Møteinnkalling Heradsstyret Møtedato: 02.07.2012 Møtestad: Ekstraordinært møte, heradshuset i Kinsarvik Møtetid: Kl. 15:45 INFORMASJON OM MØTET Notat om: Skuleskyss for elevane frå Vines krinsen til Hauso, ligg ved til drøfting. FORFALL OG ANNA INFORMASJON Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melda frå så snart råd er, tlf. 53 67 15 00 slik at varamedlem kan kallast inn. Varamedlemer møter etter nærare innkalling. Dokument som ikkje er tilsende, kan du få kopi av på heradshuset. Dokument som ikkje er offentlege, vil berre verta sende til dei faste medlemene. Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedl. vert innkalla Parti Sakliste Sak nr. Saktittel 082/12 Godkjenning av møtebok 18.06.12 083/12 Tilsetjing av rådmann i Ullensvang herad Ullensvang herad 28. juni 2012 Solfrid Borge ordførar Side 1 av1
Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, del. vedtaksmynde. Møtedato Saksnr Sakshands. Heradsstyret 02.07.2012 082/12 LOST Avgjerd av: Saksansv.: Linn Merete Østerbø Arkiv: Utv/sak nr- Objekt: J.post id. 12/7719 Arkivsaknr 12/979-1 GODKJENNING AV MØTEBOK 18.06.12 Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Møteboka vert godkjent slik ho ligg føre.
Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, del. vedtaksmynde. Møtedato Saksnr Sakshands. Formannskapet 02.07.2012 082/12 SBOR Heradsstyret 02.07.2012 083/12 SBOR Endeleg vedtak i: Heradsstyret Saksansv.: Solfrid Borge Arkiv: N-047 Objekt: J.post id. 12/7605 Arkivsaknr 12/794-24 TILSETJING AV RÅDMANN I ULLENSVANG HERAD Dokumentliste: Nr T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 14 I 06.06.2012 Kommunal Rekruttering Offentleg og utvida søkjarliste 7 I 07.06.2012 Kommunal Rekruttering lysing - rådmann Vedlegg: Dok. 7 og 14. Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.: Kommunelova 22, 31.3 og Forvaltningslova 25. Sjølve saksframlegget er offentleg, men handsaming av saka i formannskapet og heradsstyret vert handsama for lukka dører, jf 31.3 i KL Personalsaker skal alltid handsamast for lukka dører. Saksutgreiing: Rådmann Tone Tveito Eidnes har sagt opp stillinga si i Ullensvang herad med verknad frå 13. august 2012. Formannskapet gav forhandlingsutvalet/arbeidsutvalet som vart oppnemnd av heradsstyret den 05.12.11 i oppdrag å rekruttera rådmann samt leiga inn ekstern hjelp. Utvalet har vore Ordførar Solfrid Borge, formannskapsmedlemer Samson Hamre og Sverre Kleivkås. I tillegg har dei tillitsvalde oppnemnd Kjellaug Ystanes til å delta i prosessen. Utvalet har leigd inn rekrutteringsfirmaet Kommunal Rekruttering v/jan Sebjørnsen under heile prosessen. Tidsplanen for rekrutteringa har vore slik:
Utlysing 14. mai Søknadsfrist 4. juni Val av kandidatar til intervju 6. juni Fyrste gongs intervju 12/13 juni Andre gongs intervju 20. juni Innstilling frå uvalet 27. juni Formannskap/Heradsstyret 2. juli Etter søknadsfristen var ute, låg det føre 5 søkjarar, 4 menn og 1 kvinne. Før fyrstgongs intervju trekte 1 av søkjarane seg. Av dei 4 søkjarane, var det to som vart kalla inn til fyrstegongs intervju. Utvalet saman med rekrutteringsfirmaet konkluderte at begge kandidatane gjekk vidare til andregongs intervju. Rekrutteringsfirmaet gjennomførte 1. gong intervju åleine. Utvalet med tillitsvalde sin representant var med på 2. gongs intervjuet som fann stad den 20. juni. Vurdering: Etter Kommunelova 22 pkt 2 er det heradsstyret sjølv som tilset administrasjonssjef, dette kan ikkje delegerast til andre. Utvalet kjenner seg trygge på at rekrutteringsprosessen har vore grundig, og utvalet meinar at det var rett å søkja ekstern hjelp under heile prosessen. Ut frå prosessen som har vore står me att med ein fyrstekandidat og ein andrekandidat. I møtet den 25. juni har dei politisk valde representantane i Forhandlingsutvalet/Arbeidsutvalet slutta seg til tilrådinga frå Kommunal Rekruttering. Representanten for dei tillitsvalde har ei anna innstilling til rådmannstillinga. Tilrådingane frå Kommunal Rekruttering og Organisasjonane vil verta delt ut i møtet. Arbeidsutvalet/forhandlingsutvalet si tilråding: 1. Hedvig Moe Øren, f.27.05.74 vert tilsett som rådmann i Ullensvang 2. Sveinung Dukstad, f. 09.07.64 vert innstilt som nr 2. 3. Rådmannen vert tilsett i fast stilling 4. Løna er for tida kr 702.000,- pr år 5. Forhandlingsutvalet får fullmakt til å gjennomføra vidare lønsfastsetjing for rådmannen. 6. Rådmannen vert knytt til heradet si pensjonsordning som f.t. er i KLP. 7. Rådmannen sitt arbeids- og ansvarsområde går fram av tidlegare vedteken instruks, vedteken av heradsstyret, jf Kommunelova 23. 8. Det vil verta utarbeidd arbeidsavtale samt ein årleg resultat og utviklingsavtale for rådmannen.
- Noregs frukthage Ullensvang herad er Norges største frukthage og ligg midt i hjarta av Hardanger, strekkjer seg på begge sider av Sørfjorden frå Odda kommune i sør, Oksenhalvøya på nordsida av Hardangerfjorden til Eidfjord kommune i nord. Omkransa av høge fjell, 2 nasjonalparkar Folgefonna/ Hardangervidda med ein mangslungen natur. Ullensvang er stor i areal, men heller beskjeden i folketal (3400 innbyggjarar). Geografien og mangfaldet gjer det spennande å bu her! Kinsarvik er senteret i heradet, der heradsadministrasjonen også ligg. Ullensvang herad søkjer Rådmann Kommuneplanen sin samfunnsdel har som visjon at Ullensvang skal vera eit levande lokalsamfunn med gode levekår for innbyggjarane i dag og i framtida, og vera eit attraktivt herad for næringslivet. Rådmannen skal derfor i godt samspel med politisk nivå vera ein tilretteleggjar og pådrivar i lokalsamfunns- og næringsutviklingsarbeidet. Rådmannen skal vera ein god lagleiar for kommunen sine 450 tilsette ( 325 årsverk). Han skal inspirera, motivera og skapa gode resultat saman med dyktige medarbeidarar og deira organisasjonar. Rådmannen skal vera ein god rollemodell for kommunen sin arbeidsgjevarpolitikk, og arbeida for at ein har ein stolt kultur over å vera tilsett i Ullensvang herad. Ullensvang herad har positive netto driftsresultat, men det vil framover verta utfordringar med å syte for kostnadseffektiv drift. Rådmannen vil vera ansvarleg for god økonomistyring; rapportering med prognose og tiltak skal gje grunnlag for korrigeringar undervegs. Som kraftkommune er det ynskjeleg at rådmannen har/tileignar seg god kunnskap om konsesjonskraftspørsmål og finansiell økonomi. Brukarundersøking viser at heradet tilbyr tenester med kvalitativt godt innhald innan dei ulike tenesteområda i eit herad spreidd på tre fjordsider. Trongare økonomiske rammevilkår utfordar, og effektivisering av drifta og nøye prioriteringar av investeringar vil stadig verta viktigare. Det stiller krav til rådmannen som nytenkande, endringsorientert leiar i forhold til kvalitet og effektivitet. Rådmannen må vera tydeleg på retning. Han/ho må vera motiverande og handlekraftig, slik at han/ho får med seg medarbeidarar på alle nivå på naudsynte omstillingar. Erfaring med interkommunalt og regionalt samarbeid er ein fordel idet heradet har eit utstrakt samarbeid med andre kommunar i Hardangerregionen. Heradet er administrativt organisert med rådmann, ass. rådmann, stab og støttefunksjonar og 13 resultateiningar. Me ynskjer ein strategisk og tydeleg leiar med visjonar og mål for heradet som samfunn og organisasjon; ein leiar med gjennomføringsevne og evne til å ta avgjersler. Dette set krav til rådmannen som heilskapsleiar med klåre signal om retning, lojalitet og rapportering. Vår nye rådmann har utdanning på universitets- eller høgskulenivå og relevant erfaring med dokumenterte resultat gjerne frå kommunal sektor. Trivast du med å skapa gode resultat saman med erfarne og motiverte medarbeidarar? Trivast du med å vera leiar i ein politisk styrt organisasjon med klår forståing av balansegangen
mellom politikk og administrasjon? Er du ein synleg og tydeleg leiar med godt humør som inspirerer og motiverer? Har du lyst på utfordringane ved å verta ny rådmann i Ullensvang herad? Ja, då ser me deg som søkjar. Me vil vera hjelpsam med å skaffe god bustad. God pensjonsordning i KLP. Søkjarar som ynskjer unntak for offentleggjering av søknad etter søknadsfristen, må grunngje dette i søknaden. Heradet vurderer dette i forhold til Lov om offentlegheit. Fleire opplysningar; kontakt ordførar Solfrid Borge tlf. 95 24 30 44 eller seniorrådgjevar Jan Sebjørnsen tlf. 95 00 94 44. Søknadsfrist: 4. juni. Søknad med C.V. til: post@k-rekruttering.no Du kan lese meir om Ullensvang herad på www.ullensvang.herad.no