Helsing frå den nye presten Sven Harald Nilsen Side 3 Slektslina på Kapteinsgården Side 34-38



Like dokumenter
2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Til deg som bur i fosterheim år

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Turmål Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh)

Jon Fosse. For seint. Libretto

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

6. trinn. Veke 24 Navn:

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

mmm...med SMAK på timeplanen

Ute mat Korleis laga god mat UTE

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Brukarrettleiing E-post lesar

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

3 dl havregryn 3 ss kakao ¼ ts kanel Ei klype salt 1 ts vaniljesukker 200 g kesam 5 ss honning Kokos

Brødsbrytelsen - Nattverden

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Unngår kvarandre Irritasjon Det vert stille Alliansar Terror. Brotne relasjonar

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing

«Ny Giv» med gjetarhund

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

Plassebakken Barnehage

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo


Vedlegg til høyringa om Justering av hovudgudstenesta

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

S.f.faste Joh Familiemesse

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3. Nynorsk

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

FANTASTISK FORTELJING

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Turmål Vestre Slidre kommune Eggjiåsen 910 moh 10 poeng

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Månadsbrev for Rosa september 2014

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

Kom skal vi klippe sauen


Månadsplan for Hare November

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Juvet Landskapshotell

Informasjon til elevane

/

Rukia Nantale Benjamin Mitchley Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

MEDLEMSINFO. august 2009

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Plassebakken Barnehage

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

6-åringar på skuleveg

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Transkript:

----------------------------------------------------------------------------------------------------------------- SOMMAREN 2007 3. årgang Pris kr. 40.- ----------------------------------------------------------------------------------------------------------------- Solheim nett som heime! Uskedalen har sin eigen turiststasjon, og den har fått mykje ros opp gjennom åra. - Å komma hit er nett som å komma heim, er ord som går att. Aslaug og Henrik Lyse er eit framifrå vertskap. Hadde dei ikkje gjort alt sjølve, ville turiststasjonen truleg ikkje vore liv laga. Helsing frå den nye presten Sven Harald Nilsen Side 3 Slektslina på Kapteinsgården Side 34-38 Postkort fortel historie Side 13-19 Side 4-7 Kart over merka turløyper i Uskedalsfjella Side 20-21 Tre vegar til Ulvanåso Side 29-31

USKEDALSPOSTEN Side 2 Leiar Uskedalen som besøksmål Skal Uskedalen bli eitt av besøksmåla rundt Folgefonna nasjonalpark? Det avheng i stor grad av oss sjølve, og no er grunnlaget lagt. Det initiativ som Uskedalen Utvikling ved prosjektleiar Kristian Bringedal har teke har i første omgang slege an på fylkesplanet. Fylkeskommunen har løyva 50.000 av dei 100.000 eit forprosjekt vil kosta, så no er det berre å koma igong! På fritidsområdet stiller vi svært sterkt og har uante mogelegheiter for vidare ekspansjon. Eg nemner i fleng: To godt utbygde båthamnar, to campingplassar tett på hamnane, vertshus og fristande turvegar i nærområdet og til fjells. Og når vi til slutt kjem til næring og utvikling har vi solide verksemder og kan få fleire: Eidsvik, Hjønnevåg, Solheim, Dønhaug, Friheim og etter kvart Fjellandsbø er nokre døme. Gjennom forprosjektet vil ein kvalitetssikra og førebu bygda på kva det inneber å bli eit slikt besøksmål. Forprosjektet vil vera knytt opp til særlege naturfaglege, kulturhistoriske, rekreasjons- og fritidsrelaterte, næringsmessige og utviklingsrelaterte verdiar. I tillegg kjem sjølvsagt samanhengen med reiselivssatsing og utvikling av lokalmiljøet og kunnskapsbasar med dokumentasjon av verdiar i og omkring nasjonalparken. Målsettinga med å gjera Uskedalen til eit besøksmål er å skapa interesse for dei store naturog kulturfaglege verdiane som bygda har. Ein vil synliggjera aktivitetar og attraksjonar og gjera sitt til at kunnskap vert formidla både til fastbuande og tilreisande. Uskedalen har utan tvil mange gode kort på handa i denne samanhengen og dei har altså i første omgang slått an i fylkeskommunen. Framfor alt har vi ei rekkje gode naturfaglege argument, Bygda vår er eit spektakulært tverrsnitt av landet vårt frå fjorden med Skorpo til Ulvanåsos topp. Og med omsyn til faunaen er det ikkje uvesentleg at vi er Norges største hjortekommune. Så kjem dei kulturhistoriske argumenta, med bygdetun, skulemuseum, bøkkerverkstad, Kapteinsgården og kyrkja, for å nemna nokre. Men sjølv om vi har mykje, vil det vera klokt å søkja ut for å læra meir. I denne samanhengen er det fleire gode lærestader også rundt Folgefonna Nasjonalpark og eitt av dei er Herand i Jondal. Sjølv om bygda har berre 230 innbyggjarar (Uskedalen har 1.014) har desse gjort ein imponerande innsats for å gje Herand fleire bein å stå på. Tradisjonelt er det ei jordbruksbygd, som Uskedalen. Men etter kvart er fleire næringar, til dømes akvakultur med 15 sysselsette, ein maskinentreprenør og ei databedrift. Men kanskje like interessant er kulturminne-satsinga i Herand. Bygda har teke mål av seg til å bli eit formidlingssenter og ein kunnskapsbase innan kulturminner knytt til bygda som busetjingsmønster. Kulturminner er meint i vidaste forstand, dei skal ikkje berre sjåast men også takast på og ikkje minst luktas og smakast, heiter det i ei utgreiing som vart laga då bygda søkte om å bli kulturminne-pilotprosjekt. Det vart ho ikkje, men det vart lagt ned eit grundig arbeid for å få fram korleis Herand kunne dra vekslar på det rike tilfanget av kulturminner som ho rommer og korleis desse kunne nyttast i næringsutvikling. Her har Uskedalen noko å læra. Reis til Herand! Ola Matti Mathisen Uskedalen har noko å læra.. til dømes i Herand.

USKEDALSPOSTEN Side 3 Helsing frå den nye presten: Den finaste forteljinga Av Sven Harald Nilsen Sven Harald Nilsen byrjar som sokneprest i Kvinnherad Prestegjeld i september. Då eg hadde søkt prestestillinga i Kvinnherad, var eg til intervju på bispedømekontoret. Eit av spørsmåla var kva for Bibel-forteljing som betyr mest for meg. Er det mulig å velja ut berre ei? Det er så mange vakre forteljingar, og mange som betyr noko. Men det er fint å tenkja gjennom spørsmålet; den forteljinga eg er mest glad i? Det er eit godt spørsmål, ikkje berre for prestar. Mange vil lista opp både ei og fleire forteljingar som på ein måte er deira forteljing. Og om nokre som no les tenkjer på sitt bibelvers og si forteljing, er det flott. Bibelen er jo ikkje gitt oss berre fordi vi skal vera orientert og ha kunnskap, men fordi den store forteljinga i Bibelen skal knytast saman med kvart enkelt menneske si livsforteljing. Når folk fortel kva Frelsaren betyr i liva deira, det er òg fine forteljingar. Eg fekk spørsmål om ei forteljing og svarte med to. Først, om då Jesus kom til læresveinane påskedagskvelden. Brått stod Han der og sa: Fred vere med dykk. Så viste Han dei handa sine og sida si, så dei skulle vite at det var Han, Den Krossfeste, døde som lever. Læresveinane blei glade då dei såg Jesus (Joh. 20.19-20). I tillegg til det som faktisk hende og vert fortald, har eg nokre gode opplevingar knytta til den forteljinga. Men meir om det når eg kjem. Det andre viktige er òg frå påskedagen. I siste kapetlet i Lukasevangeliet les vi om dei to læresveinane som var på tur frå Jerusalem til Emmaus. Medan dei snakka saman om alt som hadde hendt langfredagen og påskedagsmorgonen, kom Jesus. Og slik det blir fortalt i evangeliet, slik kjem Jesus ofte til menneske no òg. På usynleg vis kjem Han, går i lag med, er hos, høyrer når vi fortel, spør, forklarar og viser seg for oss særleg i nattverdfeiringa. Og så berre må dei fortelja det dei har opplevd til andre. Denne forteljinga kunne eg sikkert ha lese kvar søndag utan å bli lei. Eg er nok mest påske-prest. Nokre av dykk vil kanskje tenkja at de kan alle påskehistoriene. Men de treng ein prest som kan minna dykk på det som hende. Det er ved å høyra Bibel-orda at vi trur. At Jesus, som var død, lever, og kjem til oss no, er nesten for usannsynleg. Derfor må vi høyra det ofte, så ikkje trua blir borte. Og så vi ikkje lever som om Jesus ikkje lever. Og er eg påske-prest, så er eg nok pinse-prest. Den avgjerande pinse-hendinga var jo at evangeliet om Den Krossfeste og Oppstadne Jesus Kristus blei forkynt så folk trudde på Han. Og då kan eg vel vera prest for dykk alle dei vanlege kvardagane og søndagane. Eg ser fram til det. Helsing til dykk alle frå Sven H.

USKEDALSPOSTEN Side 4 Solheim nett som heime! Av Ola Matti Mathisen Aslaug og Henrik framfor eit hus dei med rette er stolte av. (Foto: Ola Matti Mathisen) Ein austlending som budde nokre dagar på Solheim Turiststasjon i fjor sa det slik: Det var utruleg triveleg der det var nett som heime! Slike vitnesbyrd har det vorte mange av opp gjennom åra. Og hvis Solheim ynskjer å heise ei slags verbal fane bør den lyda: Solheim nett som heime! Men kva er no vertskapet sin kommentar til eit slikt slagord? Aslaug (62) og Henrik (66) Lyse reagerar slik: - Jau, det kan ha noko for seg, for dei fleste seier at det er heimekoseleg hos oss. Men vi startar med nokre faktiske opplysningar: Tomta heitte heilt frå starten Solheim. Solheim Turiststasjon ligg på Nausthaugen og har adressa Nausthaugen 1. Det litt uvanlege og kanskje litt alderdommelege namnet kjem ikkje av at stasjonen er spesielt gammal, men har sin bakgrunn i at dei to meir naturlege namna pensjonat og gjestgiveri var opptekne ved dåpen: Kapteinsgården Pensjonat og Uskedal Gjestgiveri. Det var Aslaug sine foreldre Fridtjof Sunde (1904/1983) og Aslaug (født Døssland) som starta Solheim Pensjonat og det skjedde i 1956. Fridtjof var sjømann i fem år i ungdommen og då han hadde vore innom 17 land på sju båtar kom han heim att i 1928. - Det var fyrst då eg fekk forståelse av kor fint turistland vi har, sa han då han på 1960-talet heldt eit kåseri i Rotaryklubben. Bil-pioner i Uskedalen Men først satsa Fridtjof sterkt på bilar, noko som er ei eiga, spanande historie. Han og Aslaug vart gift i 1929 og same året byrja han å køyra bil som den første i Uskedalen..- Vi hadde eigentleg ikkje lov til å køyra fordi vegen frå Herøysund til Løfallstrand ikkje var open for biltrafikk den gongen, fortalde han. Det var 40 grinder mellom Utåker og Løfallstrand, men så var det heller ikkje mange bilar. Fridtjof køyrde mange langturer om sommaren til Oslo eine vegen og over Sørlandet tilbake. - Då eg køyrde på desse turane gjennom fleire fylker såg eg alle som dreiv med hotell og pensjonat. Då såg eg også kor langt tilbake Kvinnherad låg i turistnæringa og det gjer dei framleis, sa Fridtjof. Han streka under at ein føresetnad for å starta noko i denne næringa var skikkelege vegar. Og etterkvart vart vegstellet også i Kvinnherad slik at det hadde noko for seg å utvikla eit tilbod for dei som for langs vegen.

USKEDALSPOSTEN Side 5 To drosjer parkert foran huset før Solheim vart opna biletet er truleg frå 1952. Bilen til høgre var Sundes Plymouth medan bilen til venstre truleg tilhøyrde Mikal Røssland på Husnes. (Familien Syse sitt private fotoarkiv) Skulle ha vore butikk Der Solheim vart bygt, skulle det eigentleg ha lege ein butikk. Gabriel Myklebust, morfaren til Alf Kristiansen, sette opp ein mur på 1920-talet, men det vart aldri noko av butikken fordi han gjekk bort. Fridtjof overtok muren i 1931og bygde eit kassehus på 8 x 8 meter i to høgder i 1937. Det budde eit tid tre familiar i huset. Det skulle gå tretti år før kassehuset vart til turiststasjon. - Eg bygde mest med tanke på sommardrift og difor satsa eg mest på dobbeltrom, Men då vi kom vel i gang vart det mange reisande som stoppa her. Difor vart det til at vi hadde ope heile året. I dei 11 romma med 23 senger vart for det meste berre halvdelen av sengene nytta om vinteren på grunn av at det var mest spurnad etter enkeltrom, fortalde Fridtjof. Mange gonger måtte dei leggja folk i privatsalongen eller køyre folk til Musland. Der hadde Fridtjof bygt eit hus med tre soverom. Fleire utvidingar Det var etter at SØRAL starta i 1964 det for ålvor vart trong for overnattingskapasitet i Kvinnherad. Til dømes budde sveitsaren som skulle bli den første sjefen for fabrikken på Solheim ei tid. Då var det ingen hotell korkje på Husnes eller i Rosendal. I Rotary-kåseriet kom Fridtjof med mange tankar om vidare utvikling av turistnæringa. Mellom anna kom han inn på dei mange fine rasteplassane han hadde sett andre stader. - Vi har mange slike plassar på vegen mellom Utåker og Lyngstrand som lett kunne gjerast i stand til slik bruk, sa han og utfordra kommunen til å gjera noko: - Det vil bli bra inntekter for kommunen om dei hjelper til med byggjing av hotell og pensjonat og andre ting som turistnæringa dreg med seg. Når det blir lagt til rette, vil turistane stoppa her! Før Solheim-opninga i 1956 vart bygningen utvida mot nordvest. Aslaug Lyse, som den gongen var 12 år, hugsar at sprengingsbas Olderkjær sprengte så det rista for å skaffa plass til utvidinga, som Johannes Wang og sønene Sigurd og Fridtjof hadde ansvaret for. Aslaug hadde to eldre søstre, Torhild (født 1939) og Anlaug (født 1941) og Solheim vart ei typisk familiebedrift der alle tok eit tak. I 1956 starta Solheim Turiststasjon, men det var mange funksjonar der i tillegg gjennom åra: Drosje, brannstasjon, bensinstasjon og post. (Flyfoto frå familien Lyses sitt private fotoarkiv).

USKEDALSPOSTEN Side 6 Slik såg Solheim ut i 1958, altså eit par år etter opninga som gjestgiveri. (Familien Lyse sitt private fotoarkiv) Eit nytt byggjesteg er snart klart på Solheim. Utviklinga på Solheim Drifta av Solheim kravde sitt og etter kvart vart annan verksemnd trappa ned. Mor Aslaug hadde vore bud på telegrafen i Beinavikjo og far Fridtjof hadde køyrd drosje, vore postbud i dalen og hatt bensinstasjon. Men han heldt i ein viss grad fram med drosjekøyringa heilt til utpå 1970- talet Aslaug hugsar at det var svært mange handelsreisande og at det var eit stort innslag av eldre damer frå Bergen som kom att sommar etter sommar. Gjennom Norsk Folkeferie vart det formidla ferieopphald for koner med born frå Stord og det var også atskillige som hadde bryllupsfest på Solheim. Mange møter for lag og foreningar vart og halde der den gongen som no. Til dømes var Rotary der fast kvar tirsdag i ei årrekkje. Solheim vart utvida mot nordøst i 1965 og mot vest i 1973. Då han omtala den første utvidinga i kåseriet fortalde han at han i mange år hadde hatt planar om å få ny spisesal og kjøken slik at han kunne dekke for 100. Han hadde også ein draum om å auka sengjekapasiteten slik at han kunne få plass til ytterlegare 30 gjester. - Om sommaren har det ofte vore spurnad frå busselskap om vi kan servere lunsj, men vi har alltid vore nøydde til å seia nei på grunn av for liten plass, fortalde Solheim-verten. Og så la han til: - Med ein så vakker natur som det er på desse traktene skulle det vera store mogelegheiter for at vi kunne få meir turistar til oss, slik som inne i Hardanger! Det var ei utsegn som er minst like aktuell 40 år seinare! Fridtjof trakk fram Uskedalsfjella som vi kan sjå langt uti Nordsjøen. Han meinte at at ein måtte heilt til Nord-Norge for å finna fjell som minte om Nåso! Solheim-verten uttala at det var interessant å vera pensjonatvert sjølv om det ofte kunne verta travelt. Særleg kjekt syntes han det var å få att dei same gjestene, for det var eit prov på at dei hadde likt seg.. Men eit stort ynskje hadde han: At det kom oljegrus på vegen! Aslaug og Fridtjof hadde ansatte frå tid til annan, mest om sommaren. Drifta gjekk bra, men dei trappa noko ned etterkvart. Det vart færre av dei som budde der i fleire veker om sommaren, men samstundes kom det fleire turistar på døra. Den neste generasjon Så over til den neste generasjon: Aslaug byrja si yrkeskarriere med jobb hos Arnesen i Beinavikjo (Uskedalen Handelsforening). Etter handelsskule i Bergen bar det heimatt og avbrote av jobb i forsikring og Englandsopphald jobba ho på Solheim. Så traff ho under ein dansefest på Helgheim ein kjekk elektrikar nordfrå som jobba for Siemens og var med på oppbygginga av SØRAL. Dermed var det gjort og sidan har Aslaug og Henrik vore trufaste parhestar. Henrik var reisemontør for Siemens fram til 1975 og sidan da og til pensjonistalderen var nådd i fjor har han vore ansatt i Kvinnherad Energi (tidlegare Kraftlag) -Og i tillegg har eg vore lakei og kelner på Solheim, seier Henrik, som no er alt på Solheim på heiltid.

USKEDALSPOSTEN Side 7 Blomeprakt på Solheim med verten på tråppa i 2006. (Familien Lyse sitt private fotoarkiv). Det var ein mjuk overgang mellom dei to generasjonane inntil Aslaug og Henrik tok over drifta hausten 1985, etter ein rolegare periode. Gjer det sjøl har vore eit motto for dei to og dei har verkeleg teke det bokstaveleg.. Henrik har gjort ein imponerande jobb med restaurering og oppusssing av heile huset, så og seia utan hjelp frå andre. Lydisolering mot riksvegen er her eit unnatak. Også alt anna har dei to gjort utan å leiga inn hjelp. - Ellers hadde det ikkje gått, med satsing på betalt arbeidskraft hadde vi kasta inn handduken etter stutt tid, seier Solheim-paret. Ojamn drift i deira tid Dei karakteriserer drifta som ojamn i deira tid. I starten var det mange faste reisande og det galdt i dei første ti åra. Då var dei rett og slett ryggraden i drifta. Men no glimrar desse med sitt fråver med unnatak av tre-fire faste. Dei første åra hadde dei også mange turistar, men etter kvart vart det mange sengar i Rosnedal. I nokre år har dei hatt like stor omsetnad på overnatting og servering. - Det er til dømes ingen tvil om at vi vart redda av serveringa i fjor. Vi har dekt behovet i bygda på dette feltet. I tillegg er det ein fordel å vera midt i kommunen, seier Aslaug og Henrik, som omtalar TINE og GILDE som døme på gode kundar. Men særleg bygdafolk er flinke til å bruka Solheim og satsinga på turistar har vore trappa ned..det har då heller ikkje vore aktuelt å ta imot busslaster, ettersom maksimal kapasitet er 20 personar. Men eit fotballag med reserver kan få plass på Solheim! Når familiehendingar skal feirast er Solheim staden. Til dømes feira Margrethe Dønhaug bursdagen sin der kvart einaste år dei siste 10 åra ho levde. - Men har dykk aldri fri, spør vi vertskapet. - Jau, vi har stengt i jula og påska og tek to vekers ferie når det er roleg om hausten. Sist haust for vi til dømes heilt til Kina og vi har vore på cruise i Middelhavet. Vi skal halda på så lenge vi orker, det er sjølvsagt helsa som avgjer. Og hvis du spør om kven som skal ta over er svaret at vi håper Solheim går vidare i slekta. Enno har ingen arvtakar meldt seg, men vi tek ikkje det så tungt førebels.

USKEDALSPOSTEN Side 8 10 på gata! Av Thomas M. Mathiesen (12 år) og Eirin R. Kjærland (12 år) Spørsmål: 1: Kva skal du gjera i ferien? 2: Har du bada i år? Vidar Haugland - Eg skal gå tur i fjellet, og jobba på hytta. - Nei, berre i badekaret. Svein A. Sunde - Eg skal jobbe litt heime, fordi eg har massse ting å gjera rundt huset. Og ut i båt skal eg og. Og kanskje ein biltur i nokre dagar. - Nei, eg har ikkje bada i år. Ann Lisbeth Moen - Eg skal reise til Danmark og Elverum, og så skal eg vera heima og bada. Og eg skal fly modellfly. - Ja, 3 gonger. Synnøve Bringedal - Skal kanskje på hytta, og vera heima, og vera på stranda. - Ja, mange gonger. Jone R. Kjærland. - Eg skal til Sverige og etterpå skal eg på hytta og bada. - Ja, tre gonger. Trond Myklebust. - Eg skal til dyreparken i Kristiansand. - Ja. Tørres L. Myklebust. - Eg skal til dyreparken i Kristiansand. - Ja. Rita Ramondou. - Ta i mot familien, bade og jobbe i hagen. - Ja, men ikkje ute. Gotfred Bakke - Gå på fjellet i Gjetingsdalen. - Nei, har vannskrekk. Juni-aug. i kyrkje og bedehus Uskedal bedehus Stengt i sommar pga. ombygging av toaletta og oppgradering av el-anlegget. Uskedalen Kyrkje 01. juli kl. 11.00 Friluftgudsteneste på Skorpo ved John Victor Selle 12. august kl. 11.00 Gudsteneste ved John Victor Selle 09. september kl. 11.00 Konfirmantpresentasjon Tor Gundersen - Ta eksamen, slappa av og kanskje jobba. - Nei, berre i badekaret. Utgivar: Hobbyklubben i Uskedalen Redaksjonen: Eirin R. Kjærland (12 år ) Thomas M. Mathiesen (12 år ) Ola Matti Mathisen (leiar) Tore Mathiesen (leiar) Britt Torill M. Mathiesen (leiar) Kontakt: Hobbyklubben v/tore Mathiesen Musland 2, 5463 Uskedalen Tlf: 53 48 66 24/93 83 94 45 Ola Matti Mathisen Tlf: 99 37 13 25 E-mail: olamatti.mathisen@knett.no

USKEDALSPOSTEN Side 9

USKEDALSPOSTEN Side 10 Tur til Skorpefjellet Av Eirin R. Kjærland (12 år) og Thomas M. Mathiesen(12 år) Foto: Eirin R. Kjærland. Ein liten matbit på toppen. Når du skal til Skorpo må du i båt. Det kan vera ein forfriskande tur. Vi tok ut frå Uskedalen og la til ved kaien til Johannes Hauge. Det var lett å finna ut kor vi skulle gå. Det var godt merka med raude T-ar. På turen opp til garden til Johannes Hauge, ser vi mange gamle minner. På garden er det mange forskjellige dyr. Vi såg både sauer, kyr og høner. Hanen spankulerte rundt omkring. Johannes hadde det travelt, for dei 6 melkelamma visste kor maten var. Han brukte morsmelkerstatning i starten, men det blei for dyrt. No er det ammekua som held livet i lamma. Alle sauene fekk trillingar og firlingar i år, så derfor blei det så mange melkelam. Mykje arbeid og mykje kos.det var ein fin dag på Skorpo, men når vinteren set inn kan det nok vere mange tunge tak. Vi følgde T-ane oppover og kom snart inn i skogen. Der var det nokre bratte kneikar å gå opp. Når vi hadde komme eit stykke opp, stod det ei kjempe bratt trapp som såg ut som ein stige. Den var litt lealaus, så derfor kunne det vore bra om nokon kunne festa den litt betre. Då vi hadde kome oppforbi skogen var det veldig fin utsikt til alle kantar. Det vart mykje fotografering då vi såg kor fin utsikt det var. Så var vi kome opp på toppen som ligg på 234 meter over havet, og vi hadde brukt cirka ein time. Nista vart teken fram, og vi kosa oss veldig mykje. Vi sette oss nedforbi varden i ly for nordavinden. Det vart mykje prating, men lite eting. Etter ein god lang pause, var vi klare for å ta fatt på turen ned. Det gjekk litt raskare denne vegen. Trappa var skummel, og fleire av oss gjekk baklengs ned. På veien over bakkane til Johannes, var vi og såg til hjorteskremselet til Johannes. Heile 30 stykker har vore observert i ein flokk, men Johannes meinte det var endå fleire enn det på øya. Så mykje gras som hjortane åt, lurte han på om det vart nok for til dyra på garden til vinteren. Vi var alle enige om at det hadde vore ein kjempekjekk tur, og at vi gjerne gjer det fleire gonger. Det er kjekt å vera mange i lag på tur. Skorpo ligg berre minuttar utanfor Uskedalen sentrum, og er ein veldig fin plass å gå tur. Det er eit landskap ein drøymer seg tilbake i på ein så fin sommardag.

USKEDALSPOSTEN Side 11 Ein må i båt for å koma til Skorpefjellet. Merka sti frå kaien. Frå kaien opp mot den merka stien. Fine dager å gjøre seg feit på Skorpo. Ein liten nyskjerrigper. Skorpa sitt eige hjorteskremsel. Johannes H. matar flaskelamma. Fruktbløming på Skorpo. Idyllisk natur.

USKEDALSPOSTEN Side 12 Praktisk løysing på vanskeleg terreng. Tre glade og fornøyde turgåarar. Eirin og Harald fotograferar Uskedalen frå Skorpo. Flott utsikt frå Skorpefjellet mot Uskedalen. Det smaker med niste når målet er nådd. Kristorn i bløming. Hugs å lat att grinda. Så går kursen heim att etter en flott tur til Skorpefjellet.

USKEDALSPOSTEN Side 13 Postkort fortel historie - også om Uskedalen Av Ola Matti Mathisen Aud Karin Løvfall har ei imponerande samling av postkort. (Foto Ola Matti Mathisen). Postkort fortel historie også om Uskedalen - og vi er så heldige å ha ei frå bygda som sit inne med ei gedigen samling postkort også herifrå. Det er Aud Karin Løvfall (født Bjelland) på Løvfallstrand, som har ei fortid her. Ho er riktignok fødd i Dimmelsvik, men kom til bygda vår som femåring og vart der i 15 år til ho i 1965 var gift med Johannes Løvfall. Faren var skomakar og det er mange uskedelingar som hugsar han med glede. I fergestadgrenda har Aud Karin vore ein krumtapp saman med mannen i alle år sidan. Dei har drive både campingplass, butikk og postkontor og Aud Karin har vore ansatt i posten i 25 år. - Eg har alltid vore ein samlar og samlar på så mykje løye, også frimerke og myntar, fortel Aud Karin. Ho har også alltid kjøpt og samla på postkort, men samla systematisk på dei berre dei tre siste åra. No har ho kome så langt at ho har sett opp kort tematisk og under den andre messa til samlarklubben i Kvinnherad presenterte ho samlinga si. Ikkje minst fekk vi då sjå ein flott serie med bunadskort og kort frå to gamle turistvegar: Odda-Bratlandsdalen-Røldal-Suldag og Kvinnherad-Folgefonn-Odda. I den siste serien inngår mellom anna unike foto som syner korleis ferdsla over fonna gjekk føre seg i gamle dagar. Korta frå Mauranger som Aud Karin har, illustrerar ikkje minst kor viktig denne staden var som innfallsport for turistar i tidlegare tider, til dømes med cruise-skip frå England som kom ein gong i veka.

USKEDALSPOSTEN Side 14 Foto frå anslagsvis 1960. Foto: Normann Neset i 2007. Foto: Ola Matti Mathisen Aud Karin har også mange fine postkort frå Uskedalen. Dei hadde ho ikkje med seg på messa, men ho har gjeve Uskedalsposten høve til å trykke eit utval av dei. Det interessante med postkort er ikkje minst å identifisera når dei er teke, og her er sikkert mange av lesarane flinkare enn oss med omsyn til å treffa dei riktige årstala. Det er grunn til å tru at dei postkort vi gjev att her set i gang mange diskusjonar rundt om i heimane. - Men eg har enno ikkje gått så systematisk til verks som eg burde, og no skal eg ta meg skikkeleg saman. Eg har så langt problem med å finna fram sjølv i korthaugen, seier samlaren på Løvfallstrand. Samlinga hennar har mange nærast legendariske namn frå lista over postkortfotografar. Vi nemner i fleng Wilse og Normann frå riksplanet og Knudsen (Odda), Nordahl og Røvde frå lokalplanet. Når det gjeld flyfotografi er det naturleg nok Widerøe og Norrønafly som dominerer også her, men også Harstad Kunstforlag har fotografert bygda frå lufta. Når vi no gjev att eit utval av postkorta, tillet vi oss også i nokre tilfelle å supplera med fotos frå i dag for å streka under at noko har skjedd også med bygda vår både med omsyn til busetnad og vegetasjon! Men det er bortimot umogeleg å fotografera frå eksakt same staden fordi vegetasjonen har eksplodert i dei seinare åra. Det er også nødvendig å presisere at årstalla er anslag og lesarane har sikkert korreksjonar å koma med.

USKEDALSPOSTEN Side 15 Dette biletet vart teke rundt 1950. Foto: Normann - og dette truleg i 1968. Foto: Normann Utsikt frå same staden i 2007. Foto: Ola Matti Mathisen

USKEDALSPOSTEN Side 16 Utsikt frå Skårhaug i 1920. Foto: Runde Slik var elva nedanfor brua i 1935. Foto: Normann Sentrale delar av Uskedalen i 1960. Foto: Widerøe

USKEDALSPOSTEN Side 17 Dette er det eldste postkortet frå Uskedalen i samlinga. Det er teke i 1914. Foto: Wilse Beinavikjo ca. 1950. Foto: Harstad Sentrale delar av Uskedalen i 1970. Foto: Norrøna fly

USKEDALSPOSTEN Side 18 Utsikt mot sentrum frå Feet i 1960. Foto: Normann Blikk frå sjøsida rundt 1970. Foto: Normann

USKEDALSPOSTEN Side 19 Rundt 1980 frå toppen ovanfor Halsane. Foto: Normann og omtrent frå same staden i 2007. Foto: Ola Matti Mathisen

USKEDALSPOSTEN Side 20

USKEDALSPOSTEN Side 21

USKEDALSPOSTEN Side 22 GOD SOMMAR LISES BRUKT Mykje fint i gamalt og antikk: Golvsymaskin Golvrulle Bord Stoler Senger Bilder Steintøy Radioer Båtkoøyer Lykter Vaskeservant Nattbord Kister m/m. Alle bøker ½ pris. Ope: mån., ons. og tors. 10.30-16.30. Fre. 10.30-15.30, Laurd. 10.30-15.30. Tysdager Stengt. Tlf. 48 02 16 29 / 53 48 63 46 RH Racing er forhandlar av kvalitets merke som: Modell Racing Fuel - Futaba radio utstyr -Arc fly Super tiger flymotorer - Traxxas biler som T-Maxx og REVO Vi skaffer det meste til ein lavere pris ein dei fleste!! Uskedalsvegen 685 5463 Uskedalen E-post: Rune@rh-racing.no Tlf: 94 80 16 77

USKEDALSPOSTEN Side 23 Bøkkerverkstaden kulturminne og møteplass Av Ola Matti Mathisen Bøkkerverkstaden med den nye kaien til venstre (Foto: Ola Matti Mathisen) Bøkkerverkstaden nede ved Storsundet på Rød i Uskedalen er både eit eineståande kulturminne og ein unik møteplass med tanke på tilskipingar av ymse slag og 23. juni blir den enda meir attraktiv. Då blir ein nesten 20 meter lang og vel fire meter brei kai opna etter stor dugnadsinnsats. Det skjer under den årlege, tradisjonelle bøkkerkvelden. Brudeparet kom luftvegen Det er overskotet av desse arrangementa som har gjort det mogeleg å satsa på ein slik kai, men det er likevel ikkje nok. Difor vil dei skaffa inntekter ved å leiga ut Bøkkerverkstaden med kai til blåturgrupper, personalgrupper, lag og organisasjonar. Kaien er med andre ord så stor at mange gjester kan få plass der utan problem. i tidlegare tider. Nå er det berre fantasien som set grenser for originale måtar å komma til triveleg samver i ein spesiell atmosfære. I byrjinga av juni slog eit brudepar an tonen dei kom luftvegen til brudlaupsfesten sin i verkstaden. Kva blir det neste? Tønneproduksjon i tretti år Men mange av dei som kjem til Bøkkerverkstaden i dag er nok heller blanke med omsyn til kunnskap om kva som har gått føre seg i dette huset med den digre skorsteinen. Stutt sagt gjekk det her føre seg produksjon av tønner frå sist i 1880-åra til først på 1920-talet. Slik produksjon har vore viktig for mange lokalsamfunn langs kysten ned gjennom århundra og svært mange av småbrukarane både i vår bygd og andre bygder henta kjærkomne inntekter på denne måten. Godt sildeinnsig ga støtet til verksemda. Far lærte son bøkkerhandverket. Dei arbeidde tønner i eit uthus, i kjellaren eller i naustet. Særleg gjorde gardar med skog det godt

USKEDALSPOSTEN Side 24 Det har vore eit mangeårig ynskje å få ein slik kai ved Bøkkerverkstaden, for at ein skulle kunne ta i mot folk som kjem sjøvegen som ein gjorde det på denne produksjonen, som på einskilde bruk vara heilt inn på 1940-talet. Det var folket på bruksnummer tre på Rød som Bøkkerverkstaden fotografert frå den nye kaien (Foto: Ola Matti Mathisen) fekk bygd den etter måten store verkstaden og det var truleg Jens Kristoffer Jensson som gjorde det. Han var son av Jens Jensson Myklebust og Kari Nilsdotter Skorpo og vart fødd i 1870. Folketeljinga for 1900 fortel at han dette året dreiv med tønneproduksjon. Seinare flytta han til Borgundøy saman med kona, Andrea fødd Dale. Utanfor verkstaden vart det i si tid sett opp eit lagerbygg med høve til innlasting rett frå lageret, men dette bygget vart reve og sett opp som løe av Helge Rød. 8-10 mann på det meste Tønneverkstaden på Rød gav på det beste arbeid til 8-10 mann. Av folketeljinga for 1900 går det fram at det var 67 bøkkerar i arbeid i kommunen, men det var berre slik som laga tønner i smått. Den store tønnefabrikken i Dimmelsvik kom utanom og der kunne det vera meir enn 30-40 mann i arbeid. På eit bilete i Bygdesoga er det 34 arbeidarar. Det er dermed dekning for å seia at langt over femårsmeldinga til amtmannen for bolken 1866/1870 at fartøybyggjing og tønneproduksjon sysselsette mange. Bøkkeryrket var av amtmannen rubrisert under sysselsætter mange hænder og give overskud til salg. På ein ti timars arbeidsdag laga kvar mann på det jevne 10 tønner. Men allereie på 1500-talet var det tønneproduksjon som ei attåtnæring til gardsbruket. Produksjonen var konjunkturbestemt og nær knytt til sildesaltinga langs kysten. I bygdesoga står det at tønnefabrikken i Dimmelsvik skapte liv og rørsle og at dei store skipa som kom frå Sør-Amerika med stav førde med seg ein pust frå verda der ute. Det var ein bieffekt av tønneproduksjonen her inne i fjordane. Men i åra etter 1920 var det slutt ved dei mindre verksemdene. Med straum vart produksjonen automatisert og større tønnefabrikkar vart einerådande. Korleis var så arbeidsprosessen? Stikkordmessig kan den kort samanfattast slik: Først vart