionavisa.no Tlf.: 934 19 538 Salg og produksjon Gunn Homberset gunn@regionavisa.no Tlf.: 458 65 620 www.regionavisa.no - tips@regionavisa.no - annonser@regionavisa.no 2008 Nye Regionavisa AS

Regionavisa Onsdag 22. oktober 2008 3 sambuarskap i 34 år! Vi har produkta! Hamnegt. 21A, 6100 VOLDA Tlf. 70 07 68 17 Lat oss undersøke synet ditt Tlf. 70 01 34 34 - Sjøgt. 3 - Ulsteinvik Gode tilbod! Jula nærmar seg. Vi har gode tilbod og mykje nytt i butikken. Nye varer kjem kvar veke. Kom og sjå vårt store utval i småinteriør, også mykje nytt frå Black Design. Gifteplanar? May-Britt GÅVER OG INTERIØR 6065 Ulsteinvik Tlf. 70 01 22 23 Ope: ma.-ons. 10-17, to.-fre. 10-18 laur. 10-16 Vi treng sjåførar www.fjord1.no Bjarne gjev Gullranka ein skvett vatn i ny og ne. KVAR ONSDAG - TIL ALLE POSTKASSER PÅ SØRE SUNNMØRE! Kjøkkenet er heilt ideelt for sambuarane! Frodig og flott smyg ho seg over dører og glas Her har lukka vore betre enn forstanden, smiler Bjarne.

4 Onsdag 22. oktober 2008 Regionavisa Nattas gode hjelparar Barnepleiar Gretha Slettedal Odden set pris på å ha tid til litt kos med dei små. Når dei aller fleste av oss søv vår søtaste søvn, er det nokon som må vere vakne og på vakt. På vakt for å ta imot nye verdsborgarar og på vakt for å syte for at dei mest sårbare, og dyrebare er trygge. På fødeavdelinga ved Volda Sjukehus er det ei eiga stemning når natta er mørk og lang. Klokka er ti om kvelden, og det er vaktskifte ved fødeavdelinga i Volda. Det skal rapporterast slik at neste skift er oppdatert om dagens hendingar. Det er stille og roleg på avdelinga og ein merkar at rytma er ei heilt anna enn på dagtid. Stor lukke Etter berre eit lite kvarter blir den rolege stemninga avbroten av eit beherska hyl av glede. Jordmor Linn Moe jublar over eitt nytt liv ho har hjelpt til verda. Endeleg! No syntes eg det har vore vel lenge sidan eg fekk ta imot eit barn. Det er vel nokre veker sidan sist. Eg er like lukkeleg kvar gong eg, å ta i mot barn er ei ubeskriveleg lukke, strålar Linn som straks skal gå av vakt. Når det er ein fødsel på gong akkurat i vaktskiftetider, blir det ofte litt ekstra spennande om eg får vere den som tek imot. I kveld gjekk det akkurat og eg fekk vere der heilt til jenta kom, fortel Moe som no har overlatt ansvaret for sitt par til jordmor Solfrid Ulstein Riise. Trygt Jenta til Ingvill Vågeskar og Trond-Erik Bekkevang frå Leikong kom trygt til verda med jordmor Linn si hjelp. Dei nybakte foreldra er slitne, men høgt oppe. Eg har følt meg så trygg her. Jordmor Linn har gjort ein fantastisk jobb, og gleda eg føler no er frykteleg vanskeleg å setje ord på, fortel mamma Ingvill. Både Ingvill og Trond-Erik er opptekne av at folk må starte å snakke litt meir om fødselsgleda, og ikkje berre kome med skrekkhistorier om kor smertefull ein fødsel kan vere. Eg har gledd meg til fødselen eg, og med den fantastiske behandlinga vi har fått her på sjukehuset, har det vore ein veldig fin oppleving. Det tok litt lengre tid enn kva eg hadde trudd, men no er jenta vår endeleg her, so no skal vi berre få slappe litt av og kose oss, fortel Ingvill. Følar seg liten Pappa Trond-Erik strålar av stoltheit og glede der han sit med dotter si i armane. Dei tilsette her har verkeleg tatt godt vare på meg også, heile atmosfæren her er trygg og god. For meg som mann er det jo ikkje noko særleg å sjå at den eg er så glad i har smerter utan at eg eigentleg kan gjere noko for å hjelpe. Ein føler seg litt liten i ein slik situasjon, fortel Trond-Erik. Du har hjelpt mykje du skal du berre vite, skyt jordmor Solfrid Ulstein Riise inn. Det at barnefaren er tilstades er faktisk til stor hjelp. Når ein får kjærteikn og oppmuntring av ein som ein er glad i, skil kroppen ut endorfinar som er den naturlege smertelindringa vår. Så pappa hjelp faktisk mykje til han, smiler ho. Den vesle familien blir på fødestua i eit par timar etter fødselen for å få roe seg og slappe godt av. Etterpå ventar eit eige familierom for Ingvill, Trond-Erik og veslejenta. Nattens dronning Solfrid Ulstein Riise går kun nattevakter, og blir av dei andre tilsette ofte referert til som nattens dronning. Det å gå berre natt, er nok for litt spesielt interesserte. Det blir ein litt spesiell kvardag kan ein seie, fortel ho. Solfrid har ikkje heilt talet på kor mange barn ho har tatt i mot, men at ho har bikka 500 fødslar er i alle fall ikkje å ta for hardt i. På ei av nattevaktene mine var eg med på

Regionavisa Onsdag 22. oktober 2008 5 Hilde Eide og Kjetil Seljenes set stor pris på at dei har fått eit familierom, slik at pappa kan få sove på sjukehuset også. Vi blir tatt veldig godt vare på her, tryggheita vi får av dei tilsette her er fantastisk, og så føler vi at dei har god tid til oss, seier Hilde og Kjetil. Ein heilt ny pappa Trond-Erik Bekkevang med veslejenta si i armane er full av lovord om dei tilsette ved fødeavdelinga i Volda. Jordmor Solfrid Ulstein Riise er god å ha som støtte desse første timane. Barnepleiar Gretha Slettedal Odden, jordmor Solfrid Ulstein Riise og jordmor Marianne Dalhaug har nattevakt. Vi har verdens beste yrke, seier dei. Det er også ein del kontorarbeid som skal til når ein ny verdsborgar kjem til verda. Marianne Dalhaug og Solfrid Ulstein Riise. heile fem fødslar. Det var hektisk det! Men, det er jo ein av dei tinga som er så flott med dette yrket. Nokre netter er frykteleg travle, medan andre, som i natt, er heller rolege og stille. Vi har verdens beste yrke, det er ingenting som kan måle seg med den gleda det er å ønske eit nytt liv velkomen til verda, fortel ho. Litt ekstra ro På tilhaldsrommet til dei tilsette kan ein høyre roleg pust frå sovande born, i natt er det fire born som ligg her inne under trygg vakt av barnepleiar Gretha Slettedal Odden, Marianne Dalhaug og Solfrid Ulstein Riise. Borna kan godt vere hos mamma heile natta, og fleire som er her no har babyen sin inne hos seg heile natta. Men av og til kan det vere godt for mamma å få sove i trygg vissdom om at babyen blir passa på av oss, og når barnet treng mat, eller mamma rett og slett saknar babyen sin, så tek vi dei inn igjen til mor. Når det er stilt slik som i natt, har vi høve til å kunne tilby mamma litt ekstra ro på denne måten, fortel Marianne. Det har ikkje alle tider vore slik. Solfrid hugsar godt den tida då borna kun var saman med mor når det var mating. Eg er glad for at dette har endra seg. Mamma og baby, og pappa for den del, treng å få vere saman slik at ein knytar dei sterke banda tidleg. Ein merker at babyen kjenner mor si veldig raskt. Vi opplever at borna snur hovudet mot lyden når mamma snakkar, og om dei er urolege, så roar dei seg fort med ein gong dei får kroppskontakt, fortel Solfrid. Verdens beste jobb Når nettene er såpass stille som denne, gir det høve til ekstra kos med dei små. Når vi har kapasiteten slik som no, er det utruleg koselig å kunne sitte i ro og mak med ein liten ein i armane. Eg kan ikkje tenke meg eit betre yrke eg, vi er like glade kvar gong eitt nytt lite menneske kjem til verda. Men det er klart, av og til kan jobben vere tung. Når ikkje alt er som det skal med den vesle er det klart at vi blir påverka vi som arbeider her også. Noko av det vanskelegaste er å formidle til foreldra at ikkje alt er som det skal. Heldigvis opplever ikkje vi her i Volda dette så ofte. Vi har i regelen berre friske born her i Volda, fortel Marianne. Klokka nærmar seg fire om natta, den tida det er hardast å halde seg vaken. Frå fire til seks kan det ofte vere tungt å halde seg vaken. I alle fall når det er ei roleg natt. Men vi har eit veldig godt miljø her, og praten glir lett. På slike netter sit vi gjerne med litt handarbeid, ei bok eller ser ein film på TV. Det å ha nattevakt kan vere veldig koseleg, men ein skal ikkje legge skjul på at det er skikkeleg tøft til tider. Det å snu døgnet på denne måten er ikkje så enkelt. Ein blir ganske surrete av det til tider, og nokre gongar tek det ekstra tid å stille seg inn på normal døgnrytme igjen. Berre vent, du merkar det godt når du skal på arbeid til vanleg tid i overimorgon, smiler Dalhaug til Regionavisa sin journalist som har litt problem med å halde augene oppe. Kokar kaffi Klokka kvart over sju om morgonen er ei lang natt snart til ende. Nattskiftet har laga kaffi til dagskiftet, og rydda og ordna litt. No blir det rapportering igjen, før vi går av vakt og overlet lukkelege foreldre og barn til dag-gjengen, fortel Marianne. Å reise heim etter endt arbeid når alle andre tek til på dagen er ei heilt spesiell kjensle. Natta sit i kroppen og det prikkar i beina og augene er litt som sandpapir, senga lokkar og Regionavisa sin journalist er full av beundring for dei som jamnleg passar på når vi andre søv. Det er heilt spesielle menneske som fortener ein varm takk kvar einaste natt. TEKST OG FOTO: MONICA IREN MOE MASDAL

6 Onsdag 22. oktober 2008 Regionavisa Potet kan brukes til det meste: kokte poteter, stekte poteter, bakt potet, potetmos, potetsalat, potetball, potetgull, potetvafler, potetlomper, potetbrød, potetkjeks, potetpannekaker, småballsuppe, potetsprit, potetbåter, potetpurresuppe, potetomelett, potetsufflé, potetpannekaker, eple- og potetgrateng, gulrot- og potetgrateng, fløtegratinerte poteter, pestobakte potethalvdeler, tapaspoteter, løk- og potetpai og så videre. 2008 potetens år ARNFINN INGJERD Endelig onsdag Dog, jevnlig bruk kan bare anbefales i nødstider. FN har utpekt 2008 som potetens år. Under slagordet «En gjemt skatt», vil FN øke oppmerksomheten om potetens rolle i verdens matforsyning. Uten potetene ville trolig det norske samfunnet sett helt annerledes ut i dag. Poteten ble første gang tatt i bruk i Andesfjellene i Peru og Boliva for ca 8000 år siden. Potetjordbruket var grunnlaget for mange kultursamfunn i Sør-Amerika. At potetguder ble æret igjennom seremonier og skulpturer, viser hvor viktig den var. Poteten kom til Europa med spanske erobrere på 1500-tallet. De plyndret gull fra Inka-folket i Sør-Amerika og fant samtidig Inkaenes viktigste kulturplante, poteten. Men det skulle gå 200 år før poteten ble verdsatt som matressurs i Europa. Potet til Norge Poteten kom til Norge først omkring 1740 via svenske handelsmenn til områder nær Kongsvinger. Det skulle ta 40 år før landhusholdningsselskapet kunne melde at de hadde bragte Potates-Avlen i Gang til Romsdalen og noe senere til vår region. At det tok hele 40 år for poteten å komme seg fra Kongsvinger til Nordvestlandet, forteller ganske mye om samfunnet den gang kontra dagens. I dag vil en slik matsensasjon spre seg utover landet på minutter. Potetprestene Prestene var som kjent viktige for at kunnskap om potetene skulle spre seg utover landet. Herman Ruge i Valdres var den første som fikk tilnavnet potetprest. I boka Maanedlige Afhandlinger til En og Anden Forbedring (Schwach, 1762) skrev Ruge om hvordan man kunne lætte Hungers Nød. Artikkelen handlet nesten bare om dyrking og bruk av poteter. Men som han skrev Dog, jevnlig bruk kan bare anbefales i nødstider. Man kunne få et usundt legeme og bli skabbete ved å spise potet for ofte, hevdet Ruge. Ruge tok nok feil på dette punktet, men han og de andre potetprestenes informasjonsspredning førte til at potetproduksjonen økte. Særlig da kornet sviktet i nødsårene 1807-1814 ble poteten viktig. Nesten i grunnloven Potet er ikke bare mat. Den kan drikkes også. Og da grunnloven skulle skrives på Eidsvoll i 1814, arbeidet bonderepresentantene for at det skulle grunnlovsfestes at potet-brennerier skulle bli lovlig. De tapte med minst mulig margin, men kom sterkt tilbake igjen på Stortinget i 1816. Da ble det lovlig å produsere brennevin på den enkelte gård. På de brede bygdene i Hedmark og Oppland ble det en rask industrialisering der det de fleste steder var flere brennerier enn kirker. På denne tiden ble poteten kalt Nordens drue. Økning i folketallet Etter 1814 ble potetdyrking vanlig over hele landet. Poteten tålte det norske klimaet og kunne dyrkes lengre mot nord og høyere til fjells enn korn. Poteten var tilpasningsdyktig og ga bedre avkastning enn korn på skrinn jord. Og nå begynte folketallet å øke kraftig i Norge. Poteten og bedre matstell var en av de viktige årsakene. I 1735 var det 750 000 nordmenn. Det skulle gå nesten hundre år (1822) før vi ble 250 000 flere og passerte 1 million, men det skulle bare gå 70 år før vi passerte 2 millioner nordmenn. Brukes til det meste I dag er potet en selvfølgelig del av kostholdet over hele kloden. Poteten er den tredje viktigste matveksten i verden etter ris og hvete. Det produseres nesten en million tonn hver dag. Potet er ikke så veldig godt helt alene, men er smakelig sammen med det meste. I Norge spises det mindre potet i dag enn for 25 år siden. Men selv om pasta og ris har blitt mer vanlig, er poteten fortsatt det vanligste til middag. Og som det framgår av billedteksten over, så kan poteten brukes til mye. Også til konkurranse: NM i potetskrelling ble arrangert på Hamar for 11 dager siden. Vinneren skrelte nesten 1,5 kg poteter på 3 minutter. Uttrykket du er som poteten er en hedersbetegnelse. Det betyr at du kan brukes til mye. Akkurat som poteten. KILDER: www.frukt.no, www.potet2008.no

Regionavisa Onsdag 22. oktober 2008 7 Gullkorn fra barnemunn Sunnfjord CountryRock 2008 Romvesener bor like i nærheten av Gud, men jeg tror ikke de er omgangsvenner for å si det sånn. PIA 6 ÅR Musklene er noen slags nakkekoteletter som vi har i armene. SINDRE 6 ÅR Onkelen min gikk ned tretti kilowatt. Etter det måtte han operere bort forhuden. CHRISTER 7 ÅR De mest hovne mennesker er de som har allergi. TORA 7 ÅR Antioksidanter er sånne som alltid går i tog i gatene og roper store, veldig sinte ord. CHRISTIAN 7 ÅR Når man dør er det akkurat som å forlate en skrothaug. HALVDAN 6 ÅR Kroppsvæske kan være laget av stoff eller skinn. Det kommer helt an på prisen. Det finnes også skuldervæsker. THILDE 7 ÅR Kroppsvæske er noe man bruker når man skal vaske seg, for at ikke bakteriene skal informere seg. OLAV HERMUND 7 ÅR Et øyeeple er når man plutselig får øye på et eple, nesten uten å vite det NINA 7 ÅR Indre verdier betyr at man har vært så uheldig å svelge en tikroning. OLE ANDREAS 6 ÅR Morfar mistet jobben sin fordi de ga ham opp der han jobbet. Men nå er han omskjært til snekker. ADRIAN 7 ÅR Suspendert er en måte å gå på. En veldig fin måte som rike folk gikk på i gamle dager. Det er det samme som å spankulere. JONATHAN 8 ÅR Høner suspenderer, fordi de trekker beina etter seg på grunn av at de har hoftekam på hodet. ANNA MARIA 7 ÅR Det finnes hjernedøde dyr, sånne som består av bare en sædcelle. De bor ofte i vannet. Jeg har hatt dem rundt anklene når jeg bader. ELLA 7 ÅR For ikke å snakke om hai. De er finske på ryggen. LIV MIRA 6 ÅR Fredag er det klart for Sunnfjord CountryRock i Førde. Der ein kan få med seg Åsmund Åmli Band, Sie Gubba og Steinar Engelbrektson Band på Rica Sunnfjord Hotel. Åsmund Åmli Band Bandet har med sine sprelske live-show farta rundt på dei fleste scener som finst på Sørlandet og delar av Sør-Norge i snart 12 år. Plata "Bjorøyl" har selt nærmare 15000 eks. Bandet kallar seg sjølv for eit country/rock showband, og deira sitt varemerke er bruken av det friske Vallemålet, som frontfigur Åsmund Åmli har tatt med seg frå heimbygda si Setesdal. Bandet gav i sommar ut den nye cd`n Panorama som har fått god mottaking. Sie Gubba Bandet frå Ålen feirar 10-årsjubileum i år, og har no megasuksess med si live-plate. Med over 25.000 selde plater suser bandet mot platina-trofe med stormskritt. Tre månader samanhengande på VG-Lista stadfestar at dette er ein av årets største norske suksessar. Det er mixen av rock, pop, folk og country som gjør denne gjengen unik i Norge. "Fjellrypa" er den mest spelte låten på Nrk Jukebox Sie Gubba spelar på Sunnfjord CountryRock til helga. dei siste månadane, og "Sånn e Livet" fekk fire 1. plassar på rad, i løpet av sine 20 veker på Norsktoppen. Steinar Engelbrektson Band Dette potente og dyktige bandet frå Nordfjord har som på sine tidlegare plater laga ein cd med hovudvekt på eigne låtar, skrive av medlemane i bandet til den nye plata RABALDER som kom i august. Steinar Engelbrektson Band kan vel kallast eit crossover-band mellom country og danseband, med mest vekt på dansebar country alt på klingande, flott dialekt! "Rabalder" er Steinar Engelbrektson Band si fjerde plate, og deira absolutt beste so langt. Dei tre førre platene har selt nesten 50.000 til saman. Søre Sunnmøre Avd. Ørsta tlf. 70 06 11 11 Avd. Volda tlf. 70 07 87 70 Avd. Ulsteinvik tlf. 70 01 37 05 Nina R. Bjerkvik Avd.leiar / Eigedomsrådgjevar Tlf. 909 92 420 Avd. Ørsta Terje Lillås Eigedomsrådgjevar Tlf. 906 75 525 Avd. Volda Hanne Kristin Sæter Eiendomsrådgiver Tlf. 926 60 728 Avd. Ulsteinvik Bjørn Erik Fosseide Næringsmegler Møre og Romsdal Tlf. 464 23 850 Avd. Molde Kjell Paulsen Næringsmegler / Eiendomsmegler MNEF Tlf. 908 63 290 Avd. Ålesund Håkon Lutdal Markedssjef prosjekt Tlf. 951 72 716 Avd. Prosjekt Tr.heim Engeskaret HYTTE 6063 Hjørungavåg Prisant.: 1 250 000,- + omk. Oppdr.nr.: 19080026 P-areal/Bta/Bra: Ca. 59/67/61 kvm Tomt: Ca. 998 kvm, eiet Byggeår: 1984 Koselig hytte med naustplass i flotte omgivelser. Tomten er opparbeidet og beplantet, og har arealer med plengress. Tomten er svakt skrående og grenser mot vei og naboeiendommer. Eiendommen har enkel adkomst. Hytta inneholder i hovedetasjen: stue/kjøkken, tre soverom, bad/wc og bi-inngang. I kjelleren er det dusj og vindfang. Visning: Torsdag 23.10 kl.17:30-18:30 Ansv. megler: Hanne Kristin Sæter Telefon: 92660728 Volda: Ulsteinvik: Gymnasvegen Sjøgata 13, 2, 6067 6100 Ulsteinvik, Volda tlf. 70 tlf. 07 70 87 01 70 37 faks: 05 70 07 87 71 Ørsta: Vikegata 11, 11, 6150 6150 Ørsta, Ørsta, tlf. tlf. 70 700606111111, 11, faks faks 70 70040472720101 www.eiendomsmegler1.no Volda: Gymnasvegen 2, 6100 Volda, tlf. 70 07 87 70 www.eiendomsmegler1.no

8 Onsdag 22. oktober 2008 Regionavisa TESTPANEL: Frå venstre: Astri- Louise Nevstad, Henriette Moltu og Ingrid Emilie Pilskog. Smoothie er toppen, smoothie freshar opp heile kroppen Tips oss! Noko du vil tipse oss om, eller saker du vil vi skal skrive? Kontakt oss: Silje Antonsen: 915 58 060 Guro Stokseth: 922 93 223 Mail: ungregi@hotmail.com Denne veka har UngRegi testa mange ulike smoothie-sortar til ei kvar anledning. Med eit testpanel på tre unge kvinner, har vi evaluert alt frå kvalitet, vanskegrad, og kva anledning drikken passar til. Testpanelet denne veka består av Astri- Louise Nevstad, Henriette Moltu og Ingrid Emilie Pilskog. Dei kom blant anna fram til at dei ulike smoothie-sortane kan passe både til sjukdom, laurdagskveldar, dessert, frukost eller etter ei treningsøkt. Ver så god! Smudi er bra, smudi er toppen. Smudi er sunt og den kvikker opp kroppen. Smudi er lett, og smudi er fett, Smudi gjer heile dagen komplett! Med eit testpanel på tre tørste jenter, gleder vi oss til alle smakar som venter. UngRegi lagar smuditest, slik at du kan lage ein smudifest. (Kan syngast med mel. Sola er bra, sola er toppen.) Her finn du fleire sunne og forfriskande oppskrifter til nyting og inspirasjon. B a n a n a Breakfast shake Boka lovar ein kjapp og næringsrik bananshake, som gir deg ein sunn start på dagen. Denne skal også vere bra for å kontrollere høgt blodtrykk. Oppskrift: 2 modne bananar 2 dl mager youghurt naturell 1 ¼ dl mjølk ½ ts vanilje-esssens Førsteintrykk: Denne såg fin ut! Håper den smaker like godt. Kva smakte den? To much banana! Kvalitet: Den vart litt kjedelig på ein måte. Litt tam og einsidig i smaken. Anledning: Sikkert greit å ha til frukost eller etter trening, men ikkje noko vi kan kose oss med på ein laurdagskveld. Kva føler du no? Den var utruleg kraftig og mettande. Vanskelegheitsgrad: Enkel å lage, berre å dryle alt i ein miksar! Tips: ikkje bruk vaniljeekstrakt som pynt oppå! Den var mykje betre som ingrediens i smoothien. Karakter: 2

Regionavisa Onsdag 22. oktober 2008 9 Sterke reaksjonar utløyst. Testing av Rise and Shinejuicen. Ikkje noko for oss Rise and Shine juice Denne tomat- og gullerotsafta er fullstappa med næring og et er ein god start på å klare 5 om dagen. Oppskrift: 4 tomatar, delt i fire 100g revet gullerot 1 ss limesaft Førsteinntrykk: Lukta rart, lukta veldig sterkt tomat. Skeptisk Kva smakte den: Den smakte slik den såg ut; mykje tomat. Kjenner ikkje smaken av gullerøttene eller lime. Kvalitet: Dårleg smak, men veldig sunn. Anledning: Denne passer for alle helsefreaker i Norge. Lag gjerne før trening, og sett den i kjøleskapet for at den skal vere kald og klar etter treningsøkta. Vi sakna litt kaldare temperatur i vår drink Kva føler du no? Gåsehud. Litt ubehageleg konsistens. Tre første supane var greie, men no er det litt sånn; fjern den frå mitt åsyn. Vanskegrad: Få ingrediensar, som er eit plus! Men hugs å sile ut safta, og kast fruktkjøttet og frø som ligg att i sila. Då blir det meir som ein juice, enn graut Tips: Ha ekstra lime! Karakter: 3 Raspberry and strawberry cooler Her får vi lovnad om ein verkeleg smakssensasjon. Oppskrift: 50g bringebær 50g jordbær delt i to 2 ½ dl crème fraîche 2 ¼ dl melk 1 ts mandelessens (kan og bør sløyfast) 2-3 ss klar honning Førsteintrykk: Veldig fin, ser søt ut! Kva smakte den?: Sursøt, men litt einsidig smak. Kunne ha vore ein slager som yoghurt- is. Kvalitet: Konsistensen var litt for tjukk. Anledning: På venninne- eller kompiskveld med rosa som tema. Kva føler du no?: Litt letta, etter to andre dårlege forsøk. Denne var ikkje så verst! Vanskegrad: Enkel å lage. Tips: Hugs honningen! Karakter: 4 Papaya and banana smoothie Denne drikken skal i følgje boka vere ein eineståande drikk, for den som skal kome seg etter sjukdom eller bli kvitt følelsen av å vere utslitt. Den inneheld nemmeleg ei heilt naturleg knalldose for helsa. Oppskrift: 1 papaya safta av 1 lime 1 banan 3 ½ dl nypressa appelsinsaft (evt meierienes appelsinjuice) ¼ ts malt ingefær Førsteintrykk: Fin konsistens, og den lukta godt. Lukta betre ein dei andre vi har laga, dette var lukta av ein ekte smoothie! Kva smakte den?: Ukjent smak, men veldig fresh. Utruleg god med sursøt/syrleg smak. Vi får lyst til å ta ein ny sup. Kvalitet: Veldig bra! Anledning: Energibooster og etter sjukdom. Også god som ein kvardagsdrikk. Kva føler du no? Den renska ut smaken av dei forrige drikkane, og vi føler oss frisk og rask. Vanskegrad: Lett å lage. Tips: DENNE BØR DU PRØVE! Hugs å fjerne frøa frå papayaen før du legg den i miksaren. Karakter: 5 Detox special Denne skal gjenopplive slapt hår og gusten hud. Den er proppfull av vitamin A og C. Oppskrift: 1 mango 4 kiwi 3 ½ dl ananassaft 4 friske mynteblad Førsteintrykk: Ser ut som Eli Hagen på veg ned slottstrappa. Med andre ord ser ikkje den så bra ut. Kva smakte den?: Mmm, denne var god, søt på same tid som du fekk den syrlige ettersmaken av Kiwien. Kvalitet: Særs bra. Anledning: Everyday! Kva føler du no? Vil ha meir. Eg føler meg sunn. Når håret er slapt, og huden er gusten, tek vi oss ein slik og vi er ikkje lenger rusten. Vanskegrad: Veldig lett å lage. Berre å putte opp i, og trykke på knappen. Tips: Mynteblad er ikkje så veldig viktig i denne her. karakter: :5 Forest fruit smoothie Denne drikken kombinerar dei rike aromaene og fargane til bær frå skog og hage, og resultatet blir ein herleg smoothie som absolutt gir meirsmak. Oppskrift: 3 ½ dl appelsinsaft 1 banan 450g frosne bær frå skog og hage (td. Blåbær, bringebær og bjørnebær) Førsteintrykk: Denne luktar bringebærsyltetøy. Kva smakte den?: Den var syrleg på smak, men den var nauta god! Kvalitet: Veldig god kvalitet, dei frosne bæra gir ein perfekt temperatur og konsistens. Anledning: Til dessert. Sikkert veldig god på is også. Kva føler du no? Fresh og fin. Vanskegrad: Med kun dei tre ingrediensane blir den lett å lage og eit supert resultat. Tips: Veldig viktig at den er iskald ved servering. Karakter: :5 Smooth nectarin shake Mango og nektarin er ein inspirerande kompinasjon av fruktsmakar og den blir berre endå meir spanande med den overraskande lure tilsetjinga av sitronsorbet, står det i boka. Men grunna mangel på nektarin i butikkane, måtte vi nøye oss med hermetisert fersken. Sitronsorbeen vart også bytta ut med mangosorbet. Derfor oppnådde ikkje vi det ønska resultatet. Oppskrift: 2 ½ dl mjølk 350g sitronsorbet 1 moden mango, med steinen fjerna og fruktkjøtet skåre opp i terningar. 2 modne nektarinar, med steinane fjerna og fruktkjøttet skåre i terningar. Førsteintrykk: Oooi, denne blei kanskje bra? Kva smakte den? Litt for søt, men den var likevel god, mykje på geunn av mangosmaken. Sakna litt surheit, men vi mangla tross alt sitronsorbet. Kvalitet: Heilt ok. Anledning: Til fruktsalat. Kva føler du no? Føler for å legge til ein dæsj med lime. Vanskegrad: Easy peasy Tips: Surheita er veldig viktig her! Husk sitron. Karakter: 4 Alle oppskrifter er henta frå boka: Perfekte smoothies av Spektrum forlag. Grising er ikkje til å kome unna. Henriette drikk med livets lyst og endar opp med ein fin liten raud bart.

10 Onsdag 22. oktober 2008 Regionavisa der sola alltid skin... OppsidaI kikkerten: Mi nest største flause Øyvin Sønnesyn (47) Yrke: Pedagog Bur i: Ulsteinvik Øyvin Sønnesyn er ein av dei som vil løfte fram det musiske mennesket, både i seg sjølv og andre: - Å vere eit musisk menneske handlar om å få lov til å uttrykke seg verbalt, musikalsk eller fysisk. Og hvis ein ikkje finn uttrykket sitt, kan det forringe livskvaliteten sterkt, seier Øyvin, som til dagleg Øyvin Sønnesyn er musikklærer på Sunnmøre Folkehøgskule (Sufh) i Ulsteinvik. Førre veke feira folkehøgskulen 100- årsjubileum, og i desse dagar planlegger skulen og elevane årets utanlandsturar, som går til mellom anna Cape Town i Sør-Afrika og Cuba. Og over nyttår reiser heile skulen på ein fellestur til Latvia. Folkehøgskuleåret er intenst, men veldig kjekt, og det å ha det kjekt har absolutt blitt mottoet i alt eg gjer. Om eg ikkje har det kjekt, er det på ein måte ikkje noko vits i å halde på, seier Øyvin, som òg engasjerer seg stort i kulturlivet i Ulsteinvik utanom jobben på Sufh, mellom anna i Live 8-stiftinga. Til helga er han musikar for tredje gong i bandet til den sagnomsuste Dimnarevyen. Flausa er henta frå 1968, då Øyvin nettopp hadde flytta til Ulsteinvik for andre gong, og skulle begynne i første klasse på barneskulen. Far min jobba på Sufh i Ulsteinvik i to perioder, først frå 1959 til 1964 og frå 1968 til 1971. Fram til skulestart i 1968 budde vi i Oslo, og sjølv om eg hadde enkelte minner frå det første opphaldet mitt i Ulsteinvik, var det som om eg kom til ein heilt ny plass det meste var både småskummelt men spanande òg. Vi møtte opp til første skuledag, og alle foreldrene var med og såg til dei spente podane sine. Då vi var installert på klasseromet, og alle hadde fått helsa på kvarandre, påstod eg hardnakka at eg var den nye guten i klassen. Dei andre elevane forstod lite av kva eg snakka om, og eg blei kanskje oppfatta som ein big shot frå Oslo, men det var like fullt mi oppleving av det heile. Eg kom til ein ny stad, og måtte då heilt opplagt vere den nye guten i klassen. Eg reknar med at eg blei snakka mildt til rette. fredrik@regionavisa.no Oppsida tek meir enn gjerne imot språkblødmer, fiffigheiter eller kommentarar. Ta eit bilete og send det til fredrik@regionavisa.no eller som MMS til 982 44-633. Bidrag på trykk vert premierte med eit flaxlodd. Lukke til! Godt sagt «Du vil bli overraska over å høyre kor mykje det kostar å sjå billeg ut» Bankrot Heldigvis finns det enkelte bankar som framleis er ærlege. Undertøy Ekspeditørar med fjorten dagar gamle truser, der altså. Men fine på håret skal dei vere. DOLLY PARTON Evigheit Ørjan Liavåg frå Ålesund har vore i Florida, og fann denne åtvaringa for dei som ikkje vil tru slik det bør truast. Vekeblikk Språkpris For to veker sidan fekk TV2- journalisten Trude Teige Kringkastingsringen sin årlege språkpris. I statuttane for prisen heiter det mellom anna at prisen skal gå til ei røyst i eteren som utmerkar seg med godt språk i radio eller fjernsyn og som på ein framifrå måte bruker nynorsk eller dialekt i det daglege arbeidet. Trude Teige i TV2: Fekk språkpris for knotamål Det er mogleg vi har sove i timen her, men betyr det ingenting at Trude Teige har mista den vestnorske intonasjonen sin oppi ein latte macchiato i Oslo Sentrum? Er det verkeleg ekte nynorsk Trude snakkar, eller har ho lyst på jobb som skodespelar ved det Norske Teatret? Gratulerer med prisen, Trude, men vi minner juryen om at du på ditt beste høyrest ut som systra til Jan Åge Fjørtoft på ein middels god dag. Vi berre spør, altså. Og orsak for at vi er så frekke. Ja, det er noko sjarmerande med snusfornuftige førsteklassingar i nikkers, Øyvin. Vi takkar for sjarmerande skuleflause, og Øyvin sender stafettpinnen over til Leif Arne Nydal på Hareid. Sei det Dikthjørnet Fortel at eg er flink, at eg står på og støttar deg, og at du er takksam for at eg er så snill. Dagens skjønnas Det var den skjorta som var rein den dagen. Pornolunsj Eg er med på alt. Men den kyllingen blir i frekkaste laget, altså. Jan Åge Fjørtoft: Er dette den ukjende broren til Trude Teige, og kvifor fekk ikkje han språkprisen først? Men sei det til hovudpersonen. Sei det til meg. Eg er langt i få ein komplett idiot - nokre delar manglar, faktisk! MONA MILANO Hildegunn

Regionavisa Onsdag 22. oktober 2008 11 AT A Ñ I P meksikansk stemning på BLÅHUSET 922 41 510 ikkje som alle andre hus For borna:! r a g a d e t t o h l i t n e Velkom Jørn Hoel &sen Steinar Albrigt Laurdag 25. oktober An Chri Barnehjørnet Benetton kl 13.00 Best Fashion Pinjata og laurdagsgodt Bianco Footwear Bjørklund Los Amigos Blend Bohemian Coop Mega Elite-Foto Fryd Føhnix Frisør er Laurdag 25. oktob16 m kl 15 - på Blåscena mello Laurdag 25. okt. kl 12 og kl 14 Glitter IN Intersport Mester Grønn Nille hotte dagar og heite Timetilbod Fredag: Nordea Notabene Parfymelle Ringo Sunkost Ulstein Apotek Glitter Bjørklund Nille Bohemian Sunt & Nam 40 % 25 % 20 % 50 % 20 % Tilbords Handkremar kl. 13 14 på alle smykker kl. 16 17 på Kitkarnaby kl. 17-18 Ulstein Apotek på alle diamant/gullvarer kl. 16 17 Poker og golvspel kl. 16 17 Laurdag: Intersport Bianco Footwear AnChri 50 % 25 % 30 % Bergans Softshelljakker kl. 11 12 Sneakers dame og herre kl. 11 12 Aylar selskapskjoler kl. 13 14 Valaker Bakeri Vinmonopolet Wolvestonebay IN 30 % 30 % alt i Ben Sherman kl. 13 14 Selskapsvesker kl. 14 15 Wolvestone Bay 10-19 Laurdag: 10-16 Fredag og laurdag: Coop Mega 9-21 Benetton Føhnix Tilbords Ringo Barnehjørnet Laurdag 9-20 20 % Ta 3 - bet for 2 50 % 50 % 30 % Ulstein Apotek på alt yttertøy kun kr: 298,- ID voks alle lys, servietter og tekstil Elias redningsvest Fryd Best Fashion Parfymelle Mestergrønn 25 50 % 40 % kr 59,- kr 100,- på alle møbler Haustens Poncho Natural Honey Body Lotion m/alo vera for 15 stk Fairtrade roser i haustfargar på Nameit-regntøy x e M x Te øver r p s k a sm EGA frå M 9-17 Laurdag 10-15 Vinmonopolet 10-16.30 Fredag 10-18 Laurdag 10-14

Namn og næring 12 Onsdag 22. oktober 2008 Regionavisa Mazda-pris til lokale forhandlarar Sist helg var dei to Mazda-forhandlarane lokalt, Fred Rishaug frå Rico Bil i Ålesund og Svein Idar Eiksund frå Ulstein Bil i Ulsteinvik i Dubrovnik i Kroatia for å motta dei to prisane som gjekk til Norge for 2007. Mazda Europe President s Award 2007 Rico Bil AS og Ulstein Bil AS var beste forhandlarar på MSI (Mazda Satisfaction Index.) i Norge i sine grupper i fjor og dermed vinnarar av Presidents Award 2007. Forhandlarane blir kvalifisert basert på MSI-resultat frå salg og verkstad samanlagt. Forhandlarane har i tillegg oppfylt interne kriteriar for å bli kvalifisert. - Alle kundar som kjøper bil av Mazda får tilsendt eit spørjeskjema der Mazda spør kor fornøygde kundane er med sin forhandlar innan ulike områder. Alle kundar får også spørjeskjema om sitt verkstadbesøk. Så dette er altså beviset på at dei to bedriftene er dei to Mazda-forhandlarane i Norge med dei mest fornøygde kundane, seier Heidi Ek i Mazda Motor Norge. I samband med dette var dei to forhandlarane sist helg i Dubrovnik for å motta prisen under ein gallamiddag. Under gallamiddag vart det utdeling av pokal og plakett til ære for dei beste forhandlarane frå heile Europa. I løpet av utdelinga vart det også vist bilder frå forretningane til vinnarane som fekk heider og ære for si kundebehandling. OVERREKKING: Svein Idar Eiksund saman med kona, Grete. I midten salgssjef i Mazda Motor Norge, Hauk Jensen saman med kona Gro Jensen. Fred og Perdi Rishaug frå Rico Bil på høgre side. 12 nye rom klare i dag I dag står det klart 12 nye rom på Viking Fjord Hotel, som snart skal heite Hotell Ivar Aasen. Hotellsjef Bjørg Eikrem fortel om hektiske dagar. Julehandel 2008 Bruk Regionavisa for å nå ut til alle i heile regionen. KVAR ONSDAG - 20.000 aviser - til ALLE husstander! Tlf. 7000 9660 E-post: annonser@regionavisa.no FLOTT UTSIKT: Framleis litt kaotisk, men hotellsjef Bjørg Eikrem gleder seg til at alt er ferdig, og folk kan nyte den flotte utsikta frå toppetasjen. - Det er frykteleg hektisk for tida, i dag opnar vi første og andre etasje i nyedelen, og 28. oktober er vi klar med ny konferansesal som rommar 200. Den 6. november skal alt vere klart, så då blir det i alt 33 nye rom, derav tre suiter, fortel Eikrem. Hotell Ivar Aasen, som det heiter offisielt etter 14. november, blir utbetra også etter jul. - Etter jul skal vi utbetre den gamle delen av hotellet, vi gjer det slik for at vi ikkje skal ha stengt her. Heldigvis er det ikkje nokon som klagar noko særlig over støy, eg trur dei fleste berre er glade for satsinga vår, seier hotellsjefen. TEKST OG FOTO: MONICA IREN MOE MASDAL NYTT HOTELL: Slik skal det nye Hotell Ivar Aasen bli sjåande ut. HOTTE På utvalgte smykker og klokker hos BJØRKLUND! Nå248,- KSB30018 Før 468,- Sølv armlenke med zirkonia PRISER! Nå248,- KSE80170 Før 498,- Sølv ørepynt med zirkonia Nå324,- KSK80008 Før 648,- Sølv halssmykke med zirkonia BJØRKLUND ULSTEINVIK TLF. 70 33 31 80 www.bjorklund.no 922 41 510 10-19 Laurdag: 10-16 Coop Mega 9-21 Laurdag 9-20 Ulstein Apotek 9-17 Laurdag 10-15 Vinmonopolet 10-16.30 Fredag 10-18 Laurdag 10-14

Regionavisa Onsdag 22. oktober 2008 13 Smaksprøver på meksikansk gryte fredag 24/10 29 MEKSIKANSK GRYTE pr pk. 29 90 922 41 510 An Chri Barnehjørnet Benetton Best Fashion Mexikanske dagar med smaksprøver kvar dag! Bianco Footwear Bjørklund Blend Bohemian Coop Mega Elite-Foto Fryd 19 WRAP TORTILLA pr pk. 19 90 19 TACO DINNER KIT pr pk. 19 90 34 KJØTTDEIG Gilde pr pk. 34 90 Helgakos-handletips: TACO Dinner Kit, kjøtdeig, salat, tomat, agurk, paprika, mais, rømme, reven ost, dip m.m. Føhnix Frisør Glitter IN Intersport Mester Grønn Nille Nordea Notabene Parfymelle Ringo Sunkost Sunt & Nam Tilbords Ulstein Apotek Valaker Bakeri Vinmonopolet Wolvestone Bay 10-19 Laurdag: 10-16 Vi er klar til helgahandel med mexicansk smak! Coop Mega 9-21 Laurdag 9-20 Ulstein Apotek 9-17 Laurdag 10-15 Ikkje førnøgd? Ny matvare eller pengane tilbake -heilt enkelt! Husk kvittering! Ulsteinvik 09-21 (20) Vinmonopolet 10-16.30 Fredag 10-18 Laurdag 10-14

14 Onsdag 22. oktober 2008 Regionavisa Milliardsluket FREDRIK STEEN rett & slett Sjølv om Norsk Tipping hevdar at enkelte tal går oftare igjen enn andre, er det ingen konjunkturar som løftar fram den faste rekka di oftare enn andre sine. Sjølv det som hamnar i sluket må ende opp ein stad. Ta ein lita tugge av uttrykket berekraftig utvikling. Smak ytterst forsiktig på det, tygg gjerne lett i kantane på det, men for Guds skuld ikkje svelg. Sjå likevel om du er i stand til å registrere at uttrykket framleis smakar bittelitt småsøtt heilt på tuppen, men at det mot midten og lenger bakover vert så inni gamperaua bittert at du får lyst til å vrenge heile kjeften over hovudskallen din og hinke baklengs til Nordkapp medan du nynnar Hvis æ fikk være sola di av Randi Hansen. Spytt ut. Når nokon blir rik må andre nødvendigvis verte fattigare. I tillegg er det fort gjort å gløyme at ei utvikling alltid vil vere på bekostning av noko anna. Skal du bygge ein by, treng du land, og då må nokon nødvendigvis røme frå gard og grunn. Utviklinga av bioetanol til dømes, skulle jo òg vere så berekraftig for miljøet, sa dei. Og det er han kanskje, men maisen som vert brukt i framstillinga av drivstoffet kunne òg ha fylt tome og svoltne magar. Utvikling har alltid ein pris, uansett korleis ein snur og vender på det. Det betyr ikkje at vi nødvendigvis skal snu utviklinga, men vi må begynne å høyre på dei få som foreslår alternative retningar. Folk flest har nemleg svært sjeldan rett. Og tida vi er i akkurat no, er bevis nok på det. Prosjekt og forretningar der økonimisk vekst er einaste mål, kan gjere mykje skade på vegen og mange truskuldige forsvinn i dragsuget. Og nokre få er blitt vanvittig rike. Håper dei har gode sovetablettar. Når ein skal freiste å få eit oversiktleg bilete av den totale og globale økonomien kjem ein ikkje utanom det gode gamle reknestykket om at éin pluss éin blir to. Eller som den kreative reknskapsføraren formulerte det: Kor mykje vil du at det skal bli? For pengane som forsvinn i det store sluket går jo ikkje akkurat i oppløysing, men hamnar i hendene på nokon andre. Kjøper du ei aksje på børsen for hundre kroner, som etter kort tid står i berre 25 kroner, har du sjølv tapt 75, men heldiggrisen som rakk å selje deg aksjen i tide, kan gni seg på brystet. Då kan du prøve å sjå om flaksen støttar deg neste gong, eller du kan satse pengane dine på lotto i staden. Og faktisk er lotto meir rettferdig i så måte. Sjølv om Norsk Tipping hevdar at enkelte tal går oftare igjen enn andre, er det ingen konjunkturar som løftar fram den faste rekka di oftare enn andre sine. I lotto handlar det om kva folk flest håper, ikkje kva dei trur i motsetning til marknaden. Til ei kvar tid går halvparten av kloden rundt og rugar på verdas beste forretningsidé. Som regel handlar det om ein måte å tene frykteleg mykje pengar på med så lite jobbing som mogleg. Her i landet løner det seg vist ikkje å produsere noko lenger, og midt i dette euforiske kaoset har vi ropt om berekraftig utvikling. Kanskje vi no skjønar at det ikkje er kva som skjer, men korleis vi taklar det som skjer som er avgjerande for oss alle? Det er prisverdig at entreprenørar og industribyggarar står på for å lage arbeidsplassar, men vi må slutte å forsvare einkvar arbeidsplass som kjem utan å stille kritiske spørsmål. Kva med å begynne å stille spørsmålet: Kva treng distriktet mitt akkurat no? Kva treng landsdelen? Kva treng folk flest? Sjølv hardbarka økonomar kan fortelje deg om den usynlege handa som styrer over og vernar sunne og gode forretningar, som ikkje har som hovudmål å sørge for mest mogleg profitt for aksjonærane. Når vi flaggar ut norsk produksjon til utlandet, gjer vi det under parolen om at vi taper pengar dersom vi blir i Norge. Kva då med historia til bedrifta? Kva med det sosiale? Kva med tradisjonane? Kvifor er det absolutt ingen som snakkar om det tapet? Det er tragikomisk at vi på den eine sida støttar utflagging av norsk industri, men når utanlandske arbeidarar kjem til Norge for å gjere den jobben vi ikkje gidd sjølve, vil vi helst ikkje ha dei som naboar. Men vil gjerne at dei skal vere med på å sørge for vidare økonomisk vekst. At dette vil straffe seg, er heva over ein kvar tvil. Når pengane er einaste parameter for å måle kor godt vi har det, er vi på utrygg grunn. Og om det er griskheit som ligg bak ei forretning, vil det etterkvart forsure alt som skjer i bedrifta. Vi kan gjerne vise til matematikk og formlar og marknadsanalyser, men mennesket viser seg i alt mennesket gjer. Treng vi eigentleg fleire bevis på det? Ja, det kan til og med vise seg at det store oljeeventyret skal vise seg å verte det store oljemarerittet. Snart får Statoil Hydro eit gigantsøksmål mot seg frå uføre og kreftsjuke oljearbeidarar. Alt har ein pris, men det var jo moro så lenge det varte. fredrik@regionavisa.no

Regionavisa Onsdag 22. oktober 2008 15 Vil du ha med ditt bilete på denne sida? Dette er gratis hjå oss. Send inn tekst og bilder til aina@regionavisa.no Den 13. oktober blei Ole Jacob Følsvik og Eli Håvoll, Volda, foreldre for første gong. Jenta vog 3630 gram og var 48 cm. Stolte besteforeldre er Siv og Arne Følsvik og Marit og Svein Håvoll. 5. oktober vart vår kjære Elina fødd.lydia er stolt storesøster, og vi er glade og takknemlige foreldre. Olaug og Edd Bjørke, Ellingsøy. Jenta til Ingvill Vågeskar og Trond-Erik Bekkevang, Leikong, kom til verda den 15. oktober. Ho vog 4220 gram og var 52 cm. Dei enegga tvillingjentene til Ingunn Pettersen og Atle Gjerde frå Bigset kom til verda 9. oktober. Tom Erik (8) har blitt storebror til to systre på 2460 gram og 46 cm og 2980 gram og 49 cm. Regionavisa kom i skade for å skrive feil namn på barnefar i førre utgåve. Vi beklagar. Anita Hustad Vinjevoll og Robert Lorvik, Ørsta, fekk seg ein gut den 17. oktober. Han var 3600 gram og 50 cm. Stolte besteforeldre er Ellen og Per Olav Vinjevoll og Torhild og Ole Torbjørn Lorvik. Hilde Eide og Kjetil Seljenes, Volda, fekk seg ein gut den 15. oktober. Lillebroren til Erik (6) vog 3300 gram og var 51 cm lang. Martin (2) blei stolt storebror den 18. oktober. Jenta til Marte Beate Nerhus og Stian Fure, Volda, vog 2950 gram og var 48 cm lang. Robin (7) og Silvian (5) fekk seg ei lita syster den 16. oktober. Jenta til Stine Vartdal og Andreas Ryslett, Vartdal, vog 2780 gram og var 32 cm. Stolte besteforeldre er Sølvi og Arve Vartdal og Anne og Trond Ryslett. Den 16. oktober fekk Gunvor Bjørdalsbakke Skaar og Frode Åmelfot seg ei jente. Ho var 3980 gram og 50 cm lang. Dei bur i Ørsta. Gifte Fødselsdag Bjørg Kari solberg frå Ørsta og Bjørn Hovde frå Ørsta. Vigde 30.08.08 Astrid Elisabeth Vartdal frå Nordre Vartdal og Torsten de-laer frå Warendorf, Tyskland. Vigde 27. september 2008 www.fotografmartalystad.no Vi gifta oss i Volda kyrkje 12.sept-08, Solveig Hånes Rangsæter og Frank Erik Rangsæter. (Foto: Morten Bollerud) Mathilde Jøsokbakke 6 år. Eg vil gratulere min beste venn Mathilde med dagen din. Kjempegla i deg. Håper at du får en fin dag på søndag. Helsing indianarjenta Martine. Vi gratulerer den kjekke guten vår Jonas, som blir 4 år den 22. oktober. Håper du får ein kjempefin fødselsdag. Du er så god og snill, og vi er kjempeglade i deg. Mange gode klemmer frå storesyster Ida-Marie, mamma og pappa. Mari Dubedåre Digitale Prinsar Sara og eg sat i kvar vår sofa med opptrekte bein og gloheite tekrus. Dei tre raudvinsflaskene frå kvelden før sat framleis så hardt i bakhovudet, og det var best å satse på peparmynte og honning. - Du har høyrt at Elise skal gifte seg? sa Sara og kika opp frå det gigantiske og rykande tekruset. Elise tilhøyrde ikkje akkurat den innerste krinsen, men var ei kul dame vi begge møtte i ny og ne. Sporty dame, driftig og kul. - Med han ho møtte på nettet? - Jeppsideisi. - Kor lenge har dei vore saman, då? - I eit år, trur eg. - Det går altså an å finne den rette på nettet? Eg meiner, då har du i alle fall ein kjempeporsjon med flaks, sa eg og forsynte meg med ei teskei til med honning. - Flaks? Kva meiner du? Du har jo ikkje prøvd, så korleis kan du uttale deg. - Nei, men det skal jo litt til, då og berre site og klikke og chatte på nettet, og så skal det openbare seg ein digital prins som løfter deg ut frå den kvardagslege tidtrøyta di, og så er det berre solskin derifrå? - Det er jo ikkje det det handlar om. Det er jo ingen som seier at sjølve forholdet skal ha noko anna utgangspunkt enn dei som møtest på gamlemåten, sa Sara. - Sjølv er eg skeptisk til å møte nokon slik. Eg meiner, det er jo ikkje akkurat romantisk. - Ååå? Så det er betre å henge drita full i ein bar klokka halv tre om natta, og ta den første som byr seg, berre fordi det er seint og du berre må sikre deg eit nummer før helga er omme? Er det så veldig romantisk, syns du? - Greitt, eg skjønar kvar du vil, sa eg og klunka i tekoppen med skeia. - Elise meinte det var heilt topp. Ho hadde svart på ein bråte med spørsmål, og på den måten sila ut dei som systemet meinte ikkje var interessante for ho. Men ho måtte jo møte ein tre, fire stykker før det sa pang, då. - Ja, ein bør jo møte dei først. Det er ein fordel. Det handlar jo uansett om kjemi, og slikt kan ein ikkje kjenne på før ein møtes i levande live. - Elise meinte likevel at ho visste det første gongen ho såg bildet av han. Ho visste at det var noko spesielt. Love at first sight - Nei, sånt trur eg ikkje på. - Nei, då kjem du heller ikkje til å oppleve det. - Kva meiner du? - Du må vere open for det, veit du. Eg trur eg skal lage meg ein profil på nettet sjølv. - Tør du det? Kva om nokon kjenner deg igjen? - Kva så? Kanskje eg treff ein digital prins ein dag. - Lykke til. Eg skal halde fram med å gå kvilelaust på bar. Det er det eg kan. - Nettopp. Men funkar det? - Nei. ( ) Hmm Kva heitte den nettstaden, sa du? Mari Dubedåre

Opplev Thriller fra L Oréal Professionnel, høst/vinter collection med ferske trender direkte fra catwalken i Paris. FREDAG 24. OKTOBER KL 19-21 RICA PARKEN HOTEL Billett: Kr 500,- medl. NFF / Kr 600,- ikke medl. (Bindende påmelding) Forhåndsbestilling: v/anne Britt Tlf. 70 18 14 60/472 39 117 E-mail: annebfs@yahoo.no www.lorealprofessionnel.com IN THE SALONS OF THE WORLD S GREAT HAIRSTYLISTS Arrangør: Ålesund og omegn Frisørlaug 16 Onsdag 22. oktober 2008 sjå kva som skjer! Regionavisa Ut i helga? Hareid: DJ Keo står for musikken på Hareid Hotell laurdag. Herøy: Jazzkonsert på Kalimera fredag. Drengen spelar på restaurant Fosnavåg brygge fredag og laurdag. Herborg Kråkevik held konsert på Herøy kulturhus laurdag. Dans med Hytt & Pine Band på Leikanger Grendahus laurdag. Sande: Saudehaudkveld på Rosenlund laurdag. Dans med Comedy om kvelden. Konsert med Ytre Suløen på Kvamsøy søndag. Ulstein: Dimnarevyen på Dimna grendahus torsdag, fredag og laurdag. Standup med Arild Hoksnes på Drivhuset fredag. Hot Club de Norvége på Kaffibaren fredag. Konsert med Steinar Albrigtsen og Jørn Hoel på Sjøborg laurdag. Konsertbuffet på Ulstein Hotell laurdag. Møte med Knut Strand på Ulsteinvik bedehus fredag. Open dag i Tryggheim barnehage laurdag Søndag 18 på Ulsteinvik bedehus søndag. Volda: Seniordans fredag på Volda samfunnshus. Hellbillies på Rokken fredag. Ørsta: Musikalsk oase på Viking Fjord Hotel med Sunnmøre Baarelag, Woodleg Odds, Listen to the Band og Handy Men. Hellbillies på Rokken fredag Hellbillies kjem til Rokken i Volda fredag. Fredag blir det gjensyn med gruppa Hellbillies på Rokken. Rokken har etter kvart vorte fast stoppestad for gruppa, og konsertane er prega av stor stemning. Countryrockgruppa frå Ål i Hallingdal blei starta i 1990, og har sidan hatt ein trufast tilhengarskare. Dei har gitt ut 11 plater i løpet av dei siste sytten åra. Tekstane er på hallingdialekt og dei syng om alt frå trivielle ting til djupare stoff. Dei har også samarbeida med musikarar frå USA, blant andre Rob Hajacos som spelar fiolin på dei fleste platene til Garth Brooks. Bandet blei kåra til Årets Spellemann i 2007 og vann i tillegg klassa country for albumet Spissrotgang. Musikalsk oase på Viking Fjord Hotel Laurdag er det igjen klart for den årlege "happeninga" "Musikalsk oase", der fleire lokale band spelar til dans. - Kvar haust har vi eit slikt opplegg, og i år passar det veldig godt med at vi opnar første og andre etasje i nyedelen av hotellet. Eg er sikker på at det kjem til å bli ein flott kveld, med mykje god musikk og danseglede, seier hotellsjef Bjørg Eikrem. Det er fire lokale band som skal spele på laurdag, Sunnmøre Baarelag, Woodleg Odds, Listen to the Band og Handy Men. Rorbu-standup med Aril Hoksnes Fredag 24. oktober blir det standup-show med den kjende kåsøren og humoristen frå NRK P1 i Drivhuset på Snorrebuda. Hoksnes er frå Aukra kommune og bur no delvis i Melhus i Sør- Trøndelag og på Hjelset i Romsdal. Frå 1977-1991 var han journalist og produsent i NRK Radio. Frå 1991 har han dreve eige firma innanfor underhaldning, informasjon, reklame, journalistikk, forlag og prosjektleiing. Arild var prosjekleiar for OL-musikarane under OL på Lillehammer i 1994. I dei siste åra har han satsa mykje på å vere skrivande og underhaldande, i kombinasjon med kurs og rettleiing i kommunikasjon og motivasjon. Han har eit trufast publikum gjennom 12 år kvar fredag i NRK Møre og Romsdal, som aktuell kåsør. På bakgrunn av dette har han ei rekkje oppdrag som underhaldar for bedrifter og organisasjonar, ved sida av han organiserer eigne turnear med stand-up og kabaretar.som forfattar har han blant anna gjeve ut tre humorbøker på Samlaget. Bryllaupsshow på Quality Hotel Ulstein Søndag 2. november blir det stort bryllaupshow og bryllaupsmesse på Quality Hotel Ulstein. Det heile startar om ettermiddagen med "Brudeslepp" og konkurranse for påmeldte brudepar. Her er det mogeleg å vinne seg ein flott premie for brudepar som er raske til beins. Husk å ta med brudeslør - for dette er eit av krava under konkurransen. Etterpå blir det messe i lobbyområdet på hotellet. Det blir bryllaupsshow med mannekengoppvisning og underhaldning. Konferansier er Bjarne Wærdahl. Hotellet og leverandørane som skal vere med er i full sving med førebuingar. Det er fyrste gong hotellet arrangerer denne type bryllaupshow, og dei satsar på stor pågang frå brudepar og andre som er interesserte i å få med seg det siste innan bryllup og selskap. Saman med seg har hotellet fått Gullsaksen, T. Riise og Bianco på sjølve mannekengoppvisninga, og i tillegg stiller mange av butikkane i nærområdet med stand. Desse er med: Bjørklund, Eiken Libris, Til Bords, P.F. Waage, Barnehjørnet, Per Eide AS, May-Britt Gåver & Interiør, Ringstad Blomster og Westre Bakeri. Misjonsveke i Ulstein Denne veka arrangerer Misjonssambandet i Ulsteinvik misjonsveke med Knut Strand som talar. Onsdagskvelden er møtet på Ljosheim på Skeide, dei andre kveldane er møta på Ulsteinvik bedehus. På møta vert det mykje song og musikk. Søndag vert møteveka avslutta med arrangementet Søndag 18. Der vert Synnøve og Vegard Voldsund med og syng. Møtet er opplagt med teiknekrok for dei minste, og etter møtet vert det enkel servering. Alle vel møtt! Dimnarevyen 2008 Dimnarevyen på Dimna Grendahus, torsdag 23.10.2008, fredag 24.10.2008 og laurdag 25.10.2008 BAARELAGET: Sunnmøre Baarelag er blant banda som spelar på Viking Fjord Hotel laurdag. Hot Club de Norvege til Ulsteinvik og Volda Fredag 24. oktober spelar Hot Club de Norvege på Kaffibaren i Ulsteinvik. Mandagen etter er dei å sjå på Rokken i Volda. Hot Club: Hot Club de Norvege består av Jon Larsen (gitar), Finn Hauge (munnspill og fiolin), Per Frydenlund (gitar), og Svein Aarbostad (bass). Bandet er eitt av landets hottaste liveband, og har vore kontinuerleg på vegen sidan hausten 1979. Dei reknast blant dei fremste innan sin stilart internasjonalt, ofte kalt string swing. Med utgangspunkt i musikken til den legendariske sigøynerartisten Django Reinhardt har dei i dag funne fram til sitt eige uttrykk og ein unik sound. Dei har turnert over heile kloden, og samarbeida med alle dei store innan sjangeren, forutan norske artistar som Lillebjørn Nilsen, Øystein Sunde, Odd Børretzen og Ole Paus. Bandet feirar 22-årsjubileum og lanserer CD en Presenting Ola Kvernberg & Jimmy Rosenberg. Hot Club de Norvege live er ei heilt eiga stemning, som regel fulle hus, men likevel med ei intim atmosfære. Musikken spenner frå glad og utadvendt swing, og heftig lidenskap, til inderlege ballader og tragiske valsar, samt ein og annan song ved Per Frydenlund. Mykje av repertoaret er signert Jon Larsen, som nyleg fekk prisen Årets Verk for ny musikk. Hår 2008 på Rica Parken 24. og 25. oktober arrangerer Ålesund og omegn frisørlaug Hår 2008 på Rica Parken Hotell. Dette arrangementet har Hår 2008 Ålesund 24. og 25. oktober RICA PARKEN HOTEL, ÅLESUND Fredag 24. okt. kl. 19.00 Lørdag 25. okt. kl. 12.00 Messe og åpen konkurranse i fristil; dame, herre, oppsetting og brud. Bill. kr 100,- THRILLER COLLECTION AUTUMN - WINTER 08/09 ÅPENT FOR PUBLIKUM! vore årleg i 16 år, og har etter kvart vorte landets nest største arrangement. Laurdag føremiddag opnast dørene for publikum samtidig som eige kurs for skule-elevar og lærlingar med eige team "Young Intercoiffure", held fram. Dette er unge dyktige frisørar som appelerer til disse elevane og gir dei mykje inspirasjon. Ifølge faglærarane fungerer dette godt. I bankettsalen blir det eit yrande liv av modellar, frisørar, bransjefolk og publikum. Det kan verte ei flott oppleving å sjå frisørane i sving når dei styler og setter opp hår etter stoppeklokka.. Det skal konkurrerast i fire disiplinar, langthårsoppsetting, brud, dame- og herre fristil. I år er internasjonal dommar og to dyktige, kjende stylistar innan bransjen på plass for å dømme i konkurransen. - Påmeldinga er frå heile landet og det blir spanande. Kom og sjå dette hårete arrangementet, seier Marit Finnøy Henriksen, frå Ålesund og omegn Frisørlaug.

Regionavisa sjå kva som skjer! Onsdag 22. oktober 2008 17 Karoline Krüger på Drivhuset Laurdag 1. november blir det høve til å få oppleve Karoline Krüger på Drivhuset i Ulsteinvik. Publikum kan vente seg ein stemningsfull og intim kveld med ein av Norges beste artistar. Kor med krydder! 7. til 9. november blir det arrangert korseminar ved Høgskulen i Volda. Per Oddvar Hildre, alias Prots, skal inspirere deltakarane å hjelpe til med å lage musikalsk krydder. På avslutningskonserten den 9. november skal Åste Hunnes Sem synge. Hunnes Sem er halvt volding og fekk sitt gjennombrot hausten 2007 som finalist i Idol. Av pressa blei ho omtala som kvinna med den store stemma. Seminaret Kor med krydder er ei vidareføring av fjorårets suksess-seminar, Himmelsk lapskaus, som også blei halde av Per Oddvar Hildre. Seminaret i år kan by på songpedagogiske øvingar, underhaldande oppvarmingsøkter og erfaring med korleis ein kan skape homogenitet og klang i eit kor. Rytmiske utfordringar med songar frå mange verdenshjørne. Du får mellom anna erfaring med synkopar, varierte taktartar, polyrytmikk og aksentuering. Med stor innsikt i korpsykologi greier Hildre å formidle korleis ein kan tenkje ein tone, korleis ein kan innstudere nytt stoff og plassere koristar i koret utifrå klangfargen deira. Med utgangspunkt i kvaliteten på over og undertonar i stemma høyrer han om stemma er ei røyr eller fløytestemme. Per Oddvar Hildre Prots er kjend for å vere ein fest i seg sjølv, med si djupe, reine stemme, sitt lange skjegg og karismatiske vesen. Han har gjennom ei årrekkje vore ein av dei fremste eksponentane for kormusikk og Vonheimhelg i Haugsbygda Det er eit flott samlingshus i Haugsbygda. I salen kan det dekkast festbord til opptil 150 gjestar anten det er bryllup, fødselsdag eller båtdåp. Scena er stor og romsleg salen har god akustikk i det heile eit prakthus, skal vi tru pådrivarane. No skal kjøkenet renoverast. Men før dei går i gang med det blir Karoline Krüger kjem til Ulsteinvik 1. november (Foto: Marte Rognerud). Sidan debuten i 1988 har Krüger gitt ut seks soloalbum, og medverka på eit titals andre som komponist eller songar/musikar. Hennar siste album, basert på førestillinga De To Stemmer, til tekstar av lyrikar André Bjerke, hausta Spellemannsnominasjon i 2005 og strålande kritikkar. I dei siste åra har ho også markert seg i rein komponistsamanheng. Karoline sitt første møte med musikkbransjen kom med deltaking i den norske Melodi Grand Prix-finalen i 1988, der ho song Anita Skorgans For Vår Jord fram til siger, og seinare ein femteplass i den internasjonale finalen i Dublin. Per Oddvar Hildre held korseminar i Volda den 7. til 9. november. korarbeid her til lands. I tillegg til å sjølv dirigere eit av dei best kjende kora i Norge, SKRUK, lærer han opp nye generasjonar i kormusikk. Han har drive for seg sjølv i 28 år som frilansar innan korarbeid og har halde mange korseminar både innanlands og ute i den store verda. Hildre har dirigert SKRUK sidan starten i 1973, og Det norske kammerkor sidan starten ved Volda Lærarhøgskule på slutten av 70-tallet, fram til dei avslutta i 1992. Hildre har medvirka i radio og TV og i fleire musikkprosjekt i utlandet, som til dømes i The International Music Festival of Baku i Aserbajdsjan og tur-konsept for reise- og musikkinteresserte (Kulturmix). I 2006 vart boka «Prots - trollmann med kor» utgitt på Enter forlag. Den er eit biografisk portrett, ført i pennen av Stig Nilsson. det underhaldningshelg komande helg: Fredag er det barne- og ungdomskveld med taco- og pizzabuffet, kiosk, tombola, spel og konkurransar for store og små. Kino i småsalen. Søndag kokar Kjetil fårikål av godt merke. Her kan du kose deg med kaffi og kaker til dessert, til underhaldning av Kari Grønnevik. Arrangøren ynskjer velkomen til ei triveleg Vonheimhelg! Little Me på Ørsta Kulturhus Tysdag 28. oktober kan ein få oppleve storsatsinga til Riksteateret på Ørsta Kulturhus. Broadwaymusikalen Little Me, er ei historie om den tidlegare kjendisen og filmstjerna, venninna til Marilyn Monroe, den uslepne diamanten miss Bell Poitrine. Publikum får møte blant andre Hilde Loise Asbjørnsen, Per Chr. Ellefsen og Sally Nilsson. I musikalen ser Belle tilbake på sitt innhaldsrike liv. Med sparsomt talent, masse engasjement og to store fordelar har ho jobba seg opp frå naiv og undrande fattigjente til filmstjerne. Hennar drivkraft er først og fremst kjærleiken til Noble Eggleston, småbyen sin kjekkaste og rikaste gutt som ho ikkje kan Oliver Twist i Olivinhallen Torsdag 23. oktober blir Oliver Twist framført i Olivinhallen i Vanylven i regi av SoFt teater. Stykket av Charles Dickens er ei av dei største satsingane til SoFt nokonsinne, med nykomponert musikk og spektakulære sceneskift ønskjer dei å gi publikum ei uforgløymeleg oppleving. Oliver Twist er ein klassikar av dei sjeldne, som vann i konkurranse med Jungelboka om kva oppsetjing som skulle bli den store familieframsyninga denne hausten. Den rørande histora om fattigguten som kjempar for å overleve i 1800 talets London, er blitt vist på film, tv og scener eit utal gongar. Stykket handlar om Oliver som veks opp få. Skuffa drar Belle ut i verda for å skaffe seg Frå "Fem raude roser" til kyrkjekabaret Laurdag 22. november brakar det nok ein gong laus med ein ny Battle of the Bands konkurranse på Kaihuset. Alle ungdommar som spelar i band og har lyst å vise seg fram på ei scene, må nytte denne sjansen til å vise kva dei duger til. Kaihuset fortel at dei har fått gode sponsorar med i år også, og det vert flotte gåvekort og flightcase i premie til dei heldige vinnarane av konkurransen. Sponsorane er Sparebank1 Volda Ørsta, Rufo, Lydmakeriet og Mix. Som i fjor, vil det vere ein fagjury som skal stemme fram dei beste banda, SKULLSPLITTER: Bandet Skullsplitter tok med seg både førstepremie og publikumsprisen i Battle of the bands 2007. kulturell ballast, pengar og sosial posisjon. Undervegs delar ho sjenerøst ut av alle dei gåver ho har fått frå naturen si hand. Belle si historie vert fortalt med ein stor dose humor og leikande musikk- og eit stort musikalensemble. Med: Mona Jacobsen, Hilde Louise Asbjørnsen, Per Christian Ellefsen, Marit Synnøve Berg, på eit fattighus der han får meir juling enn mat. Han klarer å flykte frå fattighuset og hamnar blant Londons verste kjeltringpakk. Dessverre er mørke krefter i sving for å rydde den stakkars guten av vegen fordi han ber på ein løyndom han sjølv ikkje er klar over. Til nynorsk: Terje Lyngstad. Regi: Trond Birkedal. Scenografi: Leiko Fuseya. Lysdesign: Torkel Skjærven. Helgemessesøndag, 2. november, blir kyrkjekabareten "Vår ferd i dine hagar" framførd i Ulstein kyrkje. Dette er ei samling songar med tekstar av Andreas Bjåstad. Tina Brandal, Merete Brandal Godø og Ulstein kyrkjekor syng saman med eit fem manns stort orkester under leiing av kantor Ståle Helvig. Andreas Bjåstad har laga ei samanbindande tekst som vil gjere det til ei heilskapleg førestilling. I 1999 vart Andreas Bjåstad (tekst) og Anita Winsjansen (melodi) premierte for salmen "Fem raude roser" i Liturgisk senter sin store salmekonkurranse. Same hausten gav dei ut ein CD-single med same namn og Tina Brandal som solist. Plata selde bra og vart brukt ein del i NRK. Ei ny aktiv skriveperiode vinteren 2006 resulterte i fleire songar, denne gongen med melodiar av Odd Goksøyr. Ein av dei, bryllaupssalmen Å måtte denne dagen vann andrepris i Nynorsk Koreografi: Elin Høyholm. Medverkande: Heine Bugge, Tor Ivar Hagen, Roger Hilleren, Henrik Høie, Per Arne Løset, Sara Norlin, Karl Sundby, Marius Thomassen, Gro Ann Uthaug, Jon Erling Wevling. Battle of the Bands på Kaihuset Broadwaymusikalen Little Me blir framførd på Ørsta Kulturhus tysdag 28. oktober (Foto: Gisle Bjørneby). Jørn Morstad, Håkon Moe, Bjørn Holthe, Tom Arild Hansen, Mari Baade og Anette Amelie Larsen. Torsdag kan ein oppleve Charles Dickens sitt stykke Oliver Twist i Olivinhallen. kultursentrum sin salmekonkurranse. Då føddest tanken om å lage ei heil førestilling med salmar og songar. Ståle Helvig samla musikarar og arrangerte nokre av melodiane for kor, og så har dette no blitt til kyrkjekabareten Vår ferd i dine hagar, ein tittel som er henta frå ei strofe i bryllaupssalmen. Musikarane er kjende frå fleire samanhengar i lokalmiljøet: Rune Ertesvåg på gitar, Øystein Djupvik på kontrabass, Bertil Tødenes på perkusjon og Leiv Arne Nydal på fiolin, i tillegg til Ståle Helvig som trakterer tangentane. men publikum får også høve til å påverke utfallet ved å stemme fram sine favorittar. Aurora Høegh-Omdal, ungdomsleiar i Ørsta kommune, satsar på å få ungdom frå heile søre Sunnmøre til å delta i konkurransen. Banda kan ta kontakt til musikkansvarleg Hans Bondhus på Kaihuset for påmelding og informasjon.

18 Onsdag 22. oktober 2008 Regionavisa Vazelina Bilopphøggers og Hemingen Blandakor sjå kva som skjer! Kva skjer Oktober HEMINGEN: Hemingen Blandakor skal stå på scena på Sjøborg sammen med Vazelina Bilopphøggers fredag 31. oktober. Fredag 31. Oktober kan du få med deg Vazelina Bilopphøggers saman med Hemingen Blandakor på Sjøborg kulturhus. Vazelina Bilopphøggers er på veien med Hele Norge synger denne høsten. I oktober fester de folkekjære musikerne setebeltene, og forlater Mjøsas bredder i retning Møre og Romsdal og Trøndelag. Der skal de sammen med Hele Norge synger samarbeide med lokale kor og sangere.den 12. Oktober var Vazelina sammen Tolvtetten fra Herøy i Ørsta kulturhus og her var det fullt hus.omtalen derfra er at dette kunne de Ytre Suløen til Kvamsøy Søndag 26. oktober blir det storkonsert med Ytre Suløen på forsamlingshuset Høgtun på Kvamsøy. - Det er Kvamsøy Helselag som arrangerar, og vi har fått god hjelp av sponsorar til å halde eit sopass stort arrangement her ute. Eg var på konsert med bandet for litt sidan, og gjekk og snakka med dei i etterkant. Då synte det seg at dei faktisk var ledige denne søndagen, Kunst og kyrkje Er kunsten i ferd med å ta over viktige funksjonar som kyrkja har hatt? Søkjer folk no for tida heller til kunst og kultur enn til religionen for å oppleve høgtid og meining med livet? Korleis bør kyrkje og kultur konkurrere eller samarbeide i åra framover? Volda og Ørsta kyrkjeakademi tek opp desse spørsmåla i Ivar Aasen-tunet tysdagskvelden den 28. oktober. Til å utdjupe temaet og innleie til debatt har laget fått to spennande foredragshaldarar. Erik Hillestad vil snakke om Kunsten som kyrkje? og Solveig Styve Holte om Kyrkja som kunstarena. Erik Hillestad har sidan 1974 stått i spissen for Kirkelig Kulturverksted. Han har vorte velkjend både i Noreg og i utlandet for å ha kopla saman kyrkje og kultur på nye og til dels provoserande måtar. Solveig Styve Holte frå Folkestad er utdanna dansar. Med den kunstforma har ho vore engasjert i nyskapande prosjekt i kyrkjer både på Austlandet og i heimbygda Volda. I tillegg til foredraga vil kvelden innehalde eit par kunstneriske innslag og ein samtale som forsamlinga vert invitert med i. tenke seg en gang til,det er rett å slett et musikalsk show,med Vazelina sine godt kjente låter en god del historier samt godt samarbeid med Tolvtetten. Fredag 31 Oktober er det altså Ulsteinvik som får besøk av Vazelina, da i samklang med Hemingen Blandakor fra Flø. Hemingen Blandakor har hatt Vazelina på hjernen nå side slutten på August,det har ljomet Vazelina låter over heile Fløbygda siden øvingene startet på dette stoffet. og kunne spele her ute. Vi slo til med ein gong, og gleder oss skikkelig til ein uforgløymeleg konsertopplevelse. Vi har lagt det opp slik at det passar godt med ferger til og frå øya, så vi vonar at så mange som mogleg tek turen denne søndagen. Billettane kan ein få tak i på Sparebanken Møre på Larsnes, samt at ein kan kjøpe ved inngangen, fortel Kari Ristesund i Kvamsøy Helselag. TIL KVAMSØY: Ytre Suløen Jazzensemble held konsert på Kvamsøy søndag. Erik Hillestad vil snakke om Kunst og kyrkje i Ivar Aasen-tunet tysdag 28. oktober 23. - 25. Dimnarevyen, Dimna Grendahus, Ulsteinvik. 24. Hellbillies, Studenthuset Rokken, Volda. 24. Arild Hoksnes, show kl 21. Snorrebuda, Ulsteinvik. 25. Dans med Hytt & Pine, Leikong Grendahus 25. Herborg Kråkevik, Herøy Kulturhus 25. Konsert med Jørn Hoel og Steinar Albrigtsen Sjøborg Kulturhus, Ulsteinvik. 25. Saudehaud-Fest og dans m/comedy, kl 20.00, Rosenlund, Sandsøya. 25. - 26. Revy, Larsnes Idrettslag, Breidablik, Larsnes 26. Konsert, Ytre Suløen Jazzensamble, Kvamsøy 27. Hot Club de Norwege, Studenthuset Rokken, Volda. 28. Little Me - Teater, kl 19.30, Kulturhuset, Ørsta. 30. Eldrefest, Herøy Kulturhus 30. Stand Up Roar Brekke, Studenthuset Rokken, Volda. 31. Vazelina Bilopphøggers og Hemingen. blandakor, Sjøborg Kulturhus, Ulsteinvik. November 1. Utstilling, Gunn Nordheim Morstøl, E&E, Fosnavåg 1. Gamaldans, Herøy Kulturhus 1. Den store kinodagen, Ørsta. 1. Kom ikkje med heile sanningi - Teater, kl 19.30, Kulturhuset, Ørsta. 1. Viltaften, Snorrebuda, Ulsteinvik. 1. Karoline Krüger, kl 21, Snorrebuda, Ulsteinvik. 2. «Stille konsert», Hjørungavåg Brass, Hareid Kyrkje 2. Kyrkjekabaret kl. 20.00, m/songar av Andreas Bjåstad, Ulstein Kyrkje. 4. - 9. Oslo World Music Festival, Musikkfestival med kjente artister fra hele verden, Rikskonsertene, Oslo. 6. Vestlandsrevyen, Bacalao- middag, Volda samfunshus, 6. Quizleis på Snorrebuda, Ulsteinvik. 8. Saudehaud-Fest og dans m/comedy, kl 20.00, Rosenlund, Sandsøya. 9. Konsert - Kulturprisen, Herøy Kulturhus 14. Gatas Parlament, Studenthuset Rokken, Volda. 15. Swing IT Ulstein Storband, dans kl 21, Snorrebuda, Ulsteinvik. 20. Trekkspelkonsert, Herøy Kulturhus 20. Lukestar, Studenthuset Rokken, Volda. 21. Dance with a stranger, Studenthuset Rokken,Volda. 21. Kunstutstilling, Kjell Idar Saure, Aktivitetshuset, Vikholmen, Ulsteinvik. 22. - 23. Sandemessa, Breidablikk, Larsnes 23. Vintermatine med ballettskulen, kl 15.00, Kulturhuset, Ørsta 25. Herborg Kråkvik, Konsert, Herøy Kulturhus, Herøy. 25. - 27. Yrkesmesse, Herøyhallen, Herøy. 26. Ylvis III, Sjøborg Kulturhus, Ulsteinvik. 27. Danseforestillinga "Rhythm is gonna get you", Sjøborg Kulturhus, Ulsteinvik. 28. Marit Larsen, Studenthuset Rokken, Volda. Kilde: Kulturkalendarane til kommunane i området. Feil eller manglar? Vil du ha med arrangement? Ta kontakt på 7000 9660 eller annonser@regionavisa.no

Regionavisa Onsdag 22. oktober 2008 19 Kultur & uteliv Teater Show Kino Konsert Ut å ete Danse Det skjer der ute! Vestlandsrevyen Annbjørg Lien og Bjørn Ole Rasch Regionavisa 221008 Det skjer på Snorrebuda! Kulturscena i 2. etasje har opna! Fredag 24. oktober kl. 21 ARILD HOKSNES Den kjende humoristen og kåsøren dukkar ned i vitseskatten frå Møre og rotar det heile til. Bill. kr 200,- + avg. Laurdag 1. november kl. 21 KAROLINE KRÜGER Intimkonsert. Piano: Atle Halstensen Bill. kr 280,- + avg. Viltaften frå 18.00 Kr 445,-. OBS! Førehandsbest. Tlf 928 43 555 Laurdag 15. november kl. 21 SWING IT! Ulstein Storband inviterer til dans! Bill. kr 200,- + avg. Julebord på Snorrebuda frå 21. nov. Kr. 695,- pr. pers. (inkl. velkomstdrink, underhaldning og dans) Bill. på Posten, tlf. 815 33 133 www.billettservice.no og Narvesen Mat - Underhaldning - Atmosfære Snorrebuda Tlf 928 43 555 - Ulsteinvik Torsdag 6. november kl. 20.30 Volda samfunnshus Kr 320 Kr 495 inkl. bacalao Ein festkveld for Ivar Aasen og nynorsken med Halvor Folgerø, Ragnar Hovland, Claus Sellevold, Olav Stedje og Finn Tokvam Bacalaomiddag med overraskingar i nyesalen mellom kl. 18.00 og 20.00. (Berre førehandssal) Billettar på billettluka.no/aasentunet, Narvesen og Ivar Aasen-tunet I samarbeid med Hordaland Teater og FESTiVOLDA Broadway-musikalen Little Me av Neil Simon, Cy Coleman og Carolyn Leigh. Oversatt av Ivar Tindberg Ellevill Hollywood-harselas om en primadonnas vekst og fall! Ørsta kulturhus onsd 22. okt kl 19:30 Tlf.: 70045500 Bill: 220/150/120 Les meir/kjøp bill på: www.orsta.kulturhus.no Det skjer der ute! Loen - Nordfjord Ring inn lunsjen frå kl 10-11 på 928 43 555 og den vil stå klar kl 11.30 Fiskesuppe - Dagens pai - Varm pastarett Kafé Bell Ope 11.00-18.00. Fred. og laurd. til kl 02.00 Snorre Mat & Vinhus Ope onsd. - laurd. 18.00-22.00. Drivhuset Fredag 24/10 kl 21.00: ARILD HOKSNES Bill. kr 200,- + avg. Laurdag 25/10 kl 22.30-02.30: DJ KEO spelar funky dansemusikk CC. Snorrebuda Velkomen! Mat - Underhaldning - Atmosfære Tlf 928 43 555-6065 Ulsteinvik Vilthelgar 24.-26. OKTOBER OG 31.OKT.-1.NOV. Bugnande viltbuffet fredag og laurdag, med alt hausten har å by på! Dansehelg 7.-9. NOVEMBER Stor dansegalla laurdag med Steinar Engelbrektsson Band og Kruttrøyk Høg stemning flott dansemusikk!! Kontakt oss for eit godt tilbod! Gode barneprissar Tlf: 57 87 50 00 Fax: 57 87 50 51 www.alexandra.no Bestille plass på UTELIV? annonser@regionavisa.no - Tlf. 70 00 96 60

20 Onsdag 22. oktober 2008 Regionavisa TILPASSING: Eg hadde ikkje eingong vore i drift i eit år, før eg måtte "drepe min første baby", fortel etableraren av Kle&Kaffi i Volda, Kardis Hasfjord. Her i dei nye butikklokala som ho flytta inn i ved nyåret 2008. Å "drepe sine babyar" er det første ein etablerar må lære seg. Kardis Hasfjord (39) frå Volda etablerar og drivar av Kle & Kaffi I 2006 etablerte Kardis Hasfjord frå Volda si eiga bedrift: Kle&Kaffi - ein kombinert dameklebutikk og kaffibar. Kardis var overtydd om at forretningsideen var liv laga, men lærte fort kor viktig det er for nyetablerarar å drepe sine babyar og tilpasse seg marknaden. Overført betyr det å legge vekk nokre av dine eigne personlege idèar, og tilpasse seg det andre vil ha. Å etablere eiga bedrift er nett som å bake ei kake den vert sjeldan så god og luftig som du hadde førestilt deg, ler Kardis Hasfjord frå bak disken inne i lokala til Kle&Kaffi i Volda. For to år sidan etablerte den utdanna allmennlæraren si eiga bedrift, fullt overtydd om at hennar forretningsidé om ein kombinert klesbutikk og kaffibar ville falle i smak hjå potensielle kundar i bygda. Inga suksesshistorie Eg har ingen suksesshistorie, men det eg har lært i løpet av dei siste to åra kan kanskje vere til hjelp for andre som går med tankar om å starte si eiga bedrift, fortel Kardis. Då 39-åringen i 2006 bestemte seg for å lage sin eigen arbeidsplass, kunne ho vise til mange års røynsle frå butikknæringa: Mor mi kjøpte Volda Glasmagasin då eg var to år gamal. Eg har vakse opp med butikklivet og av den grunn var heller ikkje terskelen for å starte mi eiga bedrift så skremmande stor. Store kle og eksklusiv kaffi Forretningsideen bak den todelte drifta var basert på følgjande tankegang hjå etableraren: Eg er sjølv romsleg av meg og glad i fine kle. Med tanke på at det er like mange kvinner som brukar storleik 50, som dei som brukar 34, meinte eg at det burde vere ein marknad for ei klesforretning som også tilbaud storleikar heilt opp til 56. Dessutan har ho ein sterk pasjon for kaffi av høg kvalitet. Ettersom Kardis meinte at kaffi av dette kaliber var vanskeleg å oppdrive i Volda, ønska ho samstundes å etablere eit nytt kaffitilbod. Satsa på samlokalisering Tenk å kunne vandre rundt i ein klesbutikk med klede som passar deg og samstundes få nyte dufta og smaken av god kaffi! smiler Kardis i det ho minnast argumenta sine i planleggingsfasen. Eit romsleg lokale vart leigd ved sidan av Lote-bygget der fire andre butikkar også heldt til. Dei andre samlokaliserte butikkane vende seg også mot kvinner. Derfor meinte eg at lokala passa godt og at mitt kaffitilbod også ville kome dei andre bedriftene til gode, fortel Kardis som etter månader med oppussing og tilrettelegging opna butikken i oktober i god tid før julerushet 2006. Draum møter røyndom Den fyrste overraskinga fekk Kardis på opningsdagen: Å få gjennomstraum av kundar og fellesskap med dei andre butikkane var for meg heile poenget med å leige lokalet. Eg hadde satsa på at butikken ved sidan av ville opne døra mellom oss, men slik vart det ikkje. Trass i dette gjekk det ikkje så verst, for Kardis selde faktisk over all forventing dei tre fyrste månadane. Folk var veldig oppmuntrande og rause med godorda, men hovudproblemet vart rett og slett for lite besøk. Eg opplevde ofte at folk ikkje oppdaga butikken, sjølv om eg averterte og hadde utstillingsvindauge på gateplan. Kundar sa også at dei gløymde at butikken fans, fortel ho. Velmeinande råd Som nyetablert på stramt budsjett kunne Kardis heller ikkje bruke så mykje som ho ville på marknadsføring. Ein gong fekk nyetableraren eit velmeint råd frå ein lokalavisredaktør om å vere meir synleg. Til det har ho følgjande å seie: I andre ordelag sa han at eg burde annonsere meir. Eg vil gjerne gjengjelde rådet og be lokalavisene gjødsle nyetablerte verksemder med merksemd, notisar og artiklar. Slikt kan faktisk avgjere om ein ny butikk klarer etableringsfasen. Kardis meiner at lokalaviser på dette viset til gjengjeld får ein trufast kunde og annonseinntekter på lengre sikt, samt tilfredstillinga ved å vere ei drivkraft i lokalsamfunnet. Tilpassing Eg lærte fort at å "drepe sine babyar" kan vere alfa omega for etablerarar. Eg hadde ikkje eingong vore i drift i eit år, før eg måtte drepe min første, humrar Kardis som hausten 2007 let vere å bestille inn meir klede i dei største storleikane. Ut på nyåret i 2008 kom ho fram til at ho måtte finne nye lokale: Dersom eg ikkje gjorde det, ville det heile fort bli sjølvslutta. Kardis fann eit nytt frittståande butikklokale, og i påska flytta ho inn i det som ho sjølv karakteriserer som smørauget i Volda sentrum: Halkjelsgata. Innan dørene opna etter flyttesjauen, hadde ho drepe den andre etableringsbabyen sin: Den flotte kaffimaskina vart ikkje med på flyttelasset. Den selde eg. Både fordi desse lokala vart for små til å romme ein kafédel og fordi eg rett og slett hadde selt for lite kaffi i dei gamle lokala. For å behalde firmanamnet og for å få den gode lukta i