Nytt Gebyrregulativ for lokal forskrift for VA-gebyr Ny lokal forskrift for VA-gebyr vart vedteken i Luster kommunestyre den 23.10.2008 sak 81/08. Forskrifta medfører, som det framkom av saksutgreiinga til den nye forskrifta, at det må utarbeidas teit nytt gebyrregulativ for VA-gebyr. Gebyrregulativet må innehalde følgjande varer. Tilknytningsgebyr for nye abonnentar Abonnemntsgebyr (fastledd) kr/abonnentseining N Forbruksgebyr (variabelt kr/m3 Leige av vassmålar går ut, sidan ansvaret for kjøp og vedlikehald av desse i ny forskrift ligg til abonnent. Abonnentar som i dag leigar vassmålarar av Luster kommune overtek eigarskapet for desse pr 01.01.2009 utan vederlag. I vurderinga av tilhøva mellom fastledd og variabelt ledd i årsgebyret har ein sett på reknskapstala til tenesteområda, samt til kva fordeling som er nytta i nabokommunane. Reknskapet for 2007 syner følgjande fordeling i eigen kommune: Vassforsyninga Driftsutgifter 51%, Avskriving mv. 49% Kloakk Driftsutgifter 62 % Avskriving mv 38% Ålav-kommunane har ei ny forskrift nær den som no er vedteken i Luster kommune. Fordelinga er ulik i desse kommunane men til dømes vik kommune har følgjande inndeling av dei samla inntektene : Vassforsyning Fastledd 40% Variabelt ledd 60 % Kloakk Fastledd 70% Variabelt ledd 30% Sogndal kommune har lik fordeling på begge tenesteområda. Der utgjer dei samla inntekter frå fastleddet 40%, og dei samla inntektene for variabelt ledd 60%. Framlegg til budsjett for 2009 legg til grunn følgjande inntekter og utgifter
Vassforsyning Budsjett 2009 %-vis
UTGIFT Driftsutgift kr 2 577 000 50 % Avskriving mv kr 2 623 000 50 % kr 5 200 000 INNTEKT Tilkobling kr 150 000 3 % Årsavgift kr 5 050 000 97 % kr 5 200 000 Avløp UTGIFT Tilkobling kr 100 000 3 % Årsavgift kr 2 830 000 97 % kr 2 930 000 INNTEKT Driftsutgift kr 1 815 000 62 % Avskriving mv kr 1 115 000 38 % kr 2 930 000 Det er gjort ei vurdering av konsekvensar for dei ulike fordelingane. Om ein legg til grunn eit abonnemnt for bustad, med ei bueining og med målt forbruk vil eit nytt årsgebyr med ulik fordeling mellom fastledd og forbruksledd sjå slik ut: Vanleg bustadabonnement 70 % inntekt via abonnementsgebyr og 30 % inntekt via forbruksgebyr 50% inntekt via abonnementsgebyr og 50 % inntekt via forbruksgebyr
40 % inntekt via abonnementsgebyr og 60 % inntekt via forbruksgebyr 20 % inntekt via abonnementsgebyr og 80 % inntekt via forbruksgebyr For abonnement som har stipulert forbruk må ein merke seg at ein vanleg bustad, mellom 81 og 250 m2 i 2008 har stipulert eit forbruk på 250m3 medan eit tilsvarande abonnement etter ny forskrift har stipulert eit forbruk på 150 m3. Etter ei samla vurdering finn rådmannen å tilrå at Luster kommune for år 2009 vedtek at 40 % av dei samla inntektene kjem frå abonnementsgebyret (fastledd) og at 60% av inntektene kjem frå forbruksgebyret (variabelt ledd). Dette både for tenesteområde vassforsyning 345 og for tenesteområde kloakk 353. Beregningane syner følgjande storleikar om budsjettmålet for 2009 skal nåast: Det er endringar i den nye forskrifta som gir at det er knytt noko usikkerheit til grunnlaget. Dette knyter seg spesielt til dimensjon på inntaksleidning, som er ein variabel i høve til fastledd til alle abonnentar der årsgebyret vert fastsett er målt forbruk.
Arealinndelinga for bustad og fritidsbygg skal fastsetjast etter areal. Det er her endring i høve til gruppa 81-350 m2. Denne er vil i ny forskrift bli berørt i og med at gruppa er endra til 81-250 m2 og gruppa over 250 m2. Fordelinga mellom desse gruppen er skjønnsmessig fordelt. Samla grunnlag gir følgjande storleikar på årsgebyret: Vassforsyning Fastledd pr einheit N kr 1229,00 eks mva Forbruksgebyr pr m3 kr 13,50 eks mva Kloakk Fastledd pr einheit N kr 910,00 eks mva Forbruksgebyr pr m3 kr 8,50 eks mva Tilknytningsavgift: Det er i ny forskrift fastsett at denne skal være lik for alle abonnentar. Tidlegare har denne vore delt i 2 grupper og 2 klassar. (over/under 350m2, eigenkostnad mv) For 2008 har tilknytningsavgifta vore slik: Tal tiknytningar kvart år har vore varierande,.samla inntekt frå dette har utgjort utgjer kring 3% av dei samla inntektene for tenesteområda. For at dette forretningsmessig skal vere enkelt for alle partar er det rådmannen si tilnærming at dette bør setjast til eit rundt beløp som i høve til tidlegare satsar ikkje skaper eit stort skilje. I dei kommunale bustadfelta har tomtekjøparar betalt etteer gruppe 1 klasse 1. For 2008 har dette utgjort kr 6201,- eks mva. Ut frå at bustader er ein gjennomsnittleg abonnement ser rådmannen det som naturleg å ta utgangspunkt i dette abonnementet. Rådmannen sitt framlegg til tilknytningsgebyr for både vatn og kloakk vert såleis kr 8000,- eks mva. (kr 10 000,- inkl mva) Tilknytningsabonnementet kan virke lågt i høve til større abonnentar, men ein vil her syne til at det nye fastleddet som no er innført berører desse abonnentane i større grad enn den vanlege bustadhus-abonnenten.
N=10 (90-110mm) Konklusjon: Rådmannen tilrår følgjande betalingsregulativ for år 2009: Tilknytningsavgifter: Vatn kr 8.000,- Kloakk kr 8.000,- Årsavgift Vatn Abonnementsgebyr (Fastledd pr N) kr 1229,00 Forbruksgebyr (variabelt pr m3) kr 13,50 Kloakk Abonnementsgebyr (Fastledd pr N) kr 910,00 Forbruksgebyr (variabelt pr m3) kr 8,50 Meirverdiavgift kjem i tillegg til alle summane.