Program 2015 2019 GLOPPEN HØGRE N E P P O L G eh ile
Gloppen vart nyleg kåra til den nest beste kommune i landet (Norsk kommunebarometer), og Høgre vil framleis fokusere på gode tenester til innbyggjarane. Vi vil legge til rette for at dei som kjem og buset seg her skal få god mottaking. Høgre vil at kommunen skal halde fram å ta i mot innflyttarar frå nært og fjernt. Vellukka integrering til samfunnet er viktig, og Høgre vil satse meir på norskopplæringa noko som er med på å legge grunnlaget for integreringa. Gloppen Høgre har hatt 5 representantar i kommunestyret i den siste perioden, er det nest største partiet og har ved budsjettforlik fått gjennomslag for mange viktige saker. KUNNSKAP I SKULEN OG GODE BARNEHAGAR Sørge for gode arbeidstilhøve for elevar og lærarar Betre skulebygg på Nordstranda skule og sikring av areal for framtidig utviding Rehabilitere/ bygge nybygg til Hyen skule inkludert symjebassenget Prioritere målretta etter- og vidareutdanning for lærarar Framtidsretta studietilbod ved Firda vidaregåande skule Vidareføre to opptak i barnehageåret og sikre god kapasitet Satse på fagkompetanse, spesialisering og fleire heile stillingar i barnehagane KVALITET I HELSE OG OMSORG Styrking av arbeidet med rus, psykiatri, rehabilitering, førebygging og folkehelsearbeid Kvalitet og valfridom i eldreomsorga gode tenester og tilrettelegging for dei som ynskjer å bu i eigen bustad Satse på god fagkompestanse, spesialisering, og faste heile stillingar (jfr. heiltidsløftet) KULTUR OG IDRETT Gloppen skal framleis vere den fremste kultur- og idrettskommunen i fylket. Alle bygdelaga i Gloppen skal takast vare på i kulturpolitikken. Oppretthalde ei god bibliotekteneste og ein god kulturskule Samstundes som Gimmestad gamle kyrkje vert rehabilitert, vil vi jobbe for å finne ei løysing for utviding og fortsatt bruk av gravplassen på Gimmestad Sørge for at kultur og idrettsanlegg i offentleg og privat eige vert vedlikehalde slik at dei er tenelege for brukarane Kommunen skal ha stor merksemd mot Trivselshagen, -hallen, og -badet, for å trekkje mest mogeleg mangfald av aktivitetar og idrett til anlegga Samle skyteaktiviteten i Breim (Ura) og Hyen, og avslutte bruken av skytebana i Bukta
TRYGGE ARBEIDSPLASSAR Næringsareal, trygge vegar og god samfunnsutvikling er viktig for sikring av gode og attraktive arbeidsplassar. Utvikle nye næringsområde i kommunen Gloppen kommune skal vere ein JA-kommune og stimulere til nyetablering av arbeidsplassar Satse på sentrumsutvikling av tettstadane i kommunen, og oppfølging av sentrumsanalysen på Sandane Opparbeide gang- og sykkelveg på FV 615 Vonheim SFE TOMTER OG BUSTADER Gloppen hadde folketalsauke i 2014, og veksten ser ut til å halde fram. Vi vil ha ein målretta bustadpolitikk og større investeringar i tomter og bustader. Tilrettelegge for attraktive private og kommunale bustadtomter. Utvikling av nye bustadfelt, der eit kommunalt felt på Nordstranda har høg prioritet Støtte private utviklarar som vil regulere bustadfelt eller bygge utleigebustader Tilrettelegge for gjennomgangsbustader LANDBRUK OG NÆRING Landbruket er ei viktig næring i kommunen. Produksjon og foredling av landbruksprodukt gir mange arbeidsplassar. Rammevilkåra må vere innretta slik at omleggingane som kjem i jordbruket kan sikre tilpassing for gardsbruka. Bedrifter og sørvisnæringar må ha gode vilkår ein må ha ein politikk som er langsiktig med føreseielege vilkår. Gloppen skal vere ein kommune som trekkjer til seg gründerar.
Styrke investeringstøtta i landbruksnæringa Oppretthalde kvoteområde for mjølk for å sikre mjølkeproduksjonen i fylket Støtte opp om bedriftene i kommunen Til ei kvar tid ha ledig areal til dei som vil etablere verksemder i kommunen Støtte opp om bedrifter som tenkjer nytt Tilrettelegge for at turistane skal trivast i Gloppen. Vi ønskjer også å jobbe vidare med cruise-prosjektet. Støtte opp om småkraftproduksjonen, og arbeide for gunstigare vilkår for påkopling til utbygt nett Arbeide for at statlege/offentlege arbeidsplassar kan bli flytta til kommunen SAMFERDSLE Gode og godt vedlikehaldne vegar er viktig for tryggleik, utvikling og trivsel. Vi vil arbeide målretta for å realisere viktige samferdsleprosjekt i kommunen. Ruste opp E 39 på strekninga Byrkjelo Sandane Utbetre og trygge Fv. 615 Sandane Hyen Storebru Sikre 20 min ferjeavgangar Anda/Lote Bru Anda Lote, med ferjeavløysingsmidlar Sikre framtida til Sandane Lufthamn Anda og arbeide for eit betre rutetilbod. Utbetring av vegen til Fjellbygda/Kleivane Godt vedlikehald av kommunale vegar og fast dekke på desse.
ØKONOMI OG KOMMUNAL DRIFT Høgre har ein forsvarleg økonomisk politikk. Vi vil jobbe for å ha god kvalitet på kommunale tenester samstundes som inntekter og utgifter skal vere i balanse. Prioritere skule og omsorg Opparbeide fond (frie midlar) som m.a. kan støtte utviklingsprosjekt, ny-etablerarar og eksisterande bedrifter Oppretthalde god støtte til friviljuge organisasjonar Vi vil ha fokus på «grøn» kommunal drift, energieffektivisering og nye energikjelder KOMMUNEREFORMA Det er viktig med eit best mogeleg grunnlag dersom ein skal kunne fatte ei god avgjersle ved ei eventuell kommunesamanslåing. Høgre ønskjer ein så stor del av Nordfjord som mogeleg i ei felles utgreiing om samanslåing i tillegg til alternativet i Sunnfjord. ORDFØRARKANDIDATEN VÅR ANNIKEN RYGG er 47 år, har 3 vaksne born og er utdanna samfunnsøkonom. Ho har god erfaring innan offentleg sektor. Ho har m.a. vore næringssjef i Gloppen kommune og underdirektør i Lotteritilsynet. Anniken var prosjektleiar for utbygginga av Gloppen kommune og fylkeskommunen si fellessatsing i utbygging av Trivselshagen. I dag er ho dagleg leiar for drift, forvaltning og vedlikehald av desse anlegga. Anniken har sete i ein periode i kommunestyret og formannskapet og er gruppeleiar for Høgre. Ho har styreverv i m.a. Nordfjord Hamn, Gloppen Energi og Norsk Countryteff. På fritida treff du gjerne Anniken høgt til fjells saman med hunden sin.
1. Anniken Rygg Ordførarkandidat 3. Jan Asle Rustøen 5. Jeanette Fossheim Lauritsen 2. Dagfinn Nyhammer 4. Roar Henden 7. Christine Aagård Midthjell Kandidatane våre Gloppen 1 Anniken Rygg 1967 2 Dagfinn Nyhammer 1950 3 Jan Asle Rustøen 1972 4 Roar Henden 1969 5 Jeanette Fossheim Lauritsen 1996 6 Kjell Paulen 1978 7 Christine Aagård Midthjell 1968 8 Mussie Mengistu Kifle 1974 9 Anne Marie Alme 1962 10 Oliva-Marie Bakketun 1991 11 Reidar Moldestad 1958 12 Hans Lothe 1948 13 Lise Marie Søvik Bjørnereim 1961 14 Erling Haveland 1949 15 Mary Drageset 1944 16 Ole Kristian Fagerås 1976 8. Mussie Mengistu Kifle GLØYM IKKJE Å BRUKE FYLKESTINGSLISTA! 8. kandidat ANNIKEN RYGG, Gloppen NATVIK, FLORØ Ordførarkandidat Anniken Rygg Mobil: 416 24 470 E-post: anniken.rygg@gloppen.kommune.no