KORLEIS TRUR BYKLARANE AT KOMMUNEN DEIRA KJEM TIL Å SJÅ UT I 2020?

Like dokumenter
Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Verdiblink kan brukast i grupper av tilsette i kommunane på ulike nivå i organisasjonen.

Til veljarane i Tysnes

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

Kommuneplanen sin handlingsdel. Eid kommune

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

REGIONALE IDRETTSANLEGG

Til deg som bur i fosterheim år

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

Idrett og fysisk aktivitet. Rullering av handlingsplanen 2016

SETESDAL REGIONRÅD BEREKRAFTIG BYGGERI I SETESDAL LANSERINGSMØTE 20. JUNI 2018

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Planstrategi for Balestrand kommune

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Strategisk plan for kystensamling. Prosjektleiar Arne Kringlen Norconsult AS

Veslefrikk. Mai Helsing Oddbjørg, Vibeke, Gunn-Iren og Elida

Å FORME DEN NYE KOMMUNEN DIN?

6-åringar på skuleveg

Program OSTERØY HØGRE

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

Refleksjon og skriving

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

-Kontroll på at inntekter i kommunen vert brukt på OSTERØY. -Sjølvstendig prioritering av investeringar.

Idrett og fysisk aktivitet

EXPO 2010 OG SAMARBEIDSRELASJONAR MED KINA

VANYLVEN KOMMUNE Rådmannen. Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/ /2015 / 002 RÅD / SANGUD

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB MED JUNIORKLUBB

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

OK, seier Hilde og låser.

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Vinje kommune. Økonomi, plan og utvikling. Kommuneplanens samfunnsdel - til høyring og offentleg ettersyn

VINN HEADSET FOR BESTE INNSPEL

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

KVA MEINER INNBYGGJARANE I BYGDENE NORDDAL OG EIDSDAL OM KOMMUNETILKNYTING FOR FRAMTIDA?

Planstrategi for Vinje kommune Synspunkt

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

#Norge 2030 Eit annleis OL

Internt brev - Særutskrift - Vurdering av å tilsetje eller leige inn hjelp til å utarbeide Strategisk næringsplan

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

STRATEGIPLAN

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

MØTEPROTOKOLL. Arkivsak:12/167 Løpenummer: 12/6303 Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30 14:15

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Kommunedelplan for oppvekst

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING 24. driftsår

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Strategisk plan - eit vik0g verktøy for regionalt samarbeid? Knut Arne Gurigard Dagleg leiar Regionrådet for Hallingdal

Samanslåing av sokn på Osterøy - høyringsutkast

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Prosjektplan. Bustadpolitisk handlingsplan

Du må tru det for å sjå det

POLITISK SAKSHANDSAMINGSREGLEMENT FOR HÆGEBOSTAD KOMMUNE

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

Elevundersøkinga 2016

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

Sakspapir KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR SVEIO OG PLANPROGRAM FOR KOMMUNEPLANEN

Teknikk og konsentrasjon viktigast

INTERNASJONAL STRATEGI

SULDAL VENSTRE. Ulike menneske treng ulike løysingar for å ha eit godt liv. Venstre tenkjer FOLK FØRST.

Bykle kommune -Bykle ser langt. Planprogram for kulturminneplan

Setesdal regionråd. Kartlegging Offentleg innkjøp. Eli Beate Tveiten

OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

Arbeidsprosess Kommuneplanen sin samfunnsdel

SAKSF RAM L E G G. Sakshandsamar: Haakon Stauri Begby Arkiv: MTR 141/49 Arkivsaksnr.: 18 / 3073

SAK 04/18 LIVSKVALITET HALLINGDAL

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Kommunestrukturprosessen i Hardangerrådet iks 2013 Fylkesmannsamling ved Dagleg leiar Leiv Vambheim

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage!

Vågar du å vere vaksen?

Månadsbrev frå Tyrihans oktober 2016

MUSEUMSPLANEN - HANDLINGSPROGRAM FOR 2013

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

REFERAT Styremøte i Bykle og Hovden Vekst A/S

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE , vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, for

Nord-Fron kommune. Politisk sak. Kommunereform - Nord-Fron - vidare prosess

Vestnes eit lokalsamfunn for framtida

av ordførar Arne Vinje Vinje kommune Servicekonferansen, 29. oktober 2010

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Referat frå «debattkurset» RESULTAT AV GRUPPEDISKISJON RUNDT TEMA

Foreldregruppe i barnehagen

Bjørnehiet SFO - informasjon

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

INNSPEL OM VIKTIGE NASJONALE INTERESSER I SAMBAND MED DET PÅGÅANDE ARBEIDET MED EI NASJONAL RAMME FOR VINDKRAFT PÅ LAND

«Årets Bedrift 2015» Slettvoll Møbler AS

Hei Guro, ei oppdatering frå Holmedal Ungdomslag.

hoppid.no - Nyheiter Gründeråret 2015 Vårens mobiliseringsdugnad er i gang:

Saksnr. Utval Møtedato 107/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr.

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Transkript:

KORLEIS TRUR BYKLARANE AT KOMMUNEN DEIRA KJEM TIL Å SJÅ UT I 2020? Bjørn Josefsen, 35 er ein god kommune å bu i, og eg håpar at ein framleis vil ta vare på innbyggjarane på same måte som det ein gjer i dag. Den viktigaste utfordringa er ungdomen, å ta vare på dei og å gi dei gode tilbod. Kenneth Pedersen-Rise, 29 Eg ser føre meg at er ei stor norsk merkevare i den europeiske vinterturismen. Folketalet er blitt mykje større, og resultatet av hard satsing på reiselivet vil no vise seg. Den særeigne kulturen og tradisjonane er tatt vare på, og arbeidsplassar er det nok av. EIT INFORMASJONSMAGASIN OM NY KOMMUNEPLAN OKTOBER 01/2005 Daniel Schaanning, 18 Bodil Homdrom, 24 Tore Bjørlykke, 49 Brekkestø/ Rune Knutsen, 49 må bli betre på nyskaping, og til å gi dei unge tilbod. For dei som ikkje driv idrett, og det gjeld ganske mange, så er det for lite å finne på. Ein må gjere meir, slik at dei unge ynskjer å bu her. treng eit betre utval av forretningar, og skikkeleg utdanningstilbod. Utdanning og arbeidsplassar er viktige når ein kommune skal vekse. Kommunen bør klart halde fram med å bruke pengar på å legge til rette for nye næringar og fleire arbeidsplassar. Reiselivet må ein og halde fram med å utvikle, slik at ein kan få ytterlegare vekst. Dette vil gagne dei som bur her. Dersom vi skal få ein auke i folketalet her, må vi greie å trekkje til oss familiefolk, og då særleg småbarnsfamiliar. Ein må i tillegg stimulere næringslivet fordi vi treng arbeidsplassar som ikkje er offentlege. I dag er kommunen god å vere busett i, og eg håpar at eg kan seie det same om 15 år. Kjetil Uleberg, 53 Rønnaug Torvik, 48 Ragnhild Egeland, 13 Lene Fjermeros, 37 Vi må sørgje for meir aktivitet i næringslivet. I dag er det mykje fokus på offentleg verksemd, for å vekse treng vi meir fart i privat sektor. Vi treng å ha noko anna å leve av enn kraftinntekter. Eg ynskjer meg firefelts veg til Kristiansand, opne fjellvegar, fast tannlege i bygda og meir industri. Mi von er at dotter mi vil kunne bu her når ho blir vaksen, men då må det vere interessant for henne å jobbe her. Eg vil bli veterinær og ynskjer difor fleire dyr i kommunen, slik at eg kan bu og arbeide her. Elles vil eg at kommunen skal bli meir samla, slik at ikkje tilboda er så spreidd. Vi kjem ikkje utanom turisme og reiseliv, heller ikkje i år 2020. Kommunen må elles gjere seg interessant som bustadkommune for dei av bygda sine unge som no prøver lykka utanfor kommunegrensene. Ina Karita (12) ynskjer seg hest: HOBBY KAN GI OPPLEVINGSTURISME s10 Ordføraren om kommuneplanen: VI FORMER FRAMTIDA s4

/LEDER BEINA PÅ JORDA OG VISJONAR Å STREKKJE SEG ETTER MAGASIN FOR INNBYGJARAR I BYKLE NR. 01/2005 REDAKTØR Tallak Hoslemo GRAFISK DESIGN Dale+Bang GRAFISK PRODUKSJON Dale+Bang REDAKSJON Christian Altmann Erik Dale Mari Melås Lone H. Mikkelsen Kjell Pedersen Rise Helene Ø. Fredly www.bykle2020.no Telefon: 37 86 52 64 No er vi i kommune i gang med å leggje planar for framtida. Innbyggjarane i kommunen har sikkert registert kommuneplanprosjektet 2020. Alle norske kommunar er pålagte å ha ein kommuneplan som skal rullerast med jamne mellomrom, så det gjer vi også i. Kommuneplanen skal vere eit rammeverkty ein skal nytte for å kunne styre utviklinga i kommunen. Når nye tiltak og prosjekt blir presenterte for politikarane, veit dei kva dei må gjere for å få den utviklinga vi ynskjer å sjå om 15 år. Å skulle sjå inn i framtida er ikkje enkelt, ein veit ingenting om trendar og til dømes teknisk nyutvikling, ein veit heller ikkje noko om dei pålegg og restriksjonar som kan kome frå sentrale myndigheiter, og eventuelle endringar i kommunestrukturen. Det vi kanskje kan vite noko om, er kva vi har i dag som kan utviklast på positiv måte, og kanskje også noko om kva slags utvikling vi ikkje ynskjer. Samstundes som ein skal vere jordnær, så er det viktig med visjonar for å få framgang og vekst. Det er mykje som må sjåast på og vurderast innan ein gjennomtenkt, 03/REVYGRUPPA I GANG 04/ DET ER NO FRAMTIDA FORMAST 05/ PRIVAT VEKST ER BRA 06/YNSKJER DELTAKING 07/ARBEIDSPLASSAR FOR DEI UNGE 08/EIN UNG ENTREPRENØR 09/SAMLAR HESTEINTERESSERTE 10/POPULÆRE BYKLESPEIDARAR heilskapleg plan, med tydelege mål og visjonar, er på plass. I 15-års perioden som no har gått, har vi hatt stort fokus på infrastrukturen i kommunen. Det er i denne perioden at vi har fått på plass det ein ventar å finne i ein kommune med godt bumiljø. Skal det også i framtida vere attraktivt å busetje seg i kommunen, er det viktig å ha fokus på dette i den nye planen. For å få til ei god utvikling, må vi sikre at folk som ynskjer å bu her, også har ein jobb å gå til. Det har vore hyggeleg å registrere at det er stor interesse for planprosessen blant innbyggjarane. Mange har allereie medverka gjennom mellom anna temamøte, gruppearbeid og innspel av ulik karakter. Det er viktig at dei ulike gruppene blir høyrde, og eg inviterar difor til vidare medverknad. Folkemøte blir det både på og i, og eg oppfordrar alle til å møte opp der. Det vil vere viktig at vi som er glad i bygda vår er med på å skape framtida, og såleis sørgjer for at kommune framleis skal bli ein kommune der det er godt å bu. Vel møtt til dugnad! Med helsing Kay Jeiskelid Ordførar i /INNHOLD Ein munter gjeng med ansvar for dei morosame poenga. Frå venstre Anne Grimestad, Bodil Homdrom, Else Gyro Rysstad og Nina Skiftenes. DET BLIR REVY I ÅR ÒG LATTERMILD SKRIVEGRUPPE. LATTEREN SIT LAUST NÅR FIRE JENTER SAMLAST FOR Å SKRIVE REVYTEKSTER. kommune er av dei kommunane i landet som nytter mest ressursar på kultur per innbyggar, og slikt kan det sjølvsagt bli revy av. I små kommunar finn ein ofte svært livskraftige revymiljø, dette gjeld og her i. Skrivegruppa i og Teaterlag er allereie i god gang med idéarbeidet til ny revy. Premiere blir det fyrst på nyåret, førebels ligg idear og tema godt løynde under teppet. Skjemt og alvor. Vi ynskjer å kunne vere dagsaktuelle og å unngå såkalla underbuksehumor. Humoren er framfor alt det sentrale, men det kan godt vere ein porsjon alvor i sketsjane, seier Anne Grimestad. Bodil Homdrom, Nina Skiftenes og leiaren av teaterlaget, Else Gyro Rysstad, finn det morosamt og spanande å leggje grunnlaget for nok ein revy. Tidvis er dette gørrvittig, seier Bodil på ekte grimstaddialekt. revyen har alltid fått gode omtaler, stormande jubel og fullsette hus. Revyen i fjor var i så måte ikkje noko unnatak:.. Sketsjene var varierte og appelerte til ulike grupper av publikum. Revyen hadde få daudpunkt.., dette skreiv mellom anna Agderposten. Vi selde ca. 800 billetter og hadde med dette revyframsyning fire kveldar i Grendehus. Premierekvelden var det stor festivitas, og det skal det også bli no, lover dei fire skriveglade jentene. Proffhjelp Artisten og tekstforfattaren Morten Lorentzen er som tidlegare også i år hyra inn som regissør og bakmann. Vi kjenner han mellom anna frå Hallo i uken og Radio jalla Utan Morten er det ikkje mogleg å få til denne revyen. Han er flink og effektiv når han samlar trådane, og hans proffe hand er med på å heve kvaliteten på revyen, fortel Else Gyro Rysstad. Ho har sjølv vore sentral i revymiljøet på i ei årrekkje og stiller i dag på møtet med vesle Knut (3.mnd.). Så lenge Knut har nok morsmjølk innabords, søv han sin beste søvn og går glipp av alle dei lokale stridstema og morosame poenga om lokale kjendisar o.a. som skrivegruppa har på banen. Best på kultur I fleire år har kommune ligge øvst på lista over kommunar som bruker mest pengar på kultur per innbyggjar. Også i fjor kunne Statistisk Sentralbyrå si rankingliste fortelje at trona øvst medan Eidfjord i Hardanger kom på andreplassen. Det ligg ei bevisst satsing bak eit frodig og godt kulturliv. I ein liten kommune veit ein også kor viktig det er å ha eit rikt og levande organisasjonsliv med stor breidde, seier ordførar Kay Jeiskelid, som ofte blir portrettert og nytta som tema i revyen. Eg veit ikkje om eg skal våge meg av garde på revy i år, seier ordføraren med glimt i auget. 02 EIT INFORMASJONSMAGASIN OM NY KOMMUNEPLAN EIT INFORMASJONSMAGASIN OM NY KOMMUNEPLAN 03

Han seier også at kommuneplanen er ein særs viktig reiskap der det er mange spesifikke styringsverkty. Ein har til dømes: næringsplan, reguleringsplan, miljøplan og kulturplan, for å nemne opp nokre. Vi må no gå gjennom gamle planar, sjå relativt langt fram i tid, og sjå på heilskapen. Det er ein krevjande jobb no som utviklinga går så fort. Ordførar Jeiskelid peikar på at vilkåra endrar seg med tida, både når det gjeld økonomiske og politiske rammer. Næring er viktig I kommuneplanen, som no er under arbeid, er næringsutvikling eit tema som får ekstra stor merksemd. Dersom skal kunne trekke til seg nye innbyggjarar, må det vere arbeidsplassar å finne. For å trygge framtida treng kommunen i tillegg fleire bein å stå på enn det ein finn i dag. Vi ynskjer ei aktiv Dette er ein god prosess, og eg er glad for at det stort sett er semje i dei store sakene, seier ordførar Kay Jeiskelid. og god næringsutvikling i kommunen vår. Vi treng nyskaping og vekst, understrekar ordføraren, og legg til at omdømet til kommunen er viktig, slik at ein kan vere med i konkurransen om kompetanse. Det vil ha mykje å seie for kommunen si utvikling at befolkninga har spreiing i alder og yrkeskompetanse. Setesdalregionen er blitt peika ut som den regionen som har størst prosentvis auke av nyetableringar i perioden 2000-2004. ordføraren ynskjer at denne utviklinga skal halde fram, og helst bli enda sterkare i kommunen øvst i dalen. Kvinner Kvinnearbeidsplassar er eit viktig tema. Vi må legge til rette for ei viss breidde i næringslivet, og ein ser at det her er mange omsyn å ta. Vi har hatt svært mange nyetableringar innan bygg og anlegg. Dette ser vi på som positivt fordi vi ynskjer DET HANDLAR OM Å SJÅ FRAM I TIDA. Å LAGE NY KOMMUNEPLAN ER Å FORME FRAMTIDA. VI SKAL SNU ALLE STEINANE OG SJÅ PÅ KVA SOM ER MOGLEG Å FÅ TIL. - DET HANDLAR NO OM KORLEIS VI YNSKJER AT BYKLE SKAL VERE OG SJÅ UT OM 20 ÅR, SEIER ORDFØRAREN. at byggtenester skal kunne kjøpast lokalt. Men vi må også tenkje på at andre næringar må vere til stades for å få dynamikken på plass. For at kommunen skal framstå som attraktiv for folk frå andre stader, har vi meint at det er viktig å få fram at samstundes som vi har arbeidsplassar, så har vi også full barnehagedekking og elles høg kvalitet på offentlege tenester. Vi har dessutan fått skryt for å vere flinke når det gjeld likestilling. Vi har fleire kvinnelege leiarar innan privat og offentleg verksemd. Dette sender ut gode signal som ein ikkje skal undervurdere, føyer han til. Mange omsyn Kommunen skal setje av areal til næringsføremål, utbygging, og det er mange omsyn å ta. Fyrst og framst må ein sjå på naturen, som er ein viktig kvalitet for fastbuande og turistar. Arealplanlegging er ikkje noko ein kan ta lett på. Vi har både verneområde og villrein å ta vare på her. Vi meiner å ha eit godt samarbeid med fylket og med dei statlege styresmakter for vern. I ein reiselivskommune som er det å drive arealplanlegging ein balansegang, konstaterar Jeiskelid. Han er glad for å ha eit stort sett samstemt kommunestyre i ryggen når dei store sakene blir handsama. Kommuneplanen skal virke i mange år frametter, og det er derfor ein fordel med ein viss grad av konsensus i dei djuptgripande prosessane som ligg forut for den ferdige planen. PRIVAT VEKST ER BRA FOR BYKLE SKAL BYKLE KOMMUNE GREIE SEG I FRAMTIDA, MÅ VI SKAPE AKTIVITET OG ARBEIDSPLASSAR. AUKEN I ARBEIDSPLASSAR MÅ KOME I PRIVAT SEKTOR, IKKJE I KOMMUNAL REGI, SEIER KJELL PEDERSEN-RISE. Leiaren i og vekst AS er prosjektleiar for kommuneplanen. Han er, akkurat som lokalpolitikarane, oppteken av korleis ein i framtida skal greie å skape vekst i kommunen. Folketalet har hatt ein liten auke dei seinare åra. Analysar viser at dette, meir eller mindre, er eit direkte resultat av sterk satsing i offentleg sektor. No meiner Pedersen-Rise at ein må sjå på korleis ein kan få ei positiv folketalsutvikling i framtida. Privat vekst Dersom vi skal få ei positiv /KULTURPROGRAM kommune satsar stort på eit innhaldsrikt kulturprogram for hausten. Noko av det ein finn i programmet er mellom anna: Prøysenvisene som forsvant Torsdag 13. oktober i samfunnshus kl 19.30. Konsert ved Jørn Simen Øverli, Rolf Eric Nystrøm og Helge Lien. utvikling i åra som kjem, slik vi ynskjer, må vi sørgje for at det blir vekst i den private sektoren. Den kommunale aktiviteten kan ikkje aukast meir no, seier den tidlegare rådmannen i kommunen. Han meiner at kommunepolitikarane har eit stort ansvar no når dei former den nye kommuneplanen. Reiseliv Reiselivsnæringa vil vere det sentrale fundamentet når vi talar om vekst, næringsetablering og framgang. Vi må ta omsyn til dei naturgitte føresetnadane Å hjelp meg du Sundag 23. oktober kl. 18.00 i kyrkje. Dette er ei kyrkjekantate av komponisten Sigvald Tveit for sopransolist, kor, opplesar og eit mindre instrumentalensemble. Her vil ein møte lokale utøvarar. Alle tekstene er av Arne Garborg. Trio de Janeiro Onsdag 9. november kl. 20.00 i Samfunnshus. Grenseløs samba, står som Kjell Pedersen-Rise i og Vekst AS er oppteken av at nye etableringar skal gi kommunen vekst. Det er det sentrale i denne kommuneplanen, seier han. og spele på desse. Det er ingen tvil om at turisme står sentralt. Det er viktig at vi også greier å utvikle heilårskonseptet. Golf og rafting er eksempel på aktivitetar ein har satsa på her. Dersom utbyggjarane får det slik dei ynskjer, så vil ein kunne doble talet på fritidsbustader i kommunen. Interessa og utbyggingsviljen er kolossal, og dette skal vere med på å gi kommune vekst og framgang. Service Kjell Pedersen-Rise understrekar at reiselivet gir overskrift og raud tråd når trioen med Anne Marie Giørtz, Tom Steinar Lund og Frøydis Grorud går på scenen. Ludefladen Jazzensemble Fredag 11. november kl. 19.00 i kyrkje. Svingande jazzrytmer improvisert over kjende salme- og gospeltonar. Blues møter folkemusikk Laurdag 19. november i grendehus. ei rekkje positive effektar for kommunen når ein talar om aktivitetar og arbeidsplassar. Ulike servicerelaterte verksemder veks fram, slik som til dømes produksjon av ved, hyttevedlikehald og vaktmeistertenester. Reiselivet blir fundamentet vårt, det som ei rekkje andre arbeidsplassar baserar seg på. Samstundes vil vi gjerne ha etableringar innanfor andre bransjar og nisjar, for å skape større mangfald. Trio med musikk som kjem like frå hjarta! Rita Engedalen, Knut Buen og Morten Omlid Jolekonsert i kyrkje. Sundag 18. desember kl. 18.00 Konsert med Songlag og Syngjande frå Valle. Nyttårskonsert med Gåte Laurdag 31. desember i grendehus kl. 22.00 Konserten avsluttast med stort fyrverkeri på idrettsplassen. 04 EIT INFORMASJONSMAGASIN OM NY KOMMUNEPLAN EIT INFORMASJONSMAGASIN OM NY KOMMUNEPLAN 05

VIL HA BYKLARANE SITT ENGASJEMENT BYKLE-RÅDMANNEN MEINER AT SJØLVE PROSESSEN FRAM MOT FERDIG KOMMUNEPLAN ER MEST LIKE VIKTIG SOM SJØLVE PLANEN. VI YNSKJER AT INNBYGGJARANE DELTEK UNDERVEGS, SEIER TALLAK HOSLEMO. Opne temamøte, folkemøte og eit relativt omfattande informasjonsopplegg er ein viktig del av prosjektet 2020. Endeleg mål er å lage ny kommuneplan, men som del av denne prosessen ser ein det mest som eit mål i seg sjølv å involvere og å få til deltaking frå innbyggjarane i kommunen. Ingen skrivebordsplan Vi ynskjer at kommuneplanen skal ha forankring hos kommune sine eigne innbyggarar. Ekstra legitimitet får kommuneplanen når den er grunna på slikt lokalt engasjement og medverknad. Vi ynskjer ikkje ein såkalla skrivebordsplan, men eit verkty som folk kjenner, og kjenner seg att i, slår Hoslemo fast. Ein rekke møter er arrangerte, og i høst skal det haldast folkemøter og møter med næringslivet. Møta tek opp emne og tema som er viktige å få med i planen. Vi har t.d. hatt temamøte med ungdom, ulike faggrupper i det kommunale tenesteapparatet og friviljuge organisasjonar. Det synest som om folk fl est engasjerar seg sterkt i dette, og det set vi stor pris på. Vi er avhengige av at vi får innspel til planarbeidet, tilføyer rådmannen. Ein vil nå halde fram arbeidet med rulleringa av planen fram mot neste sommar, då skal den ferdige planen til endeleg handsaming i kommunestyret. Ser framover Ein kommuneplan skal mellom anna vise korleis ein ynskjer at kommunen skal utvikle seg og bli sjåande ut. Når ein spør rådmannen om korleis han sjølv ser for seg kommune om ti år, så svarar han: Eit levande og godt samfunn med mange fl eire innbyggjarar enn det vi har i dag. Kva skal gjerast for å få til dette? Naturen er vår største medspelar her, han gir oss absolutt eit føretrinn. Men utviklinga innan teknologien spelar òg på lag med oss. Den gjer til at verksemder kan etablerast og drivast frå nær sagt kor som helst. Vi vil difor legge godt til rette for nye næringar her i kommunen vår, seier han. Balanse mellom bygdene Det er ei utfordring i kommuneplanarbeidet å fi nne det rette utviklingsmønsteret for bygdene og kyrkjebygd. I dag har ei overvekt av arbeidsplassar i privat sektor, medan i kyrkjebygda er det fl est offentlege stillingar. kyrkjebygd er elles det administrative senteret i kommunen mens er senter for reiseliv og turisme. Det er kanskje ikkje unaturleg at det har blitt slik, men dette er noko ein må ha fokus på i prosessen. kommune bruker mange pengar på kultur. Har kulturen plass i kommuneplanen? Vi har, og skal framleis ha, eit rikt kulturliv. Kulturen skaper på så mange vis gode møtestader. Dette er framfor alt viktig for dei som bur her, og vil nok veie tung på vektskåla når folk tar stilling til om dei vil fl ytte hit, seier Tallak Hoslemo. For rådmann Tallak Hoslemo er det særs viktig at byklaren engasjerer seg og tek del i kommuneplanprosessen. Ein god prosess er viktig, og gir kvalitet til planen, seier han. Klår tale frå morgondagens byklarar: GJE OSS INTERESSANT ARBEID! NYE, INTERESSANTE ARBEIDSPLASSAR VAR BLANT DEI VANLEGASTE YNSKJA UNGE BYKLARAR HADDE DÅ DEI KOM MED INNSPEL TIL KOMMUNEPLANPROSESSEN BYKLE 2020. Under invitasjonen Ver med og bestem framtida i deltok nærare 50 personar mellom 18 og 35 år på eit ope møte på XO på den 1.juli. Arrangementet var ein del av kommuneplanprosessen 2020. Det lokale bandet The Superunknown drog i gang kvelden. Rådmann Tallak Hoslemo stilte med innleiande ord, pizza, tusj og papir. No skulle morgondagens byklarar i tale. Eit ambisiøst prosjekt Kommunikasjonsrådgjevar Erik Dale er innleidd som bidragsytar i 2020. Han fortalte blant anna om dei ambisjonane har med denne kommuneplanprosessen. Kommunen er svært ambisiøs på dykkar vegne. 2020 er mykje meir enn ein planprosess. Det er eit kommunikasjonsprosjekt med mål om at alle skal få gje si stemme til korleis dei ynskjer at skal bli i framtida, sa Dale. Han gjorde også greie for ein del trendar ein no ser innan bygd- og regionutvikling. Fellesnemnaren er at dei som er bevisste på sin eigen situasjon og klarer å framstå med tydelege kvalitetar, har større føresetnad for å lukkast. Det handlar om å trekke til seg kompetanse, skape interessante og berekraftige arbeidsplassar, sa Erik Dale. Mykje energi Deltakarane blei delt i grupper der dei skulle samtale og notere kva som skulle til for at dei skulle fortsette å bu i kommune, eller eventuelt å fl ytte attende etter skulegang/ studieopphald andre stader. Draumar og visjonar for framtida skulle og med. Diskusjonane gjekk høglydt føre seg rundt borda, men i oppsummeringa etterpå var det lett å fi nne felles trekk. Mange ville gjerne komme attende, men ikkje utan at bygda kunne by på interessante arbeidsplassar. Alle var samde om at turisme og hyttebygging er ein viktig del av næringsgrunnlaget for kommunen, men fl eire frykta at dette kunne gå ut over kommunen sin eigen identitet og det gode miljøet. Gruppene var tydelege på at hadde alt å vinne på å halde fram med; - men også gjerne forsterke fokuset sitt på - informasjonsteknologi (IT) og næringsutvikling. Vidare blei kommunen tydeleg utfordra på å legge betre til rette for bustadar for yngre i etableringsfasen. I gruppene kom det også fram meir kuriøse forslag. Meir stabilt klima, eigen fl yplass og fl eire single folk, for å nemne nokon. Alle gruppesvara fi nn du på www.bykle2020.no 06 EIT INFORMASJONSMAGASIN OM NY KOMMUNEPLAN EIT INFORMASJONSMAGASIN OM NY KOMMUNEPLAN 07

Ina Karita Trydal har eit godt lag med hester. Ho håpar å få ein sjølve. Jo Breivegen (27) er entreprenør og bedriftsleiar. Han og broren Yngve har teke over firmaet som faren hans dreiv tidlegare. Setesdal ligg i landstoppen når det gjeld nyetableringar. Gitte Olsen viser hestestell. Ina Karita Trydal og mora, Bente Jorunn, følgjer nøye med. SETESDAL PÅ TOPP I ENTREPRENØRSKAP JO BREIVEGEN (27) ER EIN AV MANGE DRIFTIGE BYKLARAR. SETESDALS- REGIONEN LIGG PÅ TOPP I LANDET NÅR DET GJELD NYETABLERINGAR. Setesdal har størst fart og toppar NHO si liste over regionar med flest nyetableringar i perioden 2000-2004. For Breivegen var det naturleg å ta over bedriftsleiinga då faren hans døydde. No jobbar han lange dagar som entreprenør i verksemda saman med bror sin. Dei har til saman 9 tilsette, og er med dette ein stor og viktig arbeidsgjevar i. Konkurranse Det kan vere hard konkurranse om oppdraga. I byrjinga var firmaet meir ei bedrift som ytte ulike former for hytteservice, no har entreprenørverksemd blitt hovudoppgåva vår. Vi jobbar med grunnarbeid for bygg, anten det er store eller små byggeprosjekt. Det er for det meste nok å gjere, men oppdraga kjem ikkje av seg sjølve. Det er konkurranse om desse, seier den unge bedriftsleiaren. Turisme er viktig for næringslivet i, dette gjeld og for Jo Breivegen. Det har blitt mange ulike fritidsbustader, slik som hytter og leilighetsbygg, han har vore med på å sette opp. Då vi møtte han, utførte han vedlikehald på ein privat veg i kyrkjebygd. Dobla Dei siste åra har Jo Breivegen og bedrifta med det no etter kvart mistydande namnet; Hytteservice, dobla omsetninga. Nesten 10 millionar kroner er den årlege omsetninga i dag. Eg har investera for fleire millionar i maskinparken, så no går det året rundt med mellom anna snøbrøyting vinterstid. Blir det tid til ferie då? Noko ferie blir det vel, eg skal av garde ein tur på seinhausten. Kjenner du at ansvar og bedriftsleiing tyngar? Nei, eigentleg ikkje, kanskje fordi eg aldri har prøvd anna. HESTEKLUBB I STARTGROPA INA KARITA TRYDAL (12) YNSKJER SEG MEST AV ALT EIN HEST. NO HAR ELDSJELER BLÅSE LIV I RIDEKLUBBEN ATT, OG EIN HEST TIL UNGJENTA ER KANSKJE IKKJE SÅ LANGT UNNA. Gitte Olsen og May Britt Trydal er mellom dei som har starta opp rideklubben no, og i stallen til Astrid og Magne Grannes i kyrkjebygd, gir dei tilbod om opplæring i mellom anna hestestell. Ser på kva som er mogleg Samstundes som vi ynskjer å gi dei unge eit fritidstilbod, ser vi på korleis vi kan nytte hesten i den opplevingsturismen som er populær no om dagen, og eventuelt starte næringsverksemd, seier Olsen og Trydal. Hesteklubben kan med dette førast opp på lista over lag og organisasjonar som til saman gir mange ulike fritidstilbod i kommune. Speiding, fotografering og fugleobservering er mellom tilboda på den lange lista med fritidsaktivitetar. Aktivitetsnivået er høgt, og for nye innbyggarar i bygda vil deltaking gjere det lett å bli kjent med folk. Kvar måndag skal Olsen og Trydal ha open stall der hesteinteresserte kan kome saman hos ekteparet Grannes. Då vi var på vitjing, hadde dei kurskveld for vaksne. Mange foreldre går med planar om oppfylle ungane sitt ynskje om å skaffe seg hest, og det vil difor vere viktig at dei veit litt om hestestell før hesten er på plass, seier Gitte Olsen. Rideklubb er ikkje noko heilt nytt i kommunesamanheng. Midt på 80-talet blei Fjellgardane Rideklubb stifta. Klubben var aktiv i mange år, men då tilveksten på nye eldsjeler mangla, gjekk klubben meir eller mindre i dvale. No satsar Gitte Olsen og May Britt Trydal på ei ny oppblomstring av interessa og håpar at mange skal melde seg inn i den nystarta klubben. Vi har allereie ca. 20 medlem og synast at ting har skjedd fort no. Jentene er i fleirtal, slik det ofte plar vere når det gjeld hest, men ein vil også finne gutar her, seier dei. Mange tips I stallen demonstrerar Gitte Olsen oppsaling og stell av hest. Ho viser fram ulike børstar og utstyr, teknikkar og grep ved oppsaling og pussing og stell av hover. Ein skjønar fort at det er mykje ein skal kunne før ein blir hesteeigar. Det vil vere viktig at de kan lese kroppsspråket til hesten mens de steller han. Dersom ein held auge med øyra og nasebora til hesten så vil ein kunne få eit signal om trivselen. Likar han seg ikkje, vil han varsle dette med å leggje øyra baketter, forklarer Gitte Olsen. Det er mykje å hugse på, seier Siv Jeiskelid som er innom for å plukke opp gode råd og tips. Fyrst er det vallaken Timo som er i fokus. Han er ikkje hundre prosent villjug til samarbeidet, men let seg etter kvart børste og sele på. Ein må vere bestemt og vise kven som er sjefen. Mange hestar testar ut grensene og prøver å overta styringa, fortel Gitte mens ho held fram med stellet. Hoppa Skøyerjenta viser seg å vere mykje rolegare og demonstrerar eit gemytt som det er enkelt å handtere. Håpar på hest Mest av alt ynskjer Ina Karita seg ein hest. Som hos mange andre i ligg alt vel til rette for å ha hest nær heimen. Dette fordi ho bur landleg til med god plass kring seg. Mamma Bente Jorunn Trydal seier at førebels er ingenting lova, men at det ikkje er heilt umogleg at det kan kome hest heime. Mellombels øver Ina Karita seg, og viser at ho har godt lag med dyra. Ein kan fort sjå at hos denne jenta vil ein hest få omsorg og gode dagar. 08 EIT INFORMASJONSMAGASIN OM NY KOMMUNEPLAN EIT INFORMASJONSMAGASIN OM NY KOMMUNEPLAN 09

Den kunnskapsrike lækjaren viste og forklarte det meste kring urter, planter og røter. Ei levande interesse og lang røynsle har lært Holen mykje om ulike vekstar. Han veit kva ein kan livnære seg av ute i naturen, og kva som er giftig og ikkje må etast. Speidarmøtet starta med namneopprop der den einskilde speidar fortalte litt om opphavet sitt. Holen kunne tydelegvis plassere dei aller fleste, og ein kunne sjå at han sette pris på vitjinga. Morosame turar Det er gøy med speiding fordi vi er på så mange fine turar. I tillegg lærer vi førstehjelp og masse anna, seier fem unge speidarar som vi tala med. Ingebjørg Dypedal, Ragnhild Egeland, Marte Berntsen, Ingebjørg Dahl og Jon Olav Skinnarland har sett seg i skogen bak hytta til Olav M. Holen. Haustsola skin skrått og lufta er full av ange frå skog og haust. Den vakre Støyldalen ligg i all sin prakt og er eit flott syn for dei meir enn 20 speidarane som har tatt turen. Ein veit ikkje kor mange fleire slike kveldar ein vil få denne hausten, så ein må berre nyte. Planar speidaren har mange turplanar for både haust og vinter. Fjellturar, skogturar, vitjing hos andre speidarar og ulike andre aktivitetar står på terminlista for den nystarta sesongen. For speidarane som lærer om korleis dei skal greie seg i fjellet og om knutar og andre nyttige ting, er nok turane blant høgdepunkta. Troppen med KFUK/KFUM- speidarar utgjør ein svært aktiv del blant dei mangfaldige fritidstilboda i. Kommunen vår med den flotte naturen kring oss, er ideell for speiding og friluftsliv, seier speidarleiar Kjell Dahl. TIL STØYLDALEN FOR Å LÆRE BYKLESPEIDAREN ER EIN POPULÆR ORGANISASJON. NÅR SPEIDARGRUPPA EIN VAKKER HAUSTKVELD LEGG TUREN TIL OLAV M. HOLEN SI HYTTE I HOLSKRONE I STØYLDALEN, HAR DEI STOR GLEDE AV TUREN. Jon Olav Skinnarland (frå venstre) Ingebjørg Dypedal, Ragnhild Egeland, Marte Berntsen og Ingebjørg Dahl likar å vere speidarar. Best av alt er alle turane vi er på, seier dei. 10 EIT INFORMASJONSMAGASIN OM NY KOMMUNEPLAN EIT INFORMASJONSMAGASIN OM NY KOMMUNEPLAN 11